Forsida

St.meld. nr. 3 (2007-2008)

Statsrekneskapen for 2007

Til innhaldsliste

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen for 2007.

Denne meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen viser samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane visast òg overført løyving frå 2006 til 2007 og overført løyving frå 2007 til 2008. Kapitalrekneskapen viser staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld vidare oversyn over rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.

I meldinga blir det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det blir òg lagt vekt på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 blir det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i staten sine utgifter og skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov blir òg beskrive. I kapittel 2 er det gjeve ein nærare omtale av departementa sine område. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, medan det i kapittel 4 er gjort greie for staten sin balanse og finanspostar.

I tabellane i statsrekneskapen kan det som følgje av avrundingar vere avvik mellom sumtalet i tabellane og summen av dei enkelte tala som inngår i summen. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for den saka tabellen omhandlar under eitt.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2007 er 1 030,1 mrd. kroner, medan utgiftene er 715,1 mrd. kroner, jf. tabell 1.2. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda er 316,4 mrd. kroner, fordelt med 337,4 mrd. kroner i inntekter og 21,1 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda blei overførte til Statens pensjonsfond – Utland. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar er på 692,7 mrd. kroner, medan utgiftene er på 694,0 mrd. kroner. Statsrekneskapen viser dermed eit oljekorrigert underskot på 1,3 mrd. kroner.

Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2007 blei det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 2,8 mrd. kroner. Dette blei overført frå Statens pensjonsfond – Utland i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak på kap. 5800. Statsrekneskapen for 2007 blir dermed gjort opp med eit overskot på 1,5 mrd. kroner. Inntektene auka med vel 5,5 mrd. kroner, medan utgiftene auka med knapt 4,1 mrd. kroner samanlikna med anslaga i nysaldert budsjett 2007.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein gradvis og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi, om lag i takt med venta avkastning av Statens pensjonsfond – Utland. For å unngå ein budsjettpolitikk som medverkar til å gjere den økonomiske utviklinga ustabil, er bruken av petroleumsinntekter knytt til utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje til utviklinga i det faktiske, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Det oljekorrigerte budsjettunderskotet avheng ikkje berre av budsjettpolitikken, men òg av konjunktursituasjonen. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke ved eit konjunkturtilbakeslag, medan det vil falle i ein konjunkturoppgang. Om ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettunderskotet følgje utviklinga i avkastninga av Statens pensjonsfond – Utland, måtte ein stramme til politikken i ei nedgangstid, medan ein kunne senke skattane eller auke utgiftene ekstra i ei oppgangstid. Ein slik politikk ville vere etterspørselstimulerande i gode tider og etterspørseldempande i dårlege tider. Når ein styrer budsjettpolitikken etter eit mål for utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, er det mellom anna for å unngå denne typen medsyklisk politikk. For å kome frå det oljekorrigerte til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein følgjande korreksjonar:

  • For å reinse den oljekorrigerte budsjettbalansen for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, reknar ein budsjettverknadene av at skattegrunnlaga avvik frå trendnivåa. Vidare tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause avheng av konjunktursituasjonen.

  • Det blir korrigert for skilnaden mellom normalnivåa for staten sine renteinntekter og renteutgifter samt overføringane frå Noregs Bank og dei verkelege overførings- og rentestraumane.

  • Ein korrigerer òg for endringar i rekneskapstilhøve og i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar den underliggjande utviklinga i budsjettbalansen.

Ei rad andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for innrettinga av budsjettpolitikken. I tråd med dette utarbeider OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane er basert på meir aggregerte berekningar enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta. Det metodiske grunnlaget er likevel svært likt det ein nyttar ved dei norske utrekningane.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2007 er no rekna til 57,8 mrd. kroner. Dette er 13,2 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2007, der det strukturelle underskotet i 2007 blei 71,0 mrd. kroner.

Forutan netto kontantstraum frå petroleumsverksemda på 316,4 mrd. kroner og overføring frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet på 2,8 mrd. kroner, viser rekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland 74,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet i Statens pensjonsfond – Utland blei dermed 387,9 mrd. kroner i 2007. Samla sett blir statsrekneskapen og Statens pensjonsfond – Utland gjort opp med eit overskot på 389,3 mrd. kroner i 2007.

Ved utgangen av 2007 var den bokførte verdien av Statens pensjonsfond – Utland 2 018,5 mrd. kroner. Det er 235,7 mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2006. Forutan overskotet på 387,9 mrd. kroner er verdien av fondet auka med 2,4 mrd. kroner i samband med at staten har løyst inn aksjar i Statoil ASA i 2007, medan kurstap m.v. har redusert verdien av fondet med 154,7 mrd. kroner. Statoil ASA gjennomførte fleire tilbakekjøp av eigne aksjar i marknaden i 2006 for sletting. For å halde staten sin eigardel i selskapet uendra, har staten løyst inn ein proporsjonal del av sine aksjar i Statoil ASA. Inntektene blir overført Statens pensjonsfond – Utland. Saka er nærare omtalt i St. prp. nr. 69 (2006 – 2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007 og St. prp. nr. 28 (2007 – 2008) Ny saldering av statsbudsjettet 2007.

1.2 Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene gradvis blir fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland. Budsjettpolitikken skal medverke til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinene er å syte for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gir, kan brukast til å stimulere produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det være naudsynt å halde attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter målast ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Ved utrekning av det strukturelle, oljekorrigerte underskotet blir det mellom anna teke omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter endrar seg med konjunkturane og til endringar i rekneskapstilhøve, sjå boks 1.1.

1.3 Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2007 er bruken av petroleumsinntekter i 2007 no rekna til 57,8 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er 13,2 mrd. kroner lågare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2007, der det strukturelle underskotet i 2007 blei rekna til 71,0 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland i 2007 er rekna til 71,3 mrd. kroner, dvs. 13,5 mrd. kroner høgare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle underskotet svarer til 3,6 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg.

Endringane i statsbudsjettet som blei foreslått i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2007, innebar at talet for det strukturelle underskotet blei redusert med 3,2 mrd. kroner, til 67,8 mrd. kroner. Frå Revidert nasjonalbudsjett 2007 til nysaldert budsjett for 2007 blei det strukturelle underskotet redusert med ytterligare 9,2 mrd. kroner til 58,6 mrd. kroner, som følgje av lågare utgifter og ny informasjon om utviklinga i skatteinntektene.

Statsrekneskapen for 2007 viser at det faktiske, oljekorrigerte underskotet er 1,5 mrd. kroner lågare enn det som blei lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2007, i hovudsak som følgje av noko høgare skatteinntekter. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna 0,8 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Tabell 1.1 Den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen (tal i mill. kroner)

 2007
Oljekorrigert underskot på statsbudsjettet1 342
– Overføringar frå Noregs Bank ut over berekna trendnivå5 640
– Netto renteinntekter. Avvik frå berekna trendnivå-5 083
– Særskilde rekneskapstilhøve-2 096
– Aktivitetskorreksjonar-54 904
= Strukturelt, oljekorrigert underskot57 785

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen

Tabell 1.2 gir ein samla oversikt over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens pensjonsfond – Utland gjennom 2007.

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond – Utland auka med 22,3 mrd. kroner, frå 367,1 mrd. kroner i 2006 til 389,3 mrd. kroner i 2007. Utanom petroleumsverksemda auka inntektene med 74,3 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 31,7 mrd. kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskotet blei redusert med 42,7 mrd. kroner frå 2006 til 2007. Reduksjonen i det oljekorrigerte underskotet frå 2006 til 2007 må sjåast i samanheng med den høge aktiviteten i den norske økonomien, med sterk vekst i sysselsetjinga og høge skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg.

Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda blei redusert med 39,0 mrd. kroner, frå 355,4 mrd. kroner i 2006 til 316,4 mrd. kroner i 2007, i hovudsak grunna lågare produksjon. Statens pensjonsfond – Utland sine renteinntekter og utbyte auka med 18,6 mrd. kroner, frå 55,7 mrd. kroner i 2006 til 74,3 mrd. kroner i 2007.

Tabell 1.2 Inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens pensjonsfond – Utland 2007 (tal i mill. kroner)

    Rekneskap 2006Saldert budsjett 2007Nysaldert budsjett 2007Rekneskap 2007
Statsbudsjettet
1.A Inntekter i alt994 9041 026 1441 028 1571 030 124
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemda376 559384 493341 006337 446
A.2 Inntekter utanom petroleumsverksemda618 344641 651687 151692 678
B Utgifter i alt683 528715 393711 266715 077
B.1 Utgifter til petroleumsverksemda21 18219 60021 30621 056
B.2 Utgifter utanom petroleumsverksemda662 346695 793689 961694 021
Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-44 002-54 142-2 810-1 342
+Overført frå Statens pensjonsfond – Utland57 37254 1422 8102 810
=Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar13 370001 468
2.Statens pensjonsfond – Utland
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, blir overført til Statens pensjonsfond – Utland (A.1-B.1)355 377364 893319 700316 389
Overført til statsbudsjettet57 37254 1422 8102 810
+Renteinntekter og utbyte i fondet55 70975 30076 50074 302
=Overskot i Statens pensjonsfond – Utland353 714386 051393 390387 881
3.Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond – Utland
Samla overskot367 084386 051393 390389 349

1.5 Det oljekorrigerte underskotet

1.5.1 Utviklinga frå saldert til nysaldert budsjett

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2007 auka med 2,0 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar blei 4,1 mrd. kroner lågare i same periode.

Sett bort frå petroleumsverksemda var inntektene 45,5 mrd. kroner høgare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene var 5,8 mrd. kroner lågare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 2,8 mrd kroner i nysaldert budsjett for 2007, noko som er 51,3 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Nedgangen i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett kjem i hovudsak av auka skatte- og avgiftsinntekter på 41,8 mrd. kroner. Ein stor del av denne auken kan førast tilbake til konjunktursituasjonen.

Ei meir utførleg omtale av budsjettutviklinga gjennom 2007 fram til nysalderinga er gjeve i St.prp. nr. 1 (2007–2008) Statsbudsjettet 2008, St.meld. nr. 1 (2007–2008) Nasjonalbudsjettet 2008, St.prp. nr. 69 (2006–2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007, St.meld. nr. 2 (2006–2007) Revidert nasjonalbudsjett 2007 og St.prp. nr. 28 (2007– 2008) Ny saldering av statsbudsjettet 2007.

1.5.2 Nærare om utviklinga etter nysalderinga

I statsrekneskapen for 2007 er det oljekorrigerte underskotet 1,3 mrd. kroner. Dette er 1,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga, jf. tabell 1.2. Sett bort frå petroleumsverksemda auka både inntekter og utgifter, men inntektene auka altså noko meir enn utgiftene.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet blei endeleg fastlagt i nysaldert budsjett, utifrå å skulle dekkje det oljekorrigerte underskotet som då blei lagt til grunn. På denne bakgrunnen blir statsrekneskapen for 2007 gjort opp med eit overskot på 1,5 mrd. kroner. Endringa på 1,5 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • Inntektene utanom petroleumsverksemda auka med 5,5 mrd. kroner, frå 687,1 mrd. kroner til 692,7 mrd. kroner.

  • Utgiftene utanom petroleumsverksemda auka med 4,1 mrd. kroner, frå 690,0 mrd. kroner til 694,0 mrd. kroner.

Med i desse tala er auka inntekter og utgifter på 1,5 mrd. kroner frå standard refusjonar som ikkje blir budsjetterte med beløp på løyvingane i saldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna arbeidsmarknadsetaten og folketrygda som heimlar meirutgifter for statlege verksemder sine utgifter til arbeidsmarknadstiltak, lønn under fødsels- og adopsjonspermisjon, lønn til lærlingar og lønn under sjukdom.

Endringar i inntektene

Tabellen viser endringar i inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter samanlikna med nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg1 466
+ Aksjeutbyte og renteinntekter, inklusive renteinntekter under folketrygda og lån til helseføretaka15
+ Andre inntekter, netto2 581
= Auka inntekter utan standard refusjonar4 062
+ Meirinntekter frå standard refusjonar1 465
= Samla auka inntekter5 527

Inntektene utan meirinntekter i form av standard refusjonar for sjukepengar o.a. blei samla sett 4,1 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene auka med om lag 1,5 mrd. kroner, medan andre inntekter auka med 2,6 mrd. kroner. Av dette viser rekneskapen samla meirinntekter på 2,2 mrd. kroner på budsjettposter som det er knytte meirinntektsfullmakter til. Mellom anna blei inntektene til Nasjonalt Folkehelseinstitutt, Jernbaneverket, Statens vegvesen, Redningshelikoptertenesta og fylkesmannsembeta høgare enn budsjettert med for 2007. Nokre departement har òg høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Ut over dette omfattar meirinntektene under departementa mindre beløp for ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter o.a. Samla sett auka inntektene med 5,5 mrd. kroner frå nysaldert budsjett.

Endringar i utgiftene

Tabellen viser endringar i utgiftene utanom lånetransaksjonar og petroleumsutgifter i forhold til nysaldert budsjett. Hovudkomponentane er (tal i mill. kroner):

Oppstartstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar1 249
+ Momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar949
+ Stønader under folketrygda-128
+ Tilskot til Statens Pensjonskasse-167
+ Meirutgifter motsvara av reduserte overføringar til 2008992
+ Meirutgifter motsvara av meirinntektsfullmakter2 175
+ Andre utgifter-2 475
= Meirutgifter før standard refusjonar2 595
+ Meirutgifter motsvara av standard refusjonar1 465
= Samla auka utgifter4 060

I alt viser rekneskapen auka utgifter på 4,1 mrd. kroner i forhold til nysaldert budsjett.

Når ein ser bort frå auka utgifter som heng saman med meirinntekter frå standard refusjonar, viser rekneskapen 2,6 mrd. kroner høgare utgifter enn lagt til grunn i anslag på rekneskapen ved nysaldert budsjett. Med i denne netto auken ligg meirutgifter som må sjåast i samanheng med departementa og forvaltinga si bruk av meirinntektsfullmakter på 2,2 mrd. kroner.

To område med store meirutgifter er momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar og oppstartstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar i kommunane, der utgiftene blei høvesvis 0,9 mrd. kroner og 1,2 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Meirutgiftene til oppstartstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar må sjåast i samanheng med at det blei overført 1,3 mrd. kroner i unytta løyving frå 2006 til 2007, medan meirutgiftene til momskompensasjon kjem av høgare utbetalingar mot slutten av året enn opphavleg lagt til grunn.

Vidare gjekk overføringane frå 2007 til 2008 ned med om lag 1,0 mrd. kroner samanlikna med overføringane frå 2006 til 2007, jf. nærare omtale nedanfor.

Sett bort frå dei utgiftsendringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen for 2007 som er forklart ovanfor, er det dermed ei netto utgiftsreduksjon som fordeler seg på ei rekkje løyvingar.

Overført, unytta løyving til 2008

Overførte løyvingar frå 2007 til 2008, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, blei samla 1,0 mrd. kroner lågare enn overførte løyvingar frå 2006 til 2007. Fleirtalet av departementa har ein mindre auke i overførte løyvingar. For Justisdepartementet blei overførte løyvingar redusert med i alt 0,3 mrd. kroner, medan overførte løyvingar for Forsvarsdepartementet blei redusert med i alt 0,4 mrd. kroner. Overførte løyvingar for Arbeids- og inkluderingsdepartementet auka med i alt 0,4 mrd. kroner.

På Kommunal- og regionaldepartementet sitt område blei overførte løyvingar redusert med i alt 1,2 mrd. kroner. Det vesentlege av dette gjeld overførte løyvingar til tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, jf. omtala av auka utgifter ovanfor.

Overføring av unytta løyvingar utanom lånetransaksjonar dei siste fem åra (tal i mill. kroner):

ÅrOverført løyvingAuke/nedgang (-) frå førre år
2003–20046 484-554
2004–20056 54763
2005–20067 223676
2006–200710 0022 779
2007–20089 010-992

1.6 Veksten i utgiftene på statsbudsjettet

Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet skal vise utviklinga i utgiftene på statsbudsjettet frå eit år til eit anna. Når den underliggjande veksten i utgiftene blir rekna ut, korrigerast det for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for enkelte rekneskapsmessige forhold og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene blir det òg korrigert for prisendringar, slik at talet gir uttrykk for volumendringar knytt til driftsutgiftene, investeringane og overføringane på statsbudsjettet.

I Nasjonalbudsjettet 2007 var anslaget for den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet 2 ¾ prosent.

I nysaldert budsjett for 2007 blei den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet òg rekna til vel 2 ¾ prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2007 er veksten rekna til vel 2 ½ prosent, dvs. ei nedjustering med om lag ¼ prosentpoeng. I nysaldert budsjett blei meirutgifter motsvara av meirinntekter i 2006 trekt ut av nivået på dei samla utgiftene ved rekninga av den underliggjande utgiftsveksten, jf. tabell 1.4 i St.prp. nr. 28 (2007 – 2008). I 2006 blei desse meirinntektene rekna til 3,6 mrd. kroner. Utgiftene i rekneskapen for 2007 blei 4,1 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett, noko som mellom anna må sjåast i samanheng med meirinntekter i 2007. Ved rekninga av den underliggjande utgiftsveksten frå 2006 til 2007 er desse utgiftene no rekna med i utgiftsnivået. Samla sett er den nominelle utgiftsendringa frå 2006 til 2007 om lag den same som lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nedjusteringa av den reelle, underliggjande utgiftsveksten med ¼ prosentpoeng frå nysaldert budsjett er dermed knytt til høgare lønns- og prisvekst enn tidlegare lagt til grunn.

1.7 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.3 viser utviklinga i statsbudsjettet sitt finansieringsbehov. Samanlikna med rekneskapen for 2006 er lånebehovet utanom petroleumsverksemda auka med 27,7 mrd. kroner, frå 31,7 mrd. kroner i 2006 til 59,4 mrd. kroner i 2007. Endringane i gjeldsavdrag og tilbakebetalingar må sjåast i samanheng med innløysinga av kontolåna til Statens pensjonsfond – Noreg i 2006.

Utgiftene til utlån blei om lag 1,2 mrd. kroner høgare enn forventa ved nysalderinga. Endringane i utlån kjem fram slik (tal i mill. kroner):

Regionale helseføretak-297
Bustadlån til statstilsette389
Den norske stats husbank1 618
Innovasjon Noreg-537
Andre utlån, netto62
Samla endring utlån1 235

Tilbakebetalingane blei 0,3 mrd. kroner lågare enn rekna med ved nysalderinga. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå (tal i mill. kroner):

Den norske stats husbank271
Innovasjon Noreg-512
Andre låntakarar, netto-33
Samla endring i tilbakebetalingane-274

Netto utlån blei dermed 1,5 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Då rekneskapen viser eit overskot på 1,5 mrd. kroner, blei statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov uendra samanlikna med nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld blei om lag det same som i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov er dermed også om lag uendra samanlikna med nysaldert budsjett.

Inntekter på 2,4 mrd. kroner i samband med at staten har løyst inn aksjar i Statoil ASA blei overført til Statens pensjonsfond – Utland. Ved ein feil blei dette talet rekna med under tilbakebetalingar i nysaldert budsjett, noko som er årsaka til at det der er lagt til grunn eit samla anslag for tilbakebetalingar på 71,2 mrd. kroner, medan det rette skulle ha vore 68,7 mrd. kroner, jf. tabell 1.3. Dermed var òg anslaget for både netto og brutto finansieringsbehov for lågt i nysaldert budsjett.

Tabell 1.8 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2007 (tal i mill. kroner)

    Rekneskap 2006Saldert budsjett 2007Nysaldert budsjett 2007Rekneskap 2007
Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda
Utlån, aksjeteikning m.v.91 57189 26698 47499 710
Tilbakebetalingar171 43159 68268 73868 464
Statsbudsjettet sitt overskot13 370001 468
=Netto finansieringsbehov-93 23129 58429 73629 778
+Gjeldsavdrag124 93436 02029 64629 649
=Statsbudsjettet sitt brutto finansieringsbehov31 70465 60459 38259 428
Netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda
Sal av aksjar i Statoil ASA m.v.002 4422 442
Utlån, aksjeteikning m.v.0000
=Netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda blir overført til Statens pensjonsfond – Utland002 4422 442

1.8 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2007 viser at dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg auka frå 562,5 mrd. kroner i 2006 til 632,9 mrd. kroner i 2007, dvs. med 70,4 mrd. kroner eller 12,5 prosent. Sterkare auke i den økonomiske aktiviteten og i sysselsetjinga enn lagt til grunn hausten 2006 har ført til at skatte- og avgiftsinntektene blei 43,2 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett 2007. Den høge veksten understrekar at det har vore høg aktivitet i norsk økonomi. Skatte- og avgiftsinntektene blei 1,5 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2007.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 632,9 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2007 utgjorde skatt på inntekt og formue 174,2 mrd. kroner. Frå 2006 til 2007 auka inntektene frå skatt på inntekt og formue med 36,5 mrd. kroner, eller 26,5 prosent. Den høge veksten kjem i stor grad av at inntektene frå skattlegging av føretak har auka med opp mot 40 prosent, på grunn av høg aktivitet og lønnsemd i føretaka. Den høge veksten er òg knytt til ein reduksjon i skatteøren for kommunar og fylkeskommunar og motsvarande auke i satsen for fellesskatt til staten. Satsen for fellesskatt for forskotspliktige skattytarar blei auka frå 11,80 prosent i 2006 til 13,05 prosent i 2007.

Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 185,3 mrd. kroner i 2007, ein auke på 7,9 prosent frå året før.

Inntektene frå meirverdiavgifta steig med 8,5 prosent til 183,8 mrd. kroner i 2007.

Andre særavgifter og tollinntekter utgjorde til saman 89,5 mrd. kroner i 2007. Dette er 7,1 prosent meir enn i 2006.

1.9 Statens pensjonsfond – Utland

Endringar i verdien til Statens pensjonsfond – Utland kjem fram gjennom endringar i kontantstraumen, overføring av midlar til statsbudsjettet, netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda, direkte avkastning av fondet og endra verdivurdering av fondet sine eigedelar. Kontantstraumen er samansett av inntekter frå skattar og avgifter frå petroleumsverksemda, og inntekter og utgifter knytt til staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE).

Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta, blei 191,2 mrd. kroner i 2007.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar blei 3,8 mrd. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen. Betalt produksjonsavgift blei om lag som venta, medan betalt arealavgift blei 0,3 mrd. kroner lågare enn venta.

Inntektene frå avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda blei 15 mill. kroner lågare enn venta i nysalderingsproposisjonen.

Inntekter frå staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda

Inntektene frå SDØE er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. Nettoinntektene frå SDØE blei i nysalderingsproposisjonen rekna til 110,4 mrd. kroner, medan rekneskapen for 2007 er 111,2 mrd. kroner.

I tillegg inngår utbyte frå Statoil i netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda. I 2007 blei det utbetalt utbyte på 14 mrd. kroner frå Statoil til staten.

Endringar frå saldert budsjett til nysaldert budsjett

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett gjekk inntektene frå petroleumsverksemda ned med 43,5 mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda auka med 1,7 mrd. kroner. Den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda gjekk dermed ned med 45,2 mrd. kroner, frå 364,9 mrd. kroner til 319,7 mrd. kroner. Nedjusteringa må mellom anna sjåast i samanheng med lågare produksjon enn lagt til grunn i saldert budsjett, sjølv om høgare petroleumsprisar trekte i motsatt retning. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond – Utland auka med 1,2 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Anslaget for overføringa frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet gjekk ned med 51,3 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei betring av balansen for Statens pensjonsfond – Utland med 7,3 mrd. kroner.

Nærare om endringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen

Netto inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Reduserte petroleumsskattar og CO2-avgift-4 147
+ Auka inntekter frå statleg petroleumsverksemd587
+ Reduserte investeringar i statleg petroleumsverksemd m.m.249
= Netto endring petroleumsinntekter-3 311

Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda blei 3,3 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nettoinntektene gjekk ned frå 319,7 mrd. kroner til 316,4 mrd. kroner, jf. tabell 1.2. Inntektene frå statleg petroleumsverksemd, petroleumsskattar og CO2-avgift blei 3,6 mrd. kroner lågare, medan investeringsutgiftene blei vel 0,2 mrd. kroner lågare.

Det er overført 2,8 mrd. kroner frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet. Dette inneber at netto overføring til Statens pensjonsfond – Utland for 2007 samla sett er 3,3 mrd. kroner lågare i rekneskapen enn ein rekna med i nysalderinga. Netto kontantstraum fråtrekt overføringa frå fondet til statsbudsjettet blir dermed 313,6 mrd. kroner i 2007.

Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene og utbytet i fondet ned frå 76,5 mrd. kroner til 74,3 mrd. kroner. Samla blei overskotet i Statens pensjonsfond – Utland dermed 387,9 mrd. kroner i 2007, noko som er 5,5 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.

Når ein òg tek omsyn til kurstap m.v. på 154,7 mrd. kroner og inntekter i samband med at staten har løyst inn aksjar i Statoil ASA på 2,4 mrd. kroner, auka kapitalen i Statens pensjonsfond – Utland med i alt 235,7 mrd. kroner, frå 1 782,8 mrd. kroner ved utgangen av 2006 til 2 018,5 mrd. kroner ved utgangen av 2007.

Overføringa frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet over kap. 5800 blir rekneskapsført i samsvar med Stortinget sitt vedtak i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kap. 2800 er tilpassa kontantstraumen.

Til forsida av dokumentet