St.prp nr. 1 Tillegg nr. 2 (2008-2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet for 2009

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Det er naudsynt å korrigere inntektsoverslaget i St.prp. nr. 1 (2008-2009) under kap. 5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE), post 24 Driftsresultat. I utrekninga av staten sine inntekter frå SDØE vart det lagt til grunn for høge volum for lettolje/kondensat. Det har igjen ført til at det er estimert eit for høgt samla inntektsoverslag under SDØE.

Inntektsoverslaget skulle samla vore estimert til 191 800 mill. kroner. Forslaget i St.prp. nr. 1 (2008-2009) er på 204 100 mill. kroner. Dette fører til ei nedjustering av overslaget for 2009 på 12 300 mill. kroner.

Til forsida