Forvaltningsplanar for havområda

Forvaltingsplanane for havområda er eit viktig verktøy for å gjennomføre ein heilskapleg og økosystembasert forvaltning i norske havområde.

To barn på en strand med bølge som slår fra et blått hav i Lofoten
Frå Bunesstranda i Moskenes i Lofoten kan ein sjå rett ut i det som kallast Barentshavet-Lofoten havområde. Foto: Snorre Tønset/KLD

Havforvalting er viktig i Noreg, vi har store havområde – seks gonger landarealet. Desse områda er svært rike på ressursar og naturmangfald og har høg biologisk produksjon. Her har vi også mange aktivitetar som påverkar livet i havet.

Målet med forvaltingsplanane er å legge til rette for verdiskaping og samtidig oppretthalde naturmangfaldet. Klima- og miljødepartementet har ansvaret for arbeidet med forvaltningsplanane.

Tre ulike havområde – tre ulike planar

Noreg er omkransa av Barentshavet i nord, Norskehavet i vest og Nordsjøen og Skagerrak i sør.

  • Norskehavet er eit djuphav med djup ned mot 3000–4000 meter og eit gjennomsnittsdjup på 1800 meter.
  • Dei to andre havområda er grunne hav.
  • Gjennomsnittsdjupet i Nordsjøen–Skagerrak er 90 meter, mens det i Barentshavet er 230 meter.

Miljøtilstanden i dei produktive og ressursrike norske havområda er generelt god, men påverkast i aukande grad av klimaendringar som fører til endringar i økosystema. Noreg sine store havområde er spesielt produktive og ressursrike, men også sårbare og i rask endring.

Det er ei hovudutfordring for  havforvaltninga i Noreg å bevare økosystema i havet og evne til langsiktig verdiskaping og velferd i ei tid med raske endringar i klima, miljø og aktivitetar til havs.

Kart som viser de norske havområdene i Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak.
Kart over forvaltningsplanområda i Barentshavet–Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak. Foto: Miljødirektoratet

Havforvalting må bygge på kunnskap

Grunnlaget for ein ny økosystembasert forvaltning av dei norske hav- og kystområda ble lagt i Stortingsmelding nr. 12 (2001–2002) Rent og rikt hav.

Forvaltninga av havområda må være kunnskapsbasert. Vi treng kunnskap om dei viktigaste næringane og tilstanden og utviklinga til havmiljøet. Det er viktig at samanhengen mellom påverknader og miljøkonsekvensar vert synleggjort - og effektane dokumenterte.

Forskarar frå alle aktuelle kunnskapsmiljø lager difor eit fagleg grunnlag før forvaltningsplanane vert laga.

Kartlegging av havbotnen

I 2005 vart kartleggingsprogrammet Mareano oppretta. Programmet har no kartlagt store delar av havbotnen på strekninga frå Stadhavet til grensa til Russland.

Djupner og terreng på havbotnen blir kartlagde, og det blir tatt biologiske, geologiske og kjemiske prøver av botnen. I tillegg filmar programmet delar av havbotnen med videokamera.

Dette har gitt oss fantastiske bilete av dyr og algar i alle fargar og former, og heilt ny kunnskap om havbotnen og livet i havet. Påverknad frå trål på botnen og mengde marin forsøpling vert også kartlagd. Kunnskapen vert brukt av forskarane når dei lager det faglege grunnlaget for forvaltningsplanane. M

areano blir finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Eit viktig system for overvaking av havområda

For å kunne seie noko om tilstand og endringar i miljøet er det laga eit system for overvaking. Eit sett med indikatorar, til dømes temperatur, plankton, visse fiskeslag og sjøfuglar blir følgde og målte med ulike mellomrom.

Endringar av indikatorane varslar forvaltninga om at det kan ha skjedd påverknader av havmiljøet som medfører behov for tiltak.

Overvakingssystemet blir utvikla   vidare etter kvart som metodar blir forbetra og forskarane får ny kunnskap.

Overvaking av sjøfugl

Sjøfuglprogrammet Seapop vart starta i 2005. Programmet gir oss kunnskap om utviklinga hos lundefugl og skarv og ærfugl, og mange fleir. Forskarane kan med ny teknologi følgje fuglane sine vandringar gjennom heile året, frå fuglefjellet om sumaren til langt ut på havet om vinteren.

Enkelte artar kan kallas for eit miljøbarometer. Viss miljøet endrar seg, ser du det fyrst på utviklinga i bestanden til desse fuglane. Når til dømes foreldra til lundeungane på Røst ikkje finn mat til dei, veit vi at sildeyngelen ikkje er der den pleier å være.

Varmare hav gjer det blant anna mogleg for makrellen å symje nordover. Og den likar også sildelarvar.

Korleis vert ein forvaltningsplan til?

Noreg er tidleg ute med å lage og praktisere forvaltningsplanar. Det ligg eit omfattande samarbeid i botn både mellom forsking, fagetatar og mellom departementa.

Fagleg forum og Overvakingsgruppa utarbeider det faglege grunnlaget for forvaltningsplanane. I styringsgruppa for planane sit alle departementa som arbeider med spørsmål knytte til havområda. Interessegrupper vert involverte på ulike stadium i prosessen fram til skriving av meldinga.

Forvaltningsplanane dekker havområda frå grunnlinja ytst på kysten og utover i opent hav. Saman dekker vannforskrifta og forvaltningsplanane marint miljø frå fjæresteinane og ut i dei ope havområda.