St.prp. nr. 17 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Fiskeri- og kystdepartementet

Til innhaldsliste

1 Om endringar av løyvingar i 2007 på Fiskeri- og kystdepartementet sitt område mv.

Kap. 1020 Havforskningsinstituttet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Havforskningsinstituttet har dei senare åra hatt ein monaleg vekst i oppdragsverksemda. I tillegg har forskningskvotane hatt ein viss auke i kvantum, medan dei oppnådde prisane for forskingsfangsten har auka til dels mykje. Inntektene frå forskningskvotane brukast til innleige av fartøy til forskingstokt som supplement til instituttet sine eigne fartøy. Denne aktiviteten vart til og med 2005 rekneskapsførd på kap. 1021 post 01 mot tilsvarande inntekter på kap. 4021 post 03. Frå 2006 har Fiskeri- og kystdepartementet i samråd med Havforskingsinstituttet funne det mest formålstenleg at denne aktiviteten rekneskapsførast på kap. 1020 post 01 mot tilsvarande inntekter på kap. 4020 post 01.

For å ivareta omsynet til realistisk budsjettering må det gjerast ei justering av inntekts- og utgiftssida på dei kapitlar og postar i 2007 som er knytt til dette. Samla er det pga. auka oppdragsverksemd, auka nivå på inntekter og utgifter frå forskingskvotar og innleige av leigefartøy samt overflytting av løyvingar knytt til forskingskvote/leigefartøy frå kap. 1021/4021 til kap. 1020/4020, nødvendig å gjere desse endringane:

Kap./postGjeldande løyving 2007Forslag til auke/reduksjon (-)Ny løyving for 2007
1020/21144 540 000135 755 000300 000 000
4020/03144 540 000135 755 000300 000 000
1021/2188 370 000-33 370 00055 000 000
4021/0188 370 000-33 370 00055 000 000

På bakgrunn av dette fremjast det forslag om at løyvinga på kap. 1020 post 21 Spesielle driftsutgifter aukast med 155,46 mill. kroner i 2007, mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter.

Kap. 1021 Drift av forskningsfartøyene

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Det visast til omtale under kap. 1020 post 21 over. Det fremjast forslag om at løyvinga på kap. 1021 post 21 Spesielle driftsutgifter reduserast med 33,37 mill. kroner i 2007, og at løyvinga på kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter reduserast med 33,37 mill. kroner.

Kap. 1023 Fiskeri-, havbruks- og transportrettet FoU

Post 71 Tilskudd til utviklingstiltak

Det er sett i gang arbeid for å få i stand ein god infrastruktur for elektronisk utveksling av informasjon i matkjeda. Det er sett av midlar til dette arbeidet på ulike postar på budsjetta til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet. Det fremjast forslag om at midla samlast på budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. På bakgrunn av dette fremjast det forslag om at løyvinga på kap. 1023 post 71 reduserast med 0,25 mill. kroner i 2007.

Kap. 1062 Kystverket

Post 01 Driftsutgifter

For å sikre mest mogleg samsvar mellom den periodiserte rekneskapen og rekneskapen som førast etter kontantprinsippet, fører Kystverket alle investeringar over 200 000 kroner på kap. 1062 post 45.

For å ivareta prinsippet om realistisk budsjettering fremjast det forslag om at kap. 1062 post 01 aukast med 43,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 1062 post 45.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Bakgrunn

Den 18. september 2007 oppstod det oljelekkasje frå vraket av «Nordvard» i Moss. Hovudlekkasjen er stansa, men etter Kystverket si vurdering er vraket i ein slik forfatning at lekkasjar sannsynlegvis vil auke i omfang over kort tid. Kystverket har tilrådd at vraket tømmast for olje så snart som mogeleg.

I 1944 vart «Nordvard» senka av britiske fly i den indre hamna i Moss. Skipet vart da nytta som flytande verkstad og forsyningsskip for tyske ubåtar og overflatefartøy. Det har vore anslått at skipet kunne ha mellom 200 og 1200 tonn olje om bord da det vart senka. Det er estimert at vraket i dag kan innehalde 175 tonn olje og opptil 180 tonn ammunisjon av ulik type.

Krigsvraka har over fleire år vore undersøkte. I 1993 vart det på oppdrag frå Statens forureiningstilsyn (SFT) gjennomført ein tilstandskontroll av skroget av «Nordvard». Det vart da vurdert å vere i god forfatning, men det vart vurdert at det innafor ein tidshorisont på 1 - 10 år kunne oppstå oljelekkasjar gjennom naglehol. Hausten 1993 vart det, som ledd i utvikling av ny teknologi for tømming av skipsvrak, gjennomført ei prøvetømming av om lag 5 tonn olje frå vraket. Under ein visuell inspeksjon av vraket i 2002 vart det observert moderate oljelekkasjar, men vraket var tilsynelatande i relativt god forfatning.

Etter at det oppsto lekkasje den 18. september i år vart det sett i verk opprydningstiltak på sjøen og langs land i Moss ved Moss brannvesen og med bistand frå Kystverket og Østfold IUA (Interkommunale utvalg mot akutt forurensning). Den 20. september 2007 vart det gjennomført ein visuell undervatnsinspeksjon av vraket. Den viste lekkasje frå pluggen som vart sett inn etter tømminga i 1993 samt frå naglehol fleire stader på vraket. Den 9. og 10. oktober 2007 vart det gjennomført ny inspeksjon av vraket, og lekkasjen som var identifisert som hovudlekkasjen vart stansa.

Kystverket har ikkje funne grunn til å redusere sitt estimat på 175 tonn olje i vraket som følgje av lekkasjen sidan 18. sept. 2007. Kystverket vurderer at vraket er i generelt dårleg forfatning, med fleire lekkasjepunkt forskjellige stader på skroget. Kystverket vurderer at lekkasjane sannsynlegvis vil auke i omfang over kort tid, og har tilrådd strakstiltak for å hindre dette. Kystverket tilrår at vraket tømmast så snart som mogeleg. Kystverket viser til at sjølv om platetjukkleiken i vraket synast god, er det eit betydeleg problem at naglane rustar. Dette kan føre til at heile platar i skroget lausnar og nye store lekkasjar kan oppstå.

Sjølv om hovudlekkasjen er stansa, viser dei siste undersøkingane av vraket at det er i generelt dårleg forfatning. Den informasjonen som har kome fram om vraket i haust tilseier at det må setjast i verk tiltak allereie no. Etter Kystverket si vurdering vil lekkasjane frå vraket sannsynlegvis auke i omfang over kort tid. Det er såleis ein nærliggjande fare for ytterlegare og større akutt forureining frå vraket. Oljelekkasje frå «Nordvard» har vist seg å ha betydelege negative følgjer for lokalbefolkninga. Det vart registrert helseplagar hjå befolkninga i Moss som følgje av dei relativt små utsleppa som har vore sidan 18. september i år.

Økonomiske konsekvensar

Kystverket har gjort eit estimat av kostnadene for å tømme vraket for olje, inkl. beredskapstiltak, destruksjon av olje mv., og tilrår på bakgrunn av dette eit budsjett på inntil 32,5 mill. kronar for å dekkje dei samla kostnadene for tiltak mot akutt forureining frå «Nordvard», frå 18. september til og med tømming av vraket. Det løper i dag kostnader til beredskap ved vraket, og overslaget føresett derfor at tida fram til tømming gjerast så kort som råd. Våren 2007 vart det vedteke ei tilleggsløyving på 225,5 mill. kroner på kap. 1062 post 21 for å dekkje kostnader knytt til «Server»-forliset. Det gjenstår pr. 31. oktober om lag 53 mill. kroner av denne løyvinga. Dersom det takast høgde for moglege forseinka utbetalingskrav frå kommunane anslår Kystverket at det vil vere om lag 45 mill. kroner av løyvinga som ikke vil bli brukt.

For å dekkje utgiftene i 2007 blir det foreslått å nytte 5,5 mill. kroner av berekna mindreforbruk knytt til «Server»-forliset på kap. 1062 post 21 til kostnadene for å handtere «Nordvard»-aksjonen. Vidare blir det foreslått at Fiskeri- og kystdepartementet får fullmakt til å gjera bestillingar for inntil 27 mill. kroner for å kunne inngå kontrakt om tømming. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om den endelege kostnaden for aksjonen i revidert budsjett 2008.

Det fremjast forslag om at løyvinga på kap. 1062 post 21 reduserast med 39,5 mill. kroner.

Post 45 Større nyanskaffelser og vedlikehold

Det visast til omtale under kap. 1062 post 01 over. Det fremjast forslag om at løyvinga på kap. 1062 post 45 reduserast med 43,5 mill. kroner.

Kap. 4020 Havforskningsinstituttet

Post 03 Oppdragsinntekter

Det visast til omtale under kap. 1020 post 01. På grunn av auka oppdragsverksemd, auka nivå på inntekter og utgifter frå forskingskvotar og innleige av leigefartøy samt overflytting av løyvingar knytt til forskingskvote/leigefartøy frå kap. 1021/4021 til kap. 1020/4020 er det nødvendig å auke løyvinga på kap. 1020 post 01 med 155,460 mill. kroner i 2007 mot tilsvarande auke på kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter.

På bakgrunn av dette fremjast det forslag om å auke løyvinga på kap. 4020 post 03 Oppdragsinntekter med 155,460 mill. kroner i 2007.

Kap. 4021 Drift av forskningsfartøyene

Post 01 Oppdragsinntekter

Det visast til omtale under kap. 1020 post 01. På grunn av auka oppdragsverksemd, auka nivå på inntekter og utgifter frå forskingskvoter og innleige av leigefartøy samt overflytting av løyvingar knytt til forskingskvote/leigefartøy frå kap. 1021/4021 til kap. 1020/4020 er det nødvendig å redusere løyvinga på kap. 1021 post 01 med 33,37 mill. kroner i 2007 og redusere løyvinga på kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter med 33,37 mill. kroner.

På bakgrunn av dette fremjast det forslag om å redusere løyvinga på kap. 4021 post 01 Oppdragsinntekter med 33,37 mill. kroner i 2007.

Kap. 4062 Kystverket

Post 01 Gebyrinntekter

Som følgje av lønskompensasjonen for 2007 på postar som er knytt til brukerfinansierte tenester er det behov for å auke løyvinga på kap. 4062 post 01 med 6,63 mill. kroner. Det fremjast derfor forslag om at løyvinga på kap. 4062 post 01 aukast med 6,63 mill. kroner i 2007.