Ot.prp. nr. 58 (2007-2008)

Om lov om endringar i legemiddelloven, apotekloven og lov om medisinsk utstyr

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Regjeringa legg med dette fram forslag til endringar i lov 4. desember 1992 nr. 132 om legemidler m.v. (legemiddelloven), lov 12. januar 1995 nr. 6 om medisinsk utstyr (lov om medisinsk utstyr) og lov 2. juni 2000 nr. 39 om apotek (apotekloven).

Kapittel 2 i proposisjonen omtaler forslag til endringar i legemiddelloven § 6 som presiserer at det er stegprismodellen (trinnprismodellen) som skal nyttast til å fastsetje prisen på lækjemiddel som kan bytast.

I kapittel 3 blir det presentert forslag til heimel for å skrive ut tvangsmulkt etter lov om medisinsk utstyr. Det blir vidare foreslått å ta inn i lova ei føresegn om kontrolltaking og testing. Lovforslaget vil føre til at Helsedirektoratet til liks med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap kan krevje at ein produsent gjennomfører kontrollprøving og testing av medisinsk utstyr.

I kapittel 4 blir det lagt fram forslag om heimel i legemiddelloven ny § 33 og apotekloven ny § 9-4 til at Statens innkrevjingssentral kan tvangsinndrive krav på vegner av Statens lækjemiddelverk.

I kapittel 5 blir det foreslått ein del tekniske endringar i legemiddelloven.