3 Statens pensjonsfond
Lov om Statens pensjonsfond trådde i kraft 1. januar 2006. Frå same dato er Statens pensjonsfond etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Fondet består av Statens pensjonsfond – Utland (tidlegare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond – Noreg. Verksemda i dei to fonda er ført vidare innanfor den nye overbygninga. Tabell 3.1 viser at samla verdi av dei to fonda var 2 135 833 mill. kroner ved utgangen av 2007, ein auke på 246 064 mill. kroner frå utgangen av 2006. Dei to fonda fører eigne rekneskap, og kapitalen i fonda blir teke med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.
Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond per 31.12. (tal i mill. kroner):
2006 | 2007 | |
---|---|---|
Statens pensjonsfond – Utland | 1 782 829 | 2 018 486 |
Statens pensjonsfond – Noreg | 106 940 | 117 347 |
Statens pensjonsfond samla | 1 889 769 | 2 135 833 |
3.1 Statens pensjonsfond – Utland
Inntektene og utgiftene til Statens pensjonsfond – Utland er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2007 er summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda og inntekter i samband med at staten har løyst inn aksjar i Statoil ASA som blir overført frå statsbudsjettet, og avkastninga av formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget 1. Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond, var det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet. Ifølgje handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svare til forventa realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland, berekna til 4 prosent. Tabellane 3.2 og 3.3 viser resultatrekneskapen og balansen for Statens pensjonsfond – Utland. Tabell 3.4 spesifiserer endringane i fondets balanse.
Rekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland blir ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Frå 1999 er rekneskapen ført etter prinsippet om marknadsverdi.
Resultatrekneskapen for 2007 viser at Statens pensjonsfond – Utland hadde inntekter på til saman 390 691 mill. kroner. Kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten utgjorde den største delen av desse inntektene med 316 389 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene og utbyte frå selskapa i porteføljen med vidare utgjorde til saman 74 302 mill. kroner i 2007 etter fråtrekk for forvaltningskostnader. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2007 blei det overført 2 810 mill. kroner frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet i 2007. Overskotet i fondet etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar blei dermed 387 881 mill. kroner.
Vidare hadde staten i 2007 inntekter i samband med at staten løyste inn aksjar i Statoil ASA for 2 441,9 mill. kroner 2. Beløpet blei overført til fondet i tråd med lov om Statens pensjonsfond §3, 2. ledd.
Omvurderingane i rekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland i 2007 utgjorde i alt ein nedgang på 154 666 mill. kroner. Av dette var 46 709 mill. kroner realiserte verdipapirgevinstar og 57 086 mill. kroner var urealiserte tap på verdipapir. Resultat frå handlar i futures-marknaden, frå handlar i opsjonar og frå aksje- og rentebyteavtaler utgjorde ein netto gevinst på 2 123 mill. kroner. Valutakursreguleringar førte til ein reduksjon i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 146 412 mill. kroner som følgje av ei styrking av kronekursen i 2007.
Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna inntekter i samband med at staten har løyst inn aksjar i Statoil ASA og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. For 2007 utgjer dette 316,0 mrd. kroner 3. Dei kontante overføringane frå statskassa til fondet gjennom året, blir fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing, der ein og tek omsyn til om det året før blei overført for mykje eller for lite.
For 2007 blei det samla overført 315,2 mrd. kroner. Overføringane fordelte seg slik:
Månad | Beløp i mrd. kroner |
---|---|
Januar | 35,1 |
Februar | 34,9 |
Mars | 25,0 |
April | 23,6 |
Mai | 23,7 |
Juni | 20,3 |
Juli | 23,2 |
August | 24,2 |
September | 28,4 |
Oktober | 30,2 |
November | 46,6 |
I 2006 blei det overført 0,7 mrd. kroner for lite frå statskassa til fondet samanlikna med netto avsetjing, jf. mellomrekninga med statskassa per. 31.12. 2006. Overføringane for 2007 utgjer 314,5 mrd. kroner når ein tek omsyn til dei 0,7 mrd. som blei for lite overført i 2006. Dei kontante overføringane i 2007 er etter dette 1,5 mrd. kroner mindre enn netto avsetjing til Statens pensjonsfond – Utland etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2007 er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at det blir korrigert for denne mellomrekninga saman med ei overføring til fondet tidleg i 2008.
Etter å ha korrigert for mellomrekninga med statskassa og trekt frå samla godtgjering til Noregs Bank, viser rekneskapen at den bokførte verdien av fondet ved utgangen av 2007 var på 2 018,5 mrd. kroner. Dette svarer og til marknadsverdien, jf. at fondet blir ført til marknadsverdi i rekneskapen.
Midlane i Statens pensjonsfond – Utland er plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar Statens pensjonsfond – Utland etter oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i utfyllande retningsliner definert nærare retningsliner for forvaltinga. I forskrifta om forvaltinga av fondet heiter det at Finansdepartementet skal definere ein såkalla referanseportefølje som utgjer grunnlaget for risikostyringa. Referanseporteføljen er sett saman slik at han skal representere ein nøytral investeringsstrategi innanfor dei retningslinene Finansdepartementet har fastsett. Vidare har Finansdepartementet sett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som det forventa standardavviket til avkastninga av den såkalla differanseporteføljen, som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St. meld. nr. 1 (1997 – 98) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har vore 1,5 prosent sidan målet blei innført i 1998. Referanseporteføljen har sidan 1998 blitt sett saman av 60 prosent renteberande instrument og 40 prosent eigenkapitalinstrument. Den delen som utgjer eigenkapitalinstrument er vedteke auka til 60 prosent og er under opptrapping til dette nivået.
Den 4. mars 2008 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for si forvaltning av Statens pensjonsfond – Utland. 4
Årsmeldinga til Noregs Bank beskriv korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i Statens pensjonsfond – Utland, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, blei forvalta i 2007. Bokført verdi av den særskilde porteføljen var 2 017,0 mrd. kroner ved utgangen av 2007 etter fråtrekk av forvaltningskostnader. Avkastninga på dei utanlandske investeringane i fondet blei på 4,3 prosent for heile 2007 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastninga på aksje- og obligasjonsporteføljane, viser tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 6,8 prosent, medan avkastninga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 3,0 prosent. Den vekta summen av avkastninga i dei to aktivaklassane svarar ikkje nøyaktig til den samla avkastninga. Årsaka er at avkastningstala for året er bygde opp ved å kjede månadlege avkastningstal for aktivaklassane og for totalen kvar for seg.
Verdien av den norske krona styrka seg mot valutakorga til Statens pensjonsfond – Utland i 2007. Dette førte til at verdien av fondet målt i norske kroner blei tilsvarande lågare. For heile året var den samla avkastninga -3,9 prosent målt i norske kroner. Det er likevel avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Den reelle avkastninga målt i utanlandsk valuta er rekna til 1,1 prosent.
Tala for avkastning er bruttotal då forvaltingskostnadene ikkje er trekte frå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 3.2 er forvaltingskostnadene trekte frå. Dei samla kostnadene til forvaltinga blir dekte av avkastninga til fondet i samsvar med forvaltingsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2007 utgjorde dei samla kostnadene for Pensjonsfondet – Utland 0,09 prosent av kapitalen. Dette omfattar avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar. Samla utgjorde forvaltingsgodtgjeringa til Noregs Bank 1 783 mill. kroner i 2007.
Det er gjeve ei nærare omtale i årsmeldinga for fondet. Noregs Banks årsrapport er utrykt vedlegg til St.meld. nr. 16 (2007–2008) Om forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2007.
Noregs Bank si forvalting av Statens pensjonsfond – Utland blir revidert av revisjonen til Noregs Bank, men Riksrevisjonen utfører òg eigne kontrollhandlingar. Noregs Banks revisjon er underlagt Representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Revisjonen til Noregs Bank etablerte i 2007 eit samarbeid med Deloitte AS for å styrkje kompetansen og møte særlege utfordringar i den finansielle revisjonen av kapitalforvaltninga. Revisjonen til Noregs Bank og Deloitte har saman stadfesta rekneskapsrapporteringa for Statens pensjonsfond – Utland for 2007. Den overordna revisjonen av Statens pensjonsfond – Utland er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer revisjonen sin på det arbeidet som blir utført av revisjonen til Noregs Bank.
Tabell 3.3 Resultatrekneskap for Statens pensjonsfond – Utland (tal i mill. kroner)
Kap | Post | Tekst | 2006 | 2007 |
---|---|---|---|---|
INNTEKTER: | ||||
5507 | Skatt og avgift på utvinning av petroleum: | |||
71 | Ordinær skatt på formue og inntekt | 78 015 | 70 281 | |
72 | Særskatt på oljeinntekter | 133 492 | 116 233 | |
73 | Produksjonsavgift | 42 | 0 | |
74 | Arealavgift m.v | 2 308 | 764 | |
Sum kap 5507 | 213 856 | 187 277 | ||
5508 | 70 | Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 3 405 | 3 385 |
5509 | 70 | Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen | 0 | 491 |
5440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda: | |||
24 | Driftsresultat | 124 861 | 108 817 | |
30 | Avskrivingar | 14 538 | 15 404 | |
50 | Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond | 462 | 1 137 | |
80 | Renter | 6 820 | 6 919 | |
85 | Renter på mellomrekneskapen | 24 | 11 | |
Sum kap 5440 | 146 705 | 132 287 | ||
5685 | 85 | Utbyte STATOIL | 12 593 | 14 006 |
Sum inntekter frå petroleumsverksemda | 376 559 | 337 446 | ||
UTGIFTER: | ||||
2440 | Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda: | |||
25 | Pro- et kontra-oppgjeret | 16 | 0 | |
30 | Investeringar | 19 967 | 19 951 | |
50 | Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond | 1 199 | 1 101 | |
Sum kap 2440 | 21 182 | 21 052 | ||
2442 | 70 | Tilskot til disponering av innretningar på kontinentalsokkelen: | 0 | 5 |
Sum utgifter til petroleumsverksemda | 21 182 | 21 056 | ||
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda overført til SPU frå statsbudsjettet (inntekt – utgift) | 355 377 | 316 389 | ||
Renteinntekter og utbyte m.v.1) | 55 709 | 74 302 | ||
Sum inntekter Statens pensjonsfond – Utland | 411 086 | 390 691 | ||
Overført frå SPU til statsbudsjettet | 57 372 | 2 810 | ||
Overskot i Statens pensjonsfond – Utland | 353 714 | 387 881 | ||
1) Dette talet utgjorde summen av desse postane (tal i mill. kroner). Sjå óg fotnote 2 til tabell 3.4: | ||||
2006 | 2007 | |||
Renteinntekter | 43 008 | 57 262 | ||
Utbyte | 14 232 | 18 823 | ||
Forvaltningsgodtgjering | -1 531 | -1 783 | ||
Sum | 55 709 | 74 302 |
Tabell 3.4 Balanse for Statens pensjonsfond – Utland per 31.12. av 2007 (tal i mill. kroner)
Aktiva | Passiva | ||
---|---|---|---|
Konto i Noregs Bank2) | 2 016 955 | Eigenkapital | 2 018 486 |
Mellomrekning med statskassa1) | 1 531 | ||
Sum | 2 018 486 | Sum | 2 018 486 |
1) Statsrekneskapen viser at netto avsetjing til Pensjonsfondet – Utland i 2007 blei 1 531 mill. kroner høgare enn det som faktisk blei overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.07 ei fordring for fondet på statskassa som blir innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av ein auke i overføringa til fondet i 2008.
2) I samsvar med forskrifta for forvalting av Statens pensjonsfond – Utland av 22. desember 2006 blir fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Balansen for Statens pensjonsfond – Utland fordelte seg slik per 31.12. (tal i mill. kroner):
EIGEDELAR 2006 2007
Innskot utanlandske bankar 13 154 23 905
Utlån knytt til gjensalsavtaler 619 746 669 607
Aksjar og andelar 720 195 945 113
Obligasjonar og andre renteberande papir 1 166 911 1 120 540
Finansielle derivatar *) 0 2 094
Andre fordringar 328 5 229
Sum finansielle eigedelar 2 520 334 2 766 488
GJELD OG EIGENKAPITAL
Kortsiktige innlån 57 187
Utlån knytt til gjenkjøpsavtaler 728 357 710 898
Uoppgjorte handlar 5 123 33 480
Finansielle derivatar*) 1 777 0
Annan gjeld 1 355 3 185
Påkommen forvaltningsgodtgjering 1 526 1 783
Sum finansiell gjeld 738 195 749 533
Eigenkapital 1 782 139 2 016 955
Sum gjeld og eigenkapital 2 520 334 2 766 488
*) Finansielle derivatar: Endring i marknadsverdi av finansielle derivatar er resultatført og inkludert i balansen. Slike posisjonar er tidlegare opplyste om under balansen, men er frå og med 2007 spesifisert i note til rekneskapen. (For nærare skildring av dei ulike derivata, sjå note 5 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2007.) (Tal i mill. kroner):
Finansielle derivatar | Eksponering | Verkeleg verdi | ||||
---|---|---|---|---|---|---|
Kjøpte | Selde | Eigedel | Gjeld | Verdi | ||
Valutahandlar | 61 402 | 278 | 430 | -152 | ||
Børsnoterte futures kontraktar | 119 875 | 147 379 | 539 | 785 | -246 | |
Rentebyteavtaler | 813 119 | 747 671 | 20 856 | 18 980 | 1 876 | |
Totalavkastningsbyteavtaler | 24 140 | 18 497 | 404 | 447 | -43 | |
Kredittbyteavtaler | 166 715 | 50 889 | 1 838 | 1 328 | 510 | |
Aksjebyteavtaler | 30 473 | 15 775 | 2 605 | 3 199 | -593 | |
Sum byteavtaler | 25 703 | 23 953 | 1 749 | |||
Børsnoterte opsjonar | 46 907 | 28 926 | 92 | 29 | 64 | |
Andre opsjonar | 146 951 | 78 694 | 3 720 | 3 040 | 680 | |
Sum opsjonar | 3 812 | 3 069 | 743 | |||
Sum derivatar | 30 331 | 28 237 | 2 094 |
Tabell 3.6 Spesifisering av endring i balansen for Statens pensjonsfond – Utland (tal i mill. kroner)
2006 | 2007 | ||
---|---|---|---|
Inngåande saldo 1.1. | 1 390 118 | 1 782 829 | |
Overskot | 353 714 | 387 881 | |
Sal av Statoilaksjar m.v. | 2 442 | ||
Valutakursreguleringar (gevinst/tap)1) | -24 232 | -146 412 | |
Urealiserte gevinstar/tap før valutakursregulering2) | 15 849 | -53 547 | |
Realiserte gevinstar/tap før valutakursregulering2) | 47 379 | 45 294 | |
Omvurderingar samla | 38 996 | -154 666 | |
Utgåande saldo 31.12. | 1 782 829 | 2 018 486 |
1) Noregs Banks resultatrekneskap for Statens pensjonsfond – Utland (tal i mill. kroner). 2006 2007
Renteinntekter innskot i utanlandske banker 137 431
Renteinntekter utlån knytt til gjensalsavtaler 25 717 33 564
Netto inntekt/kostnad – gevinst/tap frå:
Aksjar og andelar 104 667 41 627
Obligasjonar og andre renteberande verdipapir 11 710 19 750
Finansielle derivatar -85 5 265
Rentekostnad innlån knytt til gjenkjøpsavtaler -21 613 -32 509
Andre rentekostnader -60 -118
Andre kostnader -6 -179
Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar 120 468 67 831
Valutakursreguleringar -24 232 -146 412
Sum resultat 96 236 -78 581
Påkommen forvaltningsgodtgjering -1 531 -1 783
Årsresultat 94 705 -80 364
2) I note 1 til Noregs Banks resultatrekneskap for Statens pensjonsfond – Utland er resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar per 31.12.2007 spesifisert slik (tal i mill. kroner):
Renter | Utbyte | Real. gev./tap | Ureal. gev./tap | Sum | |
---|---|---|---|---|---|
Renteinntekter på innskot i utanlandske bankar | 431 | 431 | |||
Renteinntekter på utlån knytt til gjensalgsavtaler | 33 564 | 33 564 | |||
Netto inntekt/kostnad – gevinst/tap frå: | |||||
Aksjar og andelar | 938 | 18 823 | 61 925 | -40 058 | 41 627 |
Obligasjonar og andre renteberande verdipapir | 51 993 | -15 215 | -17 028 | 19 750 | |
Finansielle derivatar | 3 142 | -1 416 | 3 539 | 5 265 | |
Rentekostnad innlån knytt til gjenkjøpsavtaler | -32 509 | -32 509 | |||
Andre rentekostnader | -118 | -118 | |||
Andre kostnader | -179 | -179 | |||
Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar | 57 262 | 18 823 | 45 294 | -53 547 | 67 831 |
3.2 Statens pensjonsfond – Noreg
Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond – Noreg på oppdrag frå Finansdepartementet. Ved lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet blei Folketrygdfondet etablert som særlovsverksemd, jf. Stortingets handsaming av Ot.prp. nr. 49 (2006 – 2007). Denne lovendringa inneber at det formelle rammeverket for forvaltninga av Statens pensjonsfond – Noreg bringast i samsvar med praksis over tid, slik at Folketrygdfondet gjennom eiga lov no har status som sjølvstendig rettssubjekt. Ei ny forskrift for forvaltninga av Statens pensjonsfond – Noreg trådde i kraft 1. januar 2008 og erstatta forskrifta av 15. desember 2006. Det følgjer av den nye forskrifta at midlane i Statens pensjonsfond – Noreg kan plasserast i eigenkapitalinstrument og renteberande instrument. Det kan nyttast finansielle instrument, mellom anna derivat, i styringa av aksje- og renteporteføljen. Folketrygdfondet kan vidare inngå sals- og gjenkjøpsavtaler i høve til eigenkapitalinstrument og renteberande instrument der den som tilegnar seg instrumenta etter avtalen har plikt til å føre desse tilbake til seljar. Innafor ei ramme på 50 – 70 prosent av fondets kapital rekna til marknadspris skal midlane plasserast i eigenkapitalsinstrument teke opp til handel på regulerte marknadsplassar i Noreg (80 – 90 prosent) og Danmark, Finland og Sverige (10 – 20 prosent). Vidare skal fondets midlar innanfor ei ramme på 30 – 50 prosent plasserast i renteberande instrument kor utstedar hører heime i Danmark, Finland, Sverige og Noreg, eller har eigenkapital teke opp til handel på regulerte marknadsplassar i desse landa. I samband med den nye forskrifta er det også gjeve utfyllande retningsliner som gir nærare reglar om forvaltninga av Pensjonsfondet – Noreg.
Folketrygdfondet offentleggjorde i april 2008 årsmeldinga for forvaltning av Statens pensjonsfond – Noreg. Kapitalen i Statens pensjonsfond – Noreg var 117,3 mrd. kroner ved utgangen av 2007. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet var 70,1 mrd. kroner. Fondet hadde ein urealisert kursgevinst på slike verdipapir på 32,1 mrd. kroner. Marknadsverdien av dei samla renteplasseringane var 46,8 mrd. kroner per 31. desember 2007, jf. tabell 3.5. I tillegg kjem netto eigendelar og gjeld i hovudsak knytt til utlån av obligasjonar på 0,5 mrd. kroner.
I 2007 var inntektene i Statens pensjonsfond – Noreg (medrekna endring i urealiserte gevinstar) på 10 409 mill. kroner. Renteinntekter utgjorde 2 225 mill. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 2 018 mill. kroner. Dei realiserte verdipapirgevinstane var på til saman 5 157 mill. kroner. Samla administrasjons- og forvaltningskostnader var 53 mill. kroner.
Årsmeldinga til Folketrygdfondet skildrar korleis porteføljen av verdipapir i Statens pensjonsfond – Noreg blei forvalta i 2007. Avkastninga i fondet i 2007 var 9,8 prosent Avkastninga på plasseringane til fondet i norske renteinstrument var 3,0 prosent, medan avkastninga på norske aksjar var 16,4 prosent Avkastning av rente- og aksjeplasseringar i resten av Norden var på respektive 2,5 og 3,0 prosent.
Folketrygdfondets forvalting av Statens pensjonsfond – Noreg blei i 2007 revidert av Riksrevisjonen. For 2008 er det utpeika ein ekstern revisor som skal gjennomføre finansiell revisjon av Folketrygdfondet og av forvaltninga av Statens pensjonsfond – Noreg, medan Riksrevisjonen vil følgja opp og kontrollera Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. St.meld. nr. 1 (2007 – 2008) Nasjonalbudsjettet 2008 og St.meld. nr. 16 (2007 – 2008) Om forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2007.
Tabell 3.8 Resultatrekneskap for Statens pensjonsfond – Noreg (tal i mill. kroner)
2006 | 2007 | |
---|---|---|
Renteinntekter | 6 891 | 2 225 |
Aksjeutbyte | 1 564 | 2 018 |
Netto realisert verdipapirgevinst/tap frå: | ||
Renteplasseringar | 2 866 | -178 |
Aksjeplasseringar | 6 305 | 5 335 |
Netto endring urealisert verdipapirgevinst/tap frå: | ||
Renteplasseringar | -7 623 | -700 |
Aksjeplasseringar | 7 407 | 1 845 |
Netto andre inntekter frå: | ||
Renteplasseringar | 0 | -69 |
Aksjeplasseringar | 16 | -14 |
Sum resultat før kostnader | 17 426 | 10 462 |
Administrasjons- og forvaltningskostnader | 41 | 53 |
Resultat | 17 385 | 10 409 |
Tabell 3.9 Hovudtal i balansen for Statens pensjonsfond – Noreg per 31.12 (tal i mill. kroner)
2006 | 2007 | |
---|---|---|
Eigedelar | ||
Netto renteplasseringar frå: | ||
Norske renteplasseringar | 45 633 | 39 690 |
Nordiske renteplasseringar | 0 | 7 067 |
Netto aksjeplasseringar frå: | ||
Norske aksjeplasseringar | 52 471 | 60 253 |
Nordiske aksjeplasseringar | 10 937 | 9 831 |
Fordringar verdipapirhandlar | 66 | 715 |
Driftsmidlar m.v. | 10 | 9 |
Sum eigedelar | 109 117 | 117 565 |
Gjeld og eigenkapital | ||
Eigenkapital Statens pensjonsfond – Noreg | 106 940 | 117 347 |
Gjeld knytt til utlån obligasjonar | 2 171 | 209 |
Kapital og gjeld knytt til Folketrygdfondet | 6 | 9 |
Sum gjeld og eigenkapital | 109 117 | 117 565 |
Fotnotar
Overføringa frå fondet til statskassa blir fastsett i samband med Stortinget si handsaming av nysaldert budsjett i desember.
Inntekter i samband med at staten løyste inn aksjar i Statoil ASA blei inntektsført på kapittel 4811, post 96. Transaksjonen er omtala i St.prp. nr. 28 (2007-2008) Ny saldering av statsbudsjettet 2007, punkt 1.2, men det blei ved ein feil ikkje foreslått løyving på kapittel 2800, post 96. Transaksjonen er ført i medhald av lov om Statens pensjonsfond.
Netto avsetjing til fondet for 2007 (316,0 mrd. kroner) utgjer netto kontantstraum (316,4 mrd. kroner) pluss innløysing av aksjar i Statoil ASA (2,4 mrd. kroner) og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet frå fondet (2,8 mrd. kroner).
Årsmeldinga er om forvaltninga av Statens pensjonsfond – Utland, Noregs Banks valutareservar (investeringsporteføljen) og Petroleumsforsikringsfondet.