Klage på avslag på søknad om tilskot til M/S Stangfjord, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Askvoll kommune klaga, saman med det nystifta ”Veteranbåtlaget M/S Stangfjord”, på Riksantikvaren sitt vedtak om avslag på søknad om tilskot til restaurering av båten M/S Stangfjord. Riksantikvaren fann ikkje grunn til å gjera om vedtaket sitt og viste til at fartøyet fell utanfor dei prioriteringar som direktoratet har sett seg nøydt til å foreta i 2012, på grunn av det tronge budsjettet. Miljøverndepartementet finn ikkje grunn til å overprøve Riksantikvaren sine faglege prioriteringar i denne saka. Klaga blir ikkje teken til følgje.

Miljøverndepartementet viser til dykkar brev datert 28.03.2012 med klage på Riksantikvaren sitt vedtak av 28.02.2012 om ikkje å gje tilskot til restaurering av båten M/S Stangfjord.

Miljøverndepartementet har vurdert alle sider av saka og har etter ei samla vurdering ikkje funne grunn til å gjera om Riksantikvaren sitt vedtak av 28.02.2012. Klaga blir ikkje teken til følgje.

Bakgrunn

M/S Stangfjord vart bygd i 1933 og brukt som skyssbåt til og frå Stangfjorden i Askvoll kommune. Den tyske okkupasjonsmakta nytta båten til passasjertransport under namnet "Ingrid". Etter krigen vart båten overteken av AS Stangfjordanleggene, som dreiv den til dei gjekk konkurs i 1952. Fartøyet hadde etter kvart fleire eigarar. Båten har vore i Askvoll kommunes eige sidan 1995, då kommunen kjøpte fartøyet. M/S Stangfjord er godkjent av Riksantikvaren som verneverdig skip.

Askvoll kommune søkte den 21.12.2011 Riksantikvaren om tilskot på kr 190 000 til restaurering av M/S Stangfjord. I brev av 26.01.2012 gjorde Riksantikvaren Askvoll kommune merksam på at reglane for tilskot ikkje gjer anledning til å gje tilskot til kommunar eller andre offentlege etatar. Tilskota som tidlegare er tildelt M/S Stangfjord vart tildelt i den tru at Stiftinga Jensebua var eigar av fartøyet. Årsaka til dette var at Riksantikvaren i 2006 og 2007 fekk søknad om tilskot til båten, der søknaden vart sendt av Stiftinga Jensebua v/Ove Losnegård. I ovannemnde brev av 26.01.2012 bad Riksantikvaren kommunen om å overføre eigarskapen av båten til ei stifting eller eit lag/selskap, og nemnte at dersom dette var på plass innan utangen av februar ville søknaden kunne handsamast i 2012. Denne fristen blei forlenga til ut mars 2012, jf. saksframlegg til Miljøverndepartementet.

Likevel avslo Riksantikvaren søknaden i vedtak av 28.02.2012. Det vart vist til at den store søkjarmassen, i høve til tilgjengelege tilskotsmidlar, gjer at Riksantikvaren har vært nøyd til å foreta ei ekstra streng prioritering når det gjeld kva fartøy som kan få tilskot i 2012. Dette førar med seg at fleire fartøy som oppfyller kriteria for tilskot og/eller fell inn under Riksantikvaren sine prioriteringar vil måtte få avslag, eller redusert beløp i høve til søknaden. Det vart også synt til at direktoratet i 2012 har prioritert freda, større fartøy som står i fare for å miste sertifikatet dersom det ikkje vært gjort utbetringar, samt fartøy som vil kunne komme av slipp/dokk.

I e-post av 07.03.2012, før Askvoll kommune hadde moteke vedtak om avslag frå Riksantikvaren, bad kommunen om forlenga frist, til etter første kommunestyre den 23.04.2012, for å ordne med eigarskifte for båten. Kommunen viste til at den har hatt møte med personar i Stongfjorden som ønskjer å etablere ein foreining som vil stå som eigar og for drifting av båten.

I brev av 26.03.2012 avslo Riksantikvaren kommunen sin førespurnad om fristforlenging. Grunngjevinga var at direktoratet ikkje kunne utsette handsaminga av dei andre søknadene om tilskot fordi desse prosjekta ville være avhengig av å kome i gong med arbeidet og bestillingar snarast.

Vedtak om avslag blei påklaga av Askvoll kommune, saman med det nystifta ”Veteranbåtlaget M/S Stangfjord”, i brev datert 28.03.2012. Riksantikvaren har vurdert klaga og held fast på avslaget. Klaga er difor sendt til Miljøverndepartementet for handsaming i brev datert 24.05.2012.

Klager sine merknader, jf. brev av 28.03.2012

Askvoll kommune og ”Veteranbåtlaget M/S Stangfjord” (klagar) skriv at ingen av dei involverte i saka var klar over at det var ein klausul i reglane om at tilskot ikkje kan tildelast ein båt eigd av ein kommune. Dette fordi tilskot er gitt over fleire år og kommunen stod som eigar heile perioden. Klagar meiner det ikkje kan være tvil om at Riksantikvaren kjende til eigarskapen.

Klagar understrekar at avslaget frå Riksantikvaren, i brev av 28.02.2012, kom før fristen for å endre eigartilhøve til båten var ute. Veteranbåtlaget M/S Stangfjord, som skal overta eigarskapen og drive båten, vart skipa den 17.03.2012. Styre og vedtekter ligg føre og det står berre att å gjennomføre den formelle overdraginga av eigarskapen.

Klagar opplever at M/S Stongfjord heilt klart kjem innafor dei prioriterte kriteria for tildeling av tilskot som Riksantikvaren oppgjer.

Klagar skriv at eit avslag midt i ein lang restaureringsprosess gjer det svært vanskeleg å planlegge og gjer framtida for båten vanskeleg å føreseia. Klagar peikar på at Riksantikvaren har bidrege med løyvingar i mange år, og at signala om å halde fram med tilskot heilt fram til ferdig båt har vore oppfatta som svært positive og langsiktige. Det blir også nemnt at båten som no står i båtbyggjeriet til Hardanger Fartøyvernsenter, og er omtrent midt i restaureringa, vil sperre for anna arbeid ved Fartøyvernsenteret. Klagar har registrert at andre fartøy som kan kome av slipp/dokk er prioriterte av Riksantikvaren i år, og undrar seg over at M/S Stangfjord ikkje er blant desse. 

Riksantikvaren sine merknader, jf saksframlegg av 24.05.2012

Riksantikvaren skriv at det må være inngått verneavtale mellom eigar og Riksantikvaren for at søknaden skal kunne handsamast. Føresetnadene for å søke tilskot er ikkje oppfylte pr. 24.05.2012, då direktoratet ikkje har motteke skriftleg dokumentasjon på at båten er overført til ny eigar og heller ikkje søknad frå ny eigar om status som ”verna skip”.

Direktoratet skriv at det framleis er positivt til deltaking i den pågåande restaureringa når dei formelle vilkåra er ordna.

Båten står under tak i slipphall ved Hardanger Fartøyvernsenter, og Riksantikvaren meiner at det ikkje er kritisk for fullføringa av prosjektet at det blir eit opphald i restaureringsarbeidet.

Miljøverndepartementet si vurdering

Miljøverndepartementet noterar seg at Riksantikvaren har handsama søknaden om tilskot enda dei formelle vilkåra kring eigarskapen for båten, og verneavtale med ein ny eigar, ikkje var på plass. I vedtak om avslag av 28.02.2012 er grunngjevinga for avslaget at direktoratet, på grunn av dei avgrensa tilskotsmidlane, har vært nøydt til å prioritere freda, større fartøy som står i fare for å miste sertifikatet dersom det ikkje vært gjort utbetringar, samt av fartøy som vil kunne komme av slipp/dokk i 2012. Grunngjevinga for avslaget blir utdjupa i saksframlegg av 24.05.2012 til Miljøverndepartementet der Riksantikvaren skriv at det ikkje vil være kritisk for fullføringa av prosjektet at det blir eit opphald i restaureringsarbeidet.

Miljøverndepartementet meiner det er uheldig at Riksantikvaren handsama søknaden ferdig før fristen for skifte av eigar hadde gått ut. Riksantikvaren skriv i oversendinga av saka til departementet at det blei klart at fristen for å gjennomføre eit eigarskifte ikkje kunne overhaldast, då det kom fram av e-post av 07.03.2012 at kommunestyret si handsaming av saka først kunne skje den 23.04.2012. Vidare skriv Riksantikvaren at brevet med vedtak om avslag, som er datert 28.02.2012, først blei godkjent den 08.03.2012, altså etter at Riksantikvaren fekk ovannemnde e-post. Dette er eit forhold som Riksantikvaren burde formidla i sjølve vedtaket om avslag. Det same gjeld det forhold at direktoratet ikkje kunne utsette handsaminga av dei andre søknadene om tilskot, fordi desse prosjekta vil være avhengig av å komme i gong med arbeidet og bestillingar snarast, som først blir formidla i brev av 26.03.2012 frå Riksantikvaren.

Trass disse feila i handsaminga av saka legg Miljøverndepartementet til grunn at Riksantikvaren, på grunn av knappe midlar, ikkje ville prioritert annleis, og feilen har derfor ikkje vært avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningslova (fvl) § 41. Etter departementet si vurdering er dette derfor ein feil i sakshandsaminga som ikkje har hatt innverknad på utfallet i saka.

Miljøverndepartementet legg vekt på at Riksantikvaren må foreta ei streng prioritering mellom prosjekta det søkast om tilskot til på grunn av den store søkarmassen i forhold til tilgjengelege tilskotsmidlar. Grunngjevinga for avslaget er faglege prioriteringar som Riksantikvaren har tillagt vekt ved tildeling av tilskot i 2012, og departementet finn ikkje grunn til å overprøve desse.

Departementet kan elles ikkje sjå et det er andre feil i handsaminga av saka, eller ved lovbruken, som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. fvl § 41

Konklusjon

Miljøverndepartementet har vurdert alle sider av saka og har etter ei samla vurdering ikkje funne grunn til å gjera om Riksantikvaren sitt vedtak av 28.02.2012. Klaga blir ikkje teken til følgje.

 

Beste helsing

 

Elisabeth Platou (e.f.)
avdelingsdirektør

Bengta Ryste
rådgjevar

Kopi:
Riksantikvaren