St.prp. nr. 20 (2000-2001)

Om endring av løyvingar mv. for 2000 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.10 Administrasjon m.m., 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål og 21.50 Jernbaneformål:

Proposisjonen gjeld desse sakene:

Under 21.10 Administrasjon m.m.:

  • Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1301, post 21 Utgreiingar vedrørande miljø, trafikktryggleik mv., med 1,9 mill. kr.

Under 21.20 Luftfartsformål:

  • Det blir gjort framlegg om å auke kap. 1314, post 01 Driftsutgifter, med 0,9 mill. kr på grunn av auka utgifter til havariundersøkingar. Auken blir dekt ved reduksjon av kap. 1301, post 21.

  • I statsrekneskapen for 1999 er det ført opp feil tal for Luftfartsverkets driftsresultat. Det blir lagt opp til at dette blir korrigert i den sentrale statsrekneskapen over konto for forskyvingar i balansen. Vidare blir det orientert om avvik innafor omløpsmidlar under Luftfartsverkets balanse.

  • Det blir gjort greie for aktivering i Luftfartsverkets balanse av den statlege overtakinga av dei regionale lufthamnene.

Under 21.30 Vegformål:

  • Departementet gjer greie for endringar i oppstarten for Østfoldpakka.

  • Det blir orientert om at innføring av auka takstar etter prinsippet i Oslopakke 2 ikkje vil kunne skje før 1. juli 2001.

Under 21.50 Jernbaneformål:

  • Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1354, post 01 Driftsutgifter, med 1 mill. kr i samband med oppfølgjing av tilrådingar frå den regjeringsoppnemnde granskingskommisjonen etter togulykka på Rørosbanen. Auken blir dekt ved reduksjon av kap. 1301, post 21.

  • Betaling av renter av lån frå NSB BA blir 12 mill. kr høgare enn tidlegare budsjettert.

  • Det blir gjort greie for oppretting av ein ny post for betaling av renter av lån frå NSB Gardermobanen AS og at rentene for 2000 er rekna til 73 mill. kr.