Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Mål og meining— Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Til innhaldsliste

6 Språklege rettar og interesser

6.1 Språkets funksjon for språk­brukarane

6.1.1 Innleiing

Ein ny språkpolitikk må byggja på den føresetnaden at alle har rett til språk, og at ingen må diskriminerast på grunn av språket. Dette må gjelda både for individ og grupper. Det må likevel klar­gjerast nærare kva ulike rettar til språk skal bestå i, og kva som kan kvalifisera til karakteristikken språkleg diskriminering.

I vedtektene til Språkrådet er det fastsett at institusjonen mellom anna skal verna om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremja tiltak som kan auka kunnskapen om norsk språk, fremja toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som bruker norsk språk i den eine eller andre varianten, og verna om dei rettane som kvar enkelt borgar har når det gjeld bruken av språket.

6.1.2 Grunnleggjande funksjonar

Språket er grunnleggjande for oss alle.

Vår identitet og vårt sjølvbilete er i stor grad knytt til språket.

Det er gjennom språket at vi som menneske opplever og forstår tilværet vårt; gjennom språket uttrykkjer vi våre tankar og kjensler, og det er gjennom språket at vi samhandlar med andre.

Språk og tanke heng nært saman.

Når eit språk døyr, forsvinn også den måten å oppleva og forstå verda på som er kopla til dette språket. Dette gjeld også for dialektar og anna folkeleg talemål.

Språket gjev også tilgang til litteratur og andre kulturuttrykk; språket er berar av kulturarven vår og er den nøkkelen som opnar døra inn til denne arven.

Eit rikt og levande språk er ein føresetnad for at vi skal kunna veksa og utvikla oss som menneske. Dette gjeld både når vi ser på språket som eit overgripande samfunnsfenomen, og når det er tale om dei individuelle språkevnene til kvar enkelt.

Den som skal kunna hevda sin rett, må ha språket i si makt. Språket er ein føresetnad for å kunna delta i den offentlege samtalen og det alminnelege ordskiftet i samfunnet, for å kunna vera med i politisk og fagleg aktivitet, og for om nødvendig å kunna ta kampen opp mot dei mektige og myndige på dei ulike samfunnsarenaene.

6.1.3 I skule og utdanning, i arbeid og yrke

Språket er nøkkelen til framgang i skule og utdanning, i arbeid og yrke. Krava til språkevner og språkkompetanse blir jamt større for stadig fleire.

Dette har ikkje minst samanheng med at alle i dag har rett til vidaregåande utdanning, og at høgare utdanning er ein inngangsport til stadig fleire yrke.

Innanfor arbeidslivet blir språkbruk og språkbehandling stadig viktigare. Ein jamt aukande del av arbeidsstyrken tilbringar store delar av arbeidsdagen sin framfor dataskjermen.

Informasjonssamfunnet gjer at språkmeistring får stadig meir å seia i stadig fleire samanhengar.

6.1.4 Krav til språkmeistring

Evna til å handtera skriftspråket er langt viktigare i dag enn i tidlegare tider.

At fenomenet funksjonell analfabetisme har kome sterkt i søkjelyset dei siste tiåra, har nok meir samanheng med at krava til å meistra skriftspråket er vortne høgare, enn med at folk generelt er vortne dårlegare til å lesa og skriva.

Det same gjeld truleg for fenomenet lese- og skrivevanskar, også kalla dysleksi. Dette er neppe meir utbreitt i dag enn før, men i ei tid då skriftspråket stod mindre sentralt, vart det sjeldnare opplevd som eit problem.

Men også kravet til munnleg språkbruk har i mange tilfelle auka.

I takt med at industriell vareproduksjon er erstatta av meir teneste- og sørvisprega arbeid, ofte innanfor kunnskapsintensive bransjar, har kommunikasjon med andre menneske kombinert med sosial dugleik vorte stadig viktigare føresetnader for å kunna hevda seg på arbeidsmarknaden.

Truleg gjeld dette også for samfunnsutviklinga i stort.

6.1.5 Sosiale skilnader i språkmeistringa

Når språk og språkmeistring står så mykje meir sentralt i dagens samfunn, er det også eit større problem enn før at ikkje alle har like gode vilkår for å kunna tileigna seg eit rikt og funksjonelt språk, til å få utvikla språkevnene sine på ein optimal måte.

Det kan føra til nye former for sosiale skilnader.

Ulik tilgang til språk og ulike haldningar til språk og språkstimulering vil også ha samanheng med sosial og økonomisk ulikskap. Dermed er det også ein fare for at tradisjonelle skilnader i sosial og økonomisk bakgrunn kan bli reproduserte og til og med forsterka gjennom skilnader i språk­tilgang og språkmeistring.

Ulik tilgang til språk kan vera med og skapa maktkløfter i samfunnet. Makt kjem i høg grad til uttrykk og blir i stor grad utøvd gjennom språket.

Det har over lang tid vakse fram aukande skilnader i lesevanar og medieforbruk mellom ulike sosialgrupper. Slike skilnader kan ha mykje å seia for utvikling av språkevner og språkvanar hos barn og unge.

Kva samtalekultur og medieforbruk eit barn veks opp med i heimen, kan i høg grad verka inn på språkutviklinga hos barnet. For å utjamna slike sosiale og kulturelle skilnader er tidleg språk­stimulering i og utanfor barnehagen eit nøkkeltiltak. Dette spørsmålet er grundig behandla i språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet.

6.1.6 Særleg om lesekompetanse

Ei av dei største utfordringane når det gjeld språk og sosiale skilnader, er elles det at ein del av elevane går ut av skulen utan å ha tileigna seg den lesekompetansen som dei treng for å klara seg på ein god måte i det moderne arbeids- og samfunnslivet.

Også dette spørsmålet er nærare behandla i meldinga frå Kunnskapsdepartementet. I tillegg er det i kap. 7.6.7 i meldinga her drøfta andre lesestimulerande tiltak enn dei som skule- og utdanningssystemet har eit direkte ansvar for.

Sviktande lesekompetanse spesielt og dårleg språkmeistring generelt er eit problem som rammar både elevar med rein norskspråkleg bakgrunn og elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn.

Ikkje sjeldan kan minoritetsspråklege barn møta ekstra vanskar, og det er på det reine at utdanningssystemet har særlege utfordringar når det gjeld å gje også alle minoritetsbarn eit optimalt tilbod om tilpassa språkstimulering og språkopplæring.

6.1.7 Norsk språkmeistring for fleirspråklege

Det er elles ein ny situasjon samanlikna med tidlegare tider at for mange i det norske samfunnet i dag er norsk eit språk dei møter som eit fra­mandspråk, eller i alle fall som eit andrespråk.

Dette gjer ikkje berre at utdanningssystemet har fått nye utfordringar med tanke på at alle skal kunna tileigna seg det norske språket, noko som er nødvendig for at dei skal kunna fungera i det norske samfunnet.

Det langt meir mangespråklege samfunnet vi har i dag, påverkar også den generelle språksituasjonen. Eit spørsmål som reiser seg i så måte, er til dømes kva slags krav det er rimeleg å stilla til god meistring av norsk i tale og skrift i eit mangespråkleg, multikulturelt samfunn.

6.2 Språkleg variasjon, toleranse og kvalitet

6.2.1 Innleiing

Språket er ingen fast storleik; det er prega av større eller mindre variasjon, og kva som er god språkmeistring, kan difor vera så ymse, avhengig av miljø, situasjon og kontekst.

6.2.2 Talespråket

Størst variasjon er det sjølvsagt innanfor talespråket. I tillegg til dialektbakgrunn er også faktorar som alder, sosial bakgrunn, utdanning og yrke med på å setja farge på det individuelle talespråket. Dessutan vil dei fleste variera språket alt etter situasjon, vi kan vera høgtidsame, kvardagslege, skjemtande, alvorlege, formelle eller uformelle osv.

Her i landet er det rike dialektmangfaldet eit velkjent fenomen. Og jamvel om tidlegare geografiske skiljemerke i språket er noko utjamna dei seinare tiåra, er det få av dei landa vi helst samanliknar oss med, som har så høg toleranse og aksept for dialektfarga talespråk også i ulike offentlege og offisielle samanhengar som vårt land.

Dette er ein viktig verdi å halda fast ved, jamvel om det å kunna uttrykkja seg i eit meir normalisert talemål også er ein del av dei språkevnene som det er verdt å øva opp. Vi skal heller ikkje undervurdera den rolle eit normalisert talemål kan spela som eit mønster og ei støtte for innlæring og stabilisering av eit standardisert skriftspråk.

Spørsmålet om å autorisera ei offisiell talenorm for norsk er tradisjonelt eit språkpolitisk stridstema her i landet. Rett nok finst det langt på veg ei faktisk talenorm med utgangspunkt i moderat bokmål, men det eksisterer ikkje ei tilsvarande fast talenorm med offisiell status. Språkrådet har då også vore restriktiv med å markera uttale i ord­bøker og ordlister.

På grunnlag av retningslinjer vedtekne på årsmøtet i 2001 kan Språkrådet likevel gje råd om såkalla akseptert standarduttale, både for bokmål og nynorsk. Men her er det tale om meir romslege uttalenormer, og det er streka under at Språkrådet ønskjer å støtta tradisjonen med å gje standardspråkuttalen eit regionalt preg.

Dermed har ein unngått å setja eit negativt stempel på visse lydar og dialektale trekk. Dess­utan inneheld ikkje retningslinjene råd om kva situasjonar slikt standardspråk skal brukast i. Det er streka under at Språkrådet ikkje har ønskt å rokka ved fridommen til å bruka dialekt eller standardspråk i munnlege samanhengar.

Det kan vera grunn til å streka under at vid aksept for dialektbruk og eit standardisert talemål med regionalt preg ikkje står i motsetnad til det å framelska og oppmuntra dei retoriske og stilistiske evnene hos språkbrukarane.

Og det er heller ikkje slik at manglande evner til å meistra eit meir standardisert talemål er det same som eit fattig språk. Det kan like godt vera tvert om. Ei undersøking frå Sverige har til dømes vist at barn frå den lågaste sosialgruppa, sosialgruppe 3, hadde eit svært stort ordtilfang, men det var i stor grad ord som låg utanfor det standardspråklege tilfanget.

Alt i alt synest det klart at språkmeistring og språkleg kvalitet ikkje først og fremst er eit spørsmål om talespråkleg standardisering.

6.2.3 Skriftspråket

Annleis er det med skriftmålet. Også her er det nok mange som i private og meir uformelle skrivesituasjonar kan klara seg godt utan å følgja særleg faste normer for rettskriving og setningsbygning.

Men for å kunna delta og gjera seg gjeldande i den offentlege samtalen er det ein stor fordel, ofte heilt nødvendig, å kunna meistra eit skriftspråk som følgjer eit fastare mønster.

Dette gjeld for rettskriving og teiknsetjing, men ikkje minst også for korleis ein formar klare setningar, og for korleis setningar blir kopla logisk til kvarandre i større tekststrukturar.

Både i eit sosialt utjamningsperspektiv og i eit makt- og demokratiperspektiv er det avgjerande viktig at alle uavhengig av geografisk, sosial og etnisk bakgrunn får den opplæring og den hjelp og støtte som elles skal til for at dei skal bli i stand til å kunna bruka eit standardisert skriftspråk på ein best mogleg måte.

Dette er også ein føresetnad for den språkdyrkinga som er ein nødvendig del av grunnlaget for det språklege statusarbeidet som skal til for å sikra at norsk språk kan bestå som eit fullverdig, samfunnsberande språk også i framtida.

6.2.4 Språkopplæring

Også for å leggja grunnlaget for utvikling av eit sikkert skriftspråk er tidleg språkstimulering særs viktig. Som nemnt ovanfor under kap. 6.1.5 kan barnehagane spela ei sentral rolle for å utjamna sosiale skilnader og ikkje minst for å gje barn med minoritetsspråkleg bakgrunn eit betre grunnlag for å tileigna seg det norske språket.

Elles er det sjølvsagt skuleverket på alle nivå som har hovudansvaret for god språkopplæring. I tillegg til å øva opp dei munnlege uttrykksevnene står lese- og skriveopplæringa i skulen særleg sent­ralt.

Dei utfordringane vi her står overfor, er nærare behandla i meldinga frå Kunnskapsdepartementet om språkopplæringa. Alle dei tiltaka som der er lagde fram, inngår også som viktige ledd i den nye heilskaplege språkpolitikken som vi elles skisserer rammene for i denne meldinga.

Når det gjeld spørsmål som har med språkopplæring å gjera, nøyer vi oss her med å slå fast ein del overordna prinsipp som står sentralt i det språkpolitiske grunnlagsarbeidet som er gjennomført dei seinare åra.

6.3 Språk – ein demokratisk rett

6.3.1 Tre grunnleggjande rettar

I strategirapporten Norsk i hundre!, er det lagt til grunn at ein samla språkpolitikk må forankrast i tre demokratiske rettar, retten til nasjonalspråk, retten til morsmål og retten til framandspråk.

Det er her tale om rettar både for individet og for samfunnet, altså både noko individet kan forventa at samfunnet tek omsyn til, og noko som samfunnet kan forventa av individet.

Slik omgrepet demokratiske rettar er nytta her, er det i utgangspunktet ikkje nødvendigvis tale om juridiske rettar. Kor langt slike demokratiske rettar kan realiserast i praksis, må difor definerast og regulerast nærare.

(1) For det første har vi retten til nasjonalspråk: Utgangspunktet for å styrkja posisjonen for det norske språket er nettopp at norsk er nasjonalspråket i Noreg.

Å meistra norsk er nødvendig for å fungera som fullverdig samfunnsmedlem.

Tilgang til norskkunnskapar er difor ein individuell rett.

Tilsvarande har samfunnet ein rett til å fastsetja eit nasjonalspråk, å krevja at innbyggjarane i landet meistrar dette språket, og å fremja tiltak for å styrkja nasjonalspråkets status.

(2) Retten til morsmål får sjølvstendig verdi som ein individuell rett berre for dei som har eit anna morsmål enn nasjonalspråket.

I dagens fleirkulturelle og mangespråklege samfunn er det difor nødvendig og viktig å skilja mellom nasjonalspråk og morsmål.

Alle morsmål er berar av ein eigen kultur som individet har ein demokratisk rett til å halda fast i og utvikla vidare. 1

Også denne retten har ein samfunnsdimensjon, til dømes den retten samfunnet har til å sikra at barn får stimulans i morsmålet sitt, bl.a. ut frå pedagogiske omsyn.

(3) Retten til framandspråk er i sterk grad aktualisert som eit resultat av dei aukande språklege kommunikasjonsbehova i ei globalisert verd.

Noreg vil i framtida i ikkje mindre grad enn i dag vera eit samfunn prega av og avhengig av eit omfattande internasjonalt samkvem. Med dette som utgangspunk er det rimeleg å definera også tilgang til framandspråk som ein demokratisk rett for individet.

I tillegg kjem samfunnsdimensjonen, som her kan knytast til den retten samfunnet må ha til å påleggja innbyggjarane sine å læra eitt eller fleire framandspråk, slik dette kjem til uttrykk til dømes gjennom læreplanane for skulen.

6.3.2 Svensk og dansk jamføring

Dei tre grunnleggjande rettane ovanfor svarer heilt ut til eitt av dei fire overordna måla for ein svensk språkpolitikk som vart vedteken av Riksdagen i desember 2005. Her heiter det såleis:

«Alla ska ha rätt til språk: att utveckla och tilägna sig svenska språket, att utveckla och bruka det egna modersmålet och nationella minoritetsspråket och att få möjlighet att lära sig främmande språk.»

Også i eit notat frå Dansk Sprognævn frå januar 2007 heiter det om lag på tilsvarande vis:

«Alle skal have mulighed for at lære at tale og skrive dansk. Alle skal have mulighed for at lære mindst 2 fremmedsprog og forstå andre nordiske sprog. Alle skal have ret til at dyrke deres eget sprog.»

Samanlikna med framlegget i Norsk i hundre! ser vi at svenskane nemner «nationella minoritetsspråk» særskilt; for dei som høyrer til ein nasjonal minoritet, har ikkje nødvendigvis det tilhøyrande språket som morsmål, men dei skal altså likevel ha rett til å bruka og utvikla dette.

Danskane på si side nemner spesielt det å kunna forstå andre nordiske språk.

Begge desse elementa finn vi også att i den nordiske språkdeklarasjonen som vart vedteken hausten 2006. Naturleg nok har ein her i særleg grad hatt den nordiske språkfellesskapen i tankane.

6.3.3 Den nordiske språkdeklarasjonen

Språkdeklarasjonen tek utgangspunkt i at Norden i dag er ein mangespråkleg region, der samfunnsmedlemmene har gode språkkunnskapar, og der språkpolitikken kviler på ein demokratisk tradisjon.

Difor kan Norden i ei globalisert verd bli eit språkpolitisk førebilete for andre regionar. Føresetnaden er at det på nordisk plan blir utvikla ein samla, langsiktig og effektiv språkpolitisk innsats.

Deklarasjonen slår fast at ein slik språkpolitikk må ta som utgangspunkt at alle nordbuar har rett til:

  • å læra seg eit samfunnsberande språk i tale og skrift, slik at dei kan delta i samfunnslivet

  • å læra seg å forstå og skaffa seg kunnskapar i eit skandinavisk språk, dessutan forstå dei and­re skandinaviske språka, slik at dei kan dra nytte av den nordiske språkfellesskapen

  • å læra seg språk med internasjonal aksjonsradius, slik at dei kan delta i utviklinga av det internasjonale samfunnet

  • å bevara og utvikla sitt morsmål og sitt «nasjonale minoritetsspråk»

På dette grunnlaget erklærer deklarasjonen at ein nordisk språkpolitikk må sikta mot:

  • at alle nordbuar kan lesa og skriva det eller dei språka som fungerer som samfunnsberande i det området dei bur

  • at alle nordbuar kan kommunisera med kvar­andre, helst på eit skandinavisk språk

  • at alle nordbuar har grunnleggjande kunnskapar om språklege rettar i Norden og om språksituasjonen i Norden

  • at alle nordbuar har svært gode kunnskapar i minst eitt språk med internasjonal aksjonsradius og gode kunnskapar i endå eitt framandspråk

  • at alle nordbuar har allmenne kunnskapar om kva språket er, og korleis det fungerer

6.3.4 Ei verdserklæring om språklege rettar

Avslutningsvis nemner vi i dette kapitlet at det i 1996 på initiativ frå den internasjonale PEN-klubben var ein verdskongress om språklege rettar i Barcelona i Spania. Her vart det vedteke ei universell erklæring om språklege rettar.

Erklæringa var utarbeidd av ei ekspertgruppe på 46 medlemmer oppretta i oktober 1994. På kongressen i Barcelona deltok 220 representantar frå ulike organisasjonar og fagmiljø i nærpå nitti land frå alle kontinenta.

Verdserklæringa har sjølv ingen offisiell status, men ho byggjer på, viser til og sluttar seg til ei rekkje tidlegare pakter, traktatar, konvensjonar, erklæringar, resolusjonar og tilrådingar i det internasjonale samfunnet. Ho har også vore med og danna grunnlaget for seinare konvensjonsarbeid i UNESCO.

Fotnotar

1.

For ordens skuld strekar vi under at det i dette ikkje ligg nokon juridisk rett til morsmålsundervisning. Dette spørsmålet er regulert i opplæringslova § 2-8, jf. omtale i kap. 4.2.8 og kap. 10.1.2.4.

Til toppen
Til forsida av dokumentet