Uføretrygd

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar:

Ny uføretrygd tredde i kraft 1. januar 2015. Den nye uføretrygda vil blant anna gjere det lettare å kombinere trygd og arbeid.

Kven får uføretrygd?

Uføretrygd skal sikre inntekt for personar som har fått si inntektsevne varig nedsett med minst 50 prosent på grunn av sjukdom og/eller skade. Dersom ein mottek arbeidsavklaringspengar når ein søkjer om uføretrygd, er det tilstrekkeleg at inntektsevna er varig nedsett med minst 40 prosent. 

Utrekningsgrunnlag

Uføretrygda blir utrekna på grunnlag av gjennomsnittleg inntekt dei tre beste av dei fem siste åra før personen vart ufør. Uføretrygda utgjer 66 prosent av grunnlaget og blir skattlagd som lønn. 

Lett å kombinere trygd og arbeid

Uføretrygda er enkel og trygg å kombinere med arbeid: Ein kan enkelt melde i frå til NAV kor mykje ein tror ein vil tene. Uføretrygda vil reduserast fortløpande.  Ein får heller ingen endring i uføregraden dersom ein tener meir enn inntektsgrensa.  

Meir om uføretrygd

Du finn meir informasjon om på NAVs nettsider.

Relevant regelverk