Meld. St. 3 (2013–2014)

Statsrekneskapen 2013

Til innhaldsliste

2 Departementsvise omtalar

Dette kapittelet har ein kort omtale av rekneskapen til kvart einskilt departement og av dei statlege utlåna gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS. Kapittelet syner utviklinga på utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2011, 2012 og 2013 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2013. Samla lånetransaksjonar kjem fram på ei særskild rad i tabellen.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjord opp på kapittel- og postnivå. Overføringar frå eit år til det neste vert vedtekne på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merkte «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med opp til fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp er difor ikkje den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde og gjev eit oversyn over samla inntekter frå refusjonar og andre meirinntekter knytte til områda.

Det kan vera avvik mellom sumtala i tabellane og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vera i samsvar med rekneskapen.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

00.10

Kongehuset

185,4

190,6

196,2

196,2

00.30

Regjeringa

321,9

352,2

341,3

343,8

00.40

Stortinget og underliggjande institusjonar

1 432,0

1 593,5

1 695,9

1 677,2

Sum før lånetransaksjonar

1 939,3

2 136,3

2 233,4

2 217,2

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Konstitusjonelle institusjonar

1 939,3

2 136,3

2 233,4

2 217,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 16,2 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 38,2 mill. kroner, frå 2 233,4 mill. kroner til 2 271,6 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 54,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 13,9 mill. kroner. Det er overført til saman 30,0 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,3 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner til 2,2 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 10,2 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 3,8 prosent.

Under programkategori 00.10 Kongehuset har utgiftene auka med 11 mill. kroner, frå 185 mill. kroner til 196 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 2,9 prosent.

Under programkategori 00.30 Regjeringa har utgiftene auka med 22 mill. kroner, frå 322 mill. kroner til 344 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 9,4 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 2,4 prosent. Auken i 2012 kom av meirutgifter til lokale, utstyr, transport og tryggingstiltak etter åtaka 22. juli 2011.

Under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar har utgiftene auka med 245 mill. kroner, frå 1 432 mill. kroner til 1 677 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 11,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,3 prosent. Auken frå 2011 til 2012 kom for det meste av kjøp av nye pendlarbustadar til stortingsrepresentantane og større ombyggings- og vedlikehaldsarbeid. Frå 2012 til 2013 auka driftsutgiftene med 9,3 prosent. Dei viktigaste årsakene til denne auken var ekstrautgifter i samband med stortingsvalet, utgifter til førebuing av grunnlovsjubileet og nokre store IKT-fornyingar.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvaltning og programområde 03 Internasjonal bistand (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksforvaltning

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

02.00

Administrasjon av utanrikstenesta

1 888,7

1 925,4

2 076,0

2 028,7

02.10

Utanriksføremål

4 210,7

2 251,4

3 784,9

3 617,6

Sum før lånetransaksjonar

6 099,5

4 176,8

5 860,9

5 646,3

Lånetransaksjonar

0,1

0,1

0,4

0,1

Sum 02 Utanriksforvaltning

6 099,5

4 176,9

5 861,2

5 646,4

Programområde 03 Internasjonal bistand

03.00

Administrasjon av utviklingshjelpa

1 350,1

1 376,1

1 462,1

1 451,4

03.10

Bilateral hjelp

4 288,3

4 184,9

3 697,3

3 800,6

03.20

Globale ordningar

14 057,4

14 687,2

17 725,3

16 919,2

03.30

Multilateral hjelp

6 595,6

6 723,8

7 163,5

7 136,5

Sum før lånetransaksjonar

26 291,4

26 972,1

30 048,2

29 307,7

Lånetransaksjonar

757,3

787,5

911,0

911,0

Sum 03 Internasjonal bistand

27 048,6

27 759,6

30 959,2

30 218,7

Sum Utanriksdepartementet

33 148,2

31 936,4

36 820,4

35 865,1

Programområde 02 Utanriksforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 214,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 294,6 mill. kroner, frå 5 860,9 mill. kroner til 6 155,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 509,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 91,3 mill. kroner. Det er overført til saman 396,8 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Mykje av dei unytta midlane i 2013 som er overførte til bruk i 2014, er knytte til kapittel 100 Utanriksdepartementet (198,6 mill. kroner), kapittel 117 EØS-finansieringsordningane (91 mill. kroner) og kapittel 118 Nordområdetiltak m.m. (94,8 mill. kroner).

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,3 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 02 Utanriksforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar minka nominelt med 0,5 mrd. kroner, frå 6,1 mrd. kroner til 5,6 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 31,5 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 35,2 prosent.

Hovudgrunnen til dei store variasjonane frå år til år er utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.

Under programkategori 02.00 Administrasjon av utanrikstenesta har utgiftene auka med 140 mill. kroner, frå knapt 1,9 mrd. kroner til drygt 2,0 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,4 prosent.

Under programkategori 02.10 Utanriksføremål har utgiftene minka med 0,6 mrd. kroner, frå 4,2 mrd. kroner til 3,6 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 46,5 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 60,7 prosent. Dei store variasjonane i utbetalt beløp per år heng saman med utbetalingar under EØS-finansieringsordningane.

Programområde 03 Internasjonal bistand

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 740,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 633,7 mill. kroner, frå 30 048,2 mill. kroner til 30 681,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 1 374,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 13,0 mill. kroner. Det er overført til saman 1 356,4 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 03 Internasjonal bistand har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,0 mrd. kroner, frå 26,3 mrd. kroner til 29,3 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,6 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 8,7 prosent. Grunnen til at utgiftene har auka mykje det siste året, er mellom anna store utbetalingar under programkategori 03.20 Globale ordningar.

Under programkategori 03.00 Administrasjon av utviklingshjelpa har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,35 mrd. kroner til 1,45 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,5 prosent. Mykje av auken i 2013 kjem av pris- og valutakursendringar.

Under programkategori 03.10 Bilateral hjelp har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 4,3 mrd. kroner til 3,8 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 9,2 prosent. Noko av nedgangen den siste perioden kjem av at tiltak innanfor fornybar energi i 2013 er løyvde på eigen post (kap. 166, post 74) under programkategori 03.20.

Under programkategori 03.20 Globale ordningar har utgiftene auka med knapt 2,9 mrd. kroner, frå 14,1 mrd. kroner til 16,9 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 15,2 prosent. Det er særleg tiltak innanfor fornybar energi (kapittel 0166 Miljø og berekraftig utvikling) og helse (kapittel 0169 Globale helse- og vaksineinitiativ) som har auka monaleg.

Under programkategori 03.30 Multilateral hjelp har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 6,6 mrd. kroner til 7,1 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 6,1 prosent.

Utbetalingar av utviklingshjelp i perioden 2009–2013

Rekneskapen for 2013 syner at det vart utbetalt 30 219 mill. kroner til utviklingshjelp i 2013, tilsvarande 0,99 prosent av BNI for 2013, slik BNI for 2013 er venta no. Oversikta nedanfor syner utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2009–2013.

År

Utbetalt i mill. kroner

Utbetalt i prosent av BNI*

Unytta løyving overført til neste termin (i mill. kroner)

Unytta løyving overført neste budsjettermin, i prosent av budsjett

2009

26 015

1,09

1 027

3,9

2010

27 651

1,07

557

2,0

2011

27 049

0,97

556

2,0

2012

27 760

0,93

636

2,3

2013

30 219

0,99

1 357

4,4

* Tal for BNI frå nasjonalrekneskapen per 5. mars 2014. Tal for BNI i 2012 og 2013 er førebels.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

07.10

Administrasjon

266,6

275,1

267,0

272,4

07.20

Grunnopplæring

6 746,3

6 960,4

7 480,9

7 514,8

07.30

Barnehagar

447,9

341,8

317,7

321,2

07.50

Vaksenopplæring

1 306,6

1 325,7

1 493,3

1 482,0

07.60

Høgare utdanning og fagskuleutdanning

26 143,2

27 266,6

28 853,9

28 797,5

07.70

Forsking

4 713,2

4 887,9

5 426,3

5 427,6

07.80

Utdanningsfinansiering

10 361,0

11 062,2

11 376,8

11 532,0

Sum før lånetransaksjonar

49 984,7

52 119,7

55 215,9

55 347,5

Lånetransaksjonar

21 888,9

19 715,3

20 725,5

21 404,7

Sum Kunnskapsdepartementet

71 873,6

71 834,9

75 941,3

76 752,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 131,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 419,0 mill. kroner, frå 55 215,9 mill. kroner til 55 634,9 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 287,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 64,3 mill. kroner. Det er overført til saman 505,7 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 679,2 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 07 Kunnskapsdepartementet har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med knapt 5,4 mrd. kroner, frå 50,0 mrd. kroner til 55,3 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 6,2 prosent.

Under programkategori 07.20 Grunnopplæring har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå 6,7 mrd. kroner til 7,5 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 3,2 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 8,0 prosent. Grunnopplæringa vert stort sett finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Ein stor del av løyvinga over programkategori 07.20 går til tilskot til private skular og kvalitetsutvikling i grunnopplæringa. Utgiftsauken kjem mellom anna av at det er vorte fleire elevar i dei private skulane, og som ei følgje av satsingar for å styrkja kvaliteten i skulen.

Under programkategori 07.30 Barnehagar har utgiftene minka med 127 mill. kroner, frå 448 mill. kroner til 321 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 23,7 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 6,0 prosent. Nedgangen i utgifter frå 2011 til 2013 kjem av at investeringstilskot og tilskot til mellombels lokale vart avvikla etter kvart som kommunane nådde full barnehagedekning, og at løyvingar til dei faste oppgåvene fylkesmennene har på barnehagefeltet, er rammeoverførte til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Under programkategori 07.50 Vaksenopplæring har utgiftene auka med 175 mill. kroner, frå 1,3 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 1,5 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 11,8 prosent. Det meste av auken i treårsperioden kjem av auka kontingent for norsk deltaking i EUs program for livslang læring.

Under programkategori 07.60 Høgare utdanning og fagskuleutdanning har utgiftene auka med knapt 2,7 mrd. kroner, frå 26,1 mrd. kroner til 28,8 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,6 prosent. Auken frå 2012 til 2013 kjem for det meste av at studieplassar oppretta i perioden 2009 til 2012 er førte vidare, slik at kulla som kjem inn i høgare utdanning er større enn dei kulla som går ut. Vidare har studentane teke fleire studiepoeng. Dessutan har løyvingar til brukarutstyr i byggjeprosjekt gjort sitt til å auka utgiftene.

Under programkategori 07.70 Forsking har utgiftene auka med 0,7 mrd. kroner, frå 4,7 mrd. kroner til 5,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 3,7 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 11,0 prosent. Det meste av auken frå 2012 til 2013 er auka kontingent til EUs rammeprogram for forsking.

Under programkategori 07.80 Utdanningsfinansiering har utgiftene auka med 1,2 mrd. kroner, frå knapt 10,4 mrd. kroner til drygt 11,5 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 6,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 4,2 prosent. Årsaka til auken er høgare studenttal.

Utgiftene til lånetransaksjonar minka med 2,2 mrd. kroner frå 2011 til 2012 og auka med 1,7 mrd. kroner frå 2012 til 2013. Grunnen til nedgangen frå 2011 til 2012 er at det i 2011 vart gjort innskot i Fondet for forsking og nyskaping. Fondet vart nedlagt i 2012. Auken frå 2012 til 2013 kjem av nye utlån og påkomne renter i Lånekassa. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå Lånekassa er nærare spesifiserte.

2.4 Kulturdepartementet

Programområde 08 Kulturføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

08.10

Administrasjon m.m.

116,5

122,6

121,2

120,3

08.15

Samfunns- og frivilligheitsføremål

1 131,7

1 140,9

1 541,1

1 539,6

08.20

Kulturføremål

6 220,3

6 538,5

6 875,8

6 892,0

08.30

Medieføremål

1 097,6

1 148,4

1 207,6

1 207,1

Sum før lånetransaksjonar

8 566,1

8 950,4

9 745,7

9 759,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,1

0,0

0,0

Sum Kulturdepartementet

8 566,1

8 950,4

9 745,7

9 759,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 13,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 145,4 mill. kroner, frå 9 745,7 mill. kroner til 9 891,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 132,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 49,7 mill. kroner. Det er overført til saman 165,4 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 08 Kulturføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,2 mrd. kroner, frå 8,6 mrd. kroner til 9,8 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,5 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 9,0 prosent.

Under programkategori 08.10 Administrasjon m.m. har utgiftene vore stabile i perioden og auka frå 117 mill. kroner i 2011 til 120 mill. kroner i 2013. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 5,3 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 1,9 prosent.

Under programkategori 08.15 Samfunns- og frivilligheitsføremål har utgiftene auka med 408 mill. kroner, frå 1 132 mill. kroner til 1 540 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 34,9 prosent. Størst auke i 2013 hadde kompensasjonsordninga for meirverdiavgift for frivillige organisasjonar, med 321 mill. kroner.

Under programkategori 08.20 Kulturføremål har utgiftene auka med 672 mill. kroner, frå 6 220 mill. kroner til 6 892 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 5,1 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,4 prosent. Størst auke i 2013 hadde scenekunstfeltet, med 158 mill. kroner.

Under programkategori 08.30 Medieføremål har utgiftene auka med knapt 110 mill. kroner, frå 1 098 mill. kroner til 1 207 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,6 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,1 prosent. Størst auke i 2013 hadde filmfeltet, med 32 mill. kroner.

2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Programområde 06 Justissektoren

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

06.10

Administrasjon

384,8

380,9

436,0

436,7

06.20

Rettsstell

2 254,4

2 440,8

2 335,9

2 371,4

06.30

Kriminalomsorg

3 845,1

3 933,0

3 943,0

4 084,2

06.40

Politi- og påtalemakt

12 841,4

13 426,3

13 876,1

14 367,1

06.50

Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

1 949,1

1 924,5

3 902,0

3 543,0

06.60

Andre verksemder

1 008,7

1 198,3

1 276,2

1 274,5

06.70

Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.

1 208,0

1 305,0

1 619,4

1 618,0

06.80

Svalbardbudsjettet

-543,6

-240,4

150,0

176,1

06.90

Beskyttelse og innvandring

3 784,4

3 710,9

3 773,0

3 854,4

Sum før lånetransaksjonar

26 732,3

28 079,3

31 311,6

31 725,4

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Justis- og beredskapsdepartementet

26 732,3

28 079,3

31 311,6

31 725,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 413,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 927,4 mill. kroner, frå 31 311,6 mill. kroner til 32 239,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 513,6 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 704,9 mill. kroner. Det er overført til saman 862,0 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 06 Justissektoren har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 5,0 mrd. kroner, frå 26,7 mrd. kroner til 31,7 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 5,0 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 13,0 prosent.

Under programkategori 06.10 Administrasjon har utgiftene auka med 52 mill. kroner, frå 385 mill. kroner til 437 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 1,0 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 14,7 prosent. Auken har samanheng med nye stillingar til analyse og krisehandtering og arbeid med samordning og tilsyn.

Under programkategori 06.20 Rettsstell har utgiftene auka med 117 mill. kroner, frå 2,3 mrd. kroner til 2,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 8,3 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 2,8 prosent. Det aller meste av endringa kjem av lågare sideutgifter til jordskifterettane. Utgiftene er regelstyrte og må sjåast i samanheng med inntektene. Utgiftene i 2012 var høgare enn tidlegare år.

Under programkategori 06.30 Kriminalomsorg har utgiftene auka med 239 mill. kroner, frå drygt 3,8 mrd. kroner til knapt 4,1 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 3,8 prosent. Auken har samanheng med kapasitetsutvidande tiltak.

Under programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt har utgiftene auka med 1,5 mrd. kroner, frå drygt 12,8 mrd. kroner til knapt 14,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,6 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 7,0 prosent. Ei viktig årsak er at løyvingane til politiet er auka slik at alle nyutdanna politifolk frå Politihøgskulen kan tilsetjast. Dessutan har utgifter til trygging og beredskap auka.

Under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap har utgiftene auka med 1,6 mrd. kroner, frå 1,9 mrd. kroner til 3,5 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 1,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 84,1 prosent. Det meste av auken kjem av løyvingar til Naudnett og redningshelikoptertenesta.

Under programkategori 06.60 Andre verksemder har utgiftene auka med 266 mill. kroner, frå 1,0 mrd. kroner til knapt 1,3 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 18,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 6,4 prosent. Det aller meste av auken kjem av særskilde straffesaksutgifter.

Under programkategori 06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m. har utgiftene auka med 0,4 mrd. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 1,6 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 8,0 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 24,0 prosent. Auken kjem for det meste av utbetalingar av erstatning til valdsoffer.

Programkategori 06.80 Svalbardbudsjettet syner netto utgifter på 176 mill. kroner for 2013. Tilskotet til Svalbardbudsjettet kjem fram av kapittel 480, post 50 i statsrekneskapen og utgjer eit netto tilskot, som òg inkluderer skatteinntekter til Svalbard. Etter at det i åra 2009–2012 var uvanleg høge skatteinntekter – som gjorde at netto utgifter var negative – syner rekneskapen for 2013 meir normale skatteinntekter, og difor eit tilskot til Svalbardbudsjettet. Sjå òg tabellane 5.1–5.3 i vedlegg 5 Andre rekneskapar og spesifikasjonar, der detaljar kring Svalbardrekneskapen er nærare spesifiserte.

Under programkategori 06.90 Beskyttelse og innvandring har utgiftene auka med 70 mill. kroner, frå 3,8 mrd. kroner til 3,9 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 1,9 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 3,9 prosent. Auken frå 2012 til 2013 heng saman med at det i 2013 kom meir enn 2 000 fleire asylsøkjarar til Noreg enn i 2012.

2.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

13.10

Administrasjon m.m.

183,2

183,7

188,3

188,2

13.50

Distrikts- og regionalpolitikk

2 768,7

2 667,7

2 752,1

2 664,5

13.70

Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m.

131 868,3

143 763,9

149 919,2

149 913,8

13.80

Bustad, bustadmiljø og bygg

7 442,6

6 976,2

6 696,2

7 053,6

Sum før lånetransaksjonar

142 262,7

153 591,5

159 555,8

159 820,2

Lånetransaksjonar

14 368,5

17 707,6

17 830,0

16 499,1

Sum Kommunal- og regionaldepartementet

156 631,2

171 299,1

177 385,8

176 319,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 264,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 1 203,4 mill. kroner, frå 159 555,8 mill. kroner til 160 759,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 939,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 12,9 mill. kroner. Det er overført til saman 834,1 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 330,9 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 17,6 mrd. kroner, frå 142,3 mrd. kroner til 159,8 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 8,0 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 4,1 prosent.

Under programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk har utgiftene minka med 0,1 mrd. kroner, frå 2,8 mrd. kroner til 2,7 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 3,6 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 0,1 prosent. Rekneskapen syner eit mindreforbruk på 284 mill. kroner når ein tek omsyn til overføringane frå 2012. Det gjeld stort sett prosjekt som ikkje vart ferdigstilte, og prosjekt som går over fleire år, der midlane vert utbetalte etter kvart som prosjektrapporteringa vert godkjend. Ein del av mindreforbruket, 53,2 mill. kroner, gjeld tilskotsordninga for utbygging av breiband. Ordninga må notifiserast til og godkjennast av ESA, og det er difor ikkje gjort utbetalingar i 2013.

Under programkategori 13.70 Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. har utgiftene auka med 18,0 mrd. kroner, frå 131,9 mrd. kroner til 149,9 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 9,0 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 4,3 prosent. Utgiftene under denne programkategorien må sjåast i samanheng med det samla økonomiske opplegget for kommunesektoren i statsbudsjettet. Auken frå 2012 til 2013 på 6,1 mrd. kroner heng saman med den generelle styrkinga av dei frie inntektene.

Under programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg har utgiftene minka med 0,4 mrd. kroner, frå drygt 7,4 mrd. kroner til knapt 7,1 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 1,1 prosent. Rekneskapen syner eit meirforbruk på 357 mill. kroner i høve til budsjettet, om ein held Husbanken sine låneordningar utanfor. Når ein tek omsyn til overføringane frå 2012, er mindreforbruket på 634 mill. kroner. Av dette er 429 mill. kroner knytt til investeringstilskotet til heildøgns omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, og kjem av at færre prosjekt enn føresett vart ferdige til årsskiftet. Grunnen til mykje av det resterande mindreforbruket i 2013 er at ein del utbetalingar av tilskot til utleigebustader og tilskot til bustad-, by- og områdeutvikling òg har kome noko seinare enn føresett.

Lånetransaksjonane syner ein auke på 2,1 mrd. kroner frå 14,4 mrd. kroner til 16,5 mrd. kroner. Det var ein auke på 23,2 prosent frå 2011 til 2012, og ein nedgang på 6,8 prosent frå 2012 til 2013. Auken frå 2011 til 2012 er i knytt til auka aksjekapital i Kommunalbanken i tråd med Finanstilsynet si tilrådde kjernekapitaldekning og utvida låneramme i Husbanken. Heile låneramma på 25 mrd. kroner vart disponert i 2013. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå Husbanken er nærare spesifiserte.

2.7 Arbeidsdepartementet

Arbeidsdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Arbeidsdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

09.00

Administrasjon

409,6

417,9

425,6

419,1

09.10

Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken

10 980,8

11 450,0

11 906,4

12 227,2

09.20

Tiltak for betra levekår m.m.

333,4

272,8

290,7

298,2

09.30

Arbeidsmarknad

7 057,3

7 205,4

7 396,3

7 403,2

09.40

Arbeidsmiljø og tryggleik

830,1

860,7

891,5

890,5

09.50

Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse

10 953,4

10 761,3

10 226,4

10 202,4

09.60

Kontantytingar

3 414,9

3 275,7

2 965,4

2 938,0

Sum før lånetransaksjonar

33 979,5

34 243,8

34 102,4

34 378,5

Lånetransaksjonar

16 343,5

23 148,3

35 900,0

36 358,5

Sum Arbeid og sosiale føremål

50 322,9

57 392,1

70 002,4

70 737,0

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

29.20

Einslege forsørgjarar

3 809,6

3 794,3

3 734,2

3 744,5

29.50

Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik

127 738,3

131 195,1

134 929,2

134 832,3

29.60

Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.

8 491,6

8 630,7

8 695,0

8 590,3

29.70

Alderdom

135 496,5

150 525,0

164 703,0

164 602,1

29.80

Forsørgjartap m.m.

2 672,7

2 574,7

2 626,5

2 627,5

29.90

Diverse utgifter

568,5

478,2

485,0

480,6

Sum før lånetransaksjonar

278 777,2

297 198,0

315 172,9

314 877,3

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Sosiale føremål, folketrygda

278 777,2

297 198,0

315 172,9

314 877,3

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

33.30

Arbeidsliv

11 835,4

10 879,4

11 015,0

11 136,7

Sum før lånetransaksjonar

11 835,4

10 879,4

11 015,0

11 136,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

11 835,4

10 879,4

11 015,0

11 136,7

Sum Arbeidsdepartementet

340 935,6

365 469,4

396 190,3

396 751,1

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 276,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 700,1 mill. kroner, frå 34 102,4 mill. kroner til 34 802,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 424,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 448,8 mill. kroner. Det er overført til saman 787,5 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 458,5 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 09 Arbeid og sosiale føremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,4 mrd. kroner, frå 34,0 mrd. kroner til 34,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 0,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 0,4 prosent.

Under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken har utgiftene auka med 1,2 mrd. kroner, frå 11,0 mrd. kroner i 2011 til 12,2 mrd. kroner i 2013. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 6,8 prosent. Hovudgrunnen til auken frå 2011 til 2012 er utgifter til IKT-moderniseringa og auka utgifter til IKT-drift i arbeids- og velferdsetaten. Hovudgrunnen til auken frå 2012 til 2013 er utgifter til IKT-moderniseringa.

Under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 7,1 mrd. kroner til 7,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,1 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 2,7 prosent. Utgiftene har endra seg lite fordi tiltaksnivået samla sett har vore nær uendra i perioden.

Under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse har utgiftene minka med knapt 0,8 mrd. kroner, frå knapt 11,0 mrd. kroner i 2011 til 10,2 mrd. kroner i 2013. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 5,2 prosent.

Under programkategorien utgiftsfører ein mellom anna statens netto pensjonsutbetalingar gjennom SPK. For statlege verksemder som betaler pensjonspremie til SPK, vert premien inntektsført under programkategorien. Nedgangen frå 2012 til 2013 kjem av at pensjonspremieinntektene auka meir enn pensjonsutbetalingane i 2013. I motsett retning trekkjer ein auke i berekna arbeidsgivaravgift for dei kundane som ikkje er premiebetalande.

Under programkategori 09.60 Kontantytingar har utgiftene minka med 0,5 mrd. kroner, frå 3,4 mrd. kroner i 2011 til 2,9 mrd. kroner i 2013. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 10,3 prosent. Programkategorien omfattar mellom anna avtalefesta pensjon (AFP), krigspensjon og pensjonstrygda for sjømenn. Utgiftene på kapittel 664 Pensjonstrygda for sjømenn har minka mykje i 2013.

Brutto utlån for bustadlånsordninga (lånetransaksjonar) på kapittel 614 har auka frå 16,3 mrd. kroner i 2011 til 36,4 mrd. kroner i 2013. Dette utgjer ein årleg gjennomsnittleg vekst i brutto utlån på 49 prosent. Auken kjem av større etterspurnad etter lån og av vekst i gjennomsnittleg utbetalt beløp per lån. Netto auke i utlån for bustadlånsordninga er mindre enn auken i brutto utlån fordi delar av auken i nye lån vert motsvara av innfriing av gamle lån. Samla utlån i bustadlånsordninga per 31.12.2013 er 83,4 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå bustadlånsordninga i SPK er nærare spesifiserte.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 295,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 74,8 mill. kroner, frå 315 172,9 mill. kroner til 315 247,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 370,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytte til programområdet, sidan det stort sett inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar. Det er overført til saman 111,5 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 36,1 mrd. kroner, frå 278,8 mrd. kroner til 314,9 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,9 prosent.

Under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik har utgiftene auka med 7,1 mrd. kroner, frå 127,7 mrd. kroner til 134,8 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,7 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 2,8 prosent. Programkategorien omfattar mellom anna sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføreytingar.

Utgiftene til sjukepengar for arbeidstakarar var på 32,4 mrd. kroner i 2013, ein auke på 1,8 mrd. kroner frå 2011. Utgiftene til uførepensjon var på 61,7 mrd. kroner i 2013, ein auke på 5,1 mrd. kroner frå 2011. Utgiftene til arbeidsavklaringspengar var på 35,7 mrd. kroner i 2013, ein auke på 0,2 mrd. kroner frå 2011.

Talet på sjukedagar som folketrygda har betalt for, er om lag uendra frå 2012 til 2013, medan betalinga for kvar sjukedag har auka. Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for (korrigert for sjukmeldingsgradering), var i gjennomsnitt på 9,5 arbeidsdagar både i 2012 og 2013.

Per desember 2011 var det 172 600 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Ved utgangen av 2012 var talet på mottakarar gått ned til 166 900. Nedgangen heldt fram i 2013. Per desember 2013 var det 163 200 mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Hovudgrunnen til auken i utgifter til arbeidsavklaringspengar er auka utbetaling på grunn av regulering av grunnbeløpet i folketrygda.

Talet på uførepensjonistar auka frå 306 700 ved utgangen av 2011 til 309 900 ved utgangen av 2012. Ved utgangen av 2013 har talet på uførepensjonistar minka til 305 900. Ei viktig årsak til auken i 2012 er at mange mottakarar av arbeidsavklaringspengar som tidlegare fekk tidsavgrensa uførestønad, gjekk over til uførepensjon. Ei viktig årsak til nedgangen i 2013 er høg avgang til alderspensjon og redusert tilgang frå arbeidsavklaringspengar.

Under programkategori 29.70 Alderdom har utgiftene auka med 29,1 mrd. kroner, frå 135,5 mrd. kroner i 2011 til 164,6 mrd. kroner i 2013. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 11,1 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 9,4 prosent. Auken frå 2011 til 2012 målt i fast grunnbeløp var på 6,8 prosent, medan auken frå 2012 til 2013 var på 5,4 prosent. Grunnen til auken er at det vart fleire alderspensjonistar, og at den gjennomsnittlege ytinga auka.

Mykje av auken frå 2011 til 2013 kjem av at det vart høve til å starta uttak av alderspensjon frå 62 år frå 1. januar 2011. Ved utgangen av 2011 hadde 35 845 personar i aldersgruppa 62–66 år teke ut alderspensjon, ved utgangen av 2012 var talet 56 852, og ved utgangen av 2013 var talet 70 117. I tillegg har det vore ein auke i talet på alderspensjonistar over 67 år.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 121,7 mill. kroner av ei samla løyving på 11,0 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

I perioden frå 2011 til 2013 har dei samla utbetalingane til dagpengar under programkategori 33.30 Arbeidsliv minka nominelt med 0,7 mrd. kroner, frå 11,8 mrd. kroner i 2011 til 11,1 mrd. kroner i 2013. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 8,1 prosent og frå 2012 til 2013 auka dei med 2,4 prosent. Utgiftsaukinga skriv seg i hovudsak frå fleire arbeidslause med rett til dagpengar og høgare gjennomsnittleg yting enn venta.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 10 Helse og omsorg og programområde 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helse og omsorg

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

10.00

Helse- og omsorgsdepartementet m.m.

278,6

297,2

311,0

314,5

10.10

Folkehelse

1 769,0

1 779,7

1 749,4

1 902,5

10.20

Helseforvaltning

1 635,2

1 836,7

1 950,7

2 097,9

10.30

Spesialisthelsetenester

105 166,7

107 478,5

112 337,0

112 334,0

10.50

Legemiddel

295,0

313,3

303,6

320,1

10.60

Helse- og omsorgstenester i kommunane

3 494,3

3 600,5

3 692,9

3 659,1

10.70

Tannhelsetenester

99,8

124,6

163,5

164,6

10.80

Kunnskap og kompetanse

622,3

677,0

769,1

750,4

Sum før lånetransaksjonar

113 361,1

116 107,5

121 277,2

121 543,2

Lånetransaksjonar

8,2

4,9

1,5

1,5

Sum Helse og omsorg

113 369,3

116 112,5

121 278,7

121 544,7

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

30.10

Spesialisthelsetenester m.m.

3 531,1

3 953,9

4 355,0

4 327,0

30.50

Legehjelp, legemiddel m.m.

18 981,3

19 810,0

20 383,0

20 352,5

30.90

Andre helsetiltak

222,8

226,5

205,0

197,3

Sum før lånetransaksjonar

22 735,2

23 990,4

24 943,0

24 876,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Stønad ved helsetenester

22 735,2

23 990,4

24 943,0

24 876,8

Sum Helse- og omsorgsdepartementet

136 104,5

140 102,9

146 221,7

146 421,5

Programområde 10 Helse og omsorg

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 266,0 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 342,0 mill. kroner, frå 121 277,2 mill. kroner til 121 619,2 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 76,0 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 317,8 mill. kroner. Det er overført til saman 334,2 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 10 Helse og omsorg har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 8,2 mrd. kroner, frå 113,4 mrd. kroner til 121,5 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 4,7 prosent.

Under programkategori 10.10 Folkehelse har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,8 mrd. kroner til 1,9 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 0,6 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 6,9 prosent. Avviket mellom budsjett og rekneskap kjem mellom anna av meirutgifter som følgje av opptente meirinntekter, jf. særskilde fullmakter.

Under programkategori 10.20 Helseforvaltning har utgiftene auka med 0,5 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 2,1 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 12,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 14,2 prosent. Auken kjem mellom anna av større løyvingar til elektronisk samhandling.

Under programkategori 10.30 Spesialisthelsetenester har utgiftene auka med knapt 7,2 mrd. kroner, frå 105,2 mrd. kroner til 112,3 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,2 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 4,5 prosent. Auken frå 2012 til 2013 er i tråd med budsjettet og kjem mellom anna av vekst i pasientbehandlinga.

Under programkategori 10.60 Helse- og omsorgstenester i kommunane har utgiftene auka med knapt 0,2 mrd. kroner, frå 3,5 mrd. kroner til 3,7 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 3,0 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 1,6 prosent. Årsaker til auken er større løyvingar til Omsorgsplan 2015, rusfeltet og oppfølging av samhandlingsreforma.

Under programkategori 10.70 Tannhelsetenester har utgiftene auka med 65 mill. kroner, frå 100 mill. kroner til 165 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 24,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 32,1 prosent. Auken kjem mellom anna av større løyvingar for å letta tilgjenget til tannhelsetenester og for å heva kompetansen i tannhelsesektoren. 30 mill. kroner av auken er omdisponeringar frå stønadsordningane i folketrygda, og utgiftene under programkategori 30.10 har minka tilsvarande.

Under programkategori 10.80 Kunnskap og kompetanse har utgiftene auka med drygt 0,1 mrd. kroner, frå drygt 0,6 mrd. kroner til knapt 0,8 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 8,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 10,8 prosent. Auken frå 2012 til 2013 kjem mellom anna av større løyvingar til elektronisk samhandling.

Programområde 30 Stønad ved helsetenester

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 66,2 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 30 Stønad ved helsetenester har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 2,1 mrd. kroner, frå drygt 22,7 mrd. kroner til knapt 24,9 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 5,5 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 3,7 prosent.

Under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester m.m. har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå 3,5 mrd. kroner til 4,3 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 12,0 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 9,4 prosent. Auken frå 2012 til 2013 er i tråd med budsjettet, og kjem mellom anna av ein monaleg vekst i utgifter til laboratorieundersøkingar og styrking av tannbehandling.

Under programkategori 30.50 Legehjelp, legemiddel m.m. har utgiftene auka med 1,4 mrd. kroner, frå 19,0 mrd. kroner til 20,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 2,7 prosent. Auken kjem mellom anna av at folketrygda har fått høgare utgifter til legemiddel (dekning ved førehandsgodkjend og individuell refusjon), medisinsk forbruksmateriell og refusjonar til allmennlegar.

2.9 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 11 Barn, likestilling og inkludering og programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda.

Programområde 11 Barn, likestilling og inkludering

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

11.00

Administrasjon

166,1

173,4

170,4

171,9

11.05

Integrering og mangfald

6 547,3

6 995,5

7 618,1

7 571,2

11.10

Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering

17 054,4

17 156,3

17 234,7

17 275,8

11.20

Tiltak for barn og ungdom

7 517,1

8 146,6

8 595,9

9 404,2

11.30

Forbrukarpolitikk

184,9

193,2

199,5

202,9

Sum før lånetransaksjonar

31 469,7

32 664,9

33 818,5

34 626,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Barn, likestilling og inkludering

31 469,7

32 664,9

33 818,5

34 626,0

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

28.50

Stønad ved fødsel og adopsjon

15 783,3

16 430,5

17 280,0

17 107,5

Sum før lånetransaksjonar

15 783,3

16 430,5

17 280,0

17 107,5

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Foreldrepengar, folketrygda

15 783,3

16 430,5

17 280,0

17 107,5

Sum Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet

47 253,0

49 095,4

51 098,5

51 733,5

Programområde 11 Barn, likestilling og inkludering

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 807,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 101,0 mill. kroner, frå 33 818,5 mill. kroner til 33 919,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 706,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 185,4 mill. kroner. Det er overført til saman 103,6 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 11 Barn, likestilling og inkludering har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med knapt 3,2 mrd. kroner, frå 31,5 mrd. kroner til 34,6 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 3,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 6,0 prosent. Det meste av auken kjem frå programkategoriane 11.05 Integrering og mangfald og 11.20 Tiltak for barn og ungdom.

Under programkategori 11.05 Integrering og mangfald har utgiftene auka med drygt 1,0 mrd. kroner, frå drygt 6,5 mrd. kroner til knapt 7,6 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 6,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 8,2 prosent. Ein av grunnane er auke i talet på busette flyktningar som utløyser integreringstilskot til kommunane. Det har òg vorte fleire vaksne innvandrarar som utløyser tilskot til norskopplæring.

Under programkategori 11.10 Tiltak for familie, likestilling og ikkje-diskriminering har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 17,1 mrd. kroner til 17,3 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 0,6 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 0,7 prosent. Hovudgrunnen er auka utbetalingar av barnetrygd.

Under programkategori 11.20 Tiltak for barn og ungdom har utgiftene auka med 1,9 mrd. kroner, frå 7,5 mrd. kroner til 9,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 8,4 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 15,4 prosent. Hovudgrunnen til auken er meirutgifter over kap. 854, post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving. Endringa i ordninga frå 2014 førte til at mange kommunar sette fram krav for 2013 og tidlegare år som elles ville ha vore sendt inn i seinare budsjettår. Det har òg vore ein auke i utgiftene til kommunalt og statleg barnevern.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 172,5 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan det berre inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

Under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon har utgiftene auka med 1,3 mrd. kroner, frå 15,8 mrd. kroner til 17,1 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei òg med 4,1 prosent.

Dei viktigaste grunnane er at etter måten fleire mødrer enn før har rett til foreldrepengar ved fødsel, at stønadsmottakarane har fått høgare inntekt, og at den utvida foreldrepengeperioden og fedrekvoten gjer seg gjeldande.

2.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

17.00

Administrasjon

270,1

299,2

299,1

303,5

17.10

Infrastruktur og rammevilkår

3 056,5

3 167,2

3 305,6

3 375,9

17.20

Forsking, innovasjon og internasjonalisering

3 987,3

4 415,5

4 432,8

4 441,4

17.30

Statleg eigarskap

146,3

48,0

43,5

39,7

Sum før lånetransaksjonar

7 460,2

7 929,9

8 081,1

8 160,6

Lånetransaksjonar

51 813,4

70 226,9

74 571,7

71 458,7

Sum Nærings- og handelsdepartementet

59 273,6

78 156,8

82 652,8

79 619,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 79,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 977,2 mill. kroner, frå 8 081,1 mill. kroner til 9 058,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 897,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 60,1 mill. kroner. Det er overført til saman 1 093,3 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 3 113,0 mill. kroner.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 17 Nærings- og handelsføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,7 mrd. kroner, frå 7,5 mrd. kroner til 8,2 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 6,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 2,9 prosent.

Under programkategori 17.00 Administrasjon har utgiftene auka med 33 mill. kroner, frå 270 mill. kroner til knapt 304 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 10,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 1,4 prosent. Auken heng mellom anna saman med styrkt forvaltning av den statlege eigarskapen og auka tilskot til internasjonale organisasjonar.

Under programkategori 17.10 Infrastruktur og rammevilkår har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 3,1 mrd. kroner til 3,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 3,6 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 6,6 prosent. Hovudgrunnen til auken er høgare utbetalingar av tilskot til sysselsetjing av sjøfolk.

Under programkategori 17.20 Forsking, innovasjon og internasjonalisering har utgiftene auka med knapt 0,5 mrd. kroner, frå knapt 4,0 mrd. kroner til drygt 4,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 10,7 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 0,6 prosent. Hovudgrunnen til utgiftsauken er utbetalingar til nye såkornfond i 2012 og ordninga for statleg støtta eksportkredittar.

Under programkategori 17.30 Statleg eigarskap har utgiftene minka med knapt 107 mill. kroner, frå 146 mill. kroner til 40 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 67,2 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 17,3 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er ei større utbetaling under garantiordning for Eksportfinans ASA i 2011.

Utgiftene under Lånetransaksjonar auka kraftig frå 2011 til 2012, medan det var ein liten auke frå 2012 til 2013. Auken frå 2011 til 2012 kjem for det meste av at ein ny eksportfinansieringsordning vart sett i drift i desember 2011 og fekk heilårsverknad i 2012. Dessutan vart det tilført eigenkapital i to nye såkornfond og i Investinor AS i 2012. Kjøp av aksjar i Cermaq ASA bidrog til auken i 2013. Sjå òg kapittel 2.19, der detaljar kring utlåna frå Innovasjon Noreg og Eksportkreditt Noreg AS er nærare spesifiserte.

2.11 Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har ansvar for programområde 16 Fiskeri-, havbruks- og kystforvaltning. I tillegg har departementet ansvar for programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 16 Fiskeri-, havbruks- og kystforvaltning

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

16.10

Administrasjon

135,5

135,3

186,4

154,7

16.20

Forsking og innovasjon

1 621,4

1 625,3

1 724,7

1 749,7

16.30

Fiskeri- og havbruksforvaltning

445,8

424,9

453,4

471,8

16.60

Kystforvaltning

2 419,3

2 655,3

2 556,8

2 747,7

Sum før lånetransaksjonar

4 622,0

4 840,8

4 921,3

5 123,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Fiskeri-, havbruks- og kystforvaltning

4 622,0

4 840,8

4 921,3

5 123,9

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

33.40

Arbeidsliv

42,0

68,8

100,0

102,0

Sum før lånetransaksjonar

42,0

68,8

100,0

102,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Arbeidsliv, folketrygda

42,0

68,8

100,0

102,0

Sum Fiskeri- og kystdepartementet

4 664,0

4 909,6

5 021,3

5 225,9

Programområde 16 Fiskeri-, havbruks- og kystforvaltning

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 202,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 755,4 mill. kroner, frå 4 921,3 mill. kroner til 5 676,7 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 552,8 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 128,0 mill. kroner. Det er overført til saman 677,4 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 16 Fiskeri-, havbruks- og kystforvaltning har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,5 mrd. kroner, frå 4,6 mrd. kroner til 5,1 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,8 prosent.

Under programkategori 16.10 Administrasjon har utgiftene auka med 19 mill. kroner, frå 136 mill. kroner til 155 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 0,1 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 14,3 prosent. I 2013 vart det gjeve auka løyving til Fiskeri- og kystdepartementet sitt arbeid med Nasjonal transportplan.

Under programkategori 16.20 Forsking og innovasjon har utgiftene auka med drygt 128 mill. kroner, frå 1 621 mill. kroner til 1 750 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 0,2 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 7,7 prosent. I 2013 vart det gjeve startløyving til bygging av eit nytt isgåande forskingsfartøy. Det vart òg gjeve ekstraordinær driftsstønad til Nofima AS for å gje instituttet handlingsrom til å vidareføra drifta og leggja til rette for omstilling.

Under programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning har utgiftene auka med 26 mill. kroner, frå 446 mill. kroner til 472 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 4,7 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 11,0 prosent. I 2013 vart det gjeve auka løyving til havbrukstilsynet over Fiskeridirektoratets budsjett, i tillegg var det auka utbetalingar på fleire tilskotspostar.

Under programkategori 16.60 Kystforvaltning har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 2,4 mrd. kroner til 2,7 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 9,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 3,5 prosent. I 2012 vart det gjeve auka løyvingar mellom anna til beredskap mot akutt forureining. I 2013 vart det gjeve auka løyvingar til oppfølging av Nasjonal transportplan. I tillegg var det ein auke i utgiftene til fiskerihamner og farleier både i 2012 og 2013 som følgje av overførte midlar.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 2,0 mill. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytte til programområdet, sidan området omfattar overslagsløyvingar og tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 60 mill. kroner, frå 42 mill. kroner til 102 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 63,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 48,3 prosent

Utgiftene gjeld arbeidsløysestønad til fiskarar og fangstmenn, og løyvinga er ei overslagsløyving. Auken i utgiftene kjem av at ordninga frå 1. juli 2011 vart lagd om til å vera inntektsbasert. I tillegg har det vore stor utskifting av fiskefartøy, noko som har ført til at fiskarar har meldt seg ledige. Stønad under arbeidsløyse for fiskarar og fangstmenn vert finansiert innanfor det beløpet som fiskarar betaler i produktavgift ved fyrstehandsomsetjing av fisk og fiskevarer.

2.12 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

15.00

Administrasjon m.m.

145,5

154,2

149,5

155,7

15.10

Matpolitikk

1 389,1

1 421,4

1 438,0

1 452,3

15.20

Forsking og innovasjon

402,8

409,5

427,4

427,4

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

14 166,3

14 635,4

15 329,9

15 170,6

Sum før lånetransaksjonar

16 103,7

16 620,5

17 344,8

17 206,0

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Landbruks- og matdepartementet

16 103,7

16 620,5

17 344,8

17 206,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 138,8 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 232,6 mill. kroner, frå 17 344,8 mill. kroner til 17 577,4 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 371,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 62,9 mill. kroner. Det er overført til saman 294,3 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 15 Landbruk og mat har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 1,1 mrd. kroner, frå 16,1 mrd. kroner til 17,2 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 3,2 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 3,5 prosent.

Under programkategori 15.00 Administrasjon m.m. har utgiftene halde seg nominelt jamt, og auka med 10 mill. kroner, frå 146 mill. kroner til 156 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 5,9 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 1,0 prosent.

Under programkategori 15.10 Matpolitikk har utgiftene halde seg nominelt jamt, og auka med 63 mill. kroner, frå 1 389 mill. kroner til 1 452 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 2,2 prosent.

Under programkategori 15.20 Forsking og innovasjon har utgiftene i perioden halde seg nominelt jamt på om lag 0,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 1,7 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 4,4 prosent.

Under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak har utgiftene auka med 1,0 mrd. kroner, frå 14,2 mrd. kroner til 15,2 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 3,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 3,7 prosent. Det meste av auken kjem av auka tilskot og ei eingongsløyving til Landbrukets utviklingsfond (LUF) over jordbruksavtalen.

2.13 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

21.10

Administrasjon m.m.

407,6

454,5

452,0

449,5

21.20

Luftfartsføremål

976,7

937,2

958,3

932,8

21.30

Vegføremål

15 746,3

17 204,5

21 766,3

22 285,1

21.40

Særskilde transporttiltak

787,7

1 377,7

1 532,8

1 557,4

21.50

Jernbaneføremål

12 384,1

13 315,6

15 000,9

15 041,9

Sum før lånetransaksjonar

30 302,4

33 289,5

39 710,4

40 266,7

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

10 030,0

10 030,0

Sum Innanlands transport

30 302,4

33 289,5

49 740,4

50 296,7

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

22.10

Post og telekommunikasjonar

540,5

371,6

678,5

682,9

Sum før lånetransaksjonar

540,5

371,6

678,5

682,9

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum utgifter Post og telekommunikasjonar

540,5

371,6

678,5

682,9

Sum Samferdselsdepartementet

30 842,9

33 661,1

50 418,9

50 979,6

Programområde 21 Innanlands transport

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 556,3 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 548,9 mill. kroner, frå 39 710,4 mill. kroner til 40 259,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 7,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 619,2 mill. kroner. Det er overført til saman 668,7 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 21 Innanlands transport har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 10,0 mrd. kroner, frå 30,3 mrd. kroner til 40,3 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 9,9 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 21,0 prosent.

Hovudgrunnen til auken er at løyvingane under programkategori 21.30 Vegføremål og programkategori 21.50 Jernbaneføremål har auka i heile perioden. Auken under desse programkategoriane er i tråd med dei økonomiske rammene for veg og jernbane i den fyrste fireårsbolken i Nasjonal transportplan 2010–2019.

Under programkategori 21.10 Administrasjon m.m. har utgiftene auka med 42 mill. kroner, frå 408 mill. kroner til 450 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 11,5 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 1,1 prosent. Nedgangen frå 2012 til 2013 gjeld løyvinga til samferdselsforsking.

Under programkategori 21.20 Luftfartsføremål har utgiftene minka med 44 mill. kroner, frå 977 mill. kroner til 933 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 4,0 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 0,5 prosent. Årsaka er at tilskotsbehovet for gjeldande kontraktar for kjøp av innanlandske flyruter er lågare enn for tidlegare kontraktar.

Under programkategori 21.30 Vegføremål har utgiftene auka med 6,5 mrd. kroner, frå 15,7 mrd. kroner til 22,3 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 9,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 29,5 prosent. Noko av auken frå 2012 til 2013 kjem av kompensasjon etter opphevinga av vegfritaket i meirverdiavgiftslova frå 1. januar 2013.

Under programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak har utgiftene auka med 0,8 mrd. kroner, frå 0,8 mrd. kroner til 1,6 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 74,9 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 13,0 prosent. Auken frå 2011 til 2012 gjeld i hovudsak ny avtale om kjøp av persontransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes. Løyvinga til påskjønningsordninga for betre kollektivtransport i byområda auka med 262 mill. kroner eller 63,8 prosent frå 2012 til 2013. Auken er i samsvar med klimaforliket, jf. Meld. St. 21 / Innst. 390 S (2011–2012).

Under programkategori 21.50 Jernbaneføremål har utgiftene auka med knapt 2,7 mrd. kroner, frå 12,4 mrd. kroner til 15,0 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 7,5 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 13,0 prosent. Auken kjem av satsinga på jernbane dei siste åra gjennom auka løyvingar til Jernbaneverket og til statleg kjøp av persontransporttenester med tog.

Lånetransaksjonar

I 2013 vart det løyvt 10 mrd. kroner som innskot av fondskapital i eit infrastrukturfond og 30 mill. kroner som eigenkapital i Baneservice AS.

Programområde 22 Post og telekommunikasjonar

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 4,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 36,5 mill. kroner, frå 678,5 mill. kroner til 715,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 32,1 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 3,0 mill. kroner. Det er overført til saman 30,1 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 22 Post og telekommunikasjonar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 142 mill. kroner, frå 541 mill. kroner til 683 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 31,2 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 83,8 prosent.

Mykje av utgiftsendringane heng saman med endra behov for statleg kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame post- og banktenester frå Posten Noreg AS.

2.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

12.10

Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.

1 104,8

1 158,4

1 245,1

1 233,3

12.20

Klima, naturmangfald og friluftsliv1)

1 489,4

1 664,8

2 670,2

2 602,9

12.30

Kulturminne og kulturmiljø

501,4

522,0

586,6

535,6

12.40

Klima og forureining1)

707,5

778,3

30,1

29,9

12.50

Kart, geodata og eigedomsinformasjon

657,5

642,6

747,2

732,8

12.60

Nord- og polarområda

307,7

316,9

310,7

314,3

Sum før lånetransaksjonar

4 768,3

5 083,0

5 589,9

5 448,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,0

0,0

Sum Miljøverndepartementet

4 768,3

5 083,0

5 589,9

5 448,8

1) I revidert nasjonalbudsjett 2013 vart programkategoriane 12.20 Naturmangfaldog friluftsliv og 12.40 Klima og Forureining slått saman til ein programkategori, slik at programkategori 12.20 no òg inneheld løyvingane til klima og forureining, tidlegare programkategori 12.40.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 141,1 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 397,6 mill. kroner, frå 5 589,9 mill. kroner til 5 987,5 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 538,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 47,1 mill. kroner. Det er overført til saman 546,3 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 12 Miljøvern og regional planlegging har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med knapt 0,7 mrd. kroner, frå 4,8 mrd. kroner til 5,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 6,6 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 7,2 prosent.

Under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m. har utgiftene auka med knapt 129 mill. kroner, frå 1 105 mill. kroner til 1 233 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,9 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 6,5 prosent. Det er særleg løyvingane til planarbeid i byane som har auka, og dessutan løyvingane til klimaforsking. Utbetalingar til miljøforsking og miljøovervaking utgjer nær halvparten av denne programkategorien.

Under programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og friluftsliv har utgiftene auka med 1,1 mrd. kroner, frå 1,5 mrd. kroner til 2,6 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 11,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 56,3 prosent. Strukturendringar i budsjettet forklarer det meste av auken. Elles har det vore ein auke til frivillig skogvern, lokal forvaltning og friluftsliv.

Under programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø har utgiftene auka med 34 mill. kroner, frå drygt 501 mill. kroner til 536 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,1 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 2,6 prosent. Det meste av auken kjem av tilskot til kulturminnevern, det vil seia dei ti «bevaringsprogramma» til Riksantikvaren, og til verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet.

Under programkategori 12.40 Klima og forureining har utgiftene minka med 678 mill. kroner, frå 708 mill. kroner til 30 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 10,0 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 96,2 prosent. Grunnen til den store nedgangen er strukturendringar i budsjettet.

Under programkategori 12.50 Kart, geodata og eigedomsinformasjon har utgiftene auka med 75 mill. kroner, frå 658 mill. kroner til 733 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 2,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 14,0 prosent. Det er to hovudgrunnar til auken: løyvinga til nytt geodesiobservatorium i Ny-Ålesund og midlar til tinglysingssystemet Regina.

2.15 Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

01.00

Administrasjon m.m.

677,9

405,7

443,0

433,5

01.10

Fylkesmannsembeta

1 574,0

1 618,6

1 629,3

1 657,2

01.20

Fellestenester i regjeringskvartalet

622,4

857,7

840,3

944,8

01.30

Partistønad

357,3

362,2

378,2

375,9

01.33

Samiske føremål

261,0

268,7

286,3

291,7

01.40

Nasjonale minoritetar

13,6

15,0

16,6

18,2

01.50

Konkurransepolitikk

95,1

98,6

96,8

103,6

01.60

Forvaltningsutvikling og IKT-politikk

352,6

359,1

390,8

396,3

01.70

Personvern

35,3

37,9

40,0

40,2

01.80

Byggje- og eigedomspolitikk

2 993,0

3 186,9

3 089,7

3 252,4

01.90

Den norske kyrkja

1 672,0

1 656,4

1 688,2

1 714,0

Sum før lånetransaksjonar

8 654,3

8 866,8

8 899,2

9 227,8

Lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,1

0,1

Sum Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

8 654,3

8 866,8

8 899,3

9 227,9

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 328,6 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 567,8 mill. kroner, frå 8 899,2 mill. kroner til 9 467,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 239,2 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 264,2 mill. kroner. Det er overført til saman 497,5 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 01 Fellesadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 0,6 mrd. kroner, frå knapt 8,7 mrd. kroner i 2011 til drygt 9,2 mrd. kroner i 2013. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,5 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 4,1 prosent. Endringane kjem stort sett av auka utgifter under programkategoriane 01.20 Fellestenester i regjeringskvartalet og 01.80 Byggje- og eigedomspolitikk.

Under programkategori 01.00 Administrasjonm.m. har utgiftene minka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,7 mrd. kroner til 0,4 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 40,2 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 6,9 prosent. Det vart i 2011 gjeve ei løyving på om lag 0,3 mrd. kroner til dekking av tap som Opplysningsvesenets fond leid som følgje av tomtefesteinstruksen. Det vart i 2013 gjeve løyving til å styrkja tryggingsarbeidet i departementsfellesskapen og til kvalitetssikring av konseptvalsutgreiinga av nytt regjeringskvartal.

Under programkategori 01.10 Fylkesmannembeta har utgiftene auka med 0,1 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 1,7 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 2,4 prosent. Meirutgiftene i 2013 heng saman med om lag tilsvarande meirinntekter på inntektsområda til embeta, jf. særskilde fullmakter.

Under programkategori 01.20 Fellestenester i regjeringskvartalet har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 0,6 mrd. kroner til 0,9 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 37,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 10,2 prosent. Auken frå 2011 til 2013 kjem særleg av auka løyvingar til vakt- og tryggingstiltak for departementsbygga og til plan- og utgreiingsarbeid etter åtaka 22. juli 2011.

Under programkategori 01.60 Forvaltningsutvikling og IKT-politikk har utgiftene auka med knapt 44 mill. kroner, frå 353 mill. kroner til 396 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 10,4 prosent. Auken frå 2012 til 2013 kjem av auka løyvingar til utvikling og drift av ein sams infrastruktur for elektronisk ID og sikker digital post, styrking av IKT-tryggleiken i statleg sektor og etablering av ein tilsynsfunksjon i direktoratet for universell utforming av IKT-løysingar.

Under programkategori 01.80 Byggje- og eigedomspolitikk har utgiftene auka med 0,3 mrd. kroner, frå 3,0 mrd. kroner til 3,3 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 6,5 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 2,1 prosent. Det meste av auken i perioden 2011 til 2013 kjem av ekstraordinære avskrivingar, trygging av regjeringslokale, leige av mellombelse lokale for departementa og høgare byggjeaktivitet enn føresett.

Under programkategori 01.90 Den norske kyrkja har utgiftene auka med 42 mill. kroner, frå 1 672 mill. kroner til 1 714 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 0,9 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 3,5 prosent. Størstedelen av auken frå 2012 til 2013 kjem av lønns- og prisauke og ei løyving til sams internettportal for Den norske kyrkja i 2013. Meirutgiftene heng i stor grad saman med tilsvarande meirinntekter, jf. særskilde fullmakter.

2.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

23.10

Finansadministrasjon

1 040,8

1 100,7

1 114,6

1 155,8

23.20

Skatte- og avgiftsadministrasjon

6 479,2

6 497,7

6 656,7

6 712,1

23.30

Offisiell statistikk

731,5

763,5

737,9

733,7

23.40

Andre føremål

16 697,1

16 992,8

19 538,7

19 966,0

Sum før lånetransaksjonar

24 948,6

25 354,6

28 047,8

28 567,5

Lånetransaksjonar

0,0

37,6

0,0

0,0

Sum Finansdepartementet

24 948,6

25 392,2

28 047,8

28 567,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 519,7 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 1 044,2 mill. kroner, frå 28 047,8 mill. kroner til 29 092,0 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 524,5 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 237,4 mill. kroner. Det er overført til saman 921,4 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 23 Finansadministrasjon har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,6 mrd. kroner, frå 24,9 mrd. kroner til knapt 28,6 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 1,6 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 12,7 prosent.Det meste av auken frå 2012 til 2013 gjeld meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren og kjøp av klimakvotar.

Rekneskapen for 2013 syner at samla utgifter var 520 mill. kroner høgare enn løyvingane. Dei viktigaste årsakene er meirutgifter på 236 mill. kroner til klimakvotekjøp og at utgiftene til meirverdiavgiftskompensasjon var 185 mill. kroner høgare enn løyvinga.

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon har utgiftene auka med 115 mill. kroner, frå drygt 1,0 mrd. kroner til knapt 1,2 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 5,7 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,0 prosent.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har utgiftene auka med 0,2 mrd. kroner, frå 6,5 mrd. kroner til 6,7 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 0,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 3,3 prosent. Dei seinaste åra er det særleg utgiftene til grensekontrollen og til IT-fornyingar i Skatteetaten som har vakse.

Under programkategori 23.30 Offisiell statistikk har utgiftene auka med 2 mill. kroner, frå 732 mill. kroner til 734 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 4,4 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 3,9 prosent. Løyvingane er auka med 2,2 prosent frå 2012 til 2013. Frå 2012 til 2013 minka overføringane av ubrukte løyvingar med 12,5 mill. kroner, medan dei auka med 15,9 mill. kroner frå 2013 til 2014.

Under programkategori 23.40 Andre føremål har utgiftene auka med 3,3 mrd. kroner, frå 16,7 mrd. kroner til 20,0 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 1,8 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 17,5 prosent. Under denne programkategorien syner utgiftene på fleire kapittel ofte store variasjonar frå eit år til eit anna. Eit døme er utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunesektoren. Dei auka med 330 mill. kroner frå 2011 til 2012, medan auken frå 2012 til 2013 var på heile 2,3 mrd. kroner, særleg grunna innføring av avgift på tenester til offentleg veg. Vidare nytta ein 270 mill. kroner til kjøp av klimakvotar i 2011, 207 mill. kroner i 2012 og 872 mill. kroner i 2013. Endringane her kjem dels av at kjøpebehovet varierer frå år til år, og dels av at kvoteprisane går opp og ned.

Utgifter til lånetransaksjonar på 37,6 mill. kroner i 2012 gjeld innskot av eigenkapital i Folketrygdfondet. I 2011 og 2013 hadde ein ikkje lånetransaksjonar.

2.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

04.10

Militært forsvar

40 517,7

41 489,5

43 355,0

43 571,4

Sum før lånetransaksjonar

40 517,7

41 489,5

43 355,0

43 571,4

Lånetransaksjonar

353,0

0,0

0,0

0,0

Sum 04 Forsvarsdepartementet

40 870,7

41 489,5

43 355,0

43 571,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 216,4 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 3 551,1 mill. kroner, frå 43 355,0 mill. kroner til 46 906,1 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei mindreutgift på 3 334,7 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 488,6 mill. kroner. Det er overført til saman 3 823,3 mill. kroner til 2014 på postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar om overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 04 Militært forsvar har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 3,1 mrd. kroner, frå 40,5 mrd. kroner til 43,6 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 2,4 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,0 prosent.

Driftsutgiftene har nominelt auka med om lag 3 prosent, frå 32,2 mrd. kroner i 2011 til 33,2 mrd. kroner i 2013. Auken samsvarar stort sett med årlege priskompensasjonar.

Utgifter til investeringar i materiell auka nominelt med om lag 19 prosent, frå 6,9 mrd. kroner i 2011 til 8,2 mrd. kroner i 2013. Utgifter til nasjonalfinansierte investeringar i eigedom, bygg og anlegg auka med 28 prosent, frå 1,4 mrd. kroner i 2011 til 1,8 mrd. kroner i 2013. Dette er i samsvar med langtidsplanen for Forsvaret for 2013–2016, jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid.

Mindreforbruket av dei disponible løyvingane til materiellinvesteringar i 2013 gjeld i hovudsak kjøp av nye kampfly med baseutbygging. Kjøp av nye kampfly med baseutbygging har kravt tilpassingar andre stader i investeringsporteføljen til Forsvaret. Med handsaminga av Innst. 157 S (2012–2013) til Prop. 28 S (2012–2013) Endringar i statsbudsjettet 2012 under Forsvarsdepartementet stødde Stortinget at detvert overført 3 177 mill. kroner på kapittel 1760, post 45 til kampflyinvesteringar for etterfølgjande år. I 2013 vart det nytta 120 mill. kroner av dette, jf. Innst. 41 S (2013–2014) til Prop. 10 S (2013–2014).

I perioden 2011 til 2013 syner rekneskapen at utgifter til norsk deltaking i operasjonar i utlandet har minka nominelt med 36 prosent, frå 1 702 mill. kroner i 2011 til 1 085 mill. kroner i 2013. Dette kjem av den planlagde uttrekkinga av styrker frå Afghanistan.

2.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål

(i mill. kr)

Programkategori

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Budsjett 2013

Rekneskap 2013

18.00

Administrasjon

214,7

245,9

209,2

218,3

18.10

Petroleum

465,7

635,0

402,1

462,4

18.20

Energi- og vassressursar

809,2

922,4

914,8

969,2

18.25

Energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi

1 163,4

1 051,6

1 026,7

1 061,8

18.30

Teknologi og internasjonalisering

2 638,8

2 991,0

3 390,5

3 494,5

18.70

Statleg petroleumsverksemd

21 702,5

25 928,1

32 832,0

33 909,5

Sum før lånetransaksjonar

26 994,3

31 774,0

38 775,2

40 115,7

Lånetransaksjonar

0,0

2,0

10 000,0

10 000,0

Sum Olje- og energiføremål

26 994,3

31 776,0

48 775,2

50 115,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom nysaldert budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 1 340,5 mill. kroner. Overført løyving frå 2012 aukar disponibel løyving med 488,1 mill. kroner, frå 38 775,2 mill. kroner til 39 263,3 mill. kroner. Rekneskapen syner dermed ei meirutgift på 852,4 mill. kroner samanlikna med disponibel løyving.

På programområdet er det inntektsført refusjonar og andre meirinntekter på i alt 35,5 mill. kroner. Det er overført til saman 206,1 mill. kroner til 2014 under postar merkte «kan overførast» og vanlege driftspostar.

Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytte til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen i perioden 2011–2013

På programområde 18 Olje- og energiføremål har utgiftene før lånetransaksjonar auka nominelt med 13,1 mrd. kroner, frå 27,0 mrd. kroner til 40,1 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med om lag 17,7 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med om lag 26,3 prosent. Endringane heng for det meste saman med auka utgifter under programkategori 18.70 Statleg petroleumsverksemd.

Under programkategori 18.00 Administrasjon har utgiftene i perioden auka med knapt 4 mill. kroner, frå 215 mill. kroner til 218 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 14,5 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 11,2 prosent. Endringane heng for det meste saman med kunnskapsinnhenting i uopna deler av det nordaustlege Norskehavet og gjennomføring av konsekvensutgreiing for petroleumsverksemd i dei norske havområda ved Jan Mayen og i området vest for avgrensingslinja i Barentshavet i 2012.

Under programkategori 18.10 Petroleum har utgiftene i perioden minka med drygt 3 mill. kroner, frå 466 mill. kroner til 462 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 36,4 prosent, og frå 2012 til 2013 minka dei med 27,2 prosent. Hovudgrunnen er endra løyvingar til geologisk kartlegging.

Under programkategori 18.20 Energi og vassressursar har utgiftene i perioden auka med 160 mill. kroner, frå 809 mill. kroner til 969 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 14,0 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 5,1 prosent. Hovudgrunnen er auka løyvingar til NVEs arbeid med flaum- og skredførebygging, mellom anna som følgje av flaumane på Austlandet i 2011 og 2013.

Under programkategori 18.25 Energiomlegging og utvikling av energi- og klimateknologi har utgiftene i perioden minka med knapt 102 mill. kroner, frå 1 163 mill. kroner til 1 062 mill. kroner. Frå 2011 til 2012 minka utgiftene med 9,6 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 1,0 prosent. Hovudgrunnen til nedgangen er ei eingongsløyving på 70 mill. kroner i tilskot til elektrisitetssparing i hushald i 2011. Vidare vart det rekneskapsført om lag 21 mill. kroner i tilskot til bruk av naturgass i 2011.

Under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering har utgiftene i perioden auka med knapt 0,9 mrd. kroner, frå drygt 2,6 mrd. kroner til 3,5 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 13,3 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 16,8 prosent. Auken heng for det meste saman med CO2-handteringsprosjekta på Mongstad. Desse omfattar planlegging og førebuing av fullskala CO2-handtering, planlegging og førebuing av transport og lagring av CO2, og investering i og drift av teknologisenter for CO2-handtering på Mongstad (TCM).

Under programkategori 18.70 Statleg petroleumsverksemd har utgiftene i perioden auka med 12,2 mrd. kroner, frå om lag 21,7 mrd. kroner til 33,9 mrd. kroner. Frå 2011 til 2012 auka utgiftene med 19,5 prosent, og frå 2012 til 2013 auka dei med 30,8 prosent. Hovudgrunnen til auken er høgare investeringar.

Under lånetransaksjonar vart kapitalen i Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging auka med 10 mrd. kroner i 2013. I 2012 vart det rekneskapsført 2 mill. kroner i innskotskapital til skiping av selskapet Petoro Iceland AS, som er eit dotterselskap av Petoro AS.

2.19 Statlege utlån

Dette avsnittet gjev eit oversyn over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån. Detaljar kring utlåna er baserte på opplysningar frå departementa.

Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse er ordinære statlege forvaltningsorgan. På vegner av staten forvaltar dei statlege utlån etter reglar og føresetnader fastsette av Stortinget.1 Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike slags lån med høg eller låg risiko. Eksportfinansieringordninga gjennom Eksportkreditt Noreg AS er omtala til slutt i avsnittet.

Husbanken

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Husbankens utlån:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2011

2012

2013

Inngåande behaldning

Konto 630005

109 196

114 433

121 836

Utlån i året

Kap. 2412 / 90

14 367

16 784

16 493

Tilbakebetalingar i året

Kap. 5312 / 90

-9 130

-9 380

-9 325

Utgåande behaldning

Konto 630005

114 433

121 836

129 004

Renteinntekter

Kap. 5615 / 80

3 862

3 610

3 513

Samla uteståande lån i Husbanken, medrekna opptente, ikkje betalte renter, var på 129,0 mrd. kroner ved utgangen av 2013. Det er om lag 7,2 mrd. kroner meir enn året før. Av dei uteståande låna var 74,7 mrd. kroner fastrentelån, og 53,7 mrd. kroner var lån med flytande rente. Opptente, ikkje betalte renter utgjorde om lag 0,6 mrd. kroner. Overkurs per 31.12.2013 på fastrentelåna har Husbanken rekna til om lag 0,8 mrd. kroner.

Husbanken hadde om lag 55 600 registrerte låntakarar (dellån) ved utgangen av 2013. Av dei hadde om lag 20 000 lån med fast rente, 33 700 lån med flytande rente, medan dei resterande om lag 1900 låntakarane hadde lån på særvilkår. Av utlåna utgjorde lån til burettslag, stiftingar og liknande 45,2 prosent, lån til kommunar 34,3 prosent og lån til personlege låntakarar 20,5 prosent.

Husbanken inntektsførte i 2013 renter med 3,5 mrd. kroner under kapittel 5615, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2012 og 2011 var høvesvis 3,6 mrd. kroner, og 3,9 mrd. kroner.

Husbanken hadde i 2013 eit brutto tap på utlån på 11,6 mill. kroner. Tilsvarande tal for 2012 var 9,1 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar eller inngåtte avtalar, var netto tap på utlån 9,7 mill. kroner. Av det samla brutto tapet var om lag 3,0 mill. kroner knytt til personlege låntakarar, det er på same nivå som i 2012. Tapa knytte til ikkje-personlege låntakarar var 8,5 mill. kroner i 2013, 2,5 mill. kroner meir enn i 2012. Tap på rentestønad var 0,1 mill. kroner i 2013. Tapa for Husbanken vert dekte med ei særskild løyving på kapittel 2412, post 71 Tap på utlånsverksemd, og omfattar tap på hovudstol, tap på opptente, ikkje betalte renter ved inngangen til året, og årets renter knytt til avskrivne tap.

Sjå òg omtale av Husbanken under kapittel 2.6 Kommunal- og regionaldepartementet.

Statens lånekasse for utdanning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå Lånekassa:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2011

2012

2013

Inngåande behaldning

Konto 630002

112 381

119 068

126 147

Utlån i året

Kap. 2410 / 90

18 889

19 715

21 405

Tilbakebetalingar i året1)

Kap. 5310 / 90

-7 381

-7 619

-7 768

Konvertering til stipend

Kap. 5310 / 93

-4 822

-5 016

-1 953

Utgåande behaldning

Konto 630002

119 068

124 147

137 831

Renteinntekter2)

Kap. 5617 / 80

3 866

3 495

3 579

1) Tap og avskrivingar løyvde over kapittel 2410, postane 73 og 74 høyrer saman med ordinære tilbakebetalingar på post 90. Avskrivingar på post 73 utgjorde 492 mill. kroner i 2013, 624 mill. kroner i 2012 og 302 mill. kroner i 2011. Tapa på post 74 er nærare spesifiserte i teksten nedanfor.

2) Renteinntekter inneheld òg rentestønad som i 2013 vart utgiftsført med 918 mill. kroner på Lånekassa sitt kapittel 2410, post 72. Rentestønaden for 2012 var 877 mill. kroner og for 2011 og 974 mill. kroner.

Samla uteståande krav i Statens lånekasse for utdanning var 137,8 mrd. kroner ved utgangen av 2013, som er 11,7 mrd. kroner meir enn året før. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen tillagde renter. 39,8 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Andre ikkje renteberande krav er opptente, ikkje betalte renter på 583 mill. kroner og ikkje betalte gebyr på 70 mill. kroner. Uteståande renteberande renter er 1,5 mrd. kroner. Lån med fast rente i Lånekassa utgjer 35 mrd. kroner. Overkurs per 31.12.2013 på fastrentelåna er rekna til 99,7 mill. kroner. Lånekassa hadde om lag 810 200 registrerte låntakarar ved utgangen av 2013. Av dei hadde om lag 212 100 ikkje renteberande lån (kundar i tildelingsfasen) og om lag 174 300 lån med fast rente. Resten av låntakarane hadde lån med flytande rente.

Lånekassa inntektsførte i 2013 3,6 mrd. kroner i renter på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2012 og 2011 var høvesvis 3,5 mrd. kroner og 3,9 mrd. kroner. Det vart utgiftsført 289 mill. kroner i tap på utlån på kapittel 2410, post 74 i 2013, medan tala i 2012 og 2011 var høvesvis 244 mill. kroner og 323 mill. kroner. Statens innkrevjingssentral inntektsførte 255 mill. kroner i 2013 (kap. 4634, post 85) for innkrevjing av misleghaldne og avskrivne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2012 og 2011 var høvesvis 261 mill. kroner og 269 mill. kroner.

Konverteringsordninga i Statens lånekasse for utdanning

Lånekassa betaler ut heile basisstønaden som lån for dei som er omfatta av stønadsordninga for høgare utdanning m.m. Opp til 40 prosent av stønadsbeløpet kan konverterast til stipend dersom stønadsmottakarane gjennomfører utdanninga dei har fått stønad til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvt midlar til å dekkja framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjevne og trekte frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For 2013 var desse på 3,9 mrd. kroner. Samla netto utgifter til stipend omfattar òg lån som er konverterte til stipend på kapittel 5310, post 93. I 2013 vart knapt 2,0 mrd. kroner konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dette er 3,1 mrd. kroner mindre enn i 2012, og 3,2 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett for 2014. Nedgangen i 2012 kjem av ei faseforskyving av konverteringa av lån grunna omlegging av ordninga i 2013. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2013 var dermed 5,9 mrd. kroner.

Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse (SPK)

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for utlån frå bustadlånsordninga i SPK:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2011

2012

2013

Inngåande behaldning

Konto 635106

33 563

42 556

58 055

Utlån i året

Kap. 0614 / 90

16 343

23 148

36 358

Tilbakebetalingar i året

Kap. 3614 / 90

-7 350

-7 650

-10 998

Utgåande behaldning

Konto 6351061)

42 556

58 055

83 415

Renteinntekter

Kap. 5607 / 80

1 031

1 189

1 589

1) På konto 635106 i kapitalrekneskapen, Utlån under Arbeidsdepartementet, inngår i tillegg til bustadlånsordninga òg nokre andre, mindre beløp. Samla bokført beløp på konto 635106 per 31.12.2013 var 83 436 mill. kroner.

Samla uteståande krav i bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse var på 83,4 mrd. kroner ved utgangen av 2013. Det er om lag 25,4 mrd. kroner meir enn året før. Ved utgangen av 2013 var det om lag 74 900 lån i ordninga, mot 57 300 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2013 renter med 1 589 mill. kroner under kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2012 og 2011 var høvesvis 1 189 mill. kroner og 1 031 mill. kroner. Bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse tilbyd berre lån med flytande rente.

Statens pensjonskasse hadde i 2013 ingen tap på utlån. Tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar på tidlegare avskrivne lån utgjorde i 2013 0,3 mill. kroner.

Det var ei meirutgift på Statens pensjonskasses lånekapittel 0614, post 90 på 458 mill. kroner. Det kjem av at talet på utbetalte lån auka mykje i siste delen av året. Statens pensjonskasse hadde dessutan ei meirinntekt på lånekapittel 3614, post 90 på 398 mill. kroner. Grunnen er at talet på innfridde lån auka i siste delen av året. Netto meirutgift på dei to lånekapitla utgjorde 60 mill. kroner.

Sjå òg omtale av bustadlånsordninga i SPK under programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse i kapittel 2.7 Arbeidsdepartementet.

Innovasjon Noreg

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for Innovasjon Noregs innlån frå statskassa. I tillegg til innlån frå statskassa nyttar Innovasjon Noreg eigenkapital til å finansiera utlån. Det er difor ikkje ein heilt eintydig samanheng mellom selskapet sine innlån frå statskassa og utlån til lånetakarar.

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2011

2012

2013

Inngåande behaldning

Konto 630009

15 372

15 850

16 442

Netto auke

478

592

694

Utgåande behaldning

Konto 6300091)

15 850

16 442

17 135

Renteinntekter

Kap. 5625 / 80

315

289

246

1) På konto 630009 i kapitalrekneskapen, Utlån til statsbankar under Nærings- og handelsdepartementet, inngår i tillegg til Innovasjon Noreg òg SIVA SF med eit mindre beløp. Samla bokført beløp på konto 630009 per 31.12.2013 var 17 835 mill. kroner.

Innovasjon Noregs samla innlån frå statskassa per 31.12.2013 var på 17,1 mrd. kroner. Av dette utgjorde ordinære innlån 14,9 mrd. kroner og lån til såkorn- og investeringsfond drygt 2,2 mrd. kroner.

Innovasjon Noregs samla ordinære netto utlån per 31.12.2013 utgjorde 15,8 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 1,4 mrd. kroner, mot 15,1 mrd. kroner per 31.12.2012. Netto auke utgjer 0,7 mrd. kroner.

Brutto utlån (før tapsavsetjing) fordelte seg med 13,4 mrd. kroner på lågrisikolån (om lag 10 400 lån), til saman 2,7 mrd. kroner til ordinære risikolån, distriktsretta låneordning, risikolån landbruk, likviditetslån til fiskeindustrien og Miljøfondet (om lag 1 400 lån) og 1,0 mrd. kroner til andre utlån. Andre utlån omfattar ansvarlege lån til såkornfond, ansvarlege investeringsfond til Nordvest-Russland og Aust-Europa og bygdeutviklingslån til landbruket. Den sistnemnde ordninga utgjer om lag 6 700 lån og vert forvalta av Innovasjon Noreg for Landbrukets utviklingsfond.

Det vart inntektsført 246 mill. kroner i renter frå Innovasjon Noreg på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen 2013. Tilsvarande tal for 2012 og 2011 var høvesvis 289 og 315 mill. kroner.

Rekneskapen til Innovasjon Noreg for 2013 syner eit netto utlånstap på 26 mill. kroner, som er om lag 1 mill. kroner høgare enn i 2012. Brutto bokført tap på utlån og garantiar i 2013 utgjer 224 mill. kroner, som er om lag same beløp som i 2012.

Statleg eksportfinansieringsordning

Tabellen nedanfor syner hovudtal i statsrekneskapen for den statlege eksportfinansieringsordninga. Den kom til i 2011 som ei mellombels ordning og vart frå 1. juli 2012 permanent ved skipinga av det heileigde statlege selskapet Eksportkreditt Noreg AS:

Balanse 31. desember (tal i mill. kr)

Konto/referanse

2011

2012

2013

Inngåande behaldning

Konto 635109

-

6 693

29 852

Netto auke

6 693

23 159

14 520

Utgåande behaldning

Konto 6351091)

6 693

29 852

44 372

Renteinntekter

Kap. 5629 / 80

-16

343

987

1) På konto 635109 i kapitalrekneskapen, Andre utlån under Nærings- og handelsdepartementet, inngår i tillegg til statlege eksportfinansieringslån òg 50 mill. kroner i ansvarleg lån til Secora AS. Samla bokført beløp på konto 635109 per 31.12.2013 var 44 422 mill. kroner.

Låna under eksportfinansieringsordninga er hovudsakleg gjevne i NOK, USD og i nokre andre valutaer. Fordelinga ved utgangen av 2013 er slik:

Valuta

Antal lån

Totalt uteståande per 31.12.13 (tal i mrd.)

NOK

77

20,25

USD

55

3,81

EUR

6

0,13

GBP

4

0,05

Som det går fram av den fyrste tabellen, utgjorde uteståande statlege eksportfinansieringslån til saman 44,4 mrd. kroner ved utgangen av 2013. Omrekninga av valuta til norske kroner er basert på kursen då låna vart utbetalte. For å oppnå same beløp i norske kroner ved innbetalingar av avdrag, er det gjeve fullmakt til å utgiftsføra valutatap under kapittel 2429, post 89 og inntektsføra valutavinst under kapittel 5329, post 89.

Det vart inntektsført renteinntekter frå ordninga med 987 mill. kroner under kapittel 5629, post 80 i statsrekneskapen 2013.

Alle eksportfinansieringslåna er garanterte 100 prosent av GIEK og/eller andre finansinstitusjonar, slik at tapsrisikoen i låneordninga er svært låg.

Fotnotar

1.

Frå 2010 vart det teke i bruk eit meir einskapleg system for bokføring av utlån og renteinntekter i statsrekneskapen for Husbanken, Lånekassa og Statens pensjonskasse, jf. Prop. 1 S (2009–2010) kapittel 9.4. Desse verksemdene skal bokføra alle renteinntekter i statsrekneskapen ut frå prinsippet om opptente renter basert på kalenderåret. Det inneber òg at behaldningane av utlån som er aktiverte i kapitalrekneskapen, skal innehalda opptente, men enno ikkje betalte renter.
Til forsida