St.prp. nr. 21 (2004-2005)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2004

Til innhaldsliste

1 Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2004 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane samt dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2004 vart utarbeidd.

Omgrupperingsproposisjonen er eit naudsynt verktøy, gitt den komplekse samansetjinga av kapittel med svært variable storleikar, for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret kan såleis verte handsama samla og formalisert på rett måte.

Omgrupperingsproposisjonen formaliserer lønnskompensasjonen for 2004, kompensasjon for innføring av el-avgift i 2004, nedtrekk i 2004 grunna overskridingar i 2003, innsparing i samla utgiftsramme, tilpassing av løyvinga i samsvar med endringar i føresetnadene, oppdatering og formalisering av inntekter samt formalisering av tekniske endringar mellom kapitla. Totalt sett utgjer omgrupperinga ein reduksjon i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 52 mill. kroner.

Proposisjonen sikrar vidare at endringane i budsjettføresetnadene også blir handsama i tråd med dei overordna omstillingsmåla Stortinget har lagt for utviklinga i forsvarssektoren. Justeringane i denne proposisjonen ivaretek dette slik at justeringane som her vert skisserte, tilrettelegg for ei vidare utvikling mot oppnåing av omstillingsmåla for perioden 2002-2005.

1.2 Grunnlaget for omgrupperinga

1.2.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2004, lagt til seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2003. Det er òg tatt omsyn til forsvarssektorens del av lønnskompensasjonen for 2004 (292,399 mill. kroner) samt forsvarssektorens del av kompensasjonen til statlege verksemder som følgje av innføring av el-avgift (22 mill. kroner).

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2004, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2004 29 215 569
Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 75 mill. kroner, fullmakt gitt av ­Stortinget til Finansdepartementet. Forsvars­departementet sin del utgjorde 20,227 mill. kroner, jf. B.innst. S. nr. 1 (2003-2004). -20 227
St.prp. nr. 73 (2003-2004) Om ­endringar i Regulativ for tillegg o.a. til utskrivne ­vernepliktige mannskap («soldatproposisjonen»), jf. Innst. S. nr. 235 (2003-2004). 23 433
Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 58,5 mill. kroner, fullmakt gitt av ­Stortinget til Finansdepartementet i samband med St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggs­bevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004 , jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004). Forsvars­departementet sin del utgjorde 15,819 mill. kroner. -15 819
Kompensasjonen til statlege verksemder som følgje av innføring av el-avgift (R-8/2004). 22 000
Lønnsregulering for arbeids­takarar i det statlege tariffområdet. 292 399
= Faktisk løyving før ­omgruppering 29 517 355
Midlar ført over frå 2003 404 823
Disponible midlar i 2004 før omgrupperinga 29 922 178

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2004 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2004 694 388
St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004 , jf. Innst. S. nr. 250 (2003-2004) 165 000
= Løyvingar før omgruppering 859 388

1.2.2 Nedtrekk grunna meirforbruk/inntektssvikt i 2003

Avslutninga av rekneskapen for 2003 synte eit meirforbruk/inntektssvikt under:

  1. Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg, post 24, driftsresultat, på 210,800 mill. kroner.

    Inntektssvikten var på 210,800 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande. Dette skuldast i hovudsak uteståande husleige for 2003 frå Forsvarets militære organisasjon.

  2. Kap. 1733 Luftforsvaret, post 01 driftsutgifter, på 139,535 mill. kroner.

    Totalt meirforbruk var på 139,535 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande. Kap. 1733 Luftforsvaret hadde ei rekneskapsført overskriding på 139,5 mill. kroner i 2003. Justert for posteringar av teknisk karakter var reell overskriding ca. 45 mill. kroner.

  3. Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nybygg og nyanlegg, post 45, større utstyrsskaffingar og vedlikehald på 24,201 mill. kroner.

    Totalt meirforbruk var på 24,201 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2004 vert foreslått redusert tilsvarande.

1.2.3 Netto meirinntekter i 2004

I forhold til vedtatt budsjett for 2004 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 322,5 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet sin merinntektsfullmakt i St. prp. nr. 1 (2003-2004) under romertalsvedtak II.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 2003 -374 536
Auke på utgiftssida grunna ­meirinntekter førde til utgiftssida 322 500
= Sum behov ved omgrupperinga -52 036
+ Løyvingar før omgrupperinga 29 517 355
= Samla løyvingar etter ­omgrupperinga 29 465 319
= Samla disponible løyvingar ­ etter omgrupperinga 29 870 142

Departementet foreslår på denne bakgrunnen, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 52,036 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 322,5 mill. kroner.

1.2.4 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.

Tabell 1.4 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

Post Formål Mindreutg. – Meirutg. +
01 Driftsutgifter 45 509
21 Spesielle driftsutgifter 8 000
24 Driftsresultat ­Forsvarsbygg -10 800
43 Til disposisjon for ­Forsvarsdepartementet -20 000
45 Store nyskaffingar 46 797
47 Nye bygg og anlegg -83 181
48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid -76 500
50 Overføringar til ­statsinstitusjonar 50 000
51 Tilskot til Forsvarets ­forskingsinstitutt 9 500
70 Renter låneordning -5 000
71 Overføring til andre -344
75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid -50 000
78 Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett 35 000
90 Lån til private -1 017
Sum -52 036

1.2.5 Inntekter

Tabell 1.5 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

Post Formål Mindreinnt.- /Meirinnt. +
01 Driftsinntekter 160 000
45 Store nyskaffingar 33 000
47 Sal av eigedom 175 000
48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter -50 000
90 Lån til bustadformål 4 500
Sum 322 500