St.prp. nr. 79 (1998-99)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 43/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XVIII i EØS-avtala (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

I denne proposisjonen blir Stortinget bedt om å samtykkje til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 43/1999 av 26. mars 1999 om endring av vedlegg XVIII i EØS-avtala (Helse og sikkerhet på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik behandling av kvinner og menn).

EØS-komiteen sitt vedtak nr 43/1999 av 26. mars 1999 gjeld innlemming av rådsdirektiv 97/80/EF av 15. desember 1997 om provtyngsla i samband med ulik handsaming av kvinner og menn på grunnlag av kjønn, og rådsdirektiv 98/52/EF av 13. juli 1998 om utviding av direktiv 97/80/EF til å omfatte Det sameinte kongerike Storbritannia og Nord-Irland.

Direktivet om provtyngsla i samband med skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn har til føremål å sikre ei effektiv gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av kvinner og menn.

Direktivet vart vedteke av EU 15. desember 1997. Fristen for gjennomføring i nasjonal lovgjeving er 1. januar 2001.

EØS-komiteen sitt vedtak og direktivet i norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.

For Noregs vedkommande medfører innlemminga av rådsdirektiv 97/80/EF og 98/52/EF visse endringar i likestillingslova. Vedtaket i EØS-komiteen av 26. mars 1999 om å innlemme direktiva i EØS-avtala, blei for Noregs vedkommande difor gjort med atterhald om Stortingets samtykke.