Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

12 Høve til å frita fritidsbustader for eigedomsskatt

12.1 Innleiing og samandrag

Lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane inneheld fleire ulike utskrivingsalternativ som skil mellom kva typar eigedom som kan ha eigedomsskatt. Fleire av utskrivingsalternativa omfattar bustad- og fritidseigedom. I eigedomsskatten blir bustad- og fritidseigedom handsama saman.

Departementet gjer framlegg om at kommunane skal kunna frita fritidsbustader for eigedomsskatt. Det vil då vere opp til den einskilde kommunen å avgjere om eigedomsskatten òg skal omfatte fritidsbustader.

Forslaget fører til ei endring i eigedomsskattelova § 7.

Departementet foreslår at endringa skal gjelde frå og med skatteåret 2017.

12.2 Gjeldande rett

Eigedomsskatten er ein kommunal skatt på fast eigedom. Skatten er ein objektskatt. Det vil seie at det er eigedomen som er skatteobjektet, og ikkje inntekta eller formuen til ein person. Dette tyder òg at skatten er ein bruttoskatt, utan frådrag for gjeld.

Eigedomsskattelova har fleire utskrivingsalternativ. Kommunen kan velje innanfor dei alternativa som lova inneheld. Fritidsbustader er ikkje ein eigen utskrivingskategori, men blir rekna saman med bustadeigedom. Lova inneheld derfor heller ikkje nokon eigen definisjon av omgrepet fritidsbustad.

Ved fastsetjing av skattegrunnlaget for eigedomsskatten blir verdien av eigedomane sett til antatt marknadsverdi ved taksering. Takseringa blir normalt gjennomført av kommunale nemnder. For bustadeigedom kan verdsetjinga alternativt byggje på verdien som blir sett på eigedomen ved likninga. Den sistnemnde regelen gjeld likevel ikkje for fritidsbustader.

I eigedomsskatten må ein i fleire høve skilje mellom bustader/fritidsbustader og næringseigedom. Omgrepet «næringseigedom» blei innført i eigedomsskatten i 2011 som eit nytt utskrivingsalternativ. I forarbeida, Prop. 1 LS (2010–2011), uttalte departementet følgjande om grensa mellom bustadeigedom og næringseigedom:

«Departementet legger til grunn at utleid boligeiendom faller utenfor kategorien «næringseiendom» i eigedomsskattelova, selv om utleien ligningsmessig anses som næringsvirksomhet for eieren. Også slike boligeiendommer skal følge boligreglene for eiendomsbeskatning.(…)»

I 2012 blei eigedomsskattelova endra ved at det blei innført adgang til å skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen unnateke verk og bruk og annan næringseigedom. Departementet uttalte seg òg då om grensa mellom næringseigedom og bustadeigedom i eigedomsskatten, jf. Prop. 1 LS (2011–2012):

«En næringsdrivende entreprenørs anskaffelse og bebyggelse av tomter for senere bolig- eller hytteomsetning regnes i denne forbindelse ikke som næringsutnyttelse. Det samme gjelder utleide boliger og hytter selv om de inngår i utleienæring for eieren.»

I skatteretten gjeld det ulike reglar for bustader og fritidsbustader, jf. føresegna i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skattelova), kapitla 9 og 14.

I formuesskatten byggjer grensedraginga mellom bustader og fritidsbustader på eigedomens art eller karakter. I nokre samanhengar kan det òg vere spørsmål om ein eigedom skal reknast som fritidsbustad eller næringseigedom. Etter forskrift 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skattelova (skattelovforskriften) § 4-10-2 andre ledd skal fritidsbustad som blir leigd ut i eigarens næringsverksemd reknast som utleigd næringseigedom.

Ved skattlegging av eventuell gevinst eller frådrag for tap ved avhending av fritidsbustad vil avgjerda òg kunne avhenge av om eigedomen hovudsakleg blir nytta til fritidsføremål.

12.3 Vurderingar og forslag

I 2007 blei det innført eit nytt utskrivingsalternativ i eigedomsskattelova som gjer det mogleg å skrive ut eigedomsskatt på all fast eigedom i heile kommunen. Dette har ført til at det blir skriven ut eigedomsskatt på fritidsbustader i større mon enn før. Tidlegare var det eit kriterium for utskriving av eigedomsskatt at eigedomen låg innanfor område som «heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang».

Eigedomsskattelova inneheld ei rekkje alternativ med omsyn til omfanget av utskrivinga. Dette har mellom anna vore grunngjeve med behovet for å tilpasse utskrivinga etter dei lokale tilhøva i kommunen. Departementet meiner det òg bør vere opp til den einskilde kommunen å avgjere om det skal skrivast ut eigedomsskatt på fritidsbustader. Det blir derfor gjort framlegg om å innføre ei moglegheit for kommunen til å frita slik eigedom, uavhengig av kva utskrivingsalternativ som blir nytta.

Ein slik regel vil gi dei kommunane som ynskjer det moglegheit til å tiltrekkje seg hyttebyggjarar. Slik aktivitet vil òg kunne gi ringverknader for det lokale næringslivet.

Framlegget gjer det nødvendig å avgrense omgrepet fritidsbustad i denne samanhengen. Fritidsbustader må skiljast frå bustader og næringseigedom. Når det gjeld grensa mot bustader, legg departementet til grunn at ein bør bruke same prinsipp som i formuesskatten, kor ein byggjer på eigedomens art og karakter, og ikkje på bruken. Ei anna løysing vil kunne gi som resultat at to like eigedomar blir handsama ulikt avhengig av bruken. Framlegget vil mellom anna ha til følgje at leilegheiter i byar brukt som fritidsbustad ikkje kan bli friteke. Fritidsbustad vil då typisk vere hytter, sommarhus og leilegheit i leilegheitskompleks bygd berre for fritidsføremål.

Ved fastsetjinga av kva eigedomar som skal reknast som fritidseigedom foreslår departementet at kommunen skal byggje på opplysningane i matrikkelen. Matrikkelen er Noregs offisielle register over fast eigedom, inklusiv fritidsbustader. Òg i matrikkelen er kategoriseringa av eigedomstypar basert på eigedomens karakter. Kartverket organiserer matrikkelen, men føringa av denne blir normalt gjort i kommunane basert på retningsliner frå Klima- og miljødepartementet. I matrikkelen blir ulike bygningstypar inndelte i ulike kategoriar i samsvar med kva bygget er godkjend som. Slikt vedtak blir fatta av bygningsstyresmaktene i kommunen med heimel i plan- og bygningslova. Kommunane vil dermed sjølv ha tilgang til dei opplysningane som er nødvendige for å fastslå om ein eigedom skal klassifiserast som fritidsbustad.

Fritaket vil omfatte fritidsbustader kategorisert i matrikkelen som «fritidsbygg». Dette vil typisk vere private hytter og sommarhus, jf. ovanfor. Sjøhus, stabbur og seterhus mv. som har blitt teke i bruk som fritidsbustad, men som ikkje er godkjend som dette og derfor heller ikkje er registrerte som fritidsbygg i matrikkelen, vil ikkje bli fritekne. Heilårsbustad og våningshus som blir nytta som fritidsbustad vil ikkje vere fritekne med mindre dei er klassifisert som fritidsbygg i matrikkelen. Firmahytter som blir nytta av arbeidstakarane i bedrifta, vil vere fritekne når dei er registrerte som fritidsbygg i matrikkelen.

Vanlege fritidsbustader vil vere omfatta av fritaket sjølv om dei blir leigde ut, så lenge dei er rekna som fritidsbygg i matrikkelen. Fritidsbustader må likevel avgrensast mot næringseigedom. Departementet legg til grunn at reint kommersiell utleie som regel skjer gjennom typiske campinghytter og utleiehytter. Desse eigedomane er bygde med korttidsutleie som føremål og utgjer ein eigen kategori i matrikkelen. Slik eigedom skal reknast som næringseigedom og vil ikkje vere omfatta av fritaket for fritidsbustader.

I samband med innføring av næringseigedom som ein eigen kategori i eigedomsskatten har departementet lagt til grunn at bustad- eller fritidseigedom ikkje skal reknast som næringseigedom, sjølv om utleiga blir rekna som næringsverksemd ved likninga. Med dette framlegget blir det matrikkelen som blir avgjerande for kategoriseringa.

Departementet gjer framlegg om at den nye regelen om fritak for fritidsbustader blir teken inn i eigedomsskattelova § 7 saman med dei andre føresegnene om fritak som blir vedtekne av kommunestyret. Fritaket vil gjelde uavhengig av kva utskrivingsalternativ som blir nytta.

Departementet viser til forslag til ny § 7 bokstav e i eigedomsskattelova.

12.4 Økonomiske og administrative følgjer

Gjer kommunestyret vedtak om fritak for fritidsbustader, vil kommunen måtte skilje ut slik eigedom frå dei andre eigedomane som går inn under utskrivingsalternativet. Departementet legg til grunn at mengda meirarbeid som følgje av dette er avgrensa ettersom opplysningane som skal liggje til grunn for fritaket kan hentast i matrikkelen.

Vedtak om fritak vil redusere kommunens eigedomsskatteinntekter. Departementet har ikkje grunnlag for å seie noko om kor mange kommunar som vil nytte seg av den nye moglegheita til ikkje å skrive ut eigedomsskatt på fritidseigedom, og kan derfor heller ikkje seie noko om provenyverknadene for den einskilde kommunen eller samla sett. Departementet har heller ikkje grunnlag for å seie noko om i kva grad ei slik endring kan bidra til auka økonomisk aktivitet i den einskilde kommunen som følgje av at kommunen blir meir attraktiv for hytteeigarar.

12.5 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2017.

Til toppen
Til forsida av dokumentet