St.meld. nr. 21 (2000-2001)

Styrt val i 4. studieåret i allmennlærarutdanninga

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Regjeringa foreslår i denne meldinga at vedtaket om å styre studentane sitt fagval i 4. studieåret i allmennlærarutdanninga blir avvikla.

Ved behandling av St. meld. nr. 48 (1996-97) Om lærarutdanning og Innst. S. nr. 285 (1996-97) gjekk eit fleirtal på Stortinget (medlemane frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti) inn for ny hovudmodell i allmennlærarutdanninga. Modellen innebar mellom anna at matematikkfaget vart utvida frå 5 til 10 vekttal og at faget kristendomskunnskap med livssynsorientering på 5 vekttal vart erstatta med kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering på 10 vekttal. Omfanget av bundne fag vart såleis utvida frå 50 til 60 vekttal. Fleirtalet såg det som viktig at ikkje meir enn 60 vekttal vart bundne til obligatoriske fag fordi det kunne gjere valfridommen for liten og ha uheldige verknader både for studentar og fagmiljø ved utdanningsinstitusjonane. Fleirtalet fann derfor ikkje plass til engelsk innanfor dei obligatoriske faga. For å sikre at ein god del studentar likevel vel engelsk, gjekk fleirtalet inn for at den valfrie delen på 20 vekttal i 4. studieåret får to alternativ for studentane. Alternativ 1: 20 vekttal fritt val og alternativ 2: 10 vekttal fritt val + 10 vekttal styrt til engelsk. Den nye modellen inneber at allmennlærarstudentane berre kan velje eitt fag fritt i valfri del. Etter den tidlegare modellen kunne dei velje inntil 3 fag på 10 vekttal. Fleirtalet meinte departementet kunne endre styring av fagval til andre fag enn engelsk om det skulle syne seg naudsynt.

Også komitèens ulike mindretal hadde forslag om styrking av engelskfaget i lærarutdanninga, jf. Innst S. nr. 285 (1996-97).

Alternativet med 10 vekttal styrt til engelsk skulle ikkje gjelde for fordjupingsliner.

Framlegget frå Stortinget om styrt val, i første omgang til engelsk, vart følgt opp av departementet ved fastsetjing av rammeplan for allmennlærarutdanning 1. juli 1999. Hausten 2001 vil det første studentkullet som er utdanna etter ny modell starte på 4. studieåret, d.v.s. den valfrie delen av utdanninga.

På bakgrunn av at sektoren viste til uheldige konsekvensar av styrt val i 4. studieåret, sa departementet i St. meld. nr. 12 (1999-2000) . . . og yrke skal båten bera . . .:

«Innføringa av eit slikt bunde val 4. studieåret har konsekvensar når det gjeld høgskolane sitt fagtilbod i den valfrie delen, særleg med tanke på ikkje-obligatoriske fag som samfunnsfag, praktiske og estetiske fag og naturfag. Eit bunde val har i tillegg konsekvensar for institusjonane sine fagmiljø og avgrensar studentane sine høve til val. Konsekvensane av ordninga med styrt val 4. studieåret vil derfor bli følgde av departementet.»

Komitèens fleirtal, medlemane frå Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, meinte i Innst S. nr. 120 (1999-2000) blant anna at struktur og innhald i lærarutdanninga har innverknad på om ungdom søkjer til høgskolane for å utdanne seg til lærarar. Fleirtalet viste til at ein er i ferd med å gjennomføre ei ny reform i lærarutdanninga, men at det er viktig med stadig fornying og forbetring. Ved behandling av meldinga gjorde Stortinget følgjande vedtak:

«Stortinget ber Regjeringen, på bakgrunn av Innst. S. nr. 120 (1999-2000) og Mjøsutvalgets innstilling, på egnet måte komme til Stortinget med nødvendig vurdering av lærerutdanningen»

Departementet har i etterkant av Stortingets behandling av St. meld. nr. 12 (1999-2000) og Innst. S. nr. 120 (1999-2000) mottatt ei kartlegging og vurdering frå tidlegare Det norske høgskolerådet ved Nasjonalt råd for lærarutdanning når det gjeld ulike sider ved 4. studieåret i allmennlærarutdanninga. Det blir i brev til departementet blant anna vist til at ny rammeplan for allmennlærarutdanninga medfører ein reduksjon av valfri del av allmennlærarutdanninga frå 30 til 20 vekttal i tillegg til at det blir innført eit styrt val i engelsk 4. studieåret for dei studentar som tar 10 + 10 vekttalseiningar. Tal på studentar som vel å ta 10 vekttal engelsk blir avgjerande for tal på studieplassar ved andre 10 vekttalseiningar. Høgskolerådet meiner at konsekvensen av dette...

«gir færre studentar til dei 10 vekttalseiningane som ikkje er obligatoriske. Desse studieeiningane må nedbyggast og fagtilbodet ved høgskolane vil bli smalare. Dette fører til

  • at studiefag som er retta mot sentrale skolefag, står i fare for å falle bort som fordjupingsfag (både som 10 og 20 vekttalstilbod).

  • at allmennlærarstudentane som allereie har fått færre valfrie vekttal etter ny rammeplan og berre kan velje eitt fag (10 eller 20 vekttal), vil i tillegg få færre fag ved høgskolen å velje mellom. Allmennlærarutdanning vil framstå som mindre attraktiv.

  • redusert breidde i fagtilbodet, og færre 10 vekttalseiningar gjer at høgskolane i mindre grad kan imøtekomme lærarane sine vidareutdanningsbehov. Lærarane ønskjer tradisjonelt 10 vekttalseiningar som vidareutdanning framfor årseiningar. Høgskolane sitt tilbod til skoleverket blir dårlegare.»

Ut frå dette konkluderer det tidlegare høgskolerådet med at ordninga med binding av studentane sitt fagval bør avviklast.

Første studentkullet som gjennomfører allmennlærarutdanning etter ein rammeplan som krev styrt val tar til på sitt 4. studieår hausten 2001. Høgskolane har hausten 2000 kartlagt denne studentgruppa sine ønske for studieåret 2001/2002. Ut frå si kontakt med høgskolane, meiner Universitets- og høgskolerådet i brev til departementet at styrt val ikkje medfører at fleire studentar vel engelsk i 4. studieåret, slik intensjonen med ordninga var.

Statistisk Sentralbyrå har skoleåra 1998-2000 på oppdrag frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjennomført intervju av 5447 lærarar i grunnskolen for å kartleggje kva utdanning dei oppgjev å ha i fag som dei underviser i. 48 % av lærarane som underviser i engelsk seier at dei ikkje har utdanning i faget. På ungdomssteget er det om lag 20 % som ikkje har utdanning i faget, på mellomsteget er det 47 % og på småskolesteget 67 %. Av dei lærarane som har utdanning i faget, er det om lag 28 % som oppgjev at dei har 20 vekttal eller meir, 14 % har mellom 10 og 19 vekttal og 10 % har mellom 5 og 9 vekttal. Det er fleire yngre enn eldre lærarar som seier at dei har mindre enn 5 vekttal utdanning i faget.

Samanlikna med dei som underviser i andre fag, kjem engelsk godt ut på ungdoms- og mellomsteget og svakt ut på småskolesteget når det gjeld dei som har 10 vekttal fagutdanning eller meir. Det er få lærarar som seier dei har mellom 5 og 9 vekttal i engelsk samanlikna med andre fag.

3 av 4 førskolelærarar har ikkje formell kompetanse i engelsk. Dei fleste av desse arbeider på småskolesteget.

Statistisk Sentralbyrå har også stilt spørsmål til lærarane om korleis dei vurderer både sin eigen faglege og fagdidaktiske kompetanse i faga som dei underviser i. Lærarar i engelsk har i større grad enn andre vurdert sin eigen faglege innsikt til å vere over middels. Vidare kan det vere grunn til å merke seg at over 90 % av lærarane som underviser i engelsk oppgjev at dei ønskjer å halde fram å undervise i faget.

Til forsida