Prop. 16 L (2010–2011)

Endringar i folketrygdlova og enkelte andre lover (samleproposisjon hausten 2010)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeidsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i:

  • lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)

  • lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester (arbeidsmarknadslova)

  • lov 18. desember 2009 nr. 131 om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen

I proposisjonen blir desse endringane foreslått på bakgrunn av budsjettforslag for 2011 og innføringa av ny alderspensjon:

  • endre kvalifikasjonsgrunnlaget for dagpengar slik at svangerskapsrelaterte sjukepengar, svangerskapspengar og foreldrepengar blir tekne med i kvalifikasjonsgrunnlaget (punkt 2)

  • oppheve særreglane for dagpengemottakarar over 64 år (punkt 3)

  • fjerne samordning av dagpengar og arbeidsavklaringspengar mot alderspensjon og ny AFP i privat sektor (punkt 4)

  • avklaring av forholdet mellom alderspensjon, AFP og sjukepengar, slik at arbeid ved sida av fleksibel alderspensjon og ny AFP i privat sektor gir rett til sjukepengar etter vanlege reglar, mens AFP som blir sett ned i forhold til arbeidsinntekt eller arbeidstid berre gir rett til sjukepengar ved uttak av delpensjon (punkt 5)

I tillegg blir det foreslått nokre mindre endringar i moglegheita til å få arbeidsavklaringspengar under sjukdom når ein ikkje får aktiv behandling m.m. (punkt 6).

Det blir også foreslått enkelte lovtekniske justeringar, presiseringar og opprettingar i folketrygdlova, arbeidsmarknadslova og lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga (punkt 7 – 16).

Regjeringa vil komme tilbake til forslaget om å krevje inntektsbortfall for rett til arbeidsavklaringspengar og uførepensjon etter fylte 62 år som er nemnd i Prop. S 1 (2010-2011).

Til forsida av dokumentet