St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 — Utgiftskapitler: 1800–1870, 2440 og 2490 Inntektskapitler: 4800–4860, 5440, 5490, 5680 og 5685

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

4 Prosjekt under utbygging

Olje- og energidepartementet gir ein gong per år ei samla utgreiing om kostnads- og lønnsemdsutviklinga for dei enkelte prosjekta der plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) er blitt lagt fram for styresmaktene, og der prosjekta framleis er under utbygging eller har kome i produksjon etter 1. august året før, jf. St.meld. nr. 37 (1998-1999). I utgreiinga samanliknar ein anslag per 15. juli 2006 med talmateriale frå PUD/PAD-tidspunktet. Som bakgrunn for utgreiinga har departementet innhenta opplysningar frå operatørane for dei enkelte prosjekta.

Tabell 4.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

(i mill. 2006-kroner)

PUD/PAD- estimat

Nye anslag

Endring

Endring i pst.

Ekofisk Vekst

8 422

10 245

1 823

21,6

Kep 2005

5 902

4 091

-1 811

-30,7

Fram Øst

3 888

4 582

694

17,9

Oseberg Delta

1 854

2 127

273

14,7

Ormen Lange/Langeled (er rapportert samla)

70 387

67 814

-2 573

-3,7

Oseberg Vestflanken

2 242

2 508

266

11,9

Vilje

2 090

2 489

399

19,1

Njord gasseksport

1 091

1 155

64

5,9

Snøhvit LNG1

42 531

61 642

19 111

44,9

Visund gasseksport

2 753

2 643

-110

-4,0

Kristin

17 362

21 375

4 013

23,1

Volve

2 020

2 316

296

14,7

Statfjord senfase

13 844

14 541

697

5,0

Tampen Link

1 522

1 897

375

24,6

Skinfaks/Rimfaks IOR

3 529

3 727

198

5,6

URD (Norne satellitter)

3 544

3 732

188

5,3

Alvheim

8 791

9 639

848

9,6

Enoch

167

219

52

31,1

Blane

1 683

2 513

830

49,3

Ringhorne Øst

1 028

810

-218

-21,2

Tyrihans

13 809

13 842

33

0,2

Tordis IOR

1 807

1 836

29

1,6

SUM

210 266

235 743

25 477

12,1

1  Anslaget inneheld òg investeringar i LNG-skip.

Auke i investeringsnivået på felt under utbygging treng ikkje å vere negativt. Dersom det høgare investeringsnivået skuldast ytterlegare kommersiell utnytting vil det medverke til auka verdiskaping frå prosjekta og er dermed ønskeleg. Samla viser dei oppdaterte investeringstala ein auke på om lag 25,5 mrd. 2006-kroner i forhold til PUD/PAD-tidspunktet, jf. tabell 4.1. Snøhvit står for det vesentlege av auken. I utrekningane av utvikling i lønsemd 1 er det sett bort frå effektar som skuldast skilnader i venta olje-, gass- og NGL-prisar i dag og på PUD/PAD-tidspunktet. Ser ein bort frå prisendringar er den totale lønsemda redusert. Dette skuldast i all hovudsak Snøhvit og Kristin.

Det har vore ein generell kostnadsauke i oppstraumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og internasjonalt den siste tida. Eit høgt aktivitetsnivå med press på kapasiteten i leverandørindustrien er ei årsak til dette. I tillegg har det vore sterk økonomisk vekst i andre delar av verda med tilhøyrande vekst i etterspørselen etter innsatsfaktorar. Auka pris på innsatsfaktorar som for eksempel stål medfører auka kostnadsnivå i olje- og gassverksemda. Fleire prosjekt på norsk sokkel får høgare kostnader som følgje av den generelle kostnadsutviklinga.

Investeringsanslaga på Ormen Lange er reduserte med 2 573 mill. kroner som følgje av at Langeled er blitt billegare enn estimert. Lågare investeringar og auka prisar gir auka lønsemd.

For Kristin-feltet er investeringsanslaget auka med 4 013 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak ny borestrategi som inneber at dei fleste brønnane blir bora horisontalt under svært høgt trykk og temperatur. Dette medfører at utstyr må skiftast ut oftare enn planlagt og at boringa tek lengre tid. I tillegg har forseinkingar og dårleg vêr redusert effektiviteten i bore- og kompletteringsoperasjonane. Det er òg ein auke i anslaga for plattforma og undervassanlegget. I tillegg vart det våren 2005 bestemt å utvikle Tofte-reservoaret som vart påvist i samband med boring av den første produksjonsbrønnen på Kristin-feltet. Lønsemda er redusert som følgje av det auka investeringsestimatet, og platånivået for produksjonen blir nådd seinare. Kristin kom i produksjon 3. november 2005.

Kep 2005, som skal setje Kårstø i stand til å prosessere gass frå Kristin, har ein reduksjon i investeringane på 1 811 mill. kroner. Dette skuldast at kontraktane har hatt lågare inngangsverdi enn estimert. Dette skuldast delvis marknaden og delvis ein integreringseffekt ved å slå saman kontraktar. Dessutan er estimatet for uvisse justert ned etter kvart som prosjektet modnar.

Blane har ein auke på 830 mill. kroner. Størstedelen av denne auken skuldast auka kostnader til subsea-arbeid. Lønsemda er noko redusert som følgje av dette.

Investeringsanslaget for Ekofisk Vekst er auka med 1 823 mill. kroner. Dette skuldast hovudsakeleg at anslaga er oppdaterte slik at prosjektet no inneheld boring av 30 brønnar, mot opphavleg 25 brønnar. Produksjon og lønsemd i prosjektet har auka.

Investeringsanslaget for Fram Øst er auka med 694 mill. kroner. Dette skuldast blant anna at innkjøp av reservedelar før oppstart ikkje var inkludert i PUD.

Auken i investeringsanslaget for Oseberg Delta på 273 mill. kroner skuldast dels prisauke på røyrleidningar og brønnar og dels seinare produksjonsstart grunna forseinkingar i boreprogrammet. Dette har i neste omgang medført noko redusert lønnsemd.

Investeringsanslaget for Oseberg Vestflanken er auka med 266 mill. kroner i forhold til PUD. Produksjonen starta 8. februar 2006, tre månader forseinka i forhold til opphavleg plan. Dette har òg medverka til at lønnsemda i prosjektet er redusert.

Når det gjeld Vilje er investeringsanslaget auka med 399 mill. kroner. Dette skuldast blant anna krav frå styresmakter og partnarar om fleirfasemåling og auka kostnader knytte til utmating av brønnhovud. Det er òg venta ein prisauke på brønnar grunna auka kontraktprisar på utstyr og auka riggrate.

Volve har ein auke i investeringsanslaget på 296 mill. kroner. Årsaka er hovudsakeleg auka bore- og brønnkostnader som følgje av utviklinga i marknaden.

Bakgrunnen for auken på 697 mill. kroner i investeringsanslaget for Statfjord seinfase er avgjerda om tre nye brønnar på Statfjord A for å auke oljeproduksjonen. Driftskostnadene ved feltet har auka som følgje av auka gasstransport. Lønnsemda er dermed noko redusert.

For Tampen Link er det innrapportert ein auke i investeringsanslaget på 375 mill. kroner i forhold til PUD. Årsakene er betydeleg kostnadsauke i marknadene for leveransar innan undervasstenester, røyrlegging og stål, og tilknyting til Flags røyrleidning.

Investeringane for Alvheim er auka med 848 mill. kroner. Også her er forklaringa generell kostnadsauke i marknaden.

For Ringhorne Øst er investeringsanslaget redusert med 218 mill. kroner. Årsaka er i første rekkje reduserte kostnader i samband med boring. Lønsemda i prosjektet er redusert grunna meir konservative estimat for oljeproduksjon.

For Njord gasseksport, Visund gasseksport, Skinfaks/Rimfaks IOR, URD (Norne Satellittar), Enoch, Tyrihans og Tordis IOR er endringane i investeringsanslaga så små at det ikkje blir gjort nokon nærare gjennomgang her.

Kostnadsutvikling i Snøhvit-prosjektet

Dei siste offisielle anslaga for Snøhvit LNG viser ein auke i investeringane på om lag 19,1 mrd. kroner i forhold til PUD. Nytt godkjent teknisk konsept med to røyr og ingen kompresjonsplattform er då inkludert i tala. Hovudårsaka til auken er at prosjektet var umoge på avgjerds­tidspunktet og at konsekvensane av å auke kapasiteten til LNG-anlegget med 30 pst. vart undervurderte. Manglande og forseinka leveransar av teikningar og material frå hovudkontraktoren, sein mobilisering og låg produktivitet på hovudverkstaden som førte til mykje ekstra arbeid på Melkøya, og undervurdering av arbeidsomfanget, trekkjer alt saman i negativ retning når det gjeld totale investeringar.

Totaloverslaget for kostnadene på Snøhvit-prosjektet er uendra i forhold til det Statoil rapporterte hausten 2005, det vil seie 58,3 mrd. kroner. 2

Regulære gassleveransar er planlagt frå 1. desember 2007. Dette tidspunktet er uendra i forhold til kva Statoil rapporterte hausten 2005. Statoil opplyser at prosjektet trass overskridingar framleis er lønsamt.

Då Snøhvit vart behandla i Stortinget i mars 2002 var kostnadsanslaget for prosjektet 39,5 mrd. kroner. Departementet vart første gongen orientert om mogleg kostnadsauke for Snøhvit-prosjektet i september 2002. Anslaget for kostnadsauken var då 3 mrd. kroner. I desember 2002 vart det klart at kostnadsauken ville bli større enn kva ein trudde først, og total kostnadsauke for prosjektet vart vurdert til 5,8 mrd. kroner. I juni 2004 varsla Statoil ytterlegare kostnadsauke for prosjektet på 4 til 6 mrd. kroner, og i desember same året vart kostnadsauken konkretisert til 6 mrd. kroner. Auken på 7 mrd. kroner som vart rapportert hausten 2005 skuldast i hovudsak følgjande forhold:

  • Forseinka prosjektering.

  • Kvalitetsmanglar og forseinkingar på modular leverte frå Europa, som medfører auka overføring av arbeid til Melkøya.

  • Undervurdering av arbeidsomfang, særleg innan elektrodisiplinen.

  • Meirarbeid på Melkøya som forlengar og fordyrar gjennomføringa i sluttfasen.

Dette gjer at den totale kostnadsauken er på 18,8 mrd. kroner, ein auke på nærare 50 pst. i forhold til det som var lagt til grunn ved stortings­behandlinga av utbygginga.

Statoil har informert om at dei vil setje i verk tiltak for å sikre at prosjektet blir sluttført på ein sikker og effektiv måte. I tillegg til ei rekkje direkte tiltak i prosjektet gjennomfører Statoil enkelte endringar knytte til leiing og organisasjon. Statoil opplyser vidare at det vil bli gjennomført ein uavhengig gjennomgang av heile prosjektet for å ta lærdom av erfaringane. For ikkje å forstyrre sluttføringa, vil denne gjennomgangen bli sett i verk etter at prosjektet er ferdigstilt.

5 Olje- og energidepartementets utgreiing for likestilling

Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter auka aktivitetsplikt for å fremje likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Olje- og energidepartementet (OED) har gjennomgått alle budsjettområda i departementet og har utført ei likestillingsvurdering innanfor departementets budsjettområde. Etter gjennomgangen har departementet konkludert med at det ikkje finst løyvingar som eignar seg for særskilte kjønns- og likestillingsanalysar på det noverande tidspunktet.

OED har vidare i 2005/2006 teke initiativet til utgreiingsprosjektet «Kvinner og menns representasjon og innflytelse i olje- og energisektoren». Utgreiinga vart ferdigstilt i mai 2006.

5.1 Kvinner og menns representasjon og innverknad i olje- og energisektoren

Formålet med prosjektet har vore å få oversikt over kvinner og menns representasjon på ulike nivå som grunnlag for å utarbeide verkemiddel for å få fleire kvinner til leiarstillingar og styreverv i sektoren. Olje- og energinæringa sysselset langt fleire menn enn kvinner (80 og 20 pst. respektivt). Det kan derfor vere mogleg at tilfanget av kompetent personell ikkje er nytta fullt ut. Kvinner representerer eit potensielt reservoar for auka rekruttering til sektoren og til sentrale posisjonar i dei enkelte verksemdene.

Rapporten er utarbeida av Norut Samfunnsforsking as på oppdrag frå OED, i samarbeid med Oljeindustriens Landsforeining (OLF), Norsk Industri (tidlegare Teknologibedriftenes Landsforeining) og Energi­-bedriftenes Landsforeining (EBL). Prosjektet er òg delfinansiert av NHOs Arbeidsmiljøfond.

Rapporten er eit resultat av to spørjeundersøkingar retta mot verksemder og individ knytt til bransjeorganisasjonane som inngår i oppdragsgivargruppa. Til saman vart 471 verksemder inkluderte i Survey 1 3. Totalt 186 eller 40 pst. svara. Av dei som svara var om lag 10 pst. kvinner. Til saman 470 personar frå 54 ulike verksemder svara på Survey 2. Her var kjønnsfordelinga 27 pst. kvinner og 73 pst. menn.

Kva seier kartlegginga?

Undersøkinga viser at eit fåtal av verksemdene har etablert ein praksis for å auke kvinnedelen blant leiarane og styremedlemmene sine. Det var 20 pst. som hadde konkrete mål for likestilling, 8 pst. som hadde handlingsplan for likestilling og 23 pst. hadde i løpet av dei siste tre åra gjennomført tiltak for å auke kvinnedelen.

Det har likevel vore ei positiv utvikling. Delen verksemder som hadde sett i verk tiltak vart meir enn dobla frå 2002 til 2005 (8 pst. av verksemdene i 2002 mot 19 pst. i 2005). Det tyder på at sektoren er blitt meir oppteken av å gjere noko med den låge kvinnedelen.

Hovudresultata frå kartlegging viser:

  • Funn frå den første undersøkinga viser ein total kvinnedel på 20 pst. i styra for verksemdene. Kvinnedelen i styra aukar med storleiken på bedrifta, men variasjonane er små.

  • Delen kvinnelege leiarar i olje- og energisektoren er rapportert til 15 pst. i gjennomsnitt. Delen toppleiarar er noko lågare, 12 pst., mens mellomleiarar og andre leiarar ligg på respektive 15 og 17 pst. Meir enn 80 pst. av verksemdene rapporterer at dei har leiargrupper.

  • Hovudtyngda av dei kvinnelege leiarane er 36 til 45 år, mens hovudtyngda av dei mannlege leiarane er 46 til 55 år.

  • Intern rekruttering er den desidert mest brukte måten når det gjeld rekruttering til leiarstillingar. Det er òg slik at leiarstillingane berre unntaksvis blir lyste ut. Det betyr at personlige relasjonar på arbeidsplassen spelar ei vesentleg rolle for å bli rekruttert til leiarstillingar i olje- og energisektoren.

  • Dei aller fleste styremedlemmene opplever å ha innverknad på styret sitt arbeid, men ein relativt større del menn enn kvinner opplever ofte å få gjennomslag for synspunkta sine i styret.

  • Også leiarane gir til kjenne at dei opplever å ha stor innverknad på viktige avgjerdsprosessar. Dei mannlege leiarane rapporterer i større grad at dei opplever stor innverknad, men forskjellane er ikkje veldig store.

Utfordringar framover

Rapporten understrekar at utfordringane olje- og energisektoren står overfor når det gjeld rekruttering av kvinner til leiarstillingar og styreverv er samansette. Det er peikt på tre hovudutfordringar som må møtast med ulike typar verkemiddel retta mot forskjellige aktørar.

Den første utfordringa gjeld dei kvinnene som per i dag faktisk er i sektoren. Det er dei som i første rekkje ligg an til å bli leiarar, ikkje minst fordi rekruttering til leiinga i hovudsak skjer internt. Som tilsette er dei vurderte som kompetente til å arbeide i sektoren og dei har opparbeidd bransjekompetanse. I høve til dei kan kompetanseoppbygging vere eit godt tiltak. Her er det erfaringar å byggje på i sektoren. Tiltak for å betre høvet for kvinner til å bli sett på som kompetente individ i organisasjonen kan òg vere viktig.

Den andre utfordringa knyter seg til å gjere olje- og energisektoren attraktiv for kvinner. Situasjonen på den norske arbeidsmarknaden tilseier at dei fleste sektorane har behov for å auke tilfanget av kvalifiserte arbeidstakarar. Dersom kvinner skal velje ein for dei utradisjonell utdannings- og yrkesveg, må bransjen framstå som attraktiv. Det kan den blant anna gjere noko med i tilsetjingsprosessen, frå utlysing av stilling, via intervjusituasjonen til kva som til slutt inngår i tilbodet om arbeid.

Den tredje utfordringa handlar om å auke tilfanget av kvinner. Det gjeld for det første å ha eit bevisst forhold til kva relevant kompetanse kan vere. Det kan tenkjast at andre utdanningar enn dei som vanlegvis er sett på som relevante kan tilføre sektoren ny og verdifull kompetanse og at kvinner allereie innehar slik kompetanse. For det andre handlar det om å få jenter til å interessere seg for relevante fag og utdanningar.

Vegen vidare

Tiltak for å auke kvinnedelen blant leiarar i olje- og energisektoren kan både rettast inn mot å tilpasse kvinner til leiarstillingar i sektoren og mot sektoren sjølv slik at den tilpassar seg den kompetansen og livssituasjonen kvinner har. Sjansen for å lukkast med å skape tiltak som faktisk fører til auka kvinnedel, aukar med viljen til tilpassing hos begge partar.

Resultata frå undersøkinga tilseier at det er vilje i verksemdene til å gjere noko og at det finst verkemiddel å byggje på. Hovudutfordringa blir å finne måtar å kople desse saman på slik at kvinner blir sett, kjem i posisjon og får høve til å bruke og utvikle kompetansen sin vidare.

Både OLF og EBL har på bakgrunn av funna i prosjektet uttala at dei vil arbeide vidare med å auke kvinnedelen i næringa. Departementet vil følgje utviklinga framover.

5.2 Status i departementet og underliggjande etatar

For å beskrive situasjonen vedrørande likestilling i OED og underliggjande etatar er det i tabellen nedanfor presentert ein kjønnsdelt statistikk på sentrale personalområde:

Tabell 5.1 Kvinnedel av talet på tilsette, leiarar og nyrekrutterte

 

Tal tilsette

Leiarar

Nyrekrutterte

Totalt1

Tal kvinner

Del kvinner i pst.

Totalt1

Tal kvinner

Del kvinner i pst.

Totalt 2005

Tal kvinner

Del kvinner i pst.

Olje- og energi- departementet

125

60

48

24

7

29

24

13

54

Noregs vassdrags- og energidirektorat

462

167

36

35

7

20

54

20

37

Oljedirektoratet

210

95

45

11

5

45

3

1

33

Gassnova

6

2

33

1

0

0

5

2

40

Samla

803

324

40

71

19

27

86

36

42

1 Kjelde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. mars 2006.

Oljedirektoratet

I Oljedirektoratets (OD) personalpolitikk går det fram at OD skal fremje likestilling mellom kjønna. Arbeidet for likestilling skal vere ein integrert del av verksemda som det blir fokusert på ved:

  • tilsetjing,

  • utfordrande oppgåver som inneber større ansvar og eksponering internt i OD og hos næringa og i departementet,

  • lagsamansetjing,

  • formelle leiarar - tidsavgrensa tilsetjing/utpeiking,

  • andre leiarfunksjonar som pådrivar, koordinator og

  • eksterne kontaktpunkt.

I vurderinga av behov for nye medarbeidarar inngår ein analyse av alders- og kjønnssamansetjinga i forhold til aktuelt fagområde.

I ODs tilpassingsavtale går det fram at lønnsfastsetjing skal baserast på kjønnsnøytrale kriterium.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

I Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) personalpolitiske retningslinjer går det fram at likestilling skal praktiserast slik at det medverkar til at alle arbeidstakarar, uavhengig av kjønn, får same høve til arbeid som fremjar fagleg og personleg utvikling.

Det er i tillegg forhandla fram ei ny føresegn om likestilling i NVEs tilpassingsavtale til Hovudavtala for statstilsette, blant anna:

  • Det er ei målsetjing å få til ei jamnare kjønnsfordeling i alle stillings­grupper.

  • Den enkelte leiaren skal vere særleg merksam på å leggje forholda til rette for at kvinnelege tilsette får kvalifiserande arbeidsoppgåver på lik linje med menn. Dette inneber blant anna tilrettelegging for kompetansegivande kurs/utdanning.

  • For å ta vare på prinsippet om lik lønn for arbeid av lik verdi, skal lønnsfastsetjing baserast på kjønnsnøytrale kriterium.

  • Ved tilsetjing gjeld følgjande prinsipp: dersom det er mindre enn 40 pst. kvinner i den aktuelle stillingsgruppa, går kvinneleg søkjar med tilnærma like kvalifikasjonar føre. Utlysingsteksten for stillingar skal utformast med sikte på å rekruttere kandidatar av begge kjønn. Ved utlysing av stilling innanfor stillingsgrupper der kvinner er underrepresenterte, skal det i utlysingsteksten takast inn oppfordring til kvinner om å søkje stillinga.

  • Ved oppretting av prosjektgrupper og utval bør det vere minst 40 pst. representasjon av begge kjønn.

  • Praktisering av permisjonsreglar og andre rettar som særleg blir nytta av kvinner må ikkje føre til at kvinner får dårlegare vilkår enn menn.

  • Det skal jamleg givast informasjon/opplæring til NVEs leiing om forhold knytte til praktisk likestillingsarbeid i verksemda.

Olje- og energidepartementet

I OEDs tilpassingsavtale er det nedfelt at OED skal leggje vekt på å stimulere likestillingsarbeidet på dei områda der departementet står som arbeidsgivar, blant anna:

  • Den enkelte leiaren skal medverke til at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet. Avdelingsleiarane har eit særskilt ansvar for at likestillingsarbeidet blir følgt opp i eiga avdeling.

  • Omsynet til likestilling skal vere eitt av kriteria som blir lagt til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.

  • Kunngjering av leiarstillingar skal innehalde ei spesiell oppfordring til kvinner om å søkje dersom 40 pst. kvinnerepresentasjon ikkje er oppfylt.

  • Oppfølging av likestillingsrelaterte funn i OEDs årlege personal­statistikkar.

  • Eigen likestillingstillitsvalt som blant anna har som oppgåve å kommentere dei årlege personalstatistikkane og har uttalerett i alle tilsetjingssaker og utnemningar av embete i departementet.

Tabell 5.2 Stillingskategoriar fordelt på kjønn og gjennomsnittleg lønnstrinn i OED per 31. desember 2005

Stillingskategori

Kvinner

Menn

Alle

Ltr.

Ltr.

Ltr.

Leiarar

70,5

76,5

74,6

Spesialistar

67,0

63,9

64,8

Saksbehandlarar

46,4

47,7

47,1

Kontor

40,8

40,8

Samla

49,9

57,2

53,8

Per 31. desember 2005 hadde OED fem kvinner og ingen menn som arbeidde deltid.

6 Fornying, organisasjons- og strukturendringar innanfor Olje- og energidepartementets ansvarsområde

Systematisk oppfølging av felt i modne område

Det er store attverande olje- og gassressursar i produserande felt og i nærleiken av eksisterande infrastruktur på norsk kontinentalsokkel. Per i dag er det 50 felt i produksjon. Olje- og energidepartementet (OED) innførte i januar 2006 eit nytt system for oppfølging av desse olje- og gassfelta. Systemet inneber at operatørselskapa årleg rapporterer ulike parameter på feltnivå til OED. Formålet med systemet er å gi styresmaktene ei meir systematisk oversikt over verksemda på olje- og gassfelta i produksjon. Dette gir dermed eit betre grunnlag for å strukturere og prioritere styresmaktene si oppfølging av verksemda.

Tiltak for å fremje effektiviteten på norsk kontinentalsokkel

Det er avgjerande for verdiskapinga på norsk kontinentalsokkel at alle tildelte areal blir utforska og utnytta på ein effektiv måte. Eit av verkemidla som styresmaktene har for å oppnå dette er arealavgifta.

Endring i arealavgifta

Det var OEDs vurdering at arealavgifta slik den låg føre ikkje gav god nok stimulans til effektiv utnytting av dei tildelte areala. OED har derfor valt å endre systemet for arealavgift for å styrkje ressursforvaltningsfunksjonen. Hovudtrekka i endringane går kort sagt ut på følgjande:

  • Den reelle maksimale avgiftssatsen blir tre­dobla.

  • Avgifta blir eskalert over tre år i staden for ti år etter avslutta initiell periode.

  • Det blir gitt fritak i arealavgifta når det blir innlevert ein plan for utbygging og drift. Dette fritaket varer så lenge det er produksjon.

  • Det blir gitt fritak frå avgifta i to år dersom utvinningsløyvet gjennomfører ei undersøkingsboring i forlengingsperioden.

  • Fritaka gjeld i utgangspunktet for dei areala som avgrensar prospektet som er under boring eller funnet/funna som blir utbygde.

Endringane vart vedtekne i statsråd 30. juni 2006 og har verknad frå 1. januar 2007. Desse endringane vil gi selskapa sterkare insentiv til å setje i gang aktivitet eller avhende areal som det ikkje blir arbeidd aktivt med. Avhending kan skje gjennom sal eller tilbakelevering til staten. Ved tilbakelevering til staten vil områda kunne gjerast tilgjengelege for andre rettshavarar gjennom konsesjonsrundar. OED vil følgje opp effektane av endringane og eventuelt kome med fleire tiltak dersom desse endringane ikkje gir ønskeleg effekt.

Forskrift om andre sin bruk av innretningar

Det er blitt sett i verk tiltak for å oppnå effektiv bruk av innretningar på norsk sokkel. Eit eksempel på dette er at OED i 2005 utarbeidde ei forskrift om andre sin bruk av innretningar for prosessering og transport av petroleum. Forskrifta trådde i kraft 1. januar 2006. Formålet med forskrifta er å oppnå effektiv bruk av innretningar for å sikre rettshavarar gode insentiv til leite- og utvinningsverksemd.

Styrkt avgjerdsgrunnlag for konsesjonsbehandling av vindkraftanlegg

Regjeringa har som mål å leggje til rette for auka utbygging av miljøvennleg vindkraft. I den samanhengen blir det gjennomført fleire tiltak for å styrkje grunnlaget for ei heilskapleg vurdering av konsesjonssøknader for vindkraftverk, og å gjere denne prosessen meir effektiv og føreseieleg.

I regjeringserklæringa heiter det at ein gjennom konsesjonssystemet skal sikre ei god regional og nasjonal koordinering av vindkraftutbygginga. Dette blir følgt opp ved at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil leggje til rette for at behandlinga av konsesjonssøknader for vindkraftanlegg i utvalte regionar blir samordna i tid, og sett i samanheng med eventuelle behov og planar for å styrkje overføringsnettet. Ei slik samordning vil styrkje grunnlaget for å identifisere utbyggingsløysingar som er gunstige både for miljøet og kraftsystemet. Samordning kan medføre at konsesjonsbehandlinga av enkelte prosjekt må forskyvast i tid. Av omsyn til behovet for ny produksjon kan derfor ein del prosjekt likevel bli behandla enkeltvis når forholda tilseier det.

Miljøverndepartementet har ansvar for å utarbeide retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. OED har vore ein aktiv samarbeidspartnar i denne prosessen, og retningslinjene er på høyring hausten 2006. Retningslinjene skal blant anna medverke til ei betre koordinering av behandlinga etter energilova og plan- og bygningslova. Vidare gir retningslinjene overordna føringar for utarbeiding av regionale planar for vindkraftanlegg. I samband med dette skal NVE, i samarbeid med Direktoratet for Naturforvaltning og Riksantikvaren, i løpet av 2006 utarbeide ein fagleg rettleiar for utarbeiding av regionale planar for vindkraftanlegg.

I 2005 vart det gjennomført tematiske konfliktvurderingar av om lag 65 melde og konsesjonssøkte vindkraftverk innanfor natur- og kulturmiljø-, reindrifts- og forsvarsinteresser. NVE har hatt ansvar for å koordinere og sikre gjennomføringa. Dei tematiske konfliktvurderingane inngår i grunnlaget for NVEs konsesjonsbehandling. Våren 2006 vart det gjennomført ei brei høyring av dei tematiske konfliktvurderingane. Høyringspartane fekk høve til å uttale seg om ulike prosjekt sett i forhold til kvarandre, og om metodiske spørsmål. På bakgrunn av høyringsuttalene vil ei evaluering av ordninga med tematiske konfliktvurderingar bli sett i verk hausten 2006.

Fylkesvise planar for småkraftverk

NVE har på oppdrag frå OED utgreidd eit forslag til faglege retningslinjer for fylkesvise planar for små kraftverk i samarbeid med blant anna Direktoratet for naturforvaltning.

Arbeidet med retningslinjene er ei oppfølging av regjeringserklæringa der det står at fylkeskommunane, i samarbeid med fagetatar, skal utarbeide fylkesvise planar for bygging av små kraftverk. Formålet er å styrkje grunnlaget for ei heilskapleg vurdering av søknader om konsesjon for små kraftverk, gjere denne prosessen meir effektiv og føreseieleg, og sikre at naturmangfald, friluftsliv og store landskapsverdiar ikkje går tapt. Retningslinjene skal òg nyttast av NVE som grunnlag for ei heilskapleg vurdering av konsesjonssøknader, også der det ikkje ligg føre fylkesplan. Det er lagt til grunn at dei fylkesvise planane skal fokusere på kartlegging og systematisering av områdeverdiar. Enkeltprosjekt skal ikkje vurderast.

Forslaget til faglege retningslinjer for utarbeiding av fylkesvise planar for små kraftverk er sendt på høyring hausten 2006. Dei ferdige retningslinjene vil liggje føre i 2007.

7 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid

Olje- og energidepartementet (OED) har det overordna ansvaret for kraftforsyninga, forvaltninga av vassressursane og for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land.

Norsk petroleumsverksemd er svært viktig for ei påliteleg energiforsyning til Europa. OED er formelt ansvarleg for eit ressursforvaltningssystem som tek vare på leveransetryggleiken. Ansvaret er utøvd i samarbeid med Oljedirektoratet (OD) og Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), men det er oljeselskapa sjølve og Gassco som har det operative ansvaret for leveransetryggleiken.

OED har òg eit formelt ansvar for drivstoffberedskapen innanlands og, som andre medlemsland i Det internasjonale energibyrå (IEA), innanfor OECD-området. Nasjonalt er det ei målsetjing at denne beredskapen til ei kvar tid er tilpassa situasjonar gjennom heile krise­spekteret, frå forstyrringar i oljemarknaden i fredstid til ein eventuell beredskaps/krigsliknande situasjon.

OED beredskapslagrar per i dag petroleumsprodukt tilsvarande om lag 18 dagar normalforbruk av desse produkta i Noreg. Behaldningane av petroleumsprodukt skal kunne nyttast til å sikre forsyningane i den norske marknaden ved eventuelle forstyrringar i leveransane. I tillegg kan lagra nyttast til norske tiltak i ein koordinert krisehandteringsplan innanfor ramma av samarbeidet i IEA.

Beredskapslagring av petroleumsprodukt er ein del av det norske totalforsvarskonseptet, men trusselbiletet som Noreg står overfor har endra seg og med det behovet for beredskapslagring. Blant anna på denne bakgrunnen blir det i 2006 innført ei ny ordning for beredskapslagring av petroleums­produkt ved lov og forskrift om beredskapslagring av petroleums­produkt. Den nye ordninga inneber at selskap som produserer (raffinerer) eller importerer petroleumsprodukt blir pålagt å halde beredskapslager av desse produkta tilsvarande 20 dagar normalforbruk i Noreg. Lova gir styresmaktene heimel til å påleggje trekk i lagra, om situasjonen skulle tilseie det. Som ei følgje av denne nye ordninga vil staten selje lagra sine av petroleumsprodukt.

Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne halde ved lag normal aktivitet i samfunnet. Elektrisitetsforsyninga er òg viktig for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og halde ved lag forsvarsevna i landet under beredskap og i krig.

Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskap er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilova kapittel 6. NVE leiar Kraftforsyningas beredskaps­organisasjon (KBO), der alle einingane i kraftforsyninga deltek.

Ved langvarig mangel på evne til å dekkje behovet for elektrisk kraft (energimangel) kan styresmaktene innføre rasjonering, det vil seie tvangsutkopling av forbruk og rekvirering av produksjon. Rasjonering blir eventuelt vedteke av OED etter råd frå NVE.

Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å treffe nødvendige tiltak.

I svært vanskelege kraftsituasjonar har Statnett ansvar for å ta i bruk verkemiddel for å sikre balansen og unngå rasjonering, etter godkjenning av NVE.

Det er OED som har tilsynsansvar med utviklinga i vassdrag, og OED ved NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv anlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir teken vare på, og at det blir utarbeidd ein beredskapsplan for å handtere unormale hendingar.

OED ved NVE assisterer og rettleier kommunane om fare ved flaum og skred gjennom flaumsonekartprosjektet, program for auka tryggleik mot leirskred og ved behandling av arealplanar. NVEs flaumvarslingsteneste gir informasjon til kommunar og andre om flaumsituasjonar.

For eksisterande busetnad og infrastruktur kan NVE gi hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak mot flaum, isgang, erosjon og skred langs vassdrag. 

Ved vassdragsulykker og skadeflaum som skuldast sabotasje eller naturgitte hendingar har forvaltningsapparatet under OED viktige beredskapsoppgåver. Koordineringsansvaret ligg til dei ordinære beredskaps­styresmaktene som politi, kommune, redningssentral og fylkesmann. NVE og andre fagorgan vil først og fremst ha ei viktig rådgivande rolle.

OED baserer Krisehandteringsplanverket sitt på scenario innan ulike typar kriser som OED kan bli involvert i. Scenaria viser ansvarsområda for dei aktuelle departementa og varslingsrutinar mellom departementa.

Koordinering og informasjonsflyt har spesielt fokus. OED har utarbeidd ein ny Kriseinfoplan. Tilsette i Eining for kommunikasjon inngår i Informasjons­fagleg pool i Regjeringas krisestøtte­eining. OEDs Internettsider har ei eiga Kriseinfoside som kan aktiverast på kort tid. Det er utarbeidd standardsvar på dei mest aktuelle krisescenaria.

OED har gjennomført og delteke i relevante beredskapsøvingar i 2006 og vil føre dette vidare i 2007.

8 Sektorovergripande miljøvernpolitikk

8.1 Miljøutfordringar - status og utviklingstrekk

Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak for å betre miljøsituasjonen både innan petroleums- og energisektoren, men sektorane vil òg i framtida ha innverknad på miljøet:

  • Utslepp til luft frå petroleumssektoren kan blant anna medverke til klimaendringar, forsuring, overgjødsling og danning av bakkenært ozon.

  • Utslepp til sjø ved leiting etter og utvinning av olje og gass kan påverke det marine miljøet.

  • Utbygging av ny energiproduksjon, for eksempel i form av demningar, vegar og kraftlinjer, kan påverke natur- og kulturmiljøet.

Utslepp til luft

Petroleums- og energisektoren står for ein betydeleg del av dei norske utsleppa til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utanom metan (nmVOC), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydro­-karbon (PAH).

Utslepp til luft frå petroleumssektoren består hovudsakeleg av avgassar frå forbrenning av gass i turbinar, fakling av gass og forbrenning av diesel. Petroleumsverksemda sleppte ut 12,2 mill. tonn CO2 i 2005. I nasjonal samanheng står petroleumsverksemda for 28 pst. av CO2-utsleppa. Størstedelen av CO2-utsleppa frå petroleumssektoren er knytte til innretningane offshore. Utover dette er det CO2-utslepp frå gassterminalane på land og indirekte frå VOC-utslepp (såkalla prosessutslepp). Det er gjort store utbetringar knytte til utslepp av CO2 frå sokkelen. Auka energi­utnytting og redusert fakling har medverka til at CO2-utsleppa per produsert oljeekvivalent er redusert med om lag 21 pst. frå 1990 til 2005. Reduksjonane skuldast generelle teknologiforbetringar og utsleppsreduserande tiltak, blant anna som følgje av innføring av CO2-avgifta i 1991. Det er i dag eit høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel, samtidig som ein del av produksjonen kjem frå eldre felt der produksjonen er meir energikrevjande (blant anna grunna auka vassproduksjon). Denne utviklinga fører til at reduksjonen i CO2-utslepp per produsert oljeekvivalent ikkje har vore stor nok til å vege opp for auken i det samla energiforbruket. Særleg har auka gassproduksjon med påfølgjande gasskompresjon for eksport medført høgare kraft­forbruk, som igjen aukar utsleppa av CO2. Dei totale utsleppa av CO2 er utrekna til 12,8 mill. tonn i 2006. CO2-utsleppa frå petroleumssektoren er venta å auke fram til 2011, for deretter å minke.

Det er nær samanheng mellom utsleppa av CO2 og NOx frå petroleums­verksemda. Som for CO2 er gassforbrenning i turbinar, fakling av gass og dieselforbruk på innretningane sentrale utsleppskjelder og for NOx. Mengda utslepp avheng både av forbrenningsteknologien og av kor mykje drivstoff som blir nytta. Utsleppa av NOx frå petroleumssektoren var i overkant av 54 000 tonn i 2005, tilsvarande 25 pst. av dei totale utsleppa av NOx i Noreg. Utsleppa av NOx per produsert oljeekvivalent er redusert med 23 pst. frå 1990 til 2005. Reduksjonane i utslepp per produsert oljeekvivalent skuldast teknologiforbetringar og utsleppsreduserande tiltak. Til trass for reduksjonen av utslepp per produsert oljeekvivalent, har dei totale utsleppa av NOx frå sektoren auka frå 1991. Hovudårsaka til veksten fram til i dag er at auka aktivitet har medverka til høgare energibehov, som igjen har ført til auka utslepp. Utsleppa av NOx blir venteleg reduserte frå 2006 og framover.

Petroleumssektoren er hovudkjelda til utslepp av nmVOC i Noreg, og den står for 42 pst. av dei totale utsleppa av dette. Hovuddelen av utsleppa kjem frå lagring og lasting av råolje til havs og frå landterminalane. Mindre utslepp oppstår òg på gassterminalane og ved mindre lekkasjar. Petroleumsverksemda står for ein stadig mindre del av dei totale utsleppa av nmVOC, og prognosen for utslepp av nmVOC frå sektoren syner ein vedvarande sterkt avtakande trend i åra framover. Dette skuldast i hovudsak krav om implementering av utsleppsreduserande teknologi i medhald av forureiningslova.

Noreg skil seg frå andre land ved at vasskraft står for om lag halvparten av den totale innanlandske energibruken og 99 pst. av elektrisitetsproduksjonen. Dette medverkar på den eine sida til låge luftutslepp knytte til den innanlandske energibruken, på den andre inneber det at Noreg har eit snevrare grunnlag for utsleppsreduksjonar enn andre land.

Produksjon og bruk av elektrisk kraft kan variere betydeleg frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperaturforhold. Dette betyr blant anna at det er viktig for Noreg å ha eit fleksibelt energi­system som kan nyttast som supplement til vasskraftproduksjonen. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar – blant dei brensler som fyringsolje, gass og biomasse – auke. Sidan utslepp til luft i hovudsak kjem frå fossile brensler som fyringsolje og gass, vil utsleppa i år med mykje bruk av slike brensler vere relativt høge.

Utsleppa frå stasjonær forbrenning kjem frå fleire ulike energikjelder som blir nytta til ulik bruk. For eksempel er søppel, fyringsolje, biomasse og gass nytta i fjernvarmeanlegg. Industrien nyttar tungolje, fyringsolje, naturgass, kol og koks, mens blant anna treforedling nyttar mykje treavfall og avlut i verksemda si.

Dei viktigaste energiberarane som er nytta til oppvarmingsformål ved sida av elektrisitet er biomasse (ved, treavfall og avlut) og ulike typar fyringsolje. Fyringsolje stod for om lag 15 pst. av dei totale CO2-utsleppa frå stasjonær forbrenning i 2004 og om lag 7 pst. av dei totale CO2-utsleppa. Vedfyring, inkludert brikettar og pellets, og oljefyring stod til saman for om lag 13 pst. av dei totale utsleppa av SO2 i 2004. Om lag 2,5 pst. av utsleppa av NOx skriv seg frå vedfyring og oljefyring.

Vedfyring stod for 93 og 91 pst. av utsleppa av respektive PM10 og PAH frå stasjonær forbrenning. Utslepp av nmVOC frå vedfyring utgjorde nærare 4 pst. av dei samla utsleppa i 2004.

I tillegg til utslepp frå stasjonær forbrenning kjem utslepp frå mobil forbrenning, som transport og prosessutslepp. Desse utsleppa varierer mindre med tilsig og temperaturforhold.

Utslepp til sjø

Olje- og gassverksemda medfører utslepp til sjø av produsert vatn og kjemikaliar. Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekomande stoff frå reservoaret, og restar av tilsette stoff. I dei tilfella der produsert vatn blir sleppt ut i havet, blir det først reinsa. Etter reinsing vil vatnet berre innehalde små mengder olje, men det vil framleis innehalde andre organiske sambindingar og noko tungmetall. Produsert vatn utgjer derfor den viktigaste utsleppskjelda frå verksemda.

Oljeutsleppa frå petroleums­sektoren kjem i hovudsak frå produsert vatn ved regulær drift. I tillegg førekjem òg akutte utslepp.

Utviklinga av petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel har gradvis ført til auka volum av produsert vatn, og det er venta at voluma vil auke i åra framover. Den viktigaste årsaka til dette er at dei store oljefelta på norsk sokkel blir eldre og at dei produserer meir vatn når oljereservane minkar. Handtering av auka mengder produsert vatn er ei stor utfordring for verksemda.

Olje- og gassverksemda har i dei siste åra gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere utsleppa av produsert vatn, og innhaldet av dispergert (finfordelt) olje, andre organiske sambindingar og tungmetall i vatnet som blir sleppt ut til sjø. Tiltaka kan innebere reinjeksjon av produsert vatn i eigna geologiske strukturar og reinsing av produsert vatn før det blir sleppt ut til sjø. Dei tiltaka som er gjennomførte har ført til at veksten i utsleppa av produsert vatn er redusert og at det totale volumet dispergert olje som blir sleppt ut til sjø i det produserte vatnet er stabilisert. Industrien er i ferd med å setje i verk fleire tiltak for å avgrense utsleppa av produsert vatn. Desse tiltaka er venta å vere gjennomførte i løpet av 2006. I følgje tal frå SFT har olje- og gassindustrien sidan 2003 brukt om lag 5 mrd. kroner på tiltak for å redusere utsleppa til sjø.

Leiting, utbygging og drift av olje og gass medfører bruk av kjemikaliar. Om lag 99 pst. av kjemikaliane som er nytta i olje- og gassverksemda har så langt ein kjenner til liten eller ingen miljøeffekt, det vil seie at dei er kategoriserte som gule og grøne kjemikaliar i SFTs klassifiseringssystem. Ein stor del av desse kjemikaliane er stoff som finst naturleg i sjøvatn. Olje- og gass­verksemda har i arbeidet med å nå målet om null miljøskadelege utslepp til sjø redusert utsleppa av miljøfarlege kjemikaliar betydeleg. I perioden 2000 til 2004 er utsleppa av miljøfarlege kjemikaliar (klassifisert som svarte og raude av SFT) redusert med 85 pst. I hovudsak skuldast dette at industrien har erstatta miljøskadelege kjemikaliar med meir miljøvennlege alternativ, og at bruk og utslepp av kjemikaliar er redusert.

Hovudutfordringa for olje- og gassverksemda er å oppfylle målsetjinga om null miljøfarlege utslepp til sjø og forpliktingane i OSPAR-konvensjonen, samtidig som olje- og gassverksemda er i ein fase av produksjonen der voluma med produsert vatn aukar.

Inngrep

Utbygging av vassdrag og andre energirelaterte utbyggingar har medført inngrep i natur- og kulturmiljøa i Noreg.

Innan energisektoren har det historisk vore vassdragsutbygginga som har hatt størst verknad på biologisk mangfald, kulturlandskap og friluftsliv. Noreg har svært mange vassdrag og vassfall. Dei er svært viktige både for økonomiske interesser og for allmenne interesser som naturvern og friluftsliv. Kraftproduksjon står for den viktigaste økonomiske utnyttinga av vassdraga. Mellom 25 og 30 pst. av vassdraga er utnytta til kraftformål. I enkelte fylke er dei fleste større vassdraga utnytta.

I tida framover vil ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi kome frå småkraftverk og vindkraftverk. Ved utnytting også av desse kjeldene, og utbygginga av overføringsleidningar og andre energianlegg, står ein overfor viktige avvegingar i forhold til miljøomsyn. Vegar, kraft­leidningar og andre installasjonar i tilknyting til kraftproduksjon vil påverke økosystem, naturopplevingar og naturverdiar. Utfordringa er å finne dei løysingane som er best for miljøet ved ny kraftutbygging

8.2 Regjeringas miljøpolitikk på petroleums- og energiområdet

Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon, og vere førande innanfor utviklinga av miljøvennleg energi.

Regjeringa vil trappe opp innsatsen for å redusere CO2-utsleppa frå norsk sokkel, blant anna gjennom auka energieffektivitet.

Verksemda i Barentshavet skal baserast på målet om nullutslepp til sjø. Petroleumsverksemd i Barentshavet og Norskehavet skal vere fremst i verda i høve til oljevernberedskap og miljøovervaking.

Regjeringas mål er at Noreg skal bli verdsleiande i miljøvennleg bruk av gass. Innanfor ramma av dei internasjonale klimaforpliktingane må ein større del av naturgassen som blir utvunnen på norsk sokkel takast i bruk innanlands til industri-, energi- og transportformål. Gjennom økonomiske verkemiddel og satsing på ny teknologi vil regjeringa syte for at nye konsesjonar til gasskraftverk er baserte på CO2-fjerning.

Satsing på energieffektivisering, fornybar varme og fornybar elektrisitet er sentrale element i regjeringas miljøpolitikk på energiområdet. Noreg har gode høve til å auke energiproduksjonen, og vi kan nytte energien meir effektivt. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår for støtte til energieffektivisering og fornybar energi.

Produksjon av fornybar energi gir store fordelar på grunn av låge utslepp av klimagassar og anna forureining til luft. Regjeringa vil fremje effektiv og miljøakseptabel energiproduksjon og samtidig sikre ei bere­kraftig forvaltning av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av vindkraftverk og små vasskraftverk skjer utan at naturmangfald, friluftsliv eller store landskapsverdiar går tapt. Forsking i og utvikling av fornybar energi vil òg vere viktig vidare framover.

8.3 Rapport om aktiviteten i 2005

Gassnova vart oppretta 1. januar 2005 og er eit forvaltningsorgan med særskilte fullmakter underlagt Olje- og energidepartementet (OED). Målsetjinga for Gassnova er å utvikle kostnads­effektive og framtidsretta teknologiar for gasskraft med CO2-handtering gjennom støtte til utprøving og demonstrasjonsprosjekt. Gassnova skal medverke til at regjeringas målsetjingar knytte til utvikling og bruk av teknologiar for fangst og lagring av CO2 kan realiserast på best mogleg måte.

Regjeringa har ambisiøse mål for å realisere CO2-handtering på gasskraftverk og etablere kjeder for transport og bruk av CO2 til auka oljeutvinning. Regjeringa sette i 2005 i verk eit prosjekt for å gi eit solid grunnlag i den vidare oppfølginga av Soria Moria-erklæringa. Styresmaktenes eigne organ har brei og samansett kompetanse på CO2-handtering. Fleire av desse deltek i arbeidet.

Den britiske energiministeren og den norske olje- og energiministeren underteikna i 2005 ei felleserklæring om geologisk lagring av CO2. Det er etablert ei arbeidsgruppe med det formål å utvikle felles prinsipp som eit grunnlag for å regulere CO2-lagring i Nordsjøen.

Noreg har ei aktiv rolle i OSPAR-kommisjonen og i London-konvensjonen for å leggje til rette for lagring av CO2 i geologiske formasjonar under havet. OED har i samarbeid med Miljøverndepartementet og relevante styresmakter i Nederland og Storbritannia gått føre i dette arbeidet.

OED er aktivt med i fleire samarbeidsforum med fokus på fangst og lagring av CO2. Blant desse er Carbon Sequestration Leadership Forum (CSLF), som skal medverke til samarbeid om forsking og vidareutvikling av teknologiar knytte til fangst og lagring av CO2. Forumet har òg ambisjonar om å medverke til lønsam utnytting av CO2, blant anna til auka oljeutvinning. CSLF har i dag 22 medlemmer, blant dei USA, Canada, Storbritannia, Kina, India, Russland og Noreg, i tillegg til EU-kommisjonen og ei rekkje EU-land.

Også i 2005 har OED delteke i arbeidet under Baltic Sea Region Energy Cooperation (BASREC) for å utvikle Austersjøregionen som eit forsøksområde for dei fleksible mekanismane under Kyoto-protokollen. Rammene for dette samarbeidet er fastlagt gjennom ei felles rammeavtale (the Testing Ground Agreement) og investeringsfondet for implementering av felles gjennomføringsprosjekt i Austersjøregionen (the Testing Ground Facility). Formålet med fondet er å stimulere til realisering av felles gjennomføringsprosjekt i energisektoren i Austersjøregionen. Fondet var opphaveleg på € 15 mill., finansiert av dei nordiske landa og Tyskland. Noreg har totalt investert om lag 19 mill. kroner i fondet. Ein ny teikningsrunde vart avslutta i mars 2006, der det vart opna for private investorar, og kapitalen i fondet vart utvida til € 32,5 mill. Investerings­fondet er forvalta av miljøinvesteringsselskapet NEFCO, som har ansvar for å plukke ut potensielle prosjekt for investering. Frå 2006 har forvaltaren av fondet fått fullmakt til å vurdere prosjekt i Ukraina òg. Dei potensielle prosjekta blir vurderte av ein investeringskomité, der OED er representert. Investeringskomiteen har per 10. mai 2006 godkjent fem prosjekt, som samla er venta å gi 816 000 utsleppskredittar til ein samla kostnad på € 4,7 mill. Prosjekta gjeld utbygging av fornybar energi og energi­effektivitet, og er lokaliserte i Russland og Estland.

OED gav i 2005 ut faktahefte om petroleums­verksemda og energi- og vassdragsverksemda i Noreg. Publikasjonane inneheld eit oversyn over miljøsituasjonen innan departementets ansvarsområde, utfordringane framover og korleis styresmaktene og industrien kan møte desse.

I 2005 vart det løyvd midlar til forskingsprogrammet Langtidseffektar av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda – PROOF. PROOF er administrert av Noregs forskingsråd og har eit årleg budsjett på 20 mill. kroner. Det vart i 2005 bestemt at PROOF-programmet frå 1. januar 2006 inngår som eit delprogram i Noregs forskingsråds program Havet og kysten. Havet og kysten skal fremje forsking og med­verke til auka kunnskap om det marine miljøet.

OED medverka aktivt i arbeid med den heilskaplege forvaltningsplanen for Lofoten – Barentshavet.

Noreg vart i november 2003 partnar i den internasjonale partnarskapen for hydrogen (IPHE). Til saman deltek 16 land og EU-kommisjonen. IPHE skal medverke til å organisere, koordinere og setje i verk internasjonal FoU og demonstrasjon knytt til hydrogen og brenselceller. IPHE disponerer ingen eigne midlar, og aktivitetar og tiltak må derfor finansierast av enkelt­medlemsland eller grupper av medlemsland. Gjennom IPHE har det blant anna blitt produsert oversyn over status og forskings- og utviklingsbehov innanfor viktige tema som gjeld utviklinga av hydrogen som ein mogleg viktig energiberar i ei meir berekraftig energiframtid.

Olje- og energidepartementet og Samferdsels­departementet la i august 2005 fram ein strategi for satsing på hydrogen som energiberar. Strategien innebar etablering av ei felles plattform (hydrogenplattform) som skal koordinere verkemiddelbruken i dag på området. Som ein del av strategien oppnemnde dei to departementa i desember 2005 eit strategisk råd som skal gi strategiske innspel til styresmaktenes vidare satsingar og prioriteringar innanfor hydrogenområdet. Hydrogenstrategien dekkjer aktivitetar frå grunnleggjande forsking og fram til demonstrasjon av ny teknologi i marknaden, og er knytt både til transportsektoren og til stasjonær energiforsyning.

FoU-midlane til miljøvennleg gasskraftteknologi blir overførte til Noregs forskingsråd som ein del av Climit-programmet. Climit er administrert av Gassnova og Forskingsrådet i samarbeid, og er finansiert frå Forskingsrådets midlar til miljøvennleg gasskraftteknologi og av avkastninga frå fondskapitalen over kap. 1831.

Climit dekkjer heile kjeda frå langsiktig, kompetanseoppbyggjande forsking til å støtte prosjekt som demonstrerer handterings­teknologiar for CO2. Forskingsrådet har ansvaret for FoU-delen, mens Gassnova har ansvaret for å støtte demonstrasjonsprosjekt. I 2005 vart det utarbeidd ein teknologi­strategi for Climit. Denne tek utgangspunkt i dei føringane som er gitt for verksemda, og legg opp ein plan på kort og lang sikt innan satsingsområdet. Strategiprosessen vart gjennomført internt med basis i den kompetansen Gassnova og Forskingsrådet rår over. Som ledd i prosessen har det vore gjennomført møte med ei rekkje kompetente personar og miljø.

Enova SF har ansvaret for statens arbeid knytt til omlegging av energibruk og energiproduksjon. Enova skal medverke til å utvikle marknaden for effektive energiløysingar og miljøvennlege energikjelder gjennom tildeling av tilskotsmidlar. I løpet av 2005 har Enova inngått avtaler med 186 prosjekt som til saman gir eit energiresultat på 2 TWh/år. Resultatet fordeler seg nesten likt mellom prosjekt som gir auka energiproduksjon, og prosjekt som reduserer energibruken. Energiproduksjonen består av 585 GWh/år ny vindkraft og 409 GWh/år ny varmeenergi.

Enova inngjekk avtaler om å dekkje kostnader for tenester av allmenn økonomisk verdi knytte til realisering av mottaks- og lageranlegg for LNG i Kristiansand, Mosjøen og på Melkøya. Dei samla forpliktingane i desse avtalene er på 38,4 mill. kroner. Anlegga vil vere i drift seinast i løpet av 2008. Utbetalingar til prosjekta vil finne stad frå 2006 til og med 2008. Formålet er at naturgass over tid skal gjerast tilgjengeleg i fleire område.

Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova og forureiningslova. Konsesjonsbehandlinga etter vassressurslovverket og energilovverket for etablering av produksjon av elektrisitet er basert på grundige prosessar der fordelar og ulemper bli avvegne etter ei heilskapleg vurdering.

I 2005 vart det innført ei ordning med tematiske konfliktvurderingar av vindkraftutbyggingar. Under leiing av NVE vart det gjennomført konfliktvurdering av 65 melde og omsøkte prosjekt. Vurderingane var ferdige i januar 2006. Det vart i 2005 òg bestemt at det under leiing av Miljøverndepartementet skal utarbeidast nasjonale retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg. OED er ein aktiv samarbeidspartnar i den prosessen.

St.prp. nr. 75 (2003–2004) Supplering av Verneplan for vassdrag, vart vedteken av Stortinget i februar 2005. I suppleringa av verneplanen er 48 nye vassdrag verna, fire tidlegare vassdrag har fått utvida vern og fire vassdrag har fått justert vernegrensene. I alt representerer dette eit samla utbyggingspotensial på om lag 7,3 TWh/år. I verneplansuppleringa er det opna for konsesjonsbehandling av mikro- og minikraftverk med effekt opptil 1 MW i verna vassdrag.

8.4 Tiltak som er aktuelle på kort og lang sikt for å løyse eksisterande og førebyggje nye miljø- og ressursproblem

Utslepp frå petroleumsverksemda i Noreg er i stor grad regulerte gjennom petroleumslova, CO2-avgiftslova og forureiningslova. Petroleumsanlegg på land står overfor den same typen verkemiddelbruk som annan landbasert industri.

I petroleumslovgivinga er prosessane knytte opp mot godkjenning av nye utbyggingsplanar (PUD/PAD) sentrale. I godkjenningsprosessen av PUD/PAD kan det blant anna stillast vilkår knytte til val av tekniske løysingar som påverkar utslepp av ulike gassar, produsert vatn og kjemikaliar. Forureiningslova er blant anna nytta overfor utslepp til sjø og utslepp av nmVOC frå lasting av råolje.

Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova og forureiningslova.

Styresmaktene nyttar ulike verkemiddel i dei forskjellige fasane i petroleumsverksemda; frå leitefasen, utbyggings- og driftsfasen til avslutningsfasen. Verkemidla varierer for dei forskjellige utsleppa til luft og sjø.

For miljøskadelege utslepp av klimagassar er CO2-avgifta det sentrale verkemidlet. Bruk av gass, olje og diesel i tilknyting til petroleums­aktiviteten på kontinentalsokkelen er i medhald av CO2-avgifts­lova med verknad frå 1. januar 1991 pålagt CO2-avgift. Frå 1. januar 2006 er CO2-avgifta på sokkelen 79 øre per liter olje og per Sm3 gass (svarar til om lag kr 330 per tonn CO2). Styresmaktene kan òg nytte andre verkemiddel, som vilkår i PUD/PAD, utsleppsløyve og produksjonsløyve som blant anna omfattar fakling. Brenning av gass i fakkel ut over det som er nødvendig av omsyn til tryggleiken for normal drift, er etter petroleumslova ikkje tillate utan godkjenning frå OED.

Med klimakvotelova er det etablert eit system med kvoteplikt og fritt omsetjelege kvotar i perioden 2005 til 2007. I petroleumssektoren er det berre nokre anlegg på land, som gassprosesseringsanlegg og gassterminalar, som er underlagt kvoteplikt. Regjeringa har opna for å ta kvotedirektivet inn i EØS-avtala. Dersom Kvotedirektivet blir inkludert i EØS-avtala, vil det blant anna medføre at petroleumssektoren blir inkludert i det norske kvotesystemet frå 2008, saman med dei bedriftene som allereie har kvoteplikt for perioden 2005 til 2007.

Regjeringa vil i løpet av våren 2007 leggje fram ei stortingsmelding om sektorvise klimahandlingsplanar. Det er etablert ei interdepartemental arbeidsgruppe for dette arbeidet der Olje- og energidepartementet deltek.

Utslepp av NOx frå petroleumsverksemda er regulert ved vilkår i samband med behandlinga av PUD/PAD.

I medhald av Protokollen om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon av 1999 (Göteborg-protokollen), pliktar Noreg å redusere utslepp av NOx til 156 000 tonn og utslepp av nmVOC til 195 000 tonn innan 2010. Dette representerer ein reduksjon på respektive 29 og 35 pst. samanlikna med utsleppsnivået i 1990. For å gjennomføre desse forpliktingane vil det òg vere nødvendig med fleire tiltak i petroleums- og energisektoren. Regjeringa innfører ei NOx-avgift som, saman med andre verkemiddel, skal sikre at Göteborg-forpliktingane blir nådde innan 2010. I samband med dette arbeidet vart det oppretta ei direktoratsgruppe, beståande av Statens forureiningstilsyn, Sjøfarts­direktoratet og Oljedirektoratet.

Utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda er frå 2000 regulerte gjennom utsleppsløyve heimla i forureiningslova, som stiller krav til at oljen skal lagrast og lastast med best tilgjengeleg utsleppsreduserande teknologi (BAT). Teknologiar som kan tilfredsstille krava skal fasast inn etter ein gitt tidsplan fram til utgangen av 2008.

Operatørane for felt med bøyelasting på norsk kontinentalsokkel har etablert eit industrisamarbeid for å kunne samordne innfasing av teknologi og oppfylle kravet på ein føremålstenleg og kostnadseffektiv måte. Gjennom industrisamarbeidet ligg det til rette for erfaringsutveksling ved drift av anlegga. Avtala om industrisamarbeid vart inngått i 2002, og 26 selskap deltek i samarbeidet. Bøyelasting av olje frå Varg, Glitne, Jotun, Balder, Gullfaks, Statfjord, Draugen, Njord, Åsgard og Norne er omfatta av samarbeidet.

Det var ved utgangen av 2005 installert reduksjonsteknologi for nmVOC på 13 bøyelastarar, og i tillegg er det installert anlegg på to skip som fraktar olje frå Heidrun. Det vart i 2004 oppnådd ein estimert reduksjon av nmVOC på 38 762 tonn. Framover vil det bli fokusert på tiltak for å oppnå høg drifts­regularitet på eksisterande anlegg.

Regulering av miljøskadelege utslepp til sjø vil framleis skje gjennom utsleppsløyve. Samtidig blir arbeidet med å nå målet om null miljøfarlege utslepp til sjø frå petroleumsverksemda ført vidare. Nullutsleppsmålet vart etablert i St.meld. nr. 58 (1996–1997) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling. Nullutsleppsmålet er ytterlegare spesifisert og konkretisert i St.meld. nr. 12 (2001–2002) Rent og rikt hav, St.meld. nr. 25 (2002–2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, St.meld. nr. 38 (2003–2004) Om petroleumsvirksomheten og St.meld. nr. 21 (2004–2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Nullutsleppsmålet er basert på føre var-prinsippet og inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut miljøfarlege stoff, anten det er tilsette eller naturleg førekomande miljøfarlege stoff. Operatørselskapa på norsk sokkel arbeider med å oppfylle nullutsleppsmålet, og har sidan 2003 implementert ei rekkje tiltak for å redusere utsleppa av miljøfarlege stoff til sjø. Avgjerd om tiltak for å redusere utsleppa til sjø frå eit felt skal i nullutsleppsarbeidet basere seg på ei feltspesifikk heilskapsvurdering. Denne vurderinga skal omfatte miljøkonsekvensar, tryggleik, reservoartekniske forhold og kostnader.

I utgangspunktet var tiltaka planlagt gjennomførte innan 2005, men det har på fleire felt vist seg meir krevjande å gjennomføre dei planlagde tiltaka enn venta. Tiltaka er forseinka, men vil bli gjennomførte i løpet av 2006 og vil få full effekt frå og med 2007.

I St.meld. nr. 38 (2003–2004) Om petroleumsvirksomheten vart det fastsett eigne vilkår for utslepp til sjø frå petroleumsverksemd i området Lofoten – Barentshavet. Lofoten – Barentshavet er definert som eit særleg sårbart område, og det vart derfor sett strengare vilkår for utslepp til sjø enn for resten av norsk kontinentalsokkel. Vilkåra vil bli følgde opp i forhold til olje- og gassverksemda i området Lofoten – Barentshavet.

Forskingsprogrammet PROOF – Langtidseffektar av utslepp til sjø frå petroleumsverksemdablir ført vidare under namnet PROOFNy, som eit delprogram under Noregs forskingsråds program Havet og kysten. Programmet er eit viktig tiltak for å auke kunnskapen om utslepp til sjø frå petroleumsverksemda, og vil styrkje avgjerdsgrunnlaget for framtidig petroleumsverksemd på norsk sokkel.

Regjeringa fører òg vidare satsinga på sjøfuglprogrammet SEAPOP. Programmet er ein del av den nasjonale sjøfuglkartlegginga, og skal medverke til å auke kunnskapen om sjøfugl i Noreg. Dette vil betre grunnlaget for å fatte avgjerder om forhold i skjeringspunktet mellom sjøfugl og menneskeleg aktivitet i havområda og kystsona, blant anna i tilknyting til petroleumsaktivitet. SEAPOP-programmet skal medverke med kunnskap i forhold til oppdatering av den heilskaplege forvaltningsplanen for Lofoten – Barentshavet i 2010.

OED er òg støttespelar for programmet MAREANO – Marin arealdatabase for norske kyst- og havområde. MAREANO-programmet skal kartleggje havbotnen på norsk sokkel, i første fase havbotnen i området Lofoten – Barentshavet. Dette arbeidet skal inngå som ein del av kunnskaps­grunnlaget under oppdatering av den heilskaplege forvaltningsplanen for Lofoten – Barentshavet i 2010.

Regjeringas arbeid med å realisere CO2-handtering på gasskraftverk og etablere kjeder for transport, lagring og bruk av CO2 til auka oljeutvinning blir ført vidare. Arbeidet vil gi eit solid grunnlag i den vidare oppfølginga av Soria Moria-erklæringa.

Gassco har, i samarbeid med Petoro og Gassnova, på oppdrag frå OED identifisert moglege verdikjeder for fangst, lagring og bruk av CO2 til auka oljeutvinning, og leverte i juni 2006 ein første rapport. Rapporten identifiserte tolv moglege verdikjeder og seks felt på norsk sokkel som moglege kandidatar for bruk av CO2 til auka oljeutvinning. Analysane viser at det ikkje er identifisert verdikjeder som viser ein positiv noverdi basert på dei føresetnadene som er lagt til grunn. Dei uklassifiserte utrekningane syner eit økonomisk gap i storleiken 4,4 til 11,8 mrd. kroner. Rapporten dannar grunnlaget for regjeringas vidare arbeid med CO2-handtering og realisering av verdikjeder for CO2.

Det føregår i tillegg arbeid med å avklare tidsperspektiv og kostnader for etablering av reinseanlegg på Kårstø, som krev nært samarbeid med aktuelle leverandørar av teknologi for CO2-reinsing. NVE arbeider med å verifisere kostnader og tidshorisont knytte til etablering av eit reinseanlegg på Kårstø. Direktoratet leverte ei førebels rapportering til OED i juni 2006, og vil overlevere ein endeleg rapport i løpet av året.

OED arbeider, i samarbeid med relevante departement, òg med å avklare ulike forhold knytte til organisering og juridiske rammer for statens engasjement i CO2-kjeda. Utforming av eit statleg engasjement som er robust i forhold til EØS-regelverket om statstøtte står sentralt i dette arbeidet.

Det offentlege støtteprogrammet for utvikling av miljøvennlege gasskraft­teknologiar, Climit, er administrert av Gassnova og Noregs forskingsråd i samarbeid. Hovudsatsingsområdet innanfor Climit vil vere utvikling av teknologiar for fangst og lagring av CO2 i samband med gasskraft­produksjon. På kort sikt vil merksemda i hovudsak vere retta mot kvalifisering og reduksjon av kostnader knytte til CO2-fangst frå gasskraftverk, og å etablere metodikk for sikker geologisk lagring av CO2. På lengre sikt vil det vere viktig å kunne utvikle teknologiar med potensial for merkbar forbetring i verknadsgrad og lønsemd innan kraftproduksjon med CO2-fangst.

Regjeringa vil byggje vidare på satsinga gjennom Enova og Energifondet. Å kanalisere ei styrkt satsing på energieffektivisering og fornybar energi gjennom Enova inneber at innsatsen kan trappast opp allereie frå 2007.

For å sikre at den auka satsinga blir langsiktig og stabil foreslår regjeringa å etablere eit nytt fond, Grunnfond for energieffektivisering og fornybar energi. Det er foreslått løvd eit innskot på 10 mrd. kroner i fondet i 2007. Regjeringa vil foreslå å gjere eit innskot på ytterlegare 10 mrd. kroner i 2009. Avkastninga frå grunnfondet er rekna ut til å bli om lag 880 mill. kroner årleg når fondskapitalen kjem opp i 20 mrd. kroner. Enova vil forvalte avkastninga frå Grunnfondet.

I dag er Enovas satsing finansiert ved eit påslag på nettariffen på 1 øre/kWh. Dette påslaget blir ført vidare og utgjer om lag 710 mill. kroner årleg. Etableringa av Grunnfondet inneber meir enn ei dobling av satsinga på energieffektivisering og fornybar energi. Regjeringa har fastlagt eit samla mål på 30 TWh auka fornybar energiproduksjon og energi­effektivisering i 2016 i forhold til 2001. Dette er ei betydeleg heving av Enovas tidlegare mål på 12 TWh i 2010.

Gassco undersøkjer saman med interessentar det kommersielle grunnlaget for å leggje gassrøyr frå Kårstø til Grenland, med avgreining til Agder og vidareføring til Østfold og Vest-Sverige. Prosjektet er ei oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 270, jf. Innst. S. nr. 135 (2004–2005).

Regjeringa vil framleis ha som eit viktig mål å sikre god nok tilgang på fornybar energi til lågast mogleg miljøkostnad. Effektiv og miljøakseptabel energiproduksjon skal fremjast samtidig som ein sikrar ei berekraftig forvaltning av vass- og arealressursane.

Innan vassdragsforvaltninga vil styrkinga av NVEs miljøtilsyn medverke til at miljøkrav som er fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande vasskvalitets­kartlegging er eit viktig tiltak for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED vil saman med NVE medverke aktivt til dette. Det er fastsett ein strategi for å betre koordineringa av utbygging av småkraftverk gjennom fylkesvise ­planar. Planane skal kartleggje og systematisere miljøverdiar i område og vil inngå i grunnlaget for konsesjonsbehandlinga. Målet er å styrkje avgjerds­grunnlaget og gjere prosessane føreseielege for både tiltakshavarar og samfunnet elles. Faglege retningslinjer for planarbeidet er nyleg sende på høyring. Regjeringa arbeider med spørsmålet om vern av Vefsna. Det vil og kome ei vurdering av vern av Øystesevassdraget, Langvella og Tovdalsvassdraget.

Regjeringa ønskjer å auke utbygginga av miljøvennleg vindkraft og gjennom konsesjonssystemet å syte for ei god regional og nasjonal koordinering av vindkraftutbygginga. Dette vil blant anna skje ved at behandlinga av konsesjonssøknader blir samordna regionvis der det er føremålstenleg. Ordninga med tematiske konfliktvurderingar av vindkraft­anlegg som var på høyring våren 2006 skal evaluerast. OED vil føre vidare ei aktive deltaking i arbeidet med utarbeiding av retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraft.

I 2004 vart det meste av energiforskinga i Forskingsrådet samla i eitt nytt program kalla RENERGI – Framtidas reine energisystem – der OED er hovudfinansier. Programmet skal utvikle kunnskap og løysingar som grunnlag for berekraftig forvaltning av energiressursane i landet utanom petroleum, og internasjonalt konkurransedyktig næringsutvikling knytt til energisektoren. I 2005 løyvde OED 89,3 mill. kroner til RENERGI. Dette vart auka med 10 mill. kroner i 2006, til 99,3 mill. kroner. Gjennom programmet er det gitt støtte til forsking og utvikling knytt til effektive og nye fornybare energiteknologiar og til effektive energisystem der miljø­forhold står sentralt. Det er òg gitt støtte til samfunnsfagleg forsking med hovudformål å utvikle kunnskapar om energi, miljø og teknologi, for å gi grunnlag for utforminga av ein politikk for berekraftig utvikling på energiområdet.

9 Grøn stat – innføring av miljøleiing i statlege verksemder

Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet (OED) fokuserer på miljøvinstar ved energibruk, innkjøp, transport og handtering av avfall i drifta av departementet. Som overordna mål skal ein yte til å skape gode miljøhaldningar hos medarbeidarar i OED. Miljøbelastninga skal reduserast så langt det er mogleg og IKT skal vere eit viktig verktøy for å få dette til.

Arbeidet med Grøn stat er ført vidare som ein integrert del av departementets styringssystem.

Oljedirektoratet

Oljedirektoratet (OD) jobbar systematisk for å nå miljømål.

Miljørelevant intern drift i OD har i 2006 fokus på følgjande:

  • Vidare bruk av videomøter.

  • Mindre restavfall – betre kjeldesortering.

  • Redusere energibruk, føre vidare arbeidet med ENØK.

  • Innkjøp med fokus på miljøsertifisering.

  • Rutinar for lagring, bruk og avhending av farlege stoff.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Miljøleiing og miljøomsyn er innarbeida i Noregs vassdrags- og energidirektorats HMS- og KS–system.

Arbeidet med Grønn stat/miljøleiing er innført som ein integrert del av organisasjonens styringssystem. Det blir lagt vekt på miljøleiing ved blant anna ENØK-tiltak, handtering av avfall og ved kjøp av varer og tenester.

Fotnoter

1.

 Lønsemd er her definert som noverdi av framtidig kontantstraum.

2.

Dette og dei følgjande tala i dette avsnittet er oppgitt i nominell kroneverdi og er eksklusive investeringar i LNG-skip. Tala i tabell 4.1 refererer på si side til anslag i 2006-kroner og inkluderer òg investeringar i LNG-skip.

3.

 OLF (50 bedrifter), Elektro og Energi (90 bedrifter), Olje & Gass (83 bedrifter), EBL enkeltståande bedrifter (102 bedrifter), EBL morselskap (31 bedrifter), EBL dotterselskap (115 bedrifter).

Til forsiden