Prop. 96 L (2010–2011)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (politiattest m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Denne proposisjonen inneheld forslag til endringar i Lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) og i Lov 4. juli 2003 om private skolar med rett til statstilskott (privatskolelova).

Det blir foreslått desse endringane:

  • I opplæringslova og privatskolelova: Justere reglane om politiattest i samsvar med ny politiregisterlov og innføre føresegner om politiattest for skoleliknande aktivitetstilbod som t.d. sommarskolar.

  • I opplæringslova: Lovfeste heimel slik at fylkeskommunen etter søknad, kan få løyve til at dei står ansvarleg for norsk vidaregåande opplæring i utlandet som har til formål at elevane skal få norsk vitnemål.

  • I privatskolelova: Lovfeste rett til utvida opplæringstid for elevar med spesialundervisning eller særskild språkundervisning i private vidaregåande skolar.

  • I opplæringslova: Oppdatere tilsynsføresegna i samsvar med ny struktur for tilsynsordning, jf. Meld. St. 7 (2009–2010) Gjennomgang av særlovshjemler for statlig tilsyn med kommunene og kommunelova.

  • I opplæringslova: Teknisk endring i § 1-2 andre ledd.

Bakgrunnen for forslaga er nærmare utdjupa i omtalen av kvar av dei.

Departementet tek sikte på at lovendringane blir sette i verk 1. august 2011.

Til forsida av dokumentet