St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Den 29. mars 2004 vart alliansen utvida med Estland, Latvia, Litauen, Slovenia, Slovakia, Romania og Bulgaria. Forutan denne historiske hendinga var arbeidet i NATO i 2004 særleg prega av førebuingane til toppmøtet i Istanbul 28. og 29. juni og oppfølginga av dette. Toppmøtet førte fram til vedtak i ei rekkje spørsmål rundt omforminga av alliansen. Det førte òg til nye initiativ overfor ulike grupper partnarland og til eit initiativ om samarbeid med landa i den vidare Midtausten-regionen.

Semja om ei fellesfråsegn om Irak på grunnlag av FNs tryggingsrådsresolusjon 1546 viste også at det på begge sider av Atlanterhavet herska vilje til å byggje bru over motsetningane som handteringa av Irak-konflikten hadde skapt.

Det felles verdigrunnlaget som NATO-samarbeidet har kvilt på i meir enn femti år, ligg framleis fast. Verdien av NATO som viktigaste tryggingspolitiske forum for medlemslanda og som organ for dialog over Atlanterhavet vart stadfesta. Dette vart også tydeleg understreka på det uformelle NATO-toppmøtet 22. februar i år, der USA og Europa kvar for seg signaliserte ein klar vilje til å styrkje dialogen og samarbeidet innanfor NATO. På begge sider av Atlanterhavet ser ein det som viktig å styrkje samarbeidet og dialogen på transatlantisk plan for å kunne møte dei internasjonale tryggingspolitiske hovudutfordringane i tilknyting til internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

Motsetningane som kom til syne under Irak-konflikten, kom også til å prege drøftingane i alliansen i 2004. Erfaringane i 2004 synte likevel ein sterkare vilje frå amerikansk side til å gjere bruk av alliansen enn det ein hadde opplevd dei føregåande åra.

Frå norsk side har ein heile tida lagt vekt på å støtte opp om NATO som det sentrale forumet for konsultasjonar og samarbeid i spørsmål som vedgår fellestryggleiken i alliansen. Det har vore eit norsk siktemål at dialogen innanfor alliansen skal munne ut i felles konklusjonar og løysingar. Berre gjennom samla og koordinert internasjonal innsats kan vi effektivt løyse dei tryggingsutfordringane vi står overfor og mobilisere dei ressursane NATO og medlemslanda har til rådvelde.

Samarbeidet i NATO i 2004 var òg prega av ønsket om eit større europeisk ansvar for fellestryggleiken. Overføringa av fredsoperasjonen i Bosnia-Hercegovina frå NATO til EU i desember 2004 viser at samarbeidet mellom NATO og EU kan fungere godt.

Frå norsk side har vi likevel vore uroa over den manglande framgangen i arbeidet med å utforme eit breiare politisk og praktisk samarbeid mellom dei to organisasjonane. Vi ønskjer at det militære samarbeidet mellom NATO og EU skal femne vidt, og at også samarbeidet utover reint militære spørsmål må utdjupast. Dette vil begge organisasjonane vere tente med, men det vil særleg vere viktig for dei landa som berre er medlem av den eine. På den andre sida vil det ikkje vere heldig om EU-samarbeidet utviklar seg i ein slik grad at det går ut over den tryggingspolitiske leiarrolla til NATO.

Det er brei semje i alliansen om at NATO må halde oppe styrkenivået sitt i Kosovo. Uroa i mars 2004 viste kor ustabil situasjonen framleis er. Det er grunn til å tru at det kan oppstå auka spenning fram mot og under gjennomgangen av standardimplementeringa sommaren 2005, og eventuelle statusdrøftingar etter dette. Noreg vil yte eit vesentleg bidrag til KFOR også i 2005.

Utbygginga av ISAF-styrken i Afghanistan har halde fram i 2004. Styrken har medverka vesentleg til auka stabilitet i landet, og spela ei viktig rolle i samband med det vellukka presidentvalet i oktober. Det norske bidraget til ISAF, både i Kabul og til PRT-laget i Meymaneh nord i landet, har vore viktig for den samla NATO-innsatsen. Afghanistan vil vere ein hovudprioritet for alliansen i lang tid framover.

Hovudutfordringane det næraste året vil vere å støtte opp under parlamentsvala og å utvide ISAF i den vestlege og sørlege delen av landet. ISAF-styrken vil truleg også komme til å spele ei større rolle i samband med opplæring av den afghanske hæren og i kampen mot narkotika, slik dei avtala allianseretningslinjene legg opp til. Frå norsk side tek vi sikte på å yte solide bidrag til ISAF også i tida framover.

Motsetningane som hadde gjort seg gjeldande mellom sentrale allierte i handteringa av Irak-spørsmålet, vart i Istanbul skuva i bakgrunnen til fordel for eit felles syn på opplæringa av irakiske tryggingsstyrkar. Denne allierte innsatsen er viktig som eit ledd i oppbygginga av eit stabilt og demokratisk Irak. Vedtaket frå Istanbul-toppmøtet om at NATO skulle hjelpe irakiske styresmakter med å lære opp irakiske tryggingsstyrkar, var noko alle allierte kunne samle seg om. Det uformelle toppmøtet 22. februar i år stadfesta at alle allierte no er delaktige i opplæringsinnsatsen.

USA synest i aukande grad å meine at framgang i den israelsk-palestinske konflikten også er avgjerande for stabilitet i heile Midtausten-regionen, Irak medrekna. Dette er ei vurdering vi frå norsk side har understreka gjennom heile 2004. Noreg vil sjå positivt på ei rolle for NATO i samband med denne konflikten dersom partane skulle ønskje det. Dette er ein diskusjon som vil komme til å stå sentralt i NATO i 2005.

Utvidinga av NATO med sju tidlegare partnarland våren 2004 forsterka behovet for tilpassing av partnarsamarbeidet. Istanbul-toppmøtet vedtok å styrkje samarbeidet med alle grupper partnarland, men særleg med landa i Sentral-Asia og Kaukasus.

Frå norsk side har vi lagt særleg vekt på at auka merksemd om partnarane i aust ikkje må føre til svekt kontakt med vesteuropeiske partnarland, med Sverige og Finland i spissen, og heller ikkje med partnarlanda på Vest-Balkan. Særleg viktig i denne samanhengen er at dei næraste partnarane våre yter substansielle bidrag til NATO-aktivitetane, mellom anna operasjonane på Balkan og i Afghanistan. Samtidig er tre av landa på Vest-Balkan allereie inne i ein prosess i retning av medlemskap. Noreg har likeins lagt vekt på å føre Serbia og Montenegro og Bosnia-Hercegovina nærare partnarskap.

Kontakten med landa i Middelhavsdialogen er blitt utvida i året som er gått. Mellom anna vart det første utanriksministermøtet mellom NATO og dei sju landa halde i desember 2004. Istanbulinitiativet for styrka samarbeid med landa i den vidare Midtausten-regionen, som vart lansert på toppmøtet i Istanbul, har ført til at fleire Golf-statar har kontakta NATO med ønske om eit formalisert samarbeid. Dette initiativet kjem i tillegg til Middelhavsdialogen. Noreg ser positivt på desse samarbeidsordningane, men ser det samtidig som viktig at ein sikrar ein viss balanse i samarbeidet både når det gjeld samarbeidsland og samarbeidsområde. Hovudformålet må vere å medverke til reform og motarbeide internasjonal terrorisme.

Samarbeidet i NATO-Russland-rådet utvikla seg i positiv retning gjennom fjoråret, både når det gjeld praktisk militært samarbeid og politiske konsultasjonar. Ein har i aukande grad sett vanskelege politiske spørsmål på dagsorden. Samtidig har ein nærma seg eit meir praktisk, operasjonelt samarbeid, særleg i tilknyting til den maritime antiterroroperasjonen NATO driv i Middelhavet. Noreg vil arbeide for å utvikle NRC-samarbeidet ytterlegare i tida som kjem.

Etter valet i Ukraina i desember 2004 og det positive toppmøtet mellom president Jusjtsjenko og stats- og regjeringssjefane i NATO 22. februar i år, er det skapt eit godt utgangspunkt for eit nærare samarbeid også mellom alliansen og Ukraina. Framgangen i dette samarbeidet vil vere avhengig av at dei nye makthavarane i Kiev gjennomfører reformer, mellom anna i tryggings- og forsvarssektoren.

Noreg har i 2004 vore pådrivar for å styrkje alliansearbeidet med sivilberedskapen. Saman med Sverige og Finland har vi særleg fokusert på tiltak for å verne sivilbefolkninga mot masseøydeleggingstruslar. Parallelt med dette har vi arbeidd for eit tettare samarbeid mellom NATO og EU om samordning av sivil krisehandtering. Dette arbeidet vil bli vidareført i inneverande år.

NATO har i 2004 gjennomgått store militære tilpassingar for å stå betre rusta mot dei nye tryggingsutfordringane. NATOs reaksjonsstyrke vart erklært førebels operativ i fjor haust, og vil vere fullt operativ i 2006. Parallelt med dette vart det arbeidd vidare med å skaffe fram meir allsidige styrkar. Noreg har lege langt framme i dette omstillingsarbeidet.

Saman med USA tok Noreg initiativ til å utforme ein politikk for NATO og partnarskapslanda på området menneskehandel. Initiativet går ut på å utarbeide retningslinjer og gjennomføre opplæring for å hindre at personell i NATO-leidde operasjonar gjer bruk av seksuelle tenester når offer for menneskehandel er involverte. Dette initiativet er komme svært langt, og er i dag i ferd med å bli ein integrert del av det operative regelverket i alliansen.

Til toppen
Til forsida av dokumentet