Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 70 (2004-2005)

Om lov om eigedomsregistrering

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

1.1 Innleiing

Miljøverndepartementet legg med dette fram forslag til ny lov om eigedomsregistrering.

Den nye lova vil avløyse lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (Delingsloven) og lov 9. juli 1923 nr. 1 om anbringelse av signaler og merker for målearbeider.

Det er foreslått tilpassingar i:

  • lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard

  • lov 7. juni 1935 nr. 2 om tinglysing

  • lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene

  • lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom

  • lov 30. juni 1972 nr. 70 om bergverk

  • lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner

  • lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. (jordskifteloven)

  • lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven)

  • lov 14. juni 1985 nr. 77 Plan- og bygningslov

  • lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom (avhendingslova)

  • lov 29. november 1996 nr. 72 om petroleumsvirksomhet

  • lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste

  • lov 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner (eierseksjonsloven)

  • lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon ved erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv.

Forslaget er ei oppfølging av NOU 1999: 1 Lov om eiendomsregistrering, og eit forslag til revisjon av signallova frå ei arbeidsgruppe nedsett av Statens kartverk.

1.2 Generelt om bakgrunnen for revisjonsarbeidet

Rettar i fast eigedom, som er sikra og som kan omsetjast, har stor verknad for økonomisk og sosial utvikling. Fleire har dei siste åra peika på den nære samanhengen mellom rettar til fast eigedom og økonomisk utvikling, blant anna organet for busetnad (UN-HABITAT) og kommisjonen for berekraftig utvikling under Dei sameinte nasjonane. Verdsbanken, Den europeiske unionen og ei rekkje land, blant dei Noreg, har trappa opp bistanden på området. Eit trekk ved alle dei rike landa i verda er at store delar av folket har trygge rettar til fast eigedom og at folk kan skaffe ny kapital gjennom å låne med pant i eigedommen. I mange utviklings- og overgangsland er det jamt over berre eit privilegert mindretal som har tilgang til slike tenester.

Ein trygg og effektiv eigedomsmarknad har spelt og spelar framleis ei særs viktig rolle for velstandsutviklinga i Noreg. Klart definerte eigedommar er eit vilkår for ein vel fungerande eigedomsmarknad. Det gjeld i samband med sal og kjøp av eigedom og for lån med pant i eigedom, men òg for ei rekkje andre oppgåver i privat og offentleg sektor.

Med unnatak for bustader og andre einingar i bygningar, blir fast eigedom fastlagt med grenser i marka og ved registrering på kart og i eigedomsregister. Slik registrering er mellom anna eit grunnlag for at systemet vårt med tinglysing skal fungere. Då delingslova trådde i kraft i 1980 fekk Noreg for første gongen eit felles regelverk for merking, måling og registrering av eigedomsgrenser og eigedomsopplysningar for heile landet. Det er etter kvart avdekt at delingslova har fleire svake sider og manglar, men ikkje minst har endringar i eigedomsmarknaden med krav om nye tenester, nye typar eigedomseiningar og betre tilgang til eigedomsopplysningar, medført behov for å oppdatere regelverket på området.

Behovet for relevante og riktige eigedomsopplysningar aukar innanfor fleire samfunnssektorar. Lov om eigedomsregistrering skal, saman med anna lovverk, i første rekkje lov om tinglysing, gi eit påliteleg og effektivt grunnlag for transaksjonar i fast eigedom, for offentleg administrasjon og for bruk og vern av det fysiske miljøet i det heile.

1.3 Hovudtrekk i departementet sitt forslag

Forslaget frå departementet følgjer i hovudsak forslaget frå utvalet i NOU 1999: 1. Dei viktigaste momenta er:

  • Matrikkelen. Det skal etablerast eit moderne eigedomsregister for heile landet, kalla matrikkelen. Registeret skal byggje på det gjeldande grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB-registeret), men skal også omfatte kart som viser plassering, storleik og form på den enkelte eigedommen. Kartdata vil bli henta frå digitale eigedomskart (DEK) hos kommunane og Statens kartverk.

  • Samspel med tinglysingsregisteret. Matrikkelen og tinglysingsregisteret (grunnboka) skal fylle ut kvarandre. Medan grunnboka primært inneheld opplysningar som får rettsvern gjennom tinglysing, skal matrikkelen gi informasjon om fysiske forhold og andre viktige opplysningar som det ikkje er nødvendig eller mogleg å tinglyse. Matrikkel og grunnbok vil få ein felles administrativ overbygning ved at Statens kartverk i framtida også skal føre grunnboka, jf. vedtak i Stortinget 12. juni 2002 om å overføre tinglysinga frå domstolane til Statens kartverk.

  • Skilje styresmaktoppgåver og tenesteproduksjon. Etter gjeldande delingslov står kommunen for alle sider ved eigedomsregistreringa som pliktig styresmaktoppgåve, både oppmålinga i marka og registerføringa. Departementet foreslår å dele dette i to, ein tenestedel og ein styresmaktdel. Tenestedelen (oppmålingsforretninga) omfattar merking og oppmåling av grenser og anna arbeid fram til krav om matrikkelføring. Tenestedelen vil ikkje innehalde noko element av offentleg avgjerdsmakt. Alle element av avgjerdsmakt blir lagt til den andre delen, føring av matrikkelen, som framleis skal vere ei oppgåve for kommunen som offentleg styresmakt.

  • Kommunane vel organisering. Skiljet mellom styresmaktoppgåver og tenesteproduksjon legg til rette for at kommunane kan velje organisering tilpassa dei lokale forholda. Departementet vil tru at dei fleste kommunane ønskjer å opne for privat tenesteyting og fritt landmålarval, og foreslår dette som lovteknisk hovudløysing. Kommunen kan vedta å oppretthalde oppmålingstenesta som eit kommunalt eineansvar.

  • Godkjende landmålarføretak. Etablering av private landmålarføretak kan gi ein nyttig konsulentbransje som gir partane effektiv hjelp i mange spørsmål i samband med eigedomsdeling og andre forhold rundt fast eigedom. Departementet foreslår å sikre krav til kompetanse gjennom ei ordning med godkjende landmålarføretak etter mønster av den sentrale godkjenningsordninga i plan- og bygningslova.

  • Nye registereiningar. Forslaget fører vidare dei noverande registereiningane grunneigedom, festegrunn og eigarseksjon. For å løyse behovet for lovregulert registrering av «volum» over eller under jordoverflata, blir anleggseigedom innført som ny registereining. Den mest vanlege typen anleggseigedom vil vere eit volum i undergrunnen, for eksempel ei lagerhall eller eit parkeringsanlegg, men anleggseigedom kan også opprettast for byggverk på «lokk» over bakkenivå. Også fast og varig forankra anlegg på sjøgrunn, både innanfor og utanfor grensa for privat eigedomsrett, kan opprettast som anleggseigedom. Eigedomsrett til anleggseigedom vil få tilsvarande rettsleg stilling som eigedomsrett til ein grunneigedom. I tillegg er det utarbeidd eit klarare lovgrunnlag for å registrere det tradisjonelle «jordsameiget», dvs. grunnareal som ligg i sameige mellom fleire grunneigedommar, og der sameigedelane inngår i grunneigedommane.

  • Arealoverføring blir innført som eit tilbod om ei enkel og tenleg form for arealbyte i alle storleikar mellom eigedommar som grensar til kvarandre. Det må hentast inn løyve frå kommunen og andre offentlege styresmakter som for deling, men dei etterfølgjande prosessane blir enklare fordi det ikkje skal opprettast ei ny matrikkeleining. Tinglysing sikrar at rettar blir ivareteke.

  • Geodetisk grunnlag er ein teknisk føresetnad for all kart- og oppmålingsverksemd. Geodetisk grunnlag blir bygd opp av nett av oppmålingsmerke (fastmerke) med kjende koordinatar, og er utgangspunkt for å rekne ut eintydig plassering f.eks. for grensemerke, bygning eller anlegg. I dag er det fleire offentlege verksemder på statleg og kommunalt nivå, og private verksemder, som kvar for seg etablerer fastmerke ut frå eigne behov. Manglande rapportering mellom dei ulike instansane medfører ulemper og unødige kostnader. Departementet foreslår klarare lovføresegner, m.a. skal kommunen føre standardiserte register over fastmerka i kommunen.

  • Langsiktig mål om einsarta adressesystem for heile landet. Departementet foreslår i hovudsak å føre vidare gjeldande ordningar for tildeling av offisielle adresser, og understrekar målet om eit felles adressesystem basert på vegnamn og husnummer.

  • Langsiktig mål om kartlegging av alle eigedommar. Eksisterande eigedom som ikkje tidlegare er kartlagt, bør på sikt bli målt og merkt på lik linje med annan eigedom. Departementet har derfor formulert ei føresegn om at grenser skal vere klarlagt ved heimelsovergang. Departementet foreslår likevel at dette først blir sett i verk når det har vakse fram eit tilfredsstillande tenestetilbod.

1.4 Oversikt over innhaldet i lova

Lova er inndelt i 10 kapittel og inneheld 52 paragrafar.

Kapittel 1 inneheld føresegner om formålet med lova, verkeområde og definisjonar.

Kapittel 2 har føresegner om matrikkelen, innhaldet i matrikkelen, og kva objekt som skal kunne opprettast som matrikkeleining.

Kapittel 3 reknar opp dei sakene som krev oppmålingsforretning.

Kapittel 4 har føresegner om vilkår for matrikkelføring. Paragrafane 8 til 17 gjeld saker som krev føregåande oppmålingsforretning, kven som kan krevje matrikkelføring i slike saker, og korleis eit slikt krav skal fremjast. Føresegnene omfattar reglar for matrikkelføring av ny matrikkeleining, registrering av jordsameige, arealoverføring, grensejustering og klarlegging av eksisterande grense utført som særskilt forretning. For matrikkelføring av ny matrikkeleining er det særskilde føresegner om matrikulering av anleggseigedom, matrikulering av festegrunn og matrikulering av umatrikulert grunneigedom og umatrikulert festegrunn. Paragrafane 18 til 21 gjeld matrikkelføring i saker som ikkje er baserte på føregåande oppmålingsforretning. Det gjeld samanføying av eksisterande matrikkeleiningar, referanse til avtale om eksisterande grense, fastsetjing av samla fast eigedom og fastsetjing av offisiell adresse.

Kapittel 5 har føresegner om føring av matrikkelen, tildeling av matrikkelnummer og prosedyre for tinglysing og utferding av matrikkelbrev. Kapitlet har vidare føresegner om føring av opplysningar om bygningar, adresser, eigarseksjonar og andre tilsvarande opplysningar, sletting av matrikkeleining, retting av opplysningar i matrikkelen og tiltak for å komplettere opplysningane i matrikkelen. Til slutt er det ei føresegn om statleg tilsyn med matrikkelføringa.

Kapittel 6 gir reglar om innsyn, utlevering, behandling og bruk av matrikkelopplysningar, under dette føresegner om gebyr og betaling for matrikkelopplysningar.

Kapittel 7 regulerer kva ei oppmålingsforretning er og krav til utføring av ei oppmålingsforretning, m.a. krav til merking og måling av grenser, bestilling av oppmålingsforretning, varsling av partar, journalføring av oppdrag og arkivering av dokument. Til slutt er det ei føresegn om godkjenning av landmålarføretak. Føresegna gir dessutan kommunen høve til å vedta at berre kommunen kan ta på seg oppgåver som landmålarføretak i vedkommande kommune.

Kapittel 8 har føresegner om geodetisk grunnlag, m.a. føring og bruk av register over geodetiske fastmerke. Vidare er det føresegner om rett til å utføre oppmålingsarbeid, m.a. reglar om plassering av fastmerke og signal for bruk til oppmålingsarbeid. Til slutt er det føresegner om varsling, ekspropriasjon og skjønn i samband med slike arbeid.

Kapittel 9 gir reglar for klage på avgjerder styresmaktene fattar etter lova, tvist i samband med oppmålingsarbeid, høve til å påleggje tvangsmulkt, og erstatning og straff for skadeverk på fastmerke.

Kapittel 10 handlar om iverksetjing, overgangsføresegner og endringar i andre lover.

1.5 Oversikt over innhaldet i proposisjonen

Proposisjonen består av 5 hovuddelar.

Del I Innleiing(kapitla 1-6) beskriv hovudinnhaldet i proposisjonen og bakgrunnen for lovrevisjonen. Vidare blir drøfta om lova burde innarbeidast i plan- og bygningslova, og internasjonale trendar innan eigedomsregistrering. Kapittel 6 gir eit oversyn over bruken av terminologi i lovforslaget.

Del II Hovudelementa i den nye lova(kapitla 7-11) beskriv matrikkelen og kva registereiningar matrikkelen skal byggjast opp av. Vidare blir organiseringa av eigedomskartlegginga og eigedomsregistreringa drøfta, under dette behovet for å stille kompetansekrav til verksemder som skal utføre oppmålingsforretningar.

Del III Nærare om system, enkelte sakstypar, o.a. (kapitla 12-25). Kapittel 12 går nærare inn på reglane for det geodetiske grunnlaget, og korleis signallova er ført vidare i lov om eigedomsregistrering. Kapittel 13 og 14 går nærare inn på oppbygginga av matrikkelsystemet og rettane til datagrunnlaget. Kapittel 15 drøftar særskilde tiltak for å få betre oversikt over eigedomsforholda, og kapittel 16 tildeling av offisiell adresse og bruksnamn. Kapittel 17 til 23 går nærare inn på dei enkelte sakstypane, under dette oppretting av anleggseigedom, matrikulering av festegrunn, saker som gjeld areal til offentleg veg- og jernbanegrunn, matrikulering av umatrikulert grunn, registrering av jordsameige, grensejustering og arealoverføring og referanse til private avtaler om eksisterande grenser. Kapittel 24 gjeld merking, måling og matrikkelføring av grenser som blir fastsette av domstolane. Kapittel 25 gjeld klage og retting.

Del IV Forholdet til andre lover (kapitla 26-31) drøftar særleg forholdet til jordskiftelova, plan- og bygningslova, eigarseksjonslova, tinglysingslova, personopplysningslova, forureiningslova og kulturminnelova.

Del V Iverksetjing og konsekvensar (kapitla 32-36) går nærare inn på iverksetjing, overgangsordningar, økonomiske, administrative og distriktsvise konsekvensar, og forholdet til EØS-avtala. Kapittel 36 inneheld merknader til dei enkelte paragrafane.

2 Bakgrunnen for lovrevisjonen

2.1 Oppnemning av delingslovutvalet

Miljøverndepartementet bad i 1995 Statens kartverk å organisere ein gjennomgang av delingslova, og etter vedtak i regjeringa oppnemnde departementet 20. februar 1996 ei referansegruppe til støtte for arbeidet.

Etter at arbeidet kom i gang, blei det klart at det ville bli meir omfattande enn ein trudde opphavleg. Etter forslag frå Statens kartverk, og etter anbefaling frå Justisdepartementet, bestemte Miljøverndepartementet at referansegruppa skulle fremje sitt forslag som ei utgreiing i serien av norske offentlege utgreiingar (NOU). Etter denne endringa gjekk referansegruppa 24. november 1997 over til å vere eit ordinært lovutval.

Utvalet hadde følgjande samansetjing:

  • rådgivar Helge Onsrud, Statens kartverk, leiar

  • professor dr. juris Torgeir Austenå, Noregs landbrukshøgskule

  • rådgivar Beate Eldrup, Miljøverndepartementet

  • overingeniør Einar Granum, Statens vegvesen Akershus vegkontor

  • fylkesjordskiftesjef Svein Jørgensen, Aust-Agder fylkesjordskiftekontor

  • fylkeskartsjef Sigurd Langeland, Statens kartverk Hordaland

  • spesialkonsulent Frode Mærli, Kommunanes sentralforbund

  • professor dr. juris Ernst Nordtveit, Universitetet i Bergen

  • professor dr. scient. Hans Sevatdal, Noregs landbrukshøgskule

  • juridisk rådgivar Åse Prydz Tandre, Bærum kommune

  • overingeniør Torbjørn Træland, Kristiansand kommune

  • rådgivar Tove Merete Voldbæk, Justisdepartementet

Fylkeskartsjef Liv Iversen, Statens kartverk Nord-Trøndelag, var medlem av referansegruppa, men fråtredde etter eige ønske hausten 1996. Sigurd Langeland blei oppnemnd som nytt medlem i staden. Rådgivar Signy Volden, Kommunal- og arbeidsdepartementet, fungerte som rådgivar for utvalet. Ho var medlem av referansegruppa. Helge Onsrud var før 1. mars 1997 tilsett som avdelingsdirektør i Miljøverndepartementet.

Statens kartverk etablerte følgjande prosjektsekretariat:

  • prosjektleiar Anders Fekjær, Statens kartverk

  • sjefsingeniør Jan Syver Grimstad, Statens kartverk

  • stipendiat Einar Hegstad, Noregs landbrukshøgskule

  • juridisk rådgivar Laila Aslesen, Statens kartverk

2.2 Mandat

Utvalet (og referansegruppa før 24. november 1997) arbeidde ut frå følgjande mandat:

  • «Gjennomgang av hvilke objekter som skal registreres som egne registerenheter i eiendomsregisteret (GAB) og som derved kan tjene som realsikkerhet for pantelån. Blant annet foretar enkelte kommuner registrering av volumer i undergrunnen uten at dette er lovregulert. Også etablering av eiendommer på «lokk» over bakkenivå må vurderes.

  • Gjennomgang av forholdet mellom delingsloven og andre lover som regulerer bruksretter i fast eiendom, blant annet eierseksjonslov, tomtefestelov, vassdragslov og plan- og bygningslov.

  • Styrking av bestemmelsene om kommunenes rapportering til eiendomsregisteret, blant annet i lys av de endringer som har skjedd mht. elektronisk grunnbok og digital eiendomskartlegging, og samfunnets behov for effektiv tilgang til eiendomsinformasjon.

  • Forenkling av arbeidsoperasjoner, rapporteringsrutiner, skjemaer og lovens begrepsbruk, samt redusere unødvendige standardkrav for den praktiske gjennomføringen av sakene.

  • Gjennomgang av reglene for omgjøring, retting av feil og klage, herunder forholdet til forvaltningsloven.

  • Gjennomgang av den kommunale monopolsituasjon, der en vurderer om det vil være hensiktsmessig å la privat sektor utføre enkelte av tjenestene, og i så fall om det bør innføres autorisasjonskrav for de personer eller virksomheter som skal forestå arbeidene etter loven. Det må også foretas en gjennomgang av forholdet mellom kommunene og blant annet Jordskifteverket og Statens vegvesen når det gjelder saker etter delingsloven.

  • Det skal foretas en fullstendig gjennomgang av lovens bestemmelser, der en også vil legge vekt på å gjøre loven og forskriftene språklig og systematisk bedre og lettere tilgjengelig»

2.3 NOU 1999: 1 Lov om eiendomsregistrering

NOU 1999: 1 Lov om eiendomsregistrering - om et forbedret eiendomsregister og forslag til ny lov om eiendomsregistrering til erstatning for delingsloven, blei lagt fram for miljøvernministeren 25. januar 1999.

Med det omfanget som arbeidet fekk, bestemte utvalet at det var mest formålstenleg å utarbeide ei heilt ny lov i staden for å revidere delingslova. I tråd med dette utarbeidde utvalet eit forslag til «Lov om eiendomsregistrering». Dei viktigaste punkta i forslaget er følgjande:

  • Eit betre eigedomsregister. Utvalet foreslår å opprette eit nytt nasjonalt, einsarta eigedomsregister (matrikkel). Matrikkelen skal byggje på GAB-registeret av i dag. I tillegg foreslår utvalet at matrikkelen skal omfatte eit elektronisk kart, som viser plassering, storleik og form på den enkelte eigedommen. Kartet er føresett å skulle byggje på eksisterande digitale eigedomskart (DEK) i kommunane og i Statens kartverk. Utvalet foreslår å utforme matrikkelen som parallell til den elektroniske grunnboka, slik at dei to registra til saman dannar hovuddelane i eit nasjonalt system for eigedomsinformasjon. Utvalet legg vekt på funksjonsdelinga mellom grunnboka og matrikkelen. Grunnboka skal primært innehalde opplysningar som får rettsvern gjennom tinglysing. Matrikkelen skal ha informasjon om fysiske forhold og andre opplysningar som det bør gjerast merknad om og som bør vere tilgjengelege i eit register, og som det ikkje er nødvendig eller mogleg å tinglyse. Utvalet foreslår at offentlege pålegg som gjeld bruk av grunn og bygningar skal registrerast i matrikkelen. Matrikkelen skal ikkje ha rettsleg truverde på linje med grunnboka. I tillegg til grunnboka skal matrikkelen spele saman med andre relevante offentlege register.

  • Skilje styresmaktoppgåve og teneste. I dag står kommunen for arbeidet med kartforretningane og fører register og kart, utan klåre grenser mellom kva som er tenesteyting og kva som er styresmaktoppgåver. Utvalet innfører eit skilje mellom styresmakt og tenesteproduksjon, og foreslår at oppmålingsforretning skal utførast som tenesteproduksjon, mens matrikkelføring framleis skal liggje til kommunen som lokal styresmakt. Landmålar som utfører oppmålingsforretning får ikkje tillagt noko form for styresmaktfunksjon. Alle element av eigentleg styresmakt som ligg i styrarfunksjonen for delingslova, er foreslått lagt til kommunen. Skiljet vil innverke på betalinga for respektive oppmålingsforretning og matrikkelføring. Utvalet foreslår ingen bestemte reglar om betaling for oppmålingsforretningar, og meiner prisutviklinga bør skje på basis av konkurranse, der prisen reflekterer kva det kostar å få utført den enkelte forretninga. Utvalet meiner dette vil føre til rettare prisar og eit jamnare prisnivå landet over, og at konkurranse og fri prisdanning vil stimulere til at det blir fokusert på effektive arbeidsmetodar og løysingar tilpassa forholda på staden. Utvalet meiner at det ikkje er grunn til å tru at prisane for å få utført oppmålingsforretningar blir vesentleg høgare enn i dag. Utvalet foreslår at kommunen sjølv skal fastsetje gebyr for matrikkelføring, men at det skal vere avgrensa oppover til eit nivå som departementet fastset.

  • Krav om autorisasjon og løyve. For å sikre tilfredsstillande kvalitet på forretningane, foreslår utvalet at oppmålingsforretningar berre kan utførast av private føretak og offentlege organ som har fått løyve. For å få løyve må arbeidet med oppmålingsforretningar i vedkommande verksemd vere leidd av ein autorisert landmålar. Utvalet peiker på at kompetansekrava fører til at den kommunale kontrollen av oppmålingsforretningane ikkje skal vere inngåande. Vidare blir det vist til at systemet som her er foreslått er ei tilpassing til føresegner om saksbehandling, dokumentasjon og kontroll i byggjesaker. For å bli autorisert foreslår utvalet at landmålar må ha avlagt godkjent eksamen, og ha to års relevant praksis. Utvalet ønskjer ein fleksibel overgang frå situasjonen i dag, og foreslår at utøvarar med tilfredsstillande praksis og grunnkunnskapar kan få tidsavgrensa autorisasjon basert på at dei gjennomfører ordinær eksamen innan eit fastsett tal år. Landmålarar med fulle kvalifikasjonar får etter lovutkastet rett til å bruke tittelen statsautorisert landmålar. Både private føretak og offentlege organ skal kunne få løyve til å utføre oppmålingsforretningar, og grunneigar skal sjølv velje kva landmålar han vil engasjere.

  • Eit utvida innhald i oppmålingsforretningar. Oppmålingsforretning inneheld fleire nye oppgåver i forhold til forretning etter delingslova. Landmålar skal m.a. avklare rettsforhold, og hjelpe partane med å utforme dei avtaler og dokument for tinglysing som krevst i denne samanhengen.

  • Matrikkeleiningar. Lovutkastet gjer utfyllande greie for kva objekt som skal kunne opprettast som eigne einingar (matrikkeleiningar). I tillegg til dei einingane som i dag er registerte i GAB, dvs. grunneigedommar, festegrunnar og eigarseksjonar, heimlar lovutkastet to nye typar matrikkeleiningar. Det blir for det første opna for å dele frå eigedommar over eller under jordoverflata, f.eks. parkeringshus og tilsvarande anlegg i undergrunnen. Utvalet omtaler denne typen matrikkeleining som anleggseigedom. I tillegg foreslår utvalet at såkalla jordsameige, dvs. grunnareal som ligg i sameige mellom fleire grunneigedommar og der sameigedelane inngår i grunneigedommane, skal kunne registrerast med eige nummer (matrikkelnummer).

  • Øvre areal- og verdigrense for bruk av grensejustering. Etter delingslova kan areal overførast mellom eigedommar som grensar til kvarandre etter ein forenkla framgangsmåte ved grensejustering, men det er ingen eksakte kriterium for kor store areal som kan overførast etter denne framgangsmåten. I lovutkastet er foreslått at arealet ikkje kan vere større enn fem prosent av nokon av dei aktuelle matrikkeleiningane, og at verdien ikkje kan overstige halve grunnbeløpet i folketrygda. Utvalet peiker på at areal- og verdigrensene er innførte for å sikre at det ikkje blir gjennomført endringar som i urimeleg grad kan ramme panthavarar, andre rettshavarar, eller som kan komme i strid med reguleringsplan. Grensejustering skal berre registrerast i matrikkelen.

  • Arealoverføring som ny sakstype. Det er foreslått ein ny sakstype for overføring av større areal mellom eigedommar med grense mot kvarandre, kalla arealoverføring. For arealoverføring må det hentast inn løyve frå kommunen og andre offentlege styresmakter som for deling, mens dei etterfølgjande prosessane blir enklare fordi det ikkje skal opprettast noko ny matrikkeleining. Arealoverføring skal tinglysast, med unnatak av avståing av grunn til offentleg veg og jernbane.

  • Utvikling av ein privat landmålarbransje. Utvalet legg vekt på at det blir høve til å etablere ein privat landmålarbransje med oppgåver på det matrikulære området i Noreg òg, slik ein finn det i Danmark og i dei fleste andre land i Europa. I tillegg til å utføre oppgåver etter matrikkellova, meiner utvalet at autoriserte landmålarar vil ha kompetanse til å utføre andre oppgåver med tilknyting til eigedom, areal, kartlegging og landmåling. Utvalet meiner at dette vil vere ei viktig konsulentteneste for grunneigarar i spørsmål som har med grenser, naboforhold, arealplanlegging og eigedomsutvikling å gjere.

Utgreiinga var samrøystes med unnatak av følgjande punkt:

  • Tre medlemer foreslår at kommunestyret kan vedta at kommunen sjølv skal stå for oppmålingsforretningane i vedkommande kommune.

  • To medlemer foreslår eit felles omgrep for matrikkeleiningar kalla «geostasjonært volum», og at det skal vere delingsplikt for areal som skal festast bort.

  • Tre medlemer foreslår at den lovbestemte tittelen for landmålar skal vere autorisert landmålar.

  • Eit medlem ser ikkje behov for å innføre ei særskilt autorisasjonsordning for landmålarar, men foreslår at det blir stilt kompetansekrav for godkjenning av føretak.

2.4 Revisjon av signallova

Samtidig med revisjonen av delingslova gjorde Statens kartverk ein gjennomgang av lov om anbringelse av signaler og merker for målearbeider (signallova). Til arbeidet med signallova hadde Statens kartverk i 1994 sett ned følgjande arbeidsgruppe:

  • Bjørn Geirr Harsson, Statens kartverk, leiar

  • Per Chr. Asbjørnsen, Statens kartverk

  • Laila Aslesen, Statens kartverk

  • Magne Garberg, Statens kartverk

  • Øyvind Olafsen, Lier kommune etter forslag frå Geoforum

  • Torbjørn Trageton, Bergen kommune etter forslag frå Kommunanes sentralforbund

Beate Eldrup, Miljøverndepartementet, deltok i det innleiande arbeidet.

Gruppa utarbeidde ein rapport med forslag til ny signallov som blei overlevert Miljøverndepartementet i juli 1998. Gruppa foreslo å gi lova nytt namn, «Lov om oppmålingsarbeider». Dei viktigaste forslaga var som følgjer:

  • Retten til å utføre oppmålingsarbeid skal også gjelde private. Gjeldande signallov gjeld ikkje private aktørar. I lovutkastet blir verkeområdet utvida til å omfatte alt oppmålingsarbeid av offentleg interesse.

  • Klargjere ferdselsretten. Den som skal utføre oppmålingsarbeid skal ha rett til ferdsel på land og sjø og i lufta, når det er nødvendig for å utføre arbeidet. Retten kan også omfatte bruk av motorkøyretøy, båt og luftfartøy i område der slik ferdsel elles er avgrensa i medhald av lov eller i kraft av privat eigedomsrett.

  • Kartverket sitt ansvar blir lovfest. Statens kartverk skal ha ansvaret for dei landsdekkjande geodetiske netta og dei fastmerka som inngår i desse.

  • Kommunale fastmerkeregister. Kommunane skal føre eit standardisert register over alle fastmerke i kommunen. Pålegget samsvarer i hovudsak med gjeldande «Norm for kommunale kart- og oppmålingsarbeider». Det nye er at registeret er føresett å vere standardisert, lovforankra og dekkje alle kommunane. Forslaget inneber at eigarar av eksisterande fastmerke skal gi informasjon om desse til fastmerkeregisteret. For å halde registeret oppdatert skal det rapporterast om nyetablering av fastmerke, og om forhold som blir oppdaga og som kan ha innverknad på bruken av fastmerka. All informasjon som er nødvendig for å føre registeret skal givast vederlagsfritt. Til gjengjeld skal brukarane få vederlagsfri tilgang til registeropplysningane.

2.5 Høyring av dei to forslaga

I NOU 1992: 32 Bedre struktur i lovverket, blei det foreslått at signallova kunne slåast saman med delingslova. Delingslovsutvalet foreslo at spørsmålet om å samle dei to lovene skulle avklarast i samband med utarbeidinga av lovproposisjonen.

På denne bakgrunnen sende Miljøverndepartementet dei to utgreiingane, NOU 1999: 1 Lov om eiendomsregistrering og Forslag til revisjon av signalloven, på samla høyring 10. mai 1999. Departementet bad høyringsinstansane om å leggje saka fram for underliggjande etatar i den grad det syntest å vere behov for det.

Høyringsfrist var 10. september 1999. Alle høyringsinstansane som bad om det, fekk forlenga høyringsfrist. Det kom i alt 130 høyringsuttaler. Høyringsinstansane er lista opp i vedlegg til proposisjonen.

2.6 Hovudinntrykk frå høyringsrunden

Høyringsrunden har stadfest at det er behov for å revidere delingslova, men uttalene varierer når det gjeld i kva grad og på kva måte dette bør gjerast. I det store og det heile får forslaget frå utvalet om ny lov støtte. Nokre høyringsinstansar som gir uttrykk for at delingslova fungerer tilfredsstillande, meiner at ein i staden burde revidere den eksisterande lova basert på gode forslag frå utvalet.

Det forslaget som har fått størst merksemd blant høyringsinstansane er forslaget om å gjere om kart- og delingsforretningane frå styresmaktoppgåve til tenesteproduksjon. På den eine sida får utvalet støtte frå fleire i å frita kommunane frå plikta som styresmakt til å stå for eigedomsoppmåling. På den andre sida er mange usamde, og redde for at forslaget vil føre til dyrare tenester og dårlegare tilbod i distrikta. Dei fleste merknadene frå kommunesektoren refererer seg til dette forslaget. Mange kommunar er redde for ikkje å kunne halde ved lag ein organisasjon som er tilpassa breidda i geodataverksemda og ressursbehovet elles i den enkelte kommunen. Det er også usemje mellom høyringsinstansane om nivået på kompetansekrava til dei som skal utføre oppmålingsforretning. Det er brei semje om at slike krav må stillast.

2.7 Stortingsmeldinga om Noreg digitalt

Departementet la 9. mai 2003 fram St. meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» - et felles fundament for verdiskaping. Stortinget behandla meldinga 18. juni 2003, jf. Innst. S. nr. 275 (2002-2003). I meldinga gjorde departementet greie for korleis moderne teknologi opnar nye moglegheiter og set nye krav til forsyninga av kart og geografisk informasjon. Meldinga omtalte arbeidet med å etablere ein geografisk infrastruktur under nemninga «Noreg digitalt» med basis geodata for sjø- og landområda og tilhøyrande tematiske geodata om areal, miljø, naturressursar o.a. Meldinga la vekt på at Statens kartverk ikkje skal opptre i konkurranse med privat sektor.

Meldinga gjorde greie for arbeidet med ny lov om eigedomsregistrering, og omtalte dei viktigaste forslaga:

  • Skilje styresmaktoppgåver og tenesteproduksjon

  • Fritt landmålarval

  • Eit forbetra eigedomsregister (matrikkelen)

  • Anleggseigedom

2.8 Utkast til lovproposisjon

Utkast til lovproposisjon har vore lagt fram for departementa. Vidare har proposisjonsutkastet vore til lovteknisk gjennomgang i Justisdepartementet.

3 Eiga lov eller del av plan- og bygningslova

3.1 Forslaget frå utvalet

Utvalet vurderte om lov om eigedomsregistrering burde vere eiga lov, eller om den heilt eller delvis burde innarbeidast i plan- og bygningslova slik lovstrukturutvalet foreslo i NOU 1992: 32 Bedre struktur i lovverket, s. 195 - 196. Utvalet konkluderte likevel med at lov om eigedomsregistrering bør vere ei eiga lov (NOU 1999: 1 kap. 2 s. 14):

«Utvalget er enig i at det er en kopling mellom lov om eiendomsregistrering og plan- og bygningsloven. I gjeldende lover er dette løst gjennom samordningsbestemmelser. Plan- og bygningsloven inneholder de materielle vilkårene for å få tillatelse til deling, mens delingsloven beskriver hvordan den etterfølgende kartlegging og registrering skal gjennomføres. Utvalget har ikke holdepunkter for si at samordningsbestemmelsene har bydd på problemer i forbindelse med praktisering av lovene (...) Bestemmelsene om gjennomføring av oppmålingsforretninger, drift og føring av matrikkelen, og om godkjenning av landmålere, har lite til felles med bestemmelser i plan- og bygningsloven. Svært få av plan- og bygningslovens bestemmelser ville kunne gjøres gjeldende for oppmålingsforretninger og matrikkelføring. Dersom matrikkelloven skulle innarbeides i plan- og bygningsloven, ville den måtte få egne kapitler med det samme omfang som tatt opp i egen lov. Brukerne har bare i begrenset omfang behov for å ha felles tilgang til bestemmelser i de to lovene. Inkorporering av matrikkelloven i plan- og bygningsloven vil gjøre det vanskeligere å finne fram til disse reglene.»

3.2 Merknader frå høyringsinstansane

To høyringsinstansar har uttalt at omsynet til å la samanhengande prosessar i kommunal saksbehandling bli regulerte i ei og same lov taler for at det bør vurderast å innlemme føresegnene i lovforslaget i plan- og bygningslova. Bærum kommune uttrykkjer m.a. følgjande:

«Myndighetsoppgavene knyttet til dannelse av eiendommer, fra plan til matrikulering, skjer ved kommunal saksbehandling. Det vil derfor, sett fra kommunens side, være hensiktsmessig og ryddig at hele prosessen er definert innenfor samme lovverket. De tekniske sidene av lov om eiendomsregistrering ligger vel til rette for å kunne utformes som forskrift til plan- og bygningsloven. Kompetansebestemmelsene som etter vår oppfatning bør legges langt mer opp mot de nye bestemmelsene i plan- og bygningsloven, passer også inn her og kan samordnes med oppmålingstekniske bestemmelser som allerede finnes i godkjenningskatalogen. Det man sitter igjen med er reglene om matrikkelen og matrikkelføring. Disse kan man kanskje hevde kommer litt på siden av plan- og bygningsloven, men dette burde ikke være tilstrekkelig begrunnelse for egen lov. Vi vil for øvrig minne om at vesentlige deler av GAB-føringen i dag omfatter resultater av byggesaksbehandlingen etter plan- og bygningsloven og burde vært hjemlet der».

Når det gjeld signallova har ingen høyringsinstansar prinsipielle motførestellingar mot at denne kan inkorporerast som eit kapittel i lovforslaget.

Justisdepartementet deler i hovudsak utvalet sine synspunkt på forholdet til plan- og bygningslova, og legg til at signallova bør takast inn i lov om eigedomsregistrering.

3.3 Departementet si vurdering

Departementet er samd i at føresegner om eigedomsregistrering kunne ha vore lagt til plan- og bygningslova. Departementet konkluderer likevel med å foreslå ei eiga lov om eigedomsregistrering. Skal lova innarbeidast i plan- og bygningslova, må den likevel få eigne kapittel med omtrent same omfang som her blir foreslått. Vidare er forslaget til lov om eigedomsregistrering først og fremst ei prosesslov for oppretting og registrering av fast eigedom. Prosessen med å opprette ny eigedom står ofte fram som ei sak for seg, og som i tid kjem føre arbeidet med å reise bygningar.

Departementet foreslår at signallova i revidert form blir ført vidare i eit eige kapittel i lov om eigedomsregistrering.

4 Internasjonale trendar innan eigedomsregistrering

Internasjonalt har eigedomsregistrering stor merksemd og er i rask utvikling. Dels heng dette saman med utviklinga innan datateknologien, men også med aukande behov for eigedoms- og arealinformasjon som grunnlag for transaksjonar i fast eigedom og samfunnet sitt behov for informasjon.

Behovet for å sikre rettar til arealressursar står i fokus. Det gjeld privat og offentleg eigedomsrett generelt, men også felles rettar av ulike slag, f.eks. sameige, allmenningar og offentlege eller allmenne rettar versus individuelle rettar. Særleg merkbart er dette i land med sterke og raske endringar i politiske og administrative system. Dette gjeld først og fremst land i Aust-Europa og i «den tredje verda», der privatisering av eigedom og sikring av eigedomsrett er ein av føresetnadene for ein fungerande marknadsøkonomi. Dermed har det også blitt ein internasjonalt marknad for sal av utstyr og tenester på dette området.

I «utvikla» land blir systema meir tilpassa spesifikke behov og brukargrupper. Dette gir seg f.eks. utslag i at ein tek inn nye eller endrar eksisterande registereiningar, men det kan også vere at eigenskapsdata ved desse objekta blir endra. Det skjer ei aukande marknadsorientering, og i samanheng med dette blir det fokusert sterkare på skiljet mellom offentlege og private oppgåver når det gjeld eigedomsregistrering. Dette har medført større aktivitet i privat sektor, og nye samarbeidsformer mellom offentleg og privat sektor. Det gir seg utslag på finansierings-, kostnads- og betalingssida. Det ser ut til å gå i retning av at den grunnleggjande infrastrukturen blir finansiert over offentlege budsjett, mens daglege driftskostnader blir dekte med gebyr eller anna form for direkte brukarbetaling.

Det tradisjonelle skiljet mellom kart og register blir viska ut. I ein samanheng høver det å vise data i kartform, medan det i andre samanhengar kan vere meir tenleg å vise dei same data i tabellform.

Dei fleste land har tradisjonelt to registersystem; eit objektregister (matrikkel) og eit rettsregister (grunnbok). Internasjonalt har det vore skrive og sagt mykje om samanslåing av desse, men hittil har dette skjedd berre i nokre få land. Det er likevel ei vanleg oppfatning at integrasjon kjem til å skje.

Auka etterspørsel etter informasjon, kombinert med aukande tekniske høve til å leggje stadig meir informasjon inn i eigedomsregistra, har styrkt spørsmålet om kor vidt ein skal late eigedomsregistra ekspandere ut over sine tradisjonelle område, eller late andre register ta seg av dette. Her synest trendane for tida å peike i retning av å vere restriktiv med å ta inn nye element i eigedomsregisteret, og heller leggje meir vekt på å få til effektivt samspel med andre register.

Dei økonomiske og politiske systema i mange utviklingsland kan vere labile, noko som kan gjere det vanskeleg å forme ut og byggje opp nye institusjonar rundt arealtilknytte ressursar. Spesielt vanskeleg blir etableringa av eigedomsregister når ein skal gjennomføre ei jordreform og ei registerreform samtidig, dvs. to dyre, kompliserte og politisk følsame prosessar på ei og same tid. Dette kan også gjelde land med «økonomiar og system i endring».

Det bør understrekast at system for registrering av eigedommar og rettsforhold nødvendigvis vil vere sterkt prega av forholda i vedkommande land. Mange omstende medverkar til det - naturforhold, historie, eigedomssystem, administrative og fiskale forhold, osv.

NOU 1999: 1 kap. 9 gir ei fyldig omtale av eigedomsregistrering i Sverige, Danmark og Nederland, og ei kortare omtale av forholda i England.

5 Om delingslova og signallova, og behovet for revisjon

5.1 Delingslova

5.1.1 Status

Eigedomsregistrering i Noreg går i ulike former tilbake til mellomalderen, men først med delingslova av 1978 blei det innført ei felles lov for heile landet om måling, merking og registrering av eigedommar.

Heilt til delingslova trådde i kraft i 1980 blei eigedomsdeling på landet gjennomført som skylddeling av tre lekfolk (skylddelingsmenn), oppnemnde av lensmannen. Nye grenser blei merkte i marka, men ikkje kartlagt, berre skissevis oppteikna og omtalt. Ordninga med lekfolk til å utføre skylddeling er truleg hovudgrunnen til at vi har fleire grensetvistar i Noreg enn andre land vi til vanleg samanliknar oss med.

I byane var oppmåling av eigedomsgrenser og registrering av eigedom ei oppgåve for kommunale styresmakter. Generelt kan det seiast at registrering og kartlegging av eigedom i dei større byane i Noreg lenge har vore på nivå med resten av Europa.

Med delingslova fekk alle kommunar ansvar og mynde til å utføre kart- og delingsforretningar, med krav om grensemerking og nøyaktig måling av grenser. I stor grad svarte dette til den tidlegare ordninga for byane. Kommunen kan overlate til andre å utføre kart- og delingsforretningar på sine vegner. Saker som gjeld grunn til riks- og fylkesveg er etter avtaler i stor monn overlatne til Statens vegvesen. Ca. 2 % av forretningane blir utførte med leigd konsulenthjelp.

Arbeidet med å etablere eit moderne EDB-basert eigedomsregister, GAB-registeret (G står for grunneigedom, A for adresse og B for bygning), starta i 1976 og blei forankra i delingslova. Kommunane er pålagt å rapportere til GAB-registeret. Statens kartverk er ansvarleg for drifta.

GAB-registeret inneheld ved utgangen av 2004 opplysningar om 2,8 millionar grunneigedommar, festetomter og eigarseksjonar, 3,7 millionar bygningar og 1,3 millionar gateadresser. 425 kommunar er knytte direkte til den sentrale databasen. Det er framleis 25 kommunar som rapporterer til registeret ved bruk av skjema. GAB-registeret har blitt eit viktig hjelpemiddel i kommunal og anna offentleg saksbehandling. Registeret er også i aukande grad teke i bruk av bankar, eigedomsmeklarar, transportbransjen og andre private verksemder som har behov for eigedomsinformasjon. Innhaldet i GAB-registeret er likevel ikkje komplett, og ettersom bruken av GAB-registeret har auka, har krava til kvalitet og fullstendige opplysningar blitt større.

Kommunane skal rapportere opplysningar om nye eigedommar, bygningar og adresser til GAB-registeret. Delingslova manglar likevel klare føresegner om kvalitetssikring av opplysningane. Ein del større kommunar har i tillegg eigne eigedomsregister. Desse er ikkje lovregulerte.

I 1994 vedtok Stortinget at den elektroniske grunnboka (EG) og GAB skulle samordnast, slik at brukarane kan få felles tilgang til opplysningar i begge databasane. Denne tenesta blei etablert frå 1. januar 1995 under namnet Eiendomsregisteret, forkorta til EDR. Tenesta er administrert av Norsk Eiendomsinformasjon as, som er eit statleg aksjeselskap under Justisdepartementet. St.meld. nr. 13 (2001-2002) Fremtidig organisering av tinglysing i fast eiendom gjer nærare greie for tinglysingsordninga. I tråd med vedtak av Stortinget 12. juni 2002, er tinglysinga no i ferd med å bli overført frå domstolane til Statens kartverk, jf. Innst. S. nr. 221 (2001-2002). Overføringa er venta sluttført i 2007.

Delingslova slår fast at kommunane som ledd i ei kart- og delingsforretning skal lage eit målebrev som viser grensene for den enkelte eigedommen. Så sant det er mogleg skal grensepunkta målast inn med koordinatar i det nasjonale geodetiske grunnlaget, slik at grensene kan leggjast inn på standard kart, og bli rekonstruerte dersom grensemerka skulle komme bort.

Delingslova har ikkje tidsmessige føresegner om føring av samanhengande eigedomskart. På det tidspunktet då delingslova blei utforma fann ein det teknisk og økonomisk umogleg å påleggje kommunane å etablere eit samanhengande eigedomskartverk.

Sidan 1980 er det laga gode eigedomskart for dei aller fleste tettstader, og mange kommunar har teke i bruk elektroniske kart. Utanfor tettstadene blir grensene lagt inn i økonomisk kartverk i målestokk 1 : 5000 eller tilsvarande kartdatabasar.

Eigedomsinformasjonen i økonomisk kartverk er likevel av svært varierande kvalitet. Kommunale eigedomskart for tettbygd område er nok gjennomgåande noko meir fullstendige, men i delar av landet er så mykje som 20 - 30 % av eigedommane ikkje viste på noko kart. Statens kartverk har i samarbeid med kommunane starta arbeidet med å byggje saman kommunale eigedomskart og data i økonomisk kartverk til eit samanhengande digitalt eigedomskartverk (DEK). Ved utgangen av 2004 var ca. 84 % av grunneigedommane i GAB representert i DEK. Kvaliteten på informasjonen om eigedomsgrensene er svært varierande.

I omtrent halvparten av kommunane i landet utgjer arbeidet etter delingslova under eitt årsverk. I ytterlegare ca. 100 kommunar utgjer arbeidet under to årsverk. I og med at ansvaret for oppgåver etter delingslova blei lagt til kommunane, fann ein det ikkje realistisk å stille bestemte krav til utdanning og kompetanse hos dei personane som utfører forretningane. I forskriftene er det likevel sagt at styrar av kart- og oppmålingsforretningar må ha kjennskap til offentleg forvaltning, eigedomsrettslege føresegner og oppmåling. Vidare at minstekravet til ei fagutdanning i oppmåling bør vere ingeniørhøgskule, to- eller treårig linje for bygg og anlegg, eller tilsvarande kunnskap oppnådd på annan måte eller gjennom praksis. I mange store og mellomstore kommunar er arbeidet leidd av personar med relevant høgare utdanning. Kompetansenivået varierer likevel ein god del. Delingslova stiller heller ingen bestemte kompetansekrav til styrar som er leigd inn.

Delingslova fokuserer på den reint tekniske dokumentasjonen av grenser. Klarlegging og opprydding i bruksrettar inngår ikkje som ein obligatorisk del av forretningane.

I sum har kommunane dei siste åra utført ca. 25 000 forretningar kvart år. Talet varierer med svingingar i byggje- og eigedomsmarknaden. Ventetida på å få utført forretningar varierer ein god del. Dei fleste kommunane utfører forretningane innan 2 - 6 månader etter at kravet har komme inn, men det er rapportert om så lange ventetider som 4 år.

For å hindre lange ventetider i periodar med høgt aktivitetsnivå, eller når det hastar med å komme i gang med ei byggjesak og få eit pantegrunnlag, kan kommunen etablere nye eigedommar ved bruk av mellombels forretning. Eigedommen blir etablert og får eige grunnboksblad - utan at grensene er ferdig målte og kartlagt. Endeleg måling og utarbeiding av målebrev skal skje innan 3 år etter at mellombels forretning blei utført. Mellombels forretning kan også nyttast der det er formålstenleg å utsetje endeleg merking og innmåling til tomta er ferdig opparbeidd.

Ordninga med mellombels forretning har vore mykje brukt, og nokre kommunar har hatt problem med å overhalde 3-årsfristen for fullføring. Det er rapportert om grensetvistar som følgje av at grenser ikkje har blitt endeleg fastlagt før fleire år etter at eigedommen er etablert.

I nokre kommunar har det utvikla seg ein praksis med å dele frå eigedommar i undergrunnen. Dette er ikkje regulert i delingslova, og kommunane følgjer noko ulik praksis for gjennomføring av slike saker.

Etter delingslova kan kommunane få dekt sine kostnader gjennom gebyr, avgrensa oppover til sjølvkost. Gebyret blir fastsett av kommunen. I følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå 1 var lågaste gebyr i 2003 for å opprette og måle opp ei vanleg bustadtomt på 750 kvadratmeter på kr 1100, og høgaste kr 19 600. Halvparten av kommunane låg mellom 6 700 og 9 400 kroner.

Vanlegvis er satsane på gebyra baserte på tomtestorleik, og gebyret reflekterer derfor ikkje kva det faktisk kostar å måle opp den enkelte eigedommen. Gebyrinntekter for tomtefelt har i monaleg grad «subsidiert» oppmåling av enkelttomter.

5.1.2 Behov for revisjon

Delingslova har, til trass for fleire lovteknisk svake sider og andre manglar, verka rimeleg bra i store delar av landet. Ny måleteknikk og innføring av elektronisk databehandling for register og kart medfører eit behov for å ajourføre nokre føresegner. Men det er først og fremst den generelle utviklinga i samfunnet, og spesielt i kommunane, saman med auka behov for relevante og riktige eigedomsopplysningar, som har utløyst behovet for å revidere delingslova.

Dei viktigaste grunnane for å revidere delingslova kan oppsummerast i følgjande punkt:

  • I takt med den auka etterspørselen etter eigedomsinformasjon, og bruken av GAB til nye oppgåver, har det blitt tydeleg at kvaliteten på GAB ikkje er tilfredsstillande.

  • Den auka bruken og etterspørselen har også gjort det nødvendig å sjå på reglane for utlevering av informasjonen.

  • Det er behov for å vurdere innføring av digitale eigedomskart, som ein del av eit nasjonalt eigedomsregister. I løpet av dei siste åra er det i fleire samanhengar blitt fokusert på nytten av å bruke digitale kart og data i arbeidet med arealplanlegging og miljøvern. Omlegging til arealbaserte tilskotsordningar i landbruket har auka behovet for riktig informasjon om eigedomsgrenser og areal. Vidare vil informasjon om storleik, form, plassering og naboskap mest formålstenleg kunne visast på kart. Dessutan er kart ofte ein formålstenleg inngang til annan informasjon. I eit elektronisk register vil det vere aktuelt å finne fram til verbalinformasjon ved å «peike» på eigedommane i kartet.

  • Det er store forskjellar mellom kommunane når det gjeld gebyr for å utføre forretningar etter delingslova. I enkelte saker kan det vere stor forskjell mellom gebyret og dei faktiske kostnadene.

  • Det har utvikla seg ein praksis der til dels monalege areal blir overførte som grensejustering utan at det blir søkt om løyve etter plan- og bygningslova, innhenta samtykke frå panthavarar eller betalt dokumentavgift. Det er derfor behov for å vurdere klarare kriterium for når den enkle prosedyren med grensejustering skal tillatast brukt. Samtidig er det også behov for smidige ordningar for overføring av større areal enn det som skal tillatast ved grensejustering.

  • Det er behov for å avklare kva eigedomsobjekt som skal kunne registrerast med eige nummer. I nokre kommunar har ein for eksempel tillate frådeling og registrering av eigedommar i undergrunnen, utan at dette er heimla i delingslova.

  • Sidan delingslova trådde i kraft har det komme mange kritiske merknader til terminologi og oppbygging av lova, både frå publikum, utøvarar og skuleverket. Ein del av dei uklare sidene ved delingslova er retta på ved omfattande forskrifter. Nokre av føresegnene i forskriftene er svakt forankra i lova. Det er ønskeleg med ei lettare tilgjengeleg og betre oppbygd lov, der alle vesentlege føresegner går fram av sjølve lova, slik at omfanget av forskrifter blir avgrensa til utfyllande føresegner.

  • Etter delingslova blir kart- og delingsforretningar utførte som styresmaktoppgåver, sjølv om deler av arbeidet må sjåast på som tenesteproduksjon. Det er behov for å vurdere om dette er formålstenleg. Eit klarare skilje mellom tenesteproduksjon og styresmaktoppgåver kan opne for meir fleksible ordningar, der andre enn kommunen kan utføre tenestedelen.

  • Kvaliteten på det arbeidet som blir utført i kommunane varierer mykje. Ein del kommunar har heller svak kompetanse, og det synest å vere eit aukande problem for kommunane å rekruttere personale med relevant fagkunnskap. Tilfredsstillande kvalitet er viktig, og det er behov for å vurdere om det må stillast særskilde kvalifikasjonskrav til dei som skal utføre forretningar og føre opplysningar inn i registeret.

5.2 Signallova

5.2.1 Status

Signallova gir staten og kommunen heimel til å utføre målearbeid på framand grunn, dvs.

«alle de arbeider som kan henregnes enten til almindelige opmålingsarbeider så som triangulering, nivelering, topografisk kartlegging, krokering, fotogrammetrisk måling, hydrografering, økonomisk opmåling, utstikningsarbeider, rydning eller til spesielt videnskaplige målearbeider som astronomiske observasjoner, tyngdekraftsmålinger, magnetiske observasjoner, vannstandsmålinger», jf. Ot. prp. nr. 15 (1923), under dette plassere:

  • Fastmerke, som regel merker av metal, som er innstøpte i eller festet til fast fjell, stener, murverk, cement- eller betongblokke, merker av bearbeidet eller rå sten, som kan være helt eller delvis nedgravet, og hvori er innhugget kjendetegn såsom bokstaver, kors, ringer etc. eller hvori er anbragt borhull, videre merker av teglsten (drænsrør), jernrør eller cement, som er nedgravet, endelig borhull, kors og bokstaver etc. som er innhugget i fjell og unntagelsesvis merker av tre»

  • Signal, som regel av «tre, sten (varder) eller jern og kan enten være faste signaler (vesentlig trigonometriske) eller midlertidige (polygonimetriske og geometriske)»

  • Merke, som regel av «tre i form av plugger, perler eller staker med fliser, delvis eller vesentlig drevet ned i marken»

  • Apparat for vasstandsmåling.

Signallova gjeld berre målearbeid som blir utført av staten eller kommunane. Ved private målearbeid krevst det avtale med kvar enkelt grunneigar, eventuelt heimel for ekspropriasjon med vedtak i anna lovgiving.

5.2.2 Behov for revisjon

Fastmerka i dei geodetiske netta er grunnlaget for kart- og oppmålingsarbeid. Dei dannar grunnlaget for den nasjonale infrastrukturen som stadfest (koordinatbestemt) informasjon utgjer.

Signallova frå 1923 handlar om eit saksområde der det har skjedd ei monaleg utvikling, teknologisk og i samfunnet elles. Dette har medført at ein del føresegner i gjeldande lov er lite tenlege i dag. Dei viktigaste behova for å revidere signallova kan oppsummerast i følgjande punkt:

  • Retten til nødvendig ferdsel i samband med oppmålingsarbeid kan i ein del tilhøve vere uklar.

  • Føresegnene i signallova om tilgang til grunnen omfattar ikkje oppmålingsverksemd som blir utført av private aktørar.

  • Statens kartverk reknar med at det årleg blir utført ca. 3 000 årsverk innan oppmålingsarbeid som krev tilgang til fastmerke. I dag er det fleire offentlege verksemder på statleg og kommunalt nivå, og private verksemder, som kvar for seg etablerer oppmålingsmerke ut frå eigne behov. Manglande rapportering mellom dei ulike instansane medfører ulemper og unødige kostnader. Kartverket meiner at det ekstraarbeidet som er resultat av forveksling av fastmerke, mangelfull tilgang til opplysningar om eksisterande fastmerke og manglande kvalitet i eksisterande register, utgjer minst 5 % av ressursbruken.

6 Terminologi

6.1 Forslaget frå utvalet

6.1.1 Innleiing

Utvalet drøfter terminologi i NOU 1999: 1 kap. 3.

Utvalet peiker på at det har komme mange kritiske merknader til terminologien i delingslova, både frå publikum, utøvarar og undervisningssektoren. Det viser til at fleire omgrep og uttrykk i delingslova byr på tvil om tolkinga, noko som har medverka til ulik praktisering. Utvalet framhevar også at eigedomsfaget har utvikla seg mykje sidan delingslova trådde i kraft i 1980.

6.1.2 Lov om eigedomsregistrering

Utvalet drøftar fleire namn på den nye lova, men blir ståande ved «lov om eiendomsregistrering», med «matrikkelloven» som kortversjon. Om dette seier utvalet følgjande (NOU 1999: 1 s. 15):

«Også tinglysing omtales ofte som en form for eiendomsregistrering. Utvalget mener likevel at eiendomsregistrering er et godt samlebegrep på de oppgaver som loven i hovedsak omhandler, nemlig:

  • Drift og føring av et eiendomsregister (matrikkelen).

  • Merking, måling og dokumentasjon av eiendomsgrenser og andre eiendomsopplysninger.

  • Godkjenning av landmålere og virksomheter som vil utføre oppmålingsforretninger.

Lov om matrikulering av fast eiendom, er drøftet som et mulig alternativ, men utvalget mener at dette er for snevert i forhold til de oppgaver loven omhandler. For å markere hva slags eiendomsregistrering loven omhandler, foreslår likevel utvalget at «matrikkelloven» brukes som kortversjon.»

6.1.3 Matrikkelen

Utvalet foreslår å ta i bruk omgrepet «matrikkel» på det nasjonale eigedomsregisteret. Fram til opprettinga av GAB-registeret blei «Norges matrikkel», som var eit oversyn over alle skyldsette eigedommar i landet, ført i protokollar i ulike departement, sist i Landbruksdepartementet. «Norges matrikkel» blei siste gong gitt ut i trykt versjon tidleg på 1900-tallet.

Om bruk av omgrepet «matrikkel» peiker utvalet på følgjande (NOU 1999: 1 s. 15):

«Matrikkel kommer fra latin og betyr «liste». Matrikkel brukes også i andre forbindelser, i første rekke som betegnelse for ulike eiendomsregistre, og vil lett kunne innarbeides som navn på det nye registeret. Matrikkelen skal inneholde tekstlig informasjon og kartdata i en felles database.»

Matrikkelen vil inngå i ein større heilskap saman med andre offentlege eigedomsregister. Utvalet meiner det er viktig å få innarbeidd eit omgrep også om denne heilskapen. Internasjonalt blir ofte heilskapen av offentlege eigedomsregister som spelar saman i eit organisert system omtalt som «kataster». Utvalet drøftar dette omgrepet, men vel å bruke ordet«eiendomsinformasjonssystem». Matrikkelen vil saman med grunnboka utgjere kjernen i eigedomsinformasjonssystemet. Utvalet har ikkje drøfta eller teke i bruk eit samla omgrep for matrikkelen og grunnboka.

6.1.4 Einingar i matrikkelen

Dei einingane som skal registrerast med eige nummer, og som opplysningane i matrikkelen skal knytast til, er i lovutkastet omtalte som matrikkeleiningar. Det nummeret som identifiserer desse einingane er kalla matrikkelnummer, og består av gardsnummer og bruksnummer, eventuelt med tillegg av festenummer eller seksjonsnummer.

I lovutkastet er foreslått fem forskjellige typar matrikkeleiningar. Eit fleirtal av utvalet (10 av dei 12 medlemene) ønskjer at kvar av desse skal få ei spesifikk nemning, og foreslår grunneigedom, festegrunn, eigarseksjon, anleggseigedom og jordsameige. Nemningane grunneigedom, festegrunn og eigarseksjon er vel kjende frå lovgivinga i dag. Anleggseigedom blir innført som nemning på eigedom som etter lovutkastet skal kunne opprettast over eller under grunneigedommen den blir delt frå. Denne nemninga er henta frå svensk lovgiving, og utvalet meiner at det på ein god måte markerer at eininga berre kan opprettast når det skjer i samband med realisering av ein bygning eller konstruksjon. Jordsameige er foreslått som offisiell nemning på eit stykke grunn der grunnen ligg i sameige, og partane i sameiget høyrer til og inngår i andre eigedommar.

Eit mindretal i utvalet (2 av dei 12 medlemene) foreslår at «geostasjonært volum» skal innførast som eitt felles omgrep for dei forskjellige typar av einingar i matrikkelen.

Vurderingane til både fleirtalet og mindretalet når det gjeld nemningar på matrikkeleiningar er nærare omtalte i kapittel 7.4. Merknader frå høyringsinstansane og departementet sine vurderingar når det gjeld dette er også tekne opp i det kapitlet.

Ei matrikkeleining kan bestå av fleire skilte areal (teigar). Utvalet definerer teig om eit slutta polygon som er avgrensa av eigedomsgrenser på alle kantar. I matrikkelkartet vil teig vere den minste eininga.

Forutan at éi matrikkeleining kan bestå av fleire skilte areal, består ofte det som i praktiske samanhengar blir rekna som éin eigedom, for eksempel i samband med verdsetjing og skattlegging, av fleire matrikkeleiningar. I GAB-registeret blir nemninga eigareining nytta om summen av dei grunneigedommar som i praktisk bruk utgjer éin eigedom. Utvalet meiner nemninga «samla fast eigedom», etter mønster frå Danmark, er eit meir dekkjande omgrep, og innfører dette for «summen av de matrikkelenheter som til sammen utgjør det areal som i vanlig bruksmessig forstand regnes som én eiendom» (NOU 1999: 1 s. 16).

Utvalet omtaler matrikkeleining som «juridisk» eigedomseining, teig som «fysisk» eigedomseining og samla fast eigedom som «økonomisk» eigedomseining, men utan at desse omgrepa er nytta i sjølve lovutkastet.

6.1.5 Matrikkelføring

Utvalet brukar nemninga matrikkelføring om det å føre opplysningar inn i matrikkelen. I tilknyting til matrikkelføring innfører utvalet også andre nye nemningar. Matrikulering blir teke i bruk som nemning på ein spesiell type matrikkelføring, som inneber å føre ein ny, dvs. ikkje tidlegare matrikulert, eigedom inn i matrikkelen. Ein del av matrikuleringa er å tildele matrikkelnummer. Matrikulert eigedom er nemninga på eigedom som er tildelt matrikkelnummer og registrert i matrikkelen. Motsett er umatrikulert eigedom eksisterande fast eigedom som ikkje er nummerert og innført i matrikkelen.

I tilknyting til jordsameige presiserer utvalet (NOU 1999:1 s. 16):

«Fra gammelt av har imidlertid begrepet «matrikulert» også blitt brukt om areal og rettigheter som er inkludert i skyldverdien for eiendommene. Mange landbrukseiendommer har andel i sameie, og andelen er oftest regnet med i skyldverdien. Areal i slike jordsameier blir derfor ofte omtalt som matrikulert, selv om sameiet ikke har noe eget bruksnummer. For å unngå misforståelser foreslår utvalget begrepet uregistrert jordsameie om slike enheter, mens en ellers snakker om umatrikulert grunneiendom og umatrikulert festegrunn. Med matrikulert grunn forstås grunn som inngår i eller hører til en eiendom som er oppført i matrikkelen med eget matrikkelnummer. Areal i jordsameie er derfor matrikulert grunn.»

Utvalet nyttar omgrepet matrikkelførar om den personen som er godkjend til å føre inn opplysningar i matrikkelen. Kommunen er omtalt som «lokal matrikkelmyndighet», og kan ha fleire matrikkelførarar. Departementet er «statlig matrikkelmyndighet» med overordna ansvar for matrikkelen.

Matrikkelbrev er nytta om utskrift av matrikkelen som viser alle registrerte opplysningar om ei matrikkeleining. Det skal dessutan innehalde ei utskrift av matrikkelkartet som viser den geografiske plasseringa og utstrekninga av eininga. Matrikkelbrev kan samanliknast med målebrev etter delingslova, men matrikkelbrevet vil innehalde fleire opplysningar.

6.1.6 Oppmålingsforretning

Utvalet foreslår oppmålingsforretning som nemning på det arbeidet som landmålar skal utføre i samband med oppretting av ny matrikkeleining og andre tilsvarande saker etter lova. Om valet av denne nemninga uttaler utvalet (NOU 1999: 1 s. 16):

«Andre alternativer som har vært fremme, er i første rekke «landmålerforretning» og «matrikulær sak», men utvalget har blitt stående ved oppmålingsforretning som mest dekkende og selvforklarende, både for publikum og profesjonelle aktører. «Oppmålingsforretning» brukes allerede i en viss utstrekning. Utvalget mener at det er hensiktsmessig å bruke ordet «forretning» for å understreke at det dreier seg om et regelstyrt arbeid, og ikke en fri konsulenttjeneste.»

Oppmålingsforretning kjem til erstatning for fleire omgrep i delingslova; både «kartforretning», «kart- og delingsforretning» og «midlertidig forretning». «Midlertidig forretning» i delingslova foreslår utvalet omtalt som ikkje fullført oppmålingsforretning.

Lovutkastet omtaler fire typar oppmålingsforretningar:

  • Oppretting av ny matrikkeleining.

  • Arealoverføring som er overføring av areal mellom eigedommar som grensar til kvarandre, utan avgrensing i storleiken på arealet.

  • Grensejustering som er utretting eller mindre endring av eksisterande grense.

  • Klarlegging av eksisterande grense.

Forretning som blir utført for matrikulering av umatrikulert grunneigedom og festegrunn eller for registrering av jordsameige kjem inn under oppretting av ny matrikkeleining. Det same gjeld oppmålingsforretning for uteareal til eigarseksjon. Oppretting av eigarseksjon utan eige uteareal krev ikkje oppmålingsforretning.

Oppmålingsforretning og føring av matrikkelen, på grunnlag av avhalden oppmålingsforretning, omtaler utvalet som matrikulære oppgåver, men utan at dette er brukt i lovteksten.

6.2 Merknader frå høyringsinstansane

Det er få høyringsinstansar som kommenterer den terminologien som er teken i bruk i lovutkastet. Departementet har likevel inntrykk av at terminologien er blitt godt motteken av dei høyringsinstansane som ikkje uttaler seg direkte om dette. Mange av desse har i stor grad og tilsynelatande utan problem teke i bruk den terminologien som er foreslått i sine uttaler.

Av dei høyringsinstansane som uttaler seg om terminologien i lovutkastet er ein del heilt ut positive. Sarpsborg kommune gir uttrykk for at det er bra at bruken av omgrep er stramma opp i forhold til delingslova. Både Bø kommune, Riksantikvaren og Kommunanes Sentralforbund (Telemark) støttar innføringa av omgrepet «matrikkel». Riksantikvaren seier m.a.:

«Det er interessant at den gamle betegnelsen «matrikkel» foreslås å komme tilbake i ny form. Vi mener at dette er et godt grep som forankrer terminologien i klassisk registerpraksis, samtidig som det tydelig vil skille den nye loven fra den av 1980.»

Oslo byskrivarembete og Etatsforeininga i Jordskifteverket (Norske Sivilingeniørers Forening) stiller seg noko uforståande til omgrepet «uregistrert jordsameige».

Regionrådet for Nordhordland og Gulen uttrykkjer skepsis til utvalet sin terminologi, og gir uttrykk for at det eigedomsregisteret som lova vil heimle vil skilje seg sterkt frå den historiske matrikkelen, og meiner at dette i seg sjølv taler imot å ta opp att den gamle nemninga.

Justisdepartementet rådde i sin opphavlege høyringsuttale frå bruk av nemninga «matrikkel» med tilhøyrande avleiingar, men har etter at spørsmålet er lagt fram for Norsk språkråd, akseptert denne. Språkrådet støttar den bruken utvalet gjer av omgrepet matrikkel med tilhøyrande avleiingar, og uttaler m.a. følgjande i eit brev av 5. september 2001:

««Matrikkel» har lang tradisjon som nemning på det nasjonale eigedomsregisteret og er mykje brukt innanfor fag som busetjingshistorie, gardshistorie, slektsgransking og bustadnamngransking, noko som kan tale for å ta opp att nemninga som registernamn. Rett nok vil nemninga i den nye lova skilje seg i innhald frå den historiske matrikkelen, men det i seg sjølv treng ikkje vere eit avgjerande argument mot å nytte ho, slik Justisdepartementet ser ut til å meine. At ord og uttrykk endrar innhald og funksjon, er ikkje uvanleg.

Som Justisdepartementet peikar på, er det viktig å ha ein lovtekst som blir forstått. Men når ein lovtekst er vanskeleg å forstå, ligg vansken som oftast på tekst- og setningsplanet og ikkje på ordplanet. Ein kan dessutan definere ord og omgrep som er sentrale i ein lovtekst. Vi er også i tvil om ordet matrikkel er så ukjent som det blir gjeve uttrykk for. Som nemnt ovanfor har ordet lang tradisjon som namn på det offentlege registeret over alle grunneigedommar, det er mykje nytta innanfor fleire fagmiljø, og ein finn det som oppslagsord i både ordlister og leksika. (...)

Språkrådet vil tilrå å bruke matrikkelen som lovfesta namn på det offisielle registeret over all eigedom i landet. Hovudargumentet vårt er at det går ei klar linje frå den historiske matrikkelen og fram til det nye registeret, og at nemninga gjev grunnlag for ein tenleg terminologi, slik Miljøverndepartementet sjølv peikar på.»

Justisdepartementet har ei rekkje forslag til lovtekniske endringar, og foreslår ei omarbeiding av strukturen i lova. Justisdepartementet meiner at signallova ikkje bør førast vidare som ei eiga lov, men takast inn i forslaget til lov om eigedomsregistrering.

6.3 Departementet si vurdering

Departementet er samd i utvalet si vurdering av at det er behov for ny terminologi, både ut frå at gjeldande terminologi byr på tolkingstvil, at den generelle utviklinga av eigedomsfaget gjer det nødvendig med ei modernisering, og at nye ordningar krev nye omgrep. Det synest som om terminologien allereie er akseptert og teken i bruk av mange fagfolk.

Departementet meiner at ordet matrikkel på ein god måte svarer til bruken av dette omgrepet slik det var før delingslova. Departementet er samd med Språkrådet i at vi ved å ta i bruk matrikkel med tilhøyrande avleiingar fører vidare ein del av vår kultur og tradisjon.

Departementet meiner at det skiljet utvalet set opp mellom «matrikulering» og «registrering» er formålstenleg, ettersom jordsameige i prinsippet allereie er matrikulerte sjølv om dei ikkje er registrerte som særskilde einingar. Departementet presiserer dette ytterlegare ved å behandle registrering av jordsameige som ein særskilt type oppmålingsforretning, som er forskjellig frå det å opprette matrikkeleining.

Strukturen i lova er omarbeidd i tråd med forslag frå Justisdepartementet.

Departementet meiner som Justisdepartementet at lova om oppmålingsarbeid som er foreslått ikkje bør givast som ei eiga lov, men takast inn i forslaget til lov om eigedomsregistrering, jf. diskusjonen i kapittel 3. Departementet meiner at «lov om eigedomsregistrering» er eit dekkjande namn, sjølv om føresegner om oppmålingsarbeid blir teke inn. Departementet foreslår «matrikkellova» som kortform.

Fotnotar

1.

KOSTRA - Kommune-stat-rapportering

Til toppen
Til forsida av dokumentet