Prop. 1 S (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 61 020 km². Rundt 60 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km² er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 anerkjenner norsk suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte forskrifter for Svalbard.

Størsteparten av busetnaden på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og den største busetnaden. I følgje befolkningsregisteret for Svalbard er det pr. 01.09.2012 totalt 2 173 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 413 busette. Busetnaden der er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. I følgje befolkningsregisteret er det til saman 40 heilårs busette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 10 heilårs busette. Som ein ser av tabellen har det vore ein kontinuerleg vekst i befolkninga i Longyearbyen siste tiår med eit unnatak for 2010 som viste ein liten nedgang. For nærare omtale av denne utviklinga, sjå pkt. 2.1.3.

Tabell 1.1 Befolkningstal 2004-2012 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Longyearbyen

1831

1932

1905

2018

2068

2112

2041

2084

2173

Ny-Ålesund

33

36

37

37

41

37

43

39

40

Barentsburg

812

717

448

525

440

417

491

450

413

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2012-2013) Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2013 er omtalt nærare under pkt. 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

Justis- og beredskapsdepartementet vil i året som kjem sjå nærare på enkelte av kapitla i budsjettet for å sjå til at dei ulike tildelingane er best mogleg i samsvar med kapitlas formål.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Regjeringa legg om lag kvart tiande år fram ei stortingsmelding om Svalbard. Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken er beskrivne i meldinga og gjer – saman med dei årlege svalbardbudsjetta – uttrykk for gjeldande svalbardpolitikk fram til neste stortingsmelding om Svalbard. Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken har lege fast i lang tid og vart seinast stadfesta i siste stortingsmelding om Svalbard (St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard. Desse måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa

Det er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken. Historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka.

Måla fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Måla har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener difor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla for norsk svalbardpolitikk i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Gjennom siste stortingsmeldinga vart det gjort ein heilskapleg gjennomgang av svalbardpolitikken og lagt rammer for denne dei neste åra. Det blir framleis lagt opp til ei stabil og føreseieleg styresmaktsutøving og god samfunnsutvikling på øygruppa innafor ramma av dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Det er nedfelt i Politisk plattform for fleirtalsregjeringa at regjeringa ser nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i utanrikspolitikken. Hovudprioriteringane og verkemidla i satsinga er konkretisert i fleire dokument, seinast i Meld. St. 7 (2011-2012) Nordområdene - visjon og virkemidler (nordområdemeldinga), som vart lagt fram hausten 2011. Meldinga gjev ein samla gjennomgang av nordomådepolitikken, med vekt på korleis regjeringa meiner Noreg bør møte utfordringane og moglegheitene i nord i eit generasjonsperspektiv. Svalbard er Noregs nordlegaste region og ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk, vil markere at Noreg er til stades i nordområda.

Hovudmål og delmål

Justis- og beredskapsdepartementet – som har fagansvar i norske polarområde både i Arktis og Antarktis – har følgjande hovudmål og delmål for dette:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Justis- og beredskapsdepartementet

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg og konsistent politikk for polarområda

  1. Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

  2. Sikre ei god statleg forvaltning på Svalbard gjennom Sysselmannen

  3. Leggje til rette for at lokaldemokratiet fungerer og at det framleis er eit robust lokalsamfunn i Longyearbyen

2.1 Heilskapleg og konsistent politikk for polarområda

Regjeringa la våren 2009 fram St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard (svalbardmeldinga). Det hadde då skjedd ei betydeleg utvikling på Svalbard sidan førre stortingsmelding om Svalbard blei lagt fram i 2000. Mellom anna vart det i 2002 etablert lokaldemokrati i Longyearbyen og det hadde òg vore ein auke i aktivitetsnivået innan dei fleste områda, inkludert forsking og turisme som er to av dei pilarane svalbardsamfunnet er tufta på.

Eit hovudmål for svalbardpolitikken er å oppretthalde ei robust busetjing i Longyearbyen, og i meldinga slår ein fast at det framleis er koldrifta som er den viktigaste berebjelken i familiesamfunnet der. Utviklinga den siste tida tyder på at befolkningsveksten i Longyearbyen held fram. Etter ein liten nedgang i 2010 har folketalet auka igjen både i 2011 og i 2012.

Å vere til stades på Svalbard bidrar til å sikre ei truverdig og effektiv forvaltning av Noregs store land- og sjøområde. Regjeringa vil difor arbeide for å vidareføre eit levedyktig svalbardsamfunn der miljøforvaltning, forsking, koldrift og reiseliv blir foreina innafor rammer som sikrar at øygruppa blir teken vare på som eitt av verdas best forvalta villmarksområde.

Klimaendringane i Arktis og den betydninga desse endringane har for det globale klimaet, gjer at Svalbard er eit viktig område for studium av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringane. Kunnskap vert omtalt som navet i regjeringas nordområdestrategi, og Svalbard si rolle som plattform for norsk og internasjonal polarforsking, kunnskap og utdanning er eit viktig satsingsområde.

Svalbard har ein unik natur- og kulturarv som norske styresmakter har eit særskilt ansvar for å bevare, og all næringsverksemd, ressursutnytting og forsking skal skje innafor dei rammer omsynet til bevaring av Svalbards naturmiljø og kulturminne set. Samstundes er det òg viktig å behalde naudsynt handlefridom framover, med tanke på å kunne møte nye utfordringar og nytte dei til ei kvar tid beste verkemidla i forvaltninga av øygruppa.

Beredskap og tryggleik på Svalbard

Klimaendringane skaper moglegheiter for og forventningar om aktivitetsauke i nord. Eit varmare polhav vil bidra til at fiskeriaktivitetane flytter nordover. Mindre is vil på sikt òg kunne opne nye ruter for den internasjonale skipsfarten mellom aust og vest. I svalbardmeldinga er det framheva at Longyearbyen vil kunne få auka betydning mellom anna som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette vart forsterka gjennom Stortinget si behandling av meldinga.

Auka aktivitet og trafikk i Arktis krev eit styrkt redningssamarbeid mellom dei landa som har ansvar for søk og redning i arktiske farvatn. Noreg underteikna i 2011 ei avtale med Canada, Danmark, Finland, Island, Russland, Sverige og USA om samarbeid om søk og redning i samband med luft- og sjøfart i Arktis. Noregs ansvarsområde for søk og redning er blitt utvida slik at Noreg tek ansvar lenger aust mot russisk ansvarsområde, og nord for Svalbard opp til polpunktet. Det styrkte redningssamarbeidet er viktig for optimal utnytting av dei ressursane som finst i regionen og for å komme naudlidande til unnsetning så raskt som mogleg.

Av regjeringas melding til Stortinget om samfunnstryggleik (Meld. St. 29 (2011-2012)), går det dessutan fram at det er eit mål for regjeringa at befolkninga skal oppleve stor grad av tryggleik for liv, helse og viktige verdiar. Røynsle frå hendingar synleggjer òg behovet for å oppretthalde samfunnets grunnleggjande funksjonsevne når alvorlege hendingar inntreff.

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke å styrkje helikoptertenesta til Sysselmannen slik at Sysselmannen frå 2014 skal ha to likeverdige (store) helikopter (tilsvarande Super Puma-typen). Bakgrunnen for dette er både det utvida ansvarsområdet som følgjer av avtala nemnd over, og den auka betydninga Longyearbyen vil kunne få som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda. Dette vil bidra til å styrkje redningskapasiteten ved at utrykkingstida på reservehelikopteret som no er to timar i kontortida og 12 timar utanom denne, vert redusert til to timar heile døgnet. Vidare vil styrkinga auke tryggleiken for mannskapet. For å få tilfredsstillande hangarforhold for helikoptra frå 2014, må det byggast ein ny hangar. I revidert nasjonalbudsjett 2012 vart det løyvd 14 mill. kroner til grunnarbeid til hangaren. Regjeringa foreslår no at det løyvas ytterlegare midlar til bygging av ein ny hangar i 2013. Av omsyn til anbodskonkurransen er det ikkje ønskeleg å konkretisere beløpet.

Tenestefartøyet til Sysselmannen er òg ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Det er særs viktig at helikopter og båt kan samverke på ein god måte. Sysselmannens kontrakt om leige av tenestefartøy går ut i 2012. For 2013 er det allereie inngått ein ny kontrakt. Når dei nye helikoptra kjem på plass frå 2014, må det sikrast at desse kan lande på tenestefartøyet. Frå 2014 må det derfor leigast inn eit fartøy med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens nye helikopter. Sjå omtale i del II, kap. 6 Sysselmannens transportteneste.

Auka aktivitet i så vel farvatna rundt Svalbard som i nordområda generelt har følgjer for sjøtryggleiken på Svalbard, og gjev forvaltninga utfordringar som må møtast. Førebygging er sentralt i så måte, og av viktige tiltak som er treft dei siste åra, kan nemnast mellom anna innføring av hamne- og farvasslova for Svalbard.

Utgreiingar og vurderingar frå Det Norske Veritas og Kystverket har dessutan synt at innføring av losteneste og losplikt på Svalbard, vil redusere risiko for hendingar og miljøskade i moderat til stor grad og styrkje tryggleiken til sjøs. Ved Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2012, vart det difor vedteke å innføre ei statleg losteneste for all skipstrafikk i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet. 25. juni 2012 vart forskrift om losteneste på Svalbard fastsett av Fiskeri- og kystdepartementet. Forskrifta, som tredde i kraft 1. juli 2012, gjer loslova med tilknytte forskrifter gjeldande på Svalbard. Det er gjort enkelte tilpassingar i reglane ut frå lokale forhold på øygruppa, og det vil òg vere overgangsordningar med trinnvis innføring av losplikt for å gje berørde verksemder tid til å tilpasse seg til det nye regelverket.

I eigenskap av fylkesmann skal Sysselmannen i medhald av Instruks for samfunnssikkerhets- og beredskapsarbeidet til Fylkesmannen og Sysselmannen på Svalbard av 18. april 2008 samordne samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet, og ivareta rolla som pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. I eigenskap av både politimeister og fylkesmann har Sysselmannen på Svalbard ei særs sentral og viktig rolle, både for å førebyggje uønska hendingar og i å handtere oppståtte hendingar, både ikkje-planlagde som til dømes naturkatastrofar og planlagde hendingar som til dømes kriminalitet og terrorisme.

Sysselmannens risiko- og sårbarheitsanalyse for Svalbard frå 2009, dannar grunnlaget for ein gjennomgang og ajourføring av planar for krisehandtering og samarbeid og øvingar med andre aktørar om krisehandtering.

Longyearbyen lokalstyre har sidan det blei oppretta i 2002 utvikla seg i retning av å bli meir lik ein vanleg kommune. Det er difor no naturleg å påleggje dei beredskapsplikt på lik linje med kommunane på fastlandet. Regjeringa tar difor sikte på å innføre delar av sivilvernlova på Svalbard i løpet av hausten 2012.

Det er òg naudsynt med ei avklaring av om lokalstyret som planmynde eller Store Norske Spitsbergen Kulkompani som grunneigar har ansvar for rassikring i Longyearbyen. Justis- og beredskapsdepartementet har difor starta eit arbeid for å få til ei slik avklaring.

2.1.1 Samordne og koordinere regjeringas politikk for polarområda

For å nå hovudmåla i svalbardpolitikken og dei delmåla som er nemnde over, har styresmaktene eit sett av verkemiddel. Det interdepartementale polarutvalet er eit særs viktig organ for dei sentrale styresmaktene si koordinering og samordning av norsk polarpolitikk. Vidare er dei viktigaste verkemidla lovgiving, løyvingar over statsbudsjettet inkludert svalbardbudsjettet, Sysselmannen på Svalbard, som statens øvste representant på øygruppa og lokal forvaltning gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Det interdepartementale polarutvalet

Koordinering og oppfølging av politikkområda til fagdepartementa som gjeld Svalbard og polarområda elles, er viktig for å nå hovudmåla i polarpolitikken. Av instruksen for Det interdepartementale polarutvalet går det fram at det er justis- og beredskapsministeren som leier dette utvalet og difor har det overordna koordineringsansvaret for Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Dette reiser særskilde utfordringar som gjer det nødvendig å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Polarutvalet fungerer i denne samanhengen som eit verktøy for Justis- og beredskapsdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

Svalbardutvalet vart oppretta allereie i 1965. I 1971 vart ansvarsområdet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet.

Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng og Statsministerens kontor, Norsk Polarinstitutt og Sysselmannen på Svalbard. Utvalet har møter om lag ti gonger i året.

Plikta til å leggje fram saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken, saman med andre viktige saker for Polarutvalget, gjer at desse kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk polarpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagt fram for Polarutvalet, endrar ikkje vedkommande fagdepartements mynde til å treffe avgjerder eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartementet, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justis- og beredskapsdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for regjeringa.

Justis- og beredskapsdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for koordineringa av regjeringas politikk for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Utanriksdepartementet leiar den norske delegasjonen til desse møta, der mellom anna også Justis- og beredskapsdepartementet deltek.

Arktisk Råd

Arktisk Råd er det einaste sirkumpolare samarbeidsorganet som omfattar alle dei arktiske landa. Rådet blei etablert i 1996 og medlemmane deler på å ha formannskapet, med to år av gongen. Sverige har hatt formannskapet sidan hausten 2011. Noreg er ein pådrivar i arbeidet med å styrkje Arktisk Råd. Styrkinga skjer gjennom opptak av nye observatørar, etablering av eit eige sekretariat – som skal leggjast til Tromsø, og ved å handtere utfordringar som følgje av klimaendringane og mogligheitene for auka menneskeleg aktivitet i Arktis. Regjeringa arbeider for at Arktisk Råd møter desse utfordringane med sikte på å nytte moglegheitene på eit berekraftig vis. Rådet har dei siste åra utvikla seg frå eit reint drøftande organ til eit forum som òg tek initiativ til å forhandle fram juridisk bindande avtaler mellom medlemslanda i rådet. I 2011 vart det, etter initiativ frå Arktisk Råd, vedteke ei avtale mellom dei åtte arktiske landa om søk og redning i Arktis. Etter same modell forhandlar landa nå fram ei avtale om beredskap og respons for handtering av oljeforureining i dei arktiske farvatna. Dette har bidrege til å styrkje og sikre Arktisk Råd som den viktigaste internasjonale møteplassen for å forme ny politikk for handtering av utfordringar i Arktis. Utanriksdepartementet leiar den norske delegasjonen, der mellom anna også Justis- og beredskapsdepartementet deltek.

Lovgiving

Normaliseringa av samfunnsfunksjonane på Svalbard og dei stadig meir omfattande folkerettslege pliktene Noreg tek på seg reint generelt, har dei siste åra ført til eit aukande behov for å innføre nye lover og forskrifter for Svalbard. Lovgiving er dessutan eit viktig verkemiddel for å sikre ei fornuftig samfunnsutvikling på Svalbard innanfor rammene av dei overordna måla i svalbardpolitikken. Riksrevisjonen peika i sin forvaltningsrevisjon av Svalbard (Dokument nr. 3:8 (2006-2007)) på at Svalbard på nokre område synest å vere underregulert. Regjeringa har lagt vekt på dette, og drøfta difor lovgivingssituasjonen grundig i svalbardmeldinga. Det vart då slått fast at ny lovgiving for fastlandet skal innførast for Svalbard òg, med mindre særlege tilhøve taler mot dette. Det vart òg varsla ein gjennomgang av lovgivinga og rettstilhøvet på nokre særskilde felt, til dømes på det utlendingsrettslege feltet (sjå nedanfor).

Fleire sentrale lover er dei seinare år gjort gjeldane for Svalbard. Her kan nemnast hamne- og farvasslova og konkurranselova. Den seinaste lova som er vedteken innført er loslova (sjå eiga omtale under pkt. 2.1).

All ny lovgiving vert likevel ikkje gjort gjeldande for Svalbard heilt automatisk. Lovgivinga om privatrett, strafferett og om rettspleie gjeld på Svalbard når ikkje anna er fastsett, mens andre lovreglar (såkalla offentlegrettsleg lovgiving) ikkje gjeld utan når det er særskilt fastsett. Dette er slått fast i svalbardlova § 2. Gjennom behandlinga av svalbardmeldinga kom ein fram til at dette systemet skulle førast vidare, og utanrikskomiteen slutta seg til at dette er ei formålstenleg løysing, av di rammene for lokalsamfunnet er noko annleis enn for fastlandet. Det vert såleis gjort ei spesiell vurdering av tilhøvet til Svalbard ved innføring av lovgiving som er offentlegrettsleg, men då altså med det utgangspunktet at lover skal gjelde for Svalbard med mindre særlege grunnar talar i mot det.

På nokre rettsområde er det dessutan framleis naudsynt å vurdere særskilt i kva mon lovgivinga skal gjelde for Svalbard. Dette gjeld så vel allereie vedtekne lover og forskrifter som ny lovgiving. Her må ein vurdere ei rekkje tilhøve, mellom anna om det skal gjerast tilpassingar i høve til staden, og/eller om det er naudsynt med overgangsordningar. I det følgjande blir det nemnt nokre rettsområde der det er naudsynt med ei slik vurdering. Opplistinga her av lovgiving/regelverk som er vedteke eller under arbeid er likevel ikkje uttømmande, og det blir arbeidd med regelverk på fleire område. Eit døme på eit område som krev eiga vurdering er nærings- og selskapslovgivinga, der Finansdepartementet arbeider med å vurdere forskrifter om bruk av rekneskapslova og bokføringslova på Svalbard. Dei andre delane av lovgivinga på dette feltet, mellom anna aksjelova, revisorlova og lova om stiftelsar vil bli vurderte i etterkant av arbeidet.

Vidare er det slått fast at sjølv om Longyearbyen på fleire område liknar på eit lokalsamfunn på fastlandet, og det er eit mål at det òg skal vere eit robust familiesamfunn, skal det likevel ikkje vere eit livsløpsamfunn. Det offentlege tenestetilbodet innanfor helse- og sosialområdet er såleis avgrensa. Utlendingslova gjeld heller ikkje. I ei lovregulering av tenesteytinga innanfor t.d. helsesektoren, må det difor gjerast ei eiga vurdering av kva reglar som er naudsynte. Helse- og omsorgsdepartementet arbeider med dette, og tek sikte på å sende ut eit høyringsnotat i løpet av hausten 2012.

Vidare har Justis- og beredskapsdepartementet som ledd i oppfølginga av svalbardmeldinga, sett på enkelte rettsspørsmål som gjeld utlendingar som oppheld seg på Svalbard. Fleire endringar er allereie innførte. For det første er det opna for at utanlandske barn som går på vidaregåande skule i Longyearbyen og deltek i utvekslingsprogram, kan gå på vidaregåande skule i Troms på lik linje med norske barn. Vidare er det presisert i utlendingsforskrifta at langvarig opphald på Svalbard kan reknast med i vurderinga av om kravet til permanent opphaldsløyve er oppfylt. Departementet har òg vurdert om ein skal innføre fleire særreglar, men ser ikkje at det er behov for dette no. Det er t.d. vurdert om regelverket om permanent opphaldsløyve bør liberaliserast for utanlandsk ektefelle/særkullsbarn busett på Svalbard. Ein har likevel kome til at personar på Svalbard ikkje bør setjast i ei generell særstilling når det gjeld å få permanent opphaldsløyve i høve til personar som oppheld seg på fastlandet. Det er heller ikkje gjort andre endringar.

Direktoratet for tryggleik og beredskap har utarbeidd eit forslag til forskrift om beredskapsplikt for Longyearbyen lokalstyre som har vore på høyring. Forslaget er i tråd med det som gjeld for kommunane på fastlandet. Justis- og beredskapsdepartementet tek sikte på å fremje ein kgl. res. i løpet av hausten og at den skal setjast i verk raskt. Vidare er Direktoratet for tryggleik og beredskap i gang med å utgreie brannlovgivinga på Svalbard.

Målsetjinga om ein robust norsk busetnad på Svalbard inneber også utfordringar når det gjeld skattelovgivinga. Skattesystemet på Svalbard må tilpassast forholda på øygruppa og baserast på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår for investeringar og verksemd på Svalbard. Samtidig må løysingane innpassast i ei større internasjonal ramme, under omsyn til at økonomiske transaksjonar over landegrensene aukar sterkt i omfang. Dei siste åra er det gjennomført ei rekkje endringar i skattesystemet for Svalbard. Målet har vore at Svalbard framleis skal ha eit lågt skattenivå for å medverke til næringsaktivitet og busetnad på øygruppa, samstundes som det låge skattesystemet speglar at det offentlege tenestetilbodet er mindre på Svalbard. Det er òg gjort endringar for å få lik behandling av ulike grupper skatteytarar på Svalbard, og for å tilpasse skattereglane til så vel skattesystemet på fastlandet som til internasjonale rammevilkår.

Dei seinaste justeringane i skattereglane for Svalbard vart gjort med verknad frå og med inntektsåret 2012, og gjaldt skattlegging av investeringar og aktivitet utanfor Svalbard. Selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, skal no skattleggjast etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (28 pst.) for slike overskot. Målet med reglane er å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard vert utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa. For omtale av lovframlegget viser ein til Prop. 1 LS (2011-2012), Skatter, avgifter og toll 2012 kapitel 23 (Finansdepartementet).

2.1.2 Sikre ei god statleg forvaltning på Svalbard gjennom Sysselmannen

Sysselmannen på Svalbard er regjeringas øvste representant på øygruppa. Sysselmannen har rolle både som politimeister og fylkesmann, er ein av de viktigaste aktørane i det lokale forvaltningsapparatet på Svalbard og i forvaltninga av dei statlege interessene på øygruppa. I tillegg til å forvalte norsk svalbardpolitikk og ta vare på Noregs rettar og plikter etter Svalbardtraktaten, har Sysselmannen ei viktig rolle som premissleverandør for utforminga av svalbardpolitikken.

Konsekvent og effektiv handheving frå Sysselmannens side er eit viktig element i norsk forvaltning av øygruppa. Inspeksjon og oppsyn er sentrale verkemiddel for å kunne handheve regelverk der Sysselmannen er tillagt mynde, og slik utføre ei effektiv styresmaktutøving. Det er difor viktig at Sysselmannen utgjer ein handlekraftig organisasjon som evnar å vere til stades alle stader på øygruppa.

Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalestyresmakt, og miljøforvaltning på øygruppa.

Svalbard er i utstrekning Noregs største politidistrikt, og Sysselmannen har mynde på lik linje med ein politimeister på fastlandet. I denne eigenskapen er Sysselmannen òg leiar for den Lokale redningssentralen (LRS). Vidare har Sysselmannen i kraft av å vere fylkesmann det koordinerande ansvaret for samfunnsberedskapen på øygruppa. Sysselmannen utgjer òg ein viktig statleg ressurs for oljevernberedskapen. Bevaring av Svalbards særeigne villmarksnatur er eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Sysselmannen har ansvaret for den lokale miljø- og kulturminneforvaltinga for heile øygruppa og utøvar denne gjennom mellom anna svalbardmiljølova med forskrifter. I arbeidet med å utøve mynde, vere tilstades og halde beredskap i nordområda, er transporttenesta til Sysselmannen heilt avgjerande. Dette gjeld både helikoptertenesta og tenestefartøyet.

Det at både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon, mogleggjer ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Auke i turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø.

Sysselmannen er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. På fleire fagområde er han likevel underlagt andre departement. For nærare omtale av utfordringar på til dømes miljøvernområdet, sjå pkt. 4.1.

Befolkningsauken i Longyearbyen dei siste ti åra og ei utvikling der stadig fleire lover blir gjort gjeldande på øygruppa, har ført til auke i Sysselmannens oppgåver både i omfang og kompleksitet. Ikkje minst gjeld dette òg fordi interessa for Svalbard er sterkt aukande både frå nasjonalt og internasjonalt hald, frå politiske aktørar, næringsaktørar, forskingsmiljø og media. Regjeringa legg vekt på at Sysselmannen må utviklast vidare i rolla som regjeringas øvste representant på øygruppa og som premissleverandør for utforminga av norsk svalbardpolitikk. Stortinget slutta seg til dette gjennom si behandling av svalbardmeldinga, og understreka spesielt at rednings- og politiressursane til ei kvar tid må vere tilstrekkeleg dimensjonerte til å handheve Sysselmannens ansvar innafor desse områda.

Arbeidet med å reparere og oppgradere sysselmannsgarden vert sluttført i 2012. Garden er viktig som lokale for representasjon. Sysselmannens administrasjonsbygning har i fleire år hatt for liten kapasitet. Bygninga blei frå 2012 innlemma i den statlege husleigeordninga. Planlegging av ei utviding og tilpassing av bygninga med mellom anna å etablere eit betre stabsrom til bruk i krisesituasjonar, er sett i gang. Når bygninga no er innlemma i husleigeordninga, vil utvidinga kunne realiserast under den såkalla kurantordninga.

2.1.3 Leggje til rette for at lokaldemokratiet fungerer og at det framleis er eit robust lokalsamfunn i Longyearbyen

Å oppretthalde norske samfunn på øygruppa er eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Denne målsetjinga blir oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen. Longyearbyen lokalstyre (LL) har etter at det vart oppretta i 2002 blitt ein viktig medspelar for dei sentrale styresmaktene ved at dei innafor ramma av norsk svalbardpolitikk arbeider for ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet i Longyearbyen. Lokalstyret får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet mottek departementet innspel frå lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte med Justis- og beredskapsdepartementet. På desse møta blir mellom anna viktige budsjettspørsmål og aktuelle problemstillingar diskuterte. LL underrettar Justis- og beredskapsdepartementet om lokale utfordringar, mens departementet nyttar møta til å formidle statleg politikk og forventningar til lokalstyret. Justis- og beredskapsdepartementet ser ein stor verdi i denne dialogen. Som ei oppfølging etter svalbardmeldinga er det òg etablert eit fast årleg kontaktmøte mellom LL og Det interdepartementale polarutvalet.

Den vellykka satsinga på Svalbard, og Longyearbyen især, har òg hatt innverknad på tenestetilbodet i Longyearbyen som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Veksten i samfunnet har mellom anna skapt behov for fleire bustader og barnehage- og skuleplassar. For å medverke til at lokalstyret kan setje i verk naudsynte tiltak innafor skule- og barnehageområdet, vart budsjettet deira styrkt med i alt 2,7 mill. kroner frå og med 2010.

Solide og tilstrekkelege rammevilkår er ein viktig føresetnad for at LL skal kunne handtere noverande og ikkje minst framtidige oppgåver på ein god og effektiv måte.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa område på gardsnummer 22 bruksnummer 1 Longyeardal. Dette inneber mellom anna energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggjesaksbehandling, veg, vatn, avløp, renovasjon, kaiteneste, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, utvikling og samordning av samfunnstenester retta mot barn, ungdom og vaksne, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid, barnehagar og drift av skulen.

Longyearbyen lokalstyre har organisert verksemda si slik at strategiske oppgåver, utøving av mynde og overordna bestillarfunksjon blir tekne hand om i lokalstyrets eigen administrasjon. Sjølve driftsoppgåvene for samfunnet blir i hovudsak ivaretekne gjennom eigne «kommunale» føretak. I alt er tre slike føretak etablerte: Oppvekstforetak KF med ansvar for oppvekst, Kultur- og fritidsforetak KF med ansvar for kultur og fritid og Bydrift KF med ansvar for drift av teknisk infrastruktur.

Den norske busetnaden på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Det siste tiåret har det vore ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Etter ei lita utflating i reiselivsaktiviteten auka talet på gjestedøgn med 3,5 pst. i 2011.

Lokale aktørar har teke initiativ til å etablere eit næringsutviklingsselskap i Longyearbyen. Dette er eit positivt initiativ og vil kunne medverke i arbeidet med å etablere og utvikle ny kunnskapsbasert næringsaktivitet i Longyearbyen.

Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stort mon frå 1970-talet. Ein ser i aukande grad eit behov for ei oppgradering til det som er standard elles. Dette gjeld både vegar, bustader, røyrframføringar og liknande. Longyearbyen lokalstyre har kontinuerleg merksemd på korleis dette vedlikehaldsetterslepet kan handterast.

Klima- og forureiningsdirektoratet påla Longyearbyen lokalstyre som eig kraftverket eit reinsekrav frå juli 2012, som seinare vart forlenga til 2014. I budsjettet for 2012 vart det løyvd 14,6 mill. kroner til å starte bygging av reinseanlegget. For 2013 vert det føreslått å vidareføre løyvinga med ytterlegare 14,6 mill. kroner i investeringskostnader og 0,8 mill. kroner i driftskostnader. Reinseanlegget har ein estimert investeringskostnad på 73,1 mill. kroner og skal stå ferdig i 2014. På oppdrag frå lokalstyret er det òg utarbeidd rapportar om val av framtidig energikjelde.

Komiteen bad under si behandling av svalbardmeldinga regjeringa vurdere om ansvaret som grunneigar i Longyearbyen bør overførast frå Store Norske til andre. Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe under leiing av Nærings- og handelsdepartementet, for å gjere ein slik gjennomgang. Dette arbeidet er no i sluttfasen.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2013

Regjeringa ønskjer å bevare eit stabilt og robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen på Svalbard for å sikre norsk nærvær i nordområda. Mellom anna på bakgrunn av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard og behandlinga av denne, fekk Sysselmannen på Svalbard styrkt budsjettet i 2010 for betre å kunne møte dagens utfordringar og oppgåver. Sysselmannens driftsbudsjett vart styrkt med 3,4 mill. kroner, det vart sett av i alt 3,4 mill. kroner til reparasjon og rehabilitering av sysselmannsgarden og 0,5 mill. kroner til Sysselmannens transportkapittel. Auken gjorde at Sysselmannen kan utføre dagens oppgåver på ein god og effektiv måte og medverkar til å sikre ein god beredskap på øygruppa. Arbeidet med naudsynte reparasjonar og oppgraderingar av sysselmannsbustaden vert sluttført i 2012. I sum medverkar dette til å tydeleggjere den viktige rolla Sysselmannen har som regjeringas fremste representant på øygruppa.

Løyvinga til Longyearbyen lokalstyre blei òg styrkt i 2010, mellom anna for å møte auka utfordringar i skule- og barnehagesektoren.

Løyvingar til tiltak på Svalbard har i perioden 2006-2013 blitt auka med ca. 100 mill. kroner til følgjande tiltak:

  • I 2007 vart tilskotet til Svalbard auka med 20 mill. kroner til etablering av ei reservekraftløysing i Longyearbyen.

  • Frå 2008 er det innført eit nytt skattesystem som tilsvarer ein inntektsreduksjon og auka tilskot til Svalbard på 14 mill. kroner.

  • Rutinane for prisjustering av svalbardbudsjettet er lagt om. Dette har gitt ei styrking av tilskotet på 5,5 mill. kroner i perioden.

  • I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2009, jf. St.prp. nr. 67 (2008-2009) og Innst. S. nr. 355 (2008-2009), blei det løyvd 1 mill. kroner for å utbetre sysselmannsgarden som tener som bustad og representasjonslokale for Sysselmannen på Svalbard.

  • Svalbardbudsjettet vart i Revidert nasjonalbudsjett 2009 òg styrkt med 1,4 mill. kroner for å vidareføre feltinspektørtenesta i 2009.

  • Forutan styrkinga på 7,3 mill. kroner til Sysselmannen i 2010, som nemnt over, vart budsjettet til Longyearbyen lokalstyre styrkt med 2,7 mill. kroner for å møte utfordringane innan skule- og barnehagesektoren.

  • I 2011 vart svalbardbudsjettet auka med 18,1 mill. kroner, der ca. 14,5 mill. kroner av auken gjekk til Longyearbyen lokalstyre. Auken til lokalstyret bestod i all hovudsak av ei rammeoverføring frå Kunnskapsdepartementet på 11,2 mill. kroner i samband med at Longyearbyen lokalstyre fullt ut overtok det økonomiske ansvaret for barnehagedrifta. Samtidig vart ordninga med øyremerkte tilskot til barnehagane til kommunane avvikla.

  • I 2012 vart svalbardbudsjettet auka med om lag 15 mill. kroner i samband med bygging av avgassreinseanlegg ved Longyearbyen energiverk

  • Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Longyearbyen lokalstyre i 2013 med om lag 15 mill. koner for å halde fram arbeidet med å byggje eit avgassreinseanlegg ved Longyearbyen energiverk.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2013 er 317,3 mill. kroner. Dette er 23,8 mill. kroner eller 8,1 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2012. Utover kompensasjon for prisstigning på 8,2 mill. kroner består denne auken av vidare investering i samband med bygging av avgassreinseanlegg ved Longyearbyen energiverk på ytterlegare 14,6 mill. kroner og driftskostnader på 0,8 mill. kroner. Vidare er Longyearbyen lokalstyre tilført omlag 0,4 mill. kroner bl.a. i samband med ordninga med maksimalpris i barnehagar, omlegging av kontantstøtteordninga og innføring av valfag i ungdomsskulen.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2013 er stipulert til 145,7 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justis- og beredskapsdepartementets budsjett kap. 480 post 50 Tilskot. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Som det går fram av rekneskapstala for 2011 var inntektene dette året – som for 2009 og 2010 - unormalt høge. Dette har gitt eit positivt resultat som inneber at svalbardbudsjettet heller ikkje i 2011 mottok tilskot, men tilbakeførte midlar til statskassa. Endringar i reglane for skattlegging av bedrifter som blei vedtekne frå 2012, er venta å gje lågare skatteinntekter att.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2013 er rekna til 166 mill. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 52 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som mellom anna inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5) og Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20).

Over kap. 3 Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i pkt. 5 nedanfor. I del II finst det ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2013 er det foreslått løyvd netto om lag 536 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justis- og beredskapsdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2012 var om lag 390 mill. kroner.

4.1 Miljøverndepartementet

Sysselmannen har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal miljøvernstyresmakt på Svalbard. Det faglege styringsansvaret for Sysselmannens miljøvernoppgåver ligg hos Miljøverndepartementet. Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning, Klima- og forureiningsdirektoratet og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til Sysselmannens miljøvernarbeid.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 175 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 88 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Direktoratet for naturforvaltning, Statens kartverk og til forsking og overvaking mellom anna i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Driftsbudsjettet for Sysselmannen, inkludert miljøvernavdelinga, blir løyvd over svalbardbudsjettets kap. 5 Sysselmannen. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettets kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II.

Miljøverndepartementet styrkte òg Svalbardbudsjettet varig med ei rammeoverføring på 2 mill. kroner i 2012 til to stillingar i miljøvernavdelinga hos Sysselmannen.

Det viktigaste næringsgrunnlaget på Svalbard har tradisjonelt vore gruvedrift. Dei siste 20 åra har verksemder som forsking, undervisning og reiseliv vakse. Slik verksemd utgjer ein stor del av grunnlaget for busetjinga på Svalbard. Sjølv om folketal og aktivitet framleis er lite i høve til Svalbards areal, påverkar lokal verksemd miljøet både gjennom inngrep, forstyrringar og slitasje knytt til ferdsel, og i utslepp til vatn, luft og grunn. I løpet av dei siste 20 åra har områda der ein driv gruvedrift vorte utvida, og det har vore ein auke i talet på turistar og forskarar som vitjar Svarbard - og i ferdsel utanfor busetjingane.

Mens den lokale påverkinga er moderat og særleg knytt til områda kring busetjingane og gruveområda, blir miljøet på Svalbard påverka på meir gjennomgripande måte gjennom klimaendringar og tilførsel av forureining frå område lengre sør. Område som ligg langt mot nord opplever større klimaendringar gjennom høgre temperaturvekst og meir nedbør enn område lengre sør. Dette kan òg merkast på Svalbard. Målingar viser at temperaturen stig raskare her enn i resten av Noreg. Stigande temperatur, raskt minkande sjøis og meir nedbør vil føre med seg store endringar i økosystem og i livsvilkåra for arktiske arter. Dette gjeld særleg arter som har sjøisen som leveområde, slik som isbjørn og sel. Ein kan allereie sjå effektar av varmare klima og mindre is på utbreiinga av slike arter. På lengre sikt er det fare for at fleire av dei vil forsvinne frå svalbardområdet. Det er òg registrert temperaturendringar i permafrosten over store delar av Arktis dei siste åra, og på Svalbard kan ein sjå endringane tydeleg. Endringar i permafrosttemperatur og -tjukkleik på det aktive øvste jordlaget kan endre hydrologien og vilkåra for plante- og dyrelivet. Det kan òg skape vanskar for infrastrukturen i framtida.

Ei rekkje miljøgifter kjem òg langvegs frå med is- og havstraumar. Slike gifter blir konsentrerte opp gjennom dei arktiske næringskjedene, og finst i urovekkjande høge nivå hos arter som isbjørn, fjellrev og polarmåse.

Miljøvernarbeidet vil i 2013 ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard. Det vil bli lagt særleg vekt på å avgrense belastninga på Svalbards natur og kulturminne som følgje av ferdsel, for å sikre viktige leveområde for sårbare arter og verneområda sin kvalitet som referanseområde for forsking. Forvaltinga må ta omsyn til endringar i klima og tilførsel av forureining, og sikre at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor. Forvaltningsplanar for dei store verneområda vil framleis ha høg prioritet. Ein forvaltningsplan skal ta hand om verneformålet og samtidig leggje til rette for bruk som er i samsvar med dette formålet.

Eit utkast til forvaltningsplanar og medfølgjande forskriftsendringar for dei store naturreservata på Aust-Svalbard er på høyring, og førebuingane til arbeidet med slike planar for nasjonalparkane er òg starta opp. Det er òg behov for å sjå på betre tilrettelegging for ikkje-motorisert friluftsliv på Svalbard.

Miljøvernarbeidet vil òg ha merksemd på klimaendringane og deira betydning for forvaltninga av miljøet på Svalbard. Ein ser her truleg starten på nye omfattande miljøutfordringar, både som følgje av at arter får problem med å tilpasse seg klimaendringane, og som følgje av at nye hav- og kystområde blir isfrie og meir tilgjengelege for ferdsel og anna aktivitet. Det er òg ei utfordring å førebyggje introduksjon og spreiing av framande arter, og rydde opp i lokale forureiningar til luft, jord og vatn.

Det arbeidet som er starta opp med å utgreie Svalbard som eit mogeleg verdsarvområde, vil halde fram. Den strenge reguleringa av inngrep og barmarkskøyring som kan påverke våtmarksområda skal førast vidare. For Ramsar-områda på Svalbard skal det utarbeidast forvaltningsplanar som skal ta omsyn til våtmarker og artene som er knytte til desse områda.

Ein handlingsplan for isbjørn, som er særleg sårbar for effektane av klimaendringar vert ferdigstilt og arbeidet med å implementere handlingsplanen skal startast opp.

Overvakinga av dei effektane den aukande ferdsla har på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljø er styrkt dei siste åra. Samstundes er Svalbards rolle og betydning som internasjonal forskingsplattform styrkt, ikkje minst når det gjeld klima, gjennom Det internasjonale polaråret IPY, og initiativet «Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System» (SIOS). Det vil difor bli arbeidd for å leggje til rette for ei målretta forskingsverksemd og ei effektiv miljøovervaking på Svalbard som set myndigheitene i stand til å følgje og dokumentere spesielt klimautviklinga, og tilpasse miljøforvaltninga til endringar i klima og miljøforhold.

Oppfølginga av miljøvernoppgåvene representerer ei stadig større utfordring for Sysselmannen, og omfanget av søknader etter svalbardmiljølova har dei siste åra auka, først og fremst som ei følgje av meir forskingsaktivitet og turisme. Auka aktivitet og ferdsle på Svalbard gjer at det òg blir eit større behov for nye miljøverntiltak der Sysselmannen vil ha ei viktig rolle. Dette omfattar til dømes miljøverntiltak som sikrar verneområda. Det er òg naudsynt med tiltak for å avgrense lokal forureining, og vern av kulturminne i og utanfor busetjingane.

Kulturminneverdiane vert påverka av auka utbygging i busetjingane, ferdsel i terrenget og klimaendringar. Det er særleg behov for auka innsats i samband med dei industrielle kulturminna som til dømes dei freda taubane- og uteanlegga til gruvene i Longyearbyen og den gamle kraftstasjonen.

Kunnskap er ein føresetnad for god forvaltning av miljøet på Svalbard. Norsk Polarinstitutt gjennomfører omfattande forsking på Svalbard. I tillegg vil Framsenteret (FRAM - Nordområdesenter for klima- og miljøforsking) gjennom fleirfaglege og tverrfaglege forskingsprosjekt knytte til problemstillingar på Svalbard, bringe fram ny kunnskap for forvaltninga av øygruppa.

Svalbards miljøvernfond feira femårs jubileum i 2012, og har sidan oppstarten i 2007 gitt støtte til 240 prosjekt med ein samla sum på over 42 mill. kroner. Årleg fordeler fondet omlag åtte mill. kroner til miljøprosjekt, og private og offentlege verksemder, privatpersonar og organisasjonar kan søkje om støtte frå fondet. Fondsmidlane skal i hovudsak brukast til skjøtsel, vedlikehald, informasjons- og opplæringstiltak, prosjekt som skal undersøkje eller gjenopprette miljøtilstanden og prosjekt som skal ta vare på kulturminne. Fondet har to årlege rundar med tildeling.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er som nemnd underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Polarinstituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har eit kontor og logistikkverksemd i Forskingsparken i Longyearbyen. Kvart år har instituttet ei betydeleg ekspedisjonsverksemd på Svalbard både på land og i farvatna rundt øygruppa. Det er òg ei viktig oppgåve for Norsk Polarinstitutt å frambringe og leggje til rette for miljøfagleg kunnskap som grunnlag for vidare utvikling av verkemiddel og tiltak i miljøvernforvaltninga på Svalbard og for Sysselmannens fortløpande forvaltning og saksbehandling med omsyn til naturforvaltning.

Instituttet har styrkt forskings- og overvakingsverksemda si på Svalbard. Relevante område og tiltak som kan nemnast i denne samanhengen er innsatsen innanfor SEAPOP (kartlegging og overvaking av sjøfugl), etableringa av ICE (Ice, Climate and Ecosystem-senteret) som har styrkt klimaforskinga og -overvakinga, etablering av eit intensivt og ekstensivt program for vegetasjonsovervaking for Svalbard (i forhold til ferdsel og klima) og iverksetjing av styrkt bestandsovervaking av isbjørn og kvalross. Det har òg vore ein gjennomgang av overvakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ), og i den samanhengen er det gjort ei styrking og målretta prioritering av indikatorar som vil medverke til å gi grunnlag for vurdering av om miljøforvaltninga når måla sine.

For 2013 er om lag 88 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 17.

Norsk Polarinstitutt har nå fullført ny flyfotografering av Svalbard. Fotograferinga skal vere med på å gi oppdaterte digitale kart som mellom anna gjer redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg vil karta mogleggjere betre overvaking av brear, noko som vil vere eit betydeleg bidrag til norsk klimaforsking. Vidare er vegetasjonsovervakinga og overvakinga av isbjørnbestanden styrkt.

4.2 Nærings- og handelsdepartementet

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ein omtale av dei selskapa Nærings- og handelsdepartementet (NHD) har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. Ved utgangen av 2011 hadde SNSK-konsernet 370 tilsette. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta medverkar vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad på Svalbard.

Konsernet fekk i 2011 eit driftsresultat på 53,2 mill. kroner mot 311 mill. kroner i 2010. Det fekk eit årsresultat på 55,4 mill. kroner, mot 276,1 mill. kroner i 2010. SNSK produserte 1,4 mill. tonn kol i 2011 mot nær 2 mill. tonn i 2010. Selskapet tek sikte på eit produksjonsvolum på ca. 2 mill. tonn i åra framover.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortingets behandling av prosjektet i 2001, jf. St.prp. nr. 2 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Svea Nord-prosjektet og Innst. S. nr. 67 (2001-2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skulle drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. I Meld. St. 13 (2010-2011) Aktivt eierskap er målet med statens eigarskap i SNSK formulert slik: «Formålet med statens eierskap i Store Norske Spitsbergen Kulkompani er å bidra til at samfunnet i Longyearbyen opprettholdes og videreutvikles på en måte som understøtter de overordnede målene i norsk Svalbard-politikk. Selskapet skal drives etter bedriftsøkonomiske prinsipper og med sikte på en markedsmessig avkastning på investert kapital. Ut fra nasjonale hensyn mener regjeringen at det er viktig at staten fortsatt er den dominerende aksjonæren i Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Arbeidsplassene knyttet til kullgruvedriften har i mange år bidratt vesentlig til stabil, helårlig norsk aktivitet og bosetting på Svalbard. Regjeringen har et langsiktig perspektiv på statens eierskap og vil ikke redusere statens eierskap.»

Meldinga fekk Stortingets tilslutnad 9. juni 2011.

Det er lagt til grunn at gruvedrifta skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske prinsipp og uavhengig av statleg støtte. Samstundes skal selskapet gjennom sitt virke bidra til at samfunnet i Longyearbyen blir halde ved lag. Vidare er det lagt til grunn at tryggleik og omsyn til miljø har høgste prioritet i alle vurderingar knytte til gruvedrifta. Koldrifta er framleis den viktigaste berebjelken i Svalbardsamfunnet.

Styret i SNSK vedtok i september 2010 ein forretningsplan for kolgruve i Lunckefjell, og leverte same månad ein søknad til Sysselmannen på Svalbard om løyve til opning av kolgruve der. Miljøverndepartementet bestemte i desember 2010 at søknaden skulle avgjerast av departementet og ikkje av Sysselmannen. Miljøverndepartementet gav i desember 2011 SNSG løyve etter svalbardmiljølova til å opne kolgruve i Lunckefjell. Med bakgrunn i dei forretningsvise vurderingane meddelte Nærings- og handelsdepartementet same dag styret i SNSK at departementet ikkje ville motsetje seg selskapet sine planar for å opne kolgruve i Lunckefjell.

Over ein periode på fleire år har det vore gjennomført omfattande geologisk kartlegging i Svea-området. Resultatet av dette arbeidet har i følgje selskapet gitt god kunnskap om kolfelta i området. Lunckefjell si plassering gjer det til ein naturleg oppfølgjar etter Svea Nord-gruva. Fjellet er nær utslaget av Svea Nord-gruva og mogleggjer bruk av eksisterande infrastruktur i Svea. Oppstart i Lunckefjell er planlagt slik at det fell saman med avslutninga av Svea Nord-gruva.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 27,5 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2013.

Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvaret for infrastrukturen på staden. Pr. 31.12. 2011 var det engasjert 26 personar i Kings Bay AS. Selskapet skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. Selskapets driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar, og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. I all hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå ei rekkje land.

Investeringane som er gjort i Ny-Ålesund dei siste åra har resultert i at Ny-Ålesund i dag står fram som ein særs god og funksjonell base for internasjonal forsking og miljøovervaking. Ny-Ålesund har utvikla seg til å bli ein forskingsstasjon med ein framifrå miljøprofil og eit senter for internasjonal forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.

Det internasjonale aspektet er ein kvalitet ved Ny-Ålesund der forskarar frå mange land kan møtast og drive forsking i nært samarbeid. Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, sørkoreanske, kinesiske og indiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 land har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund. Det er òg planlagt ein ny tsjekkisk forskingsstasjon i Ny-Ålesund. I den samanheng er det foreslått å auke løyvinga til Kings Bay AS. For ytterlegare omtale, sjå Nærings- og handelsdepartementets Prop. 1 S (2012-2013).

Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet har vist seg å vere stor. Det er ei generell oppfatning at globale endringar i klimaet først vil kunne observerast i polarregionane på grunn av endringar i isforholda og fordeling av varme atlantiske og kalde arktiske vassmassar. Farvatna kring Kongsfjorden-Krossfjorden, der marinlaboratoriet ligg, er ein godt eigna stad for å drive slik forsking. Marinlaboratoriet er det nordlegaste i verda og strategisk plassert på randa av Polhavet. Den framtidsretta utforminga gjer at laboratoriet er funksjonelt for marin eksperimentell forsking på høgt nivå, og laboratoriet er ei viktig brikke i nasjonale og internasjonale marine forskingsnettverk.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

Det internasjonale symposiet i Ny-Ålesund som skulle arrangerast for sjette gongen i mai 2011, måtte avlysast grunna vulkanutbrotet på Island. Det vart arrangert eit nytt symposium i mai 2012. Ny-Ålesund-symposiet er eit forum der inviterte deltakarar frå styresmakter, forskarar, politikarar og næringsliv møtest for å drøfte økonomi, miljø, politikk og samfunn med utgangspunkt i eit Arktis i endring. Symposiet er eit årleg arrangement.

I samband med Stortingets behandling av St.meld. nr. 22 (2008-2009) Svalbard, blei Stortinget orientert om dei endra planane for nytt kraftverk i Ny-Ålesund. Av orienteringa går det fram at Nærings- og handelsdepartementet vil gjere ei ny vurdering av prosjektet, når selskapet har utarbeidd ein ny plan for etableringa av kraftstasjon. Stortinget vil etter det bli orientert på eigna måte, jf. Innst. S. nr. 336 (2008-2009).

Kraftstasjonen i Ny-Ålesund er den lokale verksemda som utgjer den største kjelda til forureining i Ny-Ålesund; først og fremst gjennom utsleppa av NOx, CO2 og partiklar. Ein energianalyse som Kings Bay har fått laga, syner at det viktigaste miljøtiltaket som kan gjerast i Ny-Ålesund no, er å gjennomføre ENØK-tiltak. Desse tiltaka vil kunne redusere energibruken til elektrisitet og fjernvarme med om lag 40 pst., noko som vil redusere dieselforbruk og miljøutsleppa NOx, CO2 og partiklar tilsvarande. Energianalysen tek føre seg både tiltak retta mot energibruken og mot framtidig energiproduksjon. Tiltak som er foreslått i analysen omfattar berre tiltak for å redusere energibruken. Å skifte ut 12 år gamle dieselgeneratorar med nye, meir moderne og meir effektive maskiner vil komme i ein seinare fase, når teknologien er tilfredstillande. Dei samla resterande kostnadene for å oppnå 40 pst. reduksjon i drivstoffbruk og tilhøyrande reduksjon i forureinande utslepp frå kraftstasjonen, er rekna å utgjere om lag 28,5 mill. kroner. Selskapet sitt normale investerings-, drifts- og vedlikehaldsbudsjett strekkjer ikkje til for å gjennomføre ENØK-tiltak i det tempo som internasjonale forskingsinstitusjonar ventar av ein spydspiss for arktisk miljøforsking. Å vidareutvikle staden som ein «grøn stasjon» vil krevje ei ekstra satsing på ENØK-tiltak.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

I samband med at den nye minerallova tredde i kraft 1. januar 2010, vart det bestemt at Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard skifta namn til Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard.

Direktoratet administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925 og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard, har Direktoratet ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal Direktoratet, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard gir utmål, råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagte gruver. For å sikre at drift, leiting og undersøking skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, mellom anna gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krava som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for Direktoratet: Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål i 2013:

  • sørgje for forsvarleg forvaltning av mineralressursar

  • redusere miljømessige konsekvensar av mineraluttak

  • sørgje for forsvarlege sikringstiltak og gjennomføring av tilsynsverksemd

  • styrkje kommunikasjon og brukarorientering

  • sørgje for forsvarleg og berekraftig forvalting av mineralressursar på Svalbard.

For 2013 vil Direktoratet prioritere saksbehandling og tilsyn. Direktoratet vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av Direktoratet under kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og handelsdepartementets Prop. S (2012-2013).

Svalbard Reiseliv AS

Svalbard Reiseliv AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS er å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for regjeringa og reiselivsnæringa. Svalbard Reiseliv AS organiserer mellom anna opplæring av Svalbard-guidar som skal leggje til rette for kvalitetsopplevingar tilpassa arktisk kultur og natur innan berekraftige rammer. For 2013 er det føreslått å løyve 2,1 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS.

I 2011 vart det registrert 88 785 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Dette er ein auke på 3,5 pst. samanlikna med året før då det vart registrert 82 831 gjestedøgn. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar.

Sesongsvingingane er ei sentral utfordring for reiselivet på Svalbard. Belegget på overnattingsstadane er høgt i høgsesongen rundt påske og i sommarmånadene, men i skulder- og lågsesongane er det eit stort uutnytta potensial. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsnæringa arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard utanfor høgsesongane.

Talet på yrkesreisande i 2011 viser ein svak nedgang frå 2010, mens kurs og konferansetrafikken viser ein auke. Ferie- og fritidssegmentet er stabilt. I regjeringas nye reiselivsstrategi «Destinasjon Norge» varslar ein framhalden stønad til Svalbard Reiseliv AS.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile føremål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Norsk Romsenter Eigedom AS og 50 pst. av Kongsberg Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. Det er ei rekkje antenner i bruk på SvalSat og det ligg føre planar om å byggje fleire. Både amerikanske og europeiske organisasjonar innan romfart og forsking (NASA og ESA) og vêrvarslinga (NOAA og EUMETSAT) nyttar antenner på SvalSat. Fleire asiatiske romorganisasjonar kjøper òg tenester frå stasjonen på Svalbard. Svalsat er òg bakkestasjon for den norske satellitten AISSAT-1. Denne vart skoten opp i juli 2010, og har gitt Kystvakta og Sysselmannen mykje betre informasjon om skipstrafikken i farvatna rundt Svalbard.

SvalSat er verdas mest kostnadseffektive nedlesingsstasjon for satellittar i polare baner. Det er etablert eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen, og dette nettet gjer det samtidig mogleg i samarbeid med Telenor å tilby generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer mellom anna verksemda ved SvalSat. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer innafor dei reglane som er sette i forskrifta.

Svalbard Rakettskytefelt

Andøya Rakettskytefelt A/S oppretta i 1997 Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Med ei lokalisering nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar. Den siste var i desember 2011. Neste oppskyting er planlagt november 2013.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårleg familiesamfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet.

UNIS har utvikla eit kvalitetssikringssystem som skal sikre at aktiviteten lever opp til krav sette av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). UNIS tilbyr forskings- og feltbasert undervisning og eit læringsmiljø prega av stor samhandling mellom student og tilsett, både i vitskapleg og administrativ stab.

Senteret har som mål å vere ein trygg og kjent samarbeidspartnar for både den einskilde studenten og dei norske universiteta og høgskulane. I 2011 tildelte Kunnskapsdepartementet 1 mill. kroner til Samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon (SAK) mellom UNIS og dei norske samarbeidspartnarane, og ei ny samarbeidsavtale mellom UNIS og dei åtte fastlandsuniversiteta vart signert. Ein handlingsplan for studieadministrative forhold er knytt til avtalen, og denne handlingsplanen skal avklarast og stadfestast i løpet av 2012. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og over halvparten av studentane er utanlandske.

UNIS skal utøve forsking og undervisning med minst mogleg negativ påverknad på miljøet. Svalbardmiljølova er ein premiss for all aktivitet, og UNIS arbeider for å avgrense miljøpåverknadene av verksemda.

Verksemda til selskapet medverkar til å styrkje aktiviteten i Longyearbyen, i tillegg til koldrift og turisme. Dei tilsette bur og verkar i Longyearbyen, hjelper til i utviklinga av både institusjonen og samfunnet og engasjerer seg i lokale lag, foreiningar og anna sosialt og kulturelt liv. Rekneskapen for 2011 viser at UNIS kjøpte 55 pst. av varer og tenester lokalt i Longyearbyen.

Relasjonane til russarane i Barentsburg blir utvikla gjennom god kontakt og auka fagleg samarbeid.

Senteret spelar òg ei sentral rolle i å føre vidare den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

UNIS vart gitt om lag 105 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2012. Regjeringa foreslår å løyve om lag 112 mill. kroner til UNIS i 2013 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Det omfattar midlar til vidareføring med opptak av nye kull for dei studieplassane som vart gitt i samband med statsbudsjettet for 2011.

Noregs forskingsråd

Kunnskapsdepartementet vil føre vidare svalbardsatsinga gjennom Noregs forskingsråd og satsinga vil venteleg bli om lag 40 mill. kroner i 2013. Ein stor del av dette er knytt til polarforskingsprogrammet som startar opp i 2013. Programmet har ei ramme på 40 mill. kroner årleg og skal prioritere svalbardrelevant forsking høgt. I tillegg tilrår regjeringa ei auka satsing på klimaforsking frå 2013, der ein del blir svalbardrelevant forsking på klimaet i Arktis. Av den tilrådde auken på 42 mill. kroner til klimaforsking i Forskingsrådet, er 25 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet.

Fleire program i Forskingsrådet løyver midler til polarforsking, der ein større eller mindre del skjer på Svalbard. Kunnskapsdepartementet gir løyvingar til fleire av desse. Det gjeld mellom anna NORKLIMA (Klimaendringar og konsekvensar for Noreg) der om lag 1/3 av midlane dekkjer polare problemstillingar, PETROMAKS (Utnytting av petroleumsressursane), Program for romforsking, Havet og kysten, Miljø 2015, Program for romforsking og Aust-Europa-programmet. Ei mindre satsing under Polaravtala mellom Forskingsrådet og US National Science Foundation, dekkjer reine arktiske tema. På same måten er det skipa ei mindre satsing for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland på Svalbard.

Svalbard Integrated Arctic Observing System (SIOS)

Det har vore arbeidd vidare med å utvikle Svalbard som plattform for internasjonal forsking. SIOS er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt for å opne og koordinere forskartilgangen til forskingsinfrastruktur som finst på Svalbard. Målet er å komplettere observasjonane som grunnlag for meir avanserte jordsystemmodellar og betre klimaprognosar. Gjennom betre samarbeid om utstyr og data og mindre duplisering av forsking, vil ein arbeide for at fotavtrykket i eit sårbart miljø ikkje blir større enn nødvendig. SIOS er eit prosjekt på det europeiske vegkartet for forskingsinfrastruktur ESFRI (European Strategy Forum on Research Infrastructure). Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Storbritannia, Frankrike, Italia, Spania, Nederland, Polen, Tsjekkia, Russland, Kina, Sør-Korea, Japan, India og USA er med i den førebuande fasen, som har fått 4 mill. EURO i støtte frå EUs 7. rammeprogram for forsking. Noregs forskingsråd koordinerer prosjektet.

EISCAT

EISCAT er ein vitskapeleg internasjonal organisasjon som driv fire store radaranlegg for atmosfæreforsking, mellom anna på nordlys og ozon. Desse er lokaliserte i Noreg, Sverige og Finland. Informasjonen som radarane gir er viktig for grunnforsking, navigasjon, satellittposisjonering, telesamband med meir. På oppdrag frå EISCAT er det Universitetet i Tromsø som driv dei norske anlegga som er i Tromsø og på Svalbard. Prosjektet, EISCAT-3D, som òg er på ESFRIs vegkart for europeisk forskingsinfrastruktur, arbeider med eit konsept for eit nytt oppgradert radarsamband, men da på fastlandet. Noregs forskingsråd dekkjer årleg kontingent til EISCAT på i underkant av 5 mill. kroner.

Rapport frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning.

For å følgje utviklinga i polarforskinga, og svalbardforskinga spesielt, har NIFU i 2012 publisert utgreiinga «Norsk polarforsking – forsking på Svalbard. Ressursinnsats og vitskapeleg publisering - indikatorar 2010. Rapport. 3/2012». NIFU har publisert tilsvarande rapportar frå 2001 og 2008. Rapporten syner at den internasjonale interessa for å drive forsking på Svalbard er aukande, men at Noreg framleis er den klart største aktøren. Etableringa av UNIS har bidrege vesentleg til dette. Nest etter Noreg hadde Polen og Tyskland størst forskingsaktivitet etterfølgd av Frankrike og Storbritannia. I alt har ti nasjonar eigne forskingsstasjonar på Svalbard og forskarar frå om lag tjue ulike nasjonar driv forsking på øygruppa. Norske svalbardforskarar har utstrakt internasjonalt samarbeid. Noreg har ei viktig rolle som tilretteleggjar og koordinator for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard. Kings Bay AS, Norsk Polarinstitutt, UNIS og Svalbard Sciene Forum (knytt til Noregs forskingsråd) har sentrale funksjonar i dette.

Grunnopplæringa

Regjeringa foreslår å løyve 68,4 mill. kroner til innføring av valfag på 9. trinn frå hausten 2013, jf. Prop. 1 S (2012-2013) for Kunnskapsdepartementet. Valfag er innført på 8. trinn frå hausten 2012 og det blir teke sikte på å utvide tilbodet til 9. og 10. trinn frå hausten 2013 og 2014. Regjeringa foreslår vidare å innføre ein veketime med kulturskuletilbod i skule/SFO-tid for 1. - 4. trinn frå hausten 2013, jf. Prop. 1 S (2012-2013) for Kunnskapsdepartementet.

Meteorologiske tenester

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over Meteorologisk institutts budsjett. Instituttet har òg flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn på oppdrag frå Avinor.

Barnehagar

Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Kongen har i medhald av § 25 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad for Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for drifta av barnehagane, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Fylkesmannen i Troms gjennomfører synfaring og tilsyn med Longyearbyen lokalstyre som barnehagestyresmakt. Sysselmannen på Svalbard skal involverast i tilsynet for å ta hand om dei særskilte utfordringane for Svalbard.

Midlar til drift av barnehagar på Svalbard er innlemma i svalbardbudsjettets kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre. Løyvinga er auka i samband med vidareføringa av ordninga med maksimalpris i barnehagar.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to formar for skattlegging; lønnstrekk og likning. Etter ordninga med lønnstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto løn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn løn og pensjon vert skattlagd ved likning, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar.

På Svalbard blir løn og pensjon skattlagd etter ein sats på 8 pst. opp til 12G, og med 22 pst. for inntekt over 12G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt som t.d. kapital- og næringsinntekt vert som utgangspunkt skattlagd med 16 pst.

Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og bygger på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår, jf. pkt. 2.1.1. Med dette som utgangspunkt er det gjort ei rekke endringar i skattesystemet for Svalbard dei seinare år.

Som nemnt tidlegare vart dei seinaste justeringane i skattereglane for Svalbard gjort med verknad frå og med inntektsåret 2012, og gjaldt skattlegging av investeringar og aktivitet utanfor Svalbard. Mellom anna for å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard vert utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa, skal selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, no skattleggjast etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (28 pst.) for slike overskot.

Svalbard skattekontor

Svalbard likningskontor vart etablert i Longyearbyen i september 1998. Likningsrådet for Svalbard, som vart oppretta i medhald av den tidlegare skattelova for Svalbard frå 1925, vart formelt avvikla i 1998. I samband med at skatteetaten frå 2008 vart organisert i fem regionar, skifta Svalbard likningskontor namn til Svalbard skattekontor. Likningsnemnda skifta namn til Svalbard skatteklagenemnd. Funksjonane som fylkesskattekontor og fylkesskattenemnd for Svalbard er lagt til Troms fylkesskattekontor og Troms fylkesskattenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard skattekontor.

I samband med etableringa av Svalbard miljøfond skal Svalbard skattekontor stå for det praktiske arbeidet med refusjonen av gebyret til fastbuande, sjå omtale under kap. 4.1.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal skattekontoret rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

Statistisk sentralbyrå

Utarbeiding av god statistikk er viktig for å kunne gi regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga i svalbardsamfunnet. Som eit ledd i dette innførde regjeringa 2007 mellom anna statistikklova for Svalbard. Statistisk sentralbyrå (SSB) har dei seinare åra prioritert ei styrking av svalbardstatistikken. SSB leiar no statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for svalbardstatistikk. Omfanget av offisiell svalbardstatistikk har dei siste åra auka betydeleg, og all ny statistikk blir publisert på ei eiga temaside (www.ssb.no/svalbard). Temasida blir oppdatert jamleg og brukarane får tilgang på eit breitt spekter av statistikk om svalbardsamfunnet frå denne sida. I juni 2010 vart det publisert ein ny rapport som tok føre seg levekåra for dei busette i Longyearbyen. Rapporten er tilgjengeleg frå temasida for Svalbard. Formidlinga av svalbardstatistikken er òg styrkt ved opprettinga av publikasjonen «Dette er Svalbard».

4.5 Samferdselsdepartementet

Telenor ASA tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Tidlegare gjekk teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa via satellittsamband. Frå januar 2004 har Svalbard fått samband med fastlandet via fiberkabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet vil òg kunne nytte kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har teke initiativ til og eig kabelen, mens Telenor er gitt ansvaret for drifta. I revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart det løyvd 60 mill. kroner til ein ny fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen. Kabelen skal auke kapasiteten på overføring av forskingsdata frå Ny-Ålesund til fastlandet og vidare til andre land. Ein slik auke vil gjere Svalbard meir attraktiv som eit senter for internasjonal forskning.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Som for resten av dei bedriftsøkonomisk ulønsame lufthamnene Avinor driv, blir underskotet dekt inn ved hjelp av overskot frå dei større, lønsame lufthamnene.

4.6 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barnevernstenesta sine oppgåver etter barnevernslova vert utførte av Longyearbyen lokalstyre for Longyearbyen planområde, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2.

Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barnevernstenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernslova § 2-3 tredje ledd.

I 2011 dekte departementet utgifter i samband med barn som mottok tiltak frå barnevernet i samsvar med forskrift om barnevernstenesta på Svalbard. Utgiftene er refunderte Longyearbyen lokalstyre via Fylkesmannen i Troms. Utgiftene var i 2011 på 0,2 mill. kroner og er i 2013 budsjetterte til 0,6 mill. kroner.

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2011 utbetalt barnetrygd til om lag 440 barn busette på Svalbard. I 2013 er det venta at 7 mill. kroner vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard, av desse er 1,6 mill. kroner svalbardtillegg, over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2013 ikkje budsjettert med utgifter til kontantstøtte på Svalbard over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse Nord RHF har gjennom Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF (UNN) ansvar for dei offentlege helsetenestene på Svalbard. Dette inneber at UNN, avdeling Longyearbyen sjukehus, skal syte for naudsynte helsetenester til dei norske busetnadene på øygruppa. Det vert òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som ferdast på øygruppa og havområda omkring. Den russiske busetnaden i Barentsburg har si eiga helseteneste.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling, og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Longyearbyen yter òg tenester som kan samanliknast med primærhelsetenesta på fastlandet, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helsesøsterteneste, fysioterapiteneste og tannlegeteneste. Sjukehuset har tilbod om bedriftshelseteneste og optikarteneste. Det blir òg ytt tenester innafor barne- og ungdomspsykiatri. Sjukehuset har ei avgrensa veterinærteneste.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk naudmeldeteneste, omgåande hjelp, ambulanseteneste, redning utanfor veg i samarbeid med frivillige, redningshelikopterteneste organisert via og i samarbeid med Sysselmannen og flyambulanse til fastlandet. Sjukehuset har eit utstrekt samarbeid med Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) HF om mellom anna videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE) som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand mellom Longyearbyen sjukehus og UNN.

Helse Nord RHF har avgjort å auke vaktberedskapen ved Longyearbyen sjukehus til å kunne behandle to hendingar samstundes. Helsedirektoratet har utplassert ein såkalla NIRHOSP-eining (The Norwegian Mobile Hospital and Disaster Unit) på øya for å styrkje beredskapen. Den alminnelege helselovgivinga gjeld i lita mon på Svalbard. Helse- og omsorgsdepartementet arbeider med å gå gjennom helselovgivinga og vurdere om delar av den skal gjerast gjeldande på Svalbard. Departementet tek sikte på å fremje eit høyringsnotat i løpet av 2012.

4.8 Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard.

Alle dei som ønskjer det, skal ha tilgang til Svalbard kyrkje. Registrerte gjester i 2011 var 14 453, og av desse deltok 6 433 i kyrkjelege handlingar. Dette er ein nedgang frå 2010, men det er vanskeleg å få eit eksakt tal på besøkande, noko som skuldast at kyrkja er kontinuerleg døgnopen året rundt. Talet på uregistrerte besøkande er difor betydeleg.

I Longyearbyen er meir enn 30 nasjonar representerte i befolkninga eller som studentar ved UNIS. Den polske forskarstasjonen i Hornsund får betening frå katolsk prest, med tilrettelegging frå Svalbard kyrkje. Det er ei målsetjing at busetjinga i Barentsburg skal få tenester av den russisk-ortodokse kyrkja. Dette har vore vanskeleg å få til i 2011. Likevel besøker soknepresten i Svalbard kyrkje Barentsburg ved ulike høve. Kyrkja på Svalbard utfører tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg, i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av prest og kateket. Talet på gudstenestedeltakarar har dei siste åra vore på gjennomsnittleg om lag 60 personar pr. gudsteneste. Samla tal for 2011 var 2 903 personar som deltok i gudstenester. 13 barn vart døypte i 2011 og kyrkja hadde 16 konfirmantar våren 2011.

Peisestova i kyrkja vert driven av hushaldsstyraren og er ein samlingsstad for kyrkja sitt arbeid for busetnaden, gjester og turistar. Peisestova er òg senter for pårørande ved ulykker og katastrofar. Kultur er eit av Svalbard kyrkje sine satsingsområde. Kyrkja har babysong, barnegospelkor, konfirmantarbeid og speidargruppe som del av planen for trusopplæring. Vern av klima og miljø er naturlege tema innanfor trusopplæringa. Svalbard kyrkje hadde 21 ulike konsertar og temamøte i løpet av 2011.

I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

Ein viser elles til dei målformuleringane som er sette for Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2012-2013) frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Bygg og eigedomar

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedomane i Longyearbyen. Svalbardbudsjettet dekkjer post- og bankbygget, nokre lagerbygg, Statsbygg sitt administrasjonsbygg og 87 bustader. Dei andre eigedomane som er Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmannens administrasjonsbygning, og Svalbard kyrkje er innlemma i den statlege husleigeordninga med løyving over statsbudsjettet kap. 2445 under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Det same gjeld dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutts forskingsbygning (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund.

4.9 Kulturdepartementet

På Kulturdepartementets budsjett for 2013 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det blir over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd, ytt tilskot til kulturtiltak på Svalbard. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre. Storleiken på tilskotet blir fastsett av Norsk Kulturåd på eit seinare tidspunkt.

Vidare blir det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot til bibliotekteneste på Svalbard i 2013. Storleiken på tilskotet fastsetjas av Nasjonalbiblioteket på eit seinare tidspunkt. Longyearbyen lokalstyre, Kultur- og fritidsføretaket, har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Svalbard museum får i statsbudsjettet for 2013 ei løyving på 1,6 mill. kroner over Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsverket. Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er innlemma i det nasjonale museumsverket.

Svalbardposten mottek pressestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før i oktober same året. Svalbardposten fekk 431 322 kroner i produksjonstilskot i 2011. Tilskotet for 2012 vil venteleg bli om lag det same.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2013

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2011, vedteke budsjett for 2012 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2013. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Utgifter

273 280

293 515

317 290

Inntekter

802 579

172 800

171 552

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

0001

Svalbard kyrkje

3 800

4 100

4 215

2,8

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

835

960

960

0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

108 176

126 681

146 063

15,3

0004

Tilskot til Svalbard Museum

5 825

10 200

10 484

2,8

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

37 904

34 844

35 813

2,8

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

77 499

78 500

84 500

7,6

0007

Tilfeldige utgifter

4 100

4 000

2 500

-37,5

0009

Kulturminnetiltak

2 189

2 162

2 220

2,7

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 313

1 460

1 500

2,7

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

2 950

3 040

3 125

2,8

0018

Navigasjonsinnretningar

3 675

3 756

3 860

2,8

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

6 092

6 200

6 300

1,6

0020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

16 102

14 682

12 700

-13,4

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard

2 820

2 930

3 050

4,1

Sum kategori 06.80

273 280

293 515

317 290

8,1

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

01-23

Driftsutgifter

152 483

148 314

155 158

4,6

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

3 011

4 100

1 500

-63,4

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

2 950

3 040

3 125

2,8

70-89

Overføringar til private

114 836

137 861

157 507

14,3

Sum under departementet

273 280

293 515

317 290

8,1

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2011

Saldert budsjett 2012

Forslag 2013

Pst. endr. 12/13

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

6 837

200

200

0

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1 682

900

500

-44,4

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

4 758

3 600

4 820

33,8

3030

Skattar og avgifter

802 579

168 100

166 032

-1,2

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

-543 563

120 715

145 738

20,6

Sum kategori 06.80

272 293

293 515

317 290

8,1

Til forsida