Ot.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting

Til innhaldsliste

1 Innleiing, bakgrunn m.m.

1.1 Innleiing

Kultur- og kyrkjedepartementet gjer med dette framlegg til lov om endringar i lov lov 13. juni 1997 nr. 53 om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting (medieeigarskapslova).

På nokre område gjer departementet i proposisjonen framlegg om nye eller utvida eigarskapsgrenser. Dersom det i tida fram til lova trer i kraft skulle skje ei stor mengd taktiske oppkjøp som gir oppkjøparen eigarposisjonar i strid med lovframlegget, vil departementet vurdere om det kan vere grunnlag for å gi tilsynet heimel til å gripe inn mot etablerte eigarposisjonar. I så fall vil departementet leggje fram eit eige lovforslag for Stortinget om dette.

1.2 Bakgrunn

Stortinget handsama St.meld. nr. 57 (2000-2001) «I ytringsfrihetens tjeneste» 25. april 2002, jf Innst. S. nr. 142 (2001-2002). Stortingsmeldinga vart lagt fram av regjeringa Stoltenberg, men handsama under Bondevik II-regjeringa. I meldinga vart det m.a. drøfta om den øvre grensa for eigarskap på nasjonalt nivå bør hevast; til dømes til 49 pst. av den einskilde mediemarknaden. Meldinga la fram ulike argument for og imot ei slik endring, men konkluderte ikkje. Når det galdt høvet til å gripe inn mot eigarskapskonsentrasjon på lokalt nivå, sa regjeringa at ho ville «sikre en praktisering av loven som ikke forhindrer mediebedrifter med behov for ny kapital og nye eiere å få dette.» I meldinga vart det òg teke sikte på å utvide medieeigarskapslova til å gjelde for elektroniske medium. I tillegg vart det lagt opp til å vurdere utviding av lova til å gjelde vertikal integrasjon og samarbeidsavtalar. I meldinga vart det òg gjort framlegg om å setje i gang eit arbeid med sikte på å slå saman Eigarskapstilsynet og Konkurransetilsynet. Ut frå eit ønskje om å byggje opp under redaktørinstituttet, vart det gjort framlegg om å lovfeste prinsippa i Redaktørplakaten, på det vilkår at Stortinget vedtek ein grunnlovsregel som opnar for dette.

I innstillinga uttalte eit fleirtal i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen (alle unnateke Ap, SV og SP) at«mye taler for at eierskapsbegrensningene på det nasjonale nivå kan heves til 49%». Samstundes uttalte eit anna fleirtal (alle utan H og KrF) at det bør vere grenser for eigarskap på nasjonalt nivå. Dei viste mellom anna til at ytterlegare eigarskapskonsentrasjon i Noreg kunne gjere norske medieselskap meir interessante som oppkjøpsobjekt for utanlandske investorar. Eit tredje fleirtal (alle utan Ap og SV) gjekk inn for å oppheve reglane om eigarskapsgrenser på lokalt og regionalt nivå. Eit fjerde fleirtal (alle utan SV) støtta framlegget om å slå Eigarskapstilsynet saman med Konkurransetilsynet. Eit femte fleirtal (alle utan Framstegspartiet) meinte at lovfesting av «det redaksjonelle ansvar» var ein viktig del av heilskapen, og støtta arbeidet med å få dette gjennomført.

I debatten 25. april 2002 presiserte mellom anna Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet at dei ikkje hadde konkludert i spørsmålet om å heve eigarskapsgrensa til 49 prosent på nasjonalt nivå.

I St.meld. nr. 17 (2002-2003) «Om statlige tilsyn» gjorde regjeringa framlegg om å slå saman Eigarskapstilsynet, Statens medieforvaltning og Statens filmtilsyn til eit nytt medietilsyn. Grunngjevinga var at eit samla medietilsyn vil vere betre i stand til å handtere både eksisterande og nye tilsynsoppgåver på mediefeltet. Konvergensutviklinga på medieområdet gjer at det vert stadig større overlapping mellom arbeidsoppgåvene til dei tre tilsyna. Meldinga vart handsama i Stortinget 6. juni 2003, og eit fleirtal støtta framlegget om å slå saman dei tre tilsyna på medieområdet. Framlegget i mediemeldinga (St.meld. nr. 57 for 2000-2001) om å slå saman Eigarskapstilsynet og Konkurransetilsynet er difor ikkje lenger aktuelt og vil ikkje bli drøfta i denne proposisjonen.

1.3 Høyring

9. januar 2004 sende departementet på høyring eit høyringsnotat med framlegg om endringar i medieeigarskapslova (lov om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting), jf. vedlegg 1 for oversikt over høyringsinstansar. Fristen for høyringssvar vart sett til 23. februar 2004.

I høringsbrevet bad departementet særleg om synspunkt på:

  • om ein regel om multimediekonsentrasjon på regionalt nivå bør gjelde for lokalfjernsynsmarknaden,

  • kva for prinsipp som bør leggjast til grunn for regioninndeling etter medieeigarskapslova,

  • om heimelen til å fastsetje regioninndelinga i forskrift bør liggje hos Kongen eller tilsynsorganet,

  • om NRK bør reknast inn i marknadene for radio og fjernsyn på nasjonalt nivå,

  • om det bør fastsetjast ein eigen multimedieregel for eigarskap innanfor tre mediemarknader, og

  • framlegget om utviding av verkeområdet for lova til å gjelde elektroniske medium.

Departementet mottok 37 høyringsfråsegner.

I tillegg mottok departementet fråsegner frå ein del selskap og organisasjonar som ikkje sto på høyringslista, mellom anna Adresseavisen ASA, Bergens Tidende AS, Fædrelandsvennen, Stavanger Aftenblad ASA og Harstad Tidende Gruppen. Dette er regionaviser deleigde av Schibsted ASA.

NHO sluttar seg til høyringsfråsegna frå MBL. Vi viser elles til oversikten over høyringsinstansar og -fråsegner i vedlegg 1. Fråsegnene vert attgivne og kommenterte i dei einskilde kapitla i proposisjonen.

1.4 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I kapittel 2gjer departementet greie for dei mediepolitiske måla og behovet for tiltak mot eigarskapskonsentrasjon i media.

I kapittel 3drøftar departementet eigarskapsgrenser på lokalt og regionalt nivå. Departementet gjer framlegg om å oppheve heimelen til å gripe inn mot eigarkonsentrasjon på lokalt nivå. På regionalt nivå går departementet inn for å oppretthalde reguleringa, men den skjønnsmessige inngrepsheimelen vert erstatta med lovfesta regionale eigarskapsgrenser. Grensa vert sett til 60 prosent av det regionale dagspresseopplaget. Departementet gjer ikkje framlegg om eigne eigarskapsgrenser for kringkasting på regionalt nivå.

I kapittel 4drøftar departementet eigarskapsregulering på nasjonalt nivå. Departementet gjer framlegg om å lovfeste ei grense på 40 prosent av marknadane for dagspresse, fjernsyn og radio. Grensa inneber først og fremst ei presisering av vilkåret om sterk eigarstilling. Inngrep vil i slike høve vere hovudregelen, men eit oppkjøp må i tillegg vurderast opp mot lovføremålet. Dagspresse, fjernsyn og radio vert i denne samanhengen rekna som separate marknader, d. t. at grensa på 40 prosent gjeld innanfor kvar av desse tre marknadene. NRK vert rekna inn i marknadene for fjernsyn og radio.

Regelen om krysseigarskap mellom store selskap på dagspressemarknaden vert vidareført, teke inn i lova og utvida til også å gjelde for kringkastingsmarknadene.

Departementet gjer framlegg om eigne reglar om multimediekonsentrasjon på nasjonalt nivå, i form av ein trappetrinnskala der grensene vert sett lågare dess fleire marknader aktøren har eigarinteresser i. For eigarskap innanfor to marknader vert grensene sett til 30 og 20 prosent. For eigarskap innanfor tre marknader vert grensene sett til 20, 20 og 20 prosent.

I kapittel 5drøftar departementet tilhøvet mellom medieeigarskapslova og konkurranselova. Departementet konkluderer med at konkurranselova aleine ikkje kan sikre omsynet til mediemangfald og ytringsfridom, og slår dessutan fast at det i hovudsak ikkje er store motsetnader mellom dei to lovene eller at dei motverkar kvarandre.

I samband med handsaminga av mediemeldinga (St.meld. nr. 57 for 2000-201) ba Stortinget departementet vurdere ei utviding av lova til å gjelde for elektroniske medium, vertikal integrasjon og samarbeidsavtalar. I kapittel 7gjer departementet framlegg om å utvide verkeområdet til lova - og dermed tilsynet sitt tilsynsansvar - til også å gjelde elektroniske medium. Departementet legg likevel til grunn at det førebels ikkje er grunnlag for å utvide sjølve inngrepsheimelen til å omfatte oppkjøp i slike medium eller til å fastsetje eigne eigarskapsgrenser. Departementet viser til at desse media i dag hovudsakleg fungerer som alternative distribusjonskanalar for etablerte dagspresse- eller kringkastingsmedium. Dersom det skulle utvikle seg ein sjølvstendig marknad for slike medium, vil departementet gjere framlegg om å endre lova på dette punktet.

Departementet har vurdert om lova bør utvidast til å gjelde vertikal integrasjon, men gjer ikkje framlegg om dette. Departementet legg til grunn at vertikal integrasjon så langt ikkje er noko stort problem på mediesektoren. Departementet legg dessutan til grunn at vertikal integrasjon reiser andre spørsmål og krev andre løysingar enn horisontal integrasjon.

Vidare gjer departementet framlegg om å gje tilsynet heimel til å gripe inn mot samarbeidsavtalar som gir ein avtalepart same eller tilsvarande påverknadskraft over det redaksjonelle produktet som eit oppkjøp.

Til forsida