St.prp. nr. 42 (1997-98)

Om endring av ein del løyvingar m.v. for 1998 på Samferdselsdepartementets område

Til innholdsfortegnelse

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.2 Luftfartsformål, 21.3 Vegformål og 21.5 Jernbaneformål.

Under 21.2 Luftfartsformål blir det orientert om fullføringa av den statlege overtakinga av dei regionale lufthamnene. Vidare blir det orientert om at Regjeringa ikkje går vidare med planane om å byggje ny flyplass i Markane i Stryn og at Gudbrandsdal Lufthavn AS har fått avslag på søknad om konsesjon for bygging og drift av ny lufthamn på Tolstadåsen i Oppland.

Under 21.3 Vegformålblir det gjort framlegg om å auke kap. 4320 Statens vegvesen med 6,3 mill. kr på grunn av auke i gebyret for dagprøvekjennemerke, med tilsvarande auke på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.v. Det blir også gjort framlegg om endra meirinntektfullmakt som følgje av nytt budsjettsystem i Statens vegvesen. Vidare blir Stortinget bedt om å samtykkje i utbetaling av ei tilleggserstatning i samband med Ev 18-prosjektet i Kristiansand. I proposisjonen blir det òg orientert om at prosjektet Fv 427 Storhaugtunnelen i Stavanger kommune fyller krava til alternativ bruk av storbymidlar.

Under 21.5 Jernbaneformål blir det foreslått at innbetalt dagmulkt/konvensjonalbot m.v. heretter kan posterast på det einskilde anlegg.

Det blir vidare orientert om at Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein samla plan for transportsektorane slik at den kan bli handsama i vårsesjonen 2001, mot tidlegare varsla 2000.

Røros kommunekr 3 034 682,-
Narvik kommunekr 9 146 707,-
Valdres Lufthavn AS (Fagernes lufthavn)kr 20 759 980,-

Kap. 4320 Statens vegvesen (jf. kap. 1320)

Post 02 Diverse gebyr

På kap. 4320 Statens vegvesen, post 02 Diverse gebyr, er det for 1998 budsjettert med til saman 148,1 mill. kr. Av dette beløpet utgjer 30,0 mill. kr inntekter frå dagprøvekjennemerke basert på eit gebyr på 60 kr pr. lånedag og 500 000 lånedagar.

I samband med endring av forskrift om dagprøvekjennemerke, som skal tre i kraft frå 1. juli 1998, gjer Samferdselsdepartementet framlegg om å auke gebyret frå 60 kr til 100 kr. Gebyret blei sist endra 1. juni 1989.

Ein auke av gebyret til 100 kr vil isolert sett gi ein auke i inntektene på om lag 20,0 mill. kr. Eit av formåla med å auke gebyret er å redusere omfanget av ureglementert bruk av slike kjennemerke. Vegdirektoratet vurderer reduksjonen til om lag 15 prosent, men det er noko uvisse om dette. Ein auke i gebyret til 100 kr pr. lånedag vil ut frå dette gi ei samla årleg inntekt for dagprøvekjennemerke på 42,5 mill. kr pr. år eller 12,5 mill. kr meir enn budsjettert for 1998.

Auken i kostnadene for ordninga med dagprøvekjennemerke er rekna ut til å bli nær 12 mill. kr. årleg. Beløpet gjeld auke i forsikringspremie i samband med utlån av dagprøvekjennemerke, kostnader ved å knytte ordninga til motorvognregisteret Autosys og auke i kostnadene ved administrasjon av ordninga.

Samferdselsdepartementet gjer framlegg om å auke kap. 4320 Statens vegvesen, post 02 Diverse gebyr, med 6,3 mill. kr på grunn av at gebyret for dagprøvekjennemerke blir auka frå 60 kr til 100 kr frå 1. juli 1998. Departementet gjer òg framlegg om å auke kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.v., med 6,3 mill. kr.

Meirinntektfullmakt - endring som følgje av nytt budsjettsystem

Vegdirektoratet har tidlegare år fått fullmakt til å overskride kap. 1320 Vegadministrasjon, postane 01 Løn og godtgjersle og 11 Varer og tenester, mot tilsvarande meirinntekt på kap. 4320 Vegadministrasjon, postane 01 Salsinntekter og 03 Inntekt ifølgje fullmakt. Slik fullmakt har vore gitt i samsvar med dei føresegner som er gitte med heimel i § 11, 3. ledd, i Løyvingsreglementet. Desse føresegnene gjeld berre postane 01, 11 og 21.

Frå og med 1998 er det innført eit nytt budsjettsystem for vegformål der kostnadene til administrasjon er knytt til konkrete oppgåver i staden for å bli ført på eit eige kapittel. På grunn av denne omlegginga må ei fullmakt om meirinntekt på kap. 4320, postane 01 og 03, no bli knytt til kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.v., i staden for tidlegare til postane 01 og 11.

I samband med St.prp. nr. 1 (1997-98), samtykte Stortinget i at Vegdirektoratet kan overskride løyvingane for 1998 på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.v., tilsvarande meirinntekter på kap. 4320 Statens vegvesen, post 02 Diverse gebyr. Vidare samtykte Stortinget i at Vegdirektoratet kan overskride løyvingane for 1998 på kap. 1320 Statens vegvesen, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.v. og kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, tilsvarande husleigeinntekter på kap. 4320 Statens vegvesen, post 03 Inntekter ifølgje fullmakt.

Samferdselsdepartementet gjer framlegg om at meirinntektfullmakt i samband med kap. 4320 Statens vegvesen, postane 01 Salsinntekter og 03 Inntekter ifølgje fullmakt (eksklusiv husleigeinntekter), blir knytt til kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.v., i staden for tidlegare kap. 1320 Vegadministrasjon, postane 01 Løn og godtgjersle og 11 Varer og tenester. I 1997 var meirinntektene på kap. 4320, postane 01 og 03, på vel 14 mill. kr.

Ev 18 Kristiansand - tilleggserstatning for Oddernesveien 3

Statens vegvesen kjøpte i 1995 Oddernesveien 3 i Kristiansand frå Alf Berger i samband med omlegging av trasé for Ev 18. Det var usikkert om det ville bli naudsynt å innløyse eigedomen, men avtale om sal blei likevel inngått etter at seljaren tok initiativ til dette overfor vegvesenet. Det var full semje mellom partane om salet, og kjøpesummen blei fastsett ut frå marknadsverdien på avtaletidspunktet.

Etter at reguleringsplanen for Ev 18-prosjektet blei godkjend, viste det seg at det ikkje blei naudsynt å rive huset. Vegvesenet ville likevel ha indirekte nytte av bustaden ved utleige til andre som får sin eigedom løyst inn som følgje av vegprosjektet. Vegkontoret har no gjort avtale med eit ektepar som frå hausten 1998 skal få leige delar av bustaden som erstatning for deira opphavlege bustad.

Den førre eigaren ønskjer ikkje å kjøpe huset tilbake, men ber i staden om 100 000 kr i tillegg til opphavleg kjøpesum.

Ein generell prisvekst i bustadmarknaden etter inngått avtale, gir vanlegvis ikkje rettsleg grunnlag for - på eit seinare tidspunkt - å krevje noko tillegg i kjøpesummen. Generelt er det heller ikkje høve til å krevje tillegg for den delen av prisveksten som eventuelt har si årsak i omlegging av ein vegtrasé.

I denne konkrete saka er det heilt særskilte menneskelege omsyn. Det er derfor ønskjeleg å finne ei løysing for seljar. På grunn av høg alder og dårleg helse vil det vere vanskeleg for han å overta eigedomen igjen. Dette ville elles vore ei naturleg løysing, jf. ei tilsvarande sak i St. prp. nr. 25 og Innst. S. nr. 14 (1981-82). Samferdselsdepartementet har gjort ei nærare vurdering av dei særskilte menneskelege forholda, og finn at desse veg så tungt at ein bør kunne gjere eit unntak frå dei ovannemnde prinsippa i dette konkrete tilfellet.

På dette grunnlag ber Samferdselsdepartementet om Stortingets samtykkje til at det blir utbetalt eit vederlag på 100 000 kr til den førre eigaren av Oddernesveien 3 i Kristiansand, Alf Berger. Beløpet vil bli belasta Ev 18-prosjektet i Kristiansand.

Fv 427 Storhaugtunnelen i Stavanger kommune

Prosjektet er omtalt i St. meld. nr. 37 (1996-97) NVVP 1998-2007. Det er der vist til intensjonsavtale mellom Statens vegvesen Rogaland, Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune om alternativ bruk av riksvegmidlar til prosjektet. Då NVVP blei lagd fram låg det ikkje føre fullgod dokumentasjon av at prosjektet fyller krava som er sette for alternativ bruk av riksvegmidlar. Prosjektet blei derfor omtala slik: «Prosjektet kan gjennomføres i perioden 1998-2001.» Vegdirektoratet har no lagt fram slik dokumentasjon.

I St. meld. nr. 37 (1996-97), side 70-71 er det gitt eit kortfatta samandrag av kriteria for alternativ bruk av riksvegmidlar: «Det er her lagt til grunn at investeringer på kommunalt og fylkeskommunalt vegnett, parkeringsplasser og terminaler kan finansieres over denne ordningen. Betingelsen er at det kan dokumenteres at slike investeringer vil gi en bedre utnyttelse av ressursene enn investeringer i riksvegnettet.»

Storhaugtunnelen er eit nytt fylkesvegsamband mellom Rv 44, Ev 39 og austre bydelar i Stavanger. Prosjektet omfattar bygging av 1,6 km ny veg, inkludert ein tunnel på om lag 1,3 km, tre rundkøyringar og ein gang- og sykkelvegundergang.

Kostnadstal (1997-kr):95 mill kr
Statleg investering 1998-2001:50 mill kr
Anna finansiering 1998-2001:45 mill kr

Etter intensjonsavtalen skal Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune kvar dekkje 25 prosent av kostnadene. Staten skal dekkje 50 prosent av kostnadene og auka budsjettkostnader som følgjer av nytt budsjettsystem frå 1. januar 1998. Kostnadsauke eller -reduksjon blir delt etter same delingsnøkkel. Det ligg føre godkjend reguleringsplan for prosjektet.

Storhaugtunnelen vil betre trafikkavviklinga på Rv 509, særleg for kollektivtrafikken. Avviklingssituasjonen i morgon- og ettermiddagsrushet er i dag vanskeleg på delar av Rv 509. Stavanger kommune og Statens vegvesen Rogaland har rekna ut at Storhaugtunnelen vil ta 2000 kjt/døgn frå Rv 509. I tillegg vil tunnelen ha kapasitet til å ta framtidig auke i biltrafikken og avlaste sentrumslenkene ytterlegare. Storhaugtunnelen er i prinsippet einaste utveg til å avlaste framtidig trafikkavvikling på Rv 509 gjennom Stavanger sentrum.

Tunnelen vil òg betre forholda for mjuke trafikantar og redusere tungtrafikken gjennom Stavanger sentrum og i bustadområde på Storhaug.

Prosjektet har ei netto nytte på 63 mill. kr, og netto-nytte/kostnadsforhold på 0,7.

Samferdselsdepartementet finn at prosjektet fyller krava til alternativ bruk av riksvegmidlar. Prosjektet startar i 1998 med lokale midlar. Departementet vil kome tilbake med framlegg om løyving av statlege midlar i budsjetta for 1999 og 2000, innafor Rogalands ramme for øvrige riksvegar.

Til forsiden