1 Innleiing
Justisdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2000. Forslaga om endringar er baserte på rekneskapstal pr. 30. september 2000. Departementet vil streke under at tala for forbruk på dei regelbundne postane berre er prognosar, og at dei endelige rekneskapstala kan vike av ein del frå desse prognosane.