St.meld. nr. 63 (1996-97)

Om svar på private forslag fra Stortinget og Odelstinget til Regjeringen 1. juli 1996 - 30. juni 1997

Til innholdsfortegnelse

0

Under henvisning til Stortingets forretningsorden, § 12 pkt 8 g, legges med dette fram svar på 6 private forslag behandlet av Stortinget og Odelstinget og oversendt Regjeringen «til utredning og uttalelse» i perioden fra 1. juli 1996 til 30. juni 1997. Svarene er innhentet fra de respektive departementer.

1. Forslag fra representantene Hallgrim Berg, Anders C. Sjaastad og Kristin Krohn Devold behandlet i Stortinget 11. februar 1997. Dok 8:13 (1996-97) og Innst S nr 101:

«Stortinget ber Regjeringen om tiltak for å bekjempa kriminalitet i delar av MC-miljøet.»

Justis- og politidepartementet uttaler i brev datert 4. august 1997:

«1 Generelle synspunkt:

Regjeringa er samd i at kriminaliteten i tilknytning til einskilde MC-miljø, er sterkt urovekkjande. Arbeidet med å få bukt med denne kriminaliteten går føre seg på mange plan og er høgt prioritert. Justis- og politidepartementet har tatt initiativ til å framskaffe ein faktarapport om MC-miljøa, og om kva slags praktiske problem politiet står overfor i kampen mot kriminaliteten i desse miljøa. Arbeid med å gjennomgå aktuelt regelverk er sett i gong, med sikte på å kartlegge om dette er tilstrekkeleg, når det gjeld trusselen einskilde deler av MC-miljøet representerer for samfunnet. Justis- og politidepartementet og politiet i Noreg deltar for øvrig i eit nært og omfattande samarbeid med dei andre nordiske landa i kampen mot MC-kriminaliteten.

Tradisjonelt politiarbeid

Det var semje blant dei nordiske justisministrane på deira møte i Bodø i slutten av juni i år om at godt politiarbeid og tett oppfølging av desse miljøa framleis er viktigst i kampen mot slik kriminalitet. Politiet må uroe desse miljøa og slå ned på alle brot på lovverket.

Regjeringa har merka seg justiskomiteens synspunkt om at regelverket må utformast generelt, og at eventuelle lovendringar må rettast mot dei aktuelle typane lovbrot, og ikkje mot lovbrytarar som kan knyttast til spesielle grupper eller miljø.

Når det gjeld eventuelle lovgjevningstiltak mot MC-kriminaliteten, må desse i utgangspunktet sjåast i samanhang med, - og om mogleg, - gjerast som ein del av meir generelle lovrevisjonar.

2 Nordisk handlingsplan:

På eit møte mellom dei nordiske justisministrane 25. juni 1997 var det semje om ein nordisk handlingsplan mot MC-kriminalitet. Samarbeidet som pågår mellom dei nordiske landa, skal halde fram og styrkast. Samarbeidet har fire hovudpunkt:

a Politisamarbeid

MC-kriminaliteten er eit felles nordisk problem som skal møtast med tett og nært politisamarbeid. Gjensidig bistand, samarbeid og felles innsats av ressurser skal vidareutviklast. Noreg har tatt ansvaret for, i samarbeid med dei andre nordiske landa, å starte arbeidet med ein gong med å utarbeide ein operativ strategisk plan for politiets innsats. Etter ein slik plan skal ein både følge opp tiltak som alt pågår og vurdere nye tiltak.

B Lovgjevningssamarbeid

Det nordiske lovgjevningssamarbeidet skal styrkast. Eit grunnlag for dette samarbeidet vart lagt i ein rapport frå mai 1997 om dei nordiske landa si lovgjevning som kan ha konsekvensar for MC-kriminalitet. Sjå nærare om dei tiltaka som er spesielt aktuelle i Noreg i dag, i punkt 3 nedanfor.

C Lokale handlingsplanar

I den lokale kampen mot MC-kriminaliteten er det viktig at heile lokalsamfunnet vert mobilisert. Det gjeld så vel kommunale styresmakter, som organisasjonar og einskildpersonar, ikkje minst personar i lovlydige MC-organisasjonar. Sverige har fått oppgåva å utarbeide ein modell for ein konkret, lokal handlingsplan for ei slik mobilisering.

D Globalt samarbeid

Dei nordiske landa skal også arbeide for eit internasjonalt samarbeid. Danmark vil på vegne av dei nordiske landa ta initiativ til etablering av ei internasjonal styringsgruppe for kamp mot MC-kriminalitet.

3 Den danske loven om Oppholdsforbud og forslag til ein norsk lovbestemmelse:

Eit sentralt tema i diskusjonane på nordisk plan har vore om det bør vere høve til å legge ned opphaldsforbod overfor MC-medlemmar for å hindre at dei oppheld seg på stader der dei kan vere til fare for omgjevnadene (til dømes grannar til eit MC-hovudkvarter).

18. juli 1997 fremja regjeringa forslag om eit slikt opphaldsforbod (Ot prp nr 85 (1996-97)). Hovudinnhaldet er at påtalemakta bør få høve til å forby personar som høyrer til valdelege grupperingar, å opphalde seg på bestemte eigedommar, dersom det på grunn av deira opphald der er fare for skade på personar som bur eller oppheld seg i nærleiken av eigedommen. Skaden må skje som følgje av valdsutøving som ein del av eit gjensidig oppgjer mellom grupperingane. Heimelen vil kunne nyttast til å hindre etablering av valdelege MC-klubbar som deltar i bandeoppgjer i tettbygde strok. Ein slik heimel kan derfor bidra til å hindre at folk som ikkje deltar i desse grupperingane, vert uskuldige ofre i MC-krigen i framtida. Men den er ikkje avgrensa til bare å gjelde slike grupper.

På grunn av utviklinga i bandeoppgjera hasta det med å få etablert ei ordning med opphaldsforbod. Sidan Stortinget først trer saman 1 oktober 1997, vart ordninga derfor etablert ved provisorisk anordning i medhald av Grunnloven § 17 den same dagen som proposisjonen vart fremja.

Ein regel om opphaldsforbod aleine vil ikkje stoppe MC-krigen i seg sjølv eller løyse dei andre kriminalitetsproblema som er knytte til einskilde motorsykkelmiljø. Også andre virkemiddel må takast i bruk. Regjeringa har alt fremja eit forslag av betydning i denne samanhengen, nemleg forslaget til ny våpenlov. Dessutan er fleire andre tiltak mot MC-kriminalitet til vurdering, som det her også vert gjort greie for:

4 Forslaget om endringar i våpenloven m v:

I forslaget om endringar i våpenloven, Ot prp nr 74 (1996-97), går regjeringa inn for store innstramingar. Samtidig er det gjort framlegg om at lengstestraffa for brot på våpenloven vert auka frå fengsel inntil 3 månader til fengsel inntil fire år. Våpenlovgjevninga er viktig for kampen mot MC-kriminaliteten. Mykje tyder på at det å ha våpen er svært utbreidt i MC-miljøa. Regjeringa har derfor blant anna hatt MC-kriminaliteten for augo i dei vurderingane som ligg til grunn for lovforslaget.

Det vert elles arbeidd innanfor det nordiske politisamarbeidet med forslag om å opprette eit felles nordisk register over stålne våpen, herunder ballistiske spor frå aktuelle skyteepisodar.

5 Utradisjonelle etterforskingsmetodar:

Spørsmålet om bruk av utradisjonelle etterforskingsmetodar som t d telefonkontroll, romavlytting, hemmeleg husransaking og bruk av anonyme vitne, er utgreidd av Kriminaletterretningsutvalet (Metodeutvalet) på generelt plan. Utvalets utgreiing (NOU 1997: 15) som vart levert 4. mars 1997, er nyleg sendt ut på høyring med høyringsfrist 1. oktober 1997. Regjeringa vil vurdere MC-problematikken i samband med oppfølginga av utgreiinga.

6 Inndragingsreglar:

Vi har i dag inndragingsreglar i straffeloven §§ 34-38. Når det gjeld MC-kriminaliteten, kan ein tenkje seg inndraging av våpen, vinning som er ulovleg, og motorsykler. I inndragingssaker påkviler det påtalemakta å kome med bevis for inndraging. Inndragingsreglane er til vurdering med sikte på revisjon. Det vart avgjeven ei utgreiing om meir effektiv inndraging av vinning i fjor (NOU 1996: 21). I utgreiinga vert det ikkje foreslått spesielle reglar for MC-kriminalitet, men det vert foreslått å snu bevisbyrda med hensyn til samanhangen mellom den straffbare handlinga og vinninga i grove saker generelt. Utgreiinga har vore på høyring med høyringsfrist 10. februar 1997. Regjeringa vil sjå på dei særskilte problema MC-kriminaliteten reiser, når det gjeld den vidare oppfølginga av utgreiinga.

7 Samarbeid med lovlydige MC-miljø:

Ein viktig del av kampen mot dei kriminelle MC-miljøa, er å trekke dei lovlydige MC-folka med i arbeidet. Dei lovlydige miljøa må setje seg imot alle former for infiltrering og forsøk på ny-rekruttering til dei kriminelle miljøa. Dette er i samfunnets interesse, og ikkje minst i dei lovlydige MC-folka si eigen interesse, fordi dei nå står i fare for å verte mistenkeliggjorde. At dei er klar over denne faren, viste dei nordiske MC-unionane gjennom den støtta dei gav til justisministeren i Bodø. Det viste også at dei er innstilte på eit aktivt samarbeid med styresmaktene.»

2. Forslag fra representanten Erling Folkvord behandlet i Stortinget 6. desember 1996, Dok 8:62 (1995-96) og Innst S nr 39:

«Stortinget ber Regjeringen om at staten skal gje oppreisning til tatrane som gruppe og skadebot til tatrar som har vore utsette for etnisk rensing eller andre overgrep utførte av statleg styresmakt eller av nokon som har handla på staten sine vegne, og om at staten skal anerkjenne tatranes sine rettar som etnisk minoritetsgruppe.»

Justis- og politidepartementet uttaler i brev datert 4. august 1997:

«Justis- og politidepartementet viser til at pkt 1 i dok 8-forslaget gjaldt oppreising til tatrar som gruppe og erstatning til tatrar som har vore utsett for etnisk rensing, eller andre overgrep utførte av statlege styresmakter eller av nokon som har handla på staten sine vegne. Dette punktet blei avvist av Stortinget. Det blei likevel tatt sterk avstand frå den urett som er gjort mot tatrane. Det blei også vist til gjeldande skadeserstatningsreglar og til rettferdsvederlag av statskassa.

Som mange er kjend med, er Justis- og politidepartementet sekretariat for Stortinget sitt rettferdsvederlagsutval. Tidlegare justisminister Anne Holt tok i sitt innlegg i Stortingsdebatten 6. desember 1996, på same måte som justiskomiteen og forslagsstillaren, sterk avstand frå den urett som er gjort mot tatrane. Ho slutta seg også til justiskomiteens oppfatning av at erstatning til dei som personleg har vore utsett for urett, bør vurderast innafor det allereie eksisterande systemet, til dømes ved skadeserstatning eller rettferdsvederlag frå staten. Departementet nemner i denne samanhengen at Stortinget ved handsaminga av Innst S nr 75 (1996-97), fann det rimeleg at tatrar skal få rettferdsvederlag for manglande skulegang. Rettferdsvederlag er seinare gitt på dette grunnlag til mange søkjarar.

Justisminister Anne Holt uttalte også at det er viktig at tatrane sin særegne tradisjon og historie blir tatt vare på som ein verdefull del av samfunnet vårt. Når det gjaldt spørsmålet om tatrane skal anerkjennast som etnisk minoritet i Noreg, viste ho til utgreiingane som Kommunal- og arbeidsdepartementet og Utanriksdepartementet gjer i samband med vurderinga av om Noreg skal ratifisere Europarådet sin rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar.

Justis- og politidepartementet meiner det er positivt at det blir sett i verk tiltak som har til føremål å ta vare på tatrane sin kultur og deira rettar som minoritetsgruppe og at det blir forska på dette feltet. Den nærmare utgreiinga av dei spørsmål som er tatt opp i pkt 2 i forslaget, høyrer likevel ikkje inn under dei områder Justis- og politidepartementet har ansvar for. Det same gjeld pkt 3 om spørsmålet om tatrane skal anerkjennast som etnisk minoritet i Noreg.

Justis- og politidepartementet har derfor bedt Kommunal- og arbeidsdepartementet, Utanriksdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Kulturdepartementet om å uttale seg til forslaget.

Til pkt 2 i forslaget i Innst S nr 39:

Sosial- og helsedepartementet opplyser å ha gitt midlar med kr 2 875 000,- til eit delprogram om forsking om tatrar i regi av Norsk forskningsråd frå 1994 til 1997. For 1997 er det gitt kr 850 000,-, der kr 50 000,- er øyremerkja til såkalla brukarmedverking. Sosial- og helsedepartementet ser det som verdefullt at representantar frå gruppa sjølv ønskjer å spele ei sentral rolle i dokumentasjonen av opplevingar, livshistoriar og fotomateriale. Sosial- og helsedepartementet vurderer å gi same støtte til delprogrammet også for 1998.

Kommunal- og helsedepartementet vil setje inntil kr 100.000,- til disposisjon i 1998 til søknadar frå taterorganisasjonar som søkjer om støtte til klart definerte prosjekt. Føremåla til prosjekta må vere å drive haldningsskapande verksemd og motarbeide diskriminering.

Når det gjeld søknader om støtte til særlege kulturtiltak, vil disse bli handsama i Kulturdepartementet eller underordna organ som Norsk kulturråd eller Norsk museumsutvikling. Søknader om slik støtte vil bli vurdert konkret i samanheng med gjeldande budsjett. Vurdering av støtte til større kulturtiltak kan og krevje omfattande utgreiinger.

Til pkt 3 i forslaget i Innst S nr 39:

Som det går fram av Innst S nr 39 (1996-97), er spørsmålet om tatrane skal anerkjennast som etnisk minoritet i Noreg under utgreiing i Kommunal- og arbeidsdepartementet. Arbeidet skjer i samanheng med vurderinga av om Noreg skal ratifisere Europarådet sin rammekonvensjon om nasjonale minoritetar. Denne vurderinga blir gjort i Utanriksdepartementet. Utanriksdepartementet har opplyst at det tar sikte på at Noreg kan ratifisere konvensjonen i løpet av hausten 1997. Utanriksdepartementet går vidare inn for at Noreg ved ratifiseringa ikkje legg ved nokon erklæring om kven som er nasjonale minoritetar, slik at konvensjonen ratifiserast på generelt grunnlag. Utanriksdepartementet vil etter dette i nært samarbeid med Kommunal- og arbeidsdepartementet, gjere greie for dei grupper som er aktuelle adressatar for konvensjonen. Kommunal- og arbeidsdepartementet har uttala at tatrane som gruppe etter deira vurdering kan kallast ein nasjonal minoritet i høve til konvensjonen.»

3. Forslag fra representanten Lisbeth Holand behandlet i Stortinget 18. juni 1997, Dok 8:63 (1996-97) og Innst S nr 256:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lov om fri rettshjelp og en prøveordning med offentlige rettshjepssentre.»

Justis- og politidepartementet uttaler i brev datert 4. august 1997:

«I likhet med justiskomiteen er Justis- og politidepartementet opptatt av rettsikkerheten til de svakeste grupper i samfunnet. En rettshjelpordning vil ikke fungere etter sin intensjon dersom den er statisk, og derfor er innspill vedrørende mulighetene for forbedringer av stor betydning.

Til de konkrete forslag har departementet følgende generelle kommentar.

Forslaget om forsøk med rettshjelpsentra, er etter departementets syn meget interessant. Det har dessuten likhetspunkter med forslag som i 1993 ble framlagt av en arbeidsgruppe for analyse av ordningen med fri rettshjelp. Justis- og politidepartementet ønsker å arbeide videre med disse spørsmål, med sikte på å etablere prøveordningen som foreslått. Det må imidlertid understrekes at også for en slik prøveordning er det nødvendig å finne fram til en forsvarlig finansiering, f eks ved en samordning av statlige og kommunale ressurser. Justis- og politidepartementet vil komme tilbake til saken.»

4. Forslag fra stortingsrepresentanene Jørgen Holte, Marit Tingelstad og Unn Aarrestad behandlet i Stortinget 18. november 1996, Dok 8:89 (1995-96) og Innst S nr 8 (1995-96):

«Stortinget ber Regjeringen om å lovfeste lik forsikringsordning ved ulykker for alle elever i grunn- og videreregående skole.»

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet uttaler i brev datert 11. august 1997:

«I Ot prp nr 36 (1996-97) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), kap 15.4.6, har departementet gjort rede for at en tar sikte på å legge fram en utredning i samsvar med vedtaket så snart som mulig.»

5. Forslag fra stortingsrepresentantene Sigurd Manneråk, Jon Lilletun og Lars Sponheim behandlet i Stortinget 5. juni 1997, Dok 8:58 (1996-97) og Innst S nr 221 (1996-97):

«Stortinget ber Regjeringen om å oppnevne et utvalg med mandat til å vurdere forskningens åpenhet, frihet og uavhengighet.»

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet uttaler i brev datert 27. juli 1997:

«Departementet vil foreta en grundig gjennomgang av aktuelle forskningsetiske spørsmål i den stortingsmeldingen om forskning som skal legges fram i 1998, herunder de problemstillingene som er nevnt i komiteens innstilling, og de offentlige institusjonenes rolle som brukere av forskning. Det vil bli lagt fram konkrete forslag til tiltak på området. Det vil også bli foretatt en nærmere vurdering av behovet for et eget utvalg som skal behandle disse temaene.»

6. Forslag fra representantene Anita Apelthuh Sæle, Arild Hiim, Lisbeth Holand og Jan Simonsen behandlet i Stortinget 18. juni 1997, Dok 8:84 (1996-97) og Innst S nr 278:

«Stortinget ber Regjeringen om utvidet frist for gjenopptakelse av sivile saker i særskilte tilfeller.»

Justis- og politidepartementet uttaler i brev datert 4. august 1997:

«Justis-og politidepartementet tar sikte på at forslaget blir utredet som et ledd i den mer omfattende gjennomgangen av rettergangsreglene for sivile saker som departementet vurderer igangsatt.»

Til forsiden