Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 137 L (2018–2019)

Endringar i bilansvarslova (verkeområde, ansvarsgrense mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar i denne proposisjonen forslag til enkelte endringar i bilansvarslova.

Bilansvarslova gjennomfører Noreg sine forpliktingar etter motorvognforsikringsdirektivet i norsk rett. Dei seinare åra har det komme rettspraksis frå EU-domstolen som har avklart og presisert verkeområdet for direktivet. På grunn av dette foreslår departementet endringar i bilansvarslova § 2. Departementet foreslår å oppheve regelen for lovleg uregistrerte motorvogner i § 2 andre ledd første punktum. Denne endringa inneber at verkeområdet for bilansvarslova blir utvida, og vil styrke det erstatningsrettslege vernet for skadelidaren. Departementet foreslår òg å endre § 2 første ledd bokstav c om motorsport. Formålet med denne endringa er i hovudsak å føre vidare dagens rettstilstand for motorsport dersom bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum blir oppheva. Det er starta ein prosess med å endre motorvognforsikringsdirektivet i EU. Denne prosessen kan leie til at det blir aktuelt å endre reglane om motorsport på eit seinare tidspunkt. Det er gjort greie for dei nemnde forslaga i punkt 3.

Departementet foreslår å oppheve dei særlege reglane i bilansvarslova § 5 første ledd bokstav c og § 10 andre ledd fjerde punktum om ansvar for skade på hund som går laus. Dette vil likestille skade på hund med skade på andre dyr i bilansvarslova, og det vil gi hundeeigarar det same erstatningsrettslege vernet etter lova som andre dyreeigarar har, sjå punkt 4.

Departementet foreslår vidare å heve ansvarsgrensa for tingskadar i bilansvarslova § 9. Det er i dag eit tak på 10 000 000 kroner i erstatning for tingskadar som oppstår i same hending. På bakgrunn av endringar i skadebiletet dei seinare åra og rettstilstanden i dei andre nordiske landa foreslår departementet å heve grensa til 100 000 000 kroner. Dette er nærmare omtalt i punkt 5.

I punkt 6 foreslår departementet enkelte endringar i §§ 10, 13 og 15. Formålet med desse forslaga er å klargjere og forenkle reglane om forsikringsplikt, Trafikkforsikringsforeningen sitt ansvar for uforsikra motorvogner og regressansvaret.

Departementet foreslår òg nokon mindre endringar, blant anna av språkleg art, som ikkje har noko å seie for innhaldet.

Til toppen
Til forsida av dokumentet