St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

5 Militær omforming av alliansen

NATO arbeider vidare med å omforme alliansens militære evne for å kunne handtere dei tryggingsutfordringane vi står overfor. Det er spesielt behov for meir fleksible styrkar som kan nyttast både innanfor og utanfor NATO-territorium. Samtidig krev nye og kostbare kapasitetar ei vidareutvikling av fleirnasjonalt samarbeid internt i alliansen. Dette er sentrale spørsmål i omforminga av dei ulike kapasitetsrelaterte prosessane og planleggingsdisiplinane i NATO.

5.1 Kommandostrukturen i NATO

Den nye kommandostrukturen i NATO, med ei søyle for gjennomføring av operasjonar og ei for gjennomføring av transformasjon, er under implementering. Alle hovudkvarter frå den tidlegare strukturen som ikkje skal vidareførast, er avvikla, og alle nye hovudkvarter er etablerte i løpet av 2004. Den nye kommandostrukturen er under oppbemanning, og skal ha avgrensa operativ kapasitet frå sommaren 2005 og full operativ kapasitet frå 2006.

Den eksisterande organisasjonen for luftkommando og -kontroll skal integrerast i den nye kommandostrukturen i NATO. Dette skal skje når det nye Air Command and Control System (ACCS) er utvikla. Denne utviklinga har vorte forseinka i 2004, noko som vil medføre ei forskyving i implementeringa av den nye organisasjonen for luftkommando og luftkontroll. Combined Air Operations Centre (CAOC) på Reitan er eitt av sju slike senter som skal nedleggjast ved overgangen til ny struktur.

5.2 Kapasitetsutvikling

NATOs reaksjonsstyrke (NATO Response Force - NRF) vart hausten 2004 erklært å ha avgrensa operativ kapasitet. Full operativ kapasitet skal oppnåast sommaren 2006. Styrken vil då ha ei bemanning på om lag 25 000. Noreg har delteke med styrkar i alle NRF-kontingentar, som kvar varer i seks månader. Treningsperioden for det største norske enkeltbidraget til NRF-4, Telemark bataljon, var hausten 2004. Denne NRF-kontingenten står på beredskap første halvår 2005.

Med bakgrunn i kapasitetsinitiativa under NATO-toppmøtet i Praha i 2002 er det etablert ein fleirnasjonal bataljon for vern mot kjernefysiske, radiologiske, biologiske og kjemiske våpen (ARBC). Denne står til kvar tid i høg beredskap som del av NRF, og oppnådde full operativ kapasitet sommaren 2004. Arbeidet med å oppfylle dei andre kapasitetsinitiativa held fram. Som ein del av dette leier Noreg arbeidet med strategisk sjøtransport. I 2004 har talet på nasjonar som har inngått avtalar om dette samarbeidet, auka til 16.

5.3 Andre politiske initiativ

NATO har hatt store utfordringar med å få generert nødvendige styrkar til operasjonar og til NRF. Dette har resultert i ei omlegging av måten alliansen skal få oppfylt sine styrkebehov på. Tidlegare har det vore gjennomført separate styrkegenereringar for kvar operasjon fleire gonger kvart år. Det har gjort det vanskeleg å ha oversikt over det samla styrkebehovet. Som ledd i omlegginga av styrkegenereringssystemet i NATO, og for å gjere systemet meir oversiktleg og langsiktig, vart den første årlege globale styrkegenereringskonferansen gjennomført i november 2004. Dette var eit vellukka tiltak som også legg betre til rette for kosteffektive fleirnasjonale samarbeidsløysingar i dei ulike operasjonsområda. Arbeidet med eit meir funksjonelt system for styrkegenerering vil bli vidareført.

Alliansen har behov for meir allsidige og deployerbare styrkar for å løyse sine oppgåver. Dette er bakgrunnen for det såkalla Usability of Forces-initiativet, der i det i samband med toppmøtet i Istanbul vart vedteke at minst 8 % av dei samla landstyrkane i alliansen til kvar tid skal vere tilgjengelege for operasjonar og reaksjonsstyrkar som NRF. Det vart også vedteke at minst 40 % av landstyrkane skal vere deployerbare, det vil seie organiserte og utrusta for å kunne gjennomføre operasjonar utanfor NATO-territorium. Dette er krevjande målsetjingar. Arbeidet med dette initiativet held fram, og det skal utviklast tilsvarande målsetjingar for luft- og sjøstridsstyrkar.

Til forsida