Trepartssamarbeid på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet

Regjeringa samarbeider med partane i arbeidslivet for å løyse ei rekkje samfunnsutfordringar. Det er dei fire største arbeidstakarorganisasjonane (LO, YS, Unio og Akademikerne) og dei fire største arbeidsgjevarorganisasjonane (NHO, KS, Virke og Spekter ) som deltar i det organiserte trepartssamarbeidet med regjeringa.

Organisasjonane og styresmaktene samarbeider konstruktivt på mange område. Partane tar initiativ til å setje politiske saker på agendaen, dei har rådgjevande funksjonar både på arbeidsrettsområdet og i meir generelle økonomiske og samfunnspolitiske saker. Dei er også høyringsinstansar ved utforming av nytt regelverk for arbeidslivet.

Det er sentralt at alle partar kjem til orde og får fremja synet sitt. Samarbeidet gjev legitimitet til dei løysningane som blir valde. Trepartssamarbeidet har vore institusjonalisert sidan 1960-åra, då regjeringas kontaktutval med organisasjonane i arbeidslivet blei etablert. Kontaktutvalet blir leia av statsministeren. Her blir mellom anna den økonomiske situasjonen i landet drøfta, og det inntektspolitiske samarbeidet er også forankra her. Et anna sentralt trepartsorgan i dette samarbeidet det tekniske berekningsutvalget for inntektsoppgjera (TBU).

Det er ei rekkje samarbeidsarenaer mellom regjeringa og partane i arbeidslivet. På arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet er særleg arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd ein sentral arena.

Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd

I 2003 blei arbeidslivspolitisk råd oppretta. Dette rådet heiter frå 2009 arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd og blir leia av arbeids- og sosialministeren. Her møtest styresmaktene og organisasjonane for å diskutere aktuelle spørsmål på arbeidslivsområdet. I tillegg til hovudorganisasjonane møter også staten som arbeidsgjevar ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Formålet er å ha eit forum der partane ope kan ta opp viktige problemstillingar og drøfte moglege løysingar.

Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd er samde om at det regelmessig skal ta opp saker som samarbeidet om IA-avtalen, oppfølginga av pensjonsreforma, treparts bransjeprogram og likestilling i arbeidslivet.

Avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen)

Avtalen mellom regjeringa og hovudorganisasjonane i arbeidslivet om eit meir inkluderande arbeidsliv blei første gong inngått i 2001. IA-avtalen er seinare blitt vidareutvikla og inngått på nytt i 2005, 2010 og 2014. Den noverande avtalen gjeld ut 2018.

Les meir om inkluderande arbeidsliv (IA)

Treparts bransjeprogram

I samarbeid med partane i arbeidslivet er det organisert eigne bransjeprogram for å fremje gode og seriøse arbeidsforhold i utsette bransjar.

Les meir om treparts bransjeprogram

Trepartssamarbeid i etatane

Petroleumstilsynet og Arbeidstilsynet har eigne arenaer for trepartssamarbeid på sine område.

Sikkerhetsforum er den sentrale samhandlingsarenaen mellom partane i næringa og styresmaktene  innan helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda.

Les meir om Sikkerhetsforum på Petroleumstilsynet sine nettsider 

Rådet for Arbeidstilsynet skal sikre dialog mellom Arbeidstilsynet som representant for styresmaktene og partane i arbeidslivet som representantar for verksemder og arbeidstakarar. Rådet blir leia av direktøren for Arbeidstilsynet. Sentrale tema i rådet er:

  • arbeidsmiljøsituasjonen i Noreg og utviklinga av denne 
  • viktige tiltak, aksjonar og kampanjar o.a. i Arbeidstilsynet 
  • utvikling av regelverk 
  • mogelege samarbeidstiltak mellom Arbeidstilsynet og partane i arbeidslivet