Prop. 125 L (2021–2022)

Endringar i plan- og bygningsloven (reglar om handtering av overvatn i byggjesaker mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og distriktsdepartementet legg med dette fram eit forslag til endringar i plan- og bygningsloven.

Endringsforslaga gjev kommunane heimlar for å kunne krevje tiltak for handtering av overvatn, både ved nybygging og på eigedommar som er heilt eller delvis utbygde. Målet med forslaga er å førebyggje skadar på byggverk, vareta helse og miljø og å utnytte overvatn som ressurs.

I punkt 4 i proposisjonen omtaler vi forslag til endringar i del 3 i lova om gjennomføring av planar. Forslaget inneheld endringar i fleire føresegner, som skal bidra til å opparbeide tiltak for betre handtering av overvatn. For å sørgje for meir formålstenleg overvasshandtering blir det innført opparbeidingsplikt for offentlege blågrøne overvassløysingar, til dømes opne bekkar og dammar. Andre blågrøne løysingar kan vere grøne tak, regnbed og parkeringsanlegg med permeable (porøse) flater og liknande. Opparbeidingsplikta skal gjelde for anlegg som handterer overvatn frå eigedommar som skal byggjast ut. Anlegga blir fastsette i arealplan. Vidare presiserer forslaget at kommunen kan krevje opparbeiding av private fellesanlegg for overvasshandtering, til dømes felles fordrygingsbasseng eller opne bekkar. Samtidig blir det foreslege endringar i reglane om ekspropriasjon og refusjon for å tilpasse desse til endringane i reglane om opparbeidingsplikt.

I punkt 5 i proposisjonen omtaler vi forslag til endringar i del 4 i lova om byggjesak. Endringane skal tydeleggjere at overvatn i størst mogleg grad skal handterast på eigedommen. Plikta for tiltakshavar til å infiltrere og fordryge overvatn, i tillegg til å sikre forsvarleg avleiing, blir flytta frå byggteknisk forskrift og presisert i lova. Proposisjonen inneheld også forslag om å innføre ein heimel til å fastsetje i forskrift eit nivå for akseptabel risiko for overvatn. Eit forskriftsfesta nivå for akseptabel risiko set ein nasjonal standard for kor ofte innbyggjarane i kommunen kan rekne med å oppleve overvasshendingar som medfører skade eller vesentleg ulempe, både når det blir bygd nytt og i allereie utbygde område.

Vidare blir det foreslege ein heimel som gjer det mogleg for kommunen å påleggje tiltak for å betre overvasshandteringa på eigedommar som allereie er utbygde. Pålegget kan gjevast for å avverje fare for skade eller vesentleg ulempe på person, eigedom eller miljø som overvatn frå eigedommen kan medføre. Pålegget skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig, og kostnadene skal ikkje vere mishøveleg store, ut frå problema overvatnet skaper.

Til forsida