St.prp. nr. 21 (2004-2005)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2004

Til innhaldsliste

2 Hovudtrekk ved dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

2.1 Utgifter

2.1.1 Post 01 Driftsutgifter

Post 01 er foreslått auka med 45,5 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå posten. Post 01 er foreslått tilført 164,5 mill. kroner i meirinntekter, 10 mill. kroner for innleige av revisjonskompetanse for kvalitetssikring av rekneskapsførselen i Forsvaret, 10 mill. kroner for å auke Sjøforsvaret sin seglingsaktivitet og 34 mill. kroner til avgangsstimulerande tiltak i samband med omstillinga av verksemda i Forsvarsbygg. Omdisponeringane frå posten gjeld 50 mill. kroner til finansiering av utgifter til Statens Pensjonskasse og 139,534 mill. kroner er tilbakeført til statskassen grunna overskridingar i 2003. I tillegg er det gjort ei rekkje andre mindre justeringar mellom postar som samla gir ein auke på 16,534 mill. kroner.

Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar basert på analysar og vurderingar, inkludert prognosar, for forbruk på slutten av året. Følgjande vesentlege endringar er gjort på dei einskilde kapitla:

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

Kapitlet er foreslått auka med netto 40,6 mill. kroner på post 01. Auken skal dekkje for lite budsjetterte lønnsutgifter i samband med integrert strategisk leiing samt teknisk justering av konsulentkostnader mellom anna i samband med grunnlagsarbeidet for utarbeiding av St.prp. nr. 42 (2003-2004) Den videre moderniseringen av Forsvaret i perioden 2005-2008. Konsulentkostnadene var planlagt nytta på kap. 1725 Fellesinstitusjonar og utgifter under Forsvarsstaben, post 01, men er no overført til kap. 1700 Forsvarsdepartementet, post 01, der utgiftene høyrer heime.

Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet

Kapitlet er foreslått auka med netto 30,3 mill. kroner. Auken gjeld midlar til avgangsstimulerande tiltak i samband med omstilling av verksemda i Forsvarsbygg samt dekking av meirutgifter ved gjennomføring av heilskapsplanlegging i Forsvarsbygg.

Kap. 1720 Felles leiing og kommandoapparat

Kapitlet er foreslått redusert med 41,9 mill. kroner. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet i samband med naudsynt styrkjing av tenesta i samsvar med oppdragsmengda ved Fellesoperativt hovudkvarter og redusert omfang av øvinga «Joint Winter 04».

Kap. 1723 Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Kapitlet er foreslått redusert med 2,125 mill. kroner grunna for mykje tilførte midlar i 2004.

Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og utgifter under Forsvarsstaben

Kapitlet er foreslått redusert med 314,8 mill. kroner. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet. Lønnskompensasjonen er fordelt til dei ulike kapitla (170 mill. kroner), finansiering av utgifter til Statens Pensjonskasse (50 mill. kroner) og finansiering av datavarehusløysing til Forsvarets logistikkorganisasjon (13 mill. kroner) samt midlar for naudsynt styrkjing av tenesta på andre kapittel og postar (netto 61 mill. kroner). Vidare er konsulentkostnadene i samband med grunnlagsarbeidet for utarbeiding av St.prp. nr. 42 (2003-2004) Den videre moderniseringen av Forsvaret i perioden 2005-2008, overført til kap. 1700 Forsvarsdepartementet, post 01, der utgiftene høyrer heime (20 mill. kroner).

Kap. 1731 Hæren

Kapitlet er foreslått auka med 92,8 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet. Kapitlet er tilført midlar i samband med lønnskompensasjonen for 2004 (36 mill. kroner), til å dekkje kostnadar i samband med internasjonale operasjonar (15 mill. kroner), for å styrkje opptreninga til deltaking i NATO-beredskap (NRF 4,5 mill. kroner), på grunn av redusert omfang av øvinga «Joint Winter 04» (50 mill. kroner) og for naudsynt styrkjing av tenesta i samsvar med oppdragsmengda (8 mill. kroner). Samstundes er kapitlet redusert i samband med at budsjettansvaret for tannlegestillingar er overført til kap. 1725 (7 mill. kroner) og at budsjettansvaret for Hærens del av etableringa av «Battle Group» i Afghanistan er overført til kap. 1792 Norske styrkar i utlandet (13 mill. kroner).

Kap. 1732 Sjøforsvaret

Kapitlet er foreslått auka med 49,6 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar. Omdisponeringa til kapitlet gjeld styrkjing av slepebåtkapasiteten i Nord-Noreg med KNM Valkyrien (6,9 mill. kroner), auke av Sjøforsvaret sin seglingsaktivitet (10 mill. kroner), lønnskompensasjon (29 mill. kroner), samt netto endringar i samband med regionale støttefunksjonar (9 mill. kroner). Omdisponering frå kapitlet gjeld reduksjonar som er av budsjett-teknisk karakter.

Kap. 1733 Luftforsvaret

Kapitlet er foreslått redusert med 90,5 mill. kroner. Reduksjonen skuldast omdisponeringar til og frå kapitlet i samband med oppretting av Regional støttefunksjon som tenesteytar til Sjøforsvaret sine avdelingar (10 mill. kroner) og lønnskompensasjon (40 mill. kroner). Omdisponeringane frå kapitlet gjeld tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2003 (139,5 mill. kroner i gjeld). Justert for posteringar av teknisk karakter, var reell overskriding i 2003 omlag 45 mill. kroner i 2003.

Kap. 1734 Heimevernet

Kapitlet er foreslått auka med 20,6 mill. kroner som i hovudsak skuldast lønnskompensasjon (14,4 mill. kroner) og budsjett-tekniske endringar som netto utgjer 6,2 mill. kroner.

Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon

Kapitlet er foreslått auka med 185,4 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet. 160 mill. kroner er tilført kapitlet som meirinntekter frå kap. 4740, post 01. Inntektene skal dekkje auka kostnader i samband med eigedom, bygg og anlegg. Kapitlet er vidare tilført midlar i samband med overføring av oppgåver (33 mill. kroner). Omdisponeringane frå kapitlet gjeld budsjett-tekniske endringar som netto utgjer 8 mill. kroner. Meirforbruket på kapitlet skuldast seinare omstilling i FLO enn opphaveleg planlagt.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Kapitlet er foreslått auka med 25,6 mill. kroner som skuldast finansiering av datavarehusløysing for Forsvarets logistikkorganisasjon (13 mill. kroner), midlar til å dekkje Forsvarsbygg sine aktivitetar i samband med gjennomføring av NATO sitt investeringsprogram for tryggleik (5,5 mill. kroner) og lønnskompensasjon (7 mill. kroner).

Kap. 1790 Kystvakta

Kapitlet er foreslått auka med 7,9 mill. kroner som gjeld lønnskompensasjon for 2004.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Kapitlet er foreslått auka med 24,1 mill. kroner som gjeld overføring av Hærens del av etableringa av «Battle Group» i Afghanistan (13 mill. kroner) og lønnskompensasjon for 2004 (10 mill. kroner).

Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige formål

Kapitlet er foreslått auka med 17,1 mill. kroner grunna auka kostnader i samband med eigedom, bygg og anlegg (11 mill. kroner), etablering av køyretøylager for militærhistoriske køyretøy på Trandum (5,5 mill. kroner) og lønnskompensasjon for 2004 (0,5 mill. kroner).

2.1.2 Post 24 Driftsresultat

Posten er foreslått redusert med 10,8 mill. kroner.

Det er foreslått ei omfordeling mellom post 24 og post 47 og ein auke på 200 mill. kroner som skuldast at utviklingselementet i husleiga ikkje som tidlegare er medrekna i driftsresultatet. Utvikling er tiltak som er retta mot å oppretthalde verdiane i bygningsmassen og er foreslått finansiert på post 24 der kostnadene etter sin art høyrer heime. Den samla løyvinga på post 47 vert redusert tilsvarande.

Posten er foreslått redusert med 210,8 mill. kroner grunna inntektssvikt i Forsvarsbygg i 2003. Dette skuldast i hovudsak uteståande husleige frå Forsvarets militære organisasjon.

2.1.3 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 20 mill. kroner. Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet som er foreslått nytta til å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar, mellom anna 10 mill. kroner til innleige av revisjonskompetanse for kvalitetssikring av rekneskapsførselen i Forsvaret (jf. endringane i post 01).

2.1.4 Post 45 Store nyskaffingar

Posten er foreslått auka med netto 46,8 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå posten. Post 45 er foreslått tilført 18,7 mill. kroner til forsking og utvikling (FoU), 2 mill. kroner til utgifter i samband med Noreg si deltaking i ordninga med strategisk sjøtransport i NATO («Prague Capabilities Commitment»), 4,3 mill. kroner til sambandsmateriell til bruk i internasjonale operasjonar samt 56 mill. kroner til naudsynt styrkjing av posten for å gjennomføre investeringsprosjekt i Forsvaret i 2004. Omdisponeringane frå posten gjeld 24,201 mill. kroner for tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2003 samt 10 mill. kroner som er foreslått overførde til kap. 1732 Sjøforsvaret, post 01, for å auke Sjøforsvaret sin seglingsaktivitet.

2.1.5 Post 47 Nye bygg og anlegg

Posten er foreslått redusert med 83,2 mill. kroner. Endringane skuldast tekniske endringar i driftsresultatet på post 24 (- 200 mill. kroner) og ei auke for å kunne gjennomføre prioriterte investeringstiltak (116,8 mill. kroner), jf. forklaring under pkt. 2.1.2, post 24.

2.1.6 Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 76,5 mill. kroner. Dette skuldast lågare framdrift i NATO-prosjekta enn det ein la til grunn ved utarbeidinga av 2004-budsjettet.

2.1.7 Post 50 Overføring til Statens Pensjonskasse

Posten er foreslått auka med 50 mill. kroner i samband med finansieringa av meirutgiftar til Statens Pensjonskasse.

2.1.8 Post 51 Forsvarets forskingsinstitutt (FFI)

Posten er foreslått auka med 9,5 mill. kroner i samband med finansiering av FFI sine meirut­gifter som følgje av innføring av kostnadsdekkjande husleige.

2.1.9 Post 70 Renter låneordning

Posten er foreslått redusert med 5 mill. kroner i samband med eit mindrebehov til rentestønad i Befalets låneordning.

2.1.10 Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 50 mill. kroner. Dette skuldast lågare utbetalingar til Noregs tilskot til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik enn det ein la til grunn ved utarbeidinga av 2004-budsjettet. Årsaka er at det no er fleire NATO-land som deler på utgiftene.

2.1.11 Post 78 Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett

Posten er foreslått auka med netto 35 mill. kroner. Dette skuldast auka utgifter i NATO til krisehandtering og etablering av NATO sin nye kommandostruktur samt høgare kurs på euro. Auken vert dekt gjennom reduksjon på kapittel 1760, post 75.

2.1.12 Post 90 Lån til private

Posten er redusert med 1,017 mill. kroner. Posten er ikkje lenger i bruk.

2.2 Inntekter

Det er registrert netto meirinntekter på 322,5 mill. kroner.

2.2.1 Post 01 Driftsinntekter

Posten er foreslått auka med netto 160 mill. kroner (kap. 4740). Auken på kap. 4740 gjeld meirinntekter frå sal av materiell (80 mill. kroner), tenester og kurs (34 mill. kroner), leigeinntekter EBA (25 mill. kroner ) og refusjonar frå FN/NATO (21 mill. kroner).

2.2.2 Post 45 Store nyskaffingar

Posten er foreslått auka med 33 mill. kroner. Dette skuldast meirinntekter frå den amerikanske «Foreign Military Sales»-ordninga, royalties og konvensjonalbøter. Meirinntektene vert ført til kapittel 1760, post 45.

2.2.3 Post 47 Nybygg og nyanlegg

Posten er foreslått auka med 175 mill. kroner. Auken skuldast auka tempo i salsprosessar. Auken er ei formalisering av forventa auka inntekter etter innmeldinga til RNB og er ei forskottering av ressursar ved avhending av eigedom som er føresett nytta til omstillinga av Forsvaret (jf. meirinntektsfullmakta i B.innst. S. nr. 7 (2003-2004), jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004).

2.2.4 Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsinntekter

Posten er foreslått redusert med 50 mill. kroner. Dette skuldast lågare framdrift i NATO-prosjekta enn det ein la til grunn ved utarbeidinga av 2004-budsjettet. Reduksjonen vert dekt gjennom nedtrekk på kapittel 1760, post 48.

2.2.5 Post 90 Lån til bustadformål

Posten er auka med 4,5 mill. kroner grunna høgare innfriingstakt enn rekna med på lån gitt til bustadformål. Kap. 1725, post 01, er auka tilsvarande.