Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 110 S (2010–2011)

Investeringar i Forsvaret

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp fire nye investeringsprosjekt, om endring av eit tidlegare godkjend prosjekt og å orientere Stortinget om nokre andre prosjekt og tiltak.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er budsjettproposisjonen. Denne proposisjonen er såleis eit tillegg til budsjettproposisjonen.

1.1 Innehald

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for to nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kapittel 1710, post 47): Nye stasjonar til grensevakta i Sør-Varanger og Nye befalsforlegningar og fritidsmesse på Jørstadmoen.

  • Godkjenning av kostnadsramme for to nye materiellprosjekt (kapittel 1760, post 45): Framskaffing av fire F-35 kampfly til treningsformål og Utvikling av Joint Strike Missile, trinn 2.

  • Godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme for tidlegare vedtekne materiellprosjekt (kapittel 1760, post 45): Logistikkprosjektet i LOS-programmet.

  • Informasjonssaker: Regionfelt Østlandet, Energiøkonomisering, Forskingsfarty, Nasjonalt kompetansesenter for helikopter, Vidareutvikling av Luftforsvaret sin hovudverkstad på Kjeller og Vern av toppskyttar på pansra køyrety av typen Iveco.

Til toppen
Til forsida av dokumentet