Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU)

Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) legg til rette for at partane i arbeidslivet og myndigheitene har ei best mogeleg felles forståing av situasjonen i norsk økonomi.

Utvalet lagar vanlegvis to rapportar kvart år. Ein rapport blir laga før lønnsoppgjera. Denne rapporten kjem i to utgåver –  ei førebels utgåve i slutten av februar og ei endeleg utgåve i slutten av mars. Rapporten gir oversikt over lønns- og inntektsutviklinga, prisutviklinga (inkludert ein prisprognose for inneverande år) og utviklinga i konkurranseevna. Han gir òg ei oversikt over utviklinga i internasjonal økonomi og norsk økonomi. Dessutan er det fleire vedlegg, mellom anna om lønnsoppgjera året før, definisjonar av ein del lønnsbegrep og institusjonelle trekk ved lønnsdanninga i Noreg. Den andre rapporten kjem i juni og er ei oppsummering av lønnsoppgjera i inneverande år.

Les rapporter fra TBU her  

Kva mandat har utvalget?

  • Utvalet skal i samband med inntektsoppgjera leggje fram det best mogelege talmaterialet og presentere det i ei slik form at ein kan unngå usemje mellom partane rundt dei økonomiske omstenda.
  • Utvalet skal leggje fram oppsummeringsrapportar etter inntektsoppgjera.
  • Utvalet skal, når departementet ber om det, klargjere talmaterialet for spesielle inntekts­politiske spørsmål.
  • Utgreiingane frå utvalet blir overleverte til Arbeids- og sosialdepartementet.  

Historikk

TBU blei nedsett for fyrste gong i 1967. Utvalet er sidan 1969 nedsett for fireårsperiodar, seinast i september 2015. Utvalet blei då nedsett for ein ny periode inntil 30. september 2019.

Berekningsutvalet har sidan 1967 vore eit sentralt ledd i det inntektspolitiske samarbeidet. Rapportane frå utvalet legg ein stor del av talgrunnlaget for lønnsoppgjera. 

Kven sit i utvalet?

Forskar Ådne Cappelen i Statistisk sentralbyrå leiar utvalet. Desse organisasjonane/etatane og departementa er representerte i utvalet:

  • Akademikerne
  • Arbeids- og sosialdepartementet
  • Arbeidsgiverforeningen Spekter
  • Finansdepartementet
  • Hovedorganisasjonen Virke 
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet 
  • KS
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • Næringslivets Hovedorganisasjon
  • Statistisk sentralbyrå
  • Unio
  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund