Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 7 (1998-99)

Om tilleggsløyving på statsbudsjettet 1998 for å dekkje kontingent til CERN

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Noreg er medlem av den internasjonale samarbeidsorganisasjonen CERN (European Organization for Nuclear Research), jf St prp nr 42 (1954), Innst S nr 102 (1954), St prp nr 140 (1968-69), Innst S nr 231 (1968-69), St prp nr 143 (1970-71) og Innst S nr 265 (1970-71). I samsvar med medlemsavtalen reknar ein ut kontingenten på ein slik måte at dei ulike medlemsnasjonane sine BNP for ein periode på 3 år før utbetalingsåret er hovedelementet i utrekningsgrunnlaget. Summen vert betalt i CHF.

Den årlege norske kontingenten til CERN blir løyvd på kap 288 Internasjonale samarbeidstiltak, post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar, saman med kontingentane til fleire andre organisasjonar.

I samsvar med medlemsavtalen reknar ein ut kontingenten på ein slik måte at BNP i dei ulike medlemsnasjonane for ein periode på tre år før utbetalingsåret er hovedelementet i utrekningsgrunnlaget. Kontingenten blir betalt i sveitsiske franc (CHF).

Dei endelege budsjetta for organisasjonane, blant dei CERN, vart ikkje stadfesta før etter at statsbudsjettet for 1998 var lagt fram. I løyvingsforslaget i St prp nr 1 (1997-98) er det derfor lagt til grunn dei same kontingentane som for 1997, omrekna i høve til det som var valutakursane våren 1997.

Til toppen
Til forsida av dokumentet