Prop. 137 L (2018–2019)

Endringar i bilansvarslova (verkeområde, ansvarsgrense mv.)

Til innhaldsliste

6 Forholdet mellom forsikringsplikta, ansvaret til Trafikkforsikringsforeningen og regressansvaret – bilansvarslova §§ 10, 13 og 15

6.1 Gjeldande rett

Etter bilansvarslova § 15 kan fleire personar ha forsikringsplikt for same motorvogn. For registreringspliktige motorvogner skal eigaren sørge for forsikring, jf. § 15 første punktum. Dersom eigaren ikkje har teikna forsikring, kan «innehavar eller den som brukar eller køyrer vogna», ha forsikringsplikt etter § 15 andre punktum. Dette gjeld òg lovleg uregistrerte motorvogner.

Ordninga med at fleire personar kan ha forsikringsplikt samtidig, er grunngitt i eit ønske om å sikre skadelidaren. Men det skal òg i nokon grad sørge for at det personlege erstatningsansvaret er dekt av ei forsikring, sjå Ot.prp. nr. 24 (1959–60) side 50.

Sjølv om det etter § 15 er fleire som kan ha ei plikt til å teikne forsikring, ligg ho i utgangspunktet på eigaren. Den som bruker eller fører motorvogna, har berre ei «subsidiær forsikringsplikt», jf. Ot.prp. nr. 24 (1959–60) side 50. Dette gjeld ikkje berre for registreringspliktige motorvogner, men òg for dei som er lovleg uregistrerte, sjå Nygaard: Bilansvar (1990) side 436.

Når ei uforsikra motorvogn gjer skade, bestemmer § 10 første ledd første punktum at Trafikkforsikringsforeningen skal bere skaden dersom motorvogna «skulle vore trygda». Dette er ein referanse til forsikringsplikta etter § 15. Trafikkforsikringsforeningen skal bere tapet dersom motorvogna skulle vore forsikra.

Dersom Trafikkforsikringsforeningen har betalt ut erstatning etter § 10 første ledd, regulerer bilansvarslova § 13 høvet til regress for foreininga. For regressansvaret etter § 13 første ledd kan skiljet mellom prinsipal og subsidiær forsikringsplikt få følgjer. Etter § 13 første ledd første alternativ har «den som forsømde å trygda motorvogna», eit regressansvar. Ordlyden omfattar alle som har forsikringsplikt etter § 15, det vil seie både eigaren, innehavaren, føraren og brukaren. Lovhistorikken og forarbeida viser likevel at regressansvaret for «den som forsømde å trygda», var meint å omfatte berre dei med prinsipal forsikringsplikt. Det vil seie eigaren og ein urettmessig brukar, sjå òg Nygaard: Bilansvaret (1990) side 409–413.

Etter ordlyden i § 13 første ledd andre alternativ har den som «køyrde», regressansvar berre dersom han «visste eller måtte vita at vogna ikkje var lovleg trygda». Nygaard viser at ein rettmessig brukar har regressansvar på same vilkår, sjå Nygaard: Bilansvar (1990) side 413.

6.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet å gjere fleire endringar i bilansvarslova §§ 10, 13 og 15 på grunn av koplinga mellom forsikringsplikta, ansvaret til Trafikkforsikringsforeningen og regressansvaret.

Ein reiste spørsmål ved forsikringsplikta for «innehavaren» etter bilansvarslova § 15 andre punktum. Vidare drøfta ein om det ville vere ei betre løysing å regulere ansvaret og Trafikkforsikringsforeningens rett til regress ved urettmessig bruk direkte i §§ 10 og 13, i staden for å gå vegen om forsikringsplikta etter § 15. Det heiter om dette:

«Ein viser i denne samanhengen til Nygaard: Bilansvar side 440, der det blir sagt at den einaste grunnen til at ‘innehavar’ er omfatta av § 15, er at det skal vere ei prinsipal forsikringsplikt for den som urettmessig har teke rådvelde over motorvogna, til dømes ein biltjuv. Bakgrunnen for å ha ei løysing der ein urettmessig brukar blir pålagd forsikringsplikt, er for det første at ein ønskjer å sikre at den skadelidne får dekning for kravet sitt, jf. bilansvarslova § 10, der nokon må ha forsikringsplikt for at Trafikkforsikringsforeningen skal dekkje kravet frå den skadelidne. Det kan synast noko kunstig å fastsetje forsikringsplikt for ein biltjuv. Ei betre løysing kan vere å regulere direkte i § 10 at den skadelidne får dekning også i dei tilfella der skaden er eit resultat av urettmessig bruk, til dømes av ein biltjuv. Ein annan grunn til at det etter gjeldande lov er fastsett ei forsikringsplikt for urettmessig brukar, er at Trafikkforsikringsforeningen skal kunne krevje regress, til dømes frå ein biltjuv, etter regelen i § 13 om at ‘den som forsømde å trygda motorvogna’ har regressansvar. Tilsvarande som for § 10 kan det her òg vere ei vel så god løysing å regulere regressansvaret for urettmessig brukar direkte i § 13. Departementet har på bakgrunn av dette utforma framlegg til endringar i §§ 10 og 13.»

I tråd med dette foreslo departementet endringar i §§ 10 og 13, slik at det ikkje var nødvendig med reglar om forsikringsplikt for den som urettmessig bruker ei motorvogn. Som følgje av dette foreslo departementet å oppheve forsikringsplikta til innehavaren etter § 15.

For det andre drøfta ein om ordninga med ei subsidiær forsikringsplikt for brukaren og føraren av motorvogna etter § 15 var formålstenleg. Det heiter om dette:

«Som nemnt er hovudformålet med å påleggje forsikringsplikt for ein vid personkrins å sikre at den skadelidne får dekning. For den skadelidne er det likevel tilstrekkeleg å påvise at motorvogna ‘skulle vore trygda’, jf. § 10 første ledd første punktum. Det har derfor ikkje noko å seie for den skadelidne om det gjeld ei subsidiær forsikringsplikt for brukaren eller føraren.
Korkje Sverige eller Danmark har ei ordning med subsidiær forsikringsplikt. I Sverige er det eigaren aleine som har forsikringsplikt, med visse særreglar for mindreårige eigarar og ved avbetalingskjøp [sjå trafikkskadelagen § 2]. Etter dansk rett skal registreringspliktige motorvogner forsikrast av eigaren eller av den som har varig råderett over køyretøyet [sjå færdselsloven § 106 første ledd].
Også for norsk rett kan det etter dette vurderast om det er tilstrekkeleg grunn til å vidareføre ordninga med ei subsidiær forsikringsplikt for brukaren og føraren. Ei endring vil ikkje ha noko å seie for høvet til dekning for den skadelidne eller for høvet til regress for Trafikkforsikringsforeningen etter § 13, og heller ikkje for straffansvaret etter § 20.»

På denne bakgrunnen foreslo departementet å gå bort frå ordninga med subsidiær forsikringsplikt for brukar og førar i § 15.

For det tredje foreslo ein å tydeleggjere i § 13 at den som nyttar ei uforsikra motorvogn, kan bli regressansvarleg på same vilkår som den som køyrer. Det vil seie at det kan vere aktuelt med regressansvar dersom brukaren visste eller måtte vite at motorvogna ikkje var forsikra.

6.3 Høyringsinstansane sine syn

Ingen høyringsinstansar har hatt innvendingar mot forslaga.

6.4 Departementet sine vurderingar

Departementet foreslår å følgje opp forslaget i høyringsnotatet om urettmessig bruk av motorvogn. Forslaget inneber at denne situasjonen blir regulert direkte i bilansvarslova §§ 10 og 13, slik at ein ikkje treng å gå vegen om forsikringsplikta i § 15. Som det vart peika på i høyringsnotatet, kan det verke kunstig å påleggje ein biltjuv forsikringsplikt. Forslaget går ut på å endre § 10 første ledd slik at skadelidaren får dekning av Trafikkforsikringsforeningen òg når ei uforsikra motorvogn gjer skade ved urettmessig bruk. På same måte foreslår departementet å regulere regressansvaret overfor Trafikkforsikringsforeningen ved urettmessig bruk direkte i § 13. Dermed er det ikkje behov for å oppretthalde forsikringsplikta for «innehavar» etter § 15 andre punktum. Dette vil gjere lova enklare.

I samsvar med høyringsnotatet foreslår departementet òg å oppheve den subsidiære forsikringsplikta for førar og brukar av motorvogn etter § 15 andre punktum. Departementet viser til grunngivinga i høyringsnotatet.

Dei foreslåtte endringane vil ikkje innebere noka endring av vernet for skadelidaren. Skade som er omfatta av lova, skal framleis vere dekt anten av ei forsikring eller av Trafikkforsikringsforeningen. Trafikkforsikringsforeningen skal etter lovforslaget og gjeldande § 10 første ledd første punktum bere skaden dersom motorvogna «skulle vore trygda, men ikkje er det». Dette refererer til § 15 om forsikringsplikta. Eigaren har etter lovforslaget forsikringsplikt for registreringspliktig motorvogn, men òg for motorvogn som ikkje er registreringspliktig, når «han let vogna verta brukt, faren med eller fråsegsett» slik at det kan oppstå erstatningskrav etter lova. Motorvogna kan gjere skade sjølv om eigaren ikkje har forsikringsplikt etter § 15, men i så fall vil det dreie seg om urettmessig bruk. Dette er foreslått dekt opp av § 10 første ledd andre punktum i lovforslaget. Etter denne føresegna skal Trafikkforsikringsforeningen dekke skaden òg dersom motorvogna «vert nytta urettmessig».

Vidare foreslår departementet å klargjere i lovteksten i § 13 første ledd første punktum at òg den som «brukte» motorvogna, kan bli regressansvarleg dersom han eller ho visste eller måtte vite at motorvogna ikkje var forsikra. Dette er ei vidareføring av det som venteleg følgjer av gjeldande rett.

Til forsida