St.prp. nr. 1 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 Svalbardbudsjettet

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 62 700 km. Territorialfarvatnet rundt Svalbard vart utvida frå 4 til 12 nautiske mil frå 01.01.2004. Rundt 54 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringa sin øvste representant på Svalbard, og tek vare på staten sine interesser på øygruppa.

Norsk lovgiving gjeld ikkje fullt ut for øygruppa. Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan også gis særskilte føresegner for Svalbard. Alle som besøker Svalbard eller oppheld seg på øygruppa, pliktar å følgje dei lovene og reglane som gjeld.

Størsteparten av busetnaden på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er i dag òg den største busetnaden. I følgje befolkningsregisteret for Svalbard er det pr. 01.09.2004 totalt 1 831 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det pr. 03.09.2004 registrert 812 busette. Busetnaden her er bygd opp rundt koldrifta til Trust Arktikugol. Den andre russiske busetnaden på Svalbard, Pyramiden, vart fråflytt i april 1998 då Trust Arktikugol avvikla koldrifta si der. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. I følgje befolkningsregisteret er det pr. 01.09.2004 til saman 33 heilårs busette her. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det pr. 01.09.2004 registrert 8 heilårs busette. I Svea, der Store Norske Spitsbergen Grubekompani driv koldrift, er det pr. 01.09.2004 registrert 9 busette.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år gis eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. St.prp. nr. 1 (2004–2005) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og til tiltak som drift av sjukehus og skule i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2005 er omtalt nærare under punkt 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

Under behandlinga av St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard, slutta Stortinget seg til ønske frå regjeringa om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Regjeringa sine overordna mål for svalbardpolitikken vart vedtekne i samband med behandlinga av St.meld. nr. 40 (1985–86) om Svalbard. Måla vart gjentekne i St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard. Dei er òg lagt til grunn ved den årlege behandlinga av svalbardbudsjettet. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa

Arbeidet med St.meld. nr. 9 vart koordinert av Justisdepartementet, og dei fleste fagdepartementa var involverte. Meldinga inneheldt ei heilskapleg vurdering av norsk svalbardpolitikk. Det vart gjort greie for dei måla, prioriteringane og verkemidla som gjeld spesielt for Svalbard. Stortinget slutta seg i all hovudsak til utgreiinga frå regjeringa. Dette viser at det er stor semje om norsk svalbardpolitikk.

Måla for svalbardpolitikken ligg innafor dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Dei har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener derfor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Hovudmål og delmål

Justisdepartementet har følgjande hovudmål og delmål for sitt arbeid med polarsaker:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Justisdepartementet

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg forvaltning av norske interesser i polarområda

  1. Samordne og koordinere forvaltninga sin politikk for polarområda

  2. Sikre ei god forvaltning lokalt på Svalbard gjennom Sysselmannen

  3. Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

2.1 Heilskapleg forvaltning av norske interesser i polarområda

Den norske verksemda i polarområda (Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis) stiller ofte forvaltninga overfor utfordringar som ikkje er til stades på fastlandet. Polarområda er òg politisk viktige. Dette gjer det nødvendig å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justisdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltninga sitt arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

Samordningsarbeidet skjer i hovudsak gjennom Det interdepartementale polarutvalet, jf. pkt. 2.1.1. I tillegg er Sysselmannen ein svært viktig medspelar i arbeidet med å sikre ei god forvaltning av øygruppa, jf. pkt. 2.1.2. Sysselmannen er regjeringa sin øvste representant på Svalbard, og har sete i Longyearbyen. Han har som hovudoppgåve å medverke til at måla i norsk svalbardpolitikk blir oppfylte. Dette ligg til grunn for all verksemd ved sysselmannskontoret. Sysselmannen har funksjon som både fylkesmann, notarius publicus og politimeister. Han har òg ei viktig oppgåve som miljøforvaltar, og har den lokale kontakten med utanlandske busetnader på Svalbard.

Ein annan viktig medspelar i arbeidet med å utvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen på ein god måte er Longyearbyen lokalstyre, jf. pkt. 2.1.3. Justisdepartementet arbeider derfor for å ha ein god dialog med lokalstyret, og søkjer saman med dei å finne gode løysingar på dei utfordringane lokalsamfunnet står overfor. Samtidig er det òg viktig å leggje til rette for eit godt samarbeid mellom dei lokale styresmaktene på Svalbard. Den auka kompleksiteten gjer dessutan at departementet søkjer å ha ein god dialog med andre lokale aktørar, samt ulike organisasjonar og institusjonar.

På Svalbard har den norske busetnaden på øygruppa tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Dei siste åra har det likevel skjedd ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Samtidig har regjeringa eit ønske om å utvikle Longyearbyen i retning av eit familiesamfunn, men ikkje eit livsløpssamfunn. Denne utviklinga fører mot eit meir komplekst samfunn som igjen opnar for nye interessemotsetnader mellom fleire aktørar. Dette gjer samordninga til ei viktigare og meir krevjande oppgåve enn tidlegare.

Dei siste åra har det skjedd ei aukande desentralisering av ansvar og mynde innafor dei ulike statlege sektorane. Denne omlegginga har gitt særleg store utfordringar i forhold til utøving av norsk politikk på Svalbard. Det har òg skjedd ei endring i den statlege eigarstrukturen i Noreg ved at forvaltningsorgan i større grad enn tidlegare blir organiserte som aksjeselskap. Dette inneber at desse selskapa, til dømes Posten, Avinor og Telenor, har eit større krav til inntening enn før. Tidlegare har desse selskapa bl.a. vore nytta aktivt i svalbardpolitikken. Den nye organiseringa av selskapa gjer at dette blir vanskelegare. Ein må derfor finne nye måtar å leggje til rette for utøving av svalbardpolitikken på.

Aukande turisme og ferdsel på Svalbard synleggjer behovet for å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegna om vern av Svalbard sitt natur- og kulturmiljø. Det er òg ei utfordring når det gjeld tryggleik, både ved ferdsel på land og til sjøs. Viktige tiltak i denne samanheng er Sysselmannen si oppsyns- og kontrollverksemd og informasjonsarbeid. Det er ei utfordring å nå ut til dei som besøker øygruppa med viktig informasjon på ein god og effektiv måte.

Svalbard og Longyearbyen har mange særtrekk. Likevel ser ein at Longyearbyen på mange områder, og i aukande grad, liknar eit fastlandssamfunn. Dette fører til at ein stadig oftare må vurdere om regelverk for fastlandet òg skal gjerast gjeldande for Longyearbyen og Svalbard. Lovgivingstilhøva for Svalbard er spesielle, jf. bl.a. lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova) § 2. Det er derfor ei utfordring å få til ei heilskapleg utvikling av regelverk. Målet er eit tilpassa og oversiktleg regelverk som er tilgjengeleg for alle. Justisdepartementet har fokus på denne problemstillinga.

2.1.1 Samordne og koordinere forvaltninga sin politikk for polarområda

For å sikre ei god forvaltning av Svalbard vart det allereie i 1965 oppretta eit eige Svalbardutval. I 1971 vart ansvarsområdet for utvalet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet. Hausten 2002 vart det fastsett ny instruks for utvalet (sjå rundskriv G-6/2003). Dette vart gjort bl.a. for å gjere Polarutvalet i stand til betre å møte dei utfordringane ein står overfor med eit meir kompleks samfunn på Svalbard.

Polarutvalet, som er leia av Justisdepartementet, skal drøfte alle saker som vedkjem forvaltninga av polarområda. Utvalet kan gi rådgivande uttaler til aktuelle departement, eller leggje fram saker for regjeringa. Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng (JD, UD, MD, UFD, NHD, FIN, SD, FKD), Norsk Polarinstitutt, Sysselmannen på Svalbard og Statsministeren sitt kontor. Justisdepartementet er sekretariat for utvalet. Utvalet møtest om lag ti gonger i året. Statssekretærane deltek på to av møta.

I følgje instruksen har Polarutvalet eit koordinerande ansvar i saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken. Saker på desse områda skal leggjast fram for utvalet. Utvalet kan gi ei skriftleg uttale til vedkommande fagdepartement. Polarutvalet kan òg ta initiativ overfor andre departement for behandling og utgreiing av spørsmål. I tillegg skal alle lov- eller forskriftssaker som gjeld polarområda leggjast fram for Justisdepartementet, som vurderer framlegging for Polarutvalet.

Utvalet skal drøfte tilhøve som gjeld forvaltinga av dei statlege eigarinteressene på Svalbard. Det skal vurdere tilhøva opp mot andre viktige omsyn i norsk svalbardpolitikk, før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. Saker som kan ha innverknad for dei områda der utvalet har koordineringsansvar, skal alltid leggjast fram for Polarutvalet. Det er likevel ikkje meininga at Polarutvalet skal behandle reine forretningsspørsmål som ikkje rører ved viktige omsyn i norsk svalbardpolitikk.

At polarsaker blir lagt fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartement si mynde til å treffe avgjerder. Det endrar heller ikkje det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd. Formålet med ei slik framlegging er å sikre at utvalet får nødvendig informasjon og at saker kan drøftast før avgjerda blir teke i vedkommande fagdepartement. Dersom eit fagdepartement vil avgjere saka i strid med uttale frå Justisdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for regjeringa.

Polarutvalet har for tida særleg fokus på enkelte område. Eit prioritert område er sjøtryggleik på Svalbard. Ei arbeidsgruppe har vurdert spørsmålet og lagt fram ein statusrapport. Kvart enkelt departement følgjer opp dei tiltaka som blir omtala i rapporten på deira område, og melder tilbake til utvalet to gonger i året. Utvalet følgjer nøye med for å sjå til at utviklinga er tilfredsstillande. I tillegg har Polarutvalet sett skipsfart generelt og dei spesielle utfordringane ein ser i samband med cruisetrafikken som eit hovudtema i 2005.

Når det gjeld cruisetrafikken, både den oversjøiske og kystcruisa, har den auka dei siste åra. Dette gir utfordringar i forhold til sjøtryggleik, og kan føre til auka slitasje på det sårbare naturmiljøet og kulturminna. Styresmaktene har derfor dei seinare åra vurdert ulike tiltak for på forsvarleg vis å kunne regulere cruisetrafikken. Den lokale cruisenæringa på Svalbard danna i 2004 sin eigen organisasjon, Arctic Expedition Cruise Operators (AECO), for å utvikle eigne retningslinjer for næringa. Dei ønskjer med dette å ta ansvar for å drive på forsvarleg vis ved sjølvreguleringar. Justisdepartementet ser på initiativet som positivt, og vil arbeide for fortsatt god dialog med næringa. I 2003 og 2004 gav Justisdepartementet støtte til World Wildlife Fund for Nature (WWF) for at dei, saman med Sysselmannen og AECO, skal utarbeide ei oversikt over dei utfordringane cruisetrafikken medfører i dag. Resultata frå prosjektet om utvikling av miljøvennleg cruiseturisme vil bli tekne med i det vidare arbeidet i Polarutvalet. Nødvendige reguleringar vil bli vurderte, samtidig som samarbeidet med næringa fortset.

Dei siste åra har det vore auka aktivitet innan forsking på Svalbard. Arbeidet med å koordinere denne verksemda er blitt stadig viktigare. Polarutvalet arbeider derfor med å revitalisere Svalbard Science Forum (SFF). Målet er å utnytte infrastruktur og faglege ressursar betre, som ein del av arbeidet med å gjere Svalbard til ein leiande stad for internasjonalt forskingssamarbeid innan polarforsking.

I 2004 har 8 land ein eigen forskingsstasjon i Ny-Ålesund. I Innst. S. nr. 196 (1999–2000) Svalbard, slutta Stortinget seg til ei vidare utvikling av Ny-Ålesund som forskingsstasjon. Det vart uttalt at dette vil kunne føre til at området rundt Ny-Ålesund må vernast som forskingsområde ved t.d. å setje grenser for anna verksemd i området. For å følgje opp desse signala sette Polarutvalet ned ei arbeidsgruppe som skulle utgreie moglege verkemiddel som kan nyttast for å gi forskinga nødvendig vern. På bakgrunn av rapporten frå arbeidsgruppa har Polarutvalet bl.a. foreslått å stengje delar av Kongsfjorden for fiskeriaktivitet. Dette vil skje gjennom ei forskrift til svalbardlova. Utvalet har òg fokus på dei utfordringane som auka turisme og friluftsliv på Svalbard skapar. Dette gjeld bl.a. Sysselmannen si handheving av gjeldande regelverk. I tillegg er rammevilkåra endra dei siste åra, gjennom etablering av nye verneområde og nytt regelverk. På bakgrunn av dette blir det arbeidd med ein forvaltingsplan som bl.a. omhandlar dei utfordringane ein står overfor, og kva strategiar Sysselmannen skal leggje opp til for å møte desse. Arbeidet skjer i tett samarbeid med Sysselmannen. Longyearbyen lokalstyre og andre relevante aktørar vil òg bli høyrde.

Justisdepartementet har ansvaret for svalbardbudsjettet. Dei enkelte departementa skal derfor underrette Justisdepartementet i budsjettsaker. Justisdepartementet deltek òg i arbeid leia av andre, til dømes arbeidet med å innføre matlova på Svalbard. Tidlegare har ein bl.a. delteke i arbeidsgrupper om strålevernlova og arbeidsmiljølova. I tillegg er Justisdepartementet rådgivar i polarspørsmål og søkjer gjennom dette å sikre ei heilskapleg forvalting på området.

Eit anna viktig område er innhenting av statistikk om Svalbard. I dag gjeld ikkje statistikklova på Svalbard. Ei arbeidsgruppe har konkludert med at det er ønskeleg å gjere lova gjeldande for lettare å kunne følgje utviklinga på Svalbard. Men først må ein ha tilgang til fleire sentrale offentlege register. Det vart derfor sett ned ei arbeidsgruppe, leia av Justisdepartementet, som vurderte eksisterande register og eventuell innføring av nye register på Svalbard. Ein rapport skal leggjast fram for Polarutvalet hausten 2004.

Justisdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. På bakgrunn av dette deltek Justisdepartementet bl.a. i prosessane som går føre seg i regi av Arktisk Råd. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid.

2.1.2 Sikre ei god forvalting lokalt på Svalbard gjennom Sysselmannen

Sysselmannen er administrativt underlagt Justisdepartementet, og får sine løyvingar over svalbardbudsjettet. I enkelte fagsaker er han likevel underlagt andre departement. Som offentleg organ er Sysselmannen tillagt ei rekkje styresmaktoppgåver innafor ulike saksområde, til dømes forureining, barnevern, skjenkeløyvesaker, brannvern o.a. Fagkompetansen og svalbardkunnskapen hos Sysselmannen representerer ei viktig støtte i departementa sitt arbeid med svalbardspørsmål.

Justisdepartementet har som mål at dei mange og ulike oppgåvene som sysselmannskontoret skal løyse, blir utførte på ein god og effektiv måte. Departementet arbeider for å ha ein god styringsdialog med Sysselmannen, bl.a. gjennom etatsstyringsmøte og tildelingsbrev, samt rapporteringssystem i samband med dette. I tillegg til den formelle konktakten legg ein vekt på å ha ei brei kontaktflate og ein jamleg og tett dialog.

Både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannen sin organisasjon. Dette mogleggjer eit godt fagleg informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Auke i turisme og ferdsel på Svalbard viser at ein treng å halde oppsyn og dermed avdekkje moglege overtredingar av føresegna om vern av Svalbard sitt natur- og kulturmiljø, jf. pkt. 2.1.

Sysselmannen har ansvar for redningsberedskapen på Svalbard. I dette arbeidet er førebygging viktig. Ei rekkje redningsaksjonar som har vore gjennomførte det siste året, viser at ein òg er avhengig av lokale frivillige. Sysselmannen vil søkje å uvikle dette samarbeidet ytterlegare. Den nye avtalen med Airlift AS om helikopterteneste har gitt Sysselmannen to helikopter med avansert redningsutstyr. Dette er med på å auke redningsberedskapen, jf. omtale av kap. 6.

Med omsyn til Sysselmannen sitt mangfald av oppgåver er informasjonsarbeidet svært viktig. Som eit ledd i dette har Sysselmannen ei eiga heimeside på Internett, både i norsk og engelsk versjon. Det blir òg arbeidd med ein russisk versjon. Sidene er under kontinuerleg utvikling. Sysselmannen har òg ein relativt stor produksjon av trykksaker. Det er bl.a. utarbeidd fleire informasjonshefte dei seinare åra. Å vere synleg på øygruppa og ha god kontakt med publikum er viktig for sysselmannskontoret. Det er samtidig viktig å utvikle nye måtar å nå ut med informasjon på.

Sysselmannen er involvert i arbeidet med etablering av Svalbard forskingspark, særleg knytt til informasjonssenteret i Svalbardporten og til eit kulturhistorisk magasin, jf. omtale av kap. 5. For meir omtale av forskingsparken viser ein til pkt. 4.3.

2.1.3 Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

Longyearbyen lokalstyre får si løyving over svalbardbudsjettet. I samband med utarbeiding av budsjettet får departementet innspel frå lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte. På desse møta blir bl.a. viktige saker og aktuelle problemstillingar diskuterte.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa område; gardsnummer 22 bruksnummer 1 Longyeardal. Dette inneber bl.a. samfunns- og arealplanlegging, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, utvikling og samordning av samfunnstenester retta mot barn, ungdom og vaksne, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid, barnehagar. I tillegg kjem oppgåver som politisk sekretariat og sekretariat for forliksrådet. Slik Longyearbyen lokalstyre er organisert ligg strategiske oppgåver, utøving av mynde og bestilling av tenester i lokalstyret sin eigen organisasjon. I tillegg har Longyearbyen lokalstyre ansvar for all infrastruktur i samfunnet som ikkje er tillagt andre, og for at sentrale samfunnstenester i Longyearbyen blir utførte. Sjølve tenesteproduksjonen blir kjøpt av andre, og då i hovudsak av Svalbard Samfunnsdrift AS, der lokalstyret eig 100 pst. av aksjane.

Svalbard har eit eige forliksråd, og har òg hatt eit eige konfliktråd. I samband med endringa av lov 15. mars 1991 nr. 3 om mekling i konfliktråd (konfliktrådslova) vart konfliktrådet på Svalbard fjerna 01.01.2004. Ein har likevel framleis høve til å ha eigen konfliktsrådmeklar.

Myndet til å fastsetje forskrifter om bygningsvesenet på Svalbard er for Longyearbyen arealplanområde delegert til Longyearbyen lokalstyre. Lokalstyret vedtok i 2003 ei eige byggjesaksforskrift for Longyearbyen.

Det er snart 3 år sidan det vart innført lokaldemokrati i Longyearbyen og Longyearbyen lokalstyre vart oppretta. I samarbeid med lokalstyret vil Justisdepartementet leggje opp til ei evaluering av lokaldemokratiet. Ein tek sikte på å starte opp hausten 2004.

Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for Svalbard museum som blir ein del av Svalbardporten i Svalbard forskingspark, jf. omtale under pkt 4.3 og omtale av kap. 3.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2005

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2005 er 195,2 mill. kr. Dette er 25,8 mill. kr eller 15,2 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2004. Auken skuldast i hovudsak løyvingar i samband med etablering av Svalbard forskingspark, samt heilårsverknad av ny helikopteravtale for Sysselmannen.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2005 er stipulert til 135,9 mill. kr og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementet sitt budsjett kap. 0480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Tilskotet frå statsbudsjettet utgjer den største inntektsposten på svalbardbudsjettet. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og har vore auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Tilskotet som er foreslått for 2005 utgjer 69,6 pst. av dei venta inntektene.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2005 er rekna til 54,6 mill. kr. Dette er ein auke på 9,4 mill. kr eller 20,8 pst. i forhold til vedteken løyving for 2004. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 28 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet. Auken skuldast heilårsverknad av auken i skatteprosenten frå 6 til 8 pst. for 2004, og ein generell auke i aktiviteten på Svalbard.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannen si transportteneste (kap. 6), som bl.a. inkluderer utgifter til redningshelikopter. Sysselmannen på Svalbard inngjekk ny avtale om rednings- og tenestehelikopter gjeldande frå 01.04.2004. Dei auka kostnadene på dette kapitlet skuldast i hovudsak ein heilårsverknad av denne kontrakten. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannen si ordinære drift (kap. 5) og Staten sine bygningar i Longyearbyen (kap. 20). For 2005 er det òg foreslått å løyve 3,5 mill. kr til dekning av Telenor sine samfunnspålagte oppgåver på Svalbard. Over kap. 3 Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelt på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er det gitt ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2005 er det foreslått løyvd netto om lag 357 mill. kr over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementet sitt kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 1. Tilsvarande tal i 2004 var om lag 328 mill. kr.

4.1 Miljøverndepartementet

Sysselmannen utøvar miljøvernmyndet for Svalbard. Etaten har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal fagetat for Miljøverndepartementet. Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning (DN), Statens forureiningstilsyn (SFT) og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til Sysselmannen sitt miljøvernarbeid.

Over budsjettet til Miljøverndepartementet har det dei siste åra vore løyvd i gjennomsnitt om lag 80 mill. kr til svalbardformål. Det meste av dette går til miljøvernarbeid på Svalbard; om lag 51 mill. kr går til Norsk Polarinstitutt si verksemd på Svalbard, resten bl.a. til Direktoratet for naturforvaltning og Statens kartverk. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettet kap. 5 Sysselmannen og kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II. Denne løyvinga inkluderer bl.a. 0,5 mill. kr til prosjektmidlar som tidlegare var utgiftsførte på Miljøverndepartementet sitt budsjett, men som frå 2005 er overførte til svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 5. Det er teke sikte på å halde oppe nivået på løyvinga over Miljøverndepartementet sitt budsjett i 2005.

I 2004 vart taubaneanlegget frå Adventdalen til Skjæringa på Svalbard freda. I fredinga inngjekk ei rekkje tekniske installasjonar frå Svalbard si tidlege industrihistorie knytt til koldrifta. Det gjeld bl.a. den karakteristiske Taubanesentralen, som er eitt av dei viktigaste landemerka i Longyearbyen.

Dei store verneområda på Svalbard har heilt sidan dei vart oppretta, omfatta sjøområda ut til territorialgrensa. Frå 01.01.2004 vart fleire verneområde utvida som ei naturleg følgje av at det norske sjøterritoriet vart utvida frå 4 til 12 nautiske mil.

Vidare vart det vedteke fem nye verneområde på Svalbard. Dei nye verneområda utgjer 8 prosent av øygruppa. Sjølv om store delar vart verna allereie i 1973, har dei biologisk viktigaste områda ikkje vore ein del av vernet før no.

Lov 15. juni 2001 nr. 79 (svalbardmiljølova) § 98 gir grunnlag for å opprette Svalbard miljøfond. Miljøverndepartementet tek sikte på å etablere fondet i 2005. Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlar frå eit gebyr for tilreisande på Svalbard, gebyr for jakt- og fiskekort, verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Midlane skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard, bl.a. kartlegging, overvaking og gjenoppretting av miljøtilstanden, skjøtsel og informasjons- og opplæringstiltak.

Ein søknad frå Store Norske Gull AS om å få prøvebore etter gull i nærleiken av dei internasjonale forskingsstasjonane i Ny-Ålesund på Svalbard vart avslått. Omsynet til det internasjonalt viktige forskingsmiljøet i Ny-Ålesund var sentralt i vurderinga som vart lagt til grunn for avgjerda.

Miljøvernarbeidet vil i 2005 ha særleg fokus på ei effektiv gjennomføring av svalbardmiljølova med tilhøyrande forskrifter, og vidareutvikling av forvaltningsplanar som eit verkemiddel for å styrkje verneområdet. Vidare skal forhold knytte til gamle synder og avfallshandtering følgjast opp. Dei effektane den aukande ferdsla har på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljøet skal overvakast. Viktige leveområde for vilt skal sikrast mot inngrep, forstyrring eller annan påverknad frå lokal verksemd. Bevaring av kulturminne knytte til industriell verksemd frå 1940-talet representerer ei spesiell utfordring. Dette arbeidet skal følgjast vidare opp i 2005. Det vil òg bli lagt vekt på å følgje nøye den delen av den aukande turismen som kan true den sårbare naturen på Svalbard.

Forsking er ein aukande aktivitet på Svalbard, og Sysselmannen vil i 2005 delta i eit nordisk prosjekt om integrering av miljøvernomsyn i forskinga.

Når det gjeld omtale av arbeidet med forskingsparken, viser ein til kap. 4.3.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk bistand til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Polarinstituttet har ei større forskingsverksemd på øygruppa. Dei driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund, luftmålestasjon på Zeppelinfjellet, og avdelingskontor og feltlager i Longyearbyen. Kvart år gjennomfører instituttet ein stor sommarekspedisjon på Svalbard, og ei rekkje mindre ekspedisjonar gjennom året. Instituttet brukar òg vesentlege ressursar på rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan, konsekvensutgreiingar og miljøovervaking på øygruppa.

I 2004 styrkte Norsk Polarinstitutt si forskings- og overvakingsverksemd som er særleg viktig for forvaltinga av øygruppa. Instituttet styrkte òg sin rådgivingskapasitet overfor dei sentrale styresmaktene og Sysselmannen. I tillegg var dei med på å styrkje den norske vertskapsrolla for forskingsaktivitet på Svalbard. For 2005 er det stipulert at omlag 51 mill. kr av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementet sitt kap. 1471 Norsk Polarinstitutt er relatert til Svalbard, jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtalen av kap. 17.

4.2 Nærings- og handelsdepartementet

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskap Nærings- og handelsdepartementet har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. I 2003 produserte gruveselskapet i alt 2,9 mill. tonn kol netto. Produksjonsvolumet var 0,8 mill. tonn høgare enn i 2002. Oppnådde kolprisar var om lag 4,4 pst. høgare enn i 2002. Ved utgangen av 2003 hadde SNSG 233 tilsette, mot 225 ved inngangen til året. Store Norske Gull AS vart etablert i 2003 og har som formål å undersøkje og drive gullfelt på Svalbard. Store Norske Boliger AS forvaltar konsernet sin bustadmasse i Longyearbyen og i Svea.

Konsernet hadde i 2003 driftsinntekter på 945 mill. kr og eit årsresultat på 64 mill. kr. Tilsvarande tal i 2002 var 695 mill. kr og 64 mill. kr. Morselskapet SNSK fekk i 2003 eit årsresultat på 15 mill. kr. Av dette er 7,5 mill. kr utdelt som utbyte til aksjonærane.

Kolverksemda til Store Norske har i mange år vore halden oppe med statlege tilskotsløyvingar. Bakgrunnen for den økonomiske støtta har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på Svalbard. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta har medverka vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortinget si behandling 19. desember 2001 av prosjektet, jf. St.prp. nr. 2 Store Norske Spitsbergen Kullkompani AS og Svea Nordprosjektet og Innst. S. nr. 67 (2001–2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Formålet med statleg eigarskap i SNSK og SNSG er, gjennom ringverknadene av selskapet sine aktivitetar, å medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på ein måte som understøttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. I tillegg ønskjer staten ei akseptabel årleg avkastning på den eigenkapitalen som er investert i dei to selskapa.

I forståing med Nærings- og handelsdepartementet har SNSG, med bistand frå ekstern finansiell rådgivar, gått gjennom og vurdert høvet til å få inn private industrielle/strategiske investorar i gruveselskapet SNSG. Arbeidet har bl.a. omfatta ei verdivurdering av selskapet, utarbeiding av prospekt og kartlegging av interessa blant potensielle investorar. Fleire interessentar vart identifiserte, men ingen vart vurdert som aktuell å gå vidare med ut frå dei fastsette vurderingskriteria. I juni 2004 vart saka behandla av styret i SNSK, som fatta vedtak om å tilrå for departementet at prosessen med delprivatiseringa av gruveselskapet vart avslutta. Saka vart deretter behandla av Det interdepartementale polarutvalet i august 2004, som slutta seg til styret sine vurderingar. Etter ei samla vurdering går regjeringa inn for at prosessen med å vurdere ei delprivatisering av kolverksemda til SNSK blir avslutta.

SNSK vil, etter at gruveverksemda er skilt ut i dotterselskapet SNSG, elles konsentrere verksemda si rundt Longyearbyen og satse på utvikling av selskapet sine eigedommar og andre bergrettar selskapet har på Svalbard.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjar i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 13 mill. kr til Kings Bay AS i 2005, til drift og investeringar. Ny-Ålesund er hovudsenteret for naturvitskapleg forskingsverksemd på Svalbard. Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvar for infrastrukturen på staden. Selskapet hadde 21 tilsette ved utgangen av 2003.

Vedtektene for Kings Bay AS fastslår at selskapet si verksemd særleg skal ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapeleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. To av medlemmene i styret blir valde etter forslag frå respektive Utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, sørkoreanske og kinesiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

Kings Bay AS arbeider med bygging av eit marinlaboratorium i Ny-Ålesund. Marinlaboratoriet vil vere unikt gjennom plasseringa si og tilknytinga til det internasjonale forskingsmiljøet i Ny-Ålesund. Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet er stor, og ei rekkje land har allereie forplikta seg til å delta i prosjektet, sjå omtale under pkt. 4.3.

I samband med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard, understreka utanrikskomiteen i si innstilling at ein vidare vekst innan forsking må skje innafor rammer som er forsvarlege for miljøet. I tråd med dette slutta komiteen seg til at Ny-Ålesund blir utvikla vidare som ein «grøn» forskingsstasjon, og føresette at Kings Bay AS syter for nødvendige tiltak for å redusere miljøverknadene av verksemda i Ny-Ålesund-området til eit minimum.

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard

Etaten administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925 og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvens og avgrensing av planområda på Svalbard, har etaten ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal etaten, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard tildeler utmål, gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og fører tilsyn med opningar knytte til nedlagte gruveverksemder. For å sikre at bergverksaktiviteten skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, bl.a. gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krav som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for etaten : Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noreg sine mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål for den delen av etaten si verksemd som er retta utover:

  • effektivt å forvalte gitte fullmakter, og vere sakkyndig organ i saker som gjeld mineralnæringa

  • arbeide for å redusere miljøkonsekvensane av mineraluttak, og medverke til ei balansert miljøforvaltning

  • arbeide for auka verdiskaping innan mineralnæringa

  • arbeide for auka forståing av den verdien mineralnæringa har for samfunnet

For 2005 vil etaten prioritere saksbehandling og tilsynsverksemd. Etaten vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av etaten under kap. 906 Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og handelsdepartementet sin St.prp. nr. 1 (2004–2005).

Svalbard Reiseliv AS

Det vart i St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard, vist til at det er viktig at delar av oppgåvene til Svalbard Næringsutvikling blir førte vidare. Dette gjeld statistikkproduksjon, arbeidet med å leggje til rette for eit miljøtilpassa reiseliv og ansvaret for vertskapsfunksjonane innan reiselivet som tidlegare vart utførte av avdelinga Info-Svalbard. I stortingsmeldinga vart det vidare vist til at regjeringa tek sikte på å gi reiselivsnæringa sjølv eit større ansvar for utviklinga av næringa på Svalbard. Etter dialog mellom Nærings- og handelsdepartementet og Svalbard Reiselivsråd vart Svalbard Reiseliv AS etablert i 2001, med sikte på å føre vidare hovudoppgåvene til Info-Svalbard.

Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard.

Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål.

Det er ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for regjeringa og reiselivsnæringa.

I 2003 vart det registrert 71 049 gjestedøgn ved overnattingsbedrifter i Longyearbyen. Dette er ein nedgang på 4,5 pst. samanlikna med året før då det vart registrert 74 433 gjestedøgn. Nordmenn står for om lag 74 pst. av gjestedøgna. I alt kom det 27 879 gjestar til Svalbard i 2003, noko som var ein nedgang på 2,7 pst. sett i høve til året før. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerane. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsbransjen arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard i mørketida. Det har vore ei positiv utvikling for mørketidsmånadene februar og oktober, mens tala for påsken og sommaren ikkje var like gode, med ein samla nedgang i gjestedøgn på om lag 9 pst.

Det er foreslått å løyve eit tilskot på 2 mill. kr til Svalbard Reiseliv AS over statsbudsjettet for 2005.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. Den direkte statlege finansieringa av prosjektet utgjorde 28 mill. kr. SvalSat les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Norsk Romsenter og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat. I tillegg eig selskapet to antenner. NASA har bygd ei antenne som blir nytta av fleire av deira satellittar. Den europeiske organisasjonen for meteorologisatellittar (EUMETSAT) har bygd to antenner. Vidare har Telenor bygd ei telekommunikasjonsantenne på SvalSat. Norsk Romsenter arbeider for å skaffe fleire kundar til SvalSat.

Bygginga av ei antenne for IPO, som er ei avdeling i den sivile amerikanske vêrvarslingstenesta National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) er avslutta. Norsk Romsenter har inngått ein kontrakt med IPO om framtidig nedlesings- og dataoverføringstenester. Kontrakten som er inngått har ei kostnadsramme på 40 mill. USD og har ein avtaleperiode på 25 år. Det har gjort det mogleg for Norsk Romsenter å etablere eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen. Fiberkablane tilbyr samtidig generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer bl.a. verksemda ved Svalbard Satellittstasjon. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer i samsvar med Svalbardtraktaten.

Svalbard Rakettskytefelt

Andøya Rakettskytefelt A/S har etablert Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Anlegget stod ferdig i 1997, og investeringane i anlegget var på om lag 7,4 mill. kr. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Formålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Som følgje av lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen, gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar og dei siste vart gjennomførte ved årsskiftet 2003–2004.

4.3 Utdannings- og forskingsdepartementet

Det har vore ein større auke i forskings- og utdanningsverksemda på øygruppa det siste tiåret, og Svalbard er blitt sentral for både nasjonal og internasjonal forsking i Arktis.

Svalbard forskingspark

Etableringa av Forskingsparken vil ha mykje å seie både for lokalsamfunnet i Longyearbyen og for Svalbard. Forskingsparken vil bl.a. gjere det mogleg å samle dei akademiske miljøa i Longyearbyen, jf. St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard og Innst.S. nr. 196 (1999–2000). Dei akademiske miljøa vil få ein felles infrastruktur med samordna service for feltundersøkingar og publikumsaktivitetar. Etablering av eit kulturhistorisk magasin i samband med Svalbard Museum vil òg gi betre høve til å formidle kulturhistorie på Svalbard både til fastbuande og til besøkjande.

Arbeidet med å etablere ein forskingspark på Svalbard har vore eit samarbeidsprosjekt som har involvert fleire departement og andre offentlege instansar. Utdannings- og forskingsdepartementet arbeider med utviding av Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), og Miljøverndepartementet med nye areal for Norsk Polarinstitutt. Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre arbeider med nye lokale for Svalbard Museum. Justisdepartementet arbeider òg saman med Sysselmannen på Svalbard og Riksantikvaren med stiftinga av eit kulturhistorisk magasin. Sysselmannen har òg gått saman med Svalbard Museum om samlokalisering og utvikling av eit felles senter for miljøinformasjon.

Alle verksemdene som er tenkt å liggje i forskingsparken på Svalbard treng større plass. Sambruket i ein park vil gi betre og meir økonomisk utnytting av arealet. Vidare vil samlokalisering av akademiske miljø i Longyearbyen kunne skape faglege synergieffektar og gjere tilhøva betre for publikum og lokalbefolkninga som nyttar tenestene hos desse verksemdene.

Kostnadsramma for prosjektet er på 400 mill. kr (pr. 15.09.2003). Grunnarbeida var ferdige i 2003 og bygginga held fram i 2004. Etter planen skal bygget vere ferdig hausten 2005. Det blir foreslått ei løyving til vidareføring av prosjektet på 129,1 mill. kr i 2005. For nærare omtale sjå kap. 2445 post 31 under Moderniseringsdepartementet sitt budsjett.

Polar klimaforsking

I 2002 vart det etablert eit femårig forskingsprogram kalla «Polar klimaforsking», som blir finansiert av midlar frå Fondet for forsking og nyskaping over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett kap. 286 post 50. For 2005 er det sett av om lag 25 mill. kr til føremålet og om lag ein tredel av satsinga gjeld forsking knytt til Svalbard. Forskingsaktiviteten vil for det meste gå føre seg i havområda kring Svalbard, men det vil òg bli noko aktivitet på land.

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) vart oppretta som statleg aksjeselskap 29.11.2002. Selskapet avløyste stiftinga Universitetsstudia på Svalbard, som vart oppretta av dei fire norske universiteta i 1994.

Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer 100 studieplassar ved UNIS. Studiet skal ha ein internasjonal profil, og det blir teke sikte på at ein stor del av studentane skal vere utanlandske. Studentaktiviteten utgjorde i 2002 til saman 112-årsekvivalentar og 50 pst. av studentane var utanlandske. I 2003 utgjorde studentaktiviteten 119 årsekvivalentar, og om lag 60 pst. av studentane var utanlandske. Det vart oppretta to nye stipendiatstillingar i 2004, slik at det no er totalt åtte stipendiatstillingar ved UNIS. I budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet er det for 2005 foreslått å løyve 77,7 mill. kr på kap. 281 post 74 Tilskot til UNIS.

Noregs forskingsråd

Rundt rekna 6,5 mill. kr av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2005, kap. 285 post 52, vil gå til tiltak som gjeld Svalbard direkte. Dette er ein nedgong samanlikna med 2004 som skriv seg frå at det i 2004 vart gitt ei eingongsløyving på 10 mill. kr til det nye marinlaboratoriet i Ny-Ålesund. Reelt sett er det derimot ein auke på 1 mill. kr for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland innanfor polarforsking. Innanfor løyinga på posten vil 2. mill. kr gå til samarbeidsavtalen mellom Noregs forskingsråd og National Science Foundation. I tillegg vil midlar frå andre program under Forskingsrådet (bl.a. «Norklima-programmet», «Romforskingsprogrammet», «Marine ressursar, miljø og forvaltning») og frå ulike forskarinitierte prosjekt, finansiere forsking på eller knytt til Svalbard.

Det nye marinbiologiske forskingslaboratoriet i Ny-Ålesund vil stå ferdig sommaren 2005. Det er eit internasjonalt konsortium av forskingsinstitusjonar som står bak planen og har gjort avtale om den seinare bruken. Kings Bay AS prosjekterer og fører opp bygget. Sjå nærare omtale i budsjettproposisjonen frå Nærings- og handelsdepartementet. I 2005 vil inntil 2 mill. kr av løyvinga under «Norklimaprogrammet» gå til prosjekt knytt til det nye marinlaboratoriet i Ny-Ålesund på Svalbard.

Marinlaboratoriet i Ny-Ålesund og Svalbard forskingspark, sjå egen omtale, vil gi gode tilhøve for å vidareutvikle konseptet om å gjere Svalbard til eit verdsleiande område for internasjonalt forskingssamarbeid.

Det er vanskeleg å seie kor stor del av dei midlane Forskingsrådet disponerer til ulike program og prosjekt som kan klassifiserast som forsking på eller i tilknyting til Svalbard. For å betre informasjonen om dette har Norsk institutt for studiar av utdanning og forsking (NIFU) gjennomført ein analyse av kor store ressursar som blir nytta til polarforsking generelt og til forsking på Svalbard spesielt (Rapport 82003 Norsk polarforskning – forskning på Svalbard). Rapporten viser bl.a. at det i 2002 vart utført om lag 415 årsverk i norsk polarforsking. Av desse var om lag 13 pst. utført på Svalbard. Norsk forsking utgjorde 48 pst. av den totale verksemda på Svalbard. Det samla talet på forskardøgn fordelte seg i 2002 med 11 500 forskardøgn i Longyearbyen, 10 000 i Ny-Ålesund og 6 000 andre stader. I Longyearbyen dominerte norsk forsking, medan det var overvekt av utanlandske forskardøgn i Ny-Ålesund.

Longyearbyen skule

Utgiftene til Longyearbyen skule blir dekte over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet, under kap. 222 Statens grunnskuler og grunnskuleinternat. For 2005 er det foreslått løyvd 25 mill. kr til skulen på Svalbard. I dette ligg òg dei løyvingane som er knytte til husleige og drift av lokale og tenestebustader for dei tilsette. Ein tek sikte på å overføre drifta av skulen med tilhøyrande tenester til Longyearbyen lokalstyre med verknad frå årsskiftet 2005–2006.

Longyearbyen skule vil ha om lag 233 elevar i skuleåret 2004–2005 (200 i grunnskule og 33 i vidaregåande opplæring). For fire år sidan var elevtalet 182. Det er venta ein vidare auke i talet på elevar, bl.a. på grunn av utbygging av UNIS og Svalbard forskingspark. Barn og unge som oppheld seg for kortare eller lengre tid på Svalbard, har av mange årsaker spesielle oppvekstvilkår. Det er viktig å leggje tilhøva til rette slik at svalbardsamfunnet sjølv kan setje i verk tiltak i samsvar med behova i dei ulike aldersgruppene. Longyearbyen lokalstyre har, saman med foreldra, ei viktig rolle i dette arbeidet.

Meteorologiske tenester

Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen og flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn over budsjettet til Meteorologisk institutt. For 2005 vil løyvinga til desse formåla vere om lag 10,2 mill. kr.

EISCAT

EISCAT (European Incoherent Scatter Radar) er ein internasjonal organisasjon som ved hjelp av store radarinstallasjonar driv atmosfæreforsking, bl.a. på nordlys og ozon. Informasjonen som radarane gir blir òg brukt til navigering, satellittposisjonering, telesamband med meir. Ein av desse radarane er EISCAT Svalbard radar i Longyearbyen. For 2005 vil Noreg sin kontingent til EISCAT truleg bli på om lag 2,7 mill. svenske kr. EISCAT arbeidar med å vidareføre EISCAT-avtalen, som går ut i 2006.

4.4 Finansdepartementet

Det er fastsett ei eige skattelov for Svalbard. Gjennom lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova), er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard. Personar som er busette på Svalbard og selskap som er heimehøyrande der, har på visse vilkår alminneleg skatteplikt til Svalbard. Personar og selskap har avgrensa skatteplikt til Svalbard for inntekt vunne ved arbeid eller verksemd under opphald på Svalbard, og for formue og inntekt av fast eigedom der.

Svalbard likningskontor

Ved kgl. res. 12. desember 1997 vart det vedteke at Svalbard skulle ha eit eige likningskontor med kontorstad Svalbard. Likningskontoret vart etablert i Longyearbyen i september 1998. Likningsrådet for Svalbard, som vart oppretta i medhald av den tidlegare skattelova for Svalbard frå 1925, vart formelt avvikla pr. 01.11 1998. Svalbard har eiga likningsnemnd og overlikningsnemnd. Funksjonane som fylkesskattekontor og fylkesskattenemnd for Svalbard er lagt til Troms fylkesskattekontor og Troms fylkesskattenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard likningskontor.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal likningsforvaltninga rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergartar som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til likningskontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

4.5 Samferdselsdepartementet

Telenor AS tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Tidlegare gjekk teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa via satellittsamband. Frå januar 2004 har Svalbard fått samband med fastlandet via fiberkabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet vil òg kunne nytte kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har teke initiativ til og eig kabelen, medan Telenor er gitt ansvaret for drifta. Det blir òg arbeidd med å knytte Ny-Ålesund til fiberkabelen i løpet av 2005, gjennom å etablere ein radiolink. Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i ei eiga avtale mellom Telenor og Justisdepartementet.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Underskotet ved denne tenesta er dekt gjennom løyvinga til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementet sitt budsjett. For 2005 er det sett av 7 mill. kr til kjøp av ulønsame posttenester på Svalbard. Dette er ein nedgang frå 2004 som i hovudsak skuldast at Posten ikkje lenger praktiserar same portosatsar på pakkepost til og frå Svalbard som på pakkepost elles i Noreg.

4.6 Barne- og familiedepartementet

Barnehagar

Ved utgangen av 2003 var det 108 barn i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard. Desse barna gjekk i til saman tre barnehagar, ein familiebarnehage og to ordinære barnehagar som alle ligg i Longyearbyen.

Lov 5. mai 1995 nr. 19 om barnehager (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Barne- og familiedepartementet har i medhald av § 26 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad på Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for barnehagedrifta, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet.

Barnehagane på Svalbard får statstilskot til drift over Barne- og familiedepartementet sitt budsjettkapittel 856 Barnehagar, post 60 Driftstilskot til barnehagar. Barnehagedrifta i Longyearbyen er i dag regulert gjennom vilkår stilte for dette tilskotet, og vilkåra tek utgangspunkt i føresegnene i barnehagelova så langt dei passar. Dette inneber t.d. at barnehagane må halde seg til gjeldande krav til personale, lokale og uteområde, og arbeide i samsvar med Rammeplan for barnehagar.

Barnehageeigarane søkjer om statstilskot. Longyearbyen lokalstyre kontrollerer at opplysningane i søknadene er korrekte og søkjer om driftstilskot på vegner av barnehagane. Det er Barne- og familiedepartementet som behandlar søknadene og utbetalar tilskotet. Vidare gjennomfører Sysselmannen synfaring og tilsyn med barnehagane etter avtale med Barne- og familiedepartementet. Dei sistnemnde oppgåvene blir utførte av barnehagekonsulenten i Longyearbyen lokalstyre. Barnehagekonsulenten har også vegleiingsansvar for barnehagane.

Etter Barne- og familiedepartementet si oppfatning fungerer ordninga med forvaltning av statstilskotet og drift av barnehagane tilfredsstillande.

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2003 utbetalt barnetrygd til om lag 340 barn busette på Svalbard. I 2005 er det venta at 4,2 mill. kr vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2005 rekna ut at om lag 0,45 mill. kr vil gå til kontantstøtte på Svalbard over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

Barnevernet

Frå 01.01.2004 vart fylkeskommunane sine oppgåver på barnevernområdet overførte til statleg styresmakt. Dette inneber bl.a. at ansvaret for etablering og drift av barneverninstitusjonar, ansvaret for rekruttering og formidling av fosterheim og for at fosterheimane får nødvendig opplæring og generell vegleiing ligg til statleg styresmakt.

Forskrift 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntjenestens anvendelse på Svalbard, regulerer fordelinga av ansvar og dekninga av utgifter til barneverntiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Gjennom forskrifta hadde opphavleg Fylkesnemnda i Troms og Finnmark, Troms fylkeskommune og Fylkesmannen i Troms fått utvida sitt ansvar på barnevernområdet til Svalbard. Som ein konsekvens av at fylkeskommunane sine oppgåver på barnevernområdet skulle overførast til statleg styresmakt, vart det behov for å endre forskrift om lov om barneverntjenestens anvendelse på Svalbard. Ved forskriftsendring 28. november 2003 vart forskrifta § 3 endra slik at ansvaret på Svalbard for rekruttering og formidling av fosterheim, og for at fosterheimane får nødvendig opplæring og generell vegleiing, vart overført frå Troms fylkeskommune til statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord. Endringa trådde i kraft 01.01.2004.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Longyearbyen sjukehus gir helsetenester til den norske befolkninga på Svalbard og alle som ferdast på og rundt øygruppa. Den russiske busetnaden i Barentsburg har eiga helseteneste som er eigenfinansiert, jf. reglane i Bergverksordninga for Svalbard.

Longyearbyen sjukehus er eit akuttmedisinsk beredskapssjukehus og yter 1. og 2. linjetenester, dvs. tenester tilsvarande eit helsesenter på fastlandet. Ved større ulykker må det tilkallast hjelp frå fastlandet. Frå 1993 har det vore stasjonert eit redningshelikopter på Svalbard. Personell frå sjukehuset skal innafor beredskapsordninga si bemanne helikopteret ved ambulanseoppdrag.

Frå 2002 vart Longyearbyen sjukehus lagt under det regionale helseføretaket Helse Nord RHF. Organisatorisk er Longyearbyen sjukehus tilknytt Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF. Som følgje av omlegginga er løyvingane til sjukehuset lagt inn i ramma til Helse Nord RHF, jf. kap. 732, post 75.

4.8 Moderniseringsdepartementet

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedommane i Longyearbyen, bl.a. Longyearbyen skule, Svalbard kyrkje, Sysselmannen sin administrasjonsbygning, post- og bankbygget, fleire lagerbygningar og 139 bueiningar. Statsbygg forvaltar òg dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Statsbygg har avtale med Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF om drift av sjukehuset i Longyearbyen.

Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen, Svalbard kyrkje og Sverdrupstasjonen i Ny-Ålesund vart innlemma i husleigeordninga frå 01.01.2004. Drifts- og vedlikehaldskostnader for eigedommane blir dekte over Moderniseringsdepartementet kap. 2445 Statsbygg.

Etter påbod vart arbeidet med utbetring av brennstoffanlegget på Hopen gjort i 2003, og arbeidet med å utbetre tankane på Bjørnøya vil starte i 2004. Etter påbod frå Arbeidstilsynet vil Svalbard kyrkje blir utbetra i løpet av 2004. Arbeidet med nytt tilbygg for ungdomstrinnet ved Longyearbyen skule vil starte i 2004 med fullføring i 2005.

4.9 Kultur- og kyrkjedepartementet

På Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett for 2005 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det er over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd foreslått eit tilskot på 132 000 kr til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 150 000 kr til bibliotekteneste på Svalbard i 2005. Svalbard Samfunnsdrift AS har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Kultur- og kyrkjedepartementet gir pressestøtte til Svalbardposten. Svalbardposten fekk 247 000 kr i produksjonstilskot i 2004. Tilskotet for 2005 vil avhenge av opplagstala til avisa, og blir endeleg fastsett i oktober d.å. Utbetaling av tilskot skjer etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa.

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstmenn og andre som overvintrar rundt om på Svalbard.

Kyrkja har som mål at også utanlandske busette på Svalbard skal få tilgang til kyrkjelege tenester. Ein søkjer å leggje praktisk til rette for at befolkninga i Barentsburg og i Hornsund òg kan betenast av prestar tilhøyrande deira eigne kyrkjesamfunn.

Kyrkja på Svalbard utfører alminnelege tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg. Peisestova i kyrkja er dessutan samlingsstad både for kyrkjelege aktivitetar og for lokalbefolkninga. Den er òg mykje besøkt av turistar.

I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt. Kyrkja får si løyving over svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 1.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2005

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2003, vedteke budsjett for 2004 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2005. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

     

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Utgifter

150 296

169 453

195 245

Inntekter

81 517

50 240

59 330

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

0001

Svalbard kyrkje

1 811

1 800

3 144

74,7

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

960

960

960

0,0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

51 688

51 530

66 810

29,7

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

19 280

19 450

26 240

34,9

0006

Sysselmannen si transportteneste (jf. kap. 3006)

48 379

59 550

62 200

4,5

0007

Tilfeldige utgifter

4 138

4 200

4 100

-2,4

0009

Kulturminnetiltak

1 921

2 050

2 050

0,0

0011

Bergmeisteren

1 512

1 600

1 430

-10,6

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

2 450

2 700

2 700

0,0

0018

Fyr og radiofyr

3 285

3 350

3 350

0,0

0019

Staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen

5 450

100,0

0020

Staten sine bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

12 996

20 063

14 656

- 27,0

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard

1 877

2 200

2 155

-2,0

Sum kategori 06.80

150 296

169 453

195 245

15,2

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

01-23

Driftsutgifter

94 568

113 313

123 875

9,3

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

630

950

900

-5,3

50-58

Overføringar til andre statsrekne­skapar

2 450

2 700

2 700

0,0

70-89

Overføringar til private

52 648

52 490

67 770

29,1

Sum under departementet

150 296

169 453

195 245

15,2

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2003

Saldert budsjett 2004

Forslag 2005

Pst. endr. 04/05

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

1 201

200

200

0,0

3006

Sysselmannen si transportteneste (jf. kap. 6)

1 379

1 100

1 100

0,0

3020

Staten sine bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

3 908

3 740

3 440

-8,0

3030

Skattar og avgifter

75 029

45 200

54 590

20,8

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

70 412

119 213

135 915

14,0

Sum kategori 06.80

151 929

169 453

195 245

15,2

Til dokumentets forside