Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Mål og meining— Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Til innhaldsliste

9 Nynorsk – status og korpus

9.1 Nynorskens status og bruk

9.1.1 Grunnleggjande perspektiv

9.1.1.1 Innleiing

Arbeidet med å styrkja norsk språk handlar ikkje berre om å hindra domenetap til engelsk; like viktig er det å sikra grunnlaget for den nynorske skriftkulturen og for nynorsken sin posisjon i det norske språksamfunnet meir allment. Difor må språkstyrkingsarbeidet omfatta både norsk språk generelt og nynorsk spesielt. Dette er no også slått klart fast i formålsparagrafen til Språkrådet, statens fagorgan i språkspørsmål.

9.1.1.2 Nynorsk – formelt likestilt, reelt diskriminert

Nynorsk og bokmål er lingvistisk sett to variantar av norsk språk som har status som likeverdige målformer. Som skriftformer fungerer dei som eigne språk; dei er formelt likestilte skriftspråk i offentleg bruk. Nynorsk og bokmål har dermed nøyaktig den same offisielle status.

Dei formelle mekanismane som sikrar bruk av nynorsk i opplæring og utdanning, i nasjonale allmennkringskastingskanalar, i lover og forskrifter, i offentleg politikk og administrasjon, inneber at nynorsk er eit samfunnsberande språk på linje med bokmål. Nynorsk er nasjonalspråk i Noreg på same måte som det bokmål er.

I viktige samfunnssektorar – ikkje minst i næringslivet, i reklame og teknologiutvikling, i dei riksdekkjande avisene – er nynorsk så godt som fråverande. Som bruksspråk har difor ikkje nynorsk ein like fullverdig posisjon som det bokmål har – i alle fall ikkje på landsbasis.

I somme delar av landet er nynorsk ikkje berre eit samfunnsberande, men også eit fullverdig bruksspråk. Her er nynorsk det dominerande språket, også i høve til bokmål.

Likevel, det gjennomgåande biletet når vi ser landet under eitt, er at nynorsk er eit språk som er diskriminert. Ikkje minst slår dette ut overfor brukarane av språket. Særleg gjeld dette innanfor privat sektor, men det er i høg grad tilfellet også innanfor det offentlege.

Mykje av denne diskrimineringa ligg innebygd i samfunnsstrukturane og har å gjera med dei ulempene som følgjer av at nynorsk i utgangspunktet er eit mindre brukt språk enn bokmål.

Men i tillegg kjem negative haldningar, både meir eller mindre uttalte haldningar og dei meir skjulte. Her viser vi ikkje minst til dei nærare analysane i kap. 5 om tilhøvet mellom språk og makt.

9.1.1.3 Nynorsk domeneerobring i kampen mot norsk domenetap

Til dels står nynorsk svakt innanfor delar av samfunnet der norsk språk er særleg utsett for domenetap til engelsk. Det går difor an å hevda at det er bokmål som har mest å forsvara.

Men språkstyrking kan ikkje vera rein forsvarskamp. Ein offensiv språkpolitikk må også ha domeneerobring som mål, og då er det særleg behovet for å utvida bruksområdet og bruksfrekvensen for nynorsk som peiker seg ut. I dette perspektivet er det ikkje konkurransen frå engelsk som er mest påtrengjande. Sett med eit nynorsk blikk er det dominansen frå bokmål som representerer den mest direkte utfordringa.

Som bokmål er pressa av engelsk, står nynorsk under press frå bokmål. Indirekte gjev dette ei kjede der engelsk også pressar nynorsk. For i den grad bruksområdet for bokmål verkeleg tek til å krympa til fordel for engelsk, vil også nynorsk få stadig mindre olbogerom. Når alt kjem til alt, er det difor liten tvil om at bokmål og nynorsk står i ein lagnadsfellesskap. I Norsk i hundre! blir det såleis slått klart fast: Nynorsken har ingen sjanse til å overleva i ein situasjon der bokmålet skulle bli alvorleg truga som samfunnsberande og fullverdig språk.

Det å styrkja nynorsk språk spesielt vil dess­utan vera eit viktig bidrag til å styrkja norsk språk generelt. Som eit mindre brukt språk har nynorsk alltid måtta kjempa seg fram til formell status og sosial aksept. Av dette er det skapt ein språkvilje som også bør kunna koma den overordna kampen for norsk språk til gode.

Difor blir verdien av norsk språk sterkare og tydelegare framheva takk vera den nynorske språktradisjonen. Stilt overfor den engelske utford­ringa må vi utnytta den samla språkstyrken til nynorsk og bokmål. Til dømes kan det oppstå ein eigen språk­leg dynamikk når terminologi skal utvik­last både på nynorsk og bokmål. Denne dynamikken kan fungera som ein kulturell konkurranse­føremon for norsk i møtet med det store globaliseringsspråket.

9.1.1.4 Nynorsk – ein sjølvstendig og nødvendig del av norsk språkkultur

Teknisk kunne vi klara oss godt med éi norsk målform og eitt norsk skriftspråk, men kulturelt er dette i dag ein utenkjeleg tanke.

Etter at Stortinget i 2002 samrøystes oppheva den såkalla tilnærmingsparagrafen i den då­verande lova om Norsk språkråd, er det ikkje aktuelt å byggja ein ny språkpolitikk på den føresetnaden at dei to målformene skal smelta saman til eit felles norsk skriftspråk. Det å gå inn for eitt norsk skriftspråk i dag ville difor i praksis bety å gjera bokmål til einaste riksspråk i landet, dvs. å ta frå nynorsken offisiell status og offentleg støtte.

Det ville vera alvorleg, ikkje berre for alle nynorskbrukande nordmenn, men også eit åtak på ein integrert del av norsk skriftkultur og norsk språktradisjon. Dette ville bety eit kulturtap for alle og for Noreg som nasjon; det ville vera å fjerna eit offisielt uttrykk for det språklege mangfaldet i landet, i strid med det som i dag er gjengs politikk i internasjonalt kultursamarbeid.

Nynorsk er i dag både ei sjølvstendig målform og eit sjølvstendig skriftspråk og samstundes ein nødvendig del av norsk kultur og norsk språk. Ingen strategisk språkpolitikk for framtida kan gå utanom nynorsken.

Nynorsk språk og kultur eksisterer som ein integrert del av det norske kulturgrunnlaget og den norske kvardagen. Slik sett vedkjem nynors­ken alle som lever i Noreg i dag.

I moderne tid har særleg radio og fjernsyn ført til at nynorsk språk stort sett kjem inn i alle heimar over heile landet.

Nynorsk er ei dagleg påminning om at Noreg har ein tradisjon for språkleg og kulturelt mangfald. Og mange fleire nordmenn enn dei som sjølve føretrekkjer å skriva nynorsk, har eit opphavleg talemålsgrunnlag som i større eller mindre grad fell saman med typiske språkdrag i normert nynorsk.

Vi treng å halda begge dei norske skriftspråka våre levande dersom vi ikkje skal fornekta ein vesentleg del av vår sosiale, kulturelle og historiske arv. Det at vi ikkje berre har eitt, men to norske skriftspråk med kvart sitt historiske og språk­lege opphav og kvar sin skriftkultur, gjev norsk språk eit dobbelt uttrykksregister og ein dobbel verdi og representerer ein rikdom for norsk kultur og samfunnsliv.

9.1.1.5 Utjamning av konkurransevilkår

Ein ansvarleg språkpolitikk for vår tid kan ikkje byggja på føresetnaden om eit framhald av den historiske rivaliseringa mellom nynorsk og bokmål. Det betyr at vi ikkje kan sjå på forholdet mellom nynorsk og bokmål som ein språkstrid der ein nøyt­ral stat skal halda seg passivt utanfor.

Staten må tvert imot ta eit ansvar for å leggja til rette for meir likeverdige vilkår, slik at begge målformene – også nynorsk – skal vera sikra vekst og utvikling. Ulike tiltak i offentleg regi vil likevel berre eit stykke på veg kunna vega opp for dei særlege motkreftene som nynorsk i alle høve vil vera utsett for jamført med bokmål.

Dette er motkrefter som har å gjera med mark­nads- og mediemakt, med teknologisk og demografisk utvikling, med geografisk og sosial mobilitet og med at nynorsk som eit mindre brukt språk har eit dårlegare utgangspunkt enn bokmål.

Ein politikk tufta på eit oppriktig ønske om å sikra ein levande nynorsk språkkultur for framtida må difor omfatta tiltak som er særleg innretta på å støtta opp under nynorsk språk.

9.1.1.6 Positiv særbehandling og aktiv støtte

At ein politikk for styrking av norsk språk også må omfatta tiltak for å styrkja nynorsk spesielt, er inga ny erkjenning i denne meldinga. Dette prinsippet kom til uttrykk i kulturmeldinga frå Bondevik II-regjeringa, St.meld. nr. 48 (2002–2003).

I den tilhøyrande innstillinga frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, Innst. S. nr. 155 (2003–2004), gav medlemmene frå dei noverande regjeringspartia uttrykk for at dei særleg ville streka under følgjande av det departementet uttalte om nynorsk skriftkultur i meldinga:

«Både for å ta vare på det kulturelle mangfaldet som det representerer å ha to norske skriftkulturar, og for at dei som soknar til nynorsk, skal kunna bruka og utvikla språket sitt på nokolunde like vilkår, må det offentlege prinsipielt kunna favorisera nynorsk språk og kultur. Ei viss positiv diskriminering av nynorsk er rimeleg både ut frå allmenne rettferdsprinsipp og med basis i internasjonal språkrettstenking.»

I tråd med dette prinsippet vart det i meldinga teke til orde for aktiv støtte til nynorsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt. Alle partia i komiteen med unntak av Framstegspartiet var samde i at slik aktiv støtte var nødvendig, og gav uttrykk for at dei også støtta departementet si grunngjeving for dette.

9.1.1.7 Nynorsk for nynorskbrukarane – nynorsk for alle

Behovet for ein slik aktiv politikk for å sikra og styrkja stillinga for nynorsk som bruksspråk har både samanheng med den generelle verdien som nynorsk språk og kultur representerer for heile det norske samfunnet og dermed for alle nordmenn, og med den særlege verdien denne målforma har for det mindretalet i folket som sjølve har nynorsk som det primære skriftsspråket sitt. Begge desse omsyna stiller krav også til det fleirtalet som helst bruker bokmål.

For det første må kjennskap til og kompetanse i begge dei to offisielle formene av det norske fellesspråket sjåast som ein nødvendig og sjølvsagd del av norsk allmenndanning som alle nordmenn i utgangspunktet bør ha rett og plikt til å få del i.

For det andre er eit alminneleg krav om kunnskap og kompetanse i begge målformer eit instrument for å leggja til rette for at også nynorskbrukarane som eit mindretal i folket skal få dei språklege rettane sine innfridde, og for at nynorsk skal vera godt synleg som bruksspråk på så mange språkbruksarenaer som råd er.

9.1.1.8 Nynorsk – bruksfrekvens og bruksområde

For nynorsken si stilling i det norske språksamfunnet i dag og i morgon har både å gjera med kor mange språkbrukarar som primært nyttar nynorsk, og med kor mykje nynorsk blir brukt innanfor ulike samfunnssektorar.

Utan ein kjerne av primærspråksbrukarar av ein viss storleik vil eit mindre brukt språk nesten alltid vera på vikande front.

Og på den andre sida – utan at språket blir brukt i eit visst omfang innanfor viktige samfunnssektorar, vil også talet på primærspråksbrukarar vera vanskeleg å halda oppe.

Utfordringa er difor å unngå at vi kjem inn i ein vond sirkel der minkande bruk av nynorsk og svikt i talet på primærspråksbrukarar blir faktorar som forsterkar kvarandre gjensidig.

Å gjera nynorsk til eit mest mogleg fullverdig bruksspråk inneber at nynorsk skal kunna brukast, og at bruk av nynorsk skal bli akseptert og respektert innanfor alle delar av samfunnet. I alle samanhengar der ein kan nytta norsk språk, må det vera like naturleg at det er nynorsk som at det er bokmål. Nynorsk må kunna brukast uavhengig av sak, innhald eller emne.

Dette gjer det språkpolitisk nødvendig å stimulera bruken av nynorsk i samfunnet meir systematisk og aktivt enn det som har vore tilfellet til no.

For det første må det på ulike måtar sikrast at nynorsk ikkje blir oversedd, utegløymt og underrepresentert som ein konsekvens av bokmålsdominansen.

For det andre må vi halda fast ved og meir aktivt følgja opp eksisterande krav til bokmålsbrukarar om også å bidra til den nynorske tekstproduksjonen i samfunnet. Her må det offentlege og særleg staten gå føre med eit godt eksempel.

9.1.1.9 Sidemålsundervisning i skulen og språkkrav i staten

Direkte språkkrav av sistnemnde slag retta til enkeltpersonar er først og fremst aktuelt innanfor den delen av samfunnet som har ei form for offentleg tilknyting. Her vil lov om målbruk i offentleg teneste også i framtida vera eit svært viktig språkpolitisk instrument.

Eit fundament i denne lova er den plikta ei nærare definert gruppe av tilsette i staten har til å nytta begge dei norske målformene i arbeidet sitt, ei plikt som i praksis byggjer på føresetnaden om ein grunnkompetanse som igjen har basis i den pliktige skriftlege sidemålsundervisninga i skulen.

Desse to pliktene støttar gjensidig opp om kvarandre, og dei gjeld for nynorskbrukarar så vel som for bokmålsbrukarar. Som verkemiddel i norsk språkpolitikk har dei lang tradisjon, og som grunnleggjande prinsipp er det viktig at dei blir liggjande fast også for framtida. Nødvendige unntak eller tilpassingar må utformast og praktiserast slik at dei ikkje rokkar ved sjølve det prinsipielle utgangspunktet.

9.1.2 Nynorsk for minoritetsspråklege

9.1.2.1 Innvandrar-Noreg og Nynorsk-Noreg

Det er særleg viktig at også nordmenn med eit anna morsmål enn norsk så langt råd er, blir fortrulege med den norske språkdelte kulturen. Difor må heller ikkje nynorsk ekskluderast som alternativ når språklege minoritetar i landet vårt skal få informasjon eller undervisning på norsk.

Nynorsk og bokmål ligg kvarandre så nær at vi som utgangspunkt må leggja til grunn at dei som har lært seg nok bokmålsnorsk til at dei kan tileigna seg tekstar på denne målforma, også vil kunna ta til seg ein normal nynorsk tekst, jamvel om dei kanskje må ha litt meir hjelp.

Noko av det som er utfordrande når det gjeld å fremja språkkontakt mellom det nynorske Noreg og Innvandrar-Noreg, er at det bur relativt sett langt færre personar med innvandrarbakgrunn i det nynorske kjerneområdet enn i resten av landet.

Dermed har også nynorskbrukarar færre kontaktpunkt med innvandrarbefolkninga enn det bokmålsbrukarane har. Det gjer det desto viktigare å fremja fleire språk- og kulturmøte mellom nynorskbrukarar og innvandrarar.

9.1.2.2 Nødvendig lemping av språkkrav

Jamvel om vi ikkje kan tilpassa nynorsken og bruken av nynorsk etter nordmenn som ikkje har norsk som morsmål, kan vi likevel ikkje utan vidare krevja av desse at dei skal ha same aktive dugleik i begge målformer som andre nordmenn.

Særleg gjeld dette dei som er komne til Noreg i vaksen alder, men det gjeld også dei med samisk eller annan minoritetsspråkleg bakgrunn elles. Dette er utgangspunktet for dei reglane vi lenge har hatt med heimel i opplæringslova om rett til fritak frå undervisning eller vurdering i norsk sidemål.

På dette grunnlaget har mange minoritetsspråk­lege elevar opp gjennom åra valt bort norsk sidemål, kanskje utan at dei alltid har fått full informasjon om konsekvensar for seinare tilsetjing i statlege stillingar med plikt til å nytta begge målformer.

Departementet finn det nødvendig å sjå nærare på praktiseringa av den aktuelle føresegna i lov om målbruk i offentleg teneste, mellom anna for å sikra at ho ikkje blir misbrukt til automatisk å stengja minoritetsspråklege søkjarar ute frå statlege stillingar berre fordi dei manglar karakter i sidemål frå vidaregåande skule.

Personar med minoritetsspråkleg bakgrunn representerer ein fleirspråkleg kompetanse som det er verdifullt å få inn i staten, og det er dessutan eit prioritert mål at den statlege arbeidsstyrken så langt råd er, skal spegla heile befolkninga.

Behovet for integrering og inkludering av den aukande innvandrarbefolkninga tilseier at staten i større grad opnar også for tilsetjing av personar utan norsk som morsmål.

9.1.2.3 Språkleg kompetanseplan

Formålet med føresegna i mållova om plikt for tilsette til å nytta både bokmål og nynorsk er at alle statsorgan skal ha ein stab med god realkompetanse i begge målformer slik at dei er i stand til å veksla mellom nynorsk og bokmål slik lova krev.

Å sikra at dei har slik kompetanse, er ei plikt for kvart enkelt organ, og det er behov for å sjå nærare på korleis dette i praksis blir følgt opp, slik at det ikkje einsidig blir lagt vekt på rein formalkompetanse ved tilsetjing.

I dag er det fastsett i forskrift til mållova at statsorganet har ansvar for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk. Det er likevel ingen tvil om at svært mange tilsette i dag har for dårleg språkkompetanse, først og fremst i nynorsk.

Det er difor eit klart behov for meir systematisk oppfølging på dette området. Som grunnleggjande verkemiddel i dette oppfølgingsarbeidet legg departementet opp til at kvart statsorgan heretter skal ha ein oppdatert språkleg kompetanseplan.

Planen bør peika ut ein eller fleire interne språkkoordinatorar som har særleg god kompetanse i nynorsk, og som difor kan hjelpa til med språkleg kvalitetssikring. Kompetanseplanen må såleis sjåast i samanheng med etableringa av eit system for språkleg internkontroll og eit nettverk av språkkontaktar og språkkonsulentar som er omtalt under kap. 8.6.5.3 og 8.6.5.4 ovanfor.

Når ein som del av ein slik språkleg kompetanseplan får styrkt den interne nynorskkompetansen og organisert den nynorske kvalitetssikringa på ein meir systematisk måte, vil planen også kunna leggja til rette for å tilsetja medarbeidarar med minoritetsspråkleg bakgrunn utan formalkompetanse i begge målformer.

Det bør difor presiserast i forskrift til mållova at ein statleg arbeidsgjevar kan frita ein medarbeidar frå plikta til å nytta begge målformer, men berre når dette inngår i ein plan som sikrar at organet samla sett har den nødvendige kompetansen i både nynorsk og bokmål.

9.1.2.4 Rett til nynorsk for alle minoritetsspråklege

Men ein statleg arbeidsgjevar må ikkje ha høve til automatisk å frita ein medarbeidar frå denne plikta for dermed å sleppa unna sitt eige ansvar for å gje nødvendig språkopplæring dersom medarbeidaren har arbeidsoppgåver der det i utgangspunktet er behov for å nytta begge målformene.

Også alle med minoritetsspråkleg bakgrunn må ha full rett til å kvalifisera seg i begge målformer både før og etter tilsetjing. Heller ikkje i skulen må fritaksretten framstillast eller praktiserast slik at han riv grunnen vekk under den retten alle elevar må ha – også dei med minoritetsspråkleg bakgrunn – til å få opplæring og vurdering i begge dei norske målformene.

I eit brev av 5. oktober 2006 frå MIRA – Ressurssenter for innvandrar- og flyktningjenter til Likestillings- og diskrimineringsombodet er det vist til at det ikkje finst forsking som tilseier at minoritetsspråklege barn ikkje vil kunna tileigna seg nynorsk på lik linje med sine norske medelevar. At minoritetsspråklege barn er rådde frå å velja nynorsk sidemål i skulen, kan difor etter MIRA-senterets syn ikkje grunngjevast i minoritetsspråk­lege årsaker, heiter det i brevet.

Ved Holmlia skule i Oslo er det på ungdoms­skulenivå dei siste åra gjennomført forsøk med nye undervisningsmetodar og vurderingsformer for å fornya sidemålsopplæringa. Om lag 30 prosent av dei elevane som deltok, hadde minoritetsspråkleg bakgrunn, og ei av røynslene frå prosjektet er at mange av dei meistrar begge målformer like godt som elevar med norsk som morsmål. 1

Inntrykket frå prosjektet er dessutan at dei minoritetsspråklege elevane ofte har ei opnare haldning til nynorsk og til sidemålsopplæringa, fordi dei ikkje har med seg dei same fordommane og mytane heimanfrå som det ein del av dei andre elevane har.

Det som her er referert, gjev ikkje nødvendigvis eit uttømmande bilete av situasjonen, men dei kan tena som ei nyttig motvekt til stereotype haldningar om at meir nynorsk og betre integrering er omsyn som ikkje går i hop.

Minoritetsspråklege og nynorskbrukarar er mindretalsgrupper som begge på ulike vis kan vera utsette for språkleg diskriminering, og dette gjer det ikkje mindre viktig å avvisa alle forsøk på å setja dei opp mot kvarandre. Like viktig er det å motarbeida konflikt mellom den tradisjonelle språkdelte norske kulturen og det nye fleirkulturelle mangfaldet i landet vårt.

9.1.3 Oppslutninga om nynorsk

9.1.3.1 Talet på nynorskbrukarar

Akkurat kor stort talet på nynorskbrukarar er, om det går opp eller ned, er slett ikkje avgjerande når det gjeld stillinga for nynorsk, og slike tal er ikkje utan vidare dei som fortel mest om utviklingstendensane for nynorsk.

Likevel kjem vi ikkje utanom at det er eit viktig grunnlag for å styrkja nynorskens posisjon at talet på nynorskbrukarar held seg høgt.

I utgangspunktet vil samfunnsutviklinga naturleg tendera til å redusera oppslutninga om det minst brukte språket. Det er difor nødvendig med språkpolitiske tiltak som kan stimulera og leggja til rette for at så mange som råd er, bruker nynorsk som skriftsspråk i både privat og offentleg samanheng.

9.1.3.2 Utviklinga i skulemålsprosenten

Utgangspunktet for fordelinga av nynorsk- og bokmålsbrukarar er reglane om opplæringsmålet i skulen.

Etter lova er det kommunen som avgjer kva målform som skal nyttast i skriftleg opplæring og skriftleg arbeid i kvar enkelt skule. Ved skifte av opplæringsmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst fjerdeparten av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande avrøysting. Røysterett har i dag alle røysteføre som bur i det området i kommunen som soknar til skulen, dessutan foreldre eller forsørgjar til barn på barnesteget ved skulen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. 2

I tidsrommet 1965–2006 har det vore halde 352 slike folkerøystingar. Til saman vel 65 000 personar har teke del i desse avstemningane, og 46 prosent av dei har røysta nynorsk, 54 prosent bokmål. I 205 krinsar vart det fleirtal for bokmål, i 144 krinsar for nynorsk. Nynorsk er i denne perioden ofte røysta ut med liten margin, etter tidlegare å ha vore røysta inn med til dels klart fleirtal. 3

I tida fram til 1944 var det nemleg framgang for nynorsk i skulen. Det året hadde etter statistikken 34,1 prosent nynorsk som hovudmål. Tjue år seinare hadde prosenten falle til vel 20, om lag det same som i 1930. 4

Dei siste førti åra er så nynorskprosenten i skulen redusert ein del meir, til i underkant av 14. Størstedelen av denne nedgangen skjedde likevel det første tiåret, fram til midten av 1970-talet. Då var reduksjonen på 4 prosentpoeng. Deretter låg nivået stabilt rundt 16,5–17,0 prosent nynorsk i tjue år, medan det så har skjedd ein ny nedgang på vel 2,5 prosentpoeng den siste tiårsperioden. 5

Mykje av tilbakegangen for nynorsk i skulen i den første etterkrigstida må sjåast i samanheng med den aukande urbaniseringa i samfunnet, og ikkje minst med den skulesentraliseringa som for alvor skaut fart i 1950- og 1960-åra. I mange kommunar hadde dei små utkantkrinsane nynorsk, medan skulane i det halvurbane bygdesenteret hadde bokmål. Når det så vart bygd ny fellesskule for eit større område, vart målforma ved den nye skulen gjerne den same som i sentrum.

I tillegg kjem at ein del av overgangen til nynorsk som skulemål fram mot 1945 skjedde i krinsar der målforma aldri vart ein sosial eller formell konvensjon i lokalsamfunnet utanom skulen. I røynda stod ho dermed svakt også som skulemål. 6 At omslaget i negativ lei for nynorsken kom rett etter 1945, har dessutan vore forklart med at motstandskampen under krigen hadde vore med på å gjera bokmålet meir nasjonalt stovereint. 7

9.1.3.3 Den nynorske lekkasjen

Éin ting er kor stor del av elevane som til kvar tid får opplæring på nynorsk dei første skuleåra; ein annan ting er kor mange som held fast ved nynorsk når dei kjem opp i høgare klassesteg, og når dei seinare går over i arbeid og yrke.

Etter folkeskulelova av 1959 kunne elevane frå og med 8. klasse sjølve avgjera hovudmålet sitt, og frå 1985 fekk dei denne retten eitt år tidlegare, frå og med det første året i ungdomsskulen. Elevane skal stadfesta eller gjera om dette valet når dei tek til i vidaregåande skule, og kan skifta på ny før avsluttande eksamen tre år seinare. 8

Av dei som i skulemålsstatistikken vart rekna som nynorskelevar i 1940- og 1950-åra, var det truleg mindre enn halvparten som heldt fast ved nynorsk. Det vil seia at årskull på om lag 15 000 nynorskbrukarar i første klasse med tida skrumpa inn til ca. 7500. I seinare år er dei nynorske årskulla vortne mindre. Til gjengjeld er det fleire som blir verande nynorskbrukarar.

Men framleis er den såkalla nynorske lekkasjen ganske stor, og i dag er det rekna som sannsynleg at kvar tredje nynorskelev vil skifta til bokmål før vedkomande har fylt tjue år. 9

Analysar viser likevel at skifte frå nynorsk til bokmål i dag gjennomgåande skjer i høgare alder enn tidlegare. Det har nok samanheng med at leng­re utdanning gjev mindre press frå arbeidsgjevar og andre i retning av målskifte i dei sårbare tenåra. Fleire arbeidsplassar enn før gjev no også rom for å bruka nynorsk, i større eller mindre grad. 10

9.1.3.4 Tre spørjeundersøkingar om målform

Éin ting er målform i skulen og i kva grad den enkelte skiftar målform gjennom livet; ein annan ting er kor stor del av heile befolkninga som på eit bestemt tidspunkt kan reknast som nynorskbrukarar, heilt eller delvis.

I kap. 3.1 er det referert tre spørjeundersøkingar frå åra 1985, 1995 og 2005 som gav som resultat at ca. 8 prosent opplyste at dei helst brukte nynorsk når skreiv i private samanhengar, medan vel 5 prosent svarte at dei nytta begge målformene omtrent like mykje. Dersom vi tek med begge desse svargruppene, er det altså om lag 13 prosent, svarande til nokså nøyaktig 600 000 personar, som kan reknast som nynorskbrukarar.

Når totaltalet blir nesten like høgt som skulemålsprosenten, trass i den omtalte lekkasjen frå nynorsk til bokmål, er det truleg at ein del av dei som svarer både-og, er personar som har hatt nynorsk som opplæringsmål, men som seinare i større eller mindre omfang har byrja å skriva bokmål.

9.1.3.5 Prosent nynorskbrukarar etter region og busetjingsmønster

Den sterke regionale variasjonen i oppslutninga kjem også tydeleg fram i materialet frå TNS Gallup.

Av fylka er det berre i Sogn og Fjordane at nynorskbrukarane er i fleirtal. I 2005 var det her vel 75 prosent som brukte anten berre nynorsk eller både nynorsk og bokmål.

Men også dei tre andre vestlandsfylka skil seg klart ut. Såleis var det tilsvarande talet for Møre og Romsdal 39,1 prosent, for Hordaland 31,9 prosent og for Rogaland 24,1 prosent. Også Telemark og Oppland låg over landsgjennomsnittet med respektive 18,5 og 13,4 prosent nynorskbrukarar.

Men like viktig som den fylkesvise variasjonen er skilnadene mellom byar og bynære strok på den eine sida og meir landlege og grisgrendte strok på den andre sida. Ikkje minst i vestlandsfylka Rogaland og Hordaland representerer veksten i og omkring dei store byregionane ei utvikling som naturleg svekkjer grunnlaget for nynorsken. Noko tilsvarande gjeld til dels også i Møre og Romsdal.

Ein indikasjon på samanhengen mellom nynorskbruk og busetjingsmønster får ein når ein konstaterer at dei 36,6 prosent av kommunane i landet som har gjort vedtak om å krevja nynorsk i skriv frå staten til kommunen, berre har om lag 11 prosent av folketalet i landet. 11

9.1.3.6 Nynorskkommunar og språknøytrale ­kommunar

No er det sjølvsagt ikkje slik at det berre er nynorskbrukarar som bur i desse såkalla nynorskkommunane. På den andre sida er det svært mange som soknar til nynorsk, som bur utanfor desse kommunane. I tillegg til dei 114 nynorskkommunane er det då også 157 kommunar som har erklært seg som språkleg nøytrale. Summen av nynorskkommunar og språknøytrale kommunar utgjer 63 prosent av alle kommunar i landet og har til saman nærare 60 prosent av folketalet.

I Sogn og Fjordane har alle dei 26 kommunane gjort vedtak om nynorsk, og i Hordaland gjeld det same for 30 av 33 kommunar. Også i Møre og Romsdal er det eit fleirtal av nynorskkommunar, og i Rogaland er det klart fleirtal av nynorskkommunar og nøytrale kommunar til saman.

Alle desse fire fylka har dermed nynorsk som såkalla fleirtalsmålform etter reglane i lov om målbruk i offentleg teneste. Det betyr at alle statsinstitusjonar som har tenestedistriktet sitt avgrensa til eitt eller fleire av desse fylka, har nynorsk som tenestemål.

Mange nynorskbrukarar bur i dei større byane, og jamvel om dei her er i klart mindretal, er det eit viktig uttrykk for språkleg respekt og toleranse at dei fleste store bykommunane har erklært seg språkleg nøytrale. Det gjeld Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Drammen, Hamar, Moss, Bodø, Harstad og Hammerfest. I tillegg kjem meir nynorsknære byar som Molde, Ålesund, Namsos, Porsgrunn, Skien og Notodden.

9.1.3.7 Regionalisering og nasjonal institusjonalisering

Det bur sjølvsagt nynorskbrukarar over heile landet, truleg i kvar kommune, og det går nynorskelevar i 40 prosent av alle kommunane. Svært mange går i eit språkdelt skulemiljø av både nynorsk- og bokmålselevar, eventuelt også andre opplæringsspråk.

Men 80 prosent av nynorskelevane i grunnskulen bur no på Vestlandet. Der ligg også meir enn 70 prosent av alle kyrkjesokn med nynorsk liturgi og kommunar med nynorsk tenestemål.

Dette er eit uttrykk for at nynorsk som kvardags­språk er vorte sterkare regionalisert.

Men på same tid har den nynorske skriftkulturen fått eit sterkare institusjonelt rotfeste på nasjonalt plan.

Og kyrkja er den samfunnsinstitusjonen der nynorsk kanskje står aller sterkast. Kvart år er 1,4 mill. menneske med på gudstenester med nynorsk liturgi, og eitt av tre sokn har liturgi på nynorsk. Like viktig kan det ha vore at nynorsken vart sungen inn i kyrkja, frå og med Blix-salmane i 1880-åra til Edvard Hoems nyaste.

Kvar tredje avis er redigert heilt eller delvis på nynorsk, og NRK har gjort nynorsk til eit vanleg språk i radio og fjernsyn. Men berre knapt ei av ti bøker som blir utgjevne, er på nynorsk.

I det nyaste mediet, Internett, er nynorsk alt like mykje brukt som i bøker. Det er også relevant å nemna at dialektane blir brukte jamt meir både i radio og fjernsyn og i lydfestingar og på cd-plater. I alle år har lyrikk i form av dikt og songar vore den mest brukte litterære sjangeren på nynorsk.

For første gong i norsk historie har i dag eit fleirtal av alle nordmenn hatt skriftleg undervisning i nynorsk. Det er den obligatoriske ungdomsskulen og den nye vidaregåande skulen frå 1970-åra som på denne måten har gjort nynorsk til direkte relevant for mest alle som veks opp i landet.

9.1.4 Nynorsken si stilling innanfor utvalde språkdomene

9.1.4.1 Generelt om næringslivet

I Norsk i hundre! er det slått fast at næringslivet er det domenet nynorsken aldri vann.

Med unntak av næringslivet i det nynorske kjerneområdet på Vestlandet er nynorsk så godt som fråverande på nettsider, i reklame og i korrespondanse. Også den delen av næringslivet i det nynorske kjerneområdet som har heile landet som marknad, har til no så å seia nytta berre bokmål i landsdekkjande reklame. Dette synest likevel å vera i sakte endring. I dag ser vi at større bedrifter som til dømes Hotell Alexandria i Loen, Lerum fabrikker og Fjord1 annonserer over heile landet på nynorsk.

Jamvel om dette er ei positiv utvikling, er det også eit uttrykk for ei utvikling i retning av sektorisering av nynorsk til ein bestemt del av landet.

Mange som i dag veks opp i det nynorske kjerneområdet og difor har hatt nynorsk som hovudmål, etablerer seg som vaksne i andre delar av landet, og det er normalt ikkje mogleg for dei å bruka nynorsk i arbeidet dersom dei blir tilsette i det private næringslivet. Dei vil heller ikkje møta nynorsk i fagspråklege tekstar eller i andre samanhengar på arbeidsplassen, og dei vil difor lett koma til å oppfatta nynorsk som mindreverdig og ubrukande innanfor dette domenet. 12

9.1.4.2 Aviser og vekeblad

Nynorsk er lite synleg og til dels sterkt underrepresentert også i viktige delar av den medie­baserte offentlege samtalen, ikkje minst i aviser og vekeblad.

I dei fleste riksdekkjande avisene er nynorsk direkte utestengd ved at ikkje eingong journalistar som i utgangspunktet skriv nynorsk, til vanleg får lov til å bruka si eiga målform i redaksjonelt stoff.

I følgjebrevet frå interimsstyret i Språkrådet ved oversending av Norsk i hundre! i mars 2006 vart det vist til at dei store riksavisene diskriminerer nynorsk når dei ikkje tillèt nynorskjournalistar å bruka målforma si. Departementet blir bedt om å vurdera om det kan setjast inn tiltak for å sikra at denne diskrimineringa tek slutt.

Avisene er i privat eige, og i motsetnad til det som er tilfellet for radio og fjernsyn i statleg eige eller med statleg konsesjon, er det ikkje tradisjon for å stilla formelle krav til avisene om å nytta begge målformer.

Etter departementet si vurdering er det positivt dersom aviser i større grad enn i dag slepper til nynorsk på redaksjonell plass.

9.1.4.3 Krav til nynorsk i NRK og TV2

I vedtektene for NRK er det fastsett at begge dei offisielle målformene skal nyttast, og at minst 25 prosent av verbalinnslaga skal vera på nynorsk. I konsesjonsvilkåra for TV2 er kravet at begge dei offisielle norske målformene skal nyttast, men her er det ikkje fastsett spesifikke kvotekrav.

I 2006 var det registrert 23 prosent nynorsk i NRK1 og 14 prosent i NRK2. I radio var det 25 prosent nynorsk i P1 og 24 prosent både i P2 og i P3.

På dette grunnlag konstaterte Medietilsynet i allmennkringskastingsrapporten for 2006 at bruken av nynorsk i NRK-kanalane er nokså lik året før, men at ein nedgang for P2 og P3 innebar at desse kanalane i 2006 ikkje innfridde minstekravet om 25 prosent nynorsk. Ettersom P1 dermed var den einaste av radiokanalane i NRK som hadde 25 prosent nynorsk, konstaterte Medietilsynet at NRK radio alt i alt ikkje innfridde minstekravet. Gjennomsnittstalet var 24,33 prosent nynorsk.

Medietilsynet slo fast at fjernsynskanalane mykje låg under minstekravet med eit gjennomsnitt på 18,5 prosent.

I rapporten for 2006 gjev Medietilsynet uttrykk for at det var kritikkverdig at NRK for andre året på rad ikkje innfridde minimumskravet til nynorskprosent i programtilbodet sitt. Kritikken retta seg i særleg grad mot fjernsynstilbodet, men tilsynet var også kritisk til at nynorskprosenten i radio var redusert sidan 2005, jamvel om ein her låg tett oppunder minimumskravet.

Medietilsynet gav uttrykk for at NRK som statleg, lisensfinansiert allmennkringkastar har eit særskilt ansvar for å sjå til at krav til nynorsk blir tilfredsstillande etterlevd. Medietilsynets konklusjon er såleis at NRK ikkje innfridde kravet om bruk av nynorsk i kjerneverksemda si i 2006.

Av den nyleg framlagde rapporten for 2007 går det fram at situasjonen ikkje er vesentleg endra, og Medietilsynet rettar på nytt kritikk mot NRK for ikkje å innfri minimumskravet til nynorsk i programtilbodet. Det blir vist til at NRK har gjort greie for tiltak for å auka nynorskbruken, og Medietilsynet ventar at desse tiltaka no kjem til uttrykk også i det faktiske programtilbodet.

I allmennkringskastingsrapportane for 2006 og 2007 konstaterte Medietilsynet at begge målformer blir nytta i TV 2, og konklusjonen var at TV 2 innfridde konsesjonskravet.

9.2 Nynorske korpusspørsmål

9.2.1 Nynorsknorma

9.2.1.1 Innleiing

Det er ovanfor under kap. 8.4.2 gjort greie for det arbeidet med å rydda opp i rettskrivinga for bokmål og nynorsk som gjekk føre seg i regi av Norsk språkråd frå 1997 fram til endeleg vedtak på rådsmøtet i 2003.

Det vedtekne framlegget til endringar i nynorsk­rettskrivinga vart forkasta av departementet ved brev av 16. februar 2005. Den nærare grunngjevinga i brevet er det gjort greie for under kap. 8.4.2.3. I brevet heitte det til slutt at spørsmålet om ein eventuell ny gjennomgang av rettskrivingssystemet for nynorsk var noko departementet tidlegast ville ta standpunkt til etter at omorganiseringa av Norsk språkråd var endeleg avslutta.

Det nye Språkrådet har etter vedtektene til oppgåve å forvalta den offisielle rettskrivinga. Generelt har Språkrådet også eit vedtektsfesta ansvar for å ta språkpolitiske initiativ overfor relevante styresmakter. I tråd med dette vedtok Språkrådet på styremøte 13. september 2007 å ta opp att arbeidet med nynorsknorma. I vedtaket heitte det at det var gjort under føresetnad av godkjenning frå departementet.

Etter å ha fått oversendt saka frå Språkrådet gjorde departementet den vurderinga at det ville vera rett å forankra det vidare arbeidet med denne saka i Stortinget. Dette må sjåast på bakgrunn av at saka har ei lang og vanskeleg forhistorie, og at spørsmålet om revisjon av nynorsknorma framleis synest å vera omstridd. Det er naturleg å sjå saka i ein større språkpolitisk samanheng. På denne bakgrunn gav departementet beskjed til Språkrådet i brev av 13. november 2007 om å venta med vidare arbeid i denne saka til etter at språkmeldinga var behandla i Stortinget.

9.2.1.2 Arbeidet med nynorsknorma frå 1997 til 2000

Målet for det arbeidet styret i Språkrådet ønskjer å setja i gang, er etter ordlyden i vedtaket «å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer».

Det å få laga ei strammare nynorsknorm, ei norm med færre valfrie former, var også målet for det oppryddingsarbeidet Norsk språkråd tok til med alt i 1997. Men den gongen sikta ein berre til læreboknormalen, den norma som er bindande for lærebøker og i statstenesta. Innanfor den vidare rettskrivinga skulle det framleis vera stor valfridom. Ein ville altså halda fast på eit system med sideformer på utsida av ein strammare læreboknormal.

Dette prinsippet vart så retningsgjevande for det vidare arbeidet og dei konkrete endringane i nynorsknorma som vart vedtekne på rådsmøtet i februar 2000. Men samstundes vedtok Språkrådet å avskaffa sideformsystemet i bokmål. I desember 2000 tok difor departementet initiativ til å få utgreidd ei tilsvarande løysing også for nynorsk.

I brev til Norsk språkråd av 5. desember 2000 gav departementet uttrykk for at det foreslåtte systemskiftet i bokmål tilsa at ein burde sjå nærare på dei ulempene som følgjer av den todelte rettskrivinga også i nynorsk. Som døme på slike ulemper nemnde departementet mellom anna at det kunne vera uheldig at skuleelevar lærer å bruka skrivemåtar og bøyingsformer som dei likevel ikkje har lov til å nytta dersom dei seinare blir tilsette i offentleg teneste, eller former og skrivemåtar som det ikkje finst støtte for i lærebøker.

Departementet uttalte vidare at dersom det skulle vera eit mål å etablera ei norm som er så fast at ho lettare kan verka som eit mønster for korleis språkbrukarane skal skriva rett, kan det synast inkonsekvent at det samstundes finst ei rad andre former og skrivemåtar som også er korrekt rettskriving i dei fleste samanhengar. I det heile kan den todelte rettskrivinga hevdast å innebera ein dobbeltkommunikasjon som er med på å skapa ei forvirring hos språkbrukarane som kjem i tillegg til den uvissa som valfridommen i seg sjølv representerer. Slik heitte det i brevet frå departementet i desember 2000.

Men det heitte også at departementet var fullt klar over dei ulike grunnane som kunne tala for at det framleis burde vera eit system med sideformer i nynorsk, og at ei fjerning av skiljet mellom hovudformer og sideformer kunne framstå som ei drastisk endring som kunne skapa mykje uro og usemje. Departementet var likevel kome til at ei rettskrivingsendring som etter føresetnaden skal stå ved lag i lang tid framover, ikkje burde gjennomførast før dette spørsmålet er grundig utgreidd.

9.2.1.3 Utgreiing, høyring og vedtak 2001–2003

Dette initiativet frå departementet i desember 2000 fekk god mottaking, og Norsk språkråd gjekk i gang med ei meir omfattande utgreiing med det uttalte målet å gjennomføra ei systemforenkling i tråd med det departementet hadde ymta frampå om. Då saka vart førebels drøfta på møte i nynorskseksjonen i februar 2002, konkluderte møteleiinga med at det syntest å vera klar stemning for å oppheva skiljet mellom hovudformer og sideformer.

Etter kvart viste det seg likevel vanskeleg å koma til semje om kor stor valfridom ein skulle tillata innanfor eit nytt normsystem utan eit slikt statusskilje. På ekstraordinært møte i nynorskseksjonen av Norsk språkråd i mai 2002 gjekk likevel fleirtalet inn for det foreslåtte systemskiftet. Dermed kom spørsmålet om stor eller liten valfridom på spissen. Av to alternative framlegg, eit med relativt liten og eit med etter måten stor valfridom, vart det vedteke eit framlegg som låg nærmast det siste alternativet.

Med basis i desse vedtaka vart eit samla opplegg for revisjon av nynorsknorma sendt på høyring hausten 2002. Saka var kompleks fordi det både var spørsmål om systemskifte og dinest kva slags valfridom ein skulle leggja opp til på ulike punkt avhengig av det eine eller andre utfallet i det første spørsmålet. Høyringsfråsegnene sprikte då også i fleire retningar, men alt i alt var det likevel stor skepsis mot å fjerna statusskiljet.

Dette førte til at nynorskseksjonen snudde, og på rådsmøtet i 2003 vart det samrøystes vedteke å halda fast ved skiljet mellom hovudformer og sideformer. Deretter vart det gjort vedtak om visse endringar innanfor ramma av eksisterande normsystem, i hovudsak i tråd med dei tilsvarande vedtaka tre år tidlegare. Det var desse endringsframlegga som til slutt vart forkasta av departementet i februar 2005.

Som nemnt under kap. 8.4.2.3 var det to tilleggsvedtak om nynorsknorma på rådsmøtet i 2003 som var grunngjevinga for at departementet på nytt avviste å gjera endringar innanfor ramma av eksisterande normsystem. Desse tilleggsvedtaka syntest nemleg å opna for ei snarleg revurdering av sjølve normsystemet.

Den eine tilleggsfråsegna var ei oppmoding til styret om å få vurdert om funksjonsfordelinga mellom hovudformer og sideformer framleis var tenleg i den nye situasjonen som ville oppstå når nynorsken vart åleine om dette systemet. Den andre fråsegna var eit ønske om forsøksprosjekt med ulike undervisningsopplegg for å samanlikna ei opplæring avgrensa til hovudformene med ei opplæring som også tok omsyn til den vidare valfridommen med sideformer.

9.2.1.4 Ulike omsyn i normeringa av nynorsk

Både den førebuande behandlinga og vedtaka i nynorskseksjonen av Norsk språkråd i 2003 gav altså noko motstridande signal om kva som kunne tenkjast å vera den mest tenlege utviklinga av rettskrivingssystemet i nynorsk på lengre sikt.

Når arbeidet med forenkling av normsystemet ikkje førte fram på nynorsksida, har det sjølvsagt samanheng med at statusskiljet mellom hovudformer og sideformer representerer eit kompromiss mellom stor og liten valfridom.

Dersom ei norm skal strammast inn, er det naturleg at det kan vera usemje om kva former som skal takast ut av norma. Det er lettare å gje visse former redusert status ved berre å ta dei ut av læreboknormalen. Då kan dei framleis brukast i dei fleste samanhengar – av dei som ønskjer å setja eit personleg preg på skriftspråket sitt med utgangspunkt i dialektbakgrunn eller språkideologisk ståstad.

Dette omsynet har tradisjonelt vore eit viktig prinsipp i nynorsknormeringa. Vid valfridom inneber at dialektmangfaldet i stor grad kjem til uttrykk innanfor norma. Tanken er då at den enkelte språkbrukar kan velja ein skriftvariant som ligg nær opptil talemålet sitt og dermed kanskje ha lettare for å meistra skriftspråket.

Valfridommen gjev også større rom for å finna ein personleg stil. Den legg til rette for språkleg identifikasjon og sjølvkjensle og kan på den måten også vera med og stimulera så vel utrykksbehov som uttrykksevne. Det at skuleelevar kan bruka skriftformer som ligg nær opptil eige talemål, kan gjera sitt til å letta sjølve skrivinga og skriveopplæringa.

Men det går også an å bruka pedagogiske argument den andre vegen. Ei norm med liten valfridom som dermed blir brukt om lag på same måten av dei fleste, er meir oversiktleg og kan slik sett vera enklare å læra og å bruka. Mange meiner at det er det visuelle førebiletet som best fremjar skriveopplæringa, dvs. at lesinga er med å prenta inn skriftbiletet. I så fall kan det vera uheldig å møta det same ordet skrive snart på den eine måten og snart på den andre, eller at elevane sjølve skal skriva annleis enn dei formene dei møter i lærebøkene.

Det krev dessutan god innsikt i eige språk å vita kva former ein skal velja. Jamvel om ein kan bruka former innanfor norma som samvarer heilt eller delvis med eige talemål, vil det aldri vera fullt samsvar. Ein må heile tida læra seg kvar grensene går mellom eige talemål og normrett skriftmål. Då kan det henda at den store valfridommen fører til at språkbrukarane blir usikre, at dei stadig må slå opp i ordlista, at dei ikkje får utvikla eit snøgt og automatisert skriftspråk. Særleg kan valfridommen verka overveldande for dei som har nynorsk berre som sidemål. Resultatet kan bli at mangfaldet hemmar i staden for å frigjera.

Det er altså til dels motstridande vurderingar og omsyn som kan gjerast gjeldande i spørsmålet om framtidig normering av nynorsk. Dette har samanheng med spenningsforholdet mellom på den eine sida den tradisjon og ideologi som har bore nynorsken fram, og på den andre sida dei strategiske utfordringane som møter eit mindre brukt språk med så liten språkleg avstand til det dominerande fleirtalsspråket som tilfellet er for nynorsk.

Det kan hevdast å vera i samsvar med nynorsk tradisjon og ideologi at det skal vera høve til å skriva ein offisielt godkjend nynorsk med rom for regional og individuell variasjon. Formvariasjonen representerer dessutan viktige tradisjonar i nynorsk litteratur.

Og i dei geografiske randsonene for nynorsken kan det tenkjast å vera ein fordel for oppslutninga om målforma som skulemål og lokalt bruksmål at det er mogleg å velja former som ligg nær opptil bokmålsformer eller eige talemål. Slike strategiske vurderingar kan difor trekkja i retning av vid valfridom.

På den andre sida kan det hevdast at det først og fremst er dei profesjonelle og språkmedvitne skrivarane som er i stand til å realisera idealet bak valfridommen. Ei nynorskopplæring som utnyttar det spelerommet som formvariasjonen byr på, stiller store krav til normoversikt og pedagogiske evner hos lærarane.

For det store fleirtalet av språkbrukarar kan det henda at ei klarare og meir eintydig norm vil gjera det lettare å innprenta skilnadene mellom nynorsk og bokmål og dermed å halda dei to målformene frå kvarandre i eiga skriving. Det finst også undersøkingar som indikerer at normvariasjonen gjer brukarane usikre, og at ein god del av dei som byter hovudmål frå nynorsk til bokmål, gjer det fordi dei har problem med nynorsk rettskriving og formverk.

Nynorskrettskrivinga vedkjem også dei meir usikre språkbrukarane. Ho vedkjem alle dei som lærer nynorsk som sidemål i skulen, og dei av desse som skal skriva nynorsk som tilsette i offentleg teneste. Spørsmålet er i kor stor grad ein også bør leggja vekt på slike pedagogiske omsyn i normeringsarbeidet.

Nynorskens strategiske situasjon som eit mind­re brukt språk som i stadig sterkare grad må tevla med det dominerande bokmålet, er også eit moment som kan henda bør telja med i dei vurderingane som skal gjerast. Nynorsk lever i skuggen av bokmål, og påverknaden frå bokmål er i dag ganske stor.

Dessutan er nynorsk skriftspråk i mindre grad enn bokmål tufta på ei nokolunde fast talemålsnorm. Eit tilnærma normalisert nynorsk talemål kan høyrast i manusbundne program i radio og fjernsyn, men elles er det i dag svært få av dei som opptrer i det offentlege rommet, som kan seiast å bruka eit nokolunde normrett nynorsk talemål. Svært mange av dei som reknar seg som nynorskbrukarar, har i talemålet sitt eit markert innslag ikkje berre av dialektformer, men også av talemåls­trekk og ordtilfang henta frå normalisert bokmål.

Den valfridommen som voks fram på 1900-talet, hadde elles ikkje berre som mål å koma eit vidare spekter av dialektformer i møte. Det var også eit reformstrev som gjekk ut på å samordna bokmål og nynorsk innanfor ei tilnærmingslinje.

Som det er gjort greie for under kap. 8.4.2.2, har Stortinget ved fleire høve stadfesta at slik tilnærming ikkje lenger er aktuell politikk. I dag kan ein difor på friare grunnlag normera dei to norske skriftspråka våre slik at deira eigen identitet blir klarare markert.

9.2.1.5 Vedtaket hausten 2007 om ny gjennomgang av nynorsknorma

På bakgrunn av forhistoria og dei ulike omsyna det er gjort greie for ovanfor, kan det verka som eit ambisiøst mål å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer, slik styret i Språkrådet har vedteke.

Som venta har vedtaket også vekt debatt. Av dei som er kritiske, har nokre gitt uttrykk for at departementet bør setja ein stoppar for heile prosessen, medan andre har ønskt at departementet ikkje skal godkjenna det mandatet styret har vedteke, men i staden opna for ei ny høyring om kva retning normeringsarbeidet for nynorsk skal ta.

Vedtaket i Språkrådet er likevel meir omfattande enn det som så langt er referert. Det heiter mellom anna at styret legg vekt på å få til ein open og inkluderande prosess, dessutan at den gruppa som skal stå for sjølve arbeidet, skal ha med representantar frå målrørsla, forvaltninga, utdanningssektoren, forlagsbransjen og medieområdet.

Det heiter også at breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er blant dei faktorane som skal balanserast i den nye norma. Det går fram at målet er å etablera ei norm som skal vera eit tilbod til alle som ønskjer å skriva korrekt nynorsk, at ho skal gjelda for alle som pliktar å skriva innanfor ei norm. Målet, heiter det, er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som bruker nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid.

Det går elles fram av vedtaket at det er fagrådet for normering og språkobservasjon, saman med sekretariatet, som skal planleggja og følgja opp prosessen innanfor dei retningslinjene som styret gjev. Fagrådet har også fått i oppgåve å gjera framlegg til samansetjing av den nemnde gruppa som skal gjennomføra arbeidet.

Fagrådet for normering og språkobservasjon har på sitt arbeidsområde, til liks med dei tre andre fagråda på sine område, eit særleg ansvar for å sikra at Språkrådet har breiast mogleg samfunnskontakt for arbeidet sitt. Dei skal formidla synspunkt og impulsar frå det norske språksamfunnet til styre og sekretariat og skal på tenleg måte drøfta og førebu større saker som skal avgjerast i styret. Dette er fastsett i vedtektene for Språkrådet.

9.2.1.6 Oppsummerande vurdering

Departementet erkjenner at spørsmålet om ein ny gjennomgang av nynorsknorma er ei vanskeleg sak, og at det ikkje er lett å ha ei skråsikker oppfatning av kva slags normsystem som alt i alt vil vera mest tenleg for nynorsken og nynorskbrukarane på kort og lang sikt. Som vist ovanfor er det argument og omsyn som dreg i ulik retning.

Spørsmålet om endringar må nødvendigvis byggja på vurderingar og vedtak som er godt førebudde i Språkrådet. Samstundes er det grunn til å streka under at dette førearbeidet må ha best mogleg forankring blant språkbrukarane. Departementet oppfattar det slik at vedtaket i styret legg opp til ei slik brei forankring og ein prosess der ulike syn kan koma til orde.

Ein ny gjennomgang av nynorskrettskrivinga med sikte på endringar vil på nytt reisa fleire spørsmål, for det første om ein skal avskaffa det noverande skiljet mellom hovudformer og sideformer, kor stor valfridommen skal vera innanfor eit eventuelt nytt system utan slikt statusskilje, og endeleg kva former som skal takast ut av norma, og kva former som skal bli verande i den grad ein strammar inn.

Det var det første spørsmålet, om eventuelt å oppheva sideformsystemet også i nynorsk, som var utgangspunktet for det utgreiingsarbeidet som departementet tok initiativet til å få sett i gang i desember 2000. I 2002 gjorde så Noregs Mållag eit vedtak på landsmøtet sitt der dei gjekk imot å fjerna sideformsystemet.

Departementet har merkt seg at Noregs Mållag no har endra syn i dette spørsmålet. På landsmøtet i slutten av april 2008 vart det vedteke ei fråsegn der det mellom anna heiter at Noregs Mållag meiner det er på tide å oppheva skiljet mellom hovud- og sideformene, slik at den normalen ein lærer i skulen, kan brukast overalt også seinare i livet.

I fråsegna er det også uttalt at Noregs Mållag ser positivt på at Språkrådet vil gjera eit oppryddingsarbeid i rettskrivinga, jamna ut inkonsekvensar og fjerna former det er dårleg grunnlag for i talemål og skriftsspråk.

På den andre sida er det som nemnt ovanfor fleire som har vendt seg til departementet for å få stoppa eller i det minste endra premissane for ein ny gjennomgang.

Etter ei samla vurdering har departementet kome til at det likevel er så mykje som taler for ein ny gjennomgang at det ikkje vil vera rett å gå imot at dette arbeidet blir sett i gang slik styret har vedteke.

Departementet har heller ikkje merknader til at styret har gjort vedtak om ei klar retning og ein klar ambisjon for arbeidet. Det må likevel leggjast til grunn at nynorsken framleis skal vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar.

9.2.2 Ordtilfanget i nynorsk

9.2.2.1 Innleiing

Ein variant, til dels ein parallell, til ordskiftet om nynorsk rettskriving er spørsmålet om nynorsk ordtilfang. Også dette har mykje å seia for den vidare utviklinga av nynorsk som eit mindre brukt språk ved sida av det dominerande bokmålet.

Spørsmålet har nettopp sin bakgrunn i at nynorsk i sitt opphav er eit dialektbasert skriftmål etablert på nasjonal grunn, som eit alternativ til eit bokmål utvikla gjennom fornorsking av eit opphavleg dansk skriftsspråk.

Som eit resultat har det utvikla seg ein nynorsk skrifttradisjon som har vore restriktiv til opptak av danske og lågtyske lånord som er vanlege i bokmål, mest typisk ord som blir danna gjennom avleiing av prefiksa an- og be- og suffiksa -heit og -else, dei såkalla anbeheitelse-orda. På den andre sida har mange lånord av dansk og lågtysk opphav lenge vore brukte i dialektane, og fleire er jamt komne inn i folkeleg talemål, til dels gjennom påverknad frå bokmål. Dette førte etter kvart saka inn i eit sterkare spenningsfelt.

9.2.2.2 To hovudsyn

Likevel har denne spenninga alltid vore der, og det har heile tida vore to hovudsyn på ordtilfanget i nynorsk.

Det eine standpunktet har vore at nynorsk skriftmål skal greia seg mest mogleg med heimlege, nedervde ord, det andre at lånord som er vanlege i talemålet, kan takast opp i skriftmålet utan mykje omsyn til korleis dei er laga, eller kva opphav dei har. Det første synet legg altså vekt på det nasjonale grunnlaget for nynorsken; det andre legg større vekt på talemålsgrunnlaget.

Det første standpunktet, det meir puristiske, avspeglar ei frykt for at lånorda i stor grad skal skuva tradisjonsorda ut av bruk, at mange lånord til dels høver dårleg i nynorsk språkbygnad, og at nynorsk kan bli så likt bokmål at det taper noko av identiteten og dermed livsretten sin som eige skriftsspråk.

Det andre standpunktet byggjer på ein motvilje mot å forby ord som er vanlege i folkeleg talemål, ei tru på at ein meir liberal lånordpraksis gjer det lettare for breiare grupper å skriva nynorsk, og at språket blir rikare og meir nyansert når både lånord og tradisjonsord kan brukast, alt ettersom det høver.

9.2.2.3 Arbeidet med retningslinjer for nynorsk ordtilfang

I 1981 sette Norsk språkråd ned ei nemnd til å gjera ei samla vurdering av ordtilfanget i nynorsk.

I tilrådinga si frå 1983 streka nemnda under verdien av den nynorske skrifttradisjonen, og at det også for framtida var avgjerande viktig å byggja ut kjensla for lett, naturleg og heimleg ordlegging. Fleirtalet meinte likevel at nynorsk burde halda fram med å utvida normene for skriftleg ordval og ordbruk for å koma talemålet i møte. I tråd med dette vart det trekt opp retningslinjer for og fremja konkrete tilrådingar om opptak av ord frå ulike ordgrupper.

Eit framlegg om at denne fleirtalstilrådinga skulle bli retningsgjevande, vart avvist av Norsk språkråd med dobbeltrøysta til leiaren på årsmøtet i 1984. I staden vart det vedteke at det vidare arbeidet med ordtilfanget også skulle ta omsyn til ein meir restriktiv dissens frå eit mindretal i nemnda og andre fråsegner som var komne inn i samband med behandlinga av saka.

Likevel vart det teke opp ein god del tidlegare utestengde ord det nærmaste tiåret etterpå, i alt om lag 175 ord fram til 1995.

Nye initiativ og ny debatt på 1990-talet enda så med at det på årsmøtet i 1999 vart vedteke klarare og fastare retningslinjer enn før.

Utgangspunktet her var at ord som har stor utbreiing i norske dialektar, ikkje bør haldast ute frå nynorske ordlister og ordbøker. Men dette vart moderert og presisert gjennom nokre andre allmenne reglar og fleire spesielle retningslinjer for særlege ordgrupper, mellom anna for lånord med endinga -heit og -else.

9.2.2.4 Inntak av mykje nytt ordtilfang i 2000

På grunnlag av retningslinjene frå året før gav så sekretariatet i Norsk språkråd i 2000 gjennom godkjenning av to nye ordlister grønt lys for om lag 290 nye ord, av desse særleg mange med endinga -heit.

Dette store inntaket av ord som braut med typisk nynorsk ordtilfang, gjekk ikkje upåakta hen, og landsmøtet i Noregs Mållag uttalte seg kritisk til den måten Norsk språkråd hadde tolka retningslinjene frå 1999 på. Landsmøtet kravde at godkjenninga vart trekt tilbake, og at orda vart vurderte på nytt.

Voss mållag følgde opp gjennom brevveksling med Norsk språkråd, som avviste å ta saka opp til ny vurdering, men opna for å vurdera dei vedtekne retningslinjene i lys av røynslene som vart gjorde, og dei motsynspunkta som var komne. 13

I brev til Kultur- og kyrkjedepartementet av 24. april 2002 gav Voss mållag uttrykk for at det vedtekne ordinntaket braut så mykje med nynorsk språk- og stilkjensle at det burde krevjast godkjenning av departementet, på same måte som gjennomgripande rettskrivingsvedtak, etter dei då­verande vedtektene for Norsk språkråd.

Departementet konkluderte i svarbrev av 3. oktober 2002 med at den aktuelle saka ikkje kunne tolkast inn under det vedtektsfesta godkjenningskravet, og at departementet dermed ikkje hadde grunnlag for å gripa inn i ettertid.

Men departementet la til at dette omfattande inntaket av danske og tyske importord kunne synast såpass gjennomgripande at mykje kunne tala for ein tilsvarande behandlingsmåte som for større normeringssaker. Departementet viste så til at den varsla omlegginga av Norsk språkråd ville føra til endringar i det framtidige avgjerdssystemet for normeringsspørsmål, og at det i samband med dette var naturleg å sjå nærare på dei spørsmåla som melder seg når det gjeld regulering av ordtilfanget i nynorsk.

Departementet vil følgja opp dette i samband med utforming av eit nytt regime for nynormering og normvedlikehald, jf. kap. 8.4.3 ovanfor.

9.2.2.5 Nynorsk mellom tilpassing og identitetsmarkering

På den eine sida vekte altså dei mange godkjende orda frå 2000 motreaksjonar hos mange, mellom anna i den organiserte målrørsla. På den andre sida kjem det frå tid til anna krav om at nynorsk treng ei grundigare modernisering.

For ei stund sidan vekte det ei viss merksemd at nynorskelevar ved ein vidaregåande skule på Vestlandet i ei undersøking oftast kryssa av for bokmålsordet eller bokmålsforma som meir naturleg for dei å bruka enn tilsvarande nynorskord eller nynorskform. Departementet legg til grunn at dette først og fremst er ein refleks av den sterke bokmålsdominansen i samfunnet i det heile, og at også nynorskelever er mykje meir vane med å høyra og lesa bokmål enn nynorsk.

Av same grunn er det heller ikkje til å undrast over at enkelte skrivande folk med nynorskbakgrunn synest dagens nynorsk kjennest gammaldags og lite funksjonell, og gjerne vil at det skal vera meir fritt fram for ord og uttrykk frå bokmål som dei også bruker i sitt eige talemål.

Alle individuelle språkval må respekterast, og synspunkt av dette slaget kan difor ikkje underkjennast. Samstundes kan det ikkje stikkast under stol at dei også er uttrykk for dei språklege makttilhøva i samfunnet.

Det er heller ikkje i andre land uvanleg at det dominerande språket blir oppfatta som naturleg og moderne, medan eit språk som er mindre brukt, ofte kan kjennest gammaldags og mindre funksjonelt, også blant mange av dei eigne primærbrukarane. Difor er det også meir krevjande å bruka eit slikt språk enn det språket eller den språkforma som dominerer.

Departementet legg til grunn at slike dominans­forhold gjer at det alltid vil vera eit press for å endra nynorsk i retning av bokmål, ikkje berre når det gjeld ordtilfang, men også i rettskriving og formverk. Det eine kan også lett dra det andre etter seg. Det blir alltid ei avveging tufta på skjønn kor langt ein til kvar tid skal gå i det eine og det andre spørsmålet.

Det er naturleg at det er ulike syn på dette. Ulike haldningar til slike spørsmål vil dels vera ein funksjon av kva ein trur om verknaden for tilslutninga til nynorsken, dels av korleis ein ønskjer at den nynorske språkforma helst bør sjå ut.

Departementet legg til grunn at nynorsk i prinsippet må utformast først og fremst på eine eigne premissar, som ei sjølvstendig språkform, og ikkje som ein funksjon av utviklinga i bokmål. Det er også i samsvar med det prinsipielle synet på tilhøvet mellom bokmål og nynorsk som vart lagt til grunn då den såkalla tilnærmingslinja vart endeleg avskriven som offisiell språkpolitikk gjennom oppheving av ei føresegn i lov om Norsk språkråd i 2002.

9.2.2.6 Premissar for godkjenning av ordtilfang i nynorske ordlister

Det kan elles vera grunn til å minna om at det aller meste av ordtilfanget i nynorsk og bokmål er felles, jamvel om skrivemåte og bøying kan vera ulik, og at det allereie har skjedd ei omfattande modernisering av det nynorske ordtilfanget opp gjennom åra. Det til dels nye og moderniserte ordtilfanget lever side ved side med det meir tradisjonelle tilfanget.

Alt i alt representerer dette eit så rikt og variert register av ord og uttrykk at det ikkje er rimeleg å hevda at nynorsk i dag ikkje kan brukast til å uttrykkja og formidla kva det skal vera i eit naturleg og forståeleg språk. Her er det nok ikkje språket det kjem an på, men den evna språkbrukarane har til å formulera alt det språket kan utnyttast til å uttrykkja.

Departementet legg elles til grunn at når Språkrådet godkjenner ord som kan takast med i nynorske ordlister, inneber ikkje det ei blankofullmakt i retning av ukritisk bruk. Alle ord som står i ordlista, er ikkje nødvendigvis like gode eller høvelege i alle samanhengar, og kan heller ikkje alltid brukast i alle dei same tydingane som i bokmål. På den andre sida set heller ikkje ordlistene faste grenser for kva ord som kan nyttast i nynorsk; dei representerer såleis ingen fasit, verken i den eine eller andre retninga.

Det er i rundskriv streka under at ein særleg i grunnskulen bør vera varsam med å gje feil i elevarbeid for ord som høyrer med til det daglege bruksmålet til elevane, og at det heller ikkje på høgare klassesteg må vurderast som negativt om elevane nyttar enkeltord som ikkje er med i ordlistene. Dette gjeld særleg ord som i bygnad og bruk ikkje bryt med det som særmerkjer god nynorsk språkføring, den verbale seiemåten og den munnlege uttrykkforma. 14 Det motsette av dette – og såleis dårleg nynorsk – er substantivsjuke, abstrakte genitivskonstruksjonar og for mykje passiv uttrykksmåte.

Eit problem med ukritisk bruk av tilgjengeleg ordtilfang, særleg med mange av dei orda som ein har vore spesielt på vakt mot i nynorsk, er nettopp at dei ofte inviterer til slik tung, snirklet eller klisjébunden uttrykksmåte. Det gjeld særleg ord som er danna gjennom avleiing med prefiks som an-, be-, bi-, er- og for- og suffiks som -heit, -else, -aktig, -bar og -messig. Difor må ordval i nynorsk som regel sjåast i nær samanheng med ordleggingsmåten. For det er uttrykksmåte og setningsbygning, meir enn ordtilfanget i seg sjølv, som avgjer kva som er godt nynorsk språk. Viktigare enn orda er det korleis orda blir samanbundne til språkrette setningar.

Granskingar og ordskifte om ordtilfanget i nynorsk isolert sett vil difor lett føra på avvegar og avspora debatten om korleis nynorsk skal skrivast, og kva det bør leggjast vekt på i all opplæring og undervisning i nynorsk, både i og utanfor skulen. Det same kan seiast også om visse delar av normeringsdiskusjonen, dvs. om kva for stave- og bøyingsformer av orda ein helst bør velja i nynorsk.

Å leggja større vekt på ordlegging og uttrykksmåte i all nynorskopplæring vil også kasta av seg på den måten at det kan smitta over på måten ein uttrykkjer seg på når ein skriv bokmål. Det er såleis liten tvil om at tradisjonelt nynorsk ordtilfang og typisk nynorsk ordlegging også har påverka bokmålet i gunstig retning. Såleis er det mange gamle lånord som opp gjennom åra er gått ut av bruk og er avløyste av heimlege ord også i bokmål. Bokmål er under påverknad av nynorsk vorte mind­re prega av gammal og tung kansellistil og er i dag kjenneteikna av meir munnleg stil og verbal seiemåte enn i tidlegare tider.

Boks 9.1

Målet med norskopplæringa må mellom anna vere å øve eleven i å arbeide med målet sitt og ikkje kritikklaust slå seg til ro med det som først fell i pennen av ord og klisjear, men kjenne glede over å leite etter – og finne fram til – eit meir råkande og meir innhaldsrikt, eit betre ord. Då vil ein òg bli meir klar over den uttrykksevna vi har i vårt eige mål, og då kan norske ord betre hevde seg i tevlinga med lånord og framandord.

Frå Alf Helleviks Nynorsk ordliste.

9.2.2.7 Oppsummerande vurdering

Departementet er redd for at mykje diskusjon om nynorsk rettskriving og ordtilfang opp gjennom åra kan ha ført til at det i mange samanhengar skjer ei for mekanisk formalopplæring i nynorsk, utan at det blir gjeve nok akt på grunnleggjande krav til god nynorsk ordlegging og seiemåte. Dette er eit spørsmål som det kan vera grunn til å sjå nærare på som ledd i det vidare arbeidet med å skaffa fram meir kunnskap om nynorskopplæringa i skulen.

I språkopplæringsmeldinga frå Kunnskaps­departementet er det vist til at det er behov for sterkare forskingsinnsats med sikte på å få fram meir kunnskap om nynorskopplæringa. 15 Det er også nemnt at Nynorsksenteret har sett i gang mange tiltak for å styrkja nynorskopplæringa, men at mykje framleis er ugjort. Kunnskapsdepartementet slår fast at det difor er viktig med intensivert innsats og eit breitt engasjement for å gjera ny­norskopplæringa betre.

Nynorsksenteret vart etablert frå 1. januar 2005 og skal vera eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret skal mellom anna utvikla metodar og arbeidsmåtar som kan vera med på å skapa språkkompetanse og motivera for arbeid med nynorsk. Gode røynsler skal systematiserast, prøvast ut og spreiast vidare til skuleverket.

Kunnskapsdepartementet har i språkopplæringsmeldinga varsla at departementet vil styrkja nynorsk i opplæringa gjennom ein tiltaksplan knytt til Nynorsksenteret. Kultur- og kyrkjedepartementet vil bidra med innspel til Kunnskapsdepartementet i arbeidet med denne tiltaksplanen.

At det er ulike vurderingar og til dels intern strid om spørsmål som gjeld ordtilfang og normsystem, er elles like mykje som noko anna eit uttrykk for livskraft og livvilje innanfor nynorskverda. Departementet vil difor åtvara mot å bruka slik usemje som eit argument mot nynorsken. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at dei vedtaka som er gjorde oppigjennom, både når det gjeld normering og ordtilfang, representerer etter måten fornuftige kompromiss i vanskelege spørsmål.

9.3 Politikk for nynorsk

9.3.1 Det politiske grunnlaget

9.3.1.1 Soria Moria-erklæringa og Kulturløftet

I den politiske plattforma si har regjeringa peikt på det verdifulle mangfaldet som ligg i det å ha to norske skriftkulturar. Det er vist til at nynorsk og bokmål er formelt likestilte, men at nynorsk likevel reelt sett har vanskelegare vilkår. Konklusjonen er at det difor er særleg viktig å sikra grunnlaget for ei god utvikling for nynorsken.

Også i Kulturløftet, som dei tre noverande regjeringspartia vart samde om vinteren 2004, er det vist til at norsk språk er under konstant press, at nynorsk er særleg pressa, at det er viktig å sikra skuleelevar god opplæring i begge målformer, og at sidemålsundervisninga må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast. I Kulturløftet vart det også foreslått å oppretta eit fond, Vinjefondet, som skal ha som formål å styrkja nynorsk journalistikk.

9.3.1.2 Stortingsbehandlinga av den siste kulturmeldinga

Det er nemnt under kap. 9.1.1.6 ovanfor at det også i kulturmeldinga frå Bondevik II- regjeringa vart varsla aktiv støtte til nynorsk skriftkultur.

Det heitte om dette:

«Gjennom ei breitt spekter av tiltak skal det leggjast til rette for å styrkja nynorsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt, og dette vil òg omfatta tiltak som i visse samanhengar prinsipielt favoriserer nynorsk.»

Det heitte også:

«I 2013 er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og det tiåret som står att fram til dette jubileet, kan vera eit høveleg tidsperspektiv for eit meir systematisk arbeid med å styrkja den nynorske skriftkulturen. Eit slik arbeid må skje over eit breitt felt, gjennom eit samspel mellom private og offentlege aktørar.»

I innstillinga frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen våren 2004 uttrykte fleirtalet, alle unnatekne medlemmene frå Framstegspartiet, at dei var samde i at det er nødvendig med aktiv støtte til nynorsk skriftkultur, og fleirtalet støtta også departementet si grunngjeving for dette.

Tiltak som var nemnde i meldinga, var mellom anna ein offensiv for nynorsk målbruk i staten, arbeid for språkleg jamstilling innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologi, ein allmenn elektronisk kunnskapsbase på nynorsk og betre sidemålsundervisning i skulen.

Medlemmene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet gav uttrykk for full støtte til den offensive handlingsstrategien kulturmeldinga la opp til, men etterlyste samstundes ei utdjuping av kva tiltak som burde prioriterast, og streka under behovet for at dette vart følgt opp i seinare statsbudsjett.

I 2013 er det ikkje berre 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Det er også 100 år sidan Det Norske Teatret vart skipa. Frå budsjettinnstillinga for 2007 har departementet merka seg følgjande fråsegn frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen:

«Flertallet vil understreke språkets betydning for kultur og identitet og vil påpeke at man frem mot 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013 har et særskilt ansvar for å styrke arbeidet med nynorsk språk, litteratur og kultur. Nynorsk kultursentrum er sentralt i dette arbeidet.»

Departementet vil arbeida vidare med dette.

9.3.2 Tiltaksområde

9.3.2.1 Prinsipielt utgangspunkt

I dei politiske premissane ovanfor ligg det ei erkjenning av at tiltak som i nokon mon kan jamna ut dei ulike konkurransevilkåra mellom målformene, er nødvendige for å sikra ei god utvikling også for nynorsk som den minst brukte målforma.

Dette inneber mellom anna økonomisk støtte til institusjonar, organisasjonar og ordningar som har som ein uttrykt del av formålet sitt å byggja opp under nynorsk språk og kultur.

Det er likevel eit faktum at det aller meste av det som blir løyvt av midlar til dømes over det statlege kulturbudsjettet, går til tiltak som i hovudsak syner seg fram i språkleg bokmåls- eller riksmålsdrakt, jamvel om dette ikkje er ein uttrykt del av formålet med verksemda.

Økonomisk støtte til ein del særlege nynorsktiltak vil difor ikkje vera nok til å hindra ei utvikling der den minst brukte målforma kan koma til å bli meir og meir marginalisert.

Vel så viktig er det difor at det i den offentlege språkpolitikken blir bygd inn som eit prinsipp at nynorsk i utgangspunktet høyrer med der norsk språk blir tematisert eller brukt. Det betyr at det for alle offentlege tiltak og all politikkutforming med eit språkleg aspekt skal vurderast eksplisitt korleis dette kan utformast slik at ein også tek omsyn til nynorsk og dei behov som også nynorskbrukarane har.

Prinsippet må forankrast som ein del av ein sektorovergripande språkpolitikk slik at ikkje vurderinga av nynorskperspektivet blir oversett og ute­gløymt. Eit slik prinsipp inneber at det normale vil vera at nynorsk alltid blir rekna med, og at det må grunngjevast særskilt når den nynorske sida av saka ikkje er relevant.

Departementet har innarbeidt dette prinsippet som ein del av dei språkpolitiske måla som Stortinget gjennom denne meldinga blir invitert til å slutta seg til, jf. nærare om dette i kap. 3.

9.3.2.2 Haldningsskapande arbeid

Som tilhøyrande eit mindre brukt språk er det ikkje unaturleg at ein del nynorskbrukarar kan ha svakare kulturell og språkleg sjølvtillit og sjølvkjensle.

Det er indikasjonar på at det særleg blant unge nynorskbrukarar finst mange som er meir eller mindre negative til sitt eige språk. Ein må rekna med at dette er eit sjølvbilete som langt på veg blir forma av andre.

Eit bidrag til å byggja opp under den språklege sjølvkjensla hos nynorskbrukarane er å sikra at dei i større grad enn i dag får oppfylt dei språklege rettane sine. Det kan til dømes vera ein fare for at skuleelevar som stadig opplever at nynorske utgåver av lærebøker ikkje ligg føre på same tid som bokmålsutgåvene, trass i klare reglar om det motsette, lett får forsterka eit inntrykk av at deira språk er mindre verdt og mindre viktig.

Det som kanskje har mest å seia for den språk­lege sjølvkjensla hos dei som bruker nynorsk, er truleg den allmenne haldninga som språket deira blir møtt med av storsamfunnet. Ein viktig del av ein heilskapleg språkpolitikk i åra framover må difor vera å stimulera heile det bokmålstilhøyrande fleirtalet til å utvikla større forståing for den språkdelte norske kulturen.

Det må difor leggjast vekt på å utforma politikken og tiltaka slik at det kan byggjast opp eit meir positivt omdømme for nynorsk språk og kultur – som ein innebygd del av den norske fellesskulturen. Det må leggjast til grunn at dette er eit nasjonalt fellesprosjekt, og at vi har eit ansvar for å motverka negative haldningar til nynorsk og ubevisst neglisjering av nynorskbrukarane sine rettkomne interesser.

Departementet vil på ulike måtar medverka til å fremja dei positive verdiane ved den språkdelte norske kulturen og motverka negative haldningar til nynorsk.

I tillegg til dette vil departementet innanfor kulturpolitikken leggja særleg vekt på nynorsktiltak som spesielt rettar seg mot barn og unge, og søkja å styrkja desse i ulike samanhengar.

Departementet vil også leggja stor vekt på å gje eksisterande tiltak og ordningar ein profil som kan vera med på å styrkja den språklege identiteten hos barn og unge med nynorskbakgrunn, og for reint allment å gjera nynorsk språk og kultur meir synleg for barn og unge frå heile landet.

I denne samanhengen er ikkje minst Den kulturelle skulesekken eit aktuelt utgangspunkt for sterkare profilering av nynorsk språk og kultur blant barn og unge, jf. nærare omtale i kap. 3.1.9 og i St.meld. nr. 8 (2007–2008) kap. 4.9.

9.3.2.3 Større språkleg variasjon i kultur- og medieverda

I delar av den norske populærkulturen er det eit etter måten sterkt innslag både av dialektar og av nynorsk. Men innanfor store delar av kulturlivet elles er det ønskjeleg at den nynorske målforma, og gjerne også dialektar, blir meir synleg enn det som er tilfellet i dag.

Truleg har det hatt mykje å seia for nynorsken at populærmusikken og populærkulturen tidleg fekk ei forankring ved Det Norske Teatret, og at dette teateret vart ein heim for artistar og skodespelarar som har stått sentralt i det nasjonale kulturbiletet. Det Norske Teatret har også gripe fatt i dei internasjonale underhaldningstrendane, ikkje minst ved å syna fram eigne oppsetningar av mange av dei store amerikanske musikalane i nynorsk språkdrakt.

Mange skodespelarar ved Det Norske Teatret var også med i pionertida for norsk film. Dei siste tjue åra er det dessutan vakse fram fleire filmmiljø i ulike område av landet, noko som har stimulert bruken av ulike dialektar i norsk film.

På den andre sida er det i det seinare sett søkjelys på det problemet at nesten ingen utanlandske filmar for kino- eller dvd-marknaden blir teksta på nynorsk. All den tid film er eit svært populært medium blant unge, kan slik teksting gjera ungdom med nynorskbakgrunn tryggare på sitt eige språk, og gjera nynorsk meir synleg blant store grupper av bokmålsbrukande unge. Teksting av film er eit døme på ei mogleg domeneerobring for nynorsk.

I nær framtid vil kinofilmen bli digitalisert. Dette vil gjera det enkelt å teksta alle filmar på både bokmål og nynorsk. Den enkelte kinosjef kan då velja den målforma som høver best i sin kommune. Det vil kosta noko ekstra for distributørane å laga nynorsk tekst. Her er det naturleg at kinoorganisasjonen FILM&KINO og filmdistributørane samarbeider om tenlege løysingar.

Departementet vil elles gjera ein eigen gjennomgang av heile kultur- og mediesektoren for å vurdera kva som på ulike felt kan gjerast for å stimulera til at nynorsk målbruk skal bli meir synleg i det samla norskspråklege kultur- og medietilbodet i landet.

Når det spesielt gjeld medietilbodet, vil departementet ta opp det framlegget som vart lansert av dei noverande regjeringspartia i Kulturløftet frå 2004 om å etablera eit fond, kalla Vinjefondet – som kan forvaltast og brukast uavhengig av dei prioriteringane som blir gjorde i dei årlege statsbudsjetta. I tråd med føresetnadene skal eit slikt fond ha som hovudformål i styrkja nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk.

Fondet må mellom anna innrettast slik at det kan bidra til mykje større rekruttering av nynorskbrukande journalistar. For dette formålet er også Nynorsk mediesenter i Førde eit særs viktig tiltak.

Departementet vil elles leggja vekt på den funksjonen som ordninga med statleg pressestøtte har ikkje berre som eit mediepolitisk, men også som språkpolitisk verkemiddel. Alle dei små nynorsk­avisene som nyt godt av pressestøtte, gjer at dette kanskje er den viktigaste enkeltståande støtteordninga for nynorsk skriftkultur i det heile, jamvel om dette i utgangspunktet ikkje er ein del av grunngjevinga for ordninga. Dette språkpolitiske perspektivet må i høg grad takast med i vurderinga ved framtidige vurderingar av pressestøtteordninga.

Innanfor ramma av dei midlane som til kvar tid står til rådvelde over det statlege kulturbudsjettet, vil departementet leggja vekt på å gje dei nynorske institusjonane gode rammevilkår. Departementet vil her visa til at det på budsjettet for 2008 vart lagt inn ein auke på i alt 6 mill. kroner til nynorsktiltak. Dei som vart prioriterte i den omgangen, var Det Norske Teatret, Innkjøpsordninga for nynorsk litteratur, Nynorsk kultursentrum/Dei nynorske festspela, Noregs Mållag og prosjektet Norsk Ordbok 2014.

9.3.2.4 Meir nynorsk på Internett

Etter kvart som dataskjermen blir eit stadig viktigare tekstmedium, blir det også særleg om å gjera at den nynorske målforma blir godt representert på Internett. I dag er det om lag 5 prosent av norskspråklege dokument på Internett som er på nynorsk. Særleg vil det ha mykje å seia å få meir kvalitetssikra nynorskspråkleg innhald på nettet.

Det er rekna med at om lag 1,5 mill. nordmenn har særleg bruk for digitalt stoff på nynorsk, anten i utdanning, arbeid eller på fritida. Om lag halvparten av desse er elevar og studentar som anten har nynorsk som hovudmål, eller som treng stoff på sidemålet sitt. Internett blir ein jamt viktigare del av skulekvardagen, og bruk av digitale verktøy er fastsett som ein av fem grunnleggjande dugleikar i skulen, på linje med lesing og skriving.

Når bokmålsstoffet dominerer så sterkt som det gjer på nettet, stiller nynorskelevane med eit handikapp også her. Det er difor særs om å gjera at det blir utvikla mykje meir allmenn, publikumstilpassa og tilgjengeleg informasjon på nynorsk på Internett.

På statsbudsjettet for 2006 vart det sett av 1,5 mill. kroner til det som vart omtalt som eit nynorsk digitalt leksikon. Midlane vart utbetalte til Det Norske Samlaget og øyremerkte til produksjon av nye artiklar om nynorsk kulturhistorie på Internett. Denne løyvinga har seinare vorte vidareført og utgjer frå og med 2008 eit element i det årvisse tilskotet til Det Norske Samlaget.

Departementet legg til grunn at Det Norske Samlaget, eventuelt i samarbeid med andre aktørar, arbeider vidare med å produsera og leggja ut nynorsk kvalitetsinnhald på Internett. Departementet vil også vurdera å gje Det Norske Samlaget økonomisk grunnlag for å utvida denne aktiviteten.

I St.meld. nr. 7 (2005–2006) har departementet gjort greie for situasjonen og dei føresetnadene som gjeld for bruk av nynorsk i alt det stoffet som statlege organ legg ut på heimesidene sine på Internett.

Dette temaet vart teke opp særskilt i eit rundskriv av 17. mars 2006 der vi bad alle sentrale statsorgan gå gjennom måljamstillingsarbeidet sitt. Her bad departementet om at dei i første omgang prioriterte å koma opp i minst 25 prosent nynorsk i det informasjonstilfanget som blir lagt ut på Internett. Det er i stortingsmeldinga vist til at nettstaden eller heimesida på mange måtar er det andletet som institusjonen viser fram for omverda, og at det difor er særleg viktig at den nynorske målforma er godt synleg i dette mediet.

Departementet konstaterer at det framleis manglar mykje på at nynorsk blir nytta i det omfanget og på den måten som følgjer av reglane i lova om målbruk i offentleg teneste. Det er difor nødvendig å intensivera innsatsen på dette området.

9.4 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1 Regjeringa legg opp til at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når spørsmål som vedkjem norsk språk, blir tematisert.

  • 2 Departementet vil fremja dei positive verdiane ved den språkdelte norske kulturen og motverka negative haldningar til nynorsk.

  • 3 Departementet vil identifisera og gjennomføra tiltak som kan vera med og synleggjera og fremja nynorsk språk og kultur.

  • 4 Departementet vil profilera nynorsk språk og kultur blant barn og unge, og vil byggja inn ein særskild nynorskprofil innanfor generelle tiltak og ordningar retta mot barn og unge, ikkje minst innanfor Den kulturelle skulesekken.

  • 5 Departementet vil i dei årlege statsbudsjetta leggja vinn på å gje dei særskilde nynorskinstitusjonane gode rammevilkår.

  • 6 I tråd med lovnaden frå Kulturløftet vil departementet oppretta eit eige fond, Vinjefondet, med hovudformål å styrkja nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd.

  • 7 Departementet vil sikra det økonomiske grunnlaget for produksjon og publisering av nynorsk kvalitetsinnhald på Internett.

  • 8 Departementet ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på ­redaksjonell plass.

  • 9 Departementet vil intensivera innsatsen for at statsorgan oppfyller kvotekravet om minst 25 prosent nynorsk, også i alle statlege heime­sider på Internett.

  • 10 Alle organ som kjem inn under mållova, skal halda seg med ein oppdatert språkleg kompetanseplan som sikrar fullgod nynorskkompetanse, og som også kan gje opning for å frita enkeltmedarbeidarar med minoritetsbakgrunn frå plikta til å nytta begge målformer.

  • 11 Departementet vil i samråd med Språkrådet ­bidra til tiltaksplanen for nynorsk i opplæringa som er varsla i språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet.

  • 12 Departementet vil gje Språkrådet klarsignal til å setja i gang arbeidet med å førebu ein revisjon av rettskrivingssystemet i nynorsk.

  • 13 Departementet vil vurdera korleis spørsmål som gjeld ordtilfanget i nynorsk, bør handterast innanfor ramma av eit nytt behandlings- og vedtakssystem for nynormering og normved­likehald.

  • 14 Departementet vil i samråd med Kommunal- og regionaldepartementet kartleggja nynorsk­bruken i kommunesektoren.

Fotnotar

1.

Utdanningsdirektoratet/Språkrådet – 2007: Utkast til nasjonal strategiplan for nynorsk i opplæringa, s. 34.

2.

Røystereglane har vore endra i perioden. Sjå Grepstad: Makt og språk s. …

3.

Grepstad: Makt, språk og demokrati s. 12.

4.

Johnsen, Egil Børre (red.) 2002: 82.

5.

Grepstad, Ottar 2005b: tabell 8.4.

6.

Grepstad, Ottar 2006b: 202.

7.

Johnsen, Egil Børre (red.) 2002: 82-83.

8.

Grepstad, Ottar 2006b: 255.

9.

Grepstad, Ottar 2006b: 257.

10.

Grepstad, Ottar 2006b: 257

11.

Grepstad, Ottar 2005b: 430 og tabell 11.3.

12.

Kristoffersen, Gjert et al. 2005: 107

13.

Brev av 16. mars 2001 frå Norsk språkråd til Voss mållag, jf. sak 2001/00369.

14.

Rundskriv F-123/84 av 22.10. 1984.

15.

St.meld. nr. 23 (2007–2008) kap. 4.2.1.

Til toppen
Til forsida av dokumentet