St.meld. nr. 7 (2003-2004)

Kredittmeldinga 2002

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 2002.

I kapittel 1 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og verdipapirhandelen i 2002, medan kapittel 2 handlar om den finansielle stabiliteten, og gir nyare informasjon om utviklinga på finansmarknaden. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste enkeltsakene som departementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet frå 1. juni 2002 til 1. juni 2003. Kapittel 4 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2002. Kapitlet inneheld òg ein omtale av pengepolitikken. Vidare er det ein omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2002 (kapittel 5) og Statens Banksikringsfond (kapittel 6). Omtalen av verksemda til Noregs Bank er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 28. Banksikringsfondslova blei oppheva med verknad frå 1. april 2003 etter at fondet blei avvikla 19. august 2002. Omtalen i dei nemnde kapitla byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 7 tek opp verksemda til Folketrygdfondet i 2002, og kapittel 8 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF).

Sjølv om meldinga gjeld for år 2002, er omtalen på nokre punkt utvida til også å ta med utviklinga i 2003. Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Folketrygdfondet for år 2002 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga. Noregs Bank sin rapport Beretning om pengepolitikken 2003 – de første åtte månedene og Statens Banksikringsfond sin rapport Sluttberetning og regnskap per 19. august 2002 følgjer òg som utrykte vedlegg til meldinga.

1.2 Utviklinga på finansmarknaden

Bankane oppnådde svakare resultat i 2002 enn i 2001. Svekkinga i resultat kjem dels av lågare inntekter som følgje av utviklinga i aksjemarknaden, men også høgare tap på utlån medverka til nedgangen. Fleire mindre bankar hadde underskot i rekneskapane sine.

Resultata innanfor forsikring var også svake i 2002, i hovudsak som følgje av nedgangen i aksjemarknaden. Reduserte finansinntekter førte til negative resultat både i livs- og skadeforsikring. Bufferkapitalen til livsforsikringsselskapa blei ytterlegare redusert i løpet av året. Både livsforsikringsselskapa og skadeforsikringsselskapa selde ein god del aksjar for å tilpasse risikoeksponeringa til eiga risikoberande evne.

1.2.1 Bankar

Resultata for bankane før skatt blei kraftig redusert i 2002, i hovudsak som følgje av ein sterk auke i tap på utlån. Det samla resultatet før skatt for alle norske bankar (15 forretningsbankar og 129 sparebankar) blei 8,7 milliardar kroner. Dette var 38 prosent svakare enn i 2001.

I omtalen blir det skild mellom tre ulike bankgrupper, dei tre største bankane (Den norske Bank 1 , Nordea Bank Norge og Gjensidige NOR Sparebank), sparebankar ekskl. Gjensidige NOR Sparebank (dei resterande sparebankane) og forretningsbankar ekskl. Den norske Bank og Nordea Bank Norge (dei resterande forretningsbankane). Den viktigaste inntektskjelda for bankane er netto renteinntekter, det vil seie differansen mellom renteinntekter og rentekostnader. Særleg for sparebankar er desse inntektene dominerande. I gruppa av resterande sparebankar utgjer netto renteinntekter 86 prosent av totale driftsinntekter (ekskl. kursgevinstar på verdipapir og valuta). For dei tre største bankane og gruppa av resterande forretningsbankar utgjorde netto renteinntekter høvesvis 75 og 68 prosent av samla driftsinntekter. Samla netto renteinntekter for bankane har vore under press i fleire år gjennom lågare marginar, men låg i 2002 på tilnærma same nivå målt i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital som året før. Andre inntekter (ekskl. kursgevinstar) var monaleg lågare enn i 2001, i hovudsak som følgje av lågare utbytte og andre inntekter frå verdipapir med variabel avkastning. Alle tre grupper av bankar hadde ein markert nedgang i desse inntektene. For dei resterande sparebankane var det i særleg grad underskotet i SpareBank 1 gruppa som førte til svake resultat for eigarbankane. Den svake utviklinga i aksjemarknadene førte i tillegg til direkte kurstap på 1 milliard kroner for bankane samla sett. Driftskostnadene til bankane var nær uendra frå året før, noko som gav ein klar reduksjon målt i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital, frå 1,85 til 1,77 prosent. Som følgje av nedgangen i bankane sine inntekter steig likevel kostnads-/inntektsforholdet frå 61,4 til 63,2 prosent. Lågast låg gruppa av resterande sparebankar, med 58,4 prosent. For dei tre største bankane var prosenten 65,1, og for gruppa av resterande forretningsbankar 69,2 prosent.

Bankane hadde store tap på utlån i fjerde kvartal 2002, mellom anna som følgje av at fleire bankar hadde tap i samband med Finance Credit-saka. Samla tap for bankane blei dobla frå 3,7 milliardar kroner i 2001 til 7,4 milliardar kroner i 2002. Tapa utgjorde 0,66 prosent av brutto utlån til kundar, mot 0,35 prosent året før, og alle grupper hadde markert auke i tapa. Tapa var høgast i gruppa av resterande forretningsbankar med 1,44 prosent av utlån. Dei tre største bankane (inkludert Nordlandsbanken) hadde tap på 0,62 prosent av utlån, medan sparebankane hadde tap på 0,53 prosent.

Tabell 1.1 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital

  3 største1Resterande forr.b.Resterande spareb.
  200220012002200120022001
Netto rente2,002,011,781,792,712,75
Andre inntekter0,871,130,841,200,280,54
av dette netto kursgevinstar0,220,27-0,010,03-0,15-0,01
Andre kostnadar1,731,781,812,031,841,91
av dette lønn og admn.kost. kostnader1,361,411,361,561,431,48
Driftsresultat før tap1,141,360,800,961,161,38
Bokførte tap på utlån0,460,171,000,750,490,35
Gevinst/tap på v. papir (anleggsmidlar)0,00-0,010,29-0,10-0,030,03
Resultat av ord. drift f. skatt.0,691,170,090,110,641,06

1 Tala for dei tre største inkluderer tal for Nordlandsbanken

Kjelde: Kredittilsynet

Den samla avkastninga på gjennomsnittleg eigarkapital gjekk ned frå 12,4 prosent i 2001 til 6,3 prosent i 2002. Nedgangen var størst for gruppa av dei tre største bankane, med eit fall frå 17,0 til 8,1 prosent. Svekkinga kan mellom anna forklarast av at gruppa si eigenkapitalavkastning var særleg høg i 2001 på grunn av låg skattekostnad 2 . Dei resterande forretningsbankane hadde ei svært låg eigenkapitalavkastning også i 2002, ein nedgang på eit halvt prosentpoeng til 1,9 prosent. Sparebankane si avkastning gjekk ned frå 8,6 til 5,2 prosent.

Utlån til kundar hadde ein vekst på 5,8 prosent i 2002 for bankane under eitt. Veksten blei påverka av at den norske krona styrkte seg, noko som gjorde at utlån i valuta fekk lågare kroneverdi. Gruppa av resterande sparebankar hadde den høgaste veksten i 2002, med 9,3 prosent. Dei tre største bankane, som er sterkast påverka av kronestyrkinga, hadde ein vekst på 4,5 prosent, medan dei resterande forretningsbankane berre hadde ein marginal vekst på 0,1 prosent.

Tabell 1.2 Balansepostar

  3 største1Resterande forr. bankarResterande sparebankar
  Vekst i prosentVekst i prosentVekst i prosent
Mrd. kroner31.12.022002200131.12.022002200131.12.0220022001
Sum eigneluter8727,24,31415,65,54469,111,0
Brutto utlån til kundar6264,56,8970,12,23969,312,5
Innskot frå kundar4435,67,07712,55,827210,98,2

1 Tala for dei tre største inkluderer tal for Nordlandsbanken

Kjelde: Kredittilsynet

Gruppa av dei tre største bankane heldt oppe ei kjernekapitaldekning på 8,5 prosent, det same som ved utgangen av 2001. Den totale kapitaldekninga gjekk derimot ned, frå 11,6 til 11,2 prosent. Dei resterande forretningsbankane betra kjernekapitaldekninga frå 10,1 til 10,5 prosent, medan total kapitaldekning steig frå 14,3 til 14,4 prosent. Gruppa med dei resterande sparebankane svekte kjernekapitaldekninga med eit halvt prosentpoeng til 11,6 prosent. Total kapitaldekning gjekk ned med 0,6 prosentpoeng til 13,5 prosent.

Ein bank oppfylte ikkje kravet om 8 prosent kapitaldekning ved utgangen av 2002. Denne banken fekk tilført ny kapital i januar 2003, slik at han igjen oppfylte minstekravet til kapitaldekning. Ytterlegare ein forretningsbank og sju sparebankar hadde ei kjernekapitaldekning som var lågare enn 8 prosent. Desse var derfor avhengige av tilleggskapital for å oppfylle minstekravet i lova om 8 prosent ansvarleg kapital.

1.2.2 Forsikringsselskap

Resultata til livsforsikringsselskapa har dei siste åra vore sterkt prega av den negative utviklinga i aksjemarknadene. Verdijustert kapitalavkastning var for 2002 på 1,9 prosent, mot 1,1 prosent i 2001. Bokført kapitalavkastning for selskapa var på 2,1 prosent for 2002 og 2,8 prosent for 2001. Resultat før nye tilleggsavsetningar, tildeling til kundar og skatt blei minus 2,2 milliardar kroner i 2002. Dette er ei forverring på 3,1 milliardar kroner samanlikna med året før. Netto inntekter frå finansielle eigneluter var på 7,2 milliardar kroner, mot 3,9 milliardar kroner i 2001. Betringa kjem mellom anna av at kursuavhengige inntekter har auka som følgje av at selskapa har omplassert aktiva frå aksjar til obligasjonar i perioden. Samla premieinntekter til selskapa, korrigert for effekten av flytting, viste ein oppgang i 2002. Verdijustert resultat, som inkluderer endringar i kursreguleringsfondet, var på minus 3,2 milliardar kroner. Berre eitt selskap hadde midlar i kursreguleringsfondet ved utgangen av året.

Ved utgangen av 2002 hadde livsforsikringsselskapa ein samla forvalta kapital på 414 milliardar kroner, noko som var ein auke på 4,9 prosent frå 2001. Behaldninga av aksjar som del av forvalta kapital utgjorde ved utgangen av 2002 7,3 prosent, mot 20,3 prosent ved utgangen av 2001. Sertifikat og obligasjonar som blir haldne som omløpsmidlar, fall frå 37 prosent av forvalta kapital til 36 prosent i løpet av året, samstundes som obligasjonar haldne til forfall auka med 13 prosentpoeng til 32 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2002.

Kapitaldekninga kan auke som følgje av auka ansvarleg kapital til ein gitt risiko, eller ved at selskapa reduserer risikoen til ein gitt ansvarleg kapital. Ved utgangen av 2002 hadde livsforsikringsselskapa i gjennomsnitt ei kapitaldekning på 16,9 prosent, og alle selskapa tilfredsstilte kapitaldekningskravet på 8 prosent. Ved inngangen til 2002 var den gjennomsnittlege kapitaldekninga for selskapa på 13,2 prosent. Betringa i kapitaldekninga må sjåast i samanheng med at selskapa har omplassert eigneluter frå aksjar til obligasjonar. Dette har ført til redusert underlag ved berekning av kapitaldekninga.

Fallet i aksjemarknadene har ført til ei kraftig svekking av den samla bufferkapitalen til selskapa. Ved utgangen av 2002 blei bufferkapitalen, samansett av kjernekapital ut over kravet, tilleggsavsetnader på opp til eitt års rentegaranti og kursreguleringsfond, målt til 14,2 milliardar kroner eller 3,4 prosent av den forvalta kapitalen til selskapa. Dette er det lågaste nivået ved eit årsskifte dei siste ti åra. Det var likevel ei viss betring sidan utgangen av tredje kvartal, då bufferkapitalen var på 2,0 prosent av forvalta kapital. Ved utgangen av 2001 var bufferkapitalen 18,0 milliardar kroner, eller 4,5 prosent, samstundes som tilsvarande tal ved utgangen av 1999 var 40 milliardar kroner, eller 11 prosent av forvalta kapital. Samstundes som den reelle risikoberande evna var svært låg, var kapitaldekninga i livsforsikringsselskapa ved utgangen av 2002 betre enn på fleire år.

Resultatet i fondsforsikringsselskapa for 2002 viste eit samla underskot på 114 millionar kroner, mot eit underskot på 65 millionar kroner eitt år tidlegare. Ingen av selskapa kunne vise til eit overskot i 2002. Samla premieinntekter for 2002 var på 4,2 milliardar kroner, samstundes som forvalta kapital gjekk ned med 3,5 prosent til 11,9 milliardar kroner ved utgangen av året. Av den forvalta kapitalen var 39 prosent plasserte i aksjar og partar, mot 58 prosent eitt år tidlegare. Det er forsikringskundane som sit med risikoen ved aksjeinvesteringane i desse selskapa. Plassering i obligasjonar og sertifikat utgjorde 24 prosent av den forvalta kapitalen, mot 19 prosent ved utgangen av 2001. Fondsforsikringsselskapa hadde i gjennomsnitt ei kapitaldekning på 22,5 prosent, og alle selskapa tilfredsstilte kravet til kapitaldekning på 8 prosent.

Tabell 1.3 Resultatpostar i livsforsikring. Millionar kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital

 20012002
 Mill.kr.%Mill.kr.%
Premieinntekter38 3059,742 78010,6
Inntekter frå finansielle eigneluter57 28514,464 99416,0
Erstatningar27 7377,027 8826,9
Endringar i forsikringsavsetningar20 3275,123 9465,9
Forsikringsrelaterte kostnader og adm.- kostnader3 4970,93 6210,9
Overskot før fordeling og skatt9360,2–2 169–0,5
Verdijustert resultat før fordeling og skatt–5 694–1,4–3 194–0,8

Kjelde: Kredittilsynet

Skadeforsikringsselskapa hadde i 2002 eit samla underskot i resultat av ordinær verksemd på 1,4 milliardar kroner, som svarer til minus 7,4 prosent av premieinntekter for eiga rekning. I 2001 hadde selskapa eit underskot på 1,3 milliardar kroner. Både teknisk resultat og netto finansinntekter var på om lag same nivå som i 2001.

Skadeforsikringsmarknaden er dominert av dei fire største skadeforsikringsselskapa, If Skadeforsikring NUF, Gjensidige NOR Forsikringsgruppen, Vesta Skadekonsern og SpareBank 1 Skadeforsikring. Den norske filialen av If er under tilsyn av den svenske Finansinspektionen, og har dermed ikkje ordinær rapporteringsplikt til Kredittilsynet. Dei tre største skadeforsikringsselskapa, når ein ser bort frå If Skadeforsikring, hadde eit resultat av ordinær verksemd for 2002 på minus 1,2 milliardar kroner, mot minus 1,6 milliardar kroner for 2001.

Skadeprosenten (pådregne skadar i prosent av premieinntekter for eiga rekning) var 81,4 for dei tre konserna, ei betring frå 83,4 i 2001. Betringa kjem i hovudsak som følgje av dei markerte premiepåslaga som blei gjennomførte i 2000 og 2001. Driftskostnadene steig markert i 2002, og kostnadsprosenten (forsikringsrelaterte driftskostnader i prosent av premieinntekter for eiga rekning) var 24,3, det same som i 2001.

Den samla forvalta kapitalen i dei tre største skadeforsikringskonserna var 40,7 milliardar kroner ved utgangen av 2002. Dette er 3,8 prosent høgare enn ved utgangen av 2001. Plasseringar i kortsiktige aksjar og fondsdelar utgjorde 3,8 prosent av samla forvalta kapital, noko som er ein kraftig nedgang frå 18,5 prosent ved utgangen av 2001. Hovuddelen av denne nedgangen skjedde i andre kvartal 2002.

Samla forvalta kapital i skadeselskapa, inkludert dei utanlandske filialane, var 96,9 milliardar kroner. Filialar av utanlandske selskap utgjer ein stor del av den norske skademarknaden. Den samla forvalta kapitalen til dei utanlandske filialane var 26 milliardar kroner ved utgangen av 2002.

Ved utgangen av 2002 var det to selskap som ikkje fylte det lovfesta kravet om kapitaldekning på 8 prosent. Samla sett utgjorde solvensmarginkapitalen 410 prosent av solvensmarginkravet ved utgangen av 2002, ein nedgang på 54 prosent­poeng eitt år tidlegare.

Tabell 1.4 Resultatpostar for dei tre skadeforsikringskonserna samla. Millionar kroner og i prosent av premieinntekter for eiga rekning (f.e.r.)

 20012002
 Mill.kr.%Mill.kr.%
Premieinntekter f.e.r.14 424 16 326 
Pådregne skadar f.e.r.12 03383,413 28681,4
Forsikringsrelaterte driftskostnader f.e.r.3 50124,33 96324,3
Teknisk resultat–61–0,4–276–1,7
Netto finansinntekter1 78912,41 0486,4
Resultat av ordinær verksemd–1 553–10,8–1 175–7,2

Kjelde: Kredittilsynet

1.2.3 Finansieringsføretak

Finansieringsselskapa betra samla resultat av ordinær drift før skatt med 153 millionar kroner til 1,2 milliardar kroner frå 2001 til 2002. Målt i høve til forvalta kapital var resultatet 1,92 prosent. Dette er 0,08 prosentpoeng betre enn i 2001.

Netto renteinntekter har auka samanlikna med året før, målt i forhold til forvalta kapital. Nivået på lønnskostnader og andre driftskostnader var noko lågare enn for eitt år sidan. Tap på utlån i forhold til forvalta kapital har ikkje auka frå 2001. Årsaka til dette er at DnB Finans tilbakeførte 60 millionar kroner av tidlegare avsetjingar på tap i første kvartal 2002.

Finansieringsselskapa hadde ved utgangen av 2002 ein årleg vekst i utlån på 11,5 prosent. Netto misleghaldne lån auka med 24,2 prosent det siste året og utgjorde 1,8 prosent av brutto utlån ved utgangen av 2002.

Finansieringsselskapa hadde ei samla kjernekapitaldekning på 9,2 prosent ved utgangen av 2002. Dette var ein nedgang på 0,6 prosentpoeng samanlikna med 2001. Alle selskapa fylte minstekravet til kapitaldekning på 8 prosent. Åtte av selskapa dekte ikkje inn kravet til kapitaldekning med berre kjernekapital.

Kredittføretaka hadde eit resultat av ordinær drift på 1,3 milliardar kroner i 2002. Resultatet utgjorde 0,51 prosent av forvalta kapital, ein nedgang på 0,05 prosentpoeng frå 2001. Netto renteinntekter gjekk noko ned i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital, og det var ein auke i netto kurstap på verdipapir frå 2001 til 2002. Dei bokførte tapa var på 35 millionar kroner i 2002, mot 12 millionar kroner året før. Tapa er framleis små i kredittføretaka og har liten innverknad på resul­tat­utviklinga.

Kredittføretaka auka utlån til kundar med 7,9 prosent i 2002. Netto misleghaldne lån har auka kraftig, men frå eit lågt nivå.

Kjernekapitaldekninga til kredittføretaka samla var på 10,3 prosent ved utgangen av 2002. Dette var ein nedgang på 0,9 prosentpoeng ­samanlikna med året før. Alle føretaka fylte minstekravet til kapitaldekning ved utgangen av 2002. Fire av føretaka fylte ikkje kravet til kapitaldekning med berre kjernekapital.

1.2.4 Verdipapirhandel

Verdipapirføretaka som ikkje er bankar, oppnådde eit driftsresultat på til saman 313 millionar kroner i 2002. Dette var ein nedgang på 605 millionar kroner, eller 66 prosent samanlikna med 2001. Driftsinntektene i verdipapirføretaka som ikkje er bankar, var på 3,3 milliardar kroner i 2002, ein nedgang på 781 millionar kroner (19 prosent) samanlikna med 2001. Inntektene frå mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument (kurtasjehandel og nettohandel) var på 1145 millionar kroner i 2002 for desse verdipapirføretaka. Dette utgjer eit fall på 208 millionar kroner (15 prosent) frå 2001 til 2002. Emisjons- og rådgivingsverksemda gav verdipapirføretaka som ikkje er bankar, inntekter på 782 millionar kroner i 2002. Dette er ein nedgang på heile 549 millionar kroner (41 prosent) frå 2001. Trass i fallet i aksjemarknaden i 2002, og flytting av ein stor del av forvaltnings­kapitalen frå eigenkapitalinstrument til gjeldsinstrument, blei inntektene som var knytte til aktiv forvaltning 788 millionar kroner i 2002. Dette er 84 millionar kroner meir enn i 2001. Denne inntekts­auken må ein sjå i samanheng med at fleire finanskonsern har overført ansvaret for kapitalforvaltninga til konsernet til føretak med konsesjon til å yte aktiv forvaltning. I løpet av 2002 auka kapitalen under aktiv forvaltning frå 386 til 473 milliardar kroner. Driftskostnadene blei i same tidsrom reduserte med 176 millionar kroner (6 prosent). Kostnadsreduksjonane har føretaka i stor grad oppnådd gjennom ned­bemanningar og reduksjonar i bonusutbetalingar.

Driftsinntektene for verdipapirføretak som er bankar, blei til saman 3,1 milliardar kroner i 2002. Til samanlikning blei driftsinntektene 3,2 milliardar kroner i 2001. Bankane sine inntekter frå investeringstenesteverksemda er i stor grad knytte til handel i gjeldsinstrument og valuta (både underliggjande og derivat). Verdipapirføretaka som er bankar, hadde netto inntekter på til saman 736 millionar kroner frå eigenhandel («market making») i eigenkapital- og gjeldsinstrument i 2002. Dette er ein auke på 185 millionar kroner (34 prosent) frå 2001. Handel med andre finansielle instrument (medrekna valutaderivat) gav verdipapir­føretaka som er bankar, samla eit netto tap på 19 millionar kroner i 2002. Samanlikna med 2001 er dette ein reduksjon på 771 millionar kroner (103 prosent). Andre inntekter frå investerings- og tilleggstenester (medrekna spothandel i valuta) blei 1,9 milliardar kroner i 2002. Dette utgjer ein auke på 712 millionar kroner (58 prosent) frå 2001.

Forvaltningskapitalen i norskregistrerte verdipapirfond var 107,3 milliardar kroner ved utgangen av året. Dette er ein nedgang på 24,5 milliardar kroner samanlikna med utgangen av 2001. Netto nyteikning var negativ i 2002 med 1,5 milliardar kroner. Negativ avkastning på investerte midlar var dermed 23 milliardar kroner i 2002. Norske aksjefond og internasjonale aksjefond hadde den sterkaste nedgangen i forvaltningskapitalen i 2002, med ein nedgang på høvesvis 10,3 og 17,6 milliardar kroner. Netto nyteikning var negativ med 2 milliardar kroner i aksjefonda i 2002. Ved utgangen av 2002 var det i underkant av 2,3 millionar deleigarar i norskregistrerte verdipapirfond, medan det eitt år tidlegare var mellom 2,4 og 2,5 millionar deleigarar.

Fotnotar

1.

Tala inkluderer Nordlandsbanken trass i at banken ikkje blei overteken av DnB før i 2003. Dette for at tala skal kunne samanliknast med tala i kapittel 2 som omtalar utviklinga i 2003.

2.

Den låge skattekostnaden kjem av at DnB og Nordea fekk medhald i preferansekapitalsaka.

Til forsida