Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 33 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Føremål og hovudoversikt

1.1 Føremål

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2010. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2010 vart utarbeidd.

På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, vert såleis handsama samla og formalisert på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg.

Omgrupperingsproposisjonen for 2010 tek føre seg budsjettekniske endringar. I tillegg vert lønnskompensasjonen for 2010 og meirinntekter for 2010 foreslått formalisert samt at regjeringa foreslår ei tilleggsløyving. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 512,628 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke einskilde bestillingsfullmakter.

1.2 Tilleggsløyvingar

Etableringa av den særskilte kompensasjonsordninga for psykiske belastingsskadar som følgje av deltaking i utanlandsoperasjonar, innebar ei tildeling i forsvarsbudsjettet for 2010 på 50 mill. kroner for å dekkje utgiftene knytte til ordninga. Røynslene med ordninga så langt har synt at både omfanget av utgiftene, og periodiseringa av desse, er blitt annleis enn det ein tidlegare la til grunn med tanke på samla kompensasjon, jf. handsaminga i Stortinget av Innst. O. nr. 113 (2008–2009) til Ot.prp. nr. 67 (2008–2009). Totalkostnadene som vart omtala i Ot.prp. nr. 67 (2008–2009) var som presisert eit anslag. Regjeringa informerte om dette i Prop. 1 S (2009-2010) og dei endelege utgiftene knytte til erstatningsordninga vil først kunne bli fastsett når alle krava er behandla. På denne bakgrunnen gjer regjeringa framlegg om ein auke i løyvinga for 2010 med 100 mill. kroner for å dekkje dei utgiftene som vert knytte til ordninga.

1.3 Grunnlaget for omgrupperinga

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er saldert budsjett for 2010, midlar ført over frå 2009 og dei seinare endringane gjort av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønnskompensasjonen for 2010 (328,114 mill. kroner).

Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2010, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Saldert budsjett 2010

34 930 906

Innst. 189 S (2009–2010) til Prop. 69 S (2009–2010) – Norske styrkebidrag til Afghanistan og utgifter i 2010

188 000

Innst. 350 S (2009–2010) til Prop. 69 S (2009–2010) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010 (RNB)

149 795

Innst. 372 S (2009–2010) til Prop. 144 S (2009–2010) Endringar i ”Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne vernepliktige mannskap” (”soldatproposisjonen”)

15 514

Budsjettmessige verknader av lønnsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2010

328 114

= Faktisk løyving før omgruppering

35 612 329

+ Midlar ført over frå 2009

997 294

= Disponible midlar i 2010 før omgrupperinga

36 609 623

Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2010, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Saldert budsjett 2010

1 225 610

Innst. 350 S (2009–2010) til Prop. 69 S (2009–2010) – Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010 (RNB)

18 095

= Løyvingar før omgruppering

1 243 705

1.3.2 Inntekter i 2010

I høve til saldert budsjett for 2010, med dei seinare endringane gjort av Stortinget, er det ei meirinntekt på 412,628 mill. kroner som vert foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2009–2010) under romartalsvedtak II.

Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida

412 628

+ Tilleggsløyvingar

100 000

= Sum behov ved omgrupperinga

512 628

+ Løyvingar før omgrupperinga

35 612 329

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

36 124 957

+ Midlar ført over frå 2009

997 294

= Samla disponible midlar i 2010 etter omgrupperinga

37 122 251

Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyvingar før omgrupperinga

1 243 705

Meirinntekter

412 628

= Løyvingar etter omgrupperinga

1 656 333

Regjeringa foreslår på denne bakgrunn, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 512,628 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 412,628 mill. kroner.

1.3.3 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inkludert fordeling av meirinntekter.

Postfordeling utgifter

(i 1 000 kroner)

Post

Føremål

Mindreutg.-/Meirutg.+

01

Driftsutgifter

586 590

21

Spesielle driftsutgifter

999

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

-14 500

44

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del

-27 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

-83 000

72

Overføringar til andre

239

73

Forsking og utvikling

-700

75

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik

50 000

Sum

512 628

1.3.4 Inntekter

Postfordeling inntekter

(i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreinnt. -/Meirinnt.+

01

Driftsinntekter

422 328

45

Store nyskaffingar

50 300

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del

-60 000

Sum

412 628

Til toppen
Til forsida av dokumentet