Rundskriv V-4/N 2008

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Rapportering om målbruk i departementa i 2007

Alle departement
Statsministerens kontor
Vår ref Dato
V-4/N 2008/00013KU/KU3 IE:est 03.01.2008
 

Vedlagt følgjer to skjema for rapportering om målbruk i departementa i 2007.

Rapporteringa gjeld i utgangspunktet alt tilfang som fell inn under § 8 første ledd første og andre punktum i mållova, i praksis så godt som alt anna enn brev til enkeltadressatar. Vi registrerer sjølve alle stortingsdokument, og desse skal derfor ikkje vera med på skjemaet. Heller ikkje lov- og forskriftstekstar skal takast med i rapporten. Alt anna tilfang som departementet har laga i 2007, skal rapporterast.

Mållova gjeld uavhengig av kva form eit dokument blir publisert i, om dette skjer ved å senda det ut i papirform, å leggja det ut på Internett, eller ved at eitt og same dokument blir publisert på begge desse måtane. Vi strekar derfor under at det ikkje minst er viktig å få med alt tilfang som er lagt ut på regjeringa.no i løpet av 2007. Eit dokument som er publisert både elektronisk og i papirform, skal likevel ikkje teljast meir enn ein gong.

Vi har som tidlegare lagt ved to skjema i rekneark, slik at summering og utrekning av nynorskprosenten skjer automatisk dersom ein nyttar dei elektroniske versjonane. Desse kan hentast opp via lenkjer i den elektroniske versjonen av dette rundskrivet på Kultur- og kyrkjedepartementet sine sider på regjeringa.no.   


Skjema 1

Dette skjemaet skal nyttast til å registrera alle dokument på under 10 sider. Her er det talet på dokument i dei ulike kategoriane som skal førast opp.

Dei kvite kolonnane gjeld talet på dokument under 5 sider, mens dokument med ei lengd på frå 5 til 9 sider skal førast opp i dei gule kolonnane. Desse vil telja dobbelt ved summeringa. 

Kolonnane med overskrifta BÅDE B/N gjeld dokument som er laga både på bokmål og nynorsk, anten som parallellutgåver eller t.d. med bokmål på eine sida og nynorsk på hi sida. Ved summeringa vil desse telja 50 pst. i kvar målform.

Skjema 2

Dette skjemaet skal nyttast til registrering av dokument på minst 10 sider, og her er det sidetal for kvart enkelt dokument som skal førast opp.

Sidetalet for dokument som berre finst anten på bokmål eller på nynorsk, skal førast i dei kvite kolonnane.

Dersom eit dokument finst både på bokmål og nynorsk, altså som parallellutgåve, skal sidetalet førast opp i den blå kolonnen. Ved summeringa vil dette telja 50 pst. i kvar målform.

Dersom det er brukt ulik målform i eit dokument, skal sidetalet for kvar målform spesifiserast i dei gule kolonnane.

***

Siste frist for innsending av skjemaet til Kultur- og kyrkjedepartementet er 31. januar 2008.

Vi ber om at skjemaet både blir oversendt på papir med følgjeskriv og overført elektronisk til ingvar.engen@kkd.dep.no

Vi ber Dykk ta kontakt på telefon 48031 dersom noko er uklart.

 

Med helsing

 

 

Stein Sægrov e.f. Ingvar Engen
avdelingsdirektør seniorrådgjevar