Prop. 75 S (2021–2022)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp to nye investeringsprosjekt, endre omfanget på to investeringsprosjekt, og å informere Stortinget om to saker.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er dei årlege budsjettproposisjonane (Prop. 1 S). Denne proposisjonen fyller såleis ut budsjettproposisjonen.

Investeringsprosjekta som proposisjonen omtalar er alle i samsvar med inneverande langtidsplan for forsvarssektoren (Prop. 14 S (2020–2021)). Rammene i denne proposisjonen er alle i 2022-kroner, og valutakursar er pr. 15. desember 2021.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for to nye eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt: eigedom, bygg og anlegg for materiell på Porsangmoen, og infrastruktur på Værnes.

  • Godkjenning av omfangsendring av to pågåande materiellprosjekt: artillerilokaliseringsradar, og artillerisystem 155 mm.

  • Informasjonssak om beredskap for sikring av oppsetjingsstadene til Heimevernet (HV).

  • Informasjonssak om NH90 og mogleg innleige av helikopter.