Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

14 Justert verknadstidspunkt for endra avskrivingsreglar for vindkraft

14.1 Innleiing og samandrag

Ved lovendring 19. juni 2015 vedtok Stortinget endringar i avskrivingsreglane for vindkraftverk. Etter dei nye reglane kan vindkraftverk avskrivast lineært, med like store beløp over fem år. Dei nye avskrivingsreglane vil ikkje tre i kraft før ETFA sitt overvakingsorgan (ESA) har godkjent ordninga som lovleg statsstøtte.

Opphavleg skulle reglane gjelde for driftsmiddel erverva frå 1. januar 2015 til 31. desember 2020. For å sikre at investeringar i vindkraftverk oppfyller kravet til insentiveffekt i ESA sine retningslinjer for miljøstøtte, bør ikkje driftsmiddel som er erverva før dei nye reglane blei vedtekne av Stortinget vere omfatta av ordninga. Regjeringa foreslår derfor å justere dei nye avskrivingsreglane slik at driftsmiddel som er erverva før 19. juni 2015 ikkje kan bli avskrivne etter dei nye reglane. Samstundes blir det presisert at avskrivingsreglane ikkje gjeld dersom skattytar har byrja å arbeide med prosjektet før 19. juni 2015. Vidare er sluttdatoen for når anlegg som kvalifiserer til el-sertifikat utvida til 2021, og i tråd med dette blir òg avskrivingsordninga foreslått utvida til å omfatte driftsmiddel erverva til og med inntektsåret 2021.

Departementet har i lengre tid vore i ein pre-notifikasjonsprosess med ESA. Formell notifikasjon blei sendt 10. mai i år.

14.2 Vurderingar og forslag

Skattelova § 14-51 om avskrivingar av driftsmiddel i vindkraftverk utgjer statsstøtte, og må vere utforma i tråd med statsstøttereglane for å vere lovlege. Det er i utgangspunktet ESA sine retningslinjer for miljøstøtte som gjeld ved vurderinga av om dei nye avskrivingsreglane er i samsvar med EØS-avtalen. Ifølge miljøretningslinjene punkt 3.2.4 er det et vilkår at støtta har ein insentiveffekt. Det går fram av retningslinjene artikkel 44 at:

«[a]n incentive effect occurs when the aid induces the beneficiary to change its behaviour to increase the level of environmental protection or to improve the functioning of a secure, affordable and sustainable energy market, a change in behaviour which it would not undertake without the aid […]»

Av fortalen til EU-kommisjonen sin gruppeunntaksforordning (20) går det fram at det er eit vilkår for automatisk støtte i form av skattetiltak at ordninga er vedteken før den som har rett til støtte byrjar å arbeide på prosjektet. Miljøretningslinjene inneheld ikkje ei lik formulering, men departementet oppfattar at eit tilsvarande vilkår må tolkast inn for desse retningslinjene.

For å sikre at dei nye avskrivingsreglane for vindkraftverk oppfyller kravet til insentiveffekt foreslår regjeringa å utsette tidspunktet dei nye avskrivingsreglane skal gjelde frå, til det tidspunkt skattelova § 14-51 blei endra, det vil seie 19. juni 2015. Dette betyr at dei nye avskrivingsreglane berre skal gjelde for driftsmiddel erverva frå 19. juni 2015. Samstundes blir det foreslått ei presisering som gjer det klart at dei nye reglane ikkje kan nyttast dersom skattytaren hadde byrja å arbeide på prosjektet før 19. juni 2015. Ved vurderinga av kva for aktivitet som avskjer skattytar for å nytta dei nye avskrivingsreglane, må ein sjå hen til miljøretningslinjene, særskilt punkt 1.3 (44).

Av forarbeida til skattelova § 14-51, Prop. 120 LS (2014–2015) kapittel 10, går det fram at reglane skulle gjelde for driftsmiddel erverva fram til utløpet av godkjenningsperioden for norske el-sertifikatanlegg, det vil seie fram til 31. desember 2020, eller seinare dersom godkjenningsperioden for el-sertifikatanlegg blei utvida.

Sluttdatoen for når anlegg kvalifiserer til el-sertifikat blei utvida til 2021 ved lovendring 10. juni 2015. I tråd med dette foreslår departementet ei endring av skattelova § 14-51 slik at det kjem fram at ordninga omfattar driftsmiddel erverva til og med inntektsåret 2021.

Departementet viser til forslag til endringar i skattelova § 14-51.

14.3 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå den tid Kongen bestemmer.

Til toppen
Til forsida av dokumentet