Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 12 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Føremål og hovudoversikt

1.1 Føremål

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2017. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2017 blei vedtatt.

På grunn av den komplekse samansettinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å legge til rette for god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama, samla og formaliserte på rett måte. Regjeringa er opptatt av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som at kravet om realistisk budsjettering blir handsama.

Omgrupperingsproposisjonen for 2017 tek føre seg naudsynte budsjettekniske endringar. I tillegg kjem forslag om meirinntekter for 2017 og tilbakelevering av midlar til statskassa. Totalt utgjer omgrupperinga for 2017 ei auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 103,357 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke ei bestillingsfullmakt samt å godkjenne eit nytt prosjekt med ei investeringsfullmakt.

1.2 Tilbakelevering av midlar til statskassa

Kjøp av nye kampfly

Det er knytte investeringsprosjekt i eigedom, bygg og anlegg til kjøp av nye kampfly. Grunna endringar i framdrifta ved utbygginga på Ørland foreslår Forsvarsdepartementet ei tilbakeføring av midlertidig styrking som blei gitt i budsjettet for 2017. Endringane gjeld primært justeringar i framdriftsplanane for hangaretableringa, og det planleggast nå å bygge hangarane i fase med at flya kjem til Noreg. Denne endringa i framdriftsplanen er nødvendig av tryggingsmessige grunnar, samt ei ny vurdering av tidspunkta for når dei enkelte fasilitetane må være ferdige. Ved å forskyve den midlertidige styrkinga, oppnår Forsvarsdepartementet ein utbetalingsplan som kjem i fase med utbyggingstakta. Forsvarsdepartementet ønsker ein ryddig prosess knytte til bruken av dei midlertidige styrkingane og vurderer tilbakeføringa som den beste løysinga. Det understrekast at endringar i framdrifta ved utbygginga på Ørland medfører at behov for desse midlane vil oppstå på eit seinare tidspunkt. Forsvarsdepartementet ønsker å disponera den midlertidige styrkinga etter 2019.

Det er på denne bakgrunnen foreslått at forsvarsramma på kap. 1761, post 47, blir redusert med 368,800 mill. kroner i 2017.

Den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskadar som følge av deltaking i operasjonar i utlandet

Statens pensjonskasse (SPK) forvaltar den særskilte kompensasjonsordninga for veteranar med psykiske belastningsskadar som følge av deltaking i operasjonar i utlandet. Basert på ei analyse av historiske data for kompensasjonsordninga og ein kvalitativ vurdering av saksportefølja, forventar SPK at utbetalingane for 2017 vil kome på om lag 55,000 mill. kroner. Dette beløpet er monaleg lågare enn det som er disponibelt på posten for 2017, og Forsvarsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på posten.

Det er på denne bakgrunnen foreslått at forsvarsramma på 1700, post 21, blir redusert med 100,000 mill. kroner i 2017.

1.3 Materiellprosjekt til godkjenning

Nytt artillerisystem til Hæren

Bakgrunn

Hæren sitt eksisterande artillerisystem av typen M109G blei skaffa på slutten av 1960-talet. Skytsa er vedlikehaldskrevjande, lite fleksible og mindre effektive grunna mellom anna kort rekkevidde. Det er undervegs gjort mindre oppgraderingar for å halde kapasiteten operativ, samstundes som det er gjennomført ei avgrensa levetidsforlenging. Utan ei fornying av artillerisystema no, vil kapasiteten innan få år bli svekka. Det er såleis behov for å skaffe eit moderne, effektivt artillerisystem til erstatning for det aldrande systemet.

Tidlegare prosess

Allereie ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 370 (2008–2009) til St.prp. nr. 70 (2008–2009), blei det vedteke å skaffe 24 sjølvdrivne artilleriskyts med system for ammunisjonshandtering, logistikk og ei viss mengd ammunisjon. Dei nye skytsa skulle erstatte M109-skytsa, og anskaffinga blei planlagd gjennomførd i samarbeid med Sverige. Leveransane skulle ha blitt avslutta i 2013. Grunna mellom anna store forseinkingar og tekniske utfordringar vedtok regjeringa i desember 2013 å terminere kontrakten med den svenske leverandøren. I etterkant av denne avgjersla blei det sett i gong eit nytt prosjekt for å skaffa eit anna artillerisystem.

Om prosjektet

Prosjektet skal skaffe 24 artilleriskyts med tilhøyrande ammunisjonskøyretøy, punktmålsammunisjon, røykammunisjon, materiell for utdanning og logistikk. Leveringa er planlagt å finne stad innan 2024.

Det nye systemet må ha evne til å levere eldstøtte på avstandar over 40 km, og kunne gje støtte til operasjonar nasjonalt og internasjonalt, på ein effektiv og sikker måte ved at systemet si operative tilgjengelegheit blir auka samanlikna med det eksisterande systemet.

Anskaffinga av det nye systemet har vore underlagt konkurranse mellom fleire leverandørar. Basert på innkomne tilbod blei det gjennomførd omfattande vintertesting av skyts frå fire forskjellige leverandørar i 2016. Det er no gjennomført kontraktforhandlingar, og ei tilråding om val av leverandør er mottatt i Forsvarsdepartementet.

Vidareutvikling av Hæren

Regjeringa har nyleg lagd fram Prop. 2 S (2017–2018) – Vidareutviklinga av Hæren og Heimevernet. I proposisjonen er det vist til at røyrartilleri er ein viktig kapasitet for landmakta uavhengig av konseptuell innretting, og at regjeringa vil kome attende til Stortinget med ei sak om kjøp av nytt artilleri i haustsesjonen 2017.

Avtale om industrisamarbeid

I samband med kjøpet vil det bli stilt krav om at det blir inngått ei avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan hovudkontrakten blir signert. Avtala om industrisamarbeid skal minst ha ein tilsvarande verdi og kvalitet som hovudkontrakten. Forsvarsdepartementet vil følge nøye opp at avtala blir oppfylt.

Ekstern kvalitetssikring

Det er gjennomførd ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma. Forsvarsdepartementet vil følge opp dei usikkerheitsreduserande tiltaka som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd.

Kostnadsramme

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 3 193 mill. 2017-kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Prosjektet si styringsramme vert sett til 2 900 mill. kroner medrekna meirverdiavgift.

1.4 Grunnlaget for omgrupperinga

1.4.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2017, midlar overførte frå 2016 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2017.

Tabell 1.1 Disponible midlar på utgiftssida, før omgruppering 2017, kjem fram slik (i 1 000-kroner):

Saldert budsjett for 2017

51 248 190

Innst. 401 S (2016–2017) til Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 (RNB)

735 782

Innst. 492 S (2016–2017) til Prop. 139 S (2016–2017) Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap»(Soldatproposisjonen)

8 009

Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2017

159 978

= Løyvingar før omgrupperinga

52 151 959

+ Midlar overførte frå 2016

1 780 188

= Disponible midlar i 2017 før omgrupperinga

53 932 147

Tabell 1.2 Løyvingar på inntektssida, før omgruppering 2017, kjem fram slik (i 1 000-kroner):

Saldert budsjett for 2017

5 050 241

Innst. 401 S (2016–2017) til Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 (RNB)

622 209

= Løyvingar før omgrupperinga

5 672 450

1.4.2 Inntekter i 2017

I høve til saldert budsjett for 2017, med endringane gjort av Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett for 2017, er det ei meirinntekt på 572,157 mill. kroner. Meirinntektene inneber ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt i Innst. 7 S (2016–2017) til Prop. 1 S (2016–2017) under romartalsvedtak II.0020

Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og beskriven i detalj under pkt. 2 under.

1.4.3 Løyvingsbehov

Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2017.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000-kroner):

Auke på utgiftssida på grunn av meirinntekter førte til utgiftssida

572 157

Tilbakelevering av midlar til statskassen

-468 800

= Sum behov ved omgrupperinga

103 357

+ Løyvingar før omgrupperinga

52 151 959

= Løyvingar etter omgrupperinga

52 255 316

+ Midlar overførte frå 2016

1 780 188

= Samla disponible midlar i 2017 etter omgrupperinga

54 035 504

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000-kroner):

Meirinntekter i omgrupperinga

572 157

+ Løyvingar før omgrupperinga

5 672 450

= Løyvingar etter omgrupperinga

6 244 607

På bakgrunn av dette foreslår regjeringa under forslag til vedtak, at utgiftsramma blir auka med 103,357 mill. kroner, og at inntektsramma blir auka med 572,157 mill. kroner.

Til toppen
Til forsida av dokumentet