St.meld. nr. 14 (1997-98)

Om foreldremedverknad i grunnskolen

Til innholdsfortegnelse

3 Analyse av tilhøva i Noreg og andre land

3.1 Innleiing

I dette kapitlet vert det analysert korleis samarbeidet mellom heimen og skolen faktisk fungerer. Dette blir vurdert på desse nivåa:

  • samarbeidet mellom heimen og skolen om dei tilhøva som er viktige for den faglege og sosiale utviklinga av eigne barn (på individnivå og klassenivå)

  • korleis foreldra som gruppe tek del i og har innverknad på skolenivå

  • korleis foreldra som gruppe tek del i og har innverknad på kommunenivå

  • samarbeidet mellom foreldre og styremaktene på nasjonalt nivå

Analysane for Noreg byggjer på fleire undersøkingar, innsamla materiale frå kommunane via Statens utdanningskontor og drøftingar med mellom anna Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG).

Analysane frå andre land byggjer på ein OECD-rapport frå 1997 «Parents as partners in schooling», ei lang rekkje nasjonale rapportar, drøftingar med dei nasjonale undervisningsdepartementa, med representantar for dei nasjonale foreldreorganisasjonane og forskarar frå desse landa som arbeider særskilt med foreldrerolla i opplæringa og med samarbeidet mellom heimen og skolen.

3.2 Analyse av tilhøva i Noreg

3.2.1 Samarbeidet mellom heimen, klassen og skolen

I 1994 vart det gjennomført ei landsomfattande spørjeundersøking til eit representativt utval av foreldre med barn i tredje, sjette og niande klasse (Vestre 1995). Undersøkinga viste at foreldra er svært interesserte i skolen. Dei har ei positiv holdning til skolen når barnet tek til på skolen, men utviklar ei stadig meir kritisk holdning etter kvart som barnet flytter seg oppover på klassestega.

I undersøkinga er det mellom anna stilt spørsmål om kva for oppgåver skolen bør prioritere. Det er skilt mellom å øve inn dugleik (skrive, lese og rekne), formidle kunnskap (til dømes i naturfag), sosial og moralsk oppseding, og personleg vekst og utvikling for barna. På alle klassesteg legg foreldra mest vekt på personleg utvikling. Foreldra har i stor grad dei same holdningane som lærarane til kva som er viktige oppgåver for skolen. Lærarane på si side trur at foreldra er meir opptekne av kunnskap enn undersøkingane viser at dei faktisk er.

Ni av ti foreldre er nøgde med den informasjonen dei får frå skolen. 73 pst av foreldra meiner skolen stort sett lyttar til det foreldra seier, men 16 pst meiner at det synet foreldra har, ikkje er ønskt. Dei som ofte har kontakt med klassestyraren, har mest positivt syn på om skolen vil lytte. 37 pst seier dei har klaga på læraren eller på andre tilhøve på skolen ein eller fleire gonger. 66 pst av dei meiner skolen har prøvd å rette på tilhøva, medan 16 pst opplevde at skolen var avvisande. Ein tredel av dei foreldra som har klaga, meiner foreldre ikkje torer å klage fordi dei trur det kan gå ut over deira eigne barn.

Møreforsking gjennomførte ei undersøking i fire kommunar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Oppland og Nordland i 1989-1990 (Kvalsund, Løvik, Myklebost 1991). Det vart lagt vekt på å få fram om det var skilnader mellom fådelte og fulldelte skolar. Undersøkinga femnar om 19 skolar. Om lag 1000 foreldre svarte på eit tilsendt spørjeskjema. Undersøkinga viser mellom anna:

  • 81 pst av foreldra møtte på den siste konferansetimen. Dei fleste meinte dei hadde stor nytte av konferansen. Utbytet av konferansen vart særleg grunngjeve med at læraren gav informasjon om deira eigen elev. Nokre grunngjev utbytet med at foreldra fekk høve til å seie frå om sitt eige syn på elevar, lærarar, klasse og undervisning.

  • 72 pst var på det siste klasseforeldremøte. 1/3 meinte det var stort utbyte, medan 2/3 hadde middels eller lite utbyte.

  • 45 pst av foreldra møtte på det siste foreldrerådet. Oppmøtet var størst på fådelte skolar.

På oppdrag frå departementet vart det gjennomført ei undersøking om samarbeidet mellom heimen og skolen, med særleg vekt på barnet (Lidén 1997). Det vart mellom anna gjennomført ei spørjeundersøking til foreldre på til saman 17 skolar i 9 kommunar og fylke. Svarprosenten var låg (50 pst) og svara må derfor tolkast med varsemd. 249 foreldre var med i undersøkinga. I tillegg er 80 elevar og 19 lærarar intervjua. Undersøkinga viser mellom anna:

  • Det viktigaste for foreldra i samarbeidet med skolen er å få drøfta korleis barnet trivst og utviklar seg. Deretter kjem ønsket om å vere med på og å skape eit godt klassemiljø og få informasjon om prestasjonane til barnet. Berre eit mindretal av foreldra ønskjer større innverknad på arbeidsformene i skolen, på organisering og undervisningsopplegg eller å vere med i evaluering av skolen.

  • Dei formelle kontaktformene med skolen, som foreldremøte og konferansetimane, samlar flest foreldre. Dei uformelle kanalane er det berre nokre få som brukar ofte. I nesten to av tre tilfelle er det skolen som tek initiativet til kontakt mellom heimen og skolen.

  • Dei fleste foreldra er nøgde med konferansetimane. Foreldra meiner at foreldremøta kan bli betre, og at samtalane er for dominerte av læraren.

  • Foreldra ønskjer seg betre informasjon om verksemda i skolen.

  • To tredelar av foreldra ønskjer å bruke noko meir tid på samarbeidet med skolen.

  • Foreldra meiner FAU er eit viktig organ, men at arbeidet der ikkje er nok til å sikre foreldra innverknad på skolen. Foreldre som er medlemmer i FAU, meiner mykje av samarbeidet går føre seg på premissar som skolen set. Det kjem ikkje av at skolen tek seg til rette, men av at foreldra er for lite på banen og ikkje legg premissane for samarbeidet.

  • Barna fortel heime om det spesielle som skjer på skolen, men dei fleste fortel lite. Barna meiner foreldra er lite synlege i kvardagen på skolen. Barna er stolte når foreldra gjer ein ekstra innsats på skolen.

  • Dei fleste barna synest det er greitt å vere med på konferansetimen, men det er vanskeleg å få sagt det ein ønskjer å seie.

Kristiansen har i doktorgradsarbeidet sitt (Kristiansen 1997) gjennomført ei omfattande undersøking om kva foreldra vil samarbeide med skolen om. Hovudkonklusjonen er at ein kan få til eit større foreldreengasjement om innhaldet i faga dersom det blir lagt opp slik at det blir interessant for foreldra. Viktige føresetnader er at det må skje i eit inkluderande sosialt klima, med tillit til at alle har noko å gje, og i eit språk alle foreldra skjøner.

Foreldra seier i denne undersøkinga, på same måten som i undersøkinga til Lidén, at dei i liten grad er interesserte i å samarbeide om innhaldet i skolen. Det er interessant og viktig å finne meir ut om kviforforeldra svarar slik. Kristiansen har ein hypotese om at foreldra ikkje hadde føresetnader for noko anna. Ho testa hypotesen gjennom å samanlikne nokre skolar som gjennomførte samarbeidet i eit fag (heimkunnskap) på tradisjonell måte, med nokre skolar der både foreldre, elevar og lærarane arbeidde konkret og aktivt saman om å planleggje undervisninga. Det var først ein idédugnad mellom alle foreldra i klassen. Det vart arbeidd vidare i ei plangruppe med to elevar, to foreldre og læraren som utvikla ein plan for faget. Evalueringa viste at foreldra i forsøket meinte dei hadde verka meir inn på resultatet, og at både foreldre og elevar på ein heilt annan måte tok ansvar og støtta opp om å få planen gjennomført samanlikna med på referanseskolane.

Fem kommunar i Hedmark gjennomførte i perioden 1. juli 1995 til 1. juli 1997 eit utviklingsarbeid om foreldrerettleiing knytt til den praktiske kvardagen. I sluttrapporten frå dette prosjektet (Hedmarkprosjektet 1997) blir desse konklusjonane dregne:

  • I samarbeidet mellom heimen og skolen er det eit uutnytta handlingsrom som må bli teke i bruk

  • I plan for verksemda og informasjonen frå skolane må ein synleggjere samarbeidet

  • Skolen må avprivatisere foreldresamarbeidet. Læraren har ikkje aleine ansvaret for samarbeidet. Leiinga på skolen må ta ansvaret for at skolen har eit heilskapleg opplegg, og for at arbeidet blir evaluert både av personalet på skolen og av foreldra

  • Ein kan leggje til rette for samarbeidet med foreldra gjennom betre bruk av arbeidstidsavtalen til lærarane.

  • Dei formelle og uformelle møteplassane må vere i sentrum og utviklast.

Møreforsking kartla på oppdrag frå departementet undervisninga for barn og unge med særskilde behov i grunnskolen og i den vidaregåande skolen (Moen og Øie,1994). I rapporten heiter det at det er noko overraskande at skolane berre har samarbeid med foreldra til 57 pst av elevane. Det vart utarbeidd ein individuell opplæringsplan for 46 pst av elevane som får spesialundervisning. Men berre for 9 pst av elevane med ein slik plan har foreldra vore med på å utforme planen.

Møreforsking har gjennomført ei omfattande evaluering av omstruktureringa av spesialundervisninga(Skårbrevik 1996). Evalueringa syner at om lag halvparten av foreldra er svært godt nøgd med samarbeidet med skolen. Holdninga er mest positiv på småskolesteget og lågast på ungdomssteget. Holdningane frå foreldra er generelt noko meir positive enn ei tilsvarande undersøking i 1993 (Moen og Øie, 1994). Møreforsking meiner at ein overraskande stor del av foreldra ikkje har hatt kontakt med den pedagogisk-psykologiske tenesta. 40 pst av foreldra meiner dei har fått nok informasjon om dei rettane barna deira har. Dei aller fleste lærarane seier dei har samarbeidd med foreldra, og i grunnskolen vurderer læraren dette som nyttig i over 90 pst av tilfella.

I samband med omstruktureringa av spesialundervisninga vart det sett ned eit sentralt brukarforum, med 29 organisasjonar som medlemmer. Forumet skal vere ein møteplass mellom departementa og brukarorganisasjonane. Intensjonen er at brukarane skal komme tidleg med i avgjerdsprosessen. Forumet melder om at foreldre til funksjonshemma barn har vanskar i samarbeidet med skolen og med PP-tenesta.

3.2.2 Samarbeidet på skolenivå

Departementet fekk gjennomført ei undersøking våren 1997 om arbeidet i Foreldrerådets arbeidsutval (FAU). Undersøkinga vart gjennomført av Feedback Research AS. Det vart sendt spørjeskjema til 1000 skolar over heile landet. 51 pst sende inn svar. Svara må tolkast med varsemd fordi svarprosenten er så låg. Undersøkinga viste mellom anna:

  • 94 pst av skolane hadde valt klassekontaktar.

  • 13 pst av skolane hadde skipa til kurs for klassekontaktane.

  • 79 pst av FAU fekk informasjon om oppgåvene og rollene sine frå rektor, og 64 pst frå det avtroppande FAU.

  • 86 pst av FAU hadde fått rundskriv og liknande informasjon frå Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG), medan 38 pst hadde fått frå kommunen og 27 pst frå departementet.

  • FAU samarbeider med skoleleiinga, med samarbeidsutvalet og klassekontaktane. Dei viktigaste samarbeidsoppgåvene er tilskipingar eller dugnader på skolen, trafikksikringstiltak og drøfting av satsingsområda på skolen.

  • 67 pst av FAU meinte dei hadde eit godt eller svært godt samarbeid med samarbeidsutvalet, og 87 pst sa tilsvarande om samarbeidet med leiinga på skolen

  • 51 pst av FAU var bedne om å vere med i drøftingar i kommunen om saker som galdt deira eigen skole

  • 93 pst sa dei hadde fått Foreldrekontakten frå FUG

Det ligg ikkje føre noka systematisk oppsummering på landsplan frå forsøk med å gje foreldra større medverknad på skolenivå. Departementet har i samband med meldingsarbeidet samla inn materiale gjennom utdanningskontora for å få meir oversikt over korleis samarbeidet mellom heimen og skolen fungerer, og kva som blir gjort for å auke foreldreengasjementet i skolen. Dette viser at det svært mange stader er eit konstruktivt og aktivt samarbeid mellom heimen og skolen, og at mange foreldre er engasjerte. Det skjer stort sett innanfor rammene av grunnskolelova.

Departementet har valt å trekkje fram nokre få døme på utviklingsprosjekt for å betre samarbeidet på skolenivå. Desse døma er valde fordi prosjekta er systematisk evaluerte av eksterne fagmiljø, og resultata er godt dokumenterte.

SUND KOMMUNE

I perioden 1988-1991 vart det gjennomført eit frikommuneforsøk i Sund kommune, Hordaland. Det var eit omfattande organisasjonsutviklingsprosjekt med tre delprosjekt; lokale skolestyre, utvikling av skolane til lokale kultursentra og utvikling frå fagdelt til emnedelt undervisning. Forsøket med lokale skolestyre vart vidareført til 1995. Kommunal- og arbeidsdepartementet godkjende 27. juni 1988 ei føresegn om frikommunevedtekt om lokalt skolestyre. Det heiter i føremålet:

«Føremålet med lokale skolestyre er å gje foreldra reell medverknad gjennom eit forpliktande samarbeid med skolen, og gje dei tilsette sterkare innverknad og medverknad på eigen arbeidsplass.»

Foreldra fekk fleirtalet i styret. Dei vart valde på eit eige valmøte for alle foreldre med barn på skolen. I tillegg var det representantar for dei tilsette, valde eller utnemnde av arbeidstakarorganisasjonane. Rektor var sekretær. Styret avgjorde sjølve kven andre som hadde rett til å møte. Styret hadde avgjerdsrett i saker som gjeld (§ 3 i føresegna):

  • skolebudsjettet innanfor dei tildelte rammene

  • opningstida på skolen

  • organiseringa av undervisninga

  • timeplanen

  • det lokale læreplanarbeidet

  • fag- og timebyteplanen

  • ordensreglane

I rapport nr. 1/91 frå Vestlandsforsking (Fosse 1991) er forsøket evaluert. Dei følgde prosjektet dei to første åra. Evalueringsmetoden har vore dokumentanalyse og intervju med deltakarane på fire lokale skolestyre og den politiske og administrative leiinga i kommunen. Rapporten dreg mellom anna desse konklusjonane:

  • I utgangspunktet meinte foreldra at skolen og foreldra hadde felles interesser, og at skolen skulle vere eit forum for reelt samarbeid mellom heimen og skolen. Men dei kjende seg «overkøyrde». Det vart grunngjeve med at dei mangla kunnskap om skolen, lærarane var fagfolk, medan foreldra var lekfolk, foreldra opplevde at lærarane dreiv fagforeiningspolitikk i styret, og foreldra var usikre på kven dei var representantar for.

  • Foreldreinnverknaden i styret var heilt avhengig av dei holdningane rektor hadde til foreldremedverknaden og av korleis rektor la opp møta i styret. På dei fleste skolane opplevde foreldra at dei ikkje hadde særleg innverknad.

  • Foreldra hadde vanskar med å få sine syn igjennom. Dei opplevde skolen som gjennomregulert, og at lærarane hadde stor makt.

  • Det store fleirtalet av foreldre var ikkje meir engasjerte enn tidlegare. Vestlandsforsking peikar på at det kan ha kulturelle forklaringar. I kommunen har primærnæringane tradisjonelt dominert, utdanningsnivået har vore lågt, og det har vore stor respekt for læraren. Det kan og ha samanheng med at foreldra er mest interesserte i sine eigne barn, ikkje i dei prinsipielle sakene styret avgjer.

Vestlandsforsking stiller seg tvilande til om dei lokale skolestyra, slik dei fungerte i Sund, representerer eit aukande demokratisk element. Etter at forsøksperioden vart avslutta, har kommunen gått tilbake til samarbeidsutval i samsvar med grunnskolelova.

KRISTIANSAND KOMMUNE

Agderforsking har gjennomført (Hernes 1993) ei evaluering av forsøk med større sjølvstyre på fire skolar i Kristiansand. I styra har ingen grupper fleirtal. Styret fekk avgjerdsrett på visse område, mellom anna til ein viss grad rett til å omdisponere innanfor budsjettet. Rektor er sekretær. Foreldra blir valde i direkte val. Evalueringsmetoden var ei etterundersøking (spørjeskjema og intervju) på dei fire forsøksskolane samanlikna med fire andre skolar i kommunen. Det vart ikkje gjort føranalysar, slik at ein ikkje kan seie noko heilt sikkert om kva som har skjedd på dei fire forsøksskolane i forsøksperioden. I evalueringa kom desse hovudkonklusjonane fram:

  • Både foreldra og rektor på dei sjølvstyrte skolane oppfatta at dei hadde fått større innverknad i styret samanlikna med det dei hadde i det tidlegare samarbeidsutvalet. Lærarane meinte dei hadde fått mindre makt. Både foreldremedlemmer i styret og klassekontaktane meinte dei fekk større gjennomslag for idear og framlegg enn tidlegare.

  • Styret vart oppfatta som eit organ med innverknad på skolen, i motsetnad til samarbeidsutvalet.

  • Det var meir diskusjon og usemje i styret enn i det tidlegare samarbeidsutvalet, men ingen faste konstellasjonar i diskusjonane.

  • Det var betre kontakt mellom foreldra i styret og klassekontaktane enn tidlegare.

  • Foreldra og lærarane hadde fått større innsikt i rollene til kvarandre etter at sjølvstyret vart innført.

  • Auka handlefridom (omdisponeringar) vart bruka til beste for elevane.

  • Det var betre relasjonar mellom skolen og foreldra og betre interne tilhøve på forsøksskolane enn på dei fire andre skolane som vart evaluerte. Med den evalueringsmetoden som er vald, er det likevel usikkert om det har samanheng med forsøket eller med særlege tilhøve på skolane.

Bystyret i Kristiansand har vedteke at større sjølvstyre etter kvart skal gjennomførast på alle skolane i kommunen.

OSLO KOMMUNE

Det er gjennomført forsøk med desentralisering og større sjølvforvaltning på skolane i Oslo sidan midt i 1980-åra. Frå 1. januar 1990 vart det etablert styre på ti grunnskolar, med større ansvar og avgjerdsrett og med foreldra i fleirtal. Rektor var sekretær, men ikkje medlem av styret. Ni andre skolar vart valde som referanseskolar for å få fram røynsler frå forsøket.

Kort tid etter at forsøka tok til, kom St meld nr 37 (1990-91) Om organisering og styring i utdanningssektoren. Det blir der peika på at driftsstyre på skolane kan vere ein veg å gå. Dei ni referanseskolane vart spurde om å vere med i eit forsøk med eit slikt driftsstyre. I tillegg til dei ni referanseskolane vedtok kommunen - etter ønske frå skolane - at fire av skolane med foreldrefleirtal i styra skulle setje i gang med eit slikt forsøk frå mars 1992 (tre av skolane hadde ungdomssteg). På den måten fekk ein to ulike forsøk i kommunen, med og utan foreldrefleirtal, på kort tid.

Måla for forsøka med foreldrefleirtal var mellom anna å:

  • leggje til rette for eit meir forpliktande samarbeid og la foreldra få ein reell innverknad på skolen

  • la skolane sjølve prioritere oppgåvene sine og disponere ressursane

  • gjere skolane i stand til å møte utfordringane i Mønsterplanen (M 87)

  • gje rektor handlingsrom til å leie drifta og gje dei tilsette større innverknad

  • få betre pedagogiske resultat

Styra fekk delegert avgjerdsrett for oppgåver det tidlegare samarbeidsutvalet i stor grad kunne uttale seg om. Styret fekk ikkje personalansvar og kunne berre omdisponere driftsmidlar (ikkje mellom lønn og drift).

Både prosjektet med foreldrefleirtal i styret og forsøket med driftsstyre vart evaluerte av Senter for lærarutdanning og skoleteneste på Universitetet i Oslo. Senteret kom først inn etter at forsøket med foreldrefleirtal hadde gått i om lag to og eit halvt år. Det vart gjennomført ei spørjeskjemaundersøking med alle deltakarane i dette prosjektet, og intervju etterpå med representantar for alle gruppene. Undersøkingane gjer at ein i rapporten dreg desse konklusjonane frå forsøka med foreldrefleirtal (Aaserud 1992):

  • Rektorane har stor og avgjerande innverknad på kva for saker styret har teke opp. Det blir og stadfesta av dei rektorane som vart intervjua. Ingen av dei rektorane som vart intervjua, såg det som noka ulempe at dei ikkje hadde røysterett i styret.

  • Styra fekk ikkje særleg delegert avgjerdsrett og hadde avgrensa innverknad på verksemda i skolen. Det hadde samanheng med at det samtidig var økonomiske innstrammingar i skolen slik at det ikkje var reelt handlingsrom, få oppgåver delegerte frå skolesjefen og ingen dispensasjon frå det regel- og avtaleverket som galdt.

  • Det var eit stort engasjement mellom deltakarane i styret, men ein greidde ikkje å engasjere foreldre eller lærarar utanom styret i større grad. Det ga ikkje foreldra som gruppe større innverknad i skolen.

  • Rektor hadde stort handlingsrom.

  • Det var eit svært godt samarbeid i styret. Foreldra, dei tilsette og rektor opplevde at dei arbeidde mot det same målet. I dei få tilfella styret tok opp saker som vart oppfatta som pedagogiske, var det ein viss tendens til maktkamp og interessemotsetningar.

Når det gjeld forsøka med foreldrefleirtal, konkluderer rapporten med at det ikkje synest å vere mogeleg å få ein særleg grad av sjølvforvaltning innanfor det regel- og avtaleverket som gjeld. Det blir peika på faren for at foreldra kan bli gislar for krav og ønske frå dei tilsette. Dersom norsk skolepolitikk i åra framover utviklar desentraliseringa vidare, konkluderer rapporten med at det er best at ingen interessegrupper i skolen har fleirtal. Det er ein føresetnad at det blir færre bindingar i sentrale avtalar og føresegner. Det heiter vidare:

«Skal brukerinteressene reelt komme sterkere inn i skolen, må det jobbes på to plan. Det er viktig å bygge videre på styringssystemer der foreldre og elever trekkes inn i beslutningsprosesser på organisasjonsplan, ved representasjon i skolens driftsstyrer. Men like viktig, for mange kanskje viktigere, er å arbeide videre med et mer forpliktende samarbeid mellom ansatte (lærere) og brukere (elever og foreldre) på individ- og klassenivå i skolen. Her er engasjementet i hele foreldregruppen bedre, og muligheten for å påvirke den pedagogiske virkeligheten større.»

I forsøka med driftsstyre var styret på seks medlemmer; rektor (leiar), to lærarrepresentantar, éin frå andre tilsette og to foreldrerepresentantar valde av FAU. To elevar var til stades utan røysterett. Inspektøren var sekretær. Driftsstyret i grunnskolen hadde oppgåver og ansvar som samarbeidsutvalet. I tillegg tilsette det i vikariat og engasjement, og kom med fråsegn i samband med tilsetjing i faste stillingar på skolen. I sluttrapporten frå forsøket (Anker og Hauge 1993) heiter det at forsøka viste at det var potensiale for å involvere deltakarane på ein meir forpliktande måte. Engasjementet var avhengig av interessa og av kompetansen til styremedlemmene og av den leiarforma rektor valde. Til no hadde forsøka ikkje ført til større foreldreengasjement.

3.2.3 Foreldreengasjement på kommunenivå

Kommunale foreldreutval tek opp saker av felles interesse for alle foreldre med barn i grunnskolen i ein kommune. Dei arbeider med å støtte foreldrearbeidet på skolane og med skolepolitiske saker overfor den administrative og politiske leiinga i kommunen. Utvala blir valde av representantar for foreldra på alle grunnskolane i kommunen.

Det er som nemnt inga lovregulering av foreldreengasjementet på kommunenivå. Likevel blir det etablert kommunale foreldreutval i stadig fleire kommunar. Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) gjennomførte våren 1994 ei spørjeundersøking til alle kommunane. Undersøkinga synte at det var etablert kommunale foreldreutval i 124 kommunar, og at fleire utval var under etablering. Pr. 1. februar 1997 har FUG registrert 162 kommunale foreldreutval. Det er ikkje gjort noka systematisk evaluering av kva dei kommunale foreldreutvala arbeider med eller har fått til. Undersøkinga frå 1994 gjev desse opplysningane:

  • kommunen tok initiativet til å etablere 50 pst av utvala, foreldra 37 pst og foreldra i samarbeid med skoleadministrasjonen i 11 pst

  • meir enn 70 pst av utvala får praktisk hjelp frå kommunen, og 66 pst av utvala møter i det politiske utvalet, som har ansvaret for skolesaker (dei fleste med møte- og talerett)

Dette viser at det mange stader er eit nært samarbeid mellom det kommunale foreldreutvalet og kommunen. Endå om det berre er kommunale foreldreutval i godt og vel ein tredel av alle kommunane, femner det om alle større kommunar og ein stor del andre kommunar med fleire grunnskolar. Det relativt sett store talet på kommunale foreldreutval er eit uttrykk både for at ein lokalt kan trenge eit slikt samarbeidsutval, og syner at mange foreldre engasjerer seg i skolesaker ut over det som direkte har med eige barn å gjere.

3.2.4 Foreldreengasjement på nasjonalt nivå

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) er eit lovfesta, rådgjevande organ oppnemnt og finansiert av departementet. Utvalet skal ha leiar, nestleiar og fem andre medlemmer. Funksjonstida er fire år. Medlemmene bør ha barn i grunnskolealderen eller i førskolealderen og ha arbeidd aktivt som foreldrerepresentant i ein skole, barnehage, foreldreorganisasjon eller liknande. Det bør vere ein representant med funksjonshemma barn og ein med framandspråkleg bakgrunn i utvalet.

Departementet tek vare på sekretariatsoppgåvene til FUG. Utvalet skal ha eigen identitet gjennom logo og brevpapir. Utvalet legg vekt på å støtte arbeidet i dei kommunale foreldreutvala og klassekontaktane på skolane. Dei sender ut eit informasjonsskriv («Foreldrekontakten» - tidlegare «FUG-skriv») til alle skolane fire gonger i året og gjev ut mykje informasjonsmateriell for å betre samarbeidet mellom heimen og skolen. Foreldrekontakten har eit opplag på 110 000 eksemplar, og det blir i tillegg selt om lag 25 000 andre publikasjonar kvart år. Utvalet kjem med råd til departementet på eit tidleg tidspunkt i saker som er viktige for foreldra, til dømes læreplanarbeidet, og er formell høyringsinstans når utkast blir sende på høyring.

I ei spørjeundersøking til Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) frå juni 1997 viser det seg at heile 93 pst kjenner til Foreldrekontakten. Berre 7 pst seier at dei ikkje kan hugse å ha fått noko eksemplar av dette skrivet.

Sekretariatet til FUG får svært mange spørsmål både frå foreldra og skolane. Sekretariatet opplyser at dei i gjennomsnitt får om lag 200 telefonar kvar veke. Spørsmåla gjeld mellom anna foreldrerettar og lover, korleis foreldra skal gå vidare når dei er misnøgde med læraren, eller når det er andre konfliktar i skolesamfunnet, spørsmål om skolenedlegging og endringar i krinsgrenser, om inneklima og generell rettleiing til nye tillitsvalde foreldre.

Departementet er kjent med at fleire oppfattar det slik at Foreldreutvalet for grunnskolen ikkje er uavhengig av departementet. Det kan mellom anna ha samanheng med oppnemningsmåten og med plasseringa av sekretariatet. Departementet kjem tilbake til spørsmålet om den framtidige organiseringa av FUG i kapittel 6.

3.2.5 Oppsummering

Foreldra har stor interesse av det som skjer i skolen. Foreldra ønskjer samarbeid om eige barn og klassemiljøet. Forsøk viser at dei og er interesserte i samarbeid om innhaldet i undervisninga dersom læraren legg opp til konkrete og aktive samarbeidsprosessar.

Større ansvar til styret og større engasjement frå foreldra i styret fører ikkje automatisk til at foreldra elles blir meir engasjerte. Det verkar som om holdninga til rektor er viktigare for å få til eit breitt foreldreengasjementet enn den avgjerdsretten styret eller samarbeidsutvalet har.

Det er interessant å merke seg at talet på kommunale foreldreutval aukar. Det viser at mange foreldre er opptekne av skolesaker ut over sine eigne barn.

Departementet meiner at systemet med klassekontaktar er eit viktig grunnlag for å få til eit godt samarbeid og foreldreengasjement på klasse- og skolenivå.

3.3 Analyse av tilhøva i dei andre nordiske landa

3.3.1 Danmark

Danmark er det einaste landet i Norden der foreldra har fleirtal i styret på skolen. Styret har ikkje arbeidsgjevar- eller budsjettkompetanse. Dei tek for det meste opp prinsipielle spørsmål, medan skoleleiaren har det daglege ansvaret og tek alle konkrete avgjerder, jf kap. 2.2.1.

Etter initiativ frå Folketinget vart det i 1994 gjennomført ei evaluering av korleis endringane i folkeskolelova fungerte (Cranil 1994). 86 pst av kommunane har delegert avgjerdsrett i budsjettsaker (med stor rett til å disponere innanfor den budsjettramma kommunane har gjeve). 64 pst av kommunane har delegert avgjerdsrett på det pedagogiske området (til dømes fordele timerammer, spesialundervisning, skipe klassar, skole-/heimsamarbeidet). 40 pst av kommunane arbeider med ytterlegare desentralisering. Når det gjeld korleis dei ulike partane meiner endringane fungerer, er konklusjonane i rapporten at:

  • Kommunane er godt nøgde med omleggingane.

  • Tre firedelar av foreldra opplever samarbeidet med skoleleiinga som positivt. Men mykje er avhengig av holdningane til skoleleiaren.

  • Styra er ikkje nøgde med kontakten med kommuneleiinga. Styra meiner kommunen ikkje tek deira syn på alvor. På den andre sida meiner kommunepolitikarane at styra har mest makt i skolesaker etter administrasjonssjefen.

  • Skoleleiaren har stor innverknad på arbeidet i styret. Foreldra har fått større innverknad på avgjerder om det daglege livet i skolen. Men innverknaden blir mindre dess nærare ein kjem den konkrete undervisninga. Styra arbeider mykje med skole-/heimsamarbeid, budsjettet og med dei timetala faga skal ha på dei einskilde klassestega. Foreldrerepresentantane og skoleleiaren tek dei fleste initiativa til saker i styret.

  • Foreldrerepresentantane har problem med å halde god kontakt med andre foreldre på skolen, er usikre på sitt eige mandat og har vanskar med å engasjere andre foreldre.

  • Det er relativt lik blanding med foreldre av begge kjønn i styra. Personar over 40 år, relativt velutdanna, er overrepresenterte, særleg mellom leiarane i styra (men den skeive representasjonen er langt mindre enn i andre former for politisk deltaking).

  • 56 pst av foreldrerepresentantane er ikkje villige til attval. Det blir grunngjeve med at dei manglar reell innverknad, har for tronge rammer for avgjerdsrett, at det er vanskeleg å samarbeide med nokre skoleleiarar, eller at det er for tidkrevjande.

I rapporten heiter det at ei vellukka desentralisering krev at måla er velkjende, aksepterte av dei involverte partane og så presise at dei kan leggje ein praksis for arbeidet.

Skole og Samfund, som er medlemsorganisasjonen for foreldrerepresentantane i skolestyret, viser til fleire andre evalueringar som ikkje samsvarar med resultata til Cranil. Organisasjonen meiner særleg at det er for positive svar på korleis samarbeidet mellom foreldra og skoleleiinga fungerer. Det kan ha samanheng med korleis spørsmålet er stilt. Organisasjonen viser og til at mange ikkje vil ta attval, og at oppslutninga frå foreldra er redusert.

Skole og Samfund meiner foreldra blir motiverte for å vere med i verksemda på skolen når dei opplever at dei har reell innverknad på det som skjer i klasserommet. Organisasjonen gjorde overfor Folketinget framlegg om at styret burde få fullmakt til å ta konkrete avgjerder i saker som går på innhald og på kvaliteten på undervisninga. Dei meiner det må bli klarare ansvarsliner mellom kommunen, skolestyret og skoleleiaren.

I eit doktorgradsarbeid der ein følgde foreldra og dei tilsette på skolar i tre år (Nørgaard Kristensen, 1997), kjem det fram at foreldrerepresentantane i skolestyret er skuffa og frustrerte fordi dei opplever at dei prinsippvedtaka dei gjer, ikkje fører til endringar i klasserommet og undervisninga. Nørgaard Kristensen meiner derfor at skolestyret må ha innverknad på den daglege drifta.

I OECD-rapporten («Parents as Partners in Schooling, 1997) blir det hevda at nokre kommunar ikkje delegerer nok ansvar til styret, og at ein del rektorar held tilbake informasjon fordi dei ikkje vil involvere foreldra. Det blir hevda at foreldra er lite interesserte i å bruke den makta fleirtalet i styret gjev, men heller prøver å få til konsensus. Rapporten meiner det er ein stor mangel i systemet at foreldra ikkje er med på kommunenivå, til dømes på rektormøta.

Ei større undersøking mellom innbyggjarar i Danmark og Sverige (Andersen, Asbjørnsen og Hoff 1995) viser at 73 pst av dei danske foreldra meiner dei har godt eller svært godt høve til å påverke tilhøva på skolen til sine eigne barn. Den same undersøkinga viser at nesten alle av foreldra har vore på foreldremøte, og at halvparten har teke del i andre aktivitetar på skolen. Nesten halvparten av foreldra hadde teke initiativ til å påverke tilhøva på skolen til barna det siste året. Ein tredjedel av dei opplevde dei hadde kome igjennom med initiativet sitt. Endå om det er delte meiningar mellom foreldra om korleis dei fungerer i dei formelle posisjonane (skolestyret), viser undersøkingane at danske foreldre er engasjerte og meiner dei har innverknad på skolen, særleg i meir uformelle samanhengar.

3.3.2 Sverige

I Sverige har det vore liten tradisjon for foreldremedverknad i skolen jf. omtale i kap. 2.2.2. I den dansk-svenske undersøkinga ovanfor meiner berre 3 pst av dei svenske foreldra at dei har eit godt eller svært godt høve til å påverke tilhøva på skolen til sine eigne barn.

Av Bilden av Skolan 1996 frå Skolverket går det fram at få foreldre vel ein annan skole enn den næraste skolen. I fire av fem kommunar er det under 2 pst som vel annleis. Opp mot 15 pst brukar denne retten i nokre kommunar. Foreldre med høgt utdanningsnivå vel oftare andre skolar.

Dei fleste kommunane og skolane har planar for samarbeid mellom heimen og skolen. Likevel viser fleire undersøkingar, slik det går fram i Skolverket, at foreldra meiner dei har for liten innverknad. Forsøkslova som vart sett i verk 1. juli 1996, har vorte møtt med stor interesse og har sett i gang mykje debatt på skolane. Det er framleis for tidleg å dra konklusjonar om korleis lova fungerer. Pr. september 1997 arbeidde 52 skolar etter forsøkslova, og fleire ligg i startgropa, hevdar Skolkommitten.

Sverige har ein sjølvstendig foreldreorganisasjon, Riksförbundet Hem och Skola, der om lag 30-35 pst av foreldra med barn i grunnskolen er medlemmer. Dei opplever at skolane har større interesse for samarbeidet mellom heimen og skolen, og at fleire foreldre er opptekne av det som skjer i skolen. Likevel blir medlemstalet i organisasjonen redusert. Dei meiner sjølve det kan ha samanheng med at dei lokale foreiningane i stor grad driv med sosiale tilstellingar og ikkje lokale skolepolitiske saker.

3.3.3 Finland

Kommunane har ansvaret for drift av grunnskolen og avgjer korleis foreldremedverknaden kan organiserast, jf. omtale i kap. 2.2.3.

Dei store innsparingane kommunane måtte gjennomføre i 1990-åra, har ført til ein sterk auke i foreldreengasjementet. Styret kan ha vesentleg innverknad på skolen. Det er ikkje gjort nokon omfattande analyse av korleis dette fungerer. Det er likevel ein indikasjon at om lag 40 pst av alle kommunane har valt å ta vekk styret. Departementet arbeider med å utvikle eit nasjonalt evalueringssystem. Det ligg ikkje føre evalueringar av korleis samarbeidet mellom heimen og skolen fungerer, eller av korleis foreldra faktisk er engasjerte i skolesamfunnet.

3.3.4 Island

Det har skjedd store endringar i det islandske skolesystemet dei seinare åra, og det blir lagt stor vekt på foreldrerolla og medverknad frå foreldra i skolesamfunnet. Skolen blir rekna som eit samfunn med tre likeverdige partar: elevane, dei tilsette og foreldra. Det er brei politisk semje om å styrkje samarbeidet mellom heimen og skolen, jf. omtale i kap. 2.2.4.

Det er no reine foreldreforeiningar på godt og vel 50 pst av skolane, medan om lag ein tredel har foreldre-lærarforeiningar. Det er problem med å få engasjert foreldra fordi dei arbeider svært mykje (i 90 pst av familiane er begge i arbeid i tillegg til at minst éin har ekstrajobb), og fordi det mange stader er store avstandar til skolane. Ansvaret til familien har vore mykje debattert i det islandske samfunnet, og det er no ein klar tendens til at foreldra brukar meir tid saman med barna. Det er ikkje gjort noka systematisk evaluering av kva slags innverknad foreldra meiner dei har i høve til skolen.

Gjennom utdanningslova av 1995 vart det pålagt å etablere foreldreråd på alle skolar. Ei undersøking frå utdanningsdepartementet (Menntamálaráthuneytith, mars 1997) viste at det var etablert eit slikt råd på 71 pst av skolane eitt år etter. Jamvel om det var stor motstand frå lærarorganisasjonen og organisasjonen for rektorane mot obligatorisk foreldreråd, viste undersøkinga at dei fleste var einige i at det vart etablert eit foreldreråd. Det er attraktivt å vere med i foreldrerådet, fordi ein opplever at ein har innverknad på skolen. Etter så kort tid seier likevel 47 pst av skolane at dei har vurdert planen for verksemda, 31 pst har kravd opplysningar, og 27 pst har følgt med på korleis planane blir gjennomførte.

3.3.5 Oppsummering

Danmark skil seg ut som det nordiske landet utanom Noreg der foreldra meiner dei har eit særleg godt samarbeid med skolen og har innverknad på tilhøva til sine eigne barn på skolen. Det må vi sjå i ein historisk-kulturell samanheng. Dette er også grundig dokumentert i avhandlinga til Anders Lindbom (Lindbom 1994), der han analyserer utviklinga i foreldreinnverknaden i grunnskolen i dei tre skandinaviske landa. Det er viktig å merke seg at holdninga hos rektor til foreldredeltaking er avgjerande for om foreldrerepresentantane meiner styret på skolenivå fungerer bra.

Endå om foreldra er engasjerte i høve til sine eigne barn, har foreldrerepresentantane i skolestyret i Danmark vanskar med å halde god kontakt og skape engasjement hos dei andre foreldra. Det kan mellom anna ha samanheng med at foreldrearbeidet elles ikkje er organisert på skolane, og som foreldrerepresentantane i skolestyret kan halde kontakt med. Gjennom fleirtal i skolestyret har foreldra fått større innverknad på avgjerder om det daglege livet i skolen. Men innverknaden blir mindre dess nærare ein kjem den konkrete undervisninga. Interessa mellom foreldra for val til skolestyret er redusert, og fleire foreldrerepresentantar trekkjer seg i perioden. Det tyder på at skolestyret ikkje har fått den sentrale rolla i skolen som det var tiltenkt. Det står igjen å sjå om dei tiltaka som Folketinget no har vedteke, er nok til å auke interessa og skape auka engasjement mellom foreldra.

Det er interessant å merke seg at Sverige, der skolen tradisjonelt har vore sterkt statleg styrt, no opnar for større valfridom og foreldrefleirtal i styret på skolen. Det er for tidleg å dra konklusjonar om kva det fører til for foreldremedverknaden i skolen. På Island ser vi og ei utvikling med større vekt på samarbeid mellom heimen og skolen.

3.4 Analyse av tilhøva i andre land

3.4.1 Nederland

Etter utdanningslova skal det vere eit deltakarråd på alle skolar, med uttalerett. Styret har avgjerdsrett, men det kan ikkje avgjere viktige prinsipielle spørsmål utan at deltakarrådet er einig. Det er ikkje regulert gjennom lov om foreldra skal vere medlem i styret, jf. omtale i kap. 2.3.1.

Foreldreorganisasjonane meiner at jamvel om foreldra formelt sett kan ha stor innverknad på skolen, fungerer det ikkje slik i praksis. Både deltakinga og innverknaden frå foreldra varierer mykje. Dei fleste foreldra er særleg interesserte i sine eigne barn og i klassemiljøet. Foreldreorganisasjonane legg derfor vekt på å organisere foreldrearbeidet ut frå klassen. Dei prøver mellom anna å få til ordningar med klassekontaktar og heim-skolekontraktar for å klargjere plikter og rettar for både foreldra og skolen.

Ei evaluering (Smit og van Esch, 1993) syner at det ikkje er nokon samanheng mellom talet på aktivitetar utførte av foreldra, og storleiken på skolen.

I 1988 vart det gjort ei evaluering av kva innverknad styret meinte dei hadde, samanlikna med andre partar i skolesamfunnet (van Esch 1988). Det kom fram at skoleleiinga hadde mest innverknad i utdanningsspørsmål og organisasjonsspørsmål, medan styret særleg hadde innverknad på administrative spørsmål (økonomi og tilsetjingar).

Deltakarrådet synest i praksis ikkje å ha nokon særleg innverknad i skolen. Det er problem med å få foreldre til å stille opp og halde fram som representantar i rådet. Holdninga hos rektor til foreldremedverknad er særleg avgjerande for korleis samarbeidet fungerer.

60 pst av alle lærarar brukar foreldra i skolen, både til praktiske oppgåver og til hjelp med undervisninga. Det er vanleg at foreldra tek seg fri frå arbeidet for å kunne stille opp. Endå om foreldra på den måten kjem inn i skolen, viser røynslene at dei likevel ikkje får innverknad på sjølve undervisningsopplegget.

37 pst av folket i Nederland har innvandrarbakgrunn. Det blir gjennomført mange prosjekt for å få til eit betre samarbeid mellom skolen og foreldre frå språklege minoritetar. Det blir mellom anna mange stader etablert fora for mødrer som kan diskutere sin eigen situasjon og saker av felles innhald som har med skolen å gjere. Det er ikkje gjort noka systematisk evaluering av desse prosjekta. Men det ser ut som om slike fora kan vere eit viktig steg for å få foreldra meir engasjerte i skolen.

Det frie skolevalet har lang tradisjon og står sterkt i Nederland. Det er ikkje gjort systematiske evalueringar av kva for konsekvensar det har, til dømes for kvaliteten på skolen eller for samarbeidet mellom heimen og skolen.

3.4.2 England

I England må alle foreldre velje skole for barna sine. Det er eit styre på skolane med stort ansvar, og foreldra har ein firedel av representantane. Det er elles ikkje regulert gjennom den noverande lovgjevinga korleis foreldra kan organisere seg på skolenivå, kommunenivå eller nasjonalt nivå. Det blir lagt stor vekt på inspeksjon av skolane, jf elles omtale i kap. 2.3.2.

Det blir lagt stor vekt på å gje foreldra informasjon for å kunne velgje skole. Evalueringar (Counterpoint 1995) viser at foreldre med arbeidarklassebakgrunn har problem med å forstå den offisielle informasjonen. Dei hadde stor interesse for skolen. Dei ønskte særleg kontakt med læraren, men visste ikkje korleis dei skulle gjere det og korleis dei kunne støtte barna i undervisninga. Dei viktigaste informasjonskjeldene for dei var andre foreldre, deira eigne barn og andre barn.

Når elevar frå same område vel å gå på ulike skolar, blir elevar i eit område ikkje så godt kjende med kvarandre og det blir vanskelegare å få skolen til å fungere som eit senter for nærmiljøet.

Ei anna undersøking (COI Research Unit, 1995) viser at 40 pst av foreldra med barn i skolepliktig alder visste lite om skolen generelt og om utdanningssystemet.

Når det galdt kontakten med skolen, viste det seg at i det siste året hadde:

  • 69 pst vore på eit foreldremøte

  • 66 pst vore på møte eller diskutert med læraren til barnet

  • 18 pst vore på møte i heim-skoleforeininga

  • 11 pst vore på det årlege møtet med styret på skolen

90 pst av foreldra var einige i at dei burde bli oppmuntra til å bli meir involverte i opplæringa av sine eigne barn. 53 pst sa dei ville hjelpe barna meir med opplæringa, men opplevde at dei ikkje visste nok til å greie det.

Utdanningsdepartementet meiner at det årlege foreldremøtet ikkje fungerer fordi foreldra kjenner seg som klientar overfor dei profesjonelle lærarane, fordi møta blir for formelle, og fordi mange foreldre ikkje vil involvere seg i skolen. Men undersøkingar viser og at foreldre som ikkje stiller opp på foreldremøta, meinte det var ei god ordning og at foreldra burde ha innverknad på korleis skolen vart driven.

Dei lokale heim-skoleforeiningane arbeider mykje med å samle inn pengar til skolane og skipe til ulike tilstellingar. Det er ikkje noko system for kontakt mellom foreldrerepresentantane i styret og andre foreldre med barn på skolen.

Det har mange stader vore problem med ansvarsdelinga mellom styret på skolen og rektor. Departementet har derfor satsa mykje på å lage retningsliner. Styret har eit stort ansvar, og departementet har som mål at styret skal vere ein kritisk venn for rektor og skolen. Ei evaluering (Early 1996) viser at berre 13 pst av rektorane meinte styret fungerte slik. Det er store skilnader i oppfatninga mellom rektor og leiaren av styret i synet på korleis styret fungerer.

Det er generelt ikkje problem med å rekruttere medlemmer til styret. Men det er svært vanskeleg å få medlemmer frå fattige strok og frå etniske minoritetar. Departementet har derfor gjennomført kampanjar for å få ei breiare rekruttering til styret. Det same rekrutteringsproblemet har også foreldre-lærarorganisasjonen NCPTA. Det er svært få tillitsvalde frå etniske minoritetar, og dei blir rekna som ein organisasjon for dei kvite.

3.4.3 Skottland

I Skottland kan foreldra søkje om å få barnet inn på ein annan skole enn ein skole i den skolekrinsen dei høyrer til. På skolane er det eit styre med lite ansvar og få fullmakter, og med foreldra i fleirtal. Skottland har nasjonale retningsliner for utdanning og legg stor vekt på kontroll, mellom anna gjennom HM Inspectors of Schools, jf. omtale i kap. 2.3.3.

Ei oppsummering frå HM Inspectors of Schools (Scottish Office, 1995) viser at foreldra stort sett er godt nøgde med skolen. Dei legg vekt på at det er ein god og venleg atmosfære på skolane, og det er eit godt samarbeid mellom den lokale foreldre-lærarorganisasjonen og styret på skolen, dersom dei har det. Foreldra meiner at det mest negative ved skolane er manglande trafikksikring. Den same undersøkinga viser at foreldre-lærarorganisasjonen ikkje berre arbeider med pengeinnsamling, men ofte assisterer i klasserommet - særleg i dei første skoleåra.

Styra vart første gong etablerte i 1989, og dei vart heile tida evaluerte fram til 1992 (MacBeath, McCaig og Thomson, 1992). Foreldrerepresentantane hadde generelt ei positiv holdning til arbeidet i styret. I ei seinare evaluering (MacBeath 1994) viser det seg at representantane i styret i større grad vart opptekne av å utvikle skolen og halde god kontakt med foreldra.

Rektor er sekretær for styret. I undersøkinga frå 1994 sa 41 pst at rektor hadde mest innverknad på styret, 36 pst svarte leiaren av styret og 7 pst andre foreldre.

Dei spurde og andre foreldre om dei kjende til arbeidet i styret. Jamvel om 90 pst var klar over at det var eit styre, visste 56 pst ikkje kva styret eigentleg gjorde. Nærare halvparten meinte likevel at styret gjorde ein god jobb.

3.4.4 Oppsummering

Både i Nederland, England og Skottland er det fritt skoleval, endå om ordninga er noko ulik i desse landa. Dette systemet stiller store krav til foreldra om å setje seg inn i aktuell informasjon. Røynslene frå England er at foreldre frå arbeidarklassen har problemer med å forstå den skriftlege informasjonen som kjem. Det er ikkje dokumentert at det frie skolevalet gjev foreldra meir innverknad i skolen.

Både i Nederland og i England har styra på skolane eit stort ansvar og store fullmakter. Det viser seg likevel at styremedlemmene meiner styret har avgrensa makt. Styret har i praksis liten innverknad på det som skjer i klasserommet. I alle land synest det å vere vanskeleg å få foreldre frå etniske minoritetar til å engasjere seg. Det er lite opplysningar om korleis foreldre med funksjonshemma barn er engasjerte i skolen og korleis samarbeidet mellom dei og skolen fungerer.

Det ser ut til å vere ein samanheng mellom ansvaret til styret og interessa for å vere med i dette arbeidet. Men det ser ikkje ut til å vere grunnlag for å trekkje nokon generell konklusjon om at meir ansvar til styre, der foreldra er med, automatisk fører til større foreldreengasjement mellom folk flest eller til at foreldra får meir innverknad på det som skjer i klasserommet.

Til forsiden