Prop. 97 S (2020–2021)

Bygging av Stad skipstunnel

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om å byggje Stad skipstunnel, med fastsetting av kostnads- og styringsramme for prosjektet.

I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2021 vedtok Stortinget å løyve 75 mill. kroner til Stad skipstunnel. Fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen uttalte vidare at den var innforstått med at regjeringa skal fremje ein investeringsproposisjon om Stad skipstunnel, jf. Prop. 1 S (2020–2021) for Samferdselsdepartement og Innst. 13 S (2020–2021). Forslag om å byggje Stad skipstunnel blir på denne bakgrunn lagt fram som eiga sak.