Marknadsføring

Marknadsføringslova set rammer for næringsdrivande si marknadsføring overfor forbrukarar og andre næringsdrivande. Føremålet med lova er å hindre urimelege tiltak i marknadsføring.

Marknadsføringslova sin generelle karakter

Marknadsføringslova er generell og gjeld marknadsføring av alle typar varer, tenester og andre ytingar. I tillegg finst det spesialreglar om marknadsføring i andre regelverk. Til dømes er TV-reklame regulert i kringkastingslova, og forbod mot alkohol- og tobakksreklame er teke inn i høvesvis alkohollova og tobakksskadelova.

Lova inneheld mellom anna forbod mot villeiande og aggressiv marknadsføring, og mot marknadsføring som strir mot god marknadsføringsskikk (dvs. uetisk marknadsføring). Vidare er det lovfesta prinsipp om at marknadsføring skal stå fram som marknadsføring og at faktiske påstandar i marknadsføring skal kunne dokumenterast.

Uynskt reklame – reservasjon og førehandssamtykkje
Forbrukarane har rett til å reservere seg mot uynskt reklame via telefon eller adressert post. Dette skjer gjennom reservasjon i Reservasjonsregisteret i Brønnøysund.
Forbrukarane kan òg reservere seg mot uadressert reklame og/eller gratis aviser. Dette skjer ved å merkje postkassen, døra osb. med «nei takk» e.l. til den aktuelle reklamen.
Ved elektronisk reklame via e-post, SMS og liknande gjeld ei «ja takk»-ordning. Det vil seie at forbrukarane og andre fysiske personar må gi samtykkje til å få slik reklame før den kan sendast.

Marknadsføring overfor barn
Marknadsføringslova har eit eige kapittel om vern av barn. Barn er ei sårbar gruppe, som det skal visast særleg aktsemd overfor. Lova skal tolkast strengare enn elles når barn er målgruppa.

Urimelege avtalevilkår
Marknadsføringslova har òg ei viktig føresegn om kontroll med avtalevilkår. På mange område, til dømes transport og elektrisk kraft, har næringsdrivande utarbeidd standard avtalevilkår på førehand som skal nyttast i høve til mange forbrukarar. Kvar einskild forbrukar har som regel liten innverknad på vilkåra i slike avtaler. Forbrukarombodet fører tilsyn med at standardavtaler som forbrukarar inngår med næringsdrivande er rimelege og balanserte.

Forbrukarombodet og Marknadsrådet
Forbrukarombodet er tilsynsorgan for marknadsføringslova. Marknadsrådet er eit domstolsliknande forvaltingsorgan som er Forbrukarombodet sin overinstans i faglege spørsmål.

Marknadsføring næringsdrivande imellom
Dei fleste føresegnene i marknadsføringslova gjeld tilhøvet mellom næringsdrivande og forbrukarar. I tillegg er det eit eige kapittel som gjeld vern av næringsdrivande sine interesser. I slike saker har ikkje Forbrukarombodet og Marknadsrådet kompetanse til å gripe inn. Næringsdrivande m å reise søksmål for domstolane eller melde saka til politiet. Det finst òg eit utval som handsamar saker om brot på lova mellom næringsdrivande og gir rådgivande fråsegner (Næringslivets konkurranseutval).