St.prp. nr. 9 (1996-97)

Om endringar på statsbudsjettet og Svalbardbudsjettet for 1996 under diverse kapittel administrert av Justis- og politidepartementet

Til innholdsfortegnelse

1 innleiing

Justisdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet og Svalbardbudsjettet for 1996.

Justisdepartementet vil også orientere Stortinget om forbruket under nokre av postane med stikkordet «kan overførast». På enkelte postar er prognosane så langt at det vil bli til dels store overføringar frå 1996 til 1997. Overføringane kjem ikkje av at det ikkje er behov for heile løyvinga. Årsaka til overføringane er ei tidsforskyving, det vil seie at utgiftene kjem til utbetaling i seinare budsjetterminar. Departementet vil streke under at tala for forbruk på desse postane kun er prognosar og at dei endelege rekneskapstala kan vike ein god del av frå desse førebelse prognosane.

Kap 410 Herads- og byrettane

Post 01 Lønn og godtgjersler

I samband med effektiviseringsgevinstprosjektet er det fremma forslag om å overføre stillingar frå kap. 410 Herads- og byrettane til kap. 440 Politi- og lensmannsetaten, jf. St. prp. nr. 1 (1996-97). På same grunnlag vert det fremma forslag om å trekkje inn 1,5 funksjonærstillingar under kap. 410 mot ei tilsvarande oppretting under kap. 440.

Grunna desse overføringane vert det gjort framlegg om å redusere løyvinga under kap. 410, post 01 med 0,86 mill kr i 1996 mot ein tilsvarande auke under kap. 440, post 01.

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast

Posten dekkjer utgifter i samband med flyttingar og større utvidingar av lokale både for herads- og byrettane og for lagmannsrettane. Posten dekkjer vidare utgifter til nødvendig utskifting av datautstyr.

Byggjesakene i domstolane har teke noko lengre tid enn departementet tidlegare har føresett. Førebelse prognosar visar eit mindreforbruk i 1996 på om lag 19 mill kr. Ei tilsvarande overføring til 1997 vil derfor bli nødvendig.

Kap. 3410 Rettsgebyr

Post 01 Rettsgebyr

Posten dekkjer inntekter i samband med sivile saker og straffesaker, tinglysing, skjønn, tvangsforretningar, skifte, konkurs m.m.

Førebelse rekneskapstal for 1996 syner ei meirinntekt. Det vert derfor fremma forslag om å auke løyvinga under kap. 3410, post 01 med 10 mill kr.

Kap. 414 Undersøkings- og domsutgifter

Post 01 Lønn og godtgjersler

Posten dekkjer godtgjersler og tapt arbeidsinntekt til meddommarar, lagrettemedlemmer, vitne, rettsvitne, tolkar og sakkunnige i straffesaker.

Førebelse rekneskapstal for 1996 syner ei mindreutgift. Det vert derfor fremma forslag om å redusere løyvinga under kap. 414, post 01 med 3 mill kr.

Post 11 Varer og tenester

Posten dekkjer framfor alt salær og reiseutgifter til advokatar og sakkunnige i straffesaker.

Førebelse rekneskapstal for 1996 syner ei mindreutgift. Det vert derfor fremma forslag om å redusere løyvinga under kap. 414, post 11 med 10 mill kr.

Post 21 Utgifter til bubehandling

Posten dekkjer utgifter i samband med skifterettens bubehandling/gransking i bu der det er mistanke omøkonomisk kriminalitet.

Justisdepartementet ber om at kap. 414 post 21 får stikkordet «kan overførast», sjå utkast til vedtak. Overført løyving må eventuelt førast til nytt kap. 475 Bubehandling, post 21 i 1997. I samband med Jahre-saka er det vanskeleg å vurdere når løyvingane kjem til utbetaling. Departementet har i St. prp. nr. 1 for 1997 fremma tilsvarande forslag.

Kap. 415 Regjeringsadvokaten

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten skal dekkje prosesskostnader og kostnader til leigde advokatar. Posten skal også bli nytta til oppdrag som Regjeringsadvokaten tek på seg for m.a. statsføretaka.

Regjeringsadvokaten kan for tida ikkje ta på seg oppdrag for statsføretaka. Departementet ber derfor om at kap. 415 post 21 vert redusert med 0,245 mill kr.

Kap. 3415 Regjeringsadvokaten

Post 03 Oppdrag

Posten skal dekkje inntekter frå oppdrag som Regjeringsadvokaten tek på seg for m.a. statsføretaka.

Justisdepartementet ber om at løyvinga under kap. 3415 post 03 vert redusert med 0,245 mill kr, jf. omtale under kap. 415, post 21.

Kap. 418 Fri rettshjelp

Post 70 Fri sakførsel

Justisdepartementet foreslår med bakgrunn i rekneskapstal pr 31.08.96 ei justering av post 70. Posten er vanskeleg å budsjettere. Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 418, post 70 med 25 mill kr.

Post 71 Fritt rettsråd

Ut frå rekneskapstal pr 31.08.96 foreslår departementet å redusere løyvinga under kap. 418, post 71 med 25 mill kr, jf. omtale under kap. 418, post 70.

Kap. 430 Kriminalomsorg i anstalt

Post 01 Lønn og godtgjersler og post 11 Varer og tenester

Det vil bli ei innsparing på driftsbudsjettet under kap. 430 på postane 01 og 11 på om lag 2 mill kr i samband med at framdrifta ved Ringerike krinsfengsel er forseinka på grunn av konflikten i elektrikarbransjen. Dei innsparte midla ønskjer departementet å nytte under post 11 til kjøp av utstyr til Ringerike krinsfengsel.

Post 36 Ringerike krinsfengsel, nybygg, kan overførast

Ringerike krinsfengsel blir om lag 8 veker forseinka i høve til framdriftsplanen. Årsaka er konflikten i elektrikarbransjen. På grunn av forseinkinga ventar Justisdepartementet eit mindreforbruk av dei tilgjengelege midla i 1996 (SIII 96 og overført til 1996) og eit tilsvarande meirforbruk neste år. Prognosen syner at om lag 24 mill. kr vil bli overført til 1997.

Post 38 Oslo krinsfengsel, rehabilitering, kan overførast

Rehabiliteringsarbeidet ved Oslo krinsfengsel er no inne i si avslutning. Den delen av krinsfengslet som har vore stengt i samband med arbeidet er no teken i bruk. Det vil bli nødvendig å overføre om lag 4 mill. kr til 1997. Overføringa, saman med forslag til løyving for 1997, skal nyttast til sluttarbeidet av prosjektet.

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast

Av løyvinga på 29,3 mill. kr. på post 45 ventar Justisdepartementet eit mindreforbruk i 1996 - og ei tilsvarande overføring til 1997- på om lag 13 mill. kr. Det meste av mindreforbruket heng saman med investering av utstyr og anlegg til nye Ringerike krinsfengsel. Noko av mindreforbruket har og si årsak i lang leveringstid på ein del utstyr.

Post 46 Ombyggingar, utvidingar, ekstraordinært vedlikehald, kan overførast

Løyvinga under denne posten dekkjer ei rad tiltak og prosjekt til investeringar i fengselsstellet si bygningsmasse. Det er i nokon grad vanskeleg å fastsetje når tiltaket skal vere ferdig. Utbetalingene kan då også bli tilsvarande forseinka. Av beløpet som er disponibelt i 1996 meiner departementet at overføringa til 1997 blir om lag 5 mill. kr.

Kap. 440 Politi- og lensmannsetaten

Differanse mellom lønnskompensasjon for 1995-oppgjera og faktiske utgifter i 1996.

Kompensasjonen som blei gitt i 1996 for lønnsoppgjeret i 1995, jf. bl.a. Innst. S. nr. 259 (1995-96), har vist seg å vere 16 mill kr lågare enn dei reelle utgiftene når det gjeld politi- og lensmannsetaten. Årsaka er at dei sentrale justeringsforhandlingane pr. 01.07.95 blei vesentleg dyrare enn ein hadde rekna med for den delen av oppgjeret som gjaldt overføring av politi- og lensmannsbetjentar frå lønnsramme 8 til lønnsramme 12. Det blei under forhandlingane lagt til grunn at om lag 1200 tenestemenn ville rykkje opp frå lønnsramme 8 til lønnsramme 12. Det har vist seg at talet blei høgre, og ligg pr. i dag på om lag 3000.

Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 16,0 mill kr.

Funksjonærstillingar frå Herads- og byrettane

Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 0,86 mill kr og å opprette 1,5 funksjonærstillingar, sjå omtale under kap. 410.

Styrking av driftsbudsjettet

Det har vore ei rekkje tunge draps- og etterforskingssaker som har gitt ei monaleg belasting av driftsbudsjettet i etaten i 1996. Det vert foreslått å auke løyvinga under post 01 med 5,0 mill kr og under post 11 med 3,0 mill kr. Dette vert foreslått dekt inn ved at løyvinga under post 45 blir redusert med 8,0 mill kr.

Flyulykka på Svalbard

Flyulykka på Svalbard 29.08.96 har ført til monalege ekstraordinære utgifter for politi- og lensmannsetaten. Bl.a. omfattar dette reiseutgifter, kjøp og leige av ymse utstyr, tolketeneste, obduksjonar, utgifter til gravferdsbyrå, utgifter til sakkunnige, DNA-analysar, krisepsykiatri og overtid. Det er særleg Kripos og Troms politidistrikt som er blitt påførde desse utgiftene.

For å dekkje dei ekstraordinære utgiftene vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 med 18,0 mill kr, fordelt med 3,5 mill kr under post 01, 7,5 mill kr under post 11 og 7,0 mill kr under post 21.

Post 30 Politistasjon Grünerløkka

I samband med Stortingets behandling av Justisdepartementets budsjett for 1996 blei det gitt ei løyving på 2,0 mill kr til prosjektmidlar til ny politistasjon på Grünerløkka. Planlegginga av ny politistasjon er i gang, men løyvinga vil ikkje bli nytta i 1996. Det vert derfor foreslått at posten blir gjort overførbar ved at stikkordet «kan overførast» blir knytt til posten, sjå utkast til vedtak.

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast

Det vert foreslått å overføre 8,0 mill kr til driftsbudsjettet (post 01 og 11). Dette vil ikkje ha særlege konsekvensar for dei planlagde investeringane innan IT og materiell. Løyvinga vert foreslått redusert med 8,0 mill kr.

Posten dekkjer utgifter til store investeringar i politioperativt materiell og IT-teknologi i politi- og lensmannsetaten. Ut i frå dei førebelse prognosane ventar departementet ei mindreutgift i 1996 fordi ein del av bestillingane frå 1996 vil bli levert og betalt i 1997. Det vil derfor bli ei overføring frå 1996 til 1997. Overføringa til 1997 vil vere på om lag samme storleik som frå 1995 til 1996.

Kap. 3440 Politi- og lensmannsetaten

Post 01 Gebyr

Posten dekkjer inntekter frå behandlingsgebyr for pass, våpenløyve og lotterisaker. På bakgrunn av førebelse rekneskapstal og erfaringar frå tidlegare år når det gjeld inntektsutviklinga gjennom året vert det foreslått å auke løyvinga med 25,0 mill kr.

Post 04 Gebyr - vaktselskap

Førebelse rekneskapstal viser ein monaleg nedgang i inntektene i samband med søknader om etablering av nye vaktselskap. Det vert derfor foreslått å redusere løyvinga med 0,3 mill kr.

Kap. 3449 Statens innkrevjingssentral

På bakgrunn av bl.a. rekneskapstal for 1995 og til no i 1996 vert det foreslått endringar i løyvingane under følgjande postar:

Post 81 Bøter, inndragingar

Det har vore ein nedgang i innregistrerte bøter. Det vert derfor foreslått å redusere løyvinga med 30,0 mill kr.

Post 82 Vegadministrasjonsgebyr

Inntektene frå overlastgebyr ser ut til å bli noko mindre enn tidlegare overslag. Det vert derfor foreslått å redusere løyvinga med 10,0 mill kr.

Post 84 Gebyr ved for seint innsend rekneskap

Det vert foreslått å auka løyvinga med 5 mill kr.

Post 85 Misleghaldne lån i Statens lånekasse

Overføringa av saker frå Statens lånekasse har blitt forseinka i høve til det som blei lagt til grunn for SIII-talet for 1996. Innfordring av misleghaldne studielån ved Statens innkrevjingssental er i startfasen, og det er vanskeleg å gi eit overslag over inntektene for 1996 under posten. Ei stor mengd krav gjeld utanlandske statsborgarar. I desse sakene må kravbeløpet reknast som tapt. På bakgrunn av bl.a. rekneskapstal og analysar av kravmassen vert det foreslått å redusere løyvinga med 50,0 mill kr.

Inntektssvikten gjeld oppstartåret 1996. Det er førebels ikkje grunnlag for å redusere inntektsoverslaget for 1997, som er på 90 mill kr.

Kap. 471 Statens erstatningsansvar

Post 71 Erstatningsansvar m.m, overslagsløyving

For 1996 er løyvinga på 31,6 mill kr. Forbruket pr 31.08.96 er på 105,6%. Det høge forbruket har samanheng med med at eit par store enkeltsaker har blitt belasta posten. Det er vanskeleg å vurdere utviklinga for resten av året, men departementet foreslår å auke løyvinga med 20 mill kr.

Kap. 473 Datatilsynet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter i samband med tilskiping av kurs m.m. Utgiftene blir dekte av inntekter under kap. 3473, post 02.

Datatilsynet vil iår bruke ca kr. 20 000 til å halde kurs og dei vil samstundes krevje inn ca kr. 20 000 frå kursdeltakarane. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 473, post 21 med kr. 30 000.

Kap. 3473 Datatilsynet

Post 02 Kursavgift

Inntektene under posten skal dekkje utgifter under kap. 473, post 21, og har samanheng med kurs som Datatilsynet held m.m.

Departementet foreslår at løyvinga under kap. 3473, post 02 blir redusert med kr. 30 000, jf. omtale under kap. 473, post 21.

Kap. 480 Svalbardbudsjettet

Post 50 Tilskot

I samband med at Sysselmannens kontorbygg vart totalskadd av brann i november 1996, vedtok Stortinget ved behandlinga av St. prp. nr. 1 Tillegg nr. 10 (1995-96) å auke løyvinga under kap. 480, post 50 med 24,5 mill kr. Av denne løyvinga vart 22,4 mill kr løyvd under kap. 20, post 31 på Svalbardbudsjettet. Det gjekk fram av den tekstlege omtalen at posten skulle ha stikkordet «kan overførast». Det blei kun gjort vedtak på Justisdepartementets budsjett under kap. 480 post 50 slik at det formelt ikkje er gjort vedtak om at kap. 20, post 31 på Svalbardbudsjettet kan overførast.

Byggjestart for Sysselmannens kontorbygg er oktober 1996 og bygget vil etter planen stå ferdig i november 1997. Dette gjer at det vil bli nødvendig å overføre ein stor del av løyvinga på 22,4 mill kr til 1997. Justisdepartementet vil foreslå at kap. 20 post 31 på Svalbardbudsjettet får stikkordet «kan overførast», sjå utkast til vedtak.

Kap. 481 Direktoratet for sivilt beredskap

Post 45 Store nyinnkjøp, kan overførast

Posten skal dekkje administrativt utstyr og materiell til DSB og Sivilforsvaret, der det vil bli satsa spesielt på utskiftinga av transportmiddel og brannvernutstyr.

Direktoratet for sivilt beredskap har bygd om Grorud leir for å få plass til den nye Stor-Oslo sivilforsvarskrins. Arbeidet vart opphavleg planlagt gjennomført i 1997, men blei framskunda på grunn av ei omorganisering. I samband med dette foreslår departementet at løyvinga under post 45 vert redusert med 2,347 mill kr og at løyvinga under kap. 481, post 46 vert auka tilsvarande.

Post 46 Ombyggingar, utvidingar, ekstraordinært vedlikehald, kan overførast

Posten skal mellom anna dekkje ombygging og utviding av Sivilforsvarets regionale skolar, sivilforsvarsleirar og Sentralanlegget.

Departementet foreslår at løyvinga under post 46 vert auka med 2,347 mill kr jf. omtale under kap. 481, post 45.

Til forsiden