Prop. 198 L (2012–2013)

Endringar i forskotteringsloven, folketrygdloven og arbeidsmiljøloven (samleproposisjon hausten 2013)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Arbeidsdepartementet legg med dette fram forslag til endringar i:

  • Lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven)

  • Lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)

  • Lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljøloven)

Endringane i forskotteringslova har samband med budsjettframlegget for 2014 og inneber at forskottet vert auka for mottakarar med inntekt under 235 101 kroner og med barn som har fylt 11 år. Tillegget skal svare til ein tredel av normalsatsen for forskott for kvart slikt barn, dvs. 4 240 kroner per år (satsane frå 1. juli 2013). Det vert også foreslått ei presisering av inntektsgrensa for bortfall av forskott og reglane om forskott til barn som bur for seg sjølve. Sjå punkt 2.

Endringane i folketrygdlova gjeld:

  • Presisering av at norske statsborgarar som er tilsette i ein internasjonal organisasjon i Noreg ikkje skal vere med i folketrygda når grunnlaget for dette følgjer av ein folkerettsleg overeinskomst som gjeld for Noreg. Slikt grunnlag vil særleg vere at dei har immunitet med omsyn til trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift til folketrygda. Sjå punkt 3.

  • Oppheving av ordninga med brukarkontaktar for einsleg mor eller far. Etter at Arbeids- og velferdsetaten blei oppretta er det ikkje lenger bruk for slike brukarkontaktar, og ordninga vert difor oppheva. Sjå punkt 4.

  • Som følgje av omlegging av skattereglane for overgangsstønaden, vert nivået på stønaden auka til 2,36 gongar grunnbeløpet, på same tid som reglane om avkorting av overgangsstønaden endrast slik at stønaden vert redusert med 47,2 prosent av inntekt over halvparten av grunnbeløpet. Sjå punkt 5.

Endringa i arbeidsmiljølova inneber oppheving av plikta for arbeidsgjevar til å sende inn melding til det lokale arbeidstilsynet når arbeidsmiljøutval er oppretta. Det er få verksemder som følgjer opp denne plikta, og Arbeidstilsynet gjer heller ikkje bruk av desse opplysningane når dei vert innmeldte. Den ordinære tilsynsverksemda er nok. Sjå punkt 6.

Til forsida