St.prp. nr. 35 (2005-2006)

Navigasjonssystemet Loran-C – forslag om forlenga drift i 2006

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet legg i denne proposisjonen fram eit forslag om å forlenge drifta av navigasjonssystemet Loran-C ut 2006 ved dei fire norske stasjonane Værlandet (Askvoll kommune i Sogn og Fjordane), Bø i Vesterålen (Nordland), Berlevåg (Finnmark) og Jan Mayen. Dette fører til at den planlagde avviklinga av stasjonane ikkje vert sett i verk i 2006.

1.1 Bakgrunn for forslaget

I 1992 inngjekk Danmark, Tyskland, Nederland, Frankrike, Irland og Noreg ein avtale om drifta av Loran-C i Nordvest-Europa, kalla NELS-avtalen. Fiskeri- og kystdepartementet har i fleire stortingsdokument opplyst at Noreg vil seie opp avtalen og legge ned drifta med verknad frå 1.1.2006. Avtalen vart sagd opp ved kgl.res. 17.9.2004. Ho er gjeldande ut 2005. Den faglege vurderinga bak nedlegginga er at det er svært få som brukar systemet i dag. Dette vart stadfesta i ei brukarundersøking som Fiskeri- og kystdepartementet gjennomførde i 2002.

Danmark, Tyskland, Nederland og Irland har også bestemt å trekke seg frå avtalen. NELS-avtalen vil derfor opphøre frå 1.1.2006. Frankrike vil vidareføre drifta av Loran-C til 2015.

Franske og britiske styresmakter inngjekk i mars i år ein samarbeidsavtale om Loran-C. Storbritannia oppretta ein ny sendar/stasjon og i juni sette dei i verk prøvesendingar med Loran-C. Frankrike og Storbritannia har hausten 2005, seinast ved brev av 16. november 2005 frå det franske transportdepartement (Ministere des Transports, de l"Equipement, du Tourisme et de la Mer) og 30. november 2005 frå den britiske transportminister, bedt norske styresmakter om å halde fram med nasjonal drift av Loran-C i Noreg. Frankrike har også vendt seg til EU-kommisjonen og bedt om at Loran-C vert vurdert som eit landbasert backup-system for satellittbaserte navigasjonssystem (GPS og kommande Galileo). EU-kommisjonen, Generaldirektoratet for energi og transport, har i brev til Tyskland og Noreg i desember 2005 oppmoda begge landa til å halde fram med nasjonal drift av Loran-C i 2006. Storbritannia vil også legge fram eit forslag om elektronisk navigasjon for FNs sjøfartsorganisasjon IMO. I dette forslaget er Loran-C eit av fleire aktuelle element.

Danmark drøfter vidare drift av Loran-C stasjonen på Færøyane i 2006 med Frankrike.

Også Russland har vist interesse for vidare norsk drift, og eit muleg samarbeid med det tilsvarande russiske navigasjonssystemet Chayka. Dette er spesielt interessant i nordområda.

Det viser seg såleis at det er fornya interesse i Europa for å etablere Loran-C som eit backup-system for satellittbaserte navigasjonshjelpemiddel, men det er i dag inga endeleg avklaring i saka. Regjeringa foreslår difor å vidareføre drifta av Loran-C i 2006, i påvente av ei slik avklaring. Dei avgjerder som vert tatt i Europa i 2006 når det gjeld val av backup-system vert difor retningsgjevande for kva som vil skje med drifta av Loran-C ved dei norske stasjonane etter 2006.

1.2 Praktiske følgjer av forlenga drift av Loran-C i Noreg

Dei tilsette ved stasjonane Værlandet, Berlevåg, Bø og Jan Mayen er varsla om den planlagde nedlegginga. Forslaget no er at desse stillingane vert vidareførde i 2006.

Det er muleg å drive dei norske stasjonane utan å inngå nokon ny avtale tilsvarande den avtalen som nyleg er sagt opp (NELS-avtalen). Noreg vil vurdere å nytte enkelte tenester ved det franske kontrollsenteret i Brest. Forøvrig vil kvart enkelt land dekkje sine eigne kostnader.

1.3 Situasjonen etter 2006

Noreg må i 2006 vurdere utviklinga av Loran-C i Europa med sikte på ei avklaring av framtida for navigasjonssystemet i Noreg etter 2006. Fiskeri- og kystdepartementet vil i løpet av 2006 på eigna måte komme tilbake til Stortinget med orientering om den vidare utviklinga.