Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Mål og meining— Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Til innhaldsliste

3 Ny språkpolitikk - overordna mål og verkemiddel

3.1 Mål og prinsipp for ein ny språk­politikk

3.1.1 Overordna språkpolitiske mål

Det overordna strategiske målet for den språkpolitikken som er skissert i denne meldinga, er å motverka domenetap for norsk språk og sikra det norske språket ein fullverdig status og bruk innanfor alle delar av norsk samfunnsliv.

Dette overordna målet må realiserast innanfor ramma av ein heilskapleg språkpolitikk som tek omsyn til den totale språksituasjonen i landet, både likestillinga mellom bokmål og nynorsk, det gamle og nye fleirspråklege mangfaldet, det framand­språklege kompetansebehovet og den nordiske språkfellesskapen.

Ved utforming og gjennomføring av all offentleg politikk i Noreg skal det i den grad det er relevant, takast omsyn til følgjande overordna språkpolitiske mål:

  • 1 Norsk skal vera hovudspråket og felles nasjonalspråk i Noreg

  • 2 Norsk skal vera eit samfunnsberande og fullverdig språk

  • 3 Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål

  • 4 Det offentlege skal leggja vekt på å føra eit korrekt og forståeleg språk

  • 5 Alle skal ha rett til språk, å få utvikla og tileigna seg det norske språket, bokmål og nynorsk, å få utvikla og bruka sitt eige morsmål eller førstespråk, inkludert teiknspråk, sitt eige urfolksspråk eller nasjonale minoritetsspråk, og alle skal få høve til å læra seg framande språk.

Desse måla skal det takast omsyn til ved utforming og gjennomføring av all offentleg politikk. Dei vil bli nærare utdjupa og spesifiserte i det språkpolitiske oppfølgingsarbeidet.

3.1.2 Grunnlag for oppfølging av dei språkpolitiske måla

Særleg for å kunne forfølgja det overordna, strategiske målet å motverka domenetap for norsk språk og sikra det norske språket ein fullverdig status og bruk på alle samfunnsområde legg denne meldinga opp til å få etablert språkpolitikk som eit sektorovergripande eller tverrgåande politikkområde med kulturpolitisk forankring.

Ein føresetnad for dette er at alle departement har eit språkpolitisk ansvar og tek språkpolitiske omsyn når dei utformar og gjennomfører relevante delar av sin eigen sektorpolitikk, men samstundes slik at det overordna språkpolitiske ansvaret er klart og eintydig plassert i Kultur- og kyrkjedepartementet, og at Språkrådet som fagorgan har ein operativ og strategisk samordnings- og pådrivarfunksjon.

3.1.3 Tre språkpolitiske innfallsvinklar

Det språkpolitiske hovudmålet om å styrkja norsk som samfunnsberande og fullverdig nasjonalspråk inneber at det må skapast positive haldningar til og leggjast praktisk til rette for bruk av norsk språk generelt og nynorsk spesielt i alle sektorar av norsk samfunnsliv og i alle aktuelle språkbruksfunksjonar.

Ein føresetnad for på denne måten å fremja det norske språkets status og bruk er at også sjølve språket blir dyrka og røkta, slik at det kan haldast i god hevd og danna grunnlag for god språkbruk og effektiv kommunikasjon.

Ein føresetnad er det også at alle språkbrukarar får sikra dei språklege rettane sine, og at dei får sjanse til å utvikla språkkunnskapane og dei oppøvde språkevnene sine, slik at dei kan gjera seg best mogleg nytte av språket som ein tenleg reiskap for deltaking og medverknad i samfunns- og yrkesliv og for oppleving av kunst og kultur.

3.1.4 Haldningar og handlingar

Språkpolitikken må altså arbeida både med haldningar til og praktiske rammevilkår for språk og språkbruk i samfunnet. Haldningar har å gjera med vilje og motivasjon, praktiske rammevilkår med evner og ressursar til å realisera språkpolitiske mål. Haldningar er grunnleggjande, men må følgjast opp gjennom tilrettelegging av praktiske rammevilkår av ulike slag.

Utan bevisste haldningar til verdien av å fremja bruk av norsk språk generelt og nynorsk spesielt, er det grenser for kva ein kan oppnå gjennom å regulera dei ytre rammevilkåra. På den andre sida kan haldningsskapande tiltak åleine lett bli eit slag i lufta dersom dei ikkje går saman med meir handfaste tiltak av handlingsretta karakter. I den nye språkpolitikken må difor haldningsskapande arbeid og handlingsretta tiltak gå hand i hand.

At det er nødvendig å påverka både haldningar og handlingar, gjeld ikkje berre innanfor den delen av språkpolitikken som har direkte med språkets status og bruk å gjera. Også i språkdyrking og språkopplæring er både motivasjon og bevisstgjering på den eine sida og tilrettelegging av ytre rammevilkår på den andre sida faktorar som i stor grad er gjensidig avhengige av kvarandre.

3.1.5 Makt

Både haldningar til og ytre rammevilkår for språk, språkbruk og språkbrukarar kan i større eller ­mindre grad vera eit resultat av makt- og maktrelasjonar i språket sjølv eller i samfunnet ikring. Difor må språkpolitikken også ha som siktemål å avdekkja ulike former for språkmakt og maktspråk og å utjamna makt- og dominansforhold i språksamfunnet, kort sagt å omfordela språk­leg makt.

3.2 Nærare om prinsippa for den nye språkpolitikken

3.2.1 Språkpolitikken skal vera sektor­overgripande

Når det overordna målet for språkpolitikken har å gjera med språkets status og bruk i samfunnet, blir det også ekstra tydeleg at denne politikken ikkje kan reduserast til rein sektorpolitikk. Dei språk­politiske måla handlar i stor grad om språk og språkbruk innanfor alle sektorar av samfunnet.

Svært mange samfunnsspørsmål vil dermed ha ei språkpolitisk side, og språkpolitikk blir dermed ein dimensjon som det må takast omsyn til i mange ulike samanhengar. Ein moderne språkpolitikk vil med andre ord vera ein typisk sektorovergripande politikk.

Det følgjer av dette at det språkpolitiske ansvaret ikkje kan liggja berre innanfor éin politisk-administrativ sektor og innanfor eitt bestemt departement. Tvert imot må alle fagdepartement ta eit språkpolitisk ansvar, på liknande vis som dei har eit miljøansvar og eit ansvar for likestilling mellom kjønna.

Alle departement skal ha eit ansvar for å fremja det norske språkets status og bruk innanfor sine respektive sektorar, å fremja nynorsk språkbruk spesielt, å fremja eit korrekt og velfungerande språk, å vareta språkbrukarane sine rettar osv.

Språkpolitiske mål og tiltak må i større grad enn i dag integrerast innanfor all politikkutforming der dette er relevant.

3.2.2 Språkpolitikken skal vera konsistent og einskapleg

Jamvel om språkpolitisk ansvar på denne måten vil vera vidt fordelt, kan vi ikkje ha ein språkpolitikk som sprikjer i ulike retningar. Vi skal ha ein einskapleg og konsistent språkpolitikk.

Nettopp det at språkpolitisk ansvar i utgangspunktet må vera spreitt over heile det politisk-administrative spekteret og dermed vil involvera mange ulike aktørar, gjer det desto meir påtren­g­jande å få definert og utforma ein heilskapleg språkpolitikk som er godt koordinert.

Dette krev at det overordna språkpolitiske ansvaret blir plassert klart og tydeleg i eitt departementet, og at dette overordna ansvaret blir utøvd i nær dialog med eit underliggjande fagleg-administrativt organ som arbeider meir detaljert og konkret med språkpolitisk oppfølging.

Både det departementet som har det overordna språkpolitiske ansvaret, og det underliggjande fagorganet må innanfor staten ha ein språkpolitisk koordinerings- og pådrivarfunksjon overfor dei andre departementa og deira underliggjande organ.

Det departementet som på denne måten har hovudansvaret for språkpolitikken, må innanfor ramma av retningslinjer frå Stortinget og regjeringa utforma og tolka språkpolitiske mål og verkemiddel, medan det underliggjande organet tilsvarande har eit meir konkret og operativt fagleg-administrativt ansvar.

3.2.3 Språkpolitikken skal ha klar kultur­politisk forankring

Jamvel om språkpolitisk innhald, ansvar og prosedyrar til no ikkje har vore klart og tydeleg definerte, er likevel forvaltning av ulike språkspørsmål tradisjonelt ein del av det kulturpolitiske ansvarsområdet og ligg difor etter gjeldande departementsinndeling i Kultur- og kyrkjedepartementet. Statens fagorgan i språkspørsmål, Språkrådet, er også administrativt underlagt Kultur- og kyrkjedepartementet.

Også i dei andre nordiske landa ligg ansvaret for språkpolitikken anten i kulturministeria (Sverige og Danmark) eller i kulturdelen av ministeria i dei tilfelle kultur og utdanning ligg i det same departementet (Finland og Island). 1 Dette er også eit mønster som går att i dei fleste andre europeiske land.

Det er såleis eit reint unntak når språkpolitikk innanfor Nordisk ministerråd til no har vore knytt til det utdanningspolitiske samarbeidsområdet. 2 Skule og utdanning er tradisjonelt eit viktig område for bruk av språkpolitisk relevante verkemiddel, og dette har vore særleg tydeleg når det gjeld språkpolitiske spørsmål som har stått sentralt i det nordiske samarbeidet.

Også på nasjonalt plan er særleg viktige språkpolitiske verkemiddel ein sentral del av det utdanningspolitiske sektoransvaret. Dette gjeld først og fremst organisering og innhald i språkopplæringa frå barnehage- til universitets- og høgskulenivået. Difor har Kunnskapsdepartementet nyleg lagt fram ei eiga melding om dette temaet, jf. St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer – språkstimulering og språkopplæring for barn, unge og voksne.

Men heller ikkje her er det sikkert at sektoransvaret og det overordna språkpolitiske ansvaret alltid fell automatisk saman. Også når det gjeld språk­opplæring, kan såleis utdanningspolitiske omsyn i teorien tenkjast å koma i konflikt med språk­politiske omsyn. Då må det leggjast til rette for at dei motstridande omsyna kan avvegast mot kvarandre.

Dei overordna språkpolitiske måla som er skisserte i denne meldinga, har som utgangspunkt at språk først og fremst er eit kulturuttrykk, og at all språkbruk har ein kulturdimensjon. Språkpolitiske mål og tiltak som gjeld både språkstyrking, språkdyrking og språkopplæring, har ulike instrumentelle funksjonar for individ og samfunn, men det er først og fremst det kulturelle aspektet ved språk som motiverer ein eigen politikk for dette feltet, ein eigen språkpolitikk.

Det at språkpolitisk ansvar i dag må vera mykje breiare enn før, gjev difor ikkje mindre grunn til å slå fast at all språkpolitikk må ha ei klar kulturpolitisk forankring. Det er dermed naturleg at det overordna språkpolitiske ansvaret følgjer det kulturpolitiske sektoransvaret. Etter gjeldande departementsinndeling inneber det at det overordna språkpolitiske ansvaret skal liggja i Kultur- og kyrkjedepartementet.

3.2.4 Språkpolitikk i kulturpolitikken

Jamvel om hovudansvaret for språkpolitikken i prinsippet har lege i Kultur- og kyrkjedepartementet også til no, kan det hevdast å ha vore noko uklart kor langt dette ansvaret har nådd, og kor aktivt det i praksis har vore følgt opp.

Den delen av det språkpolitiske ansvaret i Kultur- og kyrkjedepartementet som er enklast å identifisera og praktisera, er det som kan definerast som eit språkpolitisk sektoransvar. Hovudoppgåvene her er forvaltning av rettskrivings- og stadnamnspørsmål og reglar om målbruk i offentleg teneste, både forholdet mellom bokmål og nynorsk og mellom norsk og samisk.

I tillegg til dette er språkpolitiske mål eller funksjonar ofte ein del av formålet med ulike delar av det kultur- og medietilbodet som Kultur- og kyrkjedepartementet har eit sektorpolitisk ansvar for å fremja, eller bestemte språkkrav kan inngå som eit politisk vilkår for slik verksemd. Innanfor viktige delar av mediepolitikken er det såleis eit klart uttrykt mål å leggja til rette for norskprodusert innhald som reflekterer norsk språk, kultur, identitet og norske samfunnstilhøve. For allmennkringkastingskanalane er spesielle krav til bruk av nynorsk og samisk eit vilkår i dei særskilde regelverka som ligg til grunn for verksemda. Stønadsordningane for litteratur har mellom anna ein klar språkpolitisk dimensjon, osv.

Jamvel om desse døma ikkje gjev eit uttømmande bilete av dagens situasjon, er det også ­innanfor ulike delar av kulturpolitikken behov for i større grad å integrera språkpolitiske omsyn. Dette betyr at ein innanfor ulike delsektorar av kultursektoren må leggja til rette for at relevante språkpolitiske mål og tiltak blir tekne omsyn til når den spesifikke sektorpolitikken skal utformast og gjennomførast.

I stortingsmeldinga om Den kulturelle skulesekken, St.meld. nr. 8 (2007–2008) kap. 4.9, er det nettopp vist til denne språkmeldinga og arbeidet med å skissera grunnlaget for ein sektorovergripande språkpolitikk. Det heiter at det er ein føresetnad for ein slik politikk at det blir lagt inn eit språkpolitisk perspektiv i all anna politikkutforming der dette er relevant.

Dette er i tråd med dei retningslinjene som er trekte opp ovanfor, og det må altså gjelda både for kultursektoren sjølv og innanfor alle andre samfunnssektorar.

I tillegg til å vareta eit eige språkpolitisk sektoransvar skal altså Kultur- og kyrkjedepartementet ha eit ansvar for å integrera språkpolitiske omsyn innanfor andre delar av kultursektoren og ikkje minst ha eit overordna ansvar for å sjå til at slike omsyn også kjem med i vurderinga innanfor politikkområde som dei andre fagdepartementa har sektoransvaret for.

Det er grunn til å streka under at Kultur- og kyrkjedepartementet må ha eit særleg ansvar for å vareta og fremja dei spesifikt språkpolitiske omsyna også i dei tilfelle der dei viktigaste verkemidla høyrer inn under ansvarsområdet til andre departement. Det gjeld sjølvsagt også når det er tale om ulike minoritetsspråklege spørsmål. Også omsynet til norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar høyrer med innanfor den språkpolitikken som Kultur- og kyrkjedepartementet skal ha eit overordna ansvar for å fremja.

3.3 Eit permanent språkpolitisk ­oppfølgingsregime

3.3.1 Innleiing

For over tid å kunna følgja opp det språkpolitiske ansvaret som er skissert ovanfor, legg departementet opp til fastare prosedyrar og ordningar som i større grad vil setja språkpolitikken i system. Dette oppfølgingssystemet har fire hovudelement, og Språkrådet som fagorgan vil her vera det viktigaste instrumentet og den viktigaste aktøren.

3.3.2 Språkpolitiske høyrings- og konsultasjonsordningar

Det følgjer generelt av den språkpolitikken som er skissert i denne meldinga, og det som spesielt er sagt om språkpolitiske ansvarsforhold i dette kapitlet, at det er eit viktig formål å gje språkpolitiske omsyn høgare status og større vekt enn det som har vore tilfellet til no. Det er nødvendig dersom dei overordna språkpolitiske måla skal kunna realiserast.

Det betyr likevel ikkje at språkpolitiske omsyn alltid kan få fullt gjennomslag. Dei må ofte avvegast mot sektorspesifikke mål. Føresetnaden for i større grad å kunna byggja inn relevante språkpolitiske mål og tiltak innanfor andre politikkområde er likevel at språkpolitiske omsyn kjem inn som ein premiss i ulike avgjerdsprosessar på eit tilstrekkeleg tidleg tidspunkt.

Ofte kan det vera samanfall mellom sektorpolitiske og språkpolitiske mål og tiltak, eller språk­politiske omsyn kan lett varetakast utan at det går ut over sektorpolitiske primæromsyn. Likevel kan det henda at språkpolitiske omsyn blir oversedde eller utegløymde fordi dei sektoransvarlege ikkje har fått eller ikkje har skaffa seg tilstrekkeleg informasjon om kva slike omsyn går ut på.

Føresetnaden må mellom anna vera at dersom det innanfor verksemda i andre departement eller underliggjande organ reiser seg tvilsspørsmål som kan ha språkpolitisk relevans, skal saka leggjast fram anten for Kultur- og kyrkjedepartementet eller for Språkrådet.

Tidlegare Norsk språkråd hadde som ei av sine lovfesta oppgåver å gje styresmaktene råd i språkspørsmål. Men lova viste i så måte særleg til språkbruken i skulen, i NRK og i statstenesta. I dette låg det ei avgrensing.

I dei vedtektene som gjeld for Språkrådet, er det på generelt grunnlag fastsett at institusjonen både har ansvar for å ta språkpolitiske initiativ overfor relevante styresmakter og å uttala seg om spørsmål som det får lagt fram for seg av andre styresmakter. Dette peiker i retning av både ei breiare og ei meir aktiv språkpolitisk oppfølging frå Språkrådet si side.

Det er også fastsett at Språkrådet skal følgja opp språkpolitiske mål og strategiar som blir fastlagde av overordna styresmakt, og at Språkrådet i enkeltspørsmål kan uttala seg og gje råd etter eige skjøn om kva tiltak som best tener språkpolitiske mål.

Jamvel om vedtektene såleis opnar for at Språkrådet i større grad kan ta eigne initiativ, vil det likevel vera mange spørsmål med språkpolitisk relevans som Språkrådet ikkje automatisk vil få kjennskap til. Difor må det også kvila eit ansvar på sektorpolitiske aktørar å informera og høyra Språkrådet når dette kan vera relevant.

Det er ei erfaring frå tidlegare at Språkrådet ikkje alltid har fått relevante saker på høyring, eller ikkje er trekt med på eit tidleg stadium i avgjerdsprosessar der det hadde vore naturleg.

Departementet vil vurdera korleis ein betre enn i dag kan sikra at Språkrådet i større grad blir drege inn i sektorpolitiske avgjerdsprosessar og i breiare politikkutforming med språkpolitisk relevans. Dette er dels eit informasjonsspørsmål, men det kan også vera aktuelt å vurdera om ein kan formalisera ulike former for språkpolitiske kontakt- og konsultasjonsprosedyrar.

Eit døme på dette er det rundskrivet departementet sende ut i mai 2007 om språkfaglege konsultasjonsrutinar ved namnelaging i staten, jf. omtale under kap. 7.4.5.4 ovanfor. Dette er likevel avgrensa til eit særskilt språkpolitisk saksområde, og departementet vil mellom anna vurdera å senda ut eit liknande rundskriv av meir generell karakter.

Departementet vil også vurdera korleis føresetnader om språkpolitisk konsultasjon og medverknad frå Språkrådet og Kultur- og kyrkjedepartementet i relevante sektorpolitiske avgjerdsprosessar kan forankrast i det språkpolitiske lov- og regelverket som blir drøfta i kap. 3.4 nedanfor.

3.3.3 Det språkpolitiske kunnskapsgrunn­laget

Når det overordna målet for språkpolitikken har å gjera med språkets status og bruk i samfunnet, og når Språkrådet i tråd med dette i større grad enn før skal involvera seg over eit breitt spekter av sektorspesifikke saksfelt, stiller det også nye krav til kompetanseprofil og arbeidsmåtar i Språkrådet sjølv. Det viktigaste formålet med den omdanninga institusjonen har gjennomgått, var nettopp å leggja til rette for meir utoverretta aktivitetar og eit breiare samfunnsengasjement.

Det vil ta noko tid før denne justeringa av den språkpolitiske strategien i Språkrådet kan vera gjennomført. I praksis må dette vera ein gradvis prosess. For å møta dei nye utfordringane ønskjer Språkrådet mellom anna å rekruttera medarbeidarar med samfunnsvitskapleg kompetanse. Det er behov for nye stillingar for å gje rom for slik ny­rekruttering.

Spørsmålet om nye stillingar vil departementet på vanleg måte koma attende til i framtidige budsjett. Vi viser i den samanheng også til framlegg andre stader i denne meldinga om å tilleggja Språkrådet nye funksjonar og nytt ansvar utover det som er omtalt i dette avsnittet.

Når Språkrådet skal arbeida meir enn før med å leggja til rette for at språkpolitiske perspektiv kan byggjast inn i sektorpolitiske mål og tiltak, krev det også at institusjonen på ein adekvat måte evnar å analysera reelle språkpolitiske verknader av sektorpolitiske ordningar. Det betyr at Språk­rådet ikkje berre må halda den språkpolitiske fana høgt, men også kunna gå i dialog med ulike sektorinteresser for å drøfta løysingar som balanserer eventuelt motstridande omsyn på ein optimal måte.

For at det språkpolitiske pådrivar- og samordningsarbeidet som Språkrådet vil ha hovudansvaret for, skal bli truverdig og dermed ha størst mogleg gjennomslagskraft, må også innsatsen byggja på relevant og haldbar dokumentasjon.

Både føresetnaden om ein breiare samfunns­dialog og behovet for eit godt dokumentasjons- og kunnskapsgrunnlag er reflektert i dei nye vedtektene. Her heiter det at Språkrådet skal observera og analysera aktuelle utviklingstrekk i heile det norske språksamfunnet og på eige initiativ leggja til rette for tenleg samarbeid med både private og offentlege aktørar på ulike samfunnssektorar. I eit særskilt dokument med merknader til vedtektene heiter det følgjande om dette:

«Her angis noe av det sentrale ved det nye Språkrådets arbeidsområde og arbeidsmåte. Viktige aspekter ved dette er at Språkrådet må ha hele samfunnet som operasjonsfelt, og at det skal legges opp til samarbeid med aktuelle aktører over et bredt spekter, dessuten at observasjon og analyse må utgjøre en basis for arbeidet.»

Nøkkelord i vedtektene er på den eine sida ordparet observasjon og analyse, og på den andre sida utviklingstrekk i heile det norske språksamfunnet. I uttrykket observasjon og analyse ligg det ein intensjon om ei meir systematisk empirisk orientering av verksemda i Språkrådet, og uttrykket utviklingstrekk i heile det norske språksamfunnet seier noko om kva som skal vera gjenstand for slik empirisk orientert verksemd.

Det kan vera grunn til å streka under at det siste uttrykket både siktar til utviklinga i språket sjølv og i språkbruken. Det omfattar altså både korpus- og statusperspektivet, både språkutviklinga og språkbruksutviklinga. Det er lagt opp til at Språkrådet i prinsippet skal kunna observera både språk og språkbruk på alle nivå, så vel i eit makro- som eit mikroperspektiv.

Observasjon dreier seg om innhenting og registrering av kunnskap, og analyse indikerer at ein også skal reflektera systematisk over det ein registrerer. Dette inneber likevel ikkje at Språkrådet skal driva direkte språk- og språkbruksforsking. Forsking er meir ambisiøst, og Språkrådet skal ikkje i utgangspunktet vera ein forskings­institusjon.

Observasjon og analyse inneber likevel at verksemda må vera fagleg forplikta, og at målet er å skaffa fram haldbar kunnskap, jamvel om dette ikkje skjer gjennom vitskaplege metodar. Sjølv om observasjon og analyse ikkje er forsking, kan det godt byggja på forsking, og det kan føra til forsking, til dømes dersom Språkrådet vil ha nærare undersøkt noko ein har observert. Det må difor leggjast opp til nødvendig samarbeid med relevante fag- og forskingsmiljø.

Departementet vil ikkje no leggja nærare føringar for korleis Språkrådet skal innretta og organisera arbeidet sitt med språkobservasjon og analyse, men reknar med at dei tematisk definerte fagråda vil kunna spela ei rolle i arbeidet med å få sett slike kunnskapsbaserte aktivitetar meir i system og i arbeidet med å prioritera aktuelle oppgåver.

3.3.4 Ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport – eit språkbarometer

Det språkpolitiske hovudmålet som er skissert i denne meldinga, tilseier at det er behov for å skaffa fram mest mogleg pålitelege data som gjer det råd å følgja med i korleis stillinga for norsk språk utvik­lar seg over tid innanfor ulike samfunnsområde. Departementet vil vurdera om ein kan formalisera dette gjennom å få utarbeidt ein årleg språkpolitisk statusrapport.

Dette framlegget er inspirert av det som i den språkpolitiske debatten i Danmark er omtalt som eit språkbarometer. Det er også inspirert av dei årstalane som direktøren for Nynorsk kultursent­rum sidan 2001 har halde om tilstanden for nynorsk skriftkultur. Desse talane har hatt ulikt tema frå år til år, medan tanken bak dei årlege tilstandsrapportane som har vore på tale i Danmark, er å skaffa fram data som kan vurderast og samanliknast frå det eine året til det andre.

I eit notat frå Dansk Sprognævn frå januar 2007 heiter det såleis at eit språkbarometer eller ein tilstandsrapport skal utgjevast kvart år av Dansk Sprognævn i samarbeid med relevante institusjonar og danna utgangspunkt for ein fagleg og politisk debatt om stillinga for det danske språket. Det heiter også at det bør utarbeidast parallelle og meir nyanserte metodar for effektmåling av språkpolitiske tiltak både på landsplan og ved enkelte institusjonar.

Departementet vil drøfta nærare med Språkrådet på kva måte vi også her i landet kan utvikla ein mal for ein slik årleg tilstandsrapport som gjer det mogleg å følgja utviklinga i det norske språkets status og bruk på ein meir systematisk måte. Føresetnaden i første omgang må vera at dette blir ein rapport på eit meir overordna nivå, som så eventuelt kan utviklast meir i detalj etter kvart.

Ein slik språkleg tilstandsrapport – eit språk­barometer – må utarbeidast på grunnlag av visse parametrar som kan seia noko meiningsfylt om korleis bruken av norsk står seg jamført med engelsk innanfor utvalde språkdomene. Ikkje berre situasjonen for norsk generelt, men også bruken av nynorsk spesielt bør kunna målast på denne måten. Også parametrar som har å gjera med nordisk nabospråksforståing og undervisning i dansk og svensk bør frå starten av kunna vera med i språkbarometeret.

Ein årleg tilstandsrapport vil gjera det mogleg å få eit meir samla og systematisk bilete av situasjonen og gje grunnlag både for eventuelle politiske strakstiltak og meir målretta prioriteringar på leng­re sikt.

I kjølvatnet av arbeidet med eit slikt språkbarometer vil departementet i samråd med Språkrådet vurdera om det også lèt seg gjera å utvikla meir nyanserte metodar for å måla effekten av språk­politiske tiltak.

3.3.5 Ei fireårig stortingsmelding om språk og språkpolitikk

Ein årleg tilstandsrapport vil også kunna danna ein del av grunnlaget for periodevise språkmeldingar til Stortinget.

I dag er det lovfesta at Kongen minst kvart fjerde år skal leggja fram for Stortinget ei melding om målbruk i offentleg teneste, jf. lov om målbruk i offentleg teneste § 10. Den siste av desse meldingane var St.meld. nr. 7 (2005–2006), jf. Innst. S. nr. 98 (2005–2006).

Desse meldingane dannar grunnlag for at det i kvar stortingsperiode blir høve til drøfta korleis forvaltninga lever opp til dei lovheimla målbruksreglane. Den merksemda som følgjer med kvar melding og den tilhøyrande stortingsbehandlinga, gjer truleg sitt til at forvaltninga kjenner seg sterkare forplikta av reglane enn dei elles ville gjort.

At meldinga er lovpålagd, gjer det også meir forpliktande for Kultur- og kyrkjedepartementet å følgja opp den overordna tilsynsfunksjonen som departementet er pålagt etter § 1 i forskrifta til lova, og gje dette arbeidet nødvendig prioritet.

Den lovpålagde meldinga om målbruk i offentleg teneste er alt i alt eit fundament i det systemet av verkemiddel som skal sikra bruk av nynorsk i offentleg forvaltning generelt og i statsforvaltninga spesielt. Meldingssystemet er også grunnlaget for at departement og regjering minst kvart fjerde år blir nøydde til å vurdera nødvendige tiltak for å styrkja etterlevinga av målbruksreglane og intensivera arbeidet med auka bruk av nynorsk i forvaltninga.

Departementet legg difor stor vekt på at det framleis skal vera fastsett i lov at det minst kvart fjerde år skal leggjast fram ei stortingsmelding som rapporterer om oppfølging av målbruksreglar og bruk av nynorsk i statleg og statstilknytt verksemd.

Departementet ønskjer likevel å utvida dette periodiske meldingssystemet til ein rapport som kan gje Stortinget grunnlag for eit breiare språkpolitisk ordskifte. Det betyr først og fremst at meldinga også må omfatta ei vurdering av situasjonen både for norsk språk generelt og nynorsk spesielt innanfor heile det norske språksamfunnet, altså ikkje berre for nynorsk i staten.

Vi kan rett nok ikkje sjå bort frå at ei slik utviding kan svekkja meldingssystemet som eit verkemiddel i måljamstillingsarbeidet, fordi mange andre problemstillingar vil tevla om merksemda. Men verknaden kan også bli den motsette, nemleg at ei melding med eit meir heilskapleg språkpolitisk sikte vil gjera det lettare å sjå formålet med det offentlege jamstillingsstrevet. Det vil mellom anna bli lettare å sjå nynorskbruken i forvaltninga som del av ei vurdering av situasjonen for nynorsk i samfunnet generelt.

Den viktigaste grunngjevinga for ei tematisk utviding av meldingssystemet er likevel behovet for å leggja fundamentet for eit permanent språkpolitisk oppfølgingsregime som fangar inn det strategiske hovudmålet i den nye språkpolitikken, dvs. arbeidet med å motverka domenetap for norsk språk og dermed styrkja det norske språket som fullverdig og samfunnsberande nasjonalspråk i Noreg.

Men også korleis det går med dei andre hovudmåla i språkpolitikken, bør rapporterast i ei slik melding. Ved sida av styrkinga av nynorsk spesielt gjeld dette mål som har å gjera med det gamle og nye mangespråklege innslaget i landet vårt, med teiknspråk og med utvikling av djupare og breiare framandspråkleg kompetanse hos nordmenn flest og med den nordiske språkfellesskapen.

Vi minner her om at Noreg etter den europeiske regions- og minoritetsspråkpakta er pålagt å rapportera til Europarådet kvart tredje år om situasjonen for samisk og for dei andre minoritetsspråka som har vern etter denne konvensjonen. Det kan vera naturleg at også noko av resultatet av dette oppfølgings- og rapporteringsarbeidet inngår i den språkpolitiske rapporteringsmeldinga til Stortinget.

Også det nasjonale arbeidet med å følgja opp den nordiske språkdeklarasjonen bør naturleg inngå i meldinga.

Eit språkpolitisk meldingssystem som her skissert er elles i samsvar med framlegget frå det dåverande interimsstyret i Språkrådet i samband med at strategirapporten Norsk i hundre! vart oversend departementet i mars 2006. Her heitte det:

«Gjennomføring av politikken bør rapporterast gjennom ei fast melding til Stortinget. Her kan òg dagens mållovsmelding takast inn. Ut frå krava i meldinga kan det tenkjast ei årleg melding, ei toårig eller ei fireårig melding.»

Som det går fram ovanfor, legg departementet opp til ei fireårig melding.

Departementet tek sikte på å innarbeida kravet om ei slik språkpolitisk melding til Stortinget kvart fjerde år i det språkpolitiske lovverket som blir nærare drøfta i det følgjande.

3.4 Språkpolitisk lovgjeving

3.4.1 Eksisterande språklover

Det finst i dag tre lovverk som primært handlar om språk og språkbruk, og som blir forvalta av Kultur- og kyrkjedepartementet. Det er lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste (mållova), sist endra ved lov 11. mars 1988 nr. 12, dinest kapittel III om samisk språk i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova), kapittel III sist endra ved lov 13. desember 2002 nr. 81, og endeleg lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova), sist endra ved lov 17. juni 2005 nr. 90.

3.4.2 Frå Norsk språkråd til Språkrådet

3.4.2.1 Tidlegare lov om Norsk språkråd

Tidlegare forvalta Kultur- og kyrkjedepartementet også lov 18. juni 1971 om Norsk språkråd, men denne lova vart oppheva med verknad frå 1. januar 2005 i samband med at Norsk språkråd var omdanna til den noverande institusjonen, Språkrådet, jf. Ot.prp. nr. 83 (2003–2004) og Innst. O. nr. 6 (2004–2005). Den nye institusjonen vart oppretta som ein vanleg statsinstitusjon, utan heimel i lov.

3.4.2.2 Spørsmålet om lovforankring av Språk­rådet

I innstillinga til kulturmeldinga våren 2004 gav medlemmene frå dei noverande regjeringspartia uttrykk for at også den institusjonen som skulle ta over etter Norsk språkråd, måtte få ei klar lovforankring. Dei bad regjeringa koma attende til Stortinget med ei vurdering av korleis dette best kunne gjerast, jf. Innst. S. nr. 155 (2003–2004).

I proposisjonen om oppheving av den gamle lova i juni 2004 fann departementet det ikkje formålstenleg å gjera ei endeleg vurdering av lov­spørsmålet, og foreslo at den nye institusjonen i første omgang skulle etablerast utan lovheimel. Men det vart samstundes uttalt i proposisjonen at dette ikkje hindra at spørsmålet om alternativ lovgjeving i ei eller anna form kan vurderast som ledd i den vidare omdanningsprosessen eller seinare.

I innstillinga uttalte representantane frå SV at dei var skeptiske til å oppheva den gamle lova utan at også den nye institusjonen var forankra i lov, og dei bad om at regjeringa snarast råd kom attende til Stortinget med framlegg til ei lov som sikrar og varetar viktige språkpolitiske mål. Også representantane frå Ap og Sp bad regjeringa fremja forslag om korleis den nye språkinstitusjonen kunne heimlast i lov, jf. Innst. O. nr. 6 (2004–2005).

I odelstingsdebatten 18. november 2004 uttalte dåverande kulturminister at ho ikkje avviste ei mogleg lovforankring, men at ho ikkje ville binda seg i dette spørsmålet. Ho viste til at interimsstyret nyleg hadde oppnemnt ei arbeidsgruppe til å greia ut utfordringar, mål og strategiar i språkpolitikken, og at det ville vera naturleg at lovspørsmålet vart vurdert i lys av dette utgreiingsarbeidet.

Resultatet av dette arbeidet vart den omtalte strategirapporten Norsk i hundre!, som låg føre hausten 2005. Eit av forslaga i rapporten var nettopp at formålet og verkeområdet til Språkrådet må slåast fast i lov. Det heitte dessutan at ei av oppgåvene til Språkrådet måtte bli å føra tilsyn med at dei tre språkpolitiske rettane blir respekterte, både i anna lovgjeving og i praktisk politikk. Dei tre rettane rapporten her siktar til, er retten til nasjonalspråk, retten til morsmål og retten til framandspråk, jf. nærare omtale i kap. 6.

Også i følgjebrevet frå interimsstyret då strategiutgreiinga vart oversend til departementet i mars 2006, heiter det at måla for det nye Språkrådet bør utformast gjennom ei lov med forskrift, og at dette då ville bli eit lovfesta uttrykk for den statlege språkpolitikken.

I grunngjevinga uttalte interimsstyret:

«Språkrådet treng formell og politisk ryggstø for å ha autoritet til å fylla samfunnsoppgåva si tilfredsstillande. I lys av dette er det vår vurdering at Stortinget bør vedta ei lov som slår fast føremålet med Språkrådet – kva slags rolle, verkeområde og ansvar statens språkorgan skal ha. Lova må og innehalda paragrafar som tek for seg kva språkpolitikk organet skal forvalta. [...] det viktigaste målet for det nye Språkrådet [blir] å få nok olbogerom til å kunna vera ei drivkraft for den norske språkpolitikken. Eit byråkratisk kontrollorgan, utan nødvendige fullmakter og utan status i media og blant folk flest, er det me minst ønskjer.»

3.4.2.3 Oppsummerande vurdering

Departementet si vurdering er at det nye arrangementet med eit departementsstyrt forvaltningsorgan med basis i vedtekter fastsette av departementet kan bli for laust og sårbart til å driva eit kraftfullt, utoverretta og tverrgåande språkpolitisk pådrivar- og koordineringsarbeid.

Ei lov med forskrifter, som klarare enn i dag definerer Språkrådet sine oppgåver og gjev institusjonen eit sjølvstendig handlingsrom i høve til overordna styresmakter, vil representera ein mykje fastare basis, gjera institusjonen meir robust og gje større autoritet og legitimitet til arbeidet. Her kan det både vera tale om symbolverknader og realitetar. Ein offensiv språkpolitikk tilseier at staten har eit kraftfullt fagorgan som kan følgja opp språkpolitiske mål og strategiar og vera pådrivar i språkpolitikken. Ei lovforankring vil vera med på å gje Språkrådet slik kraft.

Eit utkast til lov om Språkrådet bør likevel ta utgangspunkt i gjeldande vedtekter. Her heiter det mellom anna at Språkrådet særleg skal arbeida med å styrkja det norske språkets status i notid og framtid, at institusjonen skal følgja opp språkpolitis­ke mål og strategiar som blir fastlagde av over­ordna styresmakt, men at institusjonen i enkelt­spørsmål kan uttala seg og gje råd etter eige skjøn om kva tiltak som best tener språkpolitiske mål. Dessutan er det streka under at Språkrådet har ansvar for å ta språkpolitiske initiativ overfor relevante styresmakter, i tillegg til å uttala seg om spørsmål som andre styresmakter legg fram for det.

Dei viktigaste føresegnene kan takast inn i sjølve lova, medan dei meir detaljerte vil danna grunnlag for forskrifter som kan fastsetjast anten av Kongen eller av departementet.

Det er likevel eit behov for å sjå ei ny lov om Språkrådet i ein større samanheng. Dette vil vera med og avgjera om det skal lagast ei stutt lov som berre regulerer korleis institusjonen skal organiserast, og kva oppgåver han skal ha, eller om det kan vera aktuelt med ei meir omfattande lov.

3.4.3 Spørsmålet om ei allmenn språklov

3.4.3.1 Utgangspunkt

Når det skal lagast ei lov om statens fagorgan i språkspørsmål, er det også naturleg å gå vidare og vurdera om det ikkje i lov bør seiast noko om innhaldet i den språkpolitikken institusjonen skal forvalta.

Det følgjer av det grunnleggjande perspektivet i denne meldinga at hovudmålet for ein slik politikk skal vera å sikra det norske språkets posisjon som komplett og samfunnsberande språk i Noreg.

I tråd med dette er det i Norsk i hundre! reist spørsmålet om ikkje den auka bruken av engelsk i det norske samfunnet gjer at tida no er inne til «å lovfesta norsk som nasjonalspråk».

I rapporten er det vist til at det finst eit omfattande regelsett om tilhøvet mellom bokmål og nynorsk, at vi også har klare reguleringar av minoritetsspråklege rettar, men at vi altså ikkje har reglar om kva rettar, eventuelt særrettar, norsk språk skal ha i Noreg.

Rapporten konkluderer på dette grunnlaget med at ein litt ironisk kan seia at Noreg har ein målpolitikk som vernar nynorsk og minoritetsspråka, men ikkje ein språkpolitikk som vernar norsk.

3.4.3.2 Nasjonal språklovgjeving i nokre andre land

Ei løysing i tråd med formuleringa frå Norsk i hund­re! om å lovfesta norsk som nasjonalspråk kan i utgangspunktet minna om den føresegna som finst i den finske grunnlova. Her heiter det at «Finlands nationalspråk är finska och svenska».

Men den viktigaste funksjonen ved denne føresegna er kanskje understrekinga av at Finland har to nasjonalspråk, både finsk og svensk. Slik sett fungerer dette først og fremst som eit vern om det minste av dei to nasjonalspråka i landet, altså svensk. Til skilnad frå situasjonen i Finland har det både i vårt land og i Sverige og Danmark vore oppfatta som såpass sjølvsagt kva som er nasjonalspråket, at det ikkje har vore eit tilsvarande behov for lovfesting, langt mindre grunnlovsfesting.

I Frankrike derimot finst også ei grunnlovsføresegn, vedteken i 1992, som slår fast at «republikkens språk er fransk». I tillegg har Frankrike ei lov frå 1994 om bruk av fransk språk, som er svært detaljert, og som på ulike måtar og i ulik grad påbyr fransk i alt frå reklame, varenamn og bruksrettleiingar via arbeidsavtalar til innlegg og støtteark på seminar og konferansar. I tillegg er det ei rekkje andre føresegner om språkbruk i undervisning, medium og liknande.

Den strenge franske språklovgjevinga kan nok delvis sjåast i samanheng med ein sterk sentralistisk tradisjon i det franske samfunnet og med dei franske stormaktstradisjonane, men er i dag utan tvil også ein del av forsvaret mot det sterke presset frå engelsk som heller ikkje dei større nasjonane i Europa er sparte for.

Det finst også eit til dels strengt lovvern for det nasjonale språket i fleire av dei austeuropeiske landa, til dømes i Polen og Latvia. Men vel så mykje som eit forsvar mot engelskpåverknad er dette ein reaksjon mot det hegemoniet som russisk språk og kultur har hatt i desse landa, og dermed eit utslag av behovet for ei ny nasjonal konsolidering etter at Sovjetunionen og Warszawapakta gjekk i oppløysing.

3.4.3.3 Lov- eller grunnlovfesting?

Fleire av språkreglane det er vist til ovanfor, gjeld grunnlovsføresegner om språk, og også under debatten i Sverige i 2005 var altså grunnlovsfesting eit bitema.

Her i landet vart spørsmålet om grunnlovfesting reist under arbeidet med å førebu den nye kulturlova som tok til å gjelda frå 1. august 2007. Lova fastset at offentlege styresmakter har ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

Verken språk generelt eller norsk språk spesielt er nemnt i lova, men i førearbeida, Ot.prp. nr. 50 (2006–2007), er det gjeve ei førebels vurdering av spørsmålet om ein bør gå vidare på lovvegen ved også å grunnlovfesta kulturomsyn. I denne drøftinga er språkdimensjonen i kulturpolitikken trekt fram som eit eige tema.

Kulturlovproposisjonen viste til at det ville bli nærare drøfta i språkmeldinga om grunnlovfesting av språk- og andre kulturomsyn kan vera med på å styrkja grunnlaget for å utforma og gjennomføra tiltak for å verna, utvikla og fremja dei nasjonale språka. I den samanhengen er det nemnt at ei rekkje kulturpolitiske tiltak heilt eller delvis har som mål å styrkja og utvikla bruk av norsk språk, men at slike omsyn ikkje lenger er like sjølvsagde innanfor ramma av EØS-avtalen.

Dette er eksemplifisert med tilvising til den såkalla Einarsson-saka E-1/01 på Island, der EØS-domstolen kom til at ordninga med differensierte momssatsar for framandspråkleg og islandskspråk­leg litteratur streid mot EØS-traktaten. Jamvel om formålet var å fremja bruk av det nasjonale språket, vart ikkje dette vurdert som ei lovleg grunngjeving for å ha lågare momssatsar på islandsspråkleg litteratur.

Proposisjonen viste elles til grunnlovsføresegna som pålegg staten å leggja tilhøva til rette for at den samiske folkegruppa kan sikra og utvikla språket, kulturen og samfunnet, og peikte på at det kan argumenterast for at også norsk språk burde omfattast av ei tilsvarande formulering.

3.4.3.4 Fråsegn frå Språkrådet om eventuell grunnlovfesting

Denne siste problemstillinga er nærare drøfta i ei fråsegn frå Språkrådet til det høyringsutkastet som låg til grunn for kulturlovsproposisjonen. Her er det vist til den historiske bakgrunnen for den grunnlovsmessige særbehandlinga av samisk, og at det i 1988, då grunnlovsvernet av samisk vart vedteke, var lettare å ta stillinga for norsk språk og kultur for gjeven.

Språkrådet viser vidare til at norsk språk framleis er i ein langt sikrare posisjon enn samisk, men at også norsk språk i dag står i fare for å få svekt stillinga si ved å mista viktige bruksområde til engelsk. På denne bakgrunn må ein spørja, heiter det, om det ikkje er fare for at den «selvfølgeliggjøringen» av norsk som er ein premiss for det mang­lande grunnlovsvernet, i stigande grad vil endra seg til ei usynleggjering av norsk språk.

Språkrådet strekar under at intensjonen med ei eventuell grunnlovfesting ikkje må vera å stengja andre språk ute og heller ikkje å fremja «nasjonale omsyn» i tradisjonell meining. Målet må derimot vera å sikra grunnlaget for at folk i Noreg kan bruka norsk – og eventuelt andre språk – ved å grunnlovfesta at styresmaktene har plikt til å leggja tilhøva til rette for det.

På eit slik grunnlag meiner Språkrådet at grunnlovfesting av omsynet til norsk språk også er i tråd med omsynet til ytringsfridommen. Sidan norsk i all overskodeleg framtid vil vera morsmålet for det store fleirtalet i Noreg og elles felles nasjonalspråk for folk i Noreg, meiner Språkrådet at ei føresegn om norsk språk også kan utfylla og støtta opp under den noverande føresegna i ytringfridomsparagrafen som seier at «det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for en aaben og oplyst offentlig Samtale», den såkalla infrastrukturføresegna.

Språkrådet peiker elles på at dei to UNESCO-konvensjonane som Noreg ratifiserte i 2007, opnar for kulturpolitiske tiltak som også kan styrkja stillinga for norsk, og at også dette gjer det meir aktuelt enn før å vurdera ei grunnlovfesting av omsynet til norsk språk og kultur.

3.4.3.5 Nærare om eit konkret framlegg til grunnlovfesting

Begge desse omgrepa, både språk og kultur, var også med i eit framlegg til grunnlovsføresegn som vart fremja i ein leiarartikkel i tidsskriftet Lov og Rett i 2004, ei føresegn som var utforma som ein tilnærma parallell til grunnlovsføresegna om samisk. 3

Framlegget hadde denne ordlyden:

«Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for at sikre Utvikling og Værn av norsk Kultur og Sprog.»

Som grunngjeving for framlegget heitte det at det i vår meir globaliserte tid like mykje er majoritetskulturen som minoritetskulturen som treng støtte i grunnlov. Med auka frihandel har kultur fått sterkare varekarakter, og kulturen i alle andre språksamfunn enn dei angloamerikanske står under eit trykk som treng mottrykk. Eit slikt mottrykk ville nettopp vera å ta kulturomsyn inn i Grunnlova, for det ville kunna halda oppe eller auka eit demokratisk, nasjonalt kulturpolitisk handlingsrom. Då Grunnlova vart vedteken, var det å verna og skapa grunnlag for norsk kultur ein sjølvsagd del av formålet, men no er den faktiske utviklinga av verdssamfunnet og dei nyutvikla internasjonale rettslege banda slik at det sjølvsagde må seiast, heitte det i artikkelen.

Det går fram av dette at ei formulering etter mønster av den samiske grunnlovsføresegna ville ha eit mykje vidare siktemål enn omsynet til språket. Språk er likevel nemnt, som eit spesifiserande tillegg til det meir overgripande omgrepet kultur, men, som det synest, også som ein metode for å avgrensa og definera dei kulturuttrykka som den nemnde føresegna er meint å verna. Om dette heiter det i artikkelen: «Å fastleggje presist omgrepet kultur er som kjent vanskeleg, men i denne samanhengen vil tilknytinga til norske språklege uttrykk vere kjernen.»

Uttrykksmåten å leggja til rette for utvikling og vern av norsk språk representerer uansett ei anna tilnærming enn ei føresegn om at norsk er nasjonalspråk eller hovudspråk i Noreg. Truleg ville desse uttrykksmåtane også ha noko ulik funksjon. Den første gjev særleg assosiasjonar i retning av tiltak for vern mot ytre kulturimpulsar, medan den siste tilnærminga i sterkare grad rettar søkjelyset mot det å bruka norsk språk i ulike offisielle samanhengar i Noreg.

Samanstillinga norsk kultur og språk kan elles tenkjast å by på eit problem sett frå ein annan synsvinkel.

For når det gjeld kultur, er det ikkje nødvendigvis norsk kultur i trong meining det er behov for å verna. I dag må det nemleg leggjast til grunn at kultur er noko som oppstår, veks fram og blir endra i møte med andre kulturar, og uttrykket norsk samanstilt med kultur i ei lovføresegn kan då lett gje uheldige førestellingar om det meir reindyrka norske.

Når det gjeld språk derimot, er det i denne samanhengen nettopp norsk språk det eventuelt er tale for å gje eit lovfesta vern.

Det er difor ikkje sikkert at det å nemna kultur og språk i same andedraget i ei lov- eller grunnlovsføresegn vil vera eit tilstrekkeleg presist uttrykk for det ein tek sikte på å fanga inn.

Ein kunna kanskje koma utanom dette problemet ved å byggja den nemnde formuleringa noko ut, til dømes i den retning som vart foreslått i ei høyringsfråsegn Nynorsk kultursentrum sende inn under arbeidet med kulturlovsproposisjonen. Framlegget hadde denne ordlyden:

«Det paaligger Statens Myndigheder at lægge Forholdene til Rette for at sikre Utvikling og Værn av norsk Kultur og Mangfold, og Sprog med sine to ligestilte Maalformer.»

I tillegg til å modifisera inntrykket av ein rein norsk kultur tek dette framlegget også sikte på å gje den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Dette siste er også eit viktig poeng å ta med dersom det skulle bli aktuelt å arbeida vidare etter ein slik modell. Dersom ei føresegn om norsk språk skulle inn i Grunnlova, måtte ein i det minste sikra seg at det ikkje førte til ei usynleggjering eller degradering av den formelle likestillinga mellom nynorsk og bokmål.

3.4.3.6 Tilhøvet til mållova

At norsk språk ikkje har lov- eller grunnlovsvern når samisk har det, er på eit vis parallelt til at bruk av norsk språk generelt ikkje er regulert i lov når nynorsk og bokmål er det.

Jamvel om lov om målbruk i offentlege teneste (mållova) formelt er ei lov om jamstilling mellom bokmål og nynorsk, inneber det ujamne bruksomfanget som dei to målformene har i utgangspunktet, at lova i praksis har sin viktigaste funksjon i å fremja nynorsken si stilling, direkte innanfor det offentlege, først og fremst i staten, og dermed indirekte også i samfunnet elles.

Utgangspunktet både for nynorsk og for samisk er at det er det språket som står svakast, som har motivert eit særskilt vern i lovverket. Stillinga for majoritetsspråket norsk har vore sedd på som så sjølvsagt og så sterk at ein i moderne tid ikkje har kjent behov for lov- eller grunnlovsforankring eller særskild lovregulering på generelt grunnlag. Det er ikkje like sjølvsagt i dag.

Dessutan ser vi i dag at det også kan verka lovteknisk uryddig at det berre er bokmål og nynorsk og ikkje den overordna fellesnemnaren norsk som har ein klart uttrykt status i lovverket.

Mållova slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vera jamstilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune, men altså utan at det først er slått fast kva status og bruk norsk språk generelt skal ha.

Dei materielle føresegnene i lova regulerer dels i kva situasjonar eit statsorgan skal bruka anten nynorsk eller bokmål, dels korleis bruksfordelinga mellom bokmål og nynorsk skal vera for allment dokumenttilfang som ikkje kjem inn under dei spesifikke føresegnene.

Når lova til dømes fastset at eit statsorgan skal svara på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet, må no dette også tolkast slik at vedkomande har krav på å få svar på norsk, jamvel om det ikkje er sagt direkte.

Når det derimot er tale om allment informasjonstilfang, er det ikkje noko i mållova som kan tolkast slik at eit statsorgan må bruka norsk. Det er såleis ikkje noko i lova som hindrar eit statsorgan i å bruka engelsk i større eller mindre grad i staden for norsk. Det er berre det tilfanget som reint faktisk er skrive på norsk, som då kjem inn under dei aktuelle reglane om ei viss bruksfordeling mellom målformene.

Dette inneber at mållova reint allment ikkje representerer noko vern av norsk språk i høve til engelsk og såleis ikkje er noko effektivt instrument for å hindra til dømes domenetap for norsk språk innanfor offentleg forvaltning.

Både omsynet til lovteknisk samanheng og konsekvens i lovverket og behovet for å byggja opp eit vern mot domenetap for norsk språk er difor argument som dreg i retning av å gje norsk språk ei nærare definert lovforankring.

Det kontrollspørsmålet som likevel må stillast, er i kva grad lov- eller grunnlovsvern synest å vera eit tenleg og nødvendig verkemiddel i språkstyrkingsarbeidet, eller om det finst andre verkemiddel som kan seiast å gjera lovfesting overflødig.

Det kan også vera at meir spesifikke lovføresegner på bestemte område kan vera eit alternativ til ei meir generell lovforankring.

Begge desse spørsmåla har vore eit deltema i det språkpolitiske utgreiingsarbeidet som er gjennomført i Danmark det siste året.

3.4.3.7 Spørsmålet om språklov i Danmark

Noko av utgangspunktet for arbeidet med lov­spørsmålet i Danmark var eit ordskifte i Folketinget 30. januar 2007 på bakgrunn av eit konkret lovframlegg frå Dansk Folkeparti.

Framlegget påla regjeringa å førebu ei lov med formål å sikra ein samanhengande dansk språkpolitikk som kunne bidra til å styrkja og utvikla det danske språket som eit komplett og samfunnsberande språk. Det heitte vidare at lova skulle ta klart sikte på å motverka at dansk lir domenetap, dvs. at det danske språket ikkje vik for engelsk innanfor vitskap, høgare utdanning, næringsliv og offentleg forvaltning.

Dei fleste partia helsa initiativet velkommen, men det var noko ulike vurderingar av om ei lov var det rette verkemidlet. Kulturministeren varsla i debatten at han ville setja ned eit utval med språkekspertar og representantar frå relevante sektorar til å følgja opp den språkpolitiske utgreiinga han hadde gjeve Folketinget i 2004. Han ville be utvalet vurdera spørsmålet om ei språklov eller andre bindande reglar var svaret på dei språkpolitiske utford­ringane.

Utvalet vart oppnemnt i april 2007, og i mandatet heitte det at utvalet mellom anna skulle vurdera om det var behov for og om det lét seg gjera å lovregulera språkområdet, anten gjennom ei eigentleg språklov eller gjennom lovgjeving på enkelte område.

Det heitte vidare at dersom det vart tale om å foreslå ei eigentleg språklov, skulle utvalet nærare spesifisera kva innhald lova skulle ha, dessutan at tilrådingane frå utvalet burde byggja på ein analyse av dei språkpolitiske erfaringane frå andre land som det var naturleg å samanlikna med. Lovspørsmålet var likevel ikkje hovudtemaet i mandatet. Utvalet skulle gje ein samla analyse av situasjonen for dansk språk og koma med konkrete framlegg for å styrkja innsatsen for dansk språk på ulike samfunnsområde.

I utvalsrapporten som vart lagd fram i byrjinga av april 2008, er det peikt på at eventuell lovgjeving anten kan skje i form av ei fleksibel rammelov eller ved meir handfaste reguleringar på enkelte område gjennom endring av eksisterande lovgjeving. I tråd med det siste alternativet foreslår ein del av utvalet, mellom dei leiaren, å justera universitets­lova for å sikra vidareutvikling av dansk fagspråk og terminologi. Andre i utvalet vil nøya seg med tilrådingar og nøye overvaking av språk­situasjonen ved universiteta.

Utover dette er lovspørsmålet ikkje nærare drøfta i rapporten. Det heiter berre at det gjennom arbeidet i utvalet ikkje er påvist andre område som det er behov for å regulera gjennom spesiallovgjeving eller ei overordna språklov. 4

3.4.3.8 Spørsmålet om språklov i Sverige

I Sverige er det derimot trekt ein heilt annan konklusjon i lovspørsmålet enn i Danmark. Der har saka også ei lengre forhistorie.

Såleis vart lovspørsmålet i Sverige grundig drøfta alt i den omfattande utgreiinga frå den parlamentariske språkkommisjonen frå 2002. 5 Her vart det gjort framlegg om å fastslå i lov at det svenske språket er hovudspråk i Sverige.

Grunngjevinga var todelt: Slik lovfesting skulle for det første vera eitt av fleire verkemiddel for å hindra at svensk gradvis skulle mista den samfunnsberande funksjonen sin, og for det andre skulle det streka under den funksjonen det svenske språket har som det samlande, felles kommunikasjonsmidlet i eit stadig meir «mångkulturelt og mångspråkigt samhälle».

Om det sistnemnde formålet heitte det følgjande:

«Fem minoritetsspråk har erkänts som nationella minoritetsspråk. Genom invandringen har ett stort antal språk kommit till Sverige. Det är av vikt att man i ett sådant samhälle har ett språk som befolkningen kan ha gemensamt, ett språk som är huvudspråk. Detta är i Sverige svenskan. (...) Vårt förslag skall (...) ses som ett led i bejakandet av ett mångkulturellt och mångspråkigt samhälle, där svenskan är det gemensamma språket.» (s. 465)

Vidare heitte det om termen hovudspråk:

«Det uttryck som vi förordar är att fastslå att svenskan är «huvudspråk» i Sverige. Denna term betonar betydelsen av det svenska språket, och ger även tydliga signaler om att svenskan är det språk som talas av det stora flertalet av landets innevånare, samtidigt som termen påminner om att det även finns andra språk att ta hänsyn till.» (s. 469)

I oppfølgingsproposisjonen, Bästa språket, hausten 2005 fekk ikkje framlegget om lovfesting tilslutning, men regjeringa foreslo i staden at den nemnde formuleringa skulle takast med som det første av dei fire språkpolitiske måla som Riksdagen vart invitert til å gjera vedtak om i desember 2005, jf. kap. 1.2.2.2.

Vänsterpartiet erklærte at dei prinsipielt var for ei lovfesting av svensk som hovudspråk, men meinte at spørsmålet først burde vurderast i samband med ei pågåande grunnlovsutgreiing, og røysta på det grunnlaget saman med regjeringa, mot lovfesting. 6

Boks 3.1 Förslag till språklag

Lagens innehåll och syfte

  • 1 § I denna lag finns bestämmelser om det svenska språket, de nationella minoritetsspråken och det svenska teckenspråket. Lagen innehåller även bestämmelser om det allmännas ansvar för att den enskilde ges tillgång till språk samt om språkanvändning i offentlig verksamhet.

  • 2 § Syftet med lagen är att ange svenskans och andra språks ställning och användning i det svenska samhället. Lagen syftar också till att värna svenskan och den språkliga mångfalden i Sverige samt den enskildes tillgång till språk.

  • 3 § Om en annan lag eller en förordning innehåller någon bestämmelse som avviker från denna lag, gäller den bestämmelsen.

Det svenska språket

  • 4 § Svenska är huvudspråk i Sverige.

  • 5 § Som huvudspråk är svenskan samhällets gemensamma språk, som alla som är bosatta i Sverige ska ha tillgång till och som ska kunna användas inom alla samhällsområden.

  • 6 § Det allmänna har ett särskilt ansvar för att svenskan används och utvecklas.

De nationella minoritetsspråken

  • 7 § De nationella minoritetsspråken är samiska, finska, meänkieli, romani chib och jiddisch.

  • 8 § Det allmänna har ett särskilt ansvar för att skydda och främja de nationella minoritetsspråken.

Det svenska teckenspråket

  • 9 § Det allmänna har ett särskilt ansvar för att skydda och främja det svenska teckens­pråket.

Språkanvändningen i offentlig verksamhet

  • 10 § Språket i domstolar, förvaltningsmyndigheter och andra organ som fullgör uppgifter i offentlig verksamhet är svenska. Nationellt minoritetsspråk får användas, när det är lämpligt.

    I annan lag finns särskilda bestämmelser om rätt att använda nationella minoritetsspråk och annat nordiskt språk.

    Om skyldighet för domstolar och förvaltningsmyndigheter att anlita tolk och att översätta handlingar finns det särskilda bestämmelser.

  • 11 § Språket i offentlig verksamhet ska vara vårdat, enkelt och begripligt.

  • 12 § Myndigheter har ett särskilt ansvar för att svensk terminologi inom deras olika fackområden finns tillgänglig, används och utvecklas.

Svenskan i internationella sammanhang

  • 13 § Svenska är Sveriges officiella språk i internationella sammanhang.

  • 14 § Svenskans ställning som officiellt språk i Europeiska unionen ska värnas.

    Den som företräder Sverige i Europeiska unionen ska använda svenska när tolkning erbjuds, om det inte av särskilda skäl är lämpligare att använda ett annat språk.

Den enskildes tillgång till språk

  • 15 § Var och en som är bosatt i Sverige ska ges möjlighet att lära sig, utveckla och använda svenska. Därutöver ska

    1. den som tillhör en nationell minoritet ges möjlighet att lära sig, utveckla och använda minoritetsspråket,

    2. den som har behov av teckenspråk ges möjlighet att lära sig, utveckla och använda det svenska teckenspråket.

      Den som har ett annat modersmål än de språk som anges i första stycket ska ges möjlighet att utveckla och använda sitt modersmål.

  • 16 § Det allmänna ansvarar för att den enskilde ges tillgång till språk enligt 15 §.

Denna lag träder i kraft den ...

Kjelde: SOU 2008:26, s. 33-35.

Den ikkje-sosialistiske opposisjonen gjekk derimot inn for lovfesting og uttalte følgjande i innstillinga til Riksdagen:

«Vi anser att svenska språkets ställning som majoritetsspråk bör lagfästas liksom riksdagen redan lagskyddat ett antal minoritetsspråk. Det är enligt vår mening motsägelsefullt att ha fem lagfästa minoritetsspråk men inget officiellt majoritetsspråk. Att lagstifta om svenskan som majoritetsspråk har också en stor praktisk och symbolisk betydelse. Det skulle ge en tydlig signal om svenskans betydelse i vårt samhälle och garantera att svenskan även i framtiden ska vara vårt huvudspråk. Vi vill i detta sammanhang också väga in demokratiaspekten. Det svenska språket är ju viktigt för att alla ska kunna ta del av det allmänna rummet.» (Kulturutskottets betänkande 2005/06: KrU4, s. 43)

I budsjettproposisjonen for 2007 uttalte så den nye svenske regjeringa at det burde innførast ei lov som slår fast stillinga for det svenske språket. Etter regjeringsavgjerd 8. februar 2007 fekk ein utgreiingsekspert i oppdrag å utarbeida framlegg til ei språklov som skulle regulera det svenske språkets status.

Det skulle også vurderast om det i ei slik lov burde vera med føresegner om språka til nasjonale minoritetar og om stillinga for det svenske teikn­språket. I tillegg skulle utgreiinga belysa spørsmålet om det svenske språket i internasjonale samanhengar.

Utgreiinga låg føre i mars 2008 og inneheld eit grunngjeve framlegg til ei samla svensk språklov, ei lov som både skal tryggja stillinga for det svenske språket og verna det språklege mangfaldet i Sverige.

I grunngjevinga for framlegget heiter det mellom anna:

«I det skede av mycket snabb utveckling som nu råder inom språkområdet bör en språklag verksamt kunna bidra till ökad medvetenhet om vikten av att vi värnar landets huvudspråk. En språklag tjänar också funktionen att lyfta fram og tydliggöra de nationella språkpolitiska målen.» 7

Vi viser elles til den samla lovteksten i boks 3.1.

3.4.3.9 Oppsummerande vurdering

Departementet meiner at det er behov for at det norske språkets posisjon og verdi blir langt sterkare markert og synleggjort i samfunnsdebatten enn det som er tilfellet i dag.

Vi kan ikkje ta bruken av norsk språk, verdien av godt norsk språk og behovet for ei god norskopplæring for alle som noko sjølvsagt. Tvert imot må dette stadig understrekast og byggjast opp under i den offentlege språkpolitikken.

Departementet meiner at ei klar lovforankring vil vera med på å leggja grunnlaget for ei sterkare språkpolitisk bevisstgjering og ein meir offensiv språkpolitikk til beste for både norsk språk generelt og nynorsk spesielt.

Ei lovforankring vil kunna gje grunnlag for eit meir aktivt og effektivt språkstyrkingsarbeid og innebera ei legal sperre mot at norsk blir erstatta med engelsk i konkrete brukssituasjonar der dette ikkje er nødvendig for å kunna kommunisera på ein tenleg måte.

Både det stadig aukande behovet for internasjonalt samkvem og for å bruka eit internasjonalt språk, og behovet for å styrkja og integrera også dei minoritetsspråklege og fleirspråklege utfordringane i ein samla språkpolitikk, kan ha som biverknad at majoritetsspråket vårt får mindre merksemd og omsut enn det som er nødvendig. Ei lovforankring vil ikkje åleine rå bot på dette, men vil vera eit godt utgangspunkt for eit meir planfast og konkret språkstyrkingsarbeid over tid.

Eit viktig utgangspunkt er at ei lov kan verka normdannande og gje uttrykk for eit ideal å strekkja seg etter. Ei generell språklov vil framheva den grunnleggjande funksjonen norsk språk skal ha som eit felles språk for alle i Noreg, noko som likevel ikkje føreset at alle innbyggjarane heile tida berre bruker norsk.

Ei allmenn lov om norsk språk kan også vera med og rydda veg for meir spesifikke språkføresegner innanfor spesielle område, til dømes om tryggingsføresegner og bruksrettsleiingar på norsk, rett til å inngå avtala på norsk osv. Dersom ein går vidare på den vegen, må det vurderast i kva grad det skal takast inn slike føresegner i dei respektive særlovene, eller om det best kan skje gjennom ei meir omfattande allmenn språklov.

Som eit minimum bør det i alle høve vera ei eiga språklov som slår fast det norske språkets offisielle status og funksjon som nasjonalspråk eller liknande. Kva konkrete uttrykk som bør nyttast, og kva lovmodell som elles kan vera mest tenleg, vil departementet vurdera nærare.

Det må strekast under at ein ny norsk språkpolitikk ikkje skal ha som formål å styrkja norsk som nasjonalspråk først og fremst av nasjonale grunnar, og at det heller ikkje er tale om ei einsidig styrking av norsk språk. Norsk språkstyrking er like mykje eit kulturelt ansvar vi har i det internasjonale mangfaldsamfunnet, og er elles ledd i ein større språkpolitisk heilskap som også må gje større plass for å vareta både alle slags minoritetsspråk­lege interesser og å fremja betre framandspråkleg kompetanse.

Ved ei lovfesting kan det difor henda at omgrepet nasjonalspråk ikkje gjev dei rette assosiasjonane, og at eit anna uttrykk vil vera meir presist. Her er det naturleg å vurdera den terminologien som er nytta i Sverige. Det inneber i så fall at ein nyttar hovudspråk i staden for nasjonalspråk.

Lovutforminga må også sjåast i samanheng med om det kan bli aktuelt å gå vidare med tanken om grunnlovfesting av omsynet til norsk språk eller av norsk språk og kultur slik som drøfta ovanfor. Denne saka er avhengig av ei nærare avklaring i spørsmålet om den generelle grunnlovsutviklinga i tida framover, mellom anna i kva grad ein skal byggja ut Grunnlova med stadig fleire spesialføresegner, jamført med ei meir restriktiv grunnlovs­linje. Dette er eit spørsmål som regjeringa vil vurdera på eit meir generelt og overordna nivå.

Noko av det ein kan oppnå ved ei generell språklov er at føresegner om stillinga for norsk språk kan kombinerast med tilpassa og oppdaterte føresegner også om samisk, gamle og nye minoritetsspråk og norsk teiknspråk, slik at vi får ei lov som er eit samla uttrykk for den norske språksituasjonen, og som nærare definerer kva status og rolle også andre språk enn norsk har i denne totaliteten.

Ei ny lov må også utformast slik at ho tek omsyn til den særlege norske språksituasjonen med to likeverdige målformer. Her må det mellom anna vurderast korleis ei generell lovforankring for norsk språk skal knytast opp mot dei meir omfattande reglane om bruk av nynorsk og bokmål i staten.

Departementet tek sikte på å arbeida vidare med desse spørsmåla etter at språkmeldinga er behandla i Stortinget.

3.4.4 Verkeområdet for mållova

3.4.4.1 Tidlegare vurderingar

Som nemnt i St.meld. nr. 7 (2005–2006) har det lenge vore uavklart kor langt verkeområdet for mållova strekkjer seg når det gjeld statstilknytte verksemder som ikkje er ein organisatorisk del av forvaltninga. Det vart vist til at departementet ville koma tilbake til saka i annan samanheng. Spørsmålet har også vore omtalt i to tidlegare stortingsmeldingar om målbruk i offentleg teneste, i 1997 og 2001, og i kulturmeldinga frå regjeringa Bondevik II, som Stortinget behandla i 2004.

I den nemnde kulturmeldinga gjekk departementet inn for at mållova som hovudregel skulle gjelda for føretak som er oppretta i samsvar med lov om statsføretak, andre former for verksemd som staten har lagt til rette for gjennom individuelle særlover, dessutan stiftingar eller liknande der staten har vore tungt inne i etableringa, eller der staten yter substansielle tilskot til drifta.

I innstillinga frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen uttalte fleirtalet, alle utanom representantane frå Framstegspartiet, at dei ikkje fann dette tilstrekkeleg operativt, og at det var behov for ein nærare gjennomgang med sikte på klarare definisjonar av verkeområdet.

For andre selskapsformer, typisk aksjeselskap, vart det i kulturmeldinga lagt til grunn at dei i utgangspunktet ikkje burde omfattast, men at det fagdepartementet som forvaltar dei statlege eigarinteressene, burde fastsetja meir tilpassa retningslinjer for målbruken i samråd med Kultur- og kyrkjedepartementet.

I tråd med dette uttalte det same komitéfleirtalet at det her måtte utøvast eit skjøn frå det respektive departementet med sikte på å koma i møte det behovet for språkleg likestilling som nedslagsfeltet for den aktuelle verksemda tilseier, og at det aktuelle fagdepartementet her burde søkja råd i Kultur- og kyrkjedepartementet.

3.4.4.2 Retningslinjer for målbruk i samferdselsverksemdene

I kulturmeldinga heitte det at slike retningslinjer til dømes kunne ta utgangspunkt i dei dåverande vedtektene for Posten Norge AS. Her var det fastsett at prinsippa i mållova skulle følgjast så langt råd er, men likevel slik at dette ikkje utgjer noka nemnande konkurranseulempe i høve til private konkurrentar. Tilsvarande føresegn har det også vore i vedtektene for NSB AS og Avinor AS.

Dette er i samsvar med den tilrådinga Kultur- og kyrkjedepartementet tidlegare har gjeve for selskap og andre organ der det er tvil om rettstilstanden. Såleis heiter det både i målbruksmeldinga frå 2001 og i kulturmeldinga frå 2003 at slike verksemder så langt råd er, bør følgja tilsvarande prinsipp for målbruken sin som dei som ligg til grunn for mållova.

Det er uvisst om dette har vore følgt i praksis. Dessutan har Samferdselsdepartementet erfart at dei tre nemnde selskapa på deira område ikkje har etterlevd prinsippa i mållova godt nok, trass i den uttrykkjelege føresegna i vedtektene.

Gjennom vedtak på generalforsamling i selskapa våren 2007 har difor samferdselsministeren gjennomført ei innskjerping. Den tidlegare føresegna er no delt i to delar. Det heiter for det første at prinsippa i mållova skal følgjast ved kunderetta informasjon, og for det andre at prinsippa elles skal følgjast så langt råd er, men likevel ikkje slik at dette representerer noka nemnande ulempe i høve til private konkurrentar.

Dette inneber at språkleg jamstilling i tråd med prinsippa i mållova no er eit absolutt krav i kunderetta informasjon. For Posten Norge er dette nærare presisert gjennom uttrykket kunderetta informasjon om dei leveringspliktige tenestene, og for NSB viser den tilsvarande presiseringa til kunderetta informasjon om dei persontransporttenestene staten kjøper.

3.4.4.3 Nærare om målbruk i NRK

Av andre aksjeselskap som heilt eller delvis er i statleg eige, er det først og fremst NRK det er grunn til å nemna. Her har det alltid vore reglar om målbruk i programverksemda, mellom anna eit krav om at minst 25 prosent av verbalinnslaga skal vera på nynorsk.

Tidlegare omfatta dette kravet også det som i vedtektene vart omtalt som NRK si informasjonsverksemd, men dette tillegget fall bort ved ein større redaksjonell revisjon av vedtektene i 2004, og det vart då heitande at begge dei offisielle målformene skulle nyttast, og at minst 25 prosent av verbalinnslaga skulle vera på nynorsk.

Samstundes vart det presisert i vedtektene at kravet om minst 25 prosent nynorsk berre skulle gjelda det som vart definert som NRK si kjerneverksemd, dvs. fjernsynskanalane NRK1 og NRK2 og radiokanalane P1, P2 og P3.

Seinare har Stortinget ved behandling av St.meld. nr. 6 (2007–2008) slutta seg til eit overordna politisk styringsdokument for NRK i form av ein allmennkringskastingsplakat, kalla NRK-plakaten.

Her er det lagt til grunn at den tradisjonelle todelinga mellom NRK si kjerneverksemd og anna redaksjonell verksemd ikkje lenger er formålstenleg, jf. også St.meld. nr. 30 (2006–2007), og at NRK-plakaten difor må gjelda heile allmennkringkastingstilbodet, også nye tenester som blir tilbodne på nye plattformer.

Kravet om bruk av begge målformer er teke inn i plakaten, samstundes som kvoteformuleringa er endra til at minst 25 prosent av innhaldet skal vera på nynorsk. Dette vil då omfatta alle former for innhald i alle publiseringsformer og dermed også skriftlege tekstar i til dømes tekst-tv og i nettbaserte tenester.

I St.meld. nr. 6 (2007–2008) er det streka under at NRK-plakaten i seg sjølv ikkje er eit juridisk dokument, at han difor ikkje vil erstatta vedtektene, men at vedtektene må harmoniserast med plakaten.

3.4.4.4 Utgangspunkt for den framtidige grensedraginga

Det som er sagt ovanfor om vedtektene som grunnlag for regulering av målbruk i dei nemnde samferdselsverksemdene, vil først og fremst vera ei mellombels løysing.

Som gjennomgåande system vil det likevel vera vanskeleg å regulera målbruken i offentlege verksemder utanfor forvaltninga gjennom vedtekts­festing i kvart enkelt tilfelle. Ei meir allmenn grensedraging basert på generelle reglar i lova sjølv vil vera ein enklare og sikrare framgangsmåte.

Utgangspunktet for ei slik generell avklaring av verkeområdet for mållova må vera det som også vart slått fast i den målbruksmeldinga som regjeringa la fram hausten 2005, at dette er ei svært viktig kulturpolitisk lov. Meldinga viste til at lova har som hovudfunksjon å tryggja stillinga for nynorsk som offisielt skriftmål ved sida av bokmål, dess­utan at lova indirekte har ein vidare funksjon i å vera med på å sikra grunnlaget for nynorsk skriftkultur og for nynorskens posisjon i det norske språksamfunnet meir allment.

Dersom lova skulle avgrensast til berre å femna om den tradisjonelle forvaltninga, vil ho tapa mykje av sin funksjon som eit kulturpolitisk instrument, fordi så mykje slik verksemd dei seinare ti-tjue åra har vorte utskild og organisert i meir frittståande former. I dag finst også eit mangfald av andre sjølvstendige rettssubjekt som staten dels har skipa frå grunnen av, dels har eit eigar- eller driftsansvar for.

I kulturmeldinga frå Bondevik II-regjeringa vart det slått fast som eit prinsipielt utgangspunkt at både nynorsk og bokmål skal nyttast i all verksemd med statleg tilknyting. Departementet er samd i dette utgangspunktet.

3.4.4.5 Offentleglova som mønster

Etter gjeldande rett har verkeområdet for mållova vore kopla til verkeområdet for offentleglova. Her har føresetnaden vore at det i prinsippet måtte gjerast ei samla vurdering for kvar enkelt verksemd. Konklusjonane i desse tolkingssakene, som av og til har vore omstridde, har vore resultat av ei skjønnsbasert avveging av fleire faktorar som alle hadde å gjera med kor nær den statlege tilknytinga kunne seiast å vera. I meir enn ti år har det difor vore arbeidt med å finna eit fastare og klarare rettsgrunnlag for å avgrensa verkeområdet for offentleg­lova.

Alt i målbruksmeldinga frå 1997 la såleis departementet til grunn at det trongst eit nytt rettsgrunnlag for å koma fram til ei rimeleg avklaring av korleis verkeområdet for mållova skulle avgrensast. Det er også uttalt at dei framtidige grensene ikkje nødvendigvis må trekkjast parallelt for mållova og offentleglova, for dei to lovene har ulikt formål. Departementet har likevel funne det uheldig å ta standpunkt til verkeområdet for mållova heilt uavhengig av arbeidet med å greia ut korleis ei ny offentleglov skal avgrensast.

I kulturmeldinga frå 2003 vart det dessutan uttalt at det godt kunne henda at det eit stykke på veg ville visa seg naturleg med samanfallande avgrensingar. Etter at Stortinget no har vedteke den nye lova om rett til innsyn i offentleg verksemd, har Kultur- og kyrkjedepartementet kome til at avgrensinga av verkeområdet for denne lova også vil vera eit tenleg utgangspunkt for å definera kva verksemder som bør omfattast av lovreglar om målbruk.

I forarbeida til den nye offentleglova er det lagt til grunn at behovet for innsyn i offentleg verksemd ikkje er avhengig av korleis verksemda er organisert. Dette betyr at det ikkje i seg sjølv bør ha noko å seia for avgrensing av innsynsretten om ei verksemd er organisert som ein del av forvaltninga eller som eit sjølvstendig rettssubjekt, jf. Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) kap. 4.4.2. Heller ikkje dei språkpolitiske omsyna som mållova skal sikra, tilseier at eit slikt organisatorisk skilje kan vera avgjerande.

Det trengst likevel ei nærare avklaring av korleis ein skal dra grensa mellom reint offentlege eller offentleg dominerte verksemder og verksemder med eit sterkt privat innslag eller ei sterkt uavhengig stilling. Dessutan er det rimeleg å ta omsyn til at det for visse verksemder kan vera ei større ulempe enn for andre å vera bundne av den type lovreglar som det er tale om, både etter offentleglova og mållova, og dette krev også ei nærare avgrensing.

Etter den nye offentleglova er den første avgrensinga basert på offentleg eigardel, eventuelt offentleg styrerepresentasjon, medan den andre avgrensinga er basert på om rettssubjektet driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.

Dette betyr for det første at eit sjølvstendig rettssubjekt i utgangspunktet er omfatta av lova dersom det offentlege direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet, eller dersom det offentlege direkte eller indirekte har rett til å velja meir enn halvparten av dei røysteføre medlemmene i det øvste organet i verksemda.

For det andre betyr det at rettssubjekt som oppfyller minst eitt av desse kriteria, likevel ikkje er omfatta av lova dersom dei er utsette for slik konkurranse som er nemnd ovanfor. Som døme på rettssubjekt som vil falla utanfor verkeområdet for lova på dette siste grunnlaget, nemner proposisjonen Statoil og Telenor.

Departementet vil byggja på desse to avgrensingane også når det gjeld ei nærare avgrensing av verkeområdet for mållova. Det vil likevel vera aktuelt å vurdera nærare om enkelte rettssubjekt heilt eller delvis skal haldast utanfor lova jamvel om dei fell innanfor etter dei to nemnde avgrensingane, likeins om enkelte rettssubjekt heilt eller delvis bør omfattast sjølv om dei fell utanfor etter dei to hovudkriteria.

Dette er det same prinsippet som også er nedfelt i offentleglova, og der desse nærare avgrensingane vil bli fastsette i forskrift. På dette detaljplanet er det likevel ikkje sikkert at grensedraginga bør vera nøyaktig den same for mållova.

Det er også aktuelt å vurdera om mållova bør innehalda ein hovudregel, i tillegg til dei som er nemnde ovanfor, om at lova i utgangspunktet skal gjelda for institusjonar som får meir enn 50 prosent av inntektene sine frå staten. Også ein slik regel må i så fall modifiserast gjennom meir spesifikke unntak. Departementet vil koma tilbake til desse spørsmåla etter at saka har vore på høyring.

3.4.4.6 Nærare om innhaldet i mållova

Ved ei klarare avgrensing av verkeområdet slik som skissert ovanfor vil mållova fanga opp ein del verksemder som i dag i liten grad praktiserer måljamstilling etter gjeldande reglar. For desse vil det vera rimeleg å gje visse retningslinjer om kva målbrukskrav dei særleg bør leggja vekt på i første omgang. Her er det aktuelt å prioritera ulike former for publikumsretta informasjon. Ikkje minst må det leggjast til rette for at begge målformene kjem godt til syne i allment informasjonstilfang på Internett.

Det vil også vera aktuelt å vurdera om det på varig basis bør vera mindre omfattande eller meir spesialtilpassa målbrukskrav for visse typar organ og verksemder enn for andre. Ei slik vurdering bør skje som ledd i ei generell utgreiing om endringar i mållova.

Departementet tek såleis sikte på å vurdera gjeldande lov- og regelverk og greia ut om det er behov for nye og meir framtidsretta lovreglar om offentleg målbruk.

Hovudformålet med ei slik utgreiing må vera å styrkja mållova som eit effektivt instrument for reell måljamstilling og dermed for auka bruk av nynorsk i offentleg tilknytt verksemd. Ei ny lov må difor ikkje svekkja grunnleggjande prinsipp i gjeldande regelverk. Sentralt her står kravet om bruk av minst 25 prosent av kvar målform i allment informasjonstilfang frå sentrale statsorgan, dessutan plikta alle statsorgan har, til å svara på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i vedkomande skriv.

Mållova har elles eit system av meir detaljerte reglar som byggjer på kommunalmålprinsippet. Grunnlaget for desse reglane er føresegna om at eit kommunestyre kan gjera vedtak om kva målform statlege organ skal nytta i skriv til kommunen, eller at kommunen skal vera språkleg nøytral. Dei kommunale målvedtaka innanfor eit område, til dømes eit fylke eller ein større eller mindre region, dannar så grunnlaget for utrekning av såkalla fleirtalsmålform i området.

Denne fleirtalsmålforma legg fleire føringar for den statlege målbruken. For det første skal tenestemålet til eit regionalt statsorgan følgja fleirtalsmålforma i tenestedistriktet. For det andre skal alle sentrale statsorgan bruka dette tenestemålet i korrespondanse med vedkomande regionale statsorgan. For det tredje skal sentrale statsorgan nytta fleirtalsmålforma innanfor eit geografisk avgrensa område i alt utoverretta informasjonstilfang som har særleg tilknyting til dette området.

Det følgjer av kommunalmålprinsippet at alle kommunane i eit område tel likt ved utrekning av fleirtalsmålform. Dette sikrar at fleirtalsmålforma avspeglar språksituasjonen i størstedelen av det aktuelle geografiske området, ikkje berre i folkerike strok. Med eit slikt kommunaldemokratisk system kjem også nynorsk i fleirtalsposisjon i visse delar av landet, først og fremst på Vestlandet, men også enkelte andre stader, avhengig av kva for kommunar som definerer ein region eller eit område.

For også i dei delane av landet der nynorsk står sterkast, er posisjonen svakare i byar og tettbygde strok enn i kommunar med meir spreidd busetnad. Gjennomgåande har difor nynorskkommunar lågare folketal enn bokmålskommunar og nøytrale kommunar.

Det kommunaldemokratiske systemet har dermed innebygd i seg ein mekanisme som i praksis gjer at nynorsk når opp til offisiell status som regionalt statleg bruksmål i noko større delar av landet enn det som ville vore tilfellet dersom til dømes reine fleirtalsvurderingar blant innbyggjarane skulle ha avgjort spørsmålet. Slik sett representerer dette systemet eit visst vern for den minst brukte målforma. Det er då også eit kjenneteikn for alle velutvikla demokratiske statar at det finst liknande mekanismar til vern om minoritets­interesser. Ikkje minst gjeld dette interesser som har å gjera med språkleg og kulturelt mangfald.

3.4.4.7 Utgreiingsbehov

Det er likevel behov for å gå gjennom heile systemet av målbruksreglar som byggjer på dei kommunale målvedtaka. Dels er det eit spørsmål om å vurdera om reglane slik dei er utforma i dag, kan hevdast å gje urimelege utslag i den eine eller andre retninga. Dels er det behov for å tenkja framover og vurdera korleis systemet vil slå ut ved eventuelle endringar i kommune- og fylkesstrukturen. Det kan tenkjast at det lèt seg gjera å utforma eit system som er meir robust overfor slike endringar.

Det er også ønskjeleg å vurdera om heile dette regelverket kan gjerast enklare, og korleis ein betre enn i dag kan sikra at det blir etterlevd i praksis.

Noverande mållov slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer, og at dei skal vera jamstilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune, men alle bindande målbruksreglar gjeld berre for statlege organ. I utgreiinga bør det vurderast om det er tenleg å gje visse reglar også for målbruken i kommunar og fylkeskommunar. Slike reglar kan eventuelt utformast som rettleiande retningslinjer. Slike reglar vil dermed vera mindre inngripande enn bindande krav.

Ein viktig del av utgreiingsarbeidet vil elles vera å vurdera korleis målbruksreglane og den praktiske oppfølginga av dei i større grad enn i dag kan tilpassast dei nye teknologiske rammevilkåra som i stadig sterkare grad legg premissar både for skriftutforming og skriftleg kommunikasjon i det offentlege.

Mellom anna må det koma klarare fram i regelverket at alle former for elektroniske register og fagsystem som skal brukast i det offentlege, heilt frå starten av må utviklast slik at dei kan produsera dokument på både nynorsk og bokmål.

Dette er ein føresetnad for at andre reglar skal kunna følgjast i praksis. Ikkje minst er måljamstilling eit viktig omsyn når det blir utvikla store, sent­rale etatssystem som skal brukast av både statlege, fylkeskommunale og kommunale styresmakter i deira hopehav med publikum.

Det bør elles inngå i arbeidet å utgreia meir effektive registrerings- og rapporteringsrutinar for målbruken. Dette er særleg viktig både for at den aktuelle verksemda sjølv skal kunna halda kontroll med eigen målbruk, og for at det skal bli lettare enn i dag å føra tilsyn med at målbruksreglane blir etterlevde. Dette tilsynet er avhengig av mest mogleg pålitelege data som også kan danna grunnlag for statistiske samanlikningar over tid.

Ein viktig del av utgreiinga bør endeleg vera å vurdera kva som elles skal til for å sikra at lova blir etterlevd. I tråd med føresetnaden i målbruksmeldinga, St.meld. nr. 7 (2005–2006), sende departementet 17. mars 2006 eit rundskriv til alle statlege organ om dette. Her vart det særleg vist til det ansvaret som kviler på statlege leiarar på alle nivå, og at det er den øvste leiaren i kvart enkelt stats­organ som har hovudansvaret for at lova blir respektert.

Elles uttalte departementet følgjande om dette i målbruksmeldinga:

«Dersom ikkje intensivert innsats og dei andre skisserte tiltaka i denne meldinga gir snarlege og tilfredsstillande resultat, vil regjeringa vurdera om det kan vera tenleg å ta i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som ikkje viser vilje til å etterleva målbruks­reglane.»

Etter å ha summert opp resultatet av målbruksrapporteringa for dei to siste åra vil departementet vurdera om det er nødvendig å følgja opp dette spørsmålet. Det kan i så fall vera aktuelt å ta dette med i utgreiingsarbeidet.

Departementet legg elles til grunn at ei ny mållov i all hovudsak skal utformast innanfor dei administrative og økonomiske rammer som følgjer av gjeldande lov, og at ho såleis jamt over ikkje skal føra til meir omfattande plikter og byrder enn det som krevst for å etterleva noverande lov. Visse forenklingar i regelverket og nye oppfølgings- og rapporteringssystem basert på tilpassa teknologiske løysingar kan tvert imot tenkjast å gje ein effektiviseringsvist. Å få til betre etterleving av reglane vil også vera eit sentralt formål og dermed vonleg eit viktig resultat av den tiltenkte lovrevisjonen.

3.5 Språkrådet – oppgåver og organisering

3.5.1 Innleiing

Språkrådet vart etablert frå 1. januar 2005 gjennom omdanning av det tidlegare Norsk språkråd. Norsk språkråd hadde då vore i funksjon sidan 1972 og avløyste den gongen Norsk språknemnd, som var skipa i 1952. Noverande institusjon, Språkrådet, er dermed tredje generasjon av det sentrale statlege fagorganet på språkområdet.

Medan Norsk språkråd, til liks med Norsk språknemnd, var ein medlemsbasert institusjon med ei departementsoppnemnd forsamling av medlemmer frå ulike språkrelaterte instansar i samfunnet som øvste organ, er Språkrådet eit direktoratsliknande forvaltningsorgan under leiing av eit styre oppnemnt av departementet og eit sekretariat under leiing av ein direktør tilsett av departementet. I tillegg nemner styret i Språkrådet opp fire fagråd med tematisk avgrensa arbeidsområde.

Organiseringa av Språkrådet og ansvars- og arbeidsområdet til institusjonen og dei ulike del­organa er tufta på vedtekter som departementet fastsette i april 2006, jf. boks 3.2.

Boks 3.2 Vedtekter for Språkrådet

Fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet 25. april 2006

§ 1 Formål og oppgåver

Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål og skal særleg arbeida med å styrkja det norske språkets status i notid og framtid og å forvalta dei to offisielle norske språknormene. Språkstyrkingsarbeidet omfattar både norsk språk generelt og den nynorske målforma spesielt.

Språkrådet skal verna om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremja tiltak som kan auka kunnskapen om norsk språk, fremja toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som brukar norsk språk i den eine eller andre varianten, og verna om dei rettane som kvar enkelt borgar har når det gjeld bruken av språket.

Språkrådet skal også ta omsyn til den totale språksituasjonen i landet, slik denne kjem til uttrykk gjennom dei språklege interessene til nordmenn med samisk eller minoritetsspråkleg bakgrunn eller tilknyting.

Språkrådet skal observera og analysera aktuelle utviklingstrekk i heile det norske språksamfunnet og bør på eige initiativ leggja til rette for tenleg samarbeid med både private og offentlege aktørar innanfor ulike samfunnssektorar. Språkrådet skal driva utoverretta informasjonsverksemd og i rimeleg omfang gi råd og rettleiing til alle som vender seg dit med språklege spørsmål.

§ 2 Rammer for verksemda

Språkrådet er administrativt underlagt Kultur- og kyrkjedepartementet. Det består av eit fast sekretariat under leiing av ein direktør tilsett av departementet. Den øvste leiinga ligg til eit styre oppnemnt av departementet. Verksemda i sekretariat og styre skal så langt råd er byggja på eit førebuande arbeid i eit system av fagråd oppnemnde av styret.

Språkrådet skal følgja opp språkpolitiske mål og strategiar som blir fastlagde av overordna styresmakt. I enkeltspørsmål kan Språkrådet uttala seg og gi råd etter eige skjøn om kva tiltak som best tener språkpolitiske mål.

Språkrådet har ansvar for å ta språkpolitiske initiativ overfor relevante styresmakter og skal uttala seg om spørsmål som andre styresmakter legg fram for det.

Språkrådet skal representera Noreg i nordisk og internasjonalt språksamarbeid. Departementet kan tilleggja Språkrådet spesifikke oppgåver og eventuelle fullmakter innanfor definerte saksfelt, om nødvendig med nærmare reglar om saksførebuing og avgjerdsprosedyre.

§ 3 Styret – samansetjing og oppgåver

Styret har det overordna ansvaret for verksemda i Språkrådet og skal behandla og avgjera alle viktige og prinsipielle spørsmål. Styret kan etter behov gi nærmare retningslinjer for ansvars- og arbeidsdelinga mellom styre og direktør.

Styret skal ha sju medlemmer og tre varamedlemmer. Av desse skal éin medlem og éin varamedlem oppnemnast etter val av og blant dei som er fast tilsette i sekretariatet i minst halv stilling, utanom direktøren. Dei to skal representera kvar si målform og skal vera respektive medlem og varamedlem i kvar sin halvdel av funksjonsperioden på fire år.

Det skal elles oppnemnast tre representantar og i tillegg éin vararepresentant for kvar målform. Departementet peikar ut styreleiar blant dei tre faste medlemmene frå den eine målforma og nestleiar frå den andre målforma.

Styret er vedtaksført når anten leiar eller nestleiar og minst fire andre medlemmer eller varamedlemmer er til stades.

Direktøren har ansvaret for å førebu styremøta og for å ivareta sekretariatsfunksjonen for styret.

§ 4 Fagråda – samansetjing og oppgåver

Fagråda har eit særleg ansvar for å sikra at Språkrådet har breiast mogleg samfunnskontakt for arbeidet sitt. Dei skal formidla synspunkt og impulsar frå det norske språksamfunnet til styre og sekretariat og skal på tenleg måte drøfta og førebu større saker som skal avgjerast i styret. Fagråda har høve til å ta sjølvstendige initiativ innanfor eige arbeidsområde.

Arbeids- og ansvarsområdet for kvart råd skal fastsetjast av styret. Fag- og oppgåveprofilen deira kan justerast over tid avhengig av aktuelle utfordringar og strategiske prioriteringar. Etter behov kan styret også fastsetja nærmare retningslinjer for arbeids- og ansvarsdelinga mellom fagråda på den eine sida og styre og sekretariat på den andre sida.

Det kan oppnemnast inntil fire fagråd med inntil sju medlemmer i kvart, medrekna ein medlem frå sekretariatet i kvart råd. Denne skal også fungera som sekretær for vedkomande fagråd og skal delta i styremøta med talerett når styret behandlar saker som høyrer inn under fag- og ansvarsområdet til vedkomande fagråd.

Fagrådsmedlemmene skal ikkje oppnemnast som interesserepresentantar, men styret må sikra at kvart fagråd er breitt samansett og har nødvendig fagkompetanse.

Begge målformer må vera representerte i alle fagråda. Av det samla talet på fagrådsmedlemmer skal det vera tilnærma like mange representantar for kvar målform.

Medlemmene i kvart fagråd skal oppnemnast for to år om gongen. Styret utpeikar leiar og eventuell nestleiar.

Dei i sekretariatet som til kvar tid er medlem av dei respektive fagråda, har i samråd med direktøren og fagrådsleiaren eit særleg ansvar for å leggja til rette for rasjonell koordinering og tenleg samarbeid mellom sekretariatet og fagrådet.

3.5.2 Språkrådet sitt ansvar for norsk språk

3.5.2.1 Frå språkdyrking til språkstyrking

Tradisjonelt er det forvaltnings-, tilsyns- og ikkje minst rådgjevingsoppgåver med utgangspunkt i gjeldande rettskrivingsnormalar, skrivereglar og andre normer for god og tenleg språkbruk som utgjer kjerneverksemda i Språkrådet.

Men utover i 1980-åra kom det også til ein del oppgåver som hadde meir direkte å gjera med språkvern, eller det som vi no helst omtaler som språkstyrking. Slike spørsmål fekk etter kvart større merksemd utover i 1990-åra. Det var også behovet for å leggja større vekt på utoverretta og haldningsskapande arbeid for å fremja det norske språkets status og bruk på alle samfunnsområde som utgjorde ein viktig del av grunngjevinga for den omdanninga som vart gjennomført i åra 2003–2006.

Dei tradisjonelle oppgåvene er likevel heilt nødvendige basisfunksjonar for eit statleg fagorgan i språkspørsmål. Dei er grunnleggjande for å kunna driva eit meiningsfullt språkstyrkingsarbeid. Framleis tek difor oppgåver som gjeld rettskriving, skrivereglar og språkrøkt ein stor del av dei faglege ressursane i sekretariatet.

I vedtektene frå 2006 er då også forvaltning av dei to offisielle norske rettskrivingsnormalane stilt opp som ei likeverdig hovudoppgåve ved sida av arbeidet med å styrkja det norske språkets status i notid og framtid.

3.5.2.2 Jamføring med andre nordiske land

I samband med det som er sagt ovanfor, er det grunn til å merka seg at Språkrådet har eit meir omfattande ansvar for norsk språk enn dei tilsvarande organa i Sverige og Danmark har for svensk og dansk språk.

Viktigast i så måte er det nok at Språkrådet har to målformer med ein omfattande valfridom å forvalta. I Sverige ligg dessutan alt arbeid med normering av rettskrivinga til eit privat akademi, Svenska Akademien, og er altså ikkje ei oppgåve for det svenske Språkrådet, jf. nærare omtale i kap. 8.4.1.3.

I Danmark er rett nok ansvaret for forvaltning av rettskrivinga meir lik den norske; den ligg til Språkrådet sitt systerorgan, Dansk Sprognævn, jf. kap. 8.4.1.4. Til gjengjeld finst det i Danmark eit privat selskap, Det Danske Sprog- og Litteraturselskab, med ca. 30 vitskaplege medarbeidarar, i hovudsak finansiert gjennom Kulturministeriet, som arbeider med dokumentasjon av dansk språk og litteratur, mellom anna utarbeiding og utgjeving av ordbøker.

I Sverige er det eit eige institutt som samlar inn, bevarer og forskar i dialektar, stadnamn, personnamn og folkeminne. Frå 1. juli 2006 vart dette instituttet og det nye svenske Språkrådet samla under éin organisatorisk paraply, ein ny statsetat med namnet Institutet för språk och folkminnen. Til saman har den nye etaten om lag 100 tilsette, av desse ca. fjerdeparten i Språkrådet.

Dessutan har Sverige eit eige nasjonalt terminologiorgan utanfor Språkrådet, Terminologi­centrum (TNC), og også i Danmark finst eit mindre terminologiorgan, kalla Dantermcentret. Finland har sitt eige terminologiorgan i Terminologicentralen TSK. På Island og Færøyane ligg derimot ansvaret for terminologiarbeidet innanfor dei respektive språkorgana, jf. kap. 7.2.4.5.

I Finland ligg dei tradisjonelle språkrådsoppgåvene innanfor ein statleg forskingsinstitusjon, kalla Forskningscentralen för de inhemska språken. Denne institusjonen har om lag hundre tilsette, og den primære oppgåva deira er å driva grunnforsking og bruksforsking på språka i Finland, dvs. finsk, svensk, nordsamisk, enare-, skoltesamisk, romanes og teiknspråk.

3.5.2.3 Nye oppgåver som tidlegare er lagde til Språkrådet

Vektlegging og prioritering av oppgåver opp gjennom åra har i stor grad vore eit resultat av vurderingar i Språkrådet sjølv, men sidan midten av 1990-talet har departementet ved tre høve tillagt Språkrådet nye oppgåver i form av meir spesielle funksjonar.

For det første vart ein del av departementet sine tilsynsoppgåver etter lov om målbruk i offentleg teneste overført til Språkrådet frå og med 1994. Etter dette har Språkrådet hatt ansvaret mellom anna for å innhenta årlege målbruksrapportar frå alle statsorgan under departementsnivået, driva informasjon og rettleiing om målbruksreglane og følgja opp alle dei organ som ikkje kan dokumentera at dei etterlever lova.

Frå same tidspunktet fekk Språkrådet også eit utvida ansvar for å administrera den særskilde namnekonsulenttenesta etter lov om stadnamn (Stadnamntenesta). Til å ta seg av dei oppgåvene som vart overførte i 1994, fekk Språkrådet tilført éi ny stilling, som også skulle omfatta generelt informasjonsarbeid.

For det andre fekk Språkrådet på budsjettet for 2000 midlar til to nye stillingar for å kunna ta seg av funksjonen som eit sekretariat for norsk språkteknologi, det som også vart omtalt som eit fagleg-administrativt knutepunkt for norsk språk og IT, jf. nærare omtale i kap. 7.5.2.4.

For det tredje har så Språkrådet i perioden 2004–2007 fått midlar til å etablera den særskilde språktenesta for statsorgan, jf. nærare omtale under kap. 8.6.4. I alt fem av stillingane i sekretariatet er no knytte til denne tenesta.

Utover dette har Språkrådet sidan 2003 også fått styrkt budsjettet sitt noko i samband med den omdanninga som er gjennomført.

På den andre sida må det nemnast at departementet i april 2006 gav Språkrådet i oppdrag å intensivera tilsynet med målbruksreglane. Dette var eit ledd i oppfølginga av det satsings- og tiltaksprogrammet for auka bruk av nynorsk i staten som vart skissert i St.meld. nr. 7 (2005–2006). Det var ein føresetnad i denne meldinga at Språkrådet sette av tilstrekkelege administrative ressursar til dette.

3.5.2.4 Språkrådet i dag – ressursar og oppgåver

Etter at oppbygginga av den interne organisasjonsmodellen vart fullført i 2007, har sekretariatet i Språkrådet no ei leiargruppe som består av direktør, administrasjonssjef, informasjonssjef og i tillegg ein funksjon som fagkoordinator, i alt fire stillingar. Utover dette har sekretariatet ti ordinære fagstillingar, medan den nemnde språktenesta for statsorgan altså har fem stillingar. I tillegg til dette kjem stillingar for administrative støttefunksjonar.

Budsjettet for Språkrådet skal også dekkja lønnsutgifter til ei heil og fire halve stillingar som sekretærar for stadnamnkonsulentane, i alt tre årsverk, dessutan honorar til stadnamnkonsulentane og andre utgifter til administrasjon av stadnamntenesta.

For 2008 har Språkrådet etter dette eit samla budsjett på 21 mill. kroner.

3.5.2.5 Nye og utvida oppgåver foreslått andre stader i denne meldinga

Under kap. 3.3 ovanfor er det lagt opp til eit permanent språkpolitisk oppfølgingsregime der Språkrådet etter føresetnaden skal spela ei sentral rolle. For ein sektorovergripande språkpolitikk krev at vi har eit kompetent fagorgan som kan ta språkpolitiske initiativ og driva språkpolitisk rådgjeving overfor alle samfunnssektorar. Språkrådet må difor engasjera seg i eit breiare spekter av saker enn dei tradisjonelt reint språkfaglege spørsmåla.

Dette vil føra til meirarbeid for Språkrådet jamført med dagens situasjon.

Under kap. 7 er det dessutan gjort framlegg om at Språkrådet skal tilleggjast funksjonen som overordna samordningsorgan for arbeidet med utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi, noko som også krev auka kompetanse og kapasitet gjennom nye stillingar i sekretariatet.

Med tanke på dei nye oppgåvene Språkrådet tidlegare er tillagt, og at institusjonen dei siste åra har gjennomgått ei omfattande omorganisering, er det grunn til å streka under at det ikkje er noka hjelp i å tilleggja Språkrådet endå fleire oppgåver og endå større ansvar utan at institusjonen også blir tilført nødvendig kompetanse og kapasitet til å løysa oppgåvene på ein tilfredsstillande måte.

3.5.2.6 Oppsummerande vurdering

Oppsummert må det seiast at Språkrådet alt i dag har eit relativt vidt ansvarsfelt med mange ulike oppgåver, og at ein meir offensiv politikk for styrking av norsk språk dessutan vil krevja auka innsats på mange av desse felta. Dette er det nødvendig å ha i tankane når ein skal vurdera å gje Språkrådet eit utvida ansvar også for andre språk enn norsk.

I arbeidet med å følgja opp denne meldinga vil departementet prioritera framlegget om å tilleggja Språkrådet funksjonen som nasjonalt samordningsorgan for utvikling og spreiing av norsk terminologi.

Dinest kjem behovet for å leggja til rette for at Språkrådet kan følgja opp det generelle språkstyrkingsarbeidet og det sektorovergripande engasjementet som følgjer i kjølvatnet av dette.

I tredje omgang vil departementet prioritera arbeidet med å leggja til rette for eit utvida ansvar for Språkrådet i tråd med det som blir drøfta i det følgjande, jf. kap. 11.5.3.

3.5.3 Språkrådet – ansvar for andre språk i Noreg

3.5.3.1 Problemstilling

Under kap. 3.4.3.9 ovanfor har departementet lagt til grunn at ei ny språklov bør utformast slik at ho gjev eit samla uttrykk for den totale språksituasjonen i Noreg. Ei slik lov må i så fall definera kva status og rolle også andre språk enn norsk har eller skal ha i denne totaliteten.

Uavhengig av lovsaka vil ein meir heilskapleg språkpolitikk krevja ei vurdering av om også statens fagorgan i språkspørsmål, Språkrådet, bør ha eit nærare definert ansvar for å arbeida med spørsmål som gjeld andre språk enn norsk. Men dette må sjåast i samanheng med Språkrådets samla oppgåveportefølje og organisatoriske forankring.

3.5.3.2 Språkpolitisk ansvar for andre tradisjonelle språk i Noreg enn norsk

Utover det generelle som er sagt nedanfor under kap. 11.5.3.5, har Språkrådet i dag ikkje noko særskilt ansvar verken for samisk, språka til nasjonale minoritetar eller norsk teiknspråk.

Etter samelova § 3-12 er det Sametinget som skal arbeida for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg, og etter den lovendringa som tok til å gjelda frå 1. januar 2003, er det Sametinget sjølv som avgjer korleis dette arbeidet skal organiserast. Tidlegare fastsette lova at det skulle vera eit eige Samisk språkråd oppnemnt av Sametinget.

I samband med lovendringa vart det i forarbeida presisert at Kultur- og kyrkjedepartementet framleis skulle ha eit overordna ansvar for arbeidet med samiske språk gjennom forvaltninga av språkreglane i samelova. Lova fastset dessutan at Sametinget kvart fjerde år skal utarbeida ein rapport til Kongen om situasjonen for samiske språk i Noreg. Siste rapport vart utarbeidt i 2004, jf. nærare omtale under kap. 10.

På statsbudsjettet for 2006 sette departementet av driftsmidlar til ei eiga kvensk språknemnd, og denne er nå under etablering i regi av Kvensk institutt, jf. nærare omtale under kap. 10.

For romani og romanes og for teiknspråk finst ingen spesielle institusjonelle arrangement.

3.5.3.3 Om Språkrådet bør ha eit ansvar knytt til nyare innvandrarspråk

Utover det generelle som er sagt nedanfor under kap. 3.5.3.5, har Språkrådet i dag heller ikkje noko særskilt ansvar for språkspørsmål som gjeld dei mange nyare minoritetsspråka i landet vårt.

Men spørsmålet om språksituasjonen for personar med slik minoritetsspråkleg bakgrunn burde inngå i ansvarsområdet for Språkrådet, vart så vidt lufta alt i den prosjektskissa frå 2003 som la grunnlaget for den institusjonelle omdanninga av Språkrådet.

Spørsmålet vart vidare drøfta i rapporten frå ein organisasjonsgjennomgang av Språkrådet som ein ekstern konsulent gjennomførte i første halvår 2003. Resultatet av denne gjennomgangen er reflektert i ei vurdering departementet gav i det notatet om omorganiseringa som vart sendt på høyring i 2004.

Her la departementet til grunn at det i samband med nyetableringa ikkje var aktuelt å tilleggja institusjonen eit slikt utvida ansvar. Ikkje minst hadde den uavhengige organisasjonsgjennomgangen vist at omdanninga av Norsk språkråd ville innebera så store utfordringar av ulik art at det ikkje var tilrådeleg i utgangspunktet å utvida ansvarsrammene slik som antyda i prosjektskissa.

Departementet streka likevel under at dette ikkje hindra at den nye institusjonen ville kunna «forholde seg til» spørsmål som gjeld den totale språksituasjonen i Noreg. Men kva konsekvensar dette eventuelt burde få med omsyn til ansvarsfordelinga innanfor det statlege forvaltningsapparatet, måtte eventuelt vurderast etter kvart som ein vinn erfaring med den nye institusjonen, heitte det i høyringsdokumentet frå 2004.

I høyringa var det likevel mange som tok opp denne problemstillinga, og eit klart fleirtal av dei som uttalte seg, gjekk inn for at den nye institusjonen burde arbeida med heile språkfeltet i Noreg, ikkje berre med norsk.

Universitetet i Bergen uttalte til dømes at vi burde få «eit allment språkråd for det multilingvale norske samfunnet, ikkje berre eit særspråkleg råd for det norske monolingvale språksamfunnet». Det Norske Samlaget og Høgskolen i Sogn og Fjordane oppmoda departementet om «å leggje fram ein plan for korleis ein på sikt vil innarbeide språksituasjonen for alle som bur i Noreg, i ein sams språkpolitikk, knytt til det nye språkorganet».

Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening meinte også at den mest framtidsretta strategien ville vera å utvida mandatet for det nye organet til å omfatta språk og språkbruk i Noreg. Fleire nemnde debatten om tilhøvet mellom morsmålsopplæring og norskopplæring for innvandrarar som eit døme på tema som burde ha ein naturleg plass i det nye organet.

Blant dei som uttalte seg, var det også nokre som var skeptiske til eit slikt utvida ansvar. Det vart mellom anna nemnt at spørsmål som gjeld språksituasjonen for minoritetsspråklege, i utgangspunktet ville vera eit stort og ressurskrevjande arbeid med vidare politiske implikasjonar enn det som det nye organet for norsk språk naturleg burde ta seg av.

3.5.3.4 Merknader i Norsk i hundre!

Den vidare omdanninga av Språkrådet reiste så mange spørsmål at departementet i første omgang ikkje gjekk vidare med spørsmålet om eit utvida ansvarsområde når det gjaldt andre språk enn norsk.

Denne problemstillinga var difor heller ikkje med i det mandatet departementet gav det interimsstyret som vart oppnemnt sommaren 2004 for å leia arbeida med å førebu etableringa av det som vart kalla eit nytt kompetansesenter for norsk språk. Det var på dette grunnlaget at interimsstyret i mandatet fekk ansvaret for å få utarbeidt eit strategidokument for den nye institusjonen, det som resulterte i rapporten Norsk i hundre!.

I rapporten vart det nettopp peikt på at ein generell analyse av språksituasjonen i Noreg låg utanfor det mandatet arbeidsgruppa hadde hatt. Rapporten streka likevel under at det i fleire samanhengar var uråd å drøfta situasjonen for norsk utan å trekkja inn status for minoritetsspråka. Som døme vart nemnt tilhøvet mellom morsmål og nasjonalspråk. Arbeidsgruppa gav også uttrykk for at det var eit klart behov for ei eiga utgreiing om situasjonen for dei nye minoritetsspråka i Noreg.

Gruppa meinte difor at ein heilskapleg norsk språkpolitikk i tillegg til alt som har med norsk språk å gjera, burde omfatta sikring av rettane til dei som har eitt eller fleire minoritetsspråk som morsmål, med utgangspunkt i nasjonal lovgjeving og i internasjonale plikter, dessutan styrking av framandspråkskompetansen i folket og av forståing av at morsmålskompetanse og framandspråkskompetanse ikkje utelukkar, men styrkjer kvar­andre.

3.5.3.5 Språkrådets generelle språkpolitiske ansvar i dag

Jamvel om Språkrådet til no ikkje er tillagt konkrete oppgåver slik som drøfta ovanfor, er det grunn til å streka under at institusjonen likevel ikkje er heilt utan ansvar for språkspørsmål som gjeld andre språk enn norsk.

Det vart difor teke inn ei eiga føresegn om dette i dei nye vedtektene som departementet fastsette i 2006. Her heiter det at Språkrådet, i tillegg til meir spesifikke oppgåver som gjeld norsk språk, også skal «ta omsyn til den totale språksituasjonen i landet, slik denne kjem til uttrykk gjennom dei språk­lege interessene til nordmenn med samisk eller minoritetsspråkleg bakgrunn eller tilknyting».

Det er likevel på det reine at det ansvaret Språkrådet har etter denne formuleringa, er svært avgrensa. Dette er presisert i eit eige dokument med merknader til vedtektene.

Her heiter det mellom anna at Språkrådet som statens fagorgan i språkspørsmål må kunna ta opp også generelle spørsmål om språk og språkbruk i eit stadig meir fleirkulturelt samfunn, men at føresegna i vedtektene ikkje inneber at Språkrådet skulle tilleggjast noko utvida operativt ansvar sa­manlikna med det som har vore den faktiske situasjonen tidlegare. Det vart her vist til at også Norsk språkråd frå tid til anna har uttalt seg om andre språkspørsmål enn dei som direkte vedkjem norsk språk.

3.5.3.6 Nordisk jamføring

Av dei nordiske landa er det først og fremst i Sverige at det nasjonale språkorganet har eit utvida og nærare definert ansvar for andre språkspørsmål enn dei nasjonalspråklege.

Den nye statlege etaten som vart etablert i Sverige frå 1. juli 2006 omfattar ei stor organisatorisk eining i tillegg til Språkrådet, slik som nemnt ovanfor under kap. 3.5.2.2. Dette er reflektert i instruksen, der det heiter at etaten skal «bedriva språkvård och på vetenskaplig grund öka, levandegöra och sprida kunnskaper om språk, dialekter, folkminnen, namn och språklig burna kulturarv i Sverige».

Meir spesifikt heiter det at etaten skal samla inn, bevara, vitskapleg bearbeida og spreia materiell om «det svenska språket, de nationella minoritetsspråken (finska, meänkieli, romani chib, og jiddisch), det svenska teckenspråket, samt dialekter, folkminnen, folkmusik och namn i Sverige». I tillegg skal etaten «samla kunnskap om och følja användningen av samtliga språk i Sverige».

Denne siste formuleringa siktar spesielt til dei mange nye innvandrarspråka, og etter ordlyden må dette ansvaret oppfattast som mindre omfattande enn ansvaret for språka til nasjonale minoritetar. Dette blir stadfesta av den informasjonen som ligg ute på heimesidene til det svenske Språkrådet. Her heiter det om dette at «myndigheten ska i princip också överblicka och främja användandet av alla språk som brukas i Sverige».

Det einaste språket etaten ikkje skal ha eit direkte ansvar for, er samisk. Her er situasjonen den same som i Noreg, at det er Sametinget som etter lova skal leia det samiske språkarbeidet. Sametinget i Sverige har likevel uttalt at dei ønskjer nær kontakt med språketaten. 8

Instruksen fastset at språketaten skal «verka för at den offentliga förvaltningen använder svenska som huvudspråk och använder de nationella minoritetsspråken enligt gällande lagar och förordningar». Det siste vil også omfatta samisk.

Av i alt tjue faglege medarbeidarar i Språkrådet i Stockholm er det fire som arbeider med finsk, to med romani chib, to med teiknspråk, medan tre personar arbeider delvis med såkalla «andraspråkshjelp». Ingen arbeider spesielt med jiddisch. Dei ni resterande arbeider i hovudsak med svensk.

Hovudoppgåva til dei av dei tre som arbeider delvis med andrespråkshjelp, er å utarbeida ei handbok i svensk for avanserte andrespråksbrukarar, medan den tredje arbeider med eit leksikon som fungerer som ei søkbar ordbok på nettet mellom svensk og 13 av dei største moderne minoritetsspråka i Sverige.

Også i Finland er dei tradisjonelle språkrådsfunksjonane ein del av ein større forskingsinstitusjon. Dette går også fram av både namnet og i ei eiga lov frå 1976:

«För forskning och språkvård rörande finska och svenska språken, för forskning rörande med finskan besläktade språk samt för samisk språkvård finns en forskningscentral för de inhemska språken.»

I den tilhøyrande forordninga frå 1993 er det presisert at uttrykket «de inhemska språken» omfattar finsk, svensk og samisk. Verken lov eller forordning nemner noko om andre minoritetsspråk.

I Danmark er det berre den tyske minoriteten som har status som nasjonal minoritet, men Dansk Sprognævn har ikkje noko definert ansvar for tysk.

Det har institusjonen heller ikkje for dei nye innvandrarspråka. Derimot har Dansk Sprognævn i eit notat om dansk språkpolitikk av 23. januar 2007 ei fråsegn også om ulike minoritetsspråklege og framandspråklege spørsmål. Dette må oppfattast meir som eit språkpolitisk program for framtida og gjev ikkje nødvendigvis eit dekkjande bilete av situasjonen i dag.

Her heiter det mellom anna at ingen må diskriminerast på grunn av språket, at alle har rett til å dyrka sitt eige språk, og at initiativ frå framand­språklege til å etablera morsmålsundervisning bør støttast mest mogleg. Det heiter vidare at det bør vera minst éin stad i det danske språksamfunnet der tospråklege danskar kan få opplysningar om førstespråket sitt. Eit slikt kunnskapssenter bør ha oppdatert informasjon om kvar i Norden det finst ekspertise innanfor dei språka som blir snakka i Danmark, og kva hjelpemiddel som er tilgjengelege.

Merknaden om at alle tospråklege bør ha ein stad å venda seg til for å få opplysningar om førstespråket sitt, er nok inspirert av eit tilsvarande punkt i den nordiske språkdeklarasjonen. Her er det vist til at det blant nordbuar i dag finst nærare 200 andre morsmål representerte i tillegg til dei nordiske språka, og at det difor er «önskvärt att det finns fackmiljøer i Norden som har expertis, eller som kan hänvisa til europeisk expertis, innom de fleste av dessa språk».

3.5.3.7 Oppsummerande vurdering

Departementet meiner tida no er inne til å gå i gang med å førebu ei utviding av ansvarsområdet til Språkrådet, slik at institusjonen får eit definert språkpolitisk ansvar også for andre språk i Noreg enn norsk, jamvel om dette nødvendigvis må vera det største og fremste arbeidsområdet også i framtida.

Ei slik løysing har etter måten solid tilslutning gjennom dei merknader og framlegg som er komne i samband med det språkpolitiske grunnlagsarbeidet som er gjort dei siste åra, og er elles ein naturleg konsekvens av at regjeringa med denne meldinga tek til orde for ein ny og heilskapleg språkpolitikk som skal omfatta den totale språksituasjonen i landet.

Ei slik utviding av ansvarsområdet til Språkrådet er også i samsvar med det som er uttalt i språk­opplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet om behovet for å sjå alle språkpolitiske spørsmål i samanheng, under dette også overordna spørsmål som gjeld språkopplæring i eit samfunn prega av eit stadig større språkleg mangfald.

Spørsmålet om korleis eit slikt utvida ansvar skal avgrensast og konkretiserast, må utgreiast noko nærare.

Språkrådet sitt ansvar for spørsmål som gjeld kvensk, må også avgrensast mot det ansvaret som etter føresetnaden skal liggja til det nye kvenske språkrådet som er under oppbygging.

Spørsmålet om kva rolle Språkrådet kan spela med tanke på å støtta opp under norsk romani og romanes, må drøftast nærare med relevante språkbrukarrepresentantar.

Det er i kap. 10 lagt til grunn at også spørsmål som gjeld norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar har ein språkpolitisk dimensjon, til liks med spørsmål som gjeld alle verbalspråk. Difor må også omsynet til norsk teiknspråk heretter bli ein integrert del av ein heilskapleg og overordna språkpolitikk, men det må arbeidast vidare med kva praktiske konsekvensar eit slikt prinsippstandpunkt bør få.

Ei tenkjeleg løysing kan vera å oppretta ei eiga stilling som teiknspråkkonsulent som blir knytt til Språkrådet, tilsvarande den ordninga ein har i Sverige.

Det må elles vurderast nærare kva oppgåver Språkrådet kan vareta når det gjeld alle dei nyare innvandrarspråka i landet. Her er det naturleg å ta utgangspunkt i det som ovanfor er referert frå den nordiske språkdeklarasjonen, og som føreset ei slags formidlingsteneste for minoritetsspråkbrukarar i Norden som ønskjer å koma i kontakt med fagmiljø eller annan ekspertise innanfor sitt eige morsmål.

I tillegg vil det for Språkrådet vera eit aktuelt arbeidsområde å handtera generelle spørsmål som gjeld til dømes tilhøvet mellom meistring av det norske nasjonalspråket og behovet for å ta vare på eit ikkje-norsk morsmål. Eit døme på dette vil vera å vareta språklege rettar for personar busette i Noreg, men som ikkje har norsk som morsmål.

Truleg vil dette i praksis særleg dreia seg om språkopplæring. Under kap. 3.5.4 gjer vi greie for kva konsekvens språkopplæringsperspektivet spesielt og eit utvida ansvar generelt bør få å seia for den ytre organiseringa av Språkrådet.

Departementet vil setja ned ei hurtigarbeidande ekspertgruppe med mandat å leggja fram eit konkret forslag til korleis Språkrådet sitt ansvar for andre språk i Noreg enn norsk kan konkretiserast og avgrensast. Samansetjinga av gruppa vil mellom anna bli vurdert i samråd med Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Ikkje minst må ein her avgrensa det spesifikt språkpolitiske ansvaret mot det ansvaret og dei verkemiddel ulike andre departementet har når det gjeld opplæringsspørsmål og minoritetsspørsmål.

Ei utviding av ansvarsområdet for Språkrådet til å gjelda andre språk enn norsk vil i prinsippet også kunna omfatta samisk. Det er likevel for tidleg å ta stilling til om Språkrådet skal ha ei nærare definert rolle også når det gjeld samisk språk, og det blir difor ikkje teke stilling til det i denne meldinga.

Dette spørsmålet må drøftast nærare med relevante instansar og avklarast i samsvar med gjeldande prosedyrar for konsultasjonar med Sametinget. Det vil difor inngå som ein del av det etterfølgjande oppfølgingsarbeidet.

3.5.4 Organiseringa av Språkrådet

3.5.4.1 Nytt fagråd for språkopplæring og språklege mindretal

Når Språkrådet får eit utvida ansvar for spørsmål som gjeld andre språk enn norsk, er det også naturleg at dette blir reflektert i den ytre organiseringa av institusjonen.

Etter gjeldande vedtekter skal verksemda i sekretariatet og styret i Språkrådet byggja på eit førebuande arbeid i eit system av fagråd. Det er fastsett at styret kan nemna opp inntil fire fagråd med inntil sju medlemmer i kvart. Denne ordninga er tufta på ein modell som vart foreslått av det interimsstyret som frå sommaren 2004 stod i spissen for arbeidet med omdanninga av institusjonen.

I framlegget til departementet i juli 2005 hadde interimsstyret med ein merknad som opna for å oppretta eit femte fagråd dersom departementet seinare skulle bestemma at dei nye minoritetsspråka burde inn under ansvarsområdet til Språkrådet. Det vart også opplyst at to styremedlemmer hadde streka under at det ikkje burde gå lang tid før ein vurderte å oppretta eit femte fagråd for «minoritetsspråksituasjonen.»

I meldinga frå Kunnskapsdepartementet er det drøfta om Språkrådet eventuelt kan spela ei rolle som eit fagorgan for språk i opplæringa, og at dette i så fall vedkjem alle dei språka som det blir gjeve opplæring i etter fagplanar som Kunnskapsdepartementet har fastsett. Det er også nemnt som eit døme at det i Austerrike finst ein breitt samansett språkopplæringskomité som fungerer som ein tenketank på tvers av sektorar og nivå og som eit informasjonsforum overfor utdanningsdepartementet.

Med utgangspunkt i det som her er skissert, vil departementet endra vedtektene for Språkrådet slik at det kan oppnemnast eit femte fagråd. Føresetnaden vil vera at dette fagrådet skal ha ansvar for å arbeida med overordna spørsmål som gjeld rettar og interesser for alle med samisk eller minoritetsspråkleg bakgrunn eller tilknyting, og for spørsmål som spesielt gjeld språkopplæring i eit samfunn som blir stadig meir fleirkulturelt og avhengig av internasjonalt samkvem.

Eit viktig formål for dette fagrådet bør også vera å arbeida for språkleg toleranse og gjensidig respekt mellom personar og grupper med ulik språkleg bakgrunn.

Særleg bør fagrådet arbeida for å fremja dei felles interessene til alle som på den eine eller andre måten tilhøyrer eit språkleg mindretal i landet.

Særleg må rådet leggja vekt på å motverka alle tendensar til motsetnader mellom språklege minoritetar og mindretal.

Fagrådet bør spesielt ha som oppgåve å byggja bru mellom nynorsk og alle dei nye minoritetsspråka, slik at ikkje latente konfliktar og praktiske vanskar får lov å utvikla seg slik at det verkar til gjensidig skade for så vel nynorsk som eit mindre brukt språk som for den tilgangen også dei minoritetsspråklege må ha til i utgangspunktet å møta begge dei norske målformene på lik linje med norske morsmålsbrukarar, jf. nærare omtale i kap. 8.

På denne bakgrunn kan dette nye fagrådet førebels omtalast som eit fagråd for minoritetsspråk, språklege mindretal og framandspråk og med språk­opplæring som hovudperspektiv.

Særleg med tanke på språkopplæringsdimensjonen vil den meir detaljerte utforminga av det nye fagrådet bli nærare drøfta med Kunnskapsdepartementet.

Det er elles naturleg å sjå etableringa av dette rådet i samanheng med det arbeidet som skal gjerast av den gruppa som skal førebu utvidinga av ansvarsområdet til Språkrådet slik som nemnt under kap. 3.5.3.7 ovanfor.

3.5.4.2 Konsekvensar for fagrådssystemet elles

Eit nytt fagråd som på denne måten får arbeids- og ansvarsområdet sitt skissert ovanfrå, kan i utgangspunktet gripa inn i det fagrådssystemet som er fastlagt etter gjeldande vedtekter. Her heiter det nemleg at arbeids- og ansvarsområdet for kvart fagråd skal fastsetjast av styret, og at fag- og oppgåveprofilen deira dessutan kan justerast over tid avhengig av aktuelle utfordringar og strategiske prioriteringar.

Eitt av dei fire fagråda som det sitjande styret har oppnemnt, er dessutan fagrådet for skule og offentleg forvaltning.

Til det siste er å seia at skuledelen av mandatet for dette fagrådet legg vekt på norskundervisninga og har eit klart språkstyrkingsperspektiv. Dette er såleis eit nokså annleis utgangspunkt enn det fagrådet for språkopplæring og mindrespråksspørsmål som er skissert ovanfor. Likevel vil det liggja an til ei viss overlapping, og det kan difor bli nødvendig å justera arbeids- og ansvarsområdet til dette fagrådet når det nye blir etablert.

Departementet vil i første omgang drøfta denne saka med styret og reknar med at det ikkje vil vera vanskeleg å koma fram til ei tenleg løysing.

Deretter vil departementet vurdera i kva grad det måtte bli nødvendig å omdefinera noko av det som no står i vedtektene om retten til å oppnemna og fastleggja arbeidsområdet til fagråda. Departementet vil halda fast ved at styret i utgangspunktet bør ha desse fullmaktene så langt råd er.

3.5.4.3 Gjennomgang av organisasjons- og styringsmodellen

Systemet med fagråd er etablert for å sikra at Språkrådet har breiast mogleg samfunnskontakt for arbeidet sitt. Etter vedtektene skal dei formidla synspunkt og impulsar frå det norske språksamfunnet til styre og sekretariat, og dei har også høve til å ta sjølvstendig initiativ innanfor eige arbeidsområde.

Fagråda erstattar på sett og vis den tidlegare rådsforsamlinga på 38 medlemmer som utgjorde det organisatoriske fundamentet for den tidlegare institusjonen, Norsk språkråd. Denne forsamlinga møttest til forhandlingar ein gong for året og drøfta og gjorde vedtak i ulike språkpolitiske spørsmål og valde seg imellom eit styre på seks og ei fagnemnd på åtte medlemmer.

Noko av ambisjonen med omdanninga, slik det mellom anna vart uttrykt i det notatet departementet sende på høyring i januar 2004, var å gje den nye institusjonen eit breiare fundament i samfunnet enn det ein kan oppnå gjennom formell rådsrepresentasjon. Det heitte at siktemålet var at denne breiare medverknaden måtte skje i meir aktive, varierte og fleksible former enn det som er mogleg å oppnå gjennom årlege rådsmøte der formelt utpeikte representantar møtest til drøftingar og avrøystingar i fast organiserte former.

I tillegg til eit opplegg for hyppigare aktivitet og meir fleksible kontaktar var tanken også at det ville vera meir målretta og gje større effekt når ei stor forsamling med eit i prinsippet altomfattande arbeidsområde vart erstatta av fire mindre grupper med eit tematisk avgrensa arbeidsområde.

På den andre sida er det den viktige skilnaden samanlikna med den gamle rådsforsamlinga at fagråda ikkje har formell avgjerdsrett. Dei er oppnemnde av og formelt underordna styret, og styret er for sin del oppnemnt av departementet.

Slik sett er det nye Språkrådet eit direktoratsliknande statsorgan som arbeider på oppdrag frå og har alle sine fullmakter direkte frå departement, regjering og storting, medan det gamle Norsk språkråd var meir uavhengig på den måten at det hadde sin basis i eit råd som var oppnemnt av i alt 17 ulike instansar, både offentlege institusjonar og private organisasjonar.

Den nye institusjonen har fungert altfor kort tid til at det lèt seg gjera å vurdera i kva grad omdanninga kan seiast å ha vore vellykka. Dette må også sjåast i lys av den omforminga av språkpolitikken som er skissert i denne meldinga. I denne politikken skal Språkrådet etter føresetnaden spela ei svært sentral rolle. Det må difor vurderast om det er behov for justeringar og tilpassingar.

Departementet vil så snart denne meldinga er lagd fram, drøfta med styret for Språkrådet, og med direktøren og fagrådsleiarane, røynslene med den nye modellen for organisering og styring av Språkrådet for å vurdera om det alt no er behov for justeringar eller tilpassingar.

Det kan eventuelt vera tale om justeringar av element i sjølve organisasjonsmodellen, i kommunikasjonen mellom Språkrådet og departementet og eventuelt i det formelle regelgrunnlaget som den noverande ordninga byggjer på.

I utgangspunktet legg ikkje departementet opp til prinsipielle endringar.

Men med den auka oppgåvemengda som Språkrådet vil få innanfor eksisterande ansvarsområde, og i tillegg den utvidinga av ansvarsområdet som meldinga legg opp til, er det likevel nødvendig med ein gjennomgang for å vera sikker på at organiseringa og forankringa av institusjonen er optimalt tilrettelagd.

3.6 Oppsummering av prioriterte, overordna tiltak

  • 1 Regjeringa vil etablera språkpolitikk som eit heilskapleg, sektorovergripande politikkom­råde med kulturpolitisk forankring.

  • 2 Departementet foreslår fem overordna mål for den nye språkpolitikken, jf. kapittel 3.1.1.

  • 3 Departementet vil styrkja Språkrådet som operativt fagorgan for ein sektorovergripande språkpolitikk.

  • 4 Departementet vil saman med Språkrådet gjennomgå den nye organisasjons- og styrings­modellen for Språkrådet for å vurdera om det er behov for justeringar.

  • 5 Ansvarsområdet til Språkrådet vil bli utvida til å omfatta også andre språk enn norsk.

  • 6 Språkrådet får eit nytt, femte fagråd med ansvar for minoritetsspråk, språklege mindretal og framandspråk og med språkopplæring som ­hovudperspektiv.

  • 7 Departementet vil utarbeida eit framlegg til lovforankring av Språkrådet.

  • 8 Departementet vil setja i gang arbeidet med ei overordna språklov som skal slå fast den status og funksjon det norske språket må ha som ­hovudspråk i Noreg, og kva status og rolle andre språk enn norsk skal ha.

  • 9 Departementet vil etablera eit permanent språkpolitisk oppfølgingsregime, jf. dei påfølgjande punkta 10–13.

  • 10 Departementet vil etablera eit system for språkpolitiske høyrings- og konsultasjonsordningar.

  • 11 Departementet vil styrkja det språkpolitiske kunnskapsgrunnlaget i Språkrådet slik at språkpolitiske tiltak blir godt forankra i dokumentasjon og analyse.

  • 12 Departementet vil gje Språkrådet i oppgåve å utarbeida ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport, eit såkalla språkbarometer.

  • 13 Departementet vil gjera framlegg om å lovfesta at det skal leggjast fram ei periodisk stortingsmelding om språkpolitikk i kvar stortingsperiode.

  • 14 Departementet vil gjennomgå gjeldande målbruksreglar og greia ut behovet for eit opp­datert og tilpassa regelverk om bruk av bokmål og nynorsk i staten, og om det bør vera nærare målbruksreglar også for kommunesektoren.

  • 15 Departementet vil senda på høyring eit framlegg til avklaring av verkeområdet for den noverande mållova tufta på dei same avgrensingskriteria som i den nye offentleglova.

Fotnotar

1.

Heder, Eivind et al. 2007: 14.

2.

Men ei arbeidsgruppe oppnemnd av embetsmannskomiteen for utdanning og forsking har i ein rapport lagd fram i 2007 tilrådd at språkområdet blir overført frå Ministerrådet for utdanning og forsking (MR-U) til Ministerrådet for kultur (MR-K).

3.

Mestad, Ola 2004.

4.

Lund, Jørn et al. 2008: 12-13 og 128.

5.

SOU 2002:27

6.

Kulturutskottets betänkande 2005/06:KrU4 (2005): 57.

7.

SOU 2008:26.

8.

Regjeringens proposition – Prop. 2005/06:2: 25.

Til toppen
Til forsida av dokumentet