Bioenergi

Auka produksjon og bruk av bioenergi er høgt prioritert i Noreg. Bioenergi blir utvunne frå ulike typar biomasse – skogsråstoff er ein av dei.

Auka produksjon og leveranse av trevirkebasert bioenergi er ikkje berre smart for klimaet, det bidrar og til næringsutvikling og auka verdiskaping.
Auka produksjon og leveranse av trevirkebasert bioenergi er ikkje berre smart for klimaet, det bidrar og til næringsutvikling og auka verdiskaping. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Skogen er den største kjelda til produksjon av bioenergi i Noreg. Mest vanleg er direkte forbrenning av ved, flis og pellets til oppvarming – enten i vanlege vedovner, sentralfyringsanlegg eller fjernvarmesentralar. 

Potensialet for auka bruk av tre til bioenergiproduksjon er stort. Hogsten er nemleg langt lågere enn tilveksten. I tillegg blir i dag hogstavfall, som topper og kvist, stort sett liggande ubrukt att i skogen. 

Berekningar viser at kvist og topper frå dagens hogst aleine kan bidra med 6 TWh energi. Totalt har norske drivverdige skogar eit potensial for å bidra med 29 TWh energi. 

Biodrivstoff som blir omsett i Noreg i dag er i hovudsak importert og laga av jordbruksvekster som raps, mais og sukkerrøyr. 

Borregaard i Sarpsborg leverer også noko etanol framstilt av cellulose til bussar i Oslo. Oslo er sannsynlegvis den første byen i verda som nyttar etanol framstilt av cellulose kommersielt. 

Det blir forska på fleire ulike teknologiar for produksjon av biodrivstoff frå skogsråstoff og cellulose, og biodrivstoff til fly. 

Auka produksjon og leveranse av trevirkebasert bioenergi er ikkje berre smart for klimaet, det bidrar og til næringsutvikling og auka verdiskaping.

Bioenergiprogrammet, som blir forvalta av Innovasjon Noreg, er Landbruks- og matdepartementets viktigaste verkemiddel for auka utbygging av småskala bioenergi. Programmet skal stimulere bønder og skogeigarar til å produsere, bruke og levere meir bioenergi.